Hjartdal historielag presenterer:
Hjartdalsoga

av Gjertrud Kleveland Karlsrud

Information in English 

Vidare med Hjartdalsoga 

Gards- og slektshistorie for bygdene Tuddal, Sauland og Hjartdal i Telemark.

Hjartdalsoga -gards- og slektshistoria til Tuddal, Sauland og Hjartdal er eit kommunalt prosjekt som har gått over mange år. Nå er det avslutta,og resultatet er av svært høg kvalitet. Det er Gjertrud Kleveland Karlsrud som har skrive verket.
Eit par av styremedlemene i HHL har tatt del
i arbeidet med dei siste banda.

"Smaksprøver":
Frå band 2 Sauland Skogegardane, Omnesgardane og Tjønnås
Frå band 3b Hjartdal Gvammen Haugangrenda og Rue.
Frå band 3a Hjartdal Nordbygda
Togrenda og Ambjørndalen.

Vil du lese meir, er det bare å skaffe seg bøkene hos Hjartdal kommune, 3692 SAULAND. Tlf.. 350 28 000

Verket består av:

  Hjartdalsoga 1.   Gard og ætt i Tuddal
  Hjartdalsoga 2.   Gard og ætt i Sauland
  Hjartdalsoga 3b. Gard og ætt i Hjartdal Gvammen
  Hjartdalsoga 3a. Gard og ætt i Hjartdal Nordbygda


Hjartdalsoga is the history of farms and families in Hjartdal, Sauland and Tuddal in Telemark, Norway - through hundreds of years. There are four volumes:
1   Tuddal 
2   Sauland
3a Hjartdal Nordbygda
3b Hjartdal Gvammen

The text examples below are taken from Volume 2, 3a and 3b.
Each volume has hundreds of pages and pictures.

ORDERING:
The books can be ordered from us by: 

Mail: Hjartdal kommune, kultur og oppvekstetaten, N-3692 SAULAND, Norway.

Fax: 047 35 028 001

E-mail (Please put HJARTDALSOGA in the subject field)

The prize is NOK 860,-/ $ 100 for one book - including postage and taxes. We would appreciate that you pay by check in USD, and send the check to 

Hjartdal kommune, 
N 3692 Sauland, 
Norway, 

after you have received the book.

We are really sorry for the high level on postage and taxes, which make the book twice as expensive for you abroad.  


Bygdebokforfattaren, Gjertrud Kleveland Karlsrud, signerer bøker ved presentasjonen av band 3a. 15.desember 2000


Skogegardane, Omnesgardane og Tjønnås

Til toppen av sida


Grannehøve. Til grannekrinsen blei rekna dei to Skogegardane og dei to Omnesgardane, og plassane som låg til.

Det har ikkje vore særskilt samband mellom desse gardane og Tjønnås på lenge, men på grunn av tilhøva i eldre tid, synest det rett og ta med Tjønnås her.

Grannelaget til Nord-Skoge var Omnes og Skogegardane, men ikkje Rohølhaugen. Tjønnås var med etter gamalt, men Anna Skoje Hannestad er uviss på om Tjønnåsdalen var med. Også Hagen og Ned-Åmot høyrde med til bedlaget.

Bustadene ved Omnesfoss har hatt sitt eige grannelag. Dei tidlegare plassane under Omnes var Rohølhaugen, Haugen, Målarøygarden, Stålen og Myre. Dei bad frå og med Ned-Omnes, lenger attende også Upp-Omnes, og over åa. På hi sida av åa starta bedlaget sønnafor Fossheim, og gjekk sud til heradsgrensa. Det var Slåttun, Lappebakke og Karlskås, truleg og Ørvella.

Anlaug Tinnes Mork kunne ikkje hugse at dei bruka bedlag. "Dem i Frølandgardæn` blei gjønne me` når det va`noko", men det var slekt. Ho meinte kvar gard bad sine eigne husmenn. Tjønnås høyrde med frå gamalt, men ikkje så ho kunne hugse.

I Signe Skoje si tid var det fast at folka på Skogegardane var i lag hjå kvarandre første og andre dag jol. "Me hadde ikkje mat, berre skjenk, julebakst og kaffi". Seinare har det ikkje vore lag i Skoge-Omnesgrenda utan ved særskilte høve, som t.d. gravferd. Det var gravferd frå gardane til 1960-åra.

Dugnad var ikkje vanleg, men når dei hadde fenge ferdig eit hus, heldt dei fest; "mønsåsrus".

Det har vore meir sambruk mellom gardane i nyare tid. Skogegardane har t.d. hatt såmaskin og snøplog i saman, og mindre traktorreiskap, som potetsetjemaskin og kunstgjødselspreiar.

 

Folketal, næringsvegar. Alle gardane har hatt skogsdrift, jordbruk og fedrift som hovudnæring.

Folketalet auka med om lag 50% i tida 1730-1801, og med mest 100% frå 1801-65. I heile perioden var gardbrukargruppa noko nær konstant. Auken kom i gruppa husmenn, dagarbeidarar og tenestefolk, og tala heldt seg høge til etter 1900.

Storparten i denne gruppa hadde skogsarbeid som hovudnæring. På 1800-talet auka både dyretalet og åkervidda sterkt på Skoge og Omnes. Driftsendringa gav sysselsetting til mange, før mekaniseringa tok til ikring århundreskiftet. Dessutan var mange av husmannsplassane gode, dei fødde 3-4 kyr.

Dei offisielle oppgåvene for dyretal, utsæd og avling er skjønnsmessige. Dei kan ikkje brukast direkte på den einskilde garden, men dei er oftast retningsgivande i høve til utviklinga. Etter desse tala å døme, var dyretalet uendra mellom 1657 og 1723, og berre Skoge hadde nemnande auke av buskapen før 1835. Både Omnes og Skoge dyrka mindre bygg i 1835 enn i 1723, men meir havre. Storflaumen i 1822 gjorde stor skade på åker og eng, både på Omnes og Skoge, og kan ha virka inn på dei låge tala i 1835. Rett nok var potetdyrkinga i god gjenge i 1835, men driftsmessig er perioden fram til 1835 prega av stillstand. Folketalet auka med 50 % i den same perioden. Auken kom blant husmenn, dagarbeidarar og tenarar, og det er truleg at første del av 1800-talet var dei magraste, om ein reknar avkastning per hovud 1723-1900.

Mellom 1842 og 1900 utvandra minst 40 personar, storparten yngre, arbeidsføre menneske. Det var like mange emigrantar frå gardane som frå plassane. Det har stendig blitt peika på, at det var lettare å bryte opp heimanfrå om ein hadde slektningar i Amerika. Dei ordna ofte med både billettar og andre praktiske spørsmål. Ola og Torkel Omnes ville ha systersonen Kjetil Kåsa over til seg i Amerika. I eit brev heim i 1871 fekk han lovnad om hjelp til billetten, og mange gode råd. Morbror Ola skriv :

"Saa vil jeg da underrette Kittel Halvorsen om at du sælger Graatrøien og korte Wæsten, de kan ikke bruges her, det var godt om du kunde kjøbe dig en Frak (...) saa som Boxer og andre klæder kan du godt bruge her. Du bør have Mad med dig fra Christiania, til 14 Dage, for her opover Landet er det meget dyrt. Spikkekjødt, lidt surt prim og 1 god Brændevinsbuttel bør du have med paa Søen. I byerne opover Landet skal du altid vogte dig for gjænterne som vil have dig med sig, du skal altid holde dig til jernbanestationerne..."

Frå 1835 og den neste mannsalderen var det moderat auke i folketalet, men mest 100% auke i potet-og byggdyrkinga, og det var markert auke i dyretalet både på Omnes og Tjønnås. Bortsett frå plassane til Tjønnås, kom storparten av den auka åkervidda på gardane.

Til godt ut på 1900-talet var mest alle i grenda knytt til primærnæringane. I 1990 har berre fire husstandar skogsdrift og gardsdrift som hovudnæring. I 1990 bur om lag 60 personar i området, Kåsafeltet medrekna,( d.e. 31 personar). I 1990 er 16 personar over 50 år.

Sjå tabellar.

 

Lægje, vegar. Skoge ligg fritt til på høgda ovanfor Åmotshølen, 120-130 m o.h., med vidt utsyn til gardane i Sauland og tallause lidrag og nutar, frå Himing og Heksfjell i vest, til Kleppefjell mot Tuddalsdalen i aust. Nord-Skoge ligg øvst, Sud-Skoge noko lenger ned i bøen. Næraste grannar er Omnes lenger ned mot dalbotnen, og Bø-gardane på hi sida av Skogsåa.

Upp-Omnes og Ned-Omnes ligg solvendt i slakt hallande lende ned mot Hjartdøla, 89-77 m o.h.

Det blei bygd bilveg fram til Nord-Skoge tidleg i 1950-åra. Den går over Veslemo og ned til Omnesgardane, vidare gjennom tunet til Rohølhaugen, følgjer åa, og kjem inn på riksvegen med brua nedanfor Heddal Mølle i Omnesfossen, om lag 2,5 km frå Skoge. Brua blei bygd før århundreskiftet, og reparert etter storflaumen i 1927. Ny bru blei bygd på same plassen i 1936. Tidlegare var det bru ved Rohølen, og vegen gjekk over Landsverkjordet.

Før nyvegen blei ferdig, var det så ymse korleis folka på Skoge kom seg ned i bygda. "Hårre fær du i dag," var det første spørsmålet me fekk, fortel Anna Hannestad Skoje. Sommarstid kunne dei anten "gå over lingsun", d.e. hengebrua, eller "ro hølen". Dei hadde pråmar i Åmotshølen, kvar gard sin pråm. Vinterstid køyrde dei isen, anten til Åmot eller til Hagen, etter som det passa.

I nyare tid er det bygd ny veg og ny bru over Skogså i nærleiken av der den gamle Brubakkbrua låg. Denne vegen kjem fram i Slåka ved Øvstebø, og møtest med Tuddalsvegen nedanfor Øvstebø.

Før i tida låg desse gardane meir sentralt, og Skoge låg midt i ferdsla. Den gamle allmannvegen kom frå Bø over Skogsåa ved Brubakken. Biskop Jens Nilssøn nemner "it slemt vad" over Skogsåa før han kom opp "til en gaard heder Skoug, liggendis paa den venstre haand ret hoss veien". Dette er truleg vadet som ligg sønnafor Brubakken. Brua ved Brubakken gjekk med i storflaumen i 1822.

Var det vanskar med brua, reid dei over lenger nede, eller fòr på lingser, hengebru. Dei kom over både ved Omnes, Skoge og stundom ved Elgevad i Tuddalsdalen. Dessutan bruka dei eit vad mellom Haughus og Skoge.

Hengebrua, Lingsun, blei bygd i si noverande form i 1889 av Skiensvassdragets fellesfløtningsforening. Det var fleire lingser høgre opp langs Skogså, men dei er nede no.

Biskop Jens Nilsson fulgte hovudvegen vidare til Heddal på ferda si i 1580-åra: "Siden fore wi fra Skoug i sødoust 1/2 fiering til en mo heder Olmo". Derifrå gjekk vegen ned Telebrekka og over Ørvella til Heddal. Det er framleis veg opp Nautestretdalen over Ålamoen. Ved Moskotet tar den av til Tjønnås.

Tjønnås ligg for seg sjølv, omlag 400 m o.h. på hi sida av Skogsfjell. Tjønnåsdalen ligg lenger ned i dalsida mot Gransherad, ca 325 m.o.h. Frå Tjønnås er det 8 km til Gransherad- og 11 km til Sauland sentrum.

Det har blitt hevda at Tjønnås låg til Gransherad frå gamalt. Men administrativt har Tjønnås vore ein del av Sauland så langt attende det kan dokumenterast.

Frå 1860-talet og ein mannsalder frametter, da det var folk på alle plassane under Tjønnås, var Tjønnås eigen skulekrins. I 1865 sat lærar Ola Østenson Kåsa 18 veker på Landsverk og 8 veker på Tjønnås. Johs. A. Tjønnåsdalen, f 1880, hadde dei første skuleåra på Tjønnås. Seinare gjekk skulevegen 5 1/2 km. over Ålamoen til Landsverk skule. Vinterstid var det mykje hestekøyring, fortalde Johannes, og skyss blei det også ei råd med, når tømmerkøyrarane fór.

 

Grenser. Skoge grensar mot Omnes i sør. Skogsåa er grense frå Åmotshølen til Lingseberja ved Koparviken, vidare går grensa til Herjusdalen. I Herjusdalen går grensa i skogen mot Tjønnås, og på Svartufsfjellet møtest Skoge og Omnes med deilder på sudsida av Skogsfjell. Omnes grensar mot Skoge og Hjartdøla i nord og vest, og mot Fosse nedanfor Omnesfossen og sudover til Myre og heradsgrensa mot Heddal. Over Ålamoen og Skogsfjell går grensa med deilder mot Tjønnås. Tjønnås eig til heradsgrensa mot Gransherad.

Da skogen kom i pris, blei det strid om delelinene. Det har vore fleire rettssaker om grensene mellom Skoge, Omnes og Tjønnås. I 1673/74 var det t.d. tvist om grensa mellom Omnes og Tjønnås på den eine sida, og Skoge på hi. Partane møttest til deildegong på Svartufs, og dei måtte synfare grensene både ein og to gonger før dei blei forlikte. Jon Skoje meinte delet mellom Skoge og Tjønnås gjekk ifrå Svartufs og følgde høgaste "ryssitt" nordetter.

 

Når rydda. Skoge og Omnes er gamle gardar, båe rydda i gamalnorsk tid. Båe har naturnamn, som det er vanskeleg å datere.

Skoge eller Skoje, frå gno. skògr, m., tyder skog. Uttalen er "skòje". Skrivemåten har variert, t.d. Schoie i 1647, Skougen i 1660-åra, Schøyen og Skoge i 1723, men i nyare tid har dei valt å skrive slektsnamnet etter den lokale uttalen. Garden har truleg gjeve namn til Skogsåa som kjem frå Sønderlandsvatn i Tuddal, og som møtest med Hjartdøla og Mjella nedanfor Skoge. Høgdedraget mellom Skoge og Tjønnås heiter Skogsfjell. Garden kan vere rydda i yngre jarnalder.

Det er gjort fornfunn frå yngre jarnalder på Skoge sin grunn, m.a. eit tviegd sverd, eit økseblad og eit knivblad. Skoge låg ikkje øyde etter Svartedauden, men nedgangstidene etter pesten fekk stor verknad.

I eit diplom frå 1430 nemnast "midgarden j scogh". Da må det ha vore tri bruk, truleg frådelt ein gong i høgmellomalderen. Også den høge landskylda kan tyde på at det har vore fleire bruk på Skoge. Seinare blei dei tre bruka slegne saman att, til den eine garden ein finn i kjeldene på 1500-talet. Sjølv om Midtgarden er nemnt så seint som i 1430-åra, er omlegginga til eit bruk ein sannsynleg etterverknad etter Svartedauden. Minska folketal trong mindre åkervidde, og dei hadde heller ikkje arbeidskraft til å halde oppe ei omfattande gardsdrift.

Plassen Timdal, frå gno. timbr n., tømmer, kan ha vore eige bruk i høgmellomalderen.

Omnes eller Åmnes, skriv seg frå treslaget alm, gno. almr, m., og gardsnamnet tyder almnes. Garden er truleg rydda ein gong i yngre jarnalder eller vikingtid. Den låg ikkje øyde etter Svartedauden.

Tjønnås er rydda ein gong i gamalnorsk tid. Også her er gardsnamnet eit naturnamn. Første lekken i Tjønnås skriv seg frå gno. tjorn, f. som tyder tjørn, vannhol eller pytt. Tjønnåstjønna ligg nær gardestaden. Garden kan ha blitt rydda i folkevandringstida. Februk, fangst og jarnvinne var livsgrunnlaget. Eit fornfunn frå yngre jarnalder som kan vere eit gravfunn, har m.a. eit økseblad av jarn med glødeskal. Det er også funne ei vevskei av jarn. Tjønnås låg øyde etter Svartedauden. Det heiter at Tjønnås var bruka som stule før han blei bustad på nytt.

 

Deling. Skoge var udelt frå seinmellomalderen og til 1842. Da blei garden delt mellom brør i to jamstore partar, da Sud-Skoge blei utskilt frå Nord-Skoge. I nyare tid har eit par av plassane blitt eigne bruk. Øvre Timdal blei utskilt frå Nord-Skoge i 1922, men er lagt inn i garden att. Koparviken blei utskilt frå Sud-Skoge i 1967.

