Tradisjonar og fakta omkring Mons Landsverk og nokre av etterkommarane hans

INNHALD:

Kva kjeldene seier om Mons
Kva Landstad fortel om Mons
Kva Tov Reisjå visste om Mons
Slekta etter Mons
Kva folketeljingslister kan fortelje



Til toppen av sida

KVA KJELDENE SEIER OM MONS

Mons Landsverk er ein Saulending som verkeleg har levd - på 1600-talet. Det er spunne ein del segner omkring han, av den mest dramatiske sorten. Historiske kjelder kan berre fortelje oss lite om han, men det er sentrale opplysningar.
For det første så er han i offisielle kjelder ikkje knytt til Landsverk, men til Øvstebø. I skattemanntala for 1686 er han nemnt som brukar på Øvstebø. Vi må gå ut i frå at dette er den rette mannen. Førenamnet var ikkje vanleg herover i den tida. Mons er sjølvsagt ei forenkling av namnet Mogens som vi i dag kjenner som eit typisk dansk førenamn. Det er nærliggande å tru at bakgrunnen hans var dansk - kanskje var han av embets- eller militærfolk.
Det er under namnet Mogens Jonsen vi finn han i den andre offisielle kjelda, nemleg Tingbok nr.15, Hj. fol. 15 b. Øvre Telemark Østfj. 15/3-1687. Der står det at det har vore skifte etter Mogens Jonsen som er bortrømt. Dette tyder absolutt på at han har ført eit dramatisk liv, noko som blir dokumentert enda tydelegare i den tredje kjelda. I kyrkjeboka for Hjartdal står det frå 1689 :

Mons Jonsen Øvstebø
fulgt til Rettersteden.

Truleg var ikkje vegen til "Rettersteden" særleg lang for Mons. Det skal nemleg ha vore på Øvstebø at avrettingane skjedde i den tida. Garden låg på den haugen som seinare har blitt utgraven som grustak, og som nå er jamna ut til bustadfelt.

Dette er altså ramma omkring alt det som har blitt fortalt om Mons gjennom tidene. Dermed er det også sagt at noko av det som nå kjem, må takast med ei stor klype salt. Det som vi likevel kan ta som rein sanning er at slik har historiane gått på folkemunne om Mons.


Til toppen av sida
KVA LANDSTAD FORTEL OM MONS

For å starte med noko av det verste som denne karen blei skulda for, så kan vi gå til Landstads segner om "Hjartdølerne". I soga om Egdeungerne er det mykje dramatikk, og her er det Mons blir sagt å vere den som myrdar den eine Lars Lind-sonen - Lars Larson.
Landstad fortel at da Lars Larsson skulle fri til den vakre "Hjartdalssola", Margit Bekhus, sette far hennar, Jesper, som vilkår at han først måtte tukte Mons Landsverk. Det var nemleg slik at Mons for det første hadde laga ei nidvise om Jesper, og for det andre hadde han snauklypt geitene og skore halen av hesten og hengt denne over bursdøra hos Bekhusen. For det tredje hadde han lati det ordet utgå, at den som fekk Margit ikkje skulle sleppe med liv og helse frå han.
Lars tok berre motvillig på seg dette oppdraget, men sidan det var einaste måten å vinne Margit på, så drog han til Landsverk. Der kom han fort i klammeri med Mons, og stakk han til slutt ned med ei Sauesaks.

Jesper var fornøgd, og snart blei det bryllaup mellom Lars og Margit. Men så viste det seg at Mons hadde overlevd og kvikna snart til att. Omlag eit år etter bryllaupet, stod Lars og laga ei øltunne heime på garden. Da kom Mons overraskande på han. "Tvi vøre Egden som ikkje betre saksa kan bruke", sa han, og i det samme stakk han Lars i brystet så han fekk banesår og døydde straks.
I kyrkjeboka for 1709 står det skrive av presten Abraham Post:

1709. 8. Decb in Laurentium Bekhuus, ferro occisum, parentationen habui

Dette betyr: Den 8. Desember 1709 har eg halde liktale over Lars Bekhus, som blei ihelslegen med sverd.

Halvor Nordbø har i boka "Ættesoger frå Telemark", nokså grundig avsanna omtrent alt som står i Hjartdalssegnene til Landstad. Mellom anna fører han bevis for at det ikkje var Mons Landsverk som drap Lars Larson, men at det var ein frå Flatdal.
Men Landstad har nok rett når han fortel at Mons var ein kjempekar. Det var ingen som torde å gje seg i kast med han. Derfor meinte han at han kunne fare fram som han ville ustraffa.
Dessutan var han ein rik og mektig mann, men han hadde ikkje lyst til arbeid. Han satt gjerne inne og arbeidde med skinn eller gjorde anna lett arbeid. Stein og stuvarbeid ville han aldri ha noko med. Elles heldt han seg med mykje øl og god mat og åt reine gjestebodskosten både til kvardags og helg.
Til toppen av sida

KVA TOV REISJÅ VISSTE OM MONS

Det vi elles har av tradisjonsstoff om Mons er det vi finn på nokre avskrifter som har tilhøyrt Tov Reisjå, og som han har fått av mellom andre Gunleik Mosebø i 1929. Der får vi vite at Mons budde på Landsverk omkring 1700. Han var ein kjempekar og ein hard og samvetslaus mann. Dersom han ikkje fekk det som han ville, kunne han truge sitt igjennom på grunn av desse kjempekreftene sine.

