Bøker frå Ivar T.Dahl
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Glimt av Tuddal At Ivar Dahl har gått med planar om å gjere noko ut av den kunnskapen han gjennom åra har samla om Tuddal før i verden, var noko mange visste. Men at resultatet skulle bli ei bok av slik høg kvalitet og kvantitet, kom likevel som ei overrasking - til og med på dei som var innvigde i planane. Boka er grundig omtala av
Anne H.Wagn i Telen, så vi vil berre oppmode folk om å skaffe boka
fortast råd.
Smaksprøver: Først eit par bjønnesoger: Olav Åkre f.
1850 i Bondal var ein god bjønneskyttar. 18 bjønnar skal Olav ha felt
med børsa si. Men for kvar bjønn miste han ei kyr. Dei trudde bjønnen
hemna seg på han på den måten. Budeia på Grønlistulen
sende ein gong bod på Halvor Gyving (1825 - 1910), om han kunne få has på
ein bjønn. Gyvingen var visst ikkje vond å be på. Det barst beine vegen
mot Grønlihøvda, og stulsfolket høyrde smellen da han skaut bjønnen.
Ei lita beite etter smellen kom Gyvingen i fullt sprang ned frå høvda og
beint inn i stulsbua. Der ladde han om "ifell" (i tilfelle) han
hadde bomma. Så drog han opp på høvda att for å sjå etter bjønnen.
Men han hadde råka godt med første skotet. Bjønnen låg stein daud. Mange bygdefolk har fått sin plass i boka. Dahl skildrar dei med både respekt og humør. Her litt om ein av dei markerte skikkelsane i Tuddal i nyare tid: Kjetil
Sud-Rue (1906-1996) også kalla "Su-Ruen" eller "Myllarguten”
var ikkje skåren for tungebandet. Torkjell Sudistugu Hovde var morbror
hans.
|
Kulturarv og folkeminne frå Hjartdalsbygdene. Denne boka gjev lesaren innsyn i livet til dei som gjekk føre oss, frå fjern oldtid til nær fortid. Farne tider der mystikk og gamal folketru knugar folket, men med eit hav av kunnskap vi i dag har gløymt. Den rikt illustrerte boka med bilde frå 1880-2003, tar deg med tilbake til ei anna og ukjent verd – "før i verden." Kan hende finn du att noko du har mista eller møter menneske du kjenner deg i slekt med. Forfattaren, Ivar T. Dahl, har tilrettelagt Tov Reisjå (1865-1938) si unike folkeminnesamling for folkelesnad. Stoffet er henta frå Hjartdalsbygdene i øvre Telemark: Tuddal, Hjartdal og Sauland, men sprenger desse grensene. Boka inneheld personlege tankar, erfaringar og opplevingar som både samlar og forfattar har hatt i særprega bygder. I tillegg til dette – eit fargerikt mangfald i bilde frå bygdeliv og kultur i dei vakre Hjartdalsbygdene. Kjenner du dragning og blir med?
Smaksprøver: Kjetil Myrjord drap hesten Kjetil Myrjord hadde eit hissig gemytt, men han var så rik. Kjæringa hans, «Myrjordtinnska,» sa at der var likså mykje pengar som der var høy, bare setlane var ikkje så lange. Nei, det var slik ein underleg kar, den Myrjorden. Gilde hestar hadde han jamt, to hestar, men han pløgde ikkje som andre. Han sette fora utfor. Da sa folk at han gjorde så gale, han drog molda nedover. Men så var det ein gong han var i Haugen. Det hørte til Myrjord den gongen. Kjetil støytte (hogg) på ei stor osp, den største han fann. Så skulle guten kome etter med hesten. Han styrte unda så ikkje hesten kom i vegen for treet. Men Kjetil hadde andre planar, han var så sinna på gampen for han aldri stod still. Han støytte treet tvert over ryggen på hesten så han var kvitt han med det same. Ola Grasåsen blei trolla i Sverige Ola Torkjellson Grastjønnåsen var på mønstring til Malmø. Ei svensk dame blei så glad i den staute tuddølen at ho søkte om å få lov for han til å bli att i Sverige. Men det kunne dei ikkje gje løyve til. Svenska var ei bråsinna jente, og ho lova at måtte ikkje ho ha godt av han, skulle heller ikkje andre. Det var fleire med frå heimbygda, og på båten heim att såg dei at han blei så rar. Ola hadde drive med fehandel før, og han tok på å vase vilt. Seinare var han rørete all sin dag, så han måtte ha formyndar. «Han er mykje galen, Grasåsen, eg va redd han i dag», sa Jon Bondal da han hadde vore til han. Ola hadde ei søster i Åsen som var gift med Sigurd. Han var ofte der. Ein gong for det fem skrubbar seint om kvelden på vegen til Grenholtet, ei jente snudde og blei i Åsen til morgenen. Ola Grasåsen var der og, og dei bad han hefte til neste morgon. Men han vyrde ikkje udyra. Han strauk heim til Grasåsen. Ein gong var han på nabogarden, Dalen. Så gav ein av gutane der seg til å stire på Grasåsen. «Sjå der stend den gutongen og trøllar på meg», sa han. «Du skjønar vel det at ein gut slik er for liten til å trølle», sa faren. Da slo han om med eitt, og han var like blid.
(Kjetil Myrjord levde frå 1776 til 1853)
|
Kulturarv
og tradisjon i hjartdalsbygdene
Vi står på skuldrene til dei som gjekk føre oss. Vi strekker oss mot å gjere det betre enn dei - Gjer vi alltid det? Dette
er tredje og siste boka i det dokumentariske praktverket om
hjartdalsbygdene - før i verden. Bøkene har blitt til for at den rike,
folkelege kulturarven og tradisjonen i bygdene våre ikkje skal bli
gløymt. Snarare vere eit av fundamenta for framtida i tre levande
telemarksbygder: Hjartdal, Tuddal og Sauland. Men også denne boka
sprenger bygdegrensene.
|
Lesebok for deg og
meg
I denne fjerde kulturhistoriske praktboka er det bygdemålet det gjeld. ”Vil du høre ekte bygdemål i Øst-Telemark, må du gjøre det nå,” er sjølve bakgrunnen for den nye boka. Interessante og til dels underhaldande språkprøver frå dialektområdet Sauherad grense og til Ambjørndalen og Bondal, finn du i den rikt illustrerte boka. Folketradisjonen i bygdene våre er mangslungen og spenstig. Her var det kunstnarane fann kjeldene, og her er det ennå i år 2007 vi finn delar av Telemark på sitt beste. Ivar T. Dahl fortel at han har hatt stor nytte av Hjartdal historielag sitt arkivmateriale, m.a. lydbandopptak gjort av Alf Mostue og John O. Bøen. Likeins den eineståande bildesamlinga etter billedkunstnaren Chr. Stenersen i Hjartdal. Du kan derfor glede deg til ei ny kulturhistorisk reise tilbake til ei tid som dei fleste bare har i draumen. |
Bøkene er tilsalgs i lokale
bokhandlar.
Kan også bestillast direkte frå
Ivar T.Dahl
Stivivegen 73 3677 NOTODDEN
Tlf.: 350 20064
Pris:
500,- for ei bok
900,- for to bøker
1350,- for tre bøker
____________