Omnes var udelt til 1690-talet. Da blei garden delt i to jamstore bruk, Ned-Omnes og Upp-Omnes. I 1815 ble Ned-Omnes delt i to jamstore bruk på nytt, men dei blei slegne saman att i 1847. På Upp-Omnes åtte far og son kvar sin halvpart i 1830-50, men noka formell bruksdeling blei det ikkje. Den tidlegare plassen Haugen blei utskilt frå Upp-Omnes som eige bruk i 1920.

Tjønnås var einbølt til 1864. Da blei 1/3 av garden, Tjønnås gnr. 83.2 utskilt, men eigedomane blei bruka under eitt til 1891. Tjønnåsdalen blei eigen eigedom i 1930.

 

Hus, tun. Tunstaden til Nord-Skoge er ei samling av gamle, vakre tømrer i solhellinga ut mot bygda. Ein ny våning blei bygd på nordsida av det gamle tunet i 1980-åra. Den eldre, freda våningen er ei tømre i to høgder. Den eldste og nedste delen skal vere frå 1773. Stova blei påbygd etter 1800, og fekk tegltak i 1811. Same år blei stova innreidd av Tarald O. Haugen. Det er open trapp opp til svalgangen i andre høgda. I 1816 arbeidde Søren Nerison Lappebakken med uppstugo, som blei måla av Jon O. Sandvigen frå Tinn i 1846.( Det er truleg også arbeider av smeden Gjermund Taraldson, sjå Timdal). Lite er endra, endå huset er i dagleg bruk. I dei låglofta, tømra romma er veggar og tak måla i duse fargar som er fint avstemte til innbuet. Dei rikt dekorerte veggfaste møblane smykker framleis både uppstugo og daglegstugo. Stova er eit døme på kunst-og handverkartradisjon i ei blømingstid. Bygningen blei freda av riksantikvaren i 1923.

Eldhuset sto til 1950-åra. Den nye våningen står på same plassen. Det eine buret blei flytta til Sud-Skoge ved garddelinga i 1842. Buret som stend att på Nord-Skoge, har bursgangar i staden for loftsgangar. Fjøset blei rive i 1960-åra. På 1970-talet bestemte eigaren seg for å take vare på mest mogleg av dei gamle husa på garden. Fleire mindre hus som låg spreidd blei flytta. Dessutan kjøpte han ei tømra løe for å lage ein heilskap i tunskipnaden.

På Sud-Skoge var Veslestugu eller kårstugo den eldste våningen. Det var ei tømre frå 1850-talet, seinare ombygd fleire gonger, og rive i 1988. Delar av tømra er blitt utleigehytte i Tuddal. Den yngre våningen blei modernisert i 1985. Det er to loft på garden. Det eldste er flytta frå Nord-Skoge. Det er truleg bygd på 1780-talet, og kledd ikring 1850. Det andre loftet er sett opp i 1887. Det kom ny driftsbygning i 1967, ombygd i 1980-åra. Løa til dei gamle uthusa blei selt og flytta til Nord-Skoge. Smia i Kaldbekkdalen sto til 1946. Badstova i nærleiken blei rive i 1930-åra.

Husa på Upp-Omnes er bygd i firkant rundt tunet. Stova er frå 1801, og innreiinga i uppstugo frå 1821. Det eldste stabburet er frå 1798. Uthusa, ein vinkelbygning, er frå 1900. Dei gamle uthusa sto lenger ned i bakken. Veslestugo, den noverande våningen, var opphavleg eldhus, men har også vore bruka som kårhus. Den er bygd på fleire gonger, og er bevart i sveitserstil frå ikring 1900. Ned for husa, der det heiter Kjellarbakken, hadde dei utkjellar før. Ei badstove måtte rivast da nyvegen kom.

Også Ned-Omnes har firkanttun. Det er to våningshus på Ned-Omnes, ei stove frå 1870 og ei ifrå 1898. Tidlegare strekte tunet seg noko lenger nord enn no, til Tunåker. Sommarstugo er den yngste, ombygd til våning i 1987. Tidlegare budde forpaktaren eller arbeidsfolka i sommarstugo. Om sommaren flytta heile huslyden inn i sommarstugo. Den eldste våningen blei ombygd i 1940-åra, og restaurert slik den sto i 1880-åra i 1991. Rett imot våningen stend dei to stabbura, alderen er ukjent. Dei sto lenger frammi tunet før. Uthusa, ein vinkelbygning frå 1895, blei rive i 1980. Det er sett opp ny driftsbygning på same plassen. Eit eldre uthus sto noko høgare opp i bakken. Det blei bruka som eldhus, og ein bekk hadde faret sitt gjennom bygningen. Der koka dei såpe, slakta gris o.a. Det gamle eldhuset sto mellom våningen og uthuset. Det blei flytta til Sperdokk ikring 1900, sjå Myre. Eldhuset hadde tri rom, og sølvsmeden Åsmund Kjos hadde verkstad der. Smia låg bortanfor uthusa på vegen mot Skoge. Badstova like nedanfor sto til ikring 1950.

Stova på Rohølhaugen blei sett opp i 1906. Eldhuset er kaven til den gamle stova. Alderen på buret er ukjent. Fjøset er rive. Stallen var bygd for to hestar, slik at hesten til Ned-Omnes fekk husrom når dei køyrde tømmer.

Våningen på Tjønnås er ei gamal tømre, bygd på fleire gonger og kledd. I Lexow si tid hadde stova svalgang. Ein våning blei selt av kommunen. Det blei sett opp nye uthus i 1952, ved sida av dei gamle, og på plassen til den gamle badstova. Både bur og veslebur skal vere frå 1700-talet. Verkstaden er frå Gunleik Skårdal si brukartid.

Husestaden på Tjønnåsdalen blei flytta lenger ned i bakken i 1890-åra. Da reiste dei også den noverande våningen, opphavleg ei tømre som er bygd på fleire gonger. Ein ny våning på nedsida av vegen blei bygd i 1990/91. Uthusa er frå 1936. Stabburet er frå 1970-åra, det gamle sto på same plassen. Det var "hønngåmålt". Det var smie ved sida av den nye våningen.

 

Marknamn. Hans Skoje Hannestad om marknamna på garden: " På Nord-Skoje heiter det Burshaug ved stabburet. Under Burshaug var det brønn med heise, Kongebekk. Jordet eller ekrene nærast tunet heiter Bruekrun. Nede på Lesletta låg badstove og smie etter kvarandere. Nord i jordet heiter det Nordbaklia. Der ved ei ølle stod hestane om morgon. Ved Skogsmon var Raugrind og Skogsgrinda. Ned mot Åmåshøln (Åmotshølen) heiter det Åmåslia (Åmotslia). Der er Åmåshøvelta og Pråmstan (der det låg pråmar). Ned mot Skogsåo heiter det Bakkenn (Bakkane). Vaøya (Vadøya) ligg midt i Åo (Skogsåo). Lenger uppetter langs Åo finn ein Stebbrudvelta og Stebbrud, Øyen og så Lingsun, med Hengjebrua og velteplassen Lingsebærje.

Netimdal og Upptimdal med Timdalsbekken ligg nede mellom alle moane: Timdalsmon, Høgemo, Tverrdalmon, Myljommon, Ålåmon og Skogsmon.

Under Skogsfjell heiter det "onder fjellet".

Av og til om sumaren - kan hende var det ikkje så godt beite eller dyra flaug etter sopp - kunne det verta sagt noko nær fylgjande i tunet på Nord-Skoje: "Nei, nå veit eg ikkje hårre me skal finne kjyn - dem kan ikkje ha kommi over Åo o nei bygda vetteg (veit eg)? Du fær gå nei Bakkenn du Signe, så ska eg tåkå Holun o Øyen...O du Sverre fær sjå onder fjelle. Osså fær du Hans tåkå sykkeln o sjå på Ålåmon." Det måtte vori Anna som sa dette".

Under Høgemo mot Timdalsmoen heiter det Kolabotn, men der har ikkje vore kolbrenning i manns minne.

På Sud-Skoge ligg Glørnhaug rett opp for hovudbygningen, ekra nedanfor heiter Humlegardslia, og nedmed åa mot Øygarden ligg Davidshol og Davidsøy. Det var truleg buplass på 1700-talet. Badstøyekra låg inntil Badstova.

På Upp-Omnes låg Leiråker rett ned for husa og Siljuåker i delet med Skoge.

Ned-Omnes seier "nedpå jole" om jordvegen ned for husa. Sønnafor ligg Gråtarekra, mot vegen ligg Steinsarmen, den blei seinare beite.

Forutan gardsnamnet Skoge, vitnar fleire namn om skogsdrifta i området. Ved Lingsun ligg Velteberget, lenger opp langs åa ligg Brubakkvelta, og nedanfor ligg Stebbrudvelta og Åmotshølvelta. Koparvikskotet var tømmerskot. Ved plassen Timdal eller tømmerdalen, kan dei ha køyrt tømmer ned til Skogsåa. Ved Moskotet var eit tømmerskot, og Spiremoen kjem kan hende av at dei hogg "spirer", eller småtre der. Sperrdokk ved Omnesfossen har sikkert opphav i tømmerfløytinga i eldre tid.

På Tjønnås ligg Almekre nord for husa, Ospekre på sudsida, og Skobb-ekrereina ned mot Tjønnåsdalen. Ei lita hole i fjellet i Tjønnåsskogen er kalla Huldreholet. Der hadde dei bandfeste til kyrne. Tjønnåsdalen hadde åker på Bekkje-ekre og på Myljom-åker sud for husa.

 

Innmarka. Da Skoge blei delt i 1842, blei innmarka delt med gjerde, slik at Nord-Skoge eig på nordsida og Sud-Skoge på sudsida. Innmarka til Omnesgardane ligg også samla på kvart bruk.

Delar av jordvegen ligg på sandjord, som er utløpar av sandmorenen på Ålamoen. Jordvegen til både Skoge og Omnes har blitt skadd av flaum og elvebrot. Etter den store flaumen i 1822, "den overordentlige vandflod", var det synfaring på gardane. Omnes fekk ikkje erstatning, men på Skoge kom lagretten til at 24 mål eng og 24 mål hamn og skog var "totalt ruineret med sand og grus og en mængde store stene, samt jorden til dels avrevet, således at nu det blotte bierg er levnet tilbage". Landskylda blei sett ned med 1/6 eller 1 tunne.

Lenger attende i tida var det jordskred på Ålamoen. Etter segna gjekk det slik til at ein mann ifrå Omnes skamskaut ein elg, som låg og pintest i mange dagar. "Då ropa det frå Himing, at for han skaut stuten deira, so skulde det skride ut og verte sand og ørk."

På Tjønnås ligg innmarka samla rundt husa.

 

Skog og utmark. Alle gardane har stor og god skog frå heimemarka og utetter. Skoge eig frå Skogsåa til nord for Limdal i Tuddalsdalen, og møter Tjønnåsskogen i Herjusdalen. Tjønnåsskogen er grense mot Siljudalen og Havstein i Gransherad, og i delet mot Omnesskogen på Skogsfjell og Ålamoen.

Heimemarka er samla for Nord-Skoge sin part, medan Sud-Skoge eig på kvar side av Nord-Skoge sin eigedom. Skogen blei delt "ved 2 Linier i 3 Lodder" under garddelinga i 1842. Skoge har fjellskog på Skimyr.

Omnesgardane eig teig i teig, både på Ålamoen og i Skogsfjell. Det var utskifting av skogen og beitet til Upp-Omnes og Ned-Omnes i 1829. Omnesskogen på Ålamoen er lett å drive, og skogsbilvegane er vel utbygde i nyare tid.

Tjønnåsskogen var udelt til garddelinga i 1864.

Brukarane på Skoge og Omnes var herrar i eigen skog også på 16-1700-talet, da byborgarar og andre tok over gard etter gard for skogen si skuld. Men det var mykje ulovleg hogst, og både sambygdingar og folk frå grannebygdene var skuldige. I 1678 blei Andres Tjønnås, og heddølane Jon Ingolvsrud og Anund Rygi klaga for ulovleg hogst i Omnesskogen. Det blei skogoppgong ved delet mellom Omnes, Tjønnås og Havstein. I 1697 blei fleire heddølar stemna for ulovleg hogst i Limdalsmarken til Tjønnås. Saman med andre klagemål verserte saka for retten i fleire år.

I 1716 blei Ola Skoje stemna for å ha gjeve Ola J. Bø løyve til å hogge i Tjønnåsskogen, ved "Birchedochen og Bueskotten". Klagar var sagbrukseigar Simon Jørgensen, som hadde Siljudalsskogen, og som også kan ha hatt rettar i Tjønnåsskogen. Saka endte med forlik året etter.

Tjønnås blei kjøpt opp av byborgarane på 1660-talet, og byborgarane rådde den neste mannsalderen. Ola Skoje løyste inn garden i 1717.

Tjønnås har til saman om lag 10 000? mål skog. Frå 1890-åra var det mange eigarskifte på dei to gardpartane. I 1916 kjøpte Hjartdal kommune halve eigedommen, av skog- og gardhandlaren prost Heiberg Lexow. Først kjøpte kommunen skogen til uthogst i 5 år. Så kom krakket på tømmeret. I 1939 kjøpte kommunen konkursbuet til den andre halvdelen av Tjønnåsskogen, "Rambergskogen". Seinare har Hjartdal kommune drive skogen. Sjå brukarar.

Det har vore jamn drift i desse vide skogane. Før maskinalderen sette inn, var det mykje folk i skogen støtt, både hoggarar og køyrarar. Dei fleste køyrde med ein hest, stubbslede og bakdubbe. Både fjording og dølahest blei bruka, ofte køyrde fleire etter einannan. Frå Havsteinmarken var det 6-7 km til velta." Lange vendur blei slitsamt for hesten, korte vendur blei slitsamt for karen". I Tjønnåsskogen var einkvan støtt ute etter ved, anten til skulen eller til kyrkja.

Stulsområde. Ingen av desse skogsgardane har fjellbeite innan gardsvaldet. Forutan Skimyr, har gardane anten kjøpt eller leigd stulsområde, stundom milevis unna garden.

Skoge har setra på Skimyr, på Gråtjørn og i Vikdalen.

Skimyr var delt mellom Skoge og Mosebø, og ligg mot grensa til Tuddal. Området var sameige, og det gjekk ikkje knirkefritt. M.a. blei det usemje om avgiftene da området fekk fastbuande på 1700-talet. Sjå u/plassen Skimyr. Ein dom i 1756 slo fast at Skoge åtte halve Skimyr. Ved eit seinare høve var eigarane på Skoge og Mosebø usamde om tømmerdrifta frå Skimyr. Det endte med forlik, og Skoge og Mosebø kunne hogge 30 tylfter kvar. I 1779 og i 1784 var det sak om grensene til Skimyr, først mellom Mosebø og Skoge, seinare mellom Skoge og Krosshus. Mosebø tapte retten til Skimyr.

Skimyr blei delt mellom Nord-Skoge og Sud-Skoge i 1842, men fisket er sams. Det har ikkje vore stulsdrift på Skimyr sia 1940-åra. Dei siste som dreiv der var Ola og Hans Gjuv frå Hjartdal, og dei leigde stulen. Seinare har Skimyr vore nytta som hestehamn og sauebeite.

Leiv L. Skoje, Sud-Skoge, kunne hugse at dei slo på Skimyr og køyrde høyet heim på vinterføre. Dei setra først på Skimyr, som var bruka som vårstule, deretter flytta dei til Vikdalen.

Vikdalen, gnr. 112.3, blei kjøpt av Lars Jonson Tjønnås, Sud-Skoge, i 1865 for 310 spd. Dette var 1/3 av stulshamna Vikdalen, og gav beite til 2 hestar, 15 storfe og dei sauer og anna småfe som beitet kunne tole, dessutan slåttestulane Nystul, Raunero og nordparten av Gammen, og rett til ved i Viken si heimemark. Vikdalen har følgt Sud-Skoge seinare. Men så tidleg som i 1804 møttest Hans Skoje og Ragnhild Håtveit i forlikskommisjonen avdi dei hadde sams beite ved Vindsjåen. Dei blei forlikte om at kvar kunne ha 15 naut, og den som braut avtalen skulle "for hver Nød betale 1 skilling til Hjartdal Fatigcasse og straks bortføre det overtalte Kreature".

