SKOLANDS
HISTORIE:
FRÅ HUSMANNSPLASS TIL HEIMEFRONTSMUSEUM
av Svein Vetle Trae (Telen 8.4.2000)
Husmannsplassen Skoland låg
under slektsgarden Tinne. Gunnulf
Mathis Tinne ga plassen til Notodden friseminar som
blei etablert i 1895, og innvigd i 1896. Bygningane kosta 40.000 kr.,
men seminaret hadde fått tømmer av skogeigarane og fleire pengegåver.
Vaktmeisterbustaden kom frå Heibø.
Trass i lærarmangel under og
etter den 1. verdskrigen låg elevtalet ved Notodden friseminar på
omlag 45. Det var harde diskusjonar då staten tok over driftbudsjettet
til det private seminaret i 1918.
I 1937 gjorde Stortinget av økonomiske
årsakar vedtak om å leggje ned lærarskulen på Notodden. Telemark
fylke og Notodden kommune sette straks ned nemnder som arbeidde for å få
skulen attende til Notodden.
26. september 1938 starta
Statens sløyd og tegnelærerskole (SSTL) opp i dei ledige bygningane
etter Notodden private lærarskule. Bestyrar var Rolf Bull-Hansen.
9. april 1940 angreip tyskarane
Noreg. Etter 126 år med fred var landet vårt i krig. Okkupasjonen kom
til å vare i heile 5 år.
Den 15. april kom ein tysk
sprengningskommando over Meheia frå Kongsberg. Dei tok seg fram over Sætreområdet
og sprengde Notodden Kringkastingsstasjon, truleg etter anvisning frå
lokale nazistar. Det fanst forædarar også i lokalsamfunna!
Den 22. april 1940 blei
Notodden okkupert av tyskarane leia av Oberleutnant Kutz, utan
dramatikk. 5-600 soldatar blei innkvarterte på skulane og i Åsnesgården.
24. april rykte tyskarane inn på Notodden med ein bataljon av 388.
Infanteriregiment under Oberst Daser. Alt dagen etter heldt tyskarane
fram med framrykkinga.
Det kom til kampar i
bla.Gransherad, Hovin og Vinje, men Noreg måtte kapitulere, og
nazistanes "nyordning" blei innført!
Tyskarane blanda seg meir og
meir inn i landets anliggande, kom med
fleire og fleire restriksjonar, påbod og forbod, og sensur. Saman med
tilhengarane sine i NS freista tyskarane å nazifisere heile det norske
samfunnet. Etterkvart blei razziar, fengsel og tortur det store trugsmålet
for nordmenn som ikkje ville følgje dei nye herrane.
Men nordmenn let seg ikkje
knekkje. Alt medan kampane raste i aprildagane 1940, bygde det seg opp
ei motstandsvilje i det norske folk. Den norske heimefrontens kamp mot
den tyske okkupasjonsmakta utvikla seg etterkvart frå ei enkel, passiv
motstandsform til og begynne med, til ei skånselaus, aktiv form
etterkvart som frontane hardna til.-
20. mars 1942 blei Rolf
Bull-Hansen arrestert og sendt til Kirkenes saman med ei rad andre lærarar
som ikkje vil bøyge seg for Quisling og nazistanes forordningar.
På nyåret 1943 blei SSTL
nedlagt etter påtrykk frå det nazistyrde Departementet. Lærarane blei
oppsagde med slik attest: "Departementet har opplysninger om at lærerpersonalet
ikke har vært positivt
innstilt overfor den nye tid".
Ein nazistyrd "Telemark lærerskole"
heldt fram ein periode.
Sumaren 1944 rykte tyskarane på
ny inn på Skolandområdet under leiing av Hauptmann Lierheimer. Området
fungerte som berykta ORTSKOMMANDANTUR fram til Frigjeringa; Skoland var
fyrste stoppestad med forhør og tortur for gode nordmenn som blei
arresterte i Notodden og omegn.-
7. mai 1945 underskreiv
tyskarane kapitulasjon i general Eisenhovers hovudkvarter i Reims. I
Noreg var spenninga stor om
General der Gebirgstruppen Franz Bøhme ville slåss til siste mann med
sine 350.000 soldatar mot Heimestyrkanes 50.000 jegerar.
8. mai 1945 kom Herluf Nygaard
og Monrad Almaas frå "Sunshinegruppa" til Skoland saman med
Milorg-karar frå distriktet. Forhandlingane med Hauptmann Lierheimer
gjekk svært godt, semje vart oppnådd om overtaking av byen. Det var
atter fred!
7. september 1945 vart SSTL
igjen opna, etter å ha lege nede i 2 1/2 år. Lus og kakkerlakkar etter
tyskarane måtte røykjast ut.
Rektor Rolf Bull-Hansen tok
fatt på den store oppgåva med gjen oppbygging av sløyd- og
tegnelærerlinene under vansklege tilhøve.
Sonen Kjell som var leiar av
eit aksjonslag i MILORG hadde blitt skoten av Quislings Hird i Drammen
24.mars 1945 - rett før Freden .-
I 1949 blei det gamle grishuset
påbygd og skulen fekk rom for metallsløyd. Byggmeister Arne O. Rugaas
sto for bygningsarbeidet.
Grisehuset vart omdøypt til
"SMIA".
Medan Cuba-krisa heldt heile
verdsamfunnet i ande i 1962 og faren for ny verdskrig var overhengande,
sparka me gutongane fotball på grassletta mellom Skolegata og
"SMIA". Plutseleg datt ein av oss ned i eit hol ved søndre
deil av banen. Kameraten min slapp med nokre skrubbsår, men me varsla
straks vaksne om holet og politi- overbetjent Andreas Pedersen blei
bodsendt.
Alvorstung kunne han straks
fastslå for oss frå etterkrigs- generasjonen, at det dreide seg om ei
skyttergrav som tyskarane hadde bygd under krigen for å forsvare seg
mot gode nordmenn.
Pedersen hadde sjølv vore
Milorgleiar i Notodden inntil han blei arrestert av Gestapo 1. august
1942, torturert og forhørt,- og seinare sendt til konsentrasjonsleirane
Sachsenhausen, Heinkel og Buchenwald i Tyskland.-
1 1975 blei Statens Lærerskole
i forming Notodden (SLFN - skulens nye namn frå 1965) flytta frå
Skoland til nye lokaler på Sætre.
Notodden kommune overtok
Skoland-området vederlagsfritt frå Staten. Lokalene blei nytta til
ulike aktivitetar. "SMIA" var i bruk til bla. ungdomsarbeid,
og arbeids- og kurssentral.
Ved nyårskifte 1998/99 overtok
Notodden & Omegn Heime-frontsmuseum det nedslitte lokalet
"SMIA" på Skoland.
Gjennom iherdig innsats har
eldsjeler klart å pusse opp lokalet og etablere ei okkupasjonshistorisk
utstilling med opning 8. mai 2000, til minne om dei som stridde og ofra
seg for Noreg i ufredstida 1940-45.-
Den viktigaste lærdom historia
kan gje oss er at:
"Fred og fridom kjem ikkje reikande på ei fjøl,- og det er
ingenting som kjem av seg sjøl! "
Dette burde vera god ballast
for nye generasjonar i ei tid der nynazistar freistar å spreie
propaganda om diktatur og framandhat.-
|