Runesteinen på Runhellhovet i Tuddal

Fjelltur   Tolking av runeteikn   Folkeminne   
Utsnitt av hella   Om runer   Bilde frå turen   Hella i storformat (420kB)  

        

For historieinteresserte og andre:

Fjelltur til den gamle runesteinen i Tuddal - 15.07.2000

Målet for denne turen til Runhellhovet er ei runehelle, ca 1100 moh., under Vesle Gaustakne (1443 moh.). Runehella er ei oppreist steinstøtte av ein lys bergart. Runene er samla på eine sida - mot nord. I tillegg er det krota inn mykje anna gjennom tidene, men runeteikna kjem ganske tydeleg fram.

Turen til Runhellhovet (lokal uttale: ronellhåve) er ein grei tur på godt og vel ein time opp - og under ein time nedatt. Utgangspunktet er Bitringsnatten, ca 1 km ovanfor Tuddal høyfjellshotell, mellom Tuddal og Rjukan i Telemark. Der er god plass til parkering - og skilt som viser startpunktet på stien. 
Vegen krev godt fottøy. Det er steinut, særleg nederste del, men elles lett å gå. Ein del bekkar må passerast. 
Vegen er eit kulturminne i seg sjølv. Det er ein gammal ferdselsveg mellom Tuddal og Tinn. Han gjekk gjennom Måråstaddalen, der det ifølgje tradisjonen har vore hestestemne. Dette har truleg gitt dalen namn (måra = merr).

Vatnet ned til venstre for parkeringsplassen heiter Bekkjestultjønn. På høgda etter at dei siste hyttene - Fjellstul - er passert, kan ein ofte sjå sauer, og til og med kyr på fjellbeite, der vi går med Hesjåbutindan til høgre. Fram til venstre ser vi Linuten. Nå går vi i typisk Telemarksk fjellterreng. Vi ser fjellbjørk og vier, og avhengig av årstid, eit godt utvalg av fjellflora. Vi ser spor etter snøras som har knekt ein del av bjørkeskogen. Storstein, bekker og myrer utgjer landskapet elles. Etter ein del stigning er vi på snaufjellet, og det opnar seg utsikt mot Bonsvatn fram og til venstre. Vi ser Bonsdammen, eit viktig element i Hjartdøla kraftverk. Nedanfor dammen ligg Reisjåvatn.
Nå blir det lettare å gå, vegen ligg fint i terrenget innover høgdene. Vi kan tenke oss kor mange som har gått her gjennom tidene for å skape ein veg som denne. Mange kløvhestar i tidlegare tider har trådd denne ruta.
I det vi når målet - Runhellhovet - opnar det seg ein ny flott utsikt, mot Gausdalen. Der ligg ganske store vatn på rekke og rad. Tenker vi oss fortsetjinga av dalen, ligg Rjukan rett under. Men største naturopplevinga er kanskje den utsikten vi har opp mot Gaustatoppen og Gaustaknea fram og til høgre. 

Runehella er eit sjeldant og varig kulturminne som bør vernast om. Derfor er det viktig at ikkje folk krotar eller skjer meir i hella heretter!

Ein som veit mykje om runer,  Arild Hauge i Oslo, har tolking av inskripsjonen på sine www-sider:

hæilaseaþuote

I norrøn språkform blir dette Hella sé at vátti, dvs. "Hellen være til vitne" i betydning av at den skal være til vitne om en grense som ble satt her. Steinen går dermed inn i rekken av marksteinn, dvs. "merkestein, grensestein".

Han sier også at runehella er av bergarten leptitt og er ca 155 cm høg.

Grunnen til at 12 runer gir 13 bokstavar, er at den åttende runa er ei såkalt binderune, dvs to runer som heng saman med felles stav -

 

Ivar T.Dahl skriv i boka "Glimt  av Tuddal - før i verden" det han har høyrt av av Gustav H. Greivjord (1894-1979):

Steinen kallast Runehella og er reist til vitne om ei eller anna hending. Men det er iallefall ikkje nokon minnestein om dei to jentene som fraus i hel i området i 1833. Hella er mykje eldre enn det.
....
Runehella skal ifølgje prof. Magnus Olsen vere vitne om eit grenseforhold, altså ein gamal grensestein eller vitnestein. Det treng ikkje vere sjølve grensesteinen, men eit vitne om fleire mindre steinar. Steinen er altså sjølve eidsavleggjaren.
I dag går grensa mellom Tuddal og Tinn ca. 3 km. nord for Runhellhovet, men ho kan sjølsagt i Mellomalderen ha gått lenger sør.
Det er "fynde" (klang) i ordlyden med sin knappe sagastil. Kanskje gjev han oss noko av sjølve ordlyden som blei bruka når grensesteinen blei tilkalla for å stå som vitne for korleis ein grensetvist var blitt løyst.
Margit Olsd. Greivjord f. 1826 hadde ei anna oppfatning av kva som stod på Runehella:

Tak meg upp og snu meg ikring
skal du få sjå ein underleg ting
Legg meg ned att som eg låg
synd av deg som på meg såg

Ein kan undrast korleis tuddølane i førre århundre kunne fantasere om kva som stod på Runehella. Men truleg låg steinen nede og ingen visste rektig kva som løynde seg på undersida.


Om runer:

Runene hadde både funksjon som skriftteikn og -særleg i eldre tid - som magiske teikn. Ei runerekke blir kalla FUTHARK etter dei første runene i "alfabetet". 
Den eldste kjende runerekka - nr.1, er frå urnordisk tid. Nr.2 og 3 er yngre runerekker som blei bruka frå 600-talet. 2 er "dansk" og 3 er såkalla svenske stuttruner. 
Vi kjenner at teikn frå dei to nederste på runhellhovet.

Her er teksten frå Runhellhovet igjen - til samanlikning: 
 
=  hæilaseaþuote

Grunnen til at 12 runer gir 13 bokstavar, er at den åttende runa er ei såkalt binderune, dvs to runer som heng saman med felles stav -
(Det trengst meir runekunnskap for å få dette til å stemme)

____________________

bitrings.jpg (25570 byte)
Bitringsnatten

bitring-park.jpg (29089 byte)
Parkering - 
Turen startar opp til høgre

merke.jpg (46227 byte)
Tydeleg sti med raude merke

ku1.jpg (67508 byte)
Kyr under Hesjåbutind

ku2.jpg (86495 byte)
Kyr under Hesjåbutind

ras.jpg (76593 byte)
Fjellbjørk etter snøras
 

stein.jpg (94201 byte)
Steinblokker i bjørkeskogen
 

blom.jpg (25861 byte)
Fjellflora

bons.jpg (75426 byte)
Bonsvatn - Bonsdammen -
 Reisjåvatn

veg.jpg (44514 byte)
Gammal veg

gaus.jpg (50002 byte)
Runehella med Gausdalen
i bakgrunnen

gkne.jpg (53069 byte)
Runehella med Gaustaknea
i bakgrunnen

runesida.jpg (26003 byte)
Nordsida med runene

 

Til toppen av sida

Oppsett og foto: Hjartdal historielag v/Leif Skoje (Oppgi kilde ved vidare bruk)