Slåtta Værøya har lege til Skoge frå tidleg på 1700-talet. Slåtta ligg ved Hjartdøla på Skårnes sin grunn, og skal vere bytt til Skoge som mulkt etter ein slåsskamp med eit hestebeksel. I eit skifte frå 1714 er det opplyst at Jon Gjermundson fekk skøyte på Værøya av Ola Knutson Lonar i 1670, og at slåtta den gong var taksert til 40 rd., som og var taksten i 1714. I 1740 blei Værøya sett til 21 rd. Nord-Skoge og Sud-Skoge fekk kvar sin part ved garddelinga i 1842. Nord-Skoge sin part blei utskilt i 1922, da Olav L. Skårnes fekk skøyte. Sjå Skårnes, Nigard.

Ned-Omnes setra på Brendero i Måråstuldalen. 1/4 av Brendero blei kjøpt til Omnes som arvefeste i 1851. Tov og Synnøve Grotheim som bruka på Myre, sat på stulen med krøttera frå Omnes. Ei bu stend att, men der har ikkje vore drift ifrå Omnes sia tidleg på 1900-talet.

Upp-Omnes leigde stule, m.a. Bikkjelia ved Møsvatn. Dei åtte dessutan eit stulsbeite som ligg nedanfor Skarfossdammen i Tinn. Der var to stular, og bestemor til Olav Kallhovd sat der med Omnesbuskapen. Området blei selt til Sam Eyde-Norsk Hydro i samband med industriutbygginga på Rjukan. I førre hundreåret kjøpte Torbjørn G. Omnes Vårstulen i Gransherad til vår-og hausthamn. Seinare rudde han eigedomen og flytta dit sjølv, sjå Upp-Omnes.

Tjønnås hadde heimeseter på Limdal, øvst i Tuddalsdalen under Saltkleivåsen. Der var sett ei høyløe som på ein gard, sa dei gamle. Dei skal ha rekna 16 vinterlass høy ifrå Limdal. Lauvås og Elgevad var og stular til Tjønnås, dei låg midtveges i Tuddalsdalen. Skoge leigde beitet på 17-1800-talet. Ofte var der hestehamn om sommaren. Alt var utlagt før 1920.

Ein part av Briskero i Vindsjådalen blei kjøpt til Tjønnås i 1782, og har følgt garden seinare. (Tov Reisjaa meiner Briskero kom til Tjønnås som arv ifrå Kleppen). Delar av Briskero kom seinare til Øyen og Krosshus. Beitet rekte til 45 storfe. Gjermund Tjønnås fekk 3/5, Hans Øyen fekk 2/5 av beitet. Tjønnås gnr. 83.4, eig framleis 6/15 i Briskero.

På 1750-talet åtte Tjønnås jamvel stular i Åmotsdal i Seljord.

 

Andre herlegdomar. Vassvegen forbi Skoge og Omnes har ikkje vore berre til skade. Omnes har hatt både sag og kvern i Omnesfossen. Omnes hadde årgangskvern i 1723. Det blei bygd nytt kvernhus i det nedste fossefallet i 1862, og der starta Upp-Omnes og Ned-Omnes Omnes mølle. Same år fekk eigarane til forlik med Øvre Fosse, slik at dei fekk damrett og landfeste på Fosse sin grunn. Mølla blei driven med direkte vasskraft, og hadde to sammalingskvernar og skrelle. Mølla var i drift i 6 mndr. i året, og mol 40 tonn korn. I 1919 var drifta "ubetydelig", og mølla har ikkje vore i drift etter storflaumen i 1927. I 1938 blei Nedre Omnesfall, gnr. 81.4 utskilt og lagt til Omnesfoss, heimel Heddal kommune.

Sagbruket på Kåsa var ei av verksemdene som voks fram ved fossen. Sagbruket var i drift på 1820-30-talet, og frå 1920-åra og utetter. Der blei skore tømmer frå Omnesskogen, men Mathis Omnes dreiv også med leigeskurd, og hadde allstøtt store materialstablar ståande. Under den vidare utbygginga av Sørlandsbanen frå Kongsberg blei mykje av skurden selt til jarnbanen. Lasten blei frakta med hest, seinare bil.

Eilef Deilkås bygde den siste saga på Kåsa. Han skar for Mathis Omnes vår og sommar. Saga blei bruka av og til i 1950-åra. Sagtomta er utlagt til bustadhus, Kåsafeltet, i 1980-åra.

Det skal og ha vore sagbruk til Tjønnås, nemnt i 1830-åra.

Tømmerveltene låg etter einannan langs Omnesfossen. Hit køyrde dei tømmer like frå Havsteinmarken og Tjønnås. Tjønnåsdalen fekk same rett som Tjønnås til velteplass ved åa.

Ned-Omnes har frå gamalt hatt velteplass ved Sperdokk. I 1802 fekk Hans H. Skoje leige Sperdokkvelta på levetid for 1 rd. i året. Seinare blei ho leigd av Upp-Omnes for same pris. Det var tømmervelte nedanfor Rohølen til 1950-talet.

Når dei køyrde tømmer ifrå Ålamoen, kom dei forbi Kåsa og ned Nautestretdalen til veltene. Ned-Omnes hadde rett til å bruke stallen på Rohølhaugen til kvileplass når dei køyrde tømmer.

Det var dam i Rohølen. I 1893 blei det semje mellom eigarane på Omnes og Fellesfløtningsforeningen om å setje opp treskjerm. Når dei fløtte, sleppte dei dammen.

Ned-Omnes har sandtak på Ørvellsanden.

Segna seier det skal vere brend ei trollkjerring ved Omneskvernhuset.(Ho trolla kreturi på vatnet og var fæl). Sidan spøkte der, og hestar vart haldne. Også presten Lind (?) som kom køyrande med Linderauden, blei halden: "So steig han utor og såg gjennom bisleringen. Hø, d`e ikke andet end den brændte trollkjæring," sa han.

I gamal folketru kjende dei til både deildegasten og gasten. Tov Reisjaa: " No er det få som veit korleis gasten læt. Dei fortel at det er ein fugl. Men dei kan ikkje segja noko um kor det kan ha seg at han berre skrik fyri ei ustund....Millom Bø og Skoge høyrde dei gasten. Det var ein låt so lyd at det høyrdest radt til Hytta frå Timdal, uhugleg og fæl. Folk kunne gå i otte i lange tider. I Skogså drukna der ein då og ein då."

 

Plassar. Mange av plassane til desse gardane er gamle, rydda tidleg på 1700-talet. Somme av dei har vore romslege som små bruk.

Plassane til Skoge ligg nær den gamle allmanvegen forbi garden. Upp-Timdal er nemnt i 1730-åra, men er truleg eldre. Kan hende er den eit av dei tri bruka som er nemnt i høgmellomalderen? Ned-Timdal blei truleg rydda i 1770-åra. Koparviken blei rydda seinast på 1750-talet. Både Koparviken og Upp-Timdal er utskilde frå Skoge til eigne bruk i nyare tid. Brubakken blei bustad ikring 1800.

Plassane blei delt saman med resten av eigedomen i 1842. Først fekk Sud-Skoge Upp-Timdal og Koparviken, og Nord-Skoge fekk Ned-Timdal og Brubakken. I 1856 blei dette endra. Brubakken blei lagt til Sud-Skoge og Upp-Timdal blei lagt til Nord-Skoge. Det var meir praktisk, etter som Brubakken tok ved og gjerdefang frå Sud-Skoge sin skog, og for Upp-Timdal var det omsnudd.

Moskotet under Omnes ligg ved den gamle ferdavegen over Ålamoen, dei hine plassane ligg i heimemarken og langsmed åa, og har truleg vore knytt til verksemndene i den. Det gjeld Rohølhaugen, Haugen og Kåsa. Haugen blei eigen eigedom i 1920. Myre og Sud-Myre var "utjorde". Spiremoen og Ørvellsanden på Ørvellsanden var bustader berre kort tid i førre århundret.

Tjønnåsdalen og Dalen eller Ned-Dalen ligg innåt vegen til Tjønnås. Tåterhus ligg for seg sjølv nærare Åsvegen til Gransherad og Tuddal. Fleire hadde jordveg til 3-4 kyr. Både Tjønnåsdalen og Ned-Dalen har blitt eigne bruk i nyare tid.

 

 

Matrikkelgarden Skoge gnr. 82

Skoge ytte full skinnskatt i 1585/86, og skatta for ein fullgard i 1593 og seinare. I 1647 var skylda på 6 tn korn. Styresmaktene blei ikkje samde om skyldsetjinga av garden, det blei lagt vekt på ulike vurderingar. I 1647 heitte det at eigedommen var "ring", og landskylda "gandsche forhøigt satt". Fleire framlegg om å redusere skylda blei ikkje sett ut i livet, og den var framleis på 6 tn i 1802, men redusert med 3 skp., avdi det ikkje var teke omsyn til skogen, og "denne gaards skyld hviler nok for endeel paa dens skog". Skylda blei redusert med 1/6 i 1823, etter flaumskadene på åker, eng, skog og beite.

Skoge hadde matr.nr. 59 til 1802. Nytt matr.nr. i 1838 var 82, løpenr. 177. I 1886 er gnr. 82, bruksnr. 1 og 2. Skylda var på 6 rd. 42 sk. i 1802, ny skyld i 1838 var 13 dlr. 1 ort 3 sk., revidert til 28,78 skyldmark i 1886.

Jorda på Skoge blei vurdert som tungbrukt raud mold i 1723. I 1820-30-åra nemnde Jens Kraft Skoge som "en af de betydeligste Gaarde i Fougderiet paa grund af dens gode Beliggenhed, dens gode Jordbund, betydelige og bequemt liggende Skov, samt mange Sæterhavne". I 1864 hadde garden god moldjord. Da var det 46 dekar åker, 24 dekar dyrka eng, og 364 dekar naturleg eng på garden, og meir kunne dyrkast opp. Det var tømmerskog til garden i 1661, litt sagtømmerskog i 1723, og sal av om lag 44 tylfter gran og furu i 1864, dessutan om lag 4 tylfter fjellskog. Det var nok seterområde i 1723 og 1864, og hamna var "temmelig" god. I 1864 blei det rekna 54 dekar utslått og 48 dekar fjellslått til garden.

 

Eigarar

Skoge er gamalt bondegods, så langt attende det kan dokumenterast.

I 1430 åtte Torstein Bergulvsson og Halvard Gunnulvsson kvar sin part i midtgarden i Skoge. Etter kongens landsvistbrev gav dei sysselmannen pant i garden for "thegn og fredkjøp", det vil seie at dei fekk bot i staden for straff for brotsverk dei hadde øvd. Torstein Bergulvsson pantsette 2 markebol i Midtre Skoge, til 20 mark gilde. Halvard Gunnuvsson pantsette 1 markebol i den same gardparten for frenden Torstein, dessutan svara han for det som elles kunne kome på for å sleppe å få Torstein dømt. Fleire gardar i Telemark var med som pant, 2 markebol i Nes i Seljord og 1 markebol i Øvre Åbø i Bamle, og det er uvisst om dei nemnde eigarane bruka Midtgarden i Skoge.

 

Brukarar

Tor Skoje, var lagrettemann på Strand i Heddal i 1541, og kan ha vore brukar på garden.

 

I) Jon, brukar ca 1593-1602.

II) Torgud, nemnt i brukarrekkjene til 1610.

Kan dette vere Torgon el. Toron? Dette kvinnenamnet kjem att på garden. Ho kan vere kona til Jon, og blei kan hende gift opp att med neste brukar? Torgon Skoje er nemnt i jordebøkene på 1620-talet, og Gjermund, stesonen til neste brukar, hadde dottera Torgon, sjå IV. I flg. jordebøkene hadde Torgon m.a. gifte-og barnegods i Rygi og Folserås, og odelsgods i Lonar.

 

III) Halvor, brukar frå ca 1610, truleg gift med Torgon, sjå II, og nemnt som stefar til neste brukar. Borna til Halvor og Torgon: 1 Svanaug, gm Peter Haraldson Folserås. Dei hadde dtr. Torgon.

I 1611 åtte Halvor 4 1/2 tn i Rygi i Heddal, like mykje i Skårdal, 3 tn i Folserås i Gransherad, og elles partar i fleire gardar.

 

IV) Gjermund, eigar og brukar ca 1640-68, f ca 1600 gm Ingrid Tomesdtr. Born: 1 Jon f ca 1635, sjå V. 2 Såmund f ca 1635, bruka Skoge i lag med foreldra i 1660-åra, seinare på Hovdejord i Hjartdal. 3 Torgon gm Anun Nerison Hovland. Ho arva To ved Hjartsjø etter faren. 4 Anne f 1639 gm Torkel Håve, Gransherad. 5 Gjermund?

Dagne Jonsdtr. var tenestejente på Skoge i 1645.

Gjermund var lagrettemann i 1655, seinare lensmann.

 

V) Jon Gjermundson, eigar og brukar ca 1668-1714 f ca 1635 d 1714. I kyrkjeboka 1714: "Anne Haave siger at Jon kunde være 3 a` 4 aar ældre end hund, som nu er 75 aar, thi hun er fød 1639". Jon gIg m Tone Jonsdtr. Kleppen f ca 1637 d 1698. GIIg 1702 m Taran Olsdtr. Tjønnås.? Born i første ekteskap: 1 Margit f ca 1660 d 1698/99 på Skårnes gm Halvor Skårnes, Nord-Skårnes. 2 Ola f ca 1661, sjå VI. 3 Gjermund f 1675 d 1695. 4 Halvor f 1678 d 1725 gm Tone Nerisdtr. Frøland, sjå Nord-Leine. 5 Ingebjørg gm Ola Håberg, sjå Nord-Leine. 6 Ingrid d før 1714, g 1689 m Steinulv Halvorson, let etter seg sonen Kjetil Steinulvson Borgen. 7 Helge g 1695 m Ambros Jonson Sauar. Det andre ekteskapet var barnlaust.

Det var strenge reglar for kven som kunne inngå ekteskap med kvarandre på 16-1700-talet. Den andre kona til Jon var i ætt med den første, og dette var imot kyrkjeleg lov. Presten, hr. Abraham Post, hadde ikkje ordna med kongebrev, og det blei sak. I saka mot presten i 1704 var både brur og brudgom stemna, og Jon hevda at han "gav med god vilje" da han fekk si siste kvinne. Post fekk ei ku for å kaste jord på den første kona, og 1 rd. for å vigje han med den andre. Retten godtok forklaringa til Jon.

I 1711 hadde dei tenestejentene Åshild Torbjørnsdtr. og Anne Halvorsdtr. Dei fekk 2 rd. i året i løn.

Jon Skoje var lensmann etter faren, og det ser ut til at Skoge var lensmannsgard frå 1660-åra i vel 40 år frametter. Garden var ofte tingstad på den tida. På hausttinget i 1688 blei ei lagrette sett på Skoge. Saka var tragisk: "Løst kvindfolk Gundvor Drengmandsdtr., dømt til døden for å ha født i dølgsmål, og tatt livet av barnet". Same året skriv presten i kyrkjeboka under Skoge at han betjente Gunvor Drengmandsdtr. "med saligheds Midler paa Schoie og samme dag fulgte hende til Rettersteden". Bror til Gunvor var Anund Lofthus. Han vitna på eit ting på Nordbø i Hjartdal at ho ikkje åtte anna enn det ho gjekk og sto i.

Også lensmannen måtte svare for retten, både for stort og smått. I 1687 blei lensmannen stemna saman med med fleire sambygdingar for ulovleg hogst i Himinglia, sjå Fosse. Seinare blei han saksøkt av ein kjøpmann i Skien for eit anker brennevin.