Så blir det fortalt at ein gong han sat på Øvstebø og drakk i eit gjestebod, så kom han i snakk med ein som heitte Halvor Nuvre. (Nuvre var ein plass under Krosshus). Dei var noko tilårskomne begge to, for da dei etter kvart blei fulle, tok dei til å prate om gamle dagar. Halvor sa til Mons: "Ja, me har vore goe gutar sammen. Me har drokkje mangt eit rus ihop, o me har og gjort mykje vondt ihop, me har hora ihop og me har drepe ihop." På dette reagerte Mons med å bli sint og det enda med at han slo Halvor ihel. Det blei sagt at blodet var synleg over døra så lenge den gamle stugu på Øvstebø sto. (Dette må altså ha vore nede på den gamle Øvstebøhaugen)
Etter dette var det Mons blei dømt av med livet og blei halshoggen på rettarstaden ved den gamle alfarvegen på Øvstebøe-haugen.
Til toppen av sida

SLEKTA ETTER MONS

I skriftene til Tov Reisjå og G. Mosebø står det ein del om etterkommarane til Mons slik det er fortalt i bygda. Men det er litt forskjellige versjonar i desse papira. I "Gard og ætt i Sauland" har Gjertrud Kleveland Karlsrud rydda opp i dette:
Mons hadde ein son som heitte Kjetil som var like stor og sterk som faren, men godmodig og grei og aldri med på slagsmål, skriv Tov Reisjå.
Kjetil blei gift med Ingebjørg Kjetilsdatter og dei hadde fem barn: Sigrid, Torbjørg, Margit, Kjetil og Torkel.
Torbjørg blei gift med brorsonen til faren - Elling Herbrandson Skogen, og Kjetil drukna i 1759.
Ei dotter skulle ha komme til Hjartdal og ei annan til Seljord. På den måten skal både Kittil Flatland og Kittil Øverland vere namn etter Kittil Monsen Landsverk.
Torkel kom til å overta som brukar på Landsverk, men da var eigedomen overteken av Heddølar. Seinare greidde han å løyse garden inn att. Torkel var gift med Helge Levorsdatter frå Ned-Omnes og desse barna vaks opp:

-Søve blei gift med enkemannen Halvor Kjetilson Fosse

-Kjetil overtok Landsverk og blei gift med Turid Halvorsdatter Holla. Det var desse som sette opp Loftet på Landsverk i 1795. Turid var enke og fekk ikkje barn med Kjetil, så det blei barna hennar frå første ekteskap som overtok Landsverk.

-Anne blei gift med Ola Pålson Koparviken som kjøpte den nåverande Skrivargården.

-Ola var gift fleire gonger, først med Gunhild Hansdatter Skoje og dei budde på Skogen og seinare på sud-Mosebø som var Gunhilds arv.

-Halvor blei gift med Åshild Jonsdatter, og dei fekk feste på plassen Bekkhus av Ole, bror til Halvor.

-Ingeborg blei gift med Niri Halvorsen Bakka i Heddal. Ifølge Tov Reisjå kom dei til å bruke garden Lie i Sandsvær (eller Sande) for Ole Mathiassen Kleppen. Men da Neri fort vekk stifta gjeld, kalla faren han heimatt og garden Lie blei selt. Neri fekk kjøpt eine halvparten, og den har sidan vore eigedommen til etterkommarane hans.

Ola Torkelson fekk ingenting etter bror sin og lite etter faren, som var ein gjeldbunden mann da han gav frå seg garden. Han måtte derfor ut å tene for å skaffe seg utkomme. Såleis kom han til Hans Skoje og var der i fleire år.
Ola var ikkje stor, men svært velbygd. Han var flink, og blei godt lika av Hans Skoje. Han gjekk for å vere ei svær kjempe, men var godmodig og snill og begynte aldri uvennskap.

