Den gamle industrien ved Omnesfossen i Sauland

Ved Hjartdal historielag 1992

Dette bildet av Omnesfossen skal vere måla av Hans Gude i 1859

Omnesfossen er eit gammalt bygdesenter i Sauland. Der var ei av dei større industribedriftene i distriktet, Saudlands Uldspinderi og Væveri, rundt århundreskiftet.
Tidlegare hadde sjølvsagt fossen gjeve kraft til møller og sagbruk. Og etter at spinneriet etablerte seg, kom det også butikkar, skule og fleire bustadhus. I seinare tid er skulen og butikkane borte, men det har kome til barnehage og ei stor vegkro.
Fossen har i seg sjølv vore ein turistattraksjon i alle år, og mange har stått på brua og fotografert eller måla fossen.

INNHALD :
BAKGRUNNEN
DEI TILSETTE VED SPINNERI'
KLEVBERGHOLET OG ROHØLEN
KJELDER:

 


INNHALD :

Bakgrunnen
Dei tilsette ved "Spinneri'
Klevbergholet og Rohølen
Kjeldeoversikt


BAKGRUNNEN

Til toppen av sida

På slutten av 1800-talet tok folk til å skjøne at fossefall hadde stor verdi som kraftkjelde. I fleire hundre år hadde vasskraft blitt brukt til å drive mindre møller, men nå var industri-revolusjonen komen til Noreg og Sauland også. Mange nye tekniske oppfinningar var gjort, og vasskrafta kunne nyttast mykje betre enn før, og til mange fleire formål.
I Omnesfossen hadde det vore kverner langt bakover i tida. Omnesgardane og truleg Fossegardane hadde male kornet sitt her frå gammal tid.
Men omlag 1895 kom det ei ny tid til Su'bygda i Sauland. Ole Torkildsen Mosebø og ein raulending som heitte Tor Vå, bygde Saudlands Uldspinderi & Væveri ved fossen.

Som ein kan sjå, har Omnes-fossen tre fall, og det var ved det midterste dei bygde. Tomta og retten til vassfallet var kjøpt frå Fosse. Krafta blei utnytta ved at det blei bygd eit daminntak og ein rørledning fram til ein turbin nederst i fabrikkbygningen. Med reimer blei så krafta ført opp i etasjane i bygget.
I taket på første etasje gjekk ein lang aksel med reimskiver til dei ulike maskinane i bygget.
Maskinane blei kjøpte frå Tyskland, og det måtte til spesialistar frå Tyskland for å gjere monteringsarbeidet. I første etasje monterte dei kardemaskinar og spinnestolar og i andre etasje vevstolar. I ein bygning ved sida blei det fargeri. Her var det mellom anna dampanlegg. Ein tredje bygning blei også reist. Denne blei flytt frå Østigard Landsverk. Dette bygget blei administrasjonsbygg og bustad for ein del av dei tilsette på bedriften, og blei kalla Fosheim.

Straks var fabrikken i gang med å forarbeide ull. Ulla blei tilsendt frå sauebøndene i Sauland og bygdene omkring. Frå Tinn og Hovin kom det mykje.

Frå "Spinneri'" som fabrikken blei kalla i daglegtalen, kom det garn til heimeveving og strikking, men også ferdige tøy og teppe til salg. Det blei mange små kundar på denne måten, og ikkje så lite kontorarbeid og ekspedisjon.

DEI TILSETTE VED SPINNERI'

Til toppen av sida

I året 1900 blei det halde folketeljing over heile landet, og da presten eller hjelparane hans kom til Saudlands Uldspinderi & Væveri, blei desse namna notert under "Arbeiderboligen":

Karl Stöckert f.1861 spinnerimester Tyskland
Marie Stöckert f.1852 husmor Sverige
Henry (sønn) f.1882 assistent Danmark
Lovise (datter) f.1886 Tyskland
Karl (sønn) f.1889 Tyskland
Marie (datter) f.1891 Egersund
Bergliot (datter) f.1896 Gausdal

Wilhelm Pedersen f.1881 spinneriarbeider Tyskland

Kristine Svehaugenf.1860 veverske Gudbrandsd

Olaus O.Kåsa (hf) f.1882 spinneriarb. Heddal
Ragnhild Taraldsd.(hm) f.1884 husmor Heddal
Ole (sønn) f.1899 Sauland

John Taraldsen Hóla f.1878 spinneriarb. Heddal
Gunhild Hansdtr. f.1882 husmor Heddal
Hans (sønn) f.1899 Sauland