Det blei halde skifte etter Jon Gjermundson i 1714. Formuen i buet var på 755 rd., gjelda var på 50 rd., og nettoformuen var 705 rd. Buet åtte halve Skoge eller 3 tn., vurdert til 240 rd., vel 1 tn. i Bøen i Gransherad til 95 rd. og slåtta Værøya, som Jon hadde fått ved skøyte av Ola Knutson Lonar i 1670. Ein stor buskap var med i skiftet: 2 hestar til 12 og 16 rd., 16 kyr til 6-4 rd. kvar, 4 kviger, 3 ungstutar, 5 kalvar, 24 sauer, 8 lam, 5 geiter og 1 bukk. Kunamna: Kubånet, Rikrei, Heimrei, Dyrlåt, Brella, Bjørnbot, Blomrei, Dagerbot, Febot, Kranslin, Finrei, Trimrei, Valbot og Gjøbot. Blant kleda etter lensmannen var 1 par nye sko til 2 ort, 1 livstykkje av skinn, brøker i svart vadmål og "skjorter", truleg trøyer, i vadmål og raudt klede. Elles skjorter i lerret, storparten har sikkert vore heimegjort. Dessutan eit mannsbelte til 1 rd. 1 ort. Det blei usemje om eit sølvbelte. Enkja hevda det var festargåva hennar, borna frå første ekteskap meinte det var festargåva til mor deira, og beltet kom med i registreringa. Stasbeltet hadde ei lekkje med ti kuler i sølv, og gylla hekte og hempe, alt sauma på raud duk. Det blei vurdert til 12 rd., eller 2-3 kuverd.

Eldste son, Ola Tjønnås, tok over garden.

 

VI) Ola Jonson Tjønnås/Skoje, eigar og brukar ca 1714-25, f ca 1661 d 1725 g 1695 m Bergit Andresdtr. Melås, Heddal, f 1662 d 1751. Bergit gIIg m Såmund Mosebø/ Tjønnås. Born: 1 Ingebjørg f 1698 d før 1725. 2 Gjermund f 1704 på Ned-Leine, d før 1725. 3 Andres f 1706, sjå VII. 4 Ingrid d 1735 g 1718 m Hans Kjetilson Tjønnås. 5 Helge f 1709. 6 Tone f 1719 gIg m Harald Olson Tubås f 1714 d 1739/40. GIIg 1740 m Andres Omnes, Ned-Omnes. Det ser ut til at det andre ekteskapet til Bergit var barnlaust.

Ola og Bergit budde på Leine 1699-1706, seinare på Tjønnås, som Bergit arva etter faren, Andres Melås. Det blei heldt skifte etter Ola Jonson i 1725. Buet åtte heile Skoge, taksert til 480 rd., dessutan Tjønnås, som var kona sin arv, taksert til 200 rd., slåtta Værøya og ein mindre part i Erikstein i Bøherad. Samla formue var 1075 rd., gjelda var 131 rd. Blant lausøyren kan nemnast beltet det var strid om under skiftet i 1714, med same takst, og eit anna, liknande belte til 10 rd. Fleire sølvstaup var med i skiftet, m.a. 1 høgt "gammeldags" staup til 6 rd. 2 ort, og eit gylla staup med ringar til 5 rd. Likeins ei lysekrone i messing "med 6 piber", fat og tallerkar i tinn og 2 blå og kvite steinkrus med tinnlok.

Da Ola Jonson var død, flytta Bergit og den yngste dottera til Tjønnås. Bergit og borna åtte både Skoge og Tjønnås, og det ser ut til at fleire av dei budde noko på Tjønnås og noko på Skoge.

I periodar hadde dei dessutan fleire hushald på Skoge. Det kan sjå ut som garden blei driven som to bruk tidleg på 1700-talet, sjølv om det ikkje blei noka formell deling av det.

Ingrid Olsdtr. Skoje og huslyden hennar bruka på Skoge i fleire år.

 

VII) Ingrid Olsdtr. Skoje, brukar ca 1727-35, gm Hans Kjetilson. Born, sjå Tjønnås.

I 1730 hadde dei sitt eige hushald, dei hadde tenestefolka Halvor Tjøstolvson og Rannaug, og denne buskapen: 1 hest, 5 kyr, 1 kvige og 4 sauer. Dei bruka garden i lag med Andres, bror til Ingrid. Etter ei tid tok Andres over drifta av heile garden.

 

VIIa) Andres Olson Skoje, brukar ca 1725-48, eigar 1732-39 og seinare, f 1706 d 1748 gIg 1729 m Bergit Bjørnsdtr. Mosebø f 1706 d 1740. GIIg 1744 m Signe Olsdtr. Gjuv, Hjartdal. Born i første ekteskap: 1 Ola f 1730, sjå VIIIb. 2 Søve f 1733. 3 Tone f 1734. 4 Bergit f 1736 d s.å. 5 Jon f 1738. 6 Ingrid f 1739. Det er uvisst om det var andre enn Ola som nådde vaksen alder. 7 Bergit f 1741, mor Helge Omnes. Andres fekk Bergit utanom ekteskap, og straffa for "løsagtighed" var hard. Betre blei det ikkje at Andres var gift, og at han og Helge var søskenborn. Andres blei dømt til anten 3 års straffarbeid på Brevig? jarnverk, eller han måtte ut med ei bot på 30 rd., det vil seie 6-7 kuverd. Helge fekk 2 år på Ulefoss jarnverk eller 10 rd. i bot. Den svære bota gjorde sitt til at Andres mista garden, sjå nedanfor. Born i andre ekteskap: 8 Gjermund f 1744. 9 Søve f 1744 d 1804 på Kåsa, Lonar, gIg 1765 m Ola Taraldson Kåsa. GIIg 1769 m musketer, d.e. infanterist Tov Tovson. 10 Anne f 1748 d 1749.

Det gjekk ut med Andres Skoje. Han må ha arva sin part etter faren i 1725, men i 1734 bruka han berre 3 tn i Skoge som mora og stykfaren åtte, og i dei neste åra var det ei rekkje panteutlegg frå Andres til medarvingar og utanbygds folk. I 1739 selde han odelsretten til heile garden, plassen Timdal medrekna, til Caspar Becker. I skiftet etter kona Bergit året etter åtte buet ikkje anna fast eigedom enn slåtta Værøya, og netto formuen i buet var 16 rd.

Halve garden blei løyst inn att same år, men i 1742 selde Andres 4 tn 8 settung til lensmann Ola M. Kleppen. Andres og huslyden blei på garden i Andres si tid, men garden kom ikkje attende til ætta.

 

VIII) Ola M. Kleppen, eigar og brukar 1742-57, sjå elles Kleppen.

Ola Kleppen hadde stor skogsdrift, og dreiv også skogen til Skoge. Det er uvisst om han bruka jordvegen på Skoge. Truleg budde fleire i den store huslyden til lensmann Kleppen på Skoge ei tid, m.a. sonen Matias og huslyden hans.

 

VIIIa) Matias Olson Kleppen gm Anne Halvorsdtr., budde på Skoge i 1750-åra, og fekk borna Ola og Guri. Sjå elles Kleppen.

 

VIIIb) Ola Andreson Skoje, eigar i 1757, uvisst om han bruka garden, f 1730 gIg m Anne Halvorsdtr. Omnes.? GIIg 1759 m Gro Gunleiksdtr. Hesledalen, Gransherad. Det er uvisst om det var barn i første ekteskap. Born i andre ekteskap: 1 Torstein f 1761 på Hesledalen.

Lensmann i Heddal, Ola O. Sem Haave, var formyndar for Ola Andreson Skoje. I 1755, same året som Ola nådde myndigheitsalderen, blei han og Ola Skoje samde om ein bruksplan for garden, og ved same høvet pantsette Ola odelsretten til Ola Sem Haave. I 1757 selde lensmann Kleppen Skoge til Ola A. Skoje for 1500 rd. Dette var berre ei formsak, for Ola selde straks vidare til formyndaren, som fekk garden for 2000 rd. Ola Sem Haave nytta såleis odelsretten til myndlingen sin, til å skaffe seg garden: " ...6 tønder med bøgsel, ...med Huus og Herberge, Ager, Eng, Skov og Fiskevand og andre til -og underliggende hærligheder og eyendom...". Forutan Værøya og halve Skimyr, fekk Ola Sem "med Kiønnaas Eyers Willie" rett til beite på stulen Elgevad under Tjønnås mot ei årleg avgift. Odelsretten som rettsskipnad blei mykje diskutert på denne tida. På grunn av misbruk med odelsretten var det på tale å avvikle den. I 1771 blei hevdstida til odels- og løysingsretten sett ned til 10 år.

Ola Andreson og kona Gro løyste inn Hesledalen i 1759 og flytta til Gransherad.

 

IX) Ola O. Sem Haave, eigar 1757-66/84, bruka ikkje garden sjølv.

Han var lensmann i Heddal, og han åtte mange eigedommar. Dei første åra han hadde Skoge må garden ha vore ei rein pengeplassering, partar i garden var alt i eitt på nye hender. Han selde jamvel heile garden til Tore Frøland, men kjøpte han attende etter eit par år. Frå 1769 åtte han og versonen kvar sin halvpart i Skoge. Versonen, Hans Sætre, var gift med den yngste dottera til Ola Sem Haave. Dei flytta inn på garden, og ætta sit framleis på Skoge.

 

X) Anlaug Olsdtr. Haave, eigar og brukar 1766-1802, f 1742 på Haave i Lisleherad d 1805 på Skoge g 1764 m Hans Halvorson Sætre f 1741 på Sætre i Heddal d 1808 på Skoge. Born: 1 Ola f 1766 d 1767 på Sætre. 2 Tone f 1768, sjå IX. 3 Gunhild f 1771 d 1804 på Mosebø g 1798 m Ola Torkelson Landsverk. Det var ikkje sjølvsagt at Gunhild frå Skoge fekk gifte seg med den tidlegare tenesteguten Ola Torkelson, sjå Søndre Mosebø. 4 Ola f 1774, sjå XII). 5 Torgon f 1781, mor Torgon Jonsdtr. Lonar.

Hans kjøpte 1 1/2 tn i Skoge i 1766, og 3 tn frå Tore Frøland i 1769, men han og Anlaug bruka heile garden frå 1766, og i 1786/89 arva dei resten av garden etter foreldra til Anlaug.

Lik fleire sambygdingar, fekk dei garden fredlyst i 1800. Dei ville ha ein ende på, at "en og anden" fiska ulovleg i Langetjørn, Sveinungshovdtjørn, Skimyrvatnet eller i Værøyhølen, og at uvedkomande hadde dyra på beite på Værøya og andre stader der Skoge åtte, dessutan såg dei seg lei på all slag ulovleg hogst.

Det blei heldt skifte etter Anlaug Skoje i 1805. Buet åtte heile Skoge, så nær som 1 1/2 tn som sonen Ola åtte, og 9 settung i Mosebø. Dessutan åtte dei Sætre i Heddal, ættegarden til Hans.

Det må ha vore meininga at Tone skulle ta over Skoge. Foreldra gav sonen Ola skøyte på Sætre i 1802, og samstundes fekk dottera Tone like mykje i Skoge.

 

XI) Tone Hansdtr. Skoje Frøland, eigar 1802-05, uvisst om ho bruka garden, f 1768 her d 1806 på Vestigard, Frøland, g 1790 m Ola Nilson Frøland. Born, sjå Vestigard Frøland.

Bror til Tone hadde busett seg på Bentsrud i Heddal. I 1805 løyste Ola Skoje inn Tone sin part, og i 1810 løyste han inn 2 tn 3 settung som var arvepartane til borna hennar, og flytta inn på garden.

 

XII) Ola Hanson Skoje, eigar 1802-40, brukar frå ca 1811, f 1774 d 1853 her gIg 1803 m enkja Anlaug Gregarsdtr. Rygi, f 1773 d 1823, før gm Jon Leifson Bentsrud Tinne. Ola gIIg 1824 m enkja Helge Gregarsdtr. Rygi, f 1784. Ho var syster til Anlaug, før gm Lars Johnson Hovdejord, og hadde borna Tone f 1813 og Gregar f 1820, som flytte med til Skoge. Tone gm Jon O. Skoje, til Nord-Skoge. Borna til Ola og Anlaug: 1 Hans f 1804 på Bentsrud d 1876 på Sauar i Heddal gIg m Tone J. Sauar. GIIg m Aslaug J. Sauar. Hans arva Sætre, og budde der til 1843, seinare på Sauar. 2 Jon f 1806 på Bentsrud d liten. 3 Anlaug f 1811 g 1829 m enkjemann Ola Hanson Frøland, Sudigard. 4 Jon f 1814, sjå Nord-Skoge. 5 Leiv f 1819, sjå Sud-Skoge.

Ola åtte Sætre, men han og Anlaug budde på Bentsrud i Heddal til dei tok over Skoge. Ola og Anlaug var dei siste som bruka heile Skoge. Dei bygde på den gamle stova til to høgder, og sto for innreiinga i den seinare freda bygningen. Men Ola blei sjuk, og i 1842 blei sønene Jon og Leiv samde om å dele garden mellom seg. Dei løyste inn garden for 2000 rd., og delte han i to jamgode partar. Både Nord-Skoge og Sud-Skoge fekk ei skyld på 6 dlr. 3 ort. Skogen blei delt i tri lutar, og Nord-Skoge fekk den midtre luten. Denne eigedomen blei såleis mest samla. Det blir fortalt at Jon og Leiv trekte lodd om kven som skulle ha Nord-Skoge, og Leiv fekk Sud-Skoge. Men han var ikkje nøgd med dette, og dei trekte lodd to gonger til. Leiv fekk Sud-Skoge kvar gong. Da måtte han gje seg. Sjå Sud-Skoge og Nord-Skoge.

 

 

Skoge nordre gnr. 82.1

Bruksnamnet er Nord-Skoge

Jon O. Skoje og den yngre broren Leiv delte Skoge mellom seg i 1842, og Jon fekk Nord-Skoge.

 

1) Jon O. Skoje, eigar og brukar 1842-76, f 1814 d 1876 g 1838 m Tone Larsdtr. Hovdejord, f 1813 på Hovdejord i Heddal. Born: 1 Ola f 1839, sjå 2). 2 Hans f 1841 g 1878 m enkja Tone Hansdtr. f. Brekke, før gm Gunleik Kjetilson. Hans og Tone flytta til Nord-Rue i Sudbygda, Tuddal, seinare Brekke i Gransherad. Dei hadde sonen Hans, som tok over Nord-Skoge, sjå 3). 3 Jon f 1842 gm Anne Gunleiksdtr. Lonar, budde på Ned-Timdal. 4 Anlaug f 1845 d 1881 på Lonar g 1878 m enkjemann Ola Andreson Lonar, Sud-Nordigard. 5 Helge f 1847 g 1870 m Kristian S. Håtveit, Hjartdal. 6 Leif f 1850 d 1903 på Skårdal gm Tone Olsdtr., til Myljomgarden, Skårdal. 7 Lars f 1852 gm Åste Olsdtr. Reisjå, til Uppistugu Reisjå i Tuddal. 8 Ambros f 1859 levde i 1876. Han drukna i Åmotshølen.

Ola, eldste son, tok over garden etter foreldra.

 

2) Ole J. Skogje, eigar og brukar ca 1876-1921, f 1839 d 1918 gm Anne Olsdtr. Frøland f 1855 på Nordigard Frøland d 1939. Ekteskapet var barnlaust. Anne flytta attende til Frøland da ho blei enkje.

Brorsonen, Hans H. Brekke, tok over garden.

 

3) Hans H. Skoje, eigar og brukar 1919-44, f 1881 d 1945 på Skoge gm Signe Torkelsdtr. Sauar f 1870 d 1956. Born: 1 Anna f 1906, sjå 4).

Signe gIg m Sveinung Bamle Ødegaarden, Heddal, og hadde seks born i det første ekteskapet.

Hans H. Skoje, tidlegare Brekke, tok garden på odel i 1919. Det var høgkonjunktur og odels- eller skiftetaksten vart altfor høg. Det vart tungt. I ein søknad frå Hans Skoje heiter det: " Som det vistnok er Herredstyret bekjendt, hensitter jeg i stor Gjæld paa min Eiendom og er nødt til at sælge undav alt, hvad jeg kan undvære, og som i mindste mon skader Eiendommen, for at kunne bestride det meste og beste av den."

Så kom nedgangstidene. Lensmann T.O. Mosebø skriv: "Hans var driftig og sjelden arbeidsom og snakket ofte om bedre drift av jordveien, husbygging og adkomstveg, men...bare ved mer enn almindelig slit klarte han å forrente gjelden og senere også avdra den endel".

Som så mange stader på den tida vart det til slutt "gjeldsordning".

Om kona Signe er det skrive at ho var "... et sjeldent flinkt arbeidsmenneske, en kvinne av den gamle skole". Dottera Anna tykte mor kunne vera kravfull når ho trøytt fekk høyre: "Du m å orke Anna."