Da Ola hadde tent på Skoje i tre år, blei han forlova med dottera Gunhild. Da så Hans fekk vite dette, blei det slutt på vennskapen. Tidlegare hadde ikkje Hans villa slept Ola frå seg for nokon pris, men nå måtte han flytte frå Skoje. Han reiste til Skogen. Der budde han og dreiv ein del med skreppehandel.
Forbindelsen mellom Ola og dottera var det ikkje lett for Hans Skoje å få oppheva, for omlag eit år seinare flytte ho også til Skogen utan å spørje faren om lov. Av dette blei Hans så harm at han bestemte seg for aldri å komme i huset deira. Dette heldt han ei god stund. Men etter eit års tid, kom Hans, som også var eigar av Søndre Mosebø, i prosess med ein Gullik Lammedalen. For å få avgjort denne, skulle Hans og Gullik møtast på Krosshus i Sauland, der det den gongen var gjestgjevari og brennevinshandel. Der møttes dei, og for å føre saka så måtte det brennvin til...
Her sluttar avskriftene til Tov Reisjå, men Halvor T. Mosebø meiner at slutten på historien er slik at Hans Skoje måtte be "svigersonen", - Ola om hjelp, da denne hadde eit godt hovud og god greie på "jussen" i tida. Det enda dermed med at Ola hjelpte Skojebonden til å vinne saka, og dermed var truleg vennskapet gjenoppretta for framtida. Dermed er det også naturleg at Ola og Gunhild fekk overta Mosebø som var i Hans' eige.

Etterkvart ser ein at ætta etter Mons Landsverk er spreidd utover i mange slektliner både i Sauland og i nabobygdene, så det er nok ikkje få personar i dag som utan større vanskar kan søke seg attende og dokumentere at dei er etterkommar av denne markerte skikkelsen i bygda på 1600-talet.
Til toppen av sida

KVA FOLKETELJINGSLISTENE FRÅ 1801 KAN FORTELJE
(For spesielt interesserte)
Etter at "Gard og ætt i Sauland" kom ut, er det enkelt å følge slektlinjer. Likevel gjev det ei enda nærmare kjensle av historia om ein tek for seg dei såkalla primærkjeldene som kyrkjebøker og folketeljingar. Har ein god tid kan ein sette seg ned for å studere kyrkjebøkene, (Ein kan sjå desse på mikrofilmkort i samlinga til Hjartdal Historielag på Hjartdal Folkebibliotek).

Her skal vi begrense oss til å sjå på ei kjelde som er lettare å arbeide med, nemleg folketeljingslista for 1801. Denne er å få som EDB-utskrift, og er dermed lett leseleg. (Hjartdal Historielag har eit eksemplar) Her les vi at på garden Landsverk i Sauland så bur enkemannen Torkel Kittilsen. Han er 74 år og "opholdes af gaarden".
Husbonden på garden er sonen Kittil Torkelssen 38 år, gift med Thuri Halvorsdatter på heile 64 år. Ho har eit anna ekteskap bak seg, og fire vaksne born som også bur på garden. Kittil har ikkje eigne barn.
Vi får også vite at plassen Skogen ligg under Landsverk, og der bur nettopp bror til Kittil, husmannen Ole Torkelssen på 28 år, gift med ingen andre enn "Gonil" Hansdatter på 24 år. Dei har sonen Hans på 3 og dottera Helge på 1 år.
På plassen Ødegaarden, også under Landsverk, er det ei 22 år gammal tenstejente som heiter Ingeborg Torkelsdatter. Vi tek vel ikkje mykje feil om vi meiner at dette er den yngre systera til Kittil og Ole, som ennå ikkje har møtt Niri Halvorsen Bakka.

Går vi så til nabogrenda, Fosse, ser vi at på ein av gardane der bur eldste syster Søvei Torkelsdatter 44 år gammal og gift med Halvor Kittilson Fosse på 58 år. Begge er i sitt andre ekteskap og har ei stor samling av "mine, dine og våre barn".

Den tredje systera, Anne finn vi som kona til Ole Paalsen. Ho er 40 år gammal, og dei har fire små barn. Dei bur ikkje i Koparviken lenger, dei har blitt husbondfolk på ein Mosebøgard.
På plassen Bekhus under Mosebø finn vi så den siste av syskenflokken, - Halvor på 27 år. Han er gift med Aasil Jonsdatter på 40 år, og dei har to små barn.
Men kan dei ha fått plassen av Ola så tidleg - før desse har tatt over Mosebøgarden?
Tov Reisjå's skrifter sa altså at Ola fekk Mosebø i arv frå svigerfar Hans Skoje, for deretter å gje den tilliggande plassen Bekhus til sin bror, Halvor. For å få dette til å stemme, må vi tru at Gunhild og Ola alt fekk Mosebø i "bryllaupspresang", i 1798. Det må i alle fall ha vore snakk om forskot på arv, sidan Hans Skoje lever i 1801.
Dette siste er spekulasjonar, men med litt godvilje får ein på denne måten dei fleste bitane til å falle på plass.
Dermed er Mons og etterkommarane hans vel plasserte i historia.

Til toppen av sida