Anne B.Kasin f.1860 spinneriarbeider
Torkild Torkildsen (søn) f.1890

Ragnhild J.Lonar f.1876 strikker

Ole H.Frøland f.1873 skredder

John L.Skoje f.1875 skredder

Dessutan var desse tilsette ved Saudlands Uldspinderi & Væveri1, men dei budde truleg heime:

John Hansen Rivrud f.1884 spinneriarbeider

Anne Andresdt. Rohølhaugen f.1855 spinneriarbeider

Margit Kittilsdtr. Haugen f.1874 veverske

Søren Andersen Blomhaug f.1838 fyrbøter

Ole Sørensen Blomhaug f.1872 ekspeditør

Nils Bjørnflaten arbeidde der også, men begynte seinare på Notoddenfabrikkane.
Dette må ha vore flinke folk som sette si ære i godt arbeid, for på landsutstillingen i Skien i 1899 vann fabrikken kongens sølvmedalje for tøy, sjal, teppe og garn i forskjellige fargar.

Når ein ser bort frå utviklinga på Notodden i same tida, var Saudlands Uldspinderi & Væveri kanskje den største bedriften i Aust-Telemark. Det var mange som tende til sitt daglege brød der, og dei fleste var Saulendingar. Men sjølve spinnerimeisteren var tysk og heitte Karl Stöckert. Han hadde også to søner som arbeidde i fabrikken. Ein annan tyskar som heitte Stein, var også sjef ei tid. Den siste spinnerimeisteren var dansk og heitte Erik Larsen. Elles var det Ole Torkildsen Mosebø som var disponent første tida. Seinare overtok ein K.Saubakk frå Lårdal.
På kontoret satt Ole S.Blomhaug og ekspederte kundane. Johannes J. Fosse tok seg av det meste av transporten.
Søren - far til Ole Blomhaugen hadde ansvaret for dammen og oppvarmingsanlegget. Han skulle også varsle arbeidsfolket om arbeistida begynnelse og slutt, og når det var matpauser. Dette blei gjort med dampsirene som kunne høyrast over store delar av bygda. Søren tok arbeidet svært alvorleg. Han måtte vere ute tidleg om morgonen, slik at dampen skulle vere skikkeleg oppe til dei andre kom.

I 1917 var det slutt med spinneridrifta. Heddal Kommune kjøpte både fallrettane i fossen, tomta og bygningane. Nokre år seinare blei bygningen omgjort til mølle. Heddal Mølle blir bygningen kalla den dag i dag sjølv om drifta nå er nedlagt.
Bygningen ved sida har blitt brukt til korntørke, og arbeidarboligen var i mange år landhandel. Hans Fosse dreiv denne ei stund og seinare Ole L.Skoje.

KLEVBERGHOLET OG ROHØLEN

Til toppen av sida

Da Heddal mølle kom i drift hadde det like oppafor - i det øvste fallet i Omnesfossen - stått ei eldre mølle - Klevbergholet. Truleg blei denne utkonkurrert av Heddal Mølle. Men det som knekte henne var den store flaumen i 1927. Da forsvann heile "Klevberghullet" i vatnmassane.
Klevbergholet høyrde til garden Skogen og var eigd av Ole Torgrimsen Lonar. Mølla låg svært tungvint til, for vegen gjekk i tidlegare år på Omnessida av elva. Og kornet måtte ein ro over der som elva gjer ein sving ovanfor det øvste fallet. Derfor heiter det Rohølen der, og plassen bortanfor heiter Rohølhaugen.

Da Saudlands Uldspinderi & Væveri kom igang, kom det også ny veg på andre sida av elva. Men det var for seint for Klevbergholet Mølle. Det blei oså slutten for ei særprega trebru som hadde stått like ovanfor Rohølen. Brua var ein svært forseggjort trekonstruksjon. Ho var ferdigbygd i 1861, etter mange vanskar pga. ein storflaum i 1860. Det var ein byggmester Olsen frå Kongsberg som bygde brua, og visstnok var ein lokal snekker som heitte Sveinung S.Åmot viktig i arbeidet. Ein kan idag sjå restar av brukara ovanfor Rohølen.

rohbru.jpg (95241 bytes)


KJELDER:

-Olav T. Mosebø.
-Halvor T. Mosebø.
-Korrespondanse mellom Torkild O.Mosebø og Olav T.Hytta.
-Gjertrud Kleveland Karlsrud (Hjartdalssoga).
-Notat av Alf Mostue.
-Folketeljingslister frå 1900.
-Artikkel i "Telen" av Gunnar Bosnes.

Teksten er laga av Leif Skoje.

Til toppen av sida