I Hans og Signe si tid selde dei ifrå jordvegen Øvre Timdal og halve slåtta Værøya, gnr. 82.4. I 1944 gav dei skøyte til dottera Anna, som overtok garden saman med mannen sin, Sverre Hannestad. Med i føderådet var rett til bruk av Vadøya og plassen Nedre Timdal, dessutan eit skogstykke, på levetid.

 

4) Anna Skoje Hannestad, eigar og brukar 1944-71, f 1906 gm Sverre Hannestad, f 1904 på garden Nøisom, Fredrikstad ø., gardbrukar. Born: 1 Signe Benedikte f 1938, sjukepleiar, gm dr. Kai Otto Lindbeck, bustad Aurskog. 2 Hans Ludvig f 1942, sjå 5).

Anna og Sverre Hannestad hadde vanleg gardsdrift. Dei dreiv med mjølkekyr til om lag 1971, seinare sau, og hadde elles potetproduksjon, kornproduksjon, skogsdrift og turisme. I femtiåra var det mange danske reisefølgje frå Løvheim hotell som gjekk over hengebrua ved Lingsun, og attende med robåt over Åmotshølen - for å sjå "uppstugo" og "nestugo" i den freda våningen. I sekstiåra var det helst amerikanerar som kom med buss inn i tunet der Anna Skoje Hannestad tok imot i bunad.

Anna og Sverre Hannestad fekk ny veg til garden, men gamle hus og manglande kapital gjorde moderne drift slitsam og vanskeleg.

Anna Skoje Hannestad har vore formann i Sauland Bondekvinnelag i fleire år, ho sat også i fylkesstyret, og var formann i Senterkvinnelaget frå stiftelsen i 1969 til 1973.

 

5) Hans Ludvig Skoje Hannestad, eigar frå 1971, f 1942, agronom, cand. polit. og gardbrukar, ugift.

For Hans Hannestad var eit av måla med garden å skape eit rikt miljø med gamalt gardstun og gamal reiskap, deretter nye hus. Han bygde ny våning i 1980-åra, og driv med kornproduksjon og skogsdrift.

Samla jordbruksareal i 1939 var 100 dekar, av dette 26,5 dekar åker: 11 dekar kveite, 11 dekar havre, 3,5 dekar poteter og 1 dekar fornepe.

I 1965 var det 75 dekar dyrka mark, 3 kyr, 6 ungdyr, 8 sauer, 1 avlspurke og 1 gris på Nord-Skoge. I 1971 var det 2 kyr, 7 ungdyr, 14 sauer og 3 grisar.

1986: 75 dekar dyrka mark, og 1000 dekar produktiv skog.

 

 

Skoge søndre gnr. 82.2

Bruksnamnet er Sud-Skoge

Da Jon og Leiv Skoje delte garden mellom seg i 1842, fekk Leiv den sørlegaste parten som blei kalla Sud-Skoge.

 

1) Leiv O. Skoje, eigar og brukar 1842-67, f 1819 d 1906 på Skoge gIg 1843 m Ingebjørg Olsdtr. Mosebø f 1822 på Søndre Mosebø d 1847, truleg død i barsel eller i samband med det. GIIg 1848 m systera Helge Olsdtr. Mosebø f 1824 d 1854, også ho truleg død i barsel eller i samband med det. Born i første ekteskap: 1 Anlaug f 1844, sjå 2). Både ho og systera blei gm den nye husbonden på garden. Tvillingane 2 Ragnhild f 1847 sjå 2a) og 3 Ola f 1847 d s.å. Born i andre ekteskap: 4 Helge f 1849 d 1918 på Omnes g 1868 m Torbjørn G. Omnes, Upp-Omnes. 5 Ingebjørg f 1851 d 1893 g 1879 m Johs. J. Fosse, Uppistugu/Moen. 6 Gunhild f 1854 d 1890 på Smylingsås g 1876 m Ola Gunleikson Midtstrand, Heddal.

Ved garddelinga, der dei delte så jamt som råd, fekk Leiv "den nærmest nye fjøsbygning" og det eine buret, som blei flytta til den nye tunstaden. Innjordet blei delt frå åa ved Fantesåta.

I 1867 gav Leiv skøyte til dottera Anlaug og versonen Lars Hovdejord for 6000 spd. Med i kjøpekontrakten var atterhald om at Leiv m.a. skulle ha bruksrett til halve jordvegen og bustad i hovudbygningen, d.v.s. til første høgda og eit kammers i andre høgda. Til Lars og Anlaug fekk stelt til sommarstugo til bustad for seg, skulle dei bu i saman i hovudbygningen. Så snart Leiv tok kår, skulle han ha den same bustaden, og bruksrett til stabbur og loft. Han skulle ha føderåd av 2 kyr og 6 sauer med lam, vurdert til 80 spd. i året, og hesteskyss til kyrkja. Lars og Anlaug kjøpte alt utstyr og reiskap på garden, dessutan denne buskapen: 1 brun vallak, 4 kyr, 2 kalvar og 8 sauer for til saman 3500 spd.

 

2) Anlaug Leivsdtr. Skoje f 1844 d 1870 g 1867 m Lars Jonson Hovdejord/Tjønnås. Lars gIIg 1871 m Ragnhild Leivsdtr. Skoje, sjå 2a). Born: 1 Helge f 1869 d 1870.

 

2a) Ragnhild Leivsdtr. Skoje f 1847 d 1916 g 1871 m Lars Jonson Hovdejord/Tjønnås, eigar og brukar 1867-1903, f 1836 på Hovdejord i Heddal, blei oppfostra på Tjønnås, d 1903 på Skoge. Born i dette ekteskapet: 1 Anlaug f 1871 d 1935 gm Torgrim Lonar, Nord-Lonar. 2 Leiv f 1873, sjå 3). 3 Jon f 1876, utvandra til North Dakota i 1902 saman med kona Bergit f. Moen i Heddal og dtr. Anne, 2 mnd. gml. Jon var god til å spele fele. Alle dei tre brørne spela, Olav J. Rui skriv om "Skojespelet". 4 Ragnhild f 1878 d 1881. 5 Olav f 1880 d 1960. Olav var ugift, og dreiv landhandel på Fossheim ved Omnesfossen 1918-60. 6 Helga f 1883 d 1934 gm Sveinung O. Bamle, Bamle i Heddal. 7 Ingebjørg f 1891 d 1964, ugift. Ho budde i lag med broren Olav.

Lars og Ragnhild bygde ny våning og nytt loft, og dei kjøpte stulshamna Vikdalen i Tuddal.

Eldste son tok over garden. Han fekk skøyte i 1904, og mora Ragnhild skulle ha dette føderådet: Forutan tilsyn, pleie og godt stell i si levetid, skulle ho ha full råderett over den eine stova og det eine loftet på garden. Dessutan hest til kyrkje og andre naudsynte turar, "samt fornøden brænde hjemkjørt, sønderhugget og indbåret". Ho skulle ha to kyr og tri sauer med lam, og desse fødevarene: 2 pund grynmjøl, 1 pund fint rugmjøl, 1 pund fint kveitemjøl, 150 kg havre, 60 l malt, 8 hl poteter, 24 kg flesk, og to sauer til slakt. Attåt skulle ho ha desse kjøpevarene: 12 l erter, 12 l gryn, 1 kg humle, 15 kg kaffi, 7 kg sukker, 4 heile rullar tobakk og to par sko.

 

3) Leiv L. Skoje, eigar og brukar 1904-43, f 1873 d 1943 gm Gunhild S. Hustveit, f 1877 på Hustveit, Heddal d 1971. Born: 1 Ragnhild f 1908 gIg m Olav M. Kleppen, Kleppen, gIIg m Kjell Bakke. Sjå Kleppen. 2 Anne f 1909, ugift, tidl. telefonstyrar i Sauland, sjå Lyngstad gnr. 72.74. 3 Helga f 1910 gm Sverre Sollid, tidl. fylkeslandbrukssjef i Buskerud, bustad Drammen. 4 Tone f 1912, ugift, sjukepleiar, sjå Lyngstad. 5 Lars f 1913, sjå 4). 6 Anlaug f 1916 d 1972 gm John Bentsrud, Øvstebø. 7 Sveinung f 1918 d 1919.

Leiv fekk skøyte i 1904 for kr 38400 og føderåd til mor si. Leiv var interessert i folkemusikk, spelemann og domar på kappleikar. Gunhild var eigar 1943-47, og sonen Lars tok over garden i 1947.

 

4) Lars L. Skoje, eigar og brukar 1947-78, f 1913 g 1949 m Gunhild Bøe f 1922 på Myljom-Bø. Born: 1 Leif f 1950, sjå 5). 2 Halvor f 1953, rektor og gardbrukar, gm Reidun Kasin, sjå Myljom-Bø.

Lars og Gunhild Skoje åtte både Sud-Skoge og Myljom-Bø. Dei dreiv også Myljom-Bø frå 1967. Dei budde på Sud-Skoge til 1967, da flytta dei inn på Myljom-Bø, og Sud-Skoje sto tomt nokre år. Dei hadde mjølkekyr, kornproduksjon og fast drift i skogen, sjå Myljom-Bø. I 1967 selde dei ifrå den tidlegare plassen Koparviken, gnr. 82.7. Sonen Leif tok over Sud-Skoge i 1974/78, og flytta inn på garden i 1983.

 

5) Leif L. Skoje, eigar frå 1974/78, lærar ved Hjartdal barne- og ungdomsskule, Sauland, f 1950 gm Frøydis Hagene Skoje, f 1955 i Veldre i Ringsaker, landskapsarkitekt, arb. i Notodden kommune.

Frøydis Hagene og Leif Skoje leiger ut jordvegen til korn-og grasproduksjon, og driv skogen. Våningshuset blei modernisert og restaurert i 1985.

Samla jordbruksareal i 1939 var 86 dekar, av dette 19,5 dekar åker: 6 dekar kveite, 3 dekar bygg, 6 dekar havre, 0,5 dekar grønfor, 3,5 dekar poteter og 1,5 dekar fornepe.

I 1965 var det 70 dekar dyrka mark. Husdyr, sjå Myljom-Bø.

1986: 75 dekar dyrka mark, og 1110 produktiv skog.

(1354 dekar prod. skog 1991).

 

 

Koparviken, gnr. 82.7

Uttale: "kå`parviken" el. "kå`pårviken"

Koparviken ligg i nærleiken av Skogsåa, nordvest for Skoge ikkje langt frå Timdal. Plassen blei rydda etter 1730. Det er uvisst kva namnet skriv seg frå. Ved garddelinga i 1842 blei Koparviken lagt til Sud-Skoge. Koparviken blei utskilt frå Sud-Skoge i 1967.

 

1) Anne Olsdtr. Koparviken, f ca 1693 død i Koparviken i 1785, etter 50 års ekteskap. Det er uvisst kva mannen heitte, og kor lenge dei hadde vore i Koparviken.

 

1a) Pål Torkelson, brukar ca 1774-1800, f 1726 på Åmot d 1800 her g 1766 m Anne Tolleivsdtr. Bø, f 1737 på Søndre Bø d 1829 her. Born: 1 Helge, g 1798 m Ola Nilson, fekk Nils i Koparviken 1799 d s.å. 2 Ola f 1766 i "Haugelien", Haughus? g 1791 m Anne Torkelsdtr. Landsverk. Dei kjøpte "Skrivargarden" i Mosebøgrenda i 1801, sjå der. 3 Aslaug f 1772 på Åmot. 4 Torkel f 1775 her, sjå 2). 5 Anne f 1777. 6 Aslaug f 1778 gm Andres Jonson f ca 1770. I 1801 budde dei i Koparviken, og Andres var gards- og skogsarbeidar. 7 Tolleiv f 1781. Han var tenestegut på Skoge i 1801.

Det blei usemje og rettssak mellom Anne Tolleivsdtr. og husbonden på Skoge, Ola Hanson. Ola Skoje ville ha auksjon på plassen, avdi Anne etter ein dom i 1810 ikkje hadde betalt han ei gjeld på 3 rd., dessutan sakskostnader til 8 rd. På synfaringa var der ikkje noko av verdi å ta i utlegg, avdi "den lille Eiendom som Enken Anne Tollefsdtatter har haft er af hende saa snart hun kundskab om Domen havde bortført og afhændet". I staden pantsette dei husa på plassen. Det var ei gamal stove, eit gamalt fjøs, løe, badstove, og to "ældgamle" bygningar: eldhus og vårfjøs, som sto eit stykke ifrå dei hine bygningane, til saman taksert for 38 rd.

Anne blei i Koparviken heile si tid. Sonen Torkel tok over.

Jakob Jonson gm Sissel Olsdtr., fekk Jon i Koparviken i 1782. Det er uvisst om dei var ætlingar eller berre leigebuarar hjå folka i Koparviken.

 

2) Torkel Pålson, brukar 1800-13, f 1775 d 1813 g 1800 m Anne Gjermundsdtr. f 1777. Anne gIIg 1814 m Andres Torson Grini, Heddal. Borna til Torkel og Anne: 1 Helge f 1800. 2 Kari f 1801 d 1801/02. 3 Pål f 1802, til Flekkerøyen, seinare Steinsrud? 4 Kari f 1805 d 1813. 5 Gjermund f 1809 d s.å. 6 Anne f 1811 d 1813.

Anne Gjermundsdtr. flytta ifrå plassen da ho gifta seg på nytt.

I 1820 fekk ein Kittel Moe feste på Koparviken, festet blei tinglyst i 1824. Dette er truleg Kjetil O. Upp-Moen, d 1824 gm Margit Eilevsdtr. Ho gifta seg opp att med Ola Heivassdokka, og flytta til Koparviken.

 

3) Ola Olson Heivassdokka, brukar 1826/29-45, f ca 1786 d 1862 her, da nemnt for "legdslem". GIIg 1826 m enkja Margit Eilevsdtr. Venås f 1786 d 1841 her, "husmandskone". Det ser ut til at ekteskapet var barnlaust.

 

3a) Ola Kjetilson gm Mari Olsdtr. fekk Kjetil f 1843 og Mari f 1845 i Koparviken.

I 1845 kom det nye folk til Koparviken.

 

4) Ola Evenson, d.e., sjå Brubakken, brukar frå 1845 til etter 1875, f 1806 på Tømmermo u/Landsverk gm Liv Olsdtr. f 1823. Born: Ola hadde 1 Tone, f 1841, mor Aslaug Johs.dtr. Tone reiste til Amerika i 1878. Borna med Liv: 2 Ola f 1845 g 1873 m Anne Olsdtr. Bakken, til Timdal. 3 Tone f 1848 d s.å. 4 Halvor f 1850 gm Aslaug Torkelsdtr. Hovde, Nistugu, til Kåsa, Ruegrenda i Sudbygda, Tuddal. 5 Tone f 1854 d s.å. 6 Johannes f 1855 gm Margit Torjusdtr., fekk Liv f 1881 og Gunhild f 1883, budde på Kasin i Tuddal ei tid, seinare husmann i Anundskås ein mannsalder, før han blei forpaktar på Bergen i 1914. 7 Eivind f 1858, sjå 5). 8 Liv f 1868 d s.å.

Ola Evenson var hjulmakar. Da broren Johannes Brubakken blei enkjemann, flytta han og sonen Halvor inn i gamlestova i Koparviken, og han blei kalla "Johans Eldhuset". Til sist måtte Johannes på legd. Han fekk prøve fattighjelpa på 1800-talet frå si mest utilstrekkelege side. Da flyttedagen kom, låg han sjuk. Johannes blei boren ut på slabenken han låg i, og køyrt til Tjønnås. Der døydde han av lungebetennelse to dagar seinare.

Ola og Liv fekk feste på Koparviken på levetid frå Leiv Skoje i 1845. Årleg avgift var 5 spd. Om arbeidsplikta heiter det: "...Paaligger det festeren at indfinde sig i arbeide hos jorddrotten, naar saadant forlanges, for følgende betaling nemlig for Ole Evensens vedkommende: for en løvslaat at slaa 4 ort, 1 maal at skjære og røge 16 sk. For 36 fods brug at hugge 16 sk. pr. 8 stykk, eller for dagen efter husbondens forgodtbefindende; for arbeide fra 14de april til slaataanden begynder 12 sk. daglig; i aandetiden 16 sk., efter slaataanden eller 14de sept. til 14de ocktbr. 12 tolv sk. og fra 14 de octbr. til 14de april 8 sk. daglig- alt paa husbondens kost." Kona Liv skulle spinne på eigen kost.

Løna var den same som t.d. på Brubakken tjue år tidlegare, og tydeleg marknadsregulert. På 1840-talet var det mange om jordlappane, og enda fleire om lønsarbeidet, arbeidsgjevaren trong ikkje lokke.

Sonen Eivind tok over plassen.

 

5) Eivind O. Kobberviken, f 1858 d 1939 gm Ragnhild Andresdtr. f 1864 d 1944. Ekteskapet var barnlaust, men dei hadde fostersonen Olav f 1892 i Dalen u/Landsverk? d 1976 ugift. Olav Koparviken var ein trugen slitar - dreiv med både gards- og skogsarbeid. Han var i Lisleherad i 10 år, dessutan på Ned-Omnes. Dei siste 25 åra var han på Sud-Skoge.

Eivind var hjulmakar lik faren.

Den neste huslyden blei eigarar av Koparviken.

 

6) Leiv O. Særsland, brukar frå 1930-åra? eigar frå 1969, f 1902 på Myljom-Særsland, Hjartdal d 1973 gm Anne O. Bakken f 1897 i Sauland d 1944. Born: 1 Olav f 1931 d s.å. 2 Liv f 1932 gm Gregar Løndal f 1929 på Løngdal i Tuddal, bustad Gransherad. 2 Olav f 1932 d s.å. 3 Olav f 1933, sjå 7). 3 Leiv f 1934 gm Solveig Heia, sjå bustadhus Elverhøy, gnr. 72.28.

Leiv voks opp på Tjønnås og Øygarden i Sauland, som foreldra bruka.

Koparviken blei utskilt frå Sud-Skoge i 1967. I 1969 fekk Leiv O. Særsland skøyte på eigedomen frå Lars Skoje, men med atterhald om forkjøpsrett for eigaren på Skoge i tilfelle sal til andre enn ætlingar i rett line frå kjøpar. Dessutan skulle Sud-Skoge ha vegrett og rett til velteplass på Koparviken sin grunn.

I 1973 var det heimelsovergang til Olav L. Særsland frå syskena.

 

7) Olav L. Særsland, heimel frå 1973, f 1933 d 1991, gm Magnhild Kristine Særsland f Heia 1949 i Sauland, reingjeringsassistent i Hjartdal kommune. Born: 1 Henning f 1967, ug., elektrikar, arb. i Kongsberg og er langpendlar. 2 Marianne f 1968, ug., har hatt fabrikkarb. 3 Arnulf f 1974, skuleelev.

Olav L. Særsland var fabrikk- og skogsarbeidar, og han var på anlegg. Tidlegare hadde dei foringsdyr på Koparviken, i seinare tid har dei hatt grisar.

Samla jordbruksareal i 1939 var 28,2 dekar, av dette 3 dekar åker: 2 dekar kveite og 1 dekar poteter. Dyr ikkje nemnt.

1987: 7 dekar dyrka mark, 50 dekar produktiv skog.

 

 

Timdal

Uttale: "i timm`dal"

Timdal kan ha vore eige bruk i høgmellomalderen, men blei truleg gjenrydda ein gong etter 1730. Førstelekken i namnet Timdal kjem frå gno. timbr n., tømmer.

På 1780-90-talet blei det rydda ein plass til på Timdal, og dei to plassane blei heitande Upp-Timdal og Ned-Timdal.

Da Skoge blei delt i 1842, fekk Nord-Skoge Ned-Timdal og Brubakken, og Sud-Skoge fekk Koparviken og Upp-Timdal. I 1856 bytte dei slik at Nord-Skoge fekk båe Timdalplassane, Sud-Skoge dei hine.

 

1) Tarjei Kjetilson, brukar 1750-73, f ca 1682/90 i Tuddal? d 1779 g 1726 m Bergit Hansdtr. f 1705 på Rue, Skårnes. Born: 1 Liv f 1729 på Rinde g 1751 m Halvor Olson Bakken. 2 Hans f 1732, sjå 1a). 3 Anne f 1733 gm Hans Peterson Brekka. 4 Søren gm Kjersti Torjusdtr., fekk a Torjus f 1758 d s.å. og b Torjus f 1761 i Timdal.

Tarjei og huslyden kom frå Rinde, Mosebøgrenda. Bergit Hansdtr. var skilt ifrå Ola Jonson, "som var flygtet fra Compagniet i 1718".

Plassen Timdal er nemnt i 1739. Da blei den selt til ein utanbygds mann saman med ein part av Skoge. Det ser ut til at Tarjei fekk bygsle plassen i 1750, mot ei avgift på 3 rd. året. På den tida var det Kleppen som åtte Skoge. I 1773 selde Tarjei plassen og rudningsretten til Hans Skoje for 123 rd., og etter ordlyden å døme var Timdal arvefeste. No blei arvefestet oppheva, men Tarjei skulle få bu på plassen så lenge han levde.

Hans Tarjeison og huslyden hans hadde vel tenkt å ta over Timdal.

 

1a) Hans Tarjeison, g 1771 m Anne Sveinsdtr. Haugeberg. Born: 1 Bergit f 1771 d s.å. 2 Bergit f 1772.

Det er uvisst kor Hans og huslyden seinare budde. I Timdal kom nye folk.

 

2) Gunnar Olson Åmot, brukar ca 1775-1812, f 1748? på Åmot d 1821 her gIg 1775 m Kari Tolleivsdtr. Bø f 1749 på Søndre Bø d 1791 her. GIIg 1792 m enkja på Uppistugu Fosse, Ingebjørg Sondresdtr. f ca 1735 i Heddal d 1825 her. Ho var gift for tredje gong, og den førre mannnen var Johannes Fosse. Borna til Gunnar og Kari: 1 Margit f 1775 på Åmot d lita. 2 Margit f 1777 her, tenestejente på Skoge i 1801. 3 Ola f 1778 g 1807 m Anne Torkelsdtr. Sud-Skårdal. 4 Sveinung f 1780 d 1815 på Skårset g 1805 m Kristine Tarjeisdtr. Groth, til Prestegarden i Sauland. 5 Aslaug f 1783 g 1809 m Kjetil Jonson, Prestegarden.

Gunnar og Kari fekk feste på levetid i 1775, mot ei avgift på 3 rd. i året. Dei skulle også få eit stykke på austsida av vegen mot 1 mark i året. Det var sikkert rudningsmark, og truleg opphavet til den nye Timdalplassen.

Ved eit høve blei Gunnar stemna av Ola Skoje avdi han hadde hogge 48 ospetre og noko furu og bjørk i Ola sin skog utan lov, og mot festekontrakten. Dei blei forlikte ved at Gunnar bad om orsaking, og at han skulle hogge og rydde 10 famner ved same år utan kost eller betaling. Husmannen måtte også betale sakskostnadene på 4 riksbankdalar.

Sonen til Ingebjørg bruka saman med dei ei tid på 1790-talet:

 

2a) Sondre Roleivson d 1840 i Kåsa u/Haug-Fosse gIg m Aslaug Johannesdtr. GIIg m Bergit Såmulsdtr.? Born i første ekteskap: 1 Johannes f 1794 i Timdal, til Nystul-Lia, Fossegrenda. Born i andre ekteskap: 2 Ingebjørg f 1799 her d som husmannsenkje i Rohølhaugen i 1870. Sjå Kåsa.

I 1848 døydde Aslaug Johannesdtr. f ca 1769 som legdekone i Rohølhaugen. Kan det vere denne Aslaug?

Sondre og huslyden flytta frå Timdal før 1801.

Sondre kan ha vore med og rydda det nye Timdal, i alle høve var det minst to familiar i Timdal frå 1790-åra. Det ser ut til at Upp-Timdal og Ned-Timdal fekk ein part kvar av den gamle jordvegen, og at dei skulle rydde resten.

Johan Meyer meiner bygdesmeden Gjermund Taraldson, Sauland, busette seg i Timdal. Han budde på Kongsberg ei tid, og "jønn-gjorde" Kongsbergkyrkja.

 

 

Ned-Timdal

1) Såmund, husmann frå 1790-åra. Namnet på kona er ikkje kjent, men dei hadde desse borna: 1 Ola f 1797, sjå 2). 2 Margit f 1808 d 1849 g 1838 m enkjemann Ola Torjusson Busterud, Fosse, seinare Tollemoen. 3 Anne? Sjå UppTimdal.

Ola og Ingebjørg fekk feste på Ned-Timdal i 1834. Avgifta var 8 spd. i året, og både Ola og Ingebjørg hadde arbeidsplikt på Skoge.

 

2) Ola Såmundson, brukar 1826/34 -54, f 1797 d 1854 g 1826 m Ingebjørg Johannesdtr. Fosse. f 1802 d 1875. Born: 1 Aslaug f 1826 d 1905 gm Aslak Kjetilson, Sud-Bakken u/Havstein, Gransherad. 2 Johannes f 1829, sjå 3). 3 Bergit f 1832. 4 Ingebjørg f 1834, hadde sonen Ole Martin f 1865, far Ole Anundson, Drøbak. 5 Ola f 1838 g 1872 m Tone Hansdtr. Lia f 1832. 6 Mari f 1840 g 1865 m Jon Olson Øystul.

Johannes bruka for mor si i mange år.

 

3) Johs. O. Timdal, brukar ca 1854-til etter 1875, f 1829 g 1853 m Ingebjørg Hansdtr. Born: 1 Ingebjørg. 2 Ragnhild f 1855. Tvillingane 3 Aslaug og 4 Bergit f 1859. 5 Ola f 1862. 6 Tone f 1865.

Johannes og huslyden flytta før 1884, for frå den tida budde Jon Skoje i Ned-Timdal.

 

4) Jon J. Skoje, brukar frå ca 1884, f 1842 på Nord-Skoge d før 1900 gm Anne Gunleiksdtr. Lonar, f 1848 på Skårdal, voks opp på Sud-Lonar. Born: 1 Tone f 1884 d 1922 gm Gunleik H. Kasin, til Nord-Skårdal. 2 Jon f 1891 d 1914.

Anne Gunleiksdtr. og sonen Jon budde her åleine i 1900. Dei var truleg dei siste i Ned-Timdal. Hans Skoje selde stova.

 

Upp-Timdal

Upp-Timdal blei utskilt frå Nord-Skoge som eigen eigedom i 1922, men blei lagt inn att i garden i 1968.

Hans Bakken og huslyden hans bruka Upp-Timdal frå 1826. Ætta skulle bli på plassen i 140 år.

 

1) Hans Hanson Bakken/Timdal, brukar 1826-ca 1850, f 1794 d 1880 g 1823 m Anne Såmundsdtr. Fosse, f 1801 d 1865. Born: 1 Hans f 1824? Sjå 2). 2 Aslaug f 1827 her g 1855 m Harald O. Leine, Ned-Leine. Aslaug var på legd i 1900 og budde i Timdal. 3 Ola f 1830. 4 Torbjørn f 1834 d 1838. 5 Torbjørg f 1837 d før 1869 g 1866 m Gjermund Sørenson Lappebakke, kalla seg Ørvella i giftaråret. 6 Johannes f 1840 d 1850. 7 Helge f 1847 g 1873 m Harald Kjetilson Havstein, ei dotter, Anne, til Dalen u/Fosse.

Ola og Anne fekk feste på Timdal på levetid i 1826, tinglyst i 1838. Avgifta var 2 spd for året for veden og "den opdyrkede Jord som medfulgte Rydningen som fra før nævnt brugt mod halve pladsen Timdahl". Dei skulle ikkje svare avgift "af den nye Rødning" dei fire eller seks første åra, det vil seie før ein kunne taksere verdet av nyryddinga. Både Ola og Anne hadde lystring eller arbeidsplikt på Skoge, og det blei gjort nøye greie for dei sjølvsagde tilfelle som gav dei lovleg forfall frå å møte.

Hans tok over.

 

2) Hans Hanson Timdal, brukar frå ca 1853 til etter 1865, f 1824 g 1853 m Ingebjørg Hansdtr. Røysa f 1823 på Vollkåsa. Born: 1 Hans f 1854, sjå 3).

Hans var skomakar. Han kalla seg Hegna i giftaråret. Det blei sonen, Hans, som fekk feste etter besteforeldra.

 

3) Hans H. Timdal, brukar frå 1890, f 1854 her gm Anne Andresdtr. Velta? f 1855. Born: 1 Hans f 1886, til Montana, USA i 1903. 2 Andres f 1888, sjå 4). 3 Ola f 1890 på Ned-Sønderland. Busette seg på Gvarv.

Anne Andresdtr. var dotter til smeden Andres O. Velta, Hjartdal, son åt "Slaggen", storsmeden. (Andres budde i Timdal dei siste åra han levde og døydde her, iflg. R. Berge.)

Hans og Anne bruka på Ned-Sønderland i Tuddal før dei kom til Timdal. Dei fekk feste på Timdal i 1890. Hans dreiv som skogsarbeidar ved sida av drifta i Timdal. Sonen Andres tok over.

 

4) Andres H. Timdal, eigar og brukar 1922-66, f 1888 d 1966. Andres var ugift. Han var den siste som budde i Upp-Timdal. Andres H. Timdal var ein stor skilaupar.

Kongepokalen og andre premiar han fekk, stend i monter på sentralskulen. Han hadde godt lag med ungar og undom, og laga skibakkar for ungane i bygda.

Upp-Timdal blei utskilt frå Nord-Skoge i 1922, og Andres fekk skøyte same år. Men da Andres døydde utan livsarvingar, fekk Anna Hannestad skøyte etter at arvingane var løyst ut, og Upp-Timdal blei lagt inn att i Nord-Skoge.

Samla jordbruksareal i 1939 var 14 dekar.

 

 

Brubakken

Plassen Brubakken låg ved den gamle brua over Skogsåa og blei rydda tidleg på 1800-talet. Ved garddelinga i 1842 blei Brubakken lagt til Nord-Skoge, men i 1856 bytte dei to Skoge-bruka seg i mellom, og slik at Brubakken blei lagt til Sud-Skoge.

Brubakken blei fråflytta ikring 1915-20. Det er ikkje att hus.

Det var Even Jonson og huslyden hans som rudde Brubakken.

 

1) Even Jonson, brukar 1818-45, f ca 1756 d 1851 her gIg m Kjersti Eriksdtr. GIIg 1806 m Tone Torjusdtr. Born i første ekteskap: 1 Gunhild. 2 Margit f 1800 d 1809 på Tømmermo. Born i andre ekteskap: 3 Ola d.e. f 1806 på Tømmermo gm Liv Olsdtr., til Koparviken. 4 Torjus f 1812 d 1859 g 1843 m Gunhild Sviving, til Dalen u/Bø. 5 Margit f 1815 til Kvernstugu, levde i 1891. 6 Johannes f 1818 sjå 2). 7 Ola f 1821, emigrerte til Amerika i 1847, gm Turine Olsdtr., hadde borna Ola, Even, Såmul, Anne, Jon og Turine. Han kom først til Wisconsin, seinare til Ottertail county, Minnesota. 8 Halvor f 1825, til Amerika i 1847 d 1912 i USA, gm Aslaug, blei gardbrukar i Winchester township, Winnebago county, Wisconsin.

Even og Tone kom til Brubakken frå Maurebrekke u/MyljomBø, men hadde vore på Tømmermo u/Landsverk før den tid.

Dei fekk festekontrakt på Brubakken i 1822. Da hadde dei rudt i Skoge si utmark i fire år, og den nye plassen blei taksert til ei leige på 3 rd. for året. I festekontrakten heitte det m.a. at Even og Tone skulle ha fritt hus og gjerde- og brenneved i Skoge sin skog etter utvising. Dessutan fekk dei beite for krøttera på oversida av allfarvegen, utanfor den inngjerde heimemarka på garden, og slåttene " Gampeøya og Værøya ", d.e. Vadøya? Dei kunne ikkje ta bruksskog utan løyve. Det skulle vere fri ferdsle eller køyreveg over Brubakken, utan når plassen "staar i sin bedste Grøde". Dei slapp innfestingsavgift, mot at husa skulle vere jordeigaren sin eigedom når Even og Tone døydde. Båe hadde arbeidsplikt etter tilseiing. Vinterstid fekk dei 8 skilling dagen, frå første sommardag til onnetid 8-12 skilling, "efter Arbeidets Beskaffenhed". For onnearbeid fekk dei 16 skilling dagen.

Sonen Johannes tok over plassen.

 

2) Johs. Evenson Brubakken, brukar ca 1851-66, f 1817 g 1857 m Margit Olsdtr. Sælebotsmoen f 1825 d 1866 her. Born: 1 Ola f 1855 d 1927 gm Bergit Jonsdtr., til Bakken u/Bø. Ola voks opp på Ned-Moen. 2 Tone f 1857. 3 Eivind f 1859. 4 Halvor f 1863.

Etter at Margit døydde, flytta Johannes til bror sin i Koparviken saman med vesleguten Halvor.

På 1850-talet budde Ola Jonson i lag med dei. Ola f ca 1783 d 1860 i Brubakken, truleg gm Bergit Haraldsdtr. f ca 1792 d 1853, som "inderstkone". Ola var leigebuar og fattigunderstøtta.

På Brubakken kom nye folk.

 

3) Ola Hanson Langemyr, brukar frå ca 1862 til etter 1875, f 1835 i Heddal gIg 1859 m Anlaug Olsdtr. Koparviken f 1836 d 1864. GIIg 1870 m Bergit Olsdtr. Brubakken, f 1835 på Indleggen. Born i første ekteskap: 1 Bergit f 1859. 2 Hans f 1862. Det er uvisst om dei levde opp. Born i andre ekteskap: 3 Hans f 1869, til Quebec, USA i 1893. 4 Anlaug f 1871 d 1962 gIg m Torkel O. Moen, Tuddalsdalen. GIIg m Hans J. Lia, Steinskotet. 5 Ola f 1873, emigrerte til North Dakota, USA i 1902 med kona Margit f 1876 og sonen Ola f 1901. 6 Bergit f 1875, budde i Brubakken i 1891. 7 Margit f 1878, her i 1891. 8 Johannes f 1880, her i 1900, var skogsarbeidar. 9 Ola f 1885, var skogsarbeidar i 1900.

Den siste familien i Brubakken flytta inn i 1903.

 

4) Olav Halvorson Bondal, brukar frå 1903 til 1920-åra, f 1881 på Nord-Bondal d 1968 gm Ingebjørg Steinarsdtr. Ødegården f 1879 på Øygarden i Frølandsgrenda d 1952. Born: 1 Halvor f 1903 d 1976. Halvor var ugift, og budde i lag med foreldra. 2 Steinar f 1905 d 1973 gm Tone L. Skårdal, sjå Solvik, gnr. 65.20. 3 Olav f 1907 d 1991 gm Margit H. Haugan, sjå Børgeli. 4 Anne f 1909 d 1975, son Olav O. Brubakken f 1939, tok over Solvik i 1990. 5 Kari f 1912, ugift, har budd i lag med foreldra.

Olav Halvorson "Stor-Olav", voks opp på Nordigard i Bondal, men ætta kom frå Førnes, Møsstrond. I Olav og Ingebjørg si tid var det både låve, fjøs, stove og bur i Brubakken. Stova var av det gamle slaget, med kave og re. Ungane låg i reet, mintest Olav Brubakken. No er alt nede. Buret blei flytta til Upp-Timdal.

Olav Halvorson braut jord, la opp vreiter og dyrka korn. Dei hadde eit par kyr og sauer.

Olav og Ingebjørg sat på oppseiing, det vil seie dei hadde kontrakt for eit år om gongen. Leiga var kr. 30 for året. Med til leiga høyrde lystring, og det var særleg i skurden og onnene elles dei måtte møte. I lange tider hadde dei 45-50 øre dagen for arbeidet. I onnetida var dagløna ei krone.

I 1920 bygde dei i Mosebøgrenda, og flytta dit. Sjå Flatland gnr. 65.16.

 

 

Davidsøy

Det heiter Davidsøy uti Hjardøla og Davidshol nedmed åa. Har der vore ein plass? Namnet er uvanleg, men husmannen David Matison budde på Skoge på 1730-talet. Han kan vere opphav til desse namna.

 

David Matison, f ca 1680/90 d 1741 på Skoge gm Ingebjørg Sondresdtr f 1674/76 d 1732. Born: 1 Matis f 1708 d 3 dagar gml. 2 Ingebjørg d 1713, alder ikkje nemnt. I 1723 fekk David to born utanfor ekteskap: Eli f 1723 og Matis f 1723. Moras namn er ikkje kjent.

I 1730 fødde dei to geiter.

På 1750-60 -talet budde denne huslyden på Skoge:

 

Neri Kjetilson gm Anlaug Anundsdtr. Born : 1 Kjetil f 1759. 2 Anund f 1763 d 21 veker gml. 3 Neri f 1765.

 

 

Skimyr

Stulsområdet Skimyr låg til Skoge og Mosebø. I 1756 blei det slege fast at Skoge åtte halve Skimyr, seinare på 1700-talet fekk Skoge eigedomsretten til heile området. Sjå u/stulsområde. Den gamle prestevegen gjekk over Skimyr, frå Berge-Øverbø -Vatnar i Hjartdal over Sveinungshovden og Skimyr og ned til Hogstul i Tuddal.

På 1700-talet var det bustad på Skimyr. Dei første som budde der fast kom frå Mosebø.

 

1) Jon Bjørnson Mosebø, budde på Skimyr ca 1740-ca 1760, f 1704 på Mosebø, skifte etter han i 1776 gIg 1736 m Ragnhild Torkelsdtr. d 1743 på Mosebø. GIIg 1744 m Kari Bjørgulvsdtr. Steinskotet f 1711. Born i første ekteskap: 1 Tone f 1736 g m Bjørn Johanneson Mosebø/Solheim. 2 Signe f 1739 gm Ola Torgrimson Runningen. Tvillingane 3 Bergit og 4 Søve f 1740 d s.å. 5 Eit dødfødt barn i 1742. 6 Eit dødfødt barn i 1743. Born i andre ekteskap: 7 Torbjørn f 1747 på Skimyr d 1818 på Løngdal gm Åse Halvorsdtr. Kjelldalen/Haugen. 8 Ragnhild f 1749 på Skimyr. 9 Johannes f 1752 på Skimyr d før 1801 på Løngdal gm Søve Halvorsdtr. Kjelldalen/Haugen. 10 Liv, fødselsår ukjent.

Søve Bjørnsdtr. Mosebø f ca 1654, døydde på Skimyr i 1746.

Jon tok over Løngdal i Tuddal etter farbroren i 1760, og flytta til Løngdal, sjå der. Segna seier han blei jaga frå Skimyr av grannen ved Hanadalsvatnet, Gjermund Sveinson. Båe var vide kjent for kreftene sine. Men mest truleg selde Jon rudningsretten til Skimyr da han løyste inn Løgndal.

 

2) Gjermund Sveinson Skimyr, brukar ca 1760 -72, f 1703 på Gvåle i Hjartdal d 1787 g 1733 m Bergit Torjusdtr. Nordbø. f 1711. Born: 1 Svein f 1736 på Gvåle i Hjartdal d 1813 på Sviving, Lonar, gm Gunhild Høljesdtr. 2 Eli f 1740. 3 Halvor f 1744 på Gvåle d 1811 i Deilmyren gIg m Helge Olsdtr. GIIg Ingebjørg Østensdtr. Solheim. 4 Gunlaug f 1746 på Gvåle. 5 Harald. 6 Gjermund, budde i Deilmyren. 7 Anne.

Det er mange segner om Gjermund Skimyr. Foreldra var Gunlaug Høljesdtr. og Svein Gjermundson Håtveit, og Gjermund tok Nord-Gvåle på odel, og budde der i 10-15 år. Han selde garden i 1748, og han og huslyden kom seinare til Hanadalen innpå fjellet. Der byrja han å rydde, og sette opp eit sel. Seinare flytta han inn på Skimyr. I 1765 pantsette han Skimyr og 6 kyr for 68 rd til Elias Winther, men fekk løyst det inn att. Buskapen må såleis ha vore på minst 6 kyr. Under ei rettssak hevda Gjermund at han hadde kjøpt festeretten til Skimyr av Jon Bjørnson Løngdal for 120 rd., og at han hadde bygt og rudt ved Hanadalsvatnet med samtykke av grunneigarane Halvor og Hans Mosebø. I 1771 fekk Gjermund 60 rd. for kvar av rudningane.

Gjermund Sveinson var korporal i unge år, og mykje bruka som fadder på 1730-40-talet. Han var førvaksen, og hadde uvanlege krefter. Det er eit lyfte etter han ved Skimyr som er vide spurt. Det blir fortalt at han styrte som han ville på Skimyr, og at han tok dei kyrne han trong.

Ved juletider hadde Gjermund vore i Vindsjådalen etter eit høylass. På heimvegen tok han inn hjå grannen, Årstein Espeli. Dei tura, og uvennskapen slog ikkje feil. Sjå Espeli, Tjønn.

Både Gjermund og eit par av borna kom på fattigkassa sistpå. Gjermund sat ein gong i Krosshus. Det var mange folk der, og dei sat og tala om at det var fælt han skulle bu så langt borti skogen. Men Gjermund var vand med at dei ynkast mykje over han og gav han lite. Så sa han:" Det er lite mun i at de sit der og sælkar meg. Var det kje smukkare gjort om de gav meg noko heim til dei vanføre borni mine?" Sekken blei tung.

Gjermund og huslyden hans var dei siste fastbuande på Skimyr.

 

 

Matrikkelgarden Omnes gnr. 81

Omnes betalte full skinnskatt i 1585/86. Landskylda var på 3 tn korn i 1593 og seinare. I 1647 betalte garden full skatt, 6 dlr., fordi han var "goed for sin schyld". Skylda blei sett ned etter kgl. res. 1754, og redusert med 9 settung på Øvre-Omnes og 1 tn på Nedre-Omnes. Til 1802 hadde Omnes matr.nr. 56. I 1838 var matr.nr. 81, løpenr. 175-176. Gardsnr. i 1886 var 81, bruksnr. 1 og 2. I 1802 var skylda 6 rd. 84 sk., ny skyld i 1838 var 13 rd. 4 ort. I 1886 var skylda 12 dlr. 8 ort, 24 sk., revidert til 42, 14 skyldmark.

Jorda på Omnes var myrlendt mold-og sandjord i solli i 1723. Jorda var lettbrukt, men tok skade av elvebrot. Også i 1802 er nemnt elvebrot, og at enga var skadd av flaum. Men kornavlinga var til vanleg god, og garden var "meget god" etter skylda. I 1864 var jorda for det meste god og lettbrukt, men det blei lett flaumskade. På Nedre-Omnes var det framleis jord som kunne dyrkast opp. Det blei rekna 36 mål åker, 18 mål dyrka eng og 329 mål naturleg eng på garden. Det var 71 mål utslått.

Det var noko tømmerskog til garden i 1661. I 1723 var skogen skadd av brann, men ein kunne likevel drive 2 tylfter sagtømmer, sett til 2 settung. Sagtømmeret var "smått", men det var og noko "bulke", bjelkeskog? I 1864 blei det rekna sal av 80 tylfter furu.

Omnes leigde seter i 1723. I 1864 hadde garden dårleg vår- og hausthamn, og inga sommarhamn. Det var litt lauvskog til attåtforing.

Garden hadde årgangskvern i 1723, vurdert til 6 settungs skyld. I 1864 var det årgangskvern og sagbruk.

 

Eigarar

Omnes er gamalt bondegods. Så langt attende som det kan dokumenterast, har brukarane vore sjølveigarar, med atterhald for stutte periodar.

 

Brukarar

Seinhaustes 1542 møtte presten i Hjartdal og to andre gode menn på Omnes, der Aslak Vetleson, på vegner av kona Astri Torvillsdotter, selde Flatland i Hjartdal til Olav Sigvordson. Truleg har ein av partane budd på Omnes, og kan hende var det Olav. Ti år seinare var i allfall Olav på Omnes lagrettemann under ei odelssak i Heddal.

I) Olav, truleg brukar på 1540-50-talet.

 

II) Kjetil Gunleikson, nemnt i skattelistene 1593-1625, og truleg far til neste brukar.

 

III) Gunleik Kjetilson, brukar ca 1627-53, eigar seinast frå 1634, gm Åsne Olavsdtr. Nedre Håve, Lisleherad. Born: Kjetil, sjå IV).

Gunleik Omnes var strilynt. Han blei dømt og bøtelagt av ei tolvmannsrett på Skien rådstove i 1623 for eit drap på Tarald Tovson nokre år tidlegare. Bota var på 16 rd. Gunleik måtte også bøte med 5 rd. avdi han stakk "Siffuer", Siver el. Sigurd Tjønnås med ein kniv. Kan hende tretta dei om Tjønnås. Kjetil Omnes åtte den garden i 1603.

På 1620-talet var det Nils Bø og Ola Engrav som åtte Omnes, som var deira odelsgods. Men Gunleik leid inga naud. Sjølv åtte han Hellem i Heddal og partar i Haugen og Bøen, dessutan ein gard i Sauherad. Dei tri første var giftegods og arv til kona, dotter til Egelev Olavsdtr. Folkestad, som det blei heldt skifte etter i 1614. I 1634 åtte han til saman 11-12 tn i Hjartdal og bygdene ikring, og auken skreiv seg frå "hans quinde og stifdatter".

Sonen Kjetil tok over Omnes.

 

IV) Kjetil Gunleikson, eigar og brukar ca 1654-1702, f ca 1615 d 1702 her gIg m Tollaug Torkelsdtr. Kleppen, skifte etter henne i 1682. GIIg m enkja Mari Gunnesdtr., Eika, Bø, før gm Bjørn O. Engrav, skifte etter henne i 1695. Born i første ekteskap: 1 Ola f ca 1645 gm Gunlaug Høljesdtr. Sjå Ned-Omnes. 2 Torkjel, skifte etter han i 1715, gm Taran Olsdtr. Bøen, til Sud-Tjønn i Tuddal. 3 Tone g 1697 m Hans Torgrimson Søndre Yli/Stivi, Heddal. 4 Signe gm Gunnuv Olson Åse, budde på Søndre Åse, Heddal. 5 Torbjørn f ca 1645 d 1692 gm Anne Jespersdtr., til Nord-Tjønn i Tuddal. Dei hadde borna Tollaug, Andres og Gunleik. Gunleik løyste inn Upp- Omnes, Andres kom til plassen Haugen u/Omnes. 6 Dyre f ca 1647, levde i 1660-åra, død utan livsarvingar. 7 Gunleik f ca 1652, levde i 1660-åra. 8 Halvor f ca 1653 d før 1703 på Yli i Heddal gm dotter til stemor si, Anne Bjørnsdtr. Enggrav. Dei hadde borna Tollaug, Tone og Bjørn, og Bjørn tok over Nord-Tjønn etter farbroren. 9 Kjetil d 1695/96 gm Helge Halvorsdtr. Venås, tok over Nord-Tjønn etter broren. Det andre ekteskapet var barnlaust.

Kjetil Omnes var lagrettemann 1672-87. Han møtte også sjølv for retten fleire gonger, m.a. i tvistesaker med grannane, om grenser og ulovleg hogst. Sjølv blei han stemna for å ha hogge ulovleg i Himinglia, og i 1696 kravde han landskyld av sine eigne søner, Ola Omnes og Kjetil Tjønn. Siste gong han møtte i retten var i 1702. Da var han vitne, "ældgammel og blind".

Kjetil var den siste som bruka heile Omnes. Ola, den eldste av sønene, tok over halve garden ikring 1690. Det var den nedste parten, som blei heitande Ned-Omnes. Seinare fekk sonesonen Gunleik Torbjørnson Tjønn ta over hovudbølet, som blei til Upp-Omnes.

Kjetil hadde sju søner og born etter dei. Tri av sønene døydde før han, også Ola på Ned-Omnes. Det blei heldt ei rekkje med skifteregistreringar på Omnes i 1703-04. I skifteregistreringa etter Kjetil i februar 1703 er status ikkje oppgjeve, men denne buskapen var med i buet: 1 svartbrun hest til 12 rd., 1 lys brun hest til 8 rd., 8 kyr til 4 rd. kvar, 1 teungskvige, 1 vetrungskvige, 3 kalvar og 3 sauer. Blant kleda til denne gamle kjempen var 1 skjorte i raud bai, d.e. tjukt ullstoff, og eit livstykke i svart klede.

Sjå Ned-Omnes og Upp-Omnes.

 

 

Omnes nedre gnr. 81.1

Bruksnamnet er Ned-Omnes

 

1) Ola Kjetilson Omnes, eigar og brukar ca 1690-1702, f 1645 d 1702 på Omnes gm Gunlaug Høljesdtr. Born: 1 Halvor f ca 1666, sjå 2). 2 Johannes g 1698 m Åse Olsdtr. Hefre, budde på Hefre og Simonnes i Heddal. 3 Signe gm Lars Bekkhus, Hjartdal. 4 Tollaug d 1739 g 1713 m enkjemann Torbjørn O. Lonar, Nord-Lonar. 5 Anne f 1679 d 1708 g 1701 m Johs. Engebretson Nordre Sauar.

Ola og Gunlaug budde truleg på Tjønn på 1660-talet. Ola var lagrettemann 1692-1701. Det blei heldt skifte etter han i 1703/04. Den faste eigdommen i buet var halve Omnes, det er Ned-Omnes, som var 1 1/2 tn vurdert til 225 rd. Det var ei gjeld på 39 rd., av dette 33 rd. til Ludvig Bluth og Jacob Jensen i Skien. Denne buskapen var med i skiftet: 1 grå hest til 7 rd., 1 raudbrun hest til 7 rd., 5 kyr til 4 rd. kvar, 1 vetrungskvige og 2 kalvar.

Gunlaug styrte garden dei neste par åra, til sonen Halvor tok over.

 

2) Halvor Olson Omnes, eigar og brukar 1704-31, f ca 1666 d 1731 gIg 1703 m sitt syskenbarn Tollaug Halvorsdtr. f 1678 d 1704 i barsel eller i samband med det. GIIg 1706 m Anne Andresdtr. Melås, f ca 1680 d 1741. Born i første ekteskap: 1 Bergit f 1702. Ho kom til verda før dei gifta seg. 2 Ragnhild f 1704 d s.å. Den andre kona bar fram 11 born : 3 Helge f 1706, fekk dtr. Aslaug f 1731 og Bergit f 1741 med gift mann Andres Olson Skoje. Både Helge og Andres fekk straff. Sjå Skoge. 4 Ola f 1709, d liten. 5 Ragnhild f 1711 g 1731 m Levor Halvorson, dtr. Helge f 1732 g 1756 m Torkel Kjetilson, Sud-Landsverk. 6 Andres f 1713, sjå 3). 7 Gunlaug f 1714 d s.å. 8 Anne f 1717 g 1742 m Ola Andreson Skoje. 9 Kjetil f 1718 d s.å. 10 Ola f 1719 d liten. 11 Gunlaug f 1721 g 1759 m Tarald Olson Kåsa. 12 Aslaug f 1725 d s.å. 13 Ola f 1727 g 1757 m Tore Jonsdtr. Tråer.

Halvor var lagrettemann. Han blei stemna av verbroren, Lars Bekkhus, fordi Signe ikkje fekk farsarven sin. Det var 31 rd. ho hadde krav på, og Halvor blei dømt til å betale. Sjølv låg Halvor i odelssak om Rygi i Heddal, men tapte. Det blei heldt skifte etter den første kona, Tollaug Halvorsdtr., i 1704. Bror hennar, Simon Halvorson var til stades. Formuen i buet var 142 rd. 12 sk., gjelda var 28 rd. 3 ort 3 sk., og nettoformuen blei 113 rd. 1 ort 9 sk. Buet åtte 2 mæler 3 notting i Omnes, vurdert til 63 rd. Denne buskapen var med i skiftet: 1 svart hest til 10 rd., 4 kyr til 4 rd. kvar, 1 kvige og 2 kalvar. Det var eit rikeleg personleg utstyr denne ungkona let etter seg, ikkje minst når ein ser på den samla formuen. M.a. desse sølvsakene var med i skiftet: Eit lite sølvbelte på raudt klede med 20 kvelvde plater og 7 andre slette plater til 10 rd., 2 gylla sporesøljer til 2 rd., 4 doble sølvspenner til 6 rd, og fleire mindre sølvsaker som lekkjer, spenner og maljer. Blant kleda var 1 trøye i svart klede med fløyelssnorer, 1 raud og 1 svart trøye i klede, til 1 rd. kvar, 1 stakk i raudt klede med svart liv og messingmaljer til 3 rd., 1 svart vadmålsstakk med liv i blått firskaft og messingmaljer til 1 rd. 2 ort. Det var fleire skaut, forkle og skjorter i lerret, 1 forkle i kvitsaum, 1 handduk som var sauma i båe ender og 1 randa handduk. Elles kan nemnast 1 randa barnereiv til 1 ort.

I skiftet etter Halvor Omnes i 1731, var formuen 498 rd., gjelda var 294 rd. og nettoformuen blei 204 rd. Den faste eigedommen var Ned-Omnes, verdsett til 225 rd., og 15 rd. i Tjønn i Tuddal. Denne buskapen var med i skiftet: 5 kyr til 6-5 rd. for kvar, 2 teungskviger, 3 vetrungskviger og 3 kalvar. Dyretalet høver bra med den offisielle taksten i 1723.

Sonen Andres tok over garden.

 

3) Andres Halvorson Omnes, eigar og brukar 1731-1774, f 1713 d 1774 g 1740 m Tone Olsdtr. Skoje f 1720 d 1775, før gm Harald Tubås, Heddal. Borna til Andres og Tone: 1 Anne f 1742 g 1764 m Nils Hanson Frøland. 2 Harald f 1744 d 1745. 3 Bergit f 1746 g 1765 m Kjetil Olson Landsverk. 4 Halvor f 1748 d 1758. 5 Ingrid f 1752 g 1777 m enkjemann Sveinung O. Hustveit. 6 Ola f 1755, sjå 4). 7 Jon f 1757 gm Gunhild Larsdtr, sat med Nord-Bøen i Tuddal ei tid. 8 Ingebjørg f 1759 g 1784 m Hans Kjetilson Åsen. 9 Aslaug f 1761 g 1789 m Ambros Andreson Bråbekk, Heddal. 10 Tone f 1764. 11 Torbjørn? Det var skifte i 1796 etter Torbjørn Andreson på plassen Haugen u/Omnes, sjå der. Tone hadde to born i sitt første ekteskap, båe døydde som spedbarn: Ola f 1739 d s.å., og Ola f 1740 d s.å.

Tone bar fram 12-13 born. Dei kom i jamn takt, frå ho gifte seg 20 år gamal. I heile sin fruktbare alder var ho anten svanger eller hadde ein liten ved brystet. Vermora døydde året etter at ho kom til Omnes, så ho hadde ansvaret og rådde som gardkone i alle åra på Omnes.

Andres Omnes døydde etter eit slagsmål med Eilev Steinarson Sauar. I 1779 blei Eilev Sauar dømt til å betale 40 lodd sølv og 20 rd. til arvingane etter Andres, og såleis vere fri for vidare strafforfølging.

Det blei heldt skifte etter Andres i 1774. Formuen var 758 rd., gjelda 360 rd. og nettoformuen 398 rd. Omnes blei taksert til 500 rd. Denne buskapen var med i skiftet: 10 kyr til 63 rd. til saman, 4 kviger og 2 kalvar. Blant lausøyren var m.a. 1 stasbelte med 17 sølvplater med lauv i kvar plate til 10 rd., og 1 høgt sølvstaup med ringar og lauv til 9 rd. Dessutan fleire koparkjelar som romde frå 1/2 tunne til 1 tunne til 3-12 rd. I skiftet etter Tone året etter var taksten på garden den same, og nettoformuen i buet etter henne var 238 rd. Dyra som var med i skiftet kan tyde på at ho hadde tatt kår: 2 kalvar, 1 stutekalv, 2 sauer, 1 lam og 1 gris. Blant lausøyren kan nemnast 1 brennevinskjele i kopar med hatt, 7 rd.

Ola, den eldste av sønene som levde opp, tok over garden.

 

4) Ola Andreson Omnes, eigar og brukar 1775-1815, f 1775 d 1816 g 1780 m Aslaug Andresdtr. Melås f 1757 på Melås i Heddal d 1823 her. Born: 1 Andres f 1781, levde i 1801. Det er eit roskåp på Omnes med namnet " Andres O. Aamnes 1798". 2 Ola f 1783, g 1817 m Guri Torkelsdtr. Tubås, sjå 5). 3 Halvor f 1786 d 1809, da han tente som soldat. 4 Bjørn f 1789 d 1826 g 1817 m Guri Torkelsdtr. Leine? 5 Jon f 1792 d s.å. 6 Jon f 1794 d 1827, ugift. 7 Tone f 1798, fekk sonen Kjetil f 1827, far Kjetil Torbjørnson Omnes. Tvillingar 8 og 9, dødfødte i 1800. 10 Ragnhild f 1801 g 1824 m Bjørn S. Mosebø. 11 Anne. 12. Signe. 13 Margit?

I 1815 oppretta Ola odels-og åsetekontrakt for dei to eldste sønene, Ola og Bjørn. Dei skulle dele garden i to jamstore bruk på 9 settung kvar. Men få år seinare var alle sønene døde. Tilhøva på garden blei ikkje slik dei var tenkt. Det blei inga formell utskiljing etter bruksdelinga. I 1847 blei eigedomane slegne saman att. Sjå Bruk II, Ned-Omnes.

I 1818 var det skifte etter Ola og Aslaug, som sa ifrå seg eigedommen. Dei eldste gutane tok over kvar sin halvpart. Ola blei verande i barndomsheimen.

 

5) Ola O. Omnes, eigar og brukar 1815-20, f 1783 d 1820 g 1817 m Guri Torkelsdtr. Tubås f 1788 d 1836. Born: 1 Aslaug f 1818, sjå 6).

Guri tok over drifta da Ola var død. Ho gifta seg opp att, og blei på garden all si tid.

Da Guri blei enkje, sette ho skogen bort til uthogst. I 1823 blei Ola Nilson og Hans Nilson Frøland stemna for forlikskommisjonen. Dei hadde hatt granskogen til Ned-Omnes på uthogst i tri år. No kravde grunneigaren erstatning. Dei hadde hogge mindre tømmer enn avtalen var, dessutan både furu og gran. Jon Olson Omnes fekk 400 spd. og Guri med sin nye husbond Torjus fekk 300 spd i erstatning.

 

5a) Guri Torkelsdtr., brukar 1820-36, gIIg 1823 m Torjus O. Tho, f 1800 d i Amerika. Torjus gIIg 1842 m Margit Nilsdtr. Øygarden f 1817 d i Amerika. Borna til Guri og Torjus: 2 Ola f 1823 gm Bergit Olsdtr. Leine, budde ei tid i Kåsa u/Omnes, men reiste til broren i Preston, Minnesota, i 1870. I eit brev til Mattis Omnes nokre veker etterpå, skriv han m.a. at han kom til broren den 15 juli, og ei veke seinare starta "Harvistten ... og saa begynte jeg at arbeide for min Broder Torkil". Broren hadde m.a. "6 Store Griser og 9 smaae og saa store saa jeg har ikke seet Dem større i Norge". Sjølv hadde han fått ei ku av farbroren, Johannes Tho. I desember same år skriv han: "Jeg har faaet En Førti (acres?) Land af min Broder som jeg agter at fløtte til, til vaaren og bygge der, og han sige jeg ingen Afgift skal svare saa længe jeg lever saa jeg slipper at være huusmand for Amerika. Det Land jeg faar liger Let fraskilt fra min Broders øvrige Eiendom". Måten Ola starta tilværet i Amerika på, er typisk for dei som hadde slekt der frå før. Dei oppglødde skildringane i breva heim, freista sikkert fleire til å bryte opp. Den neste i flokken til Guri og Torjus var 3 Anne f 1826 gm Halvor Johanneson, til plassen Myre. 4 Torkel f 1828 emigrerte til Amerika i 1849 og blei farmar i Minnesota, sjå ovanfor. Det ser ut til at han amerikaniserte namnet sitt, og kalla seg Thom el. Thomas Wilson.

Det blei heldt skifte etter Guri Torkelsdtr. i 1837, og dottera Aslaug frå første ekteskap fekk garden på odel etter far sin. Men det blei usemje med stefaren, Torjus Tho, om bruksretten. Det blei m.a. hevda at det skøytet Aslaug hadde, "ei synes at være tinglyst".

I 1841 blei Torjus og huslyden hans tilkjent føderåd på garden, som innbefatta hus og oppvarting, fødsle og røkt av 1 ku og 2? sauer året rundt, og desse matvarene: 2 tnr bygg, 1 1/2 tn havre, 1/4 tn rug, 3 tn poteter, 1/4 tn malt, humle og salt. Dessutan 1 par sko for året, og 2 spd i reide pengar. Det ser ut til at Torjus og kona Margit reiste til Amerika i 1847, med borna Ola f 1843 og Johannes f 1847.

Odelsjenta tok over garden.

 

6) Aslaug Olsdtr. Omnes, eigar 1822-52, brukar frå ca. 1840-52, f 1818 d 1852 her, truleg død i barsel eller i samband med det, gIg 1837 m Matias Torgrimson Reskjem, f 1813 på Reskjem i Heddal d 1840. GIIg 1841 m bror til Matias, Torkel Torgrimson Reskjem f 1817 d 1861. Born i første ekteskap: 1 Torgrim f 1837 d 1840. 2 Guri f 1840 d s.å. Born i andre ekteskap: 3 Matias f 1842, sjå 7). 4 Torgrim f 1845 d 1889 på Reskjem g 1874 m Anne Johs.dtr. Fosse. 5 Guri f 1848 d 1918 på Nord-Lonar gm Ola T. Lonar. 6 Ola f 1851 d 1852.

Da Aslaug var død, gifta Torkel seg opp att, og dreiv garden vidare si levetid.

 

6a) Torkel T. Reskjem Omnes, brukar 1841-61, gIIg 1853 m Kari Olsdtr. Heivassdokka f 1823 d 1896 på Hytta. Kari gIIg 1862 m Ola Nilson Hytta. Forutan dei fire borna i ekteskapet med Aslaug, fekk Torkel og Kari desse borna: 1 Aslaug f 1853 d 1940 på Søndre Mosebø g 1879 m lensmann Ole T. Mosebø. 2 Torbjørn f 1855 d 1860. 3 Kari f 1857 d 1859. 4 Ola f 1859 d 1937 på Mosebø gm Gunvor Olsdtr., kjøpte Nedre-Mosebø i 1906 og budde der. 5 Torkel f 1861 d s.å.

Det blir fortalt at da Aslaug Omnes blei sjuk med ein spedunge i huset, fekk dei Kari Heivassdokka til amme. Ho hadde nett mist sin eigen unge, sjå Heivassdokka. Da Kari gifta seg til Hytta, flytta ungane med.

Torkel var musketer, d.e. infanterist, i Gjerpens kompani i fem år, og blei dimmitert i 1844. I Torkel si tid blei dei to bruka på Ned-Omnes slegne saman att. Ola Bjørnson Omnes sette seg i gjeld til Torkel, og pantsette garden til han. I 1847 løyste Torkel inn garden. Sjå Bruk II. Også annan eigedom blei lagt til garden. I 1860 løyste Torkel og Gunleik på Upp-Omnes inn plassen Moskotet. På same tid kjøpte Torkel Landsverkøya frå Eilev Nilson Landsverk. I 1850 kjøpte Torkel 1/4 i stulen Brendero, seinare blei det kjøpt innåt noko meir, og 1/3 av Brendero ligg framleis til garden.

Matias, odelsguten, tok over.

 

7) Matias T. Omnes, eigar og brukar 1861-79, f 1842 d 1879 g 1864 m Ragnhild Gunleiksdtr. f 1840 på Upp-Omnes d 1918 her. Born: 1 Aslaug f 1866, sjå 8). 2 Tone f 1867 d 1890.

Matias og Ragnhild dreiv svært. I 1864 hausta dei 14 tn bygg, 12 tn havre og 30 tn poteter. I 1871 hausta dei 71 tunner. Mest heile innmarka blei bruka til korn og poteter. Høy fekk dei på utslåtter.

Ragnhild sat med garden til Aslaug og mannen hennar tok over.

Ragnhild skulle ha dette gode føderådet: Fødsle og røkt året rundt av 2 kyr og 6 sauer, og desse fødevarene: 4 hl bygg, 4 hl havre, 2 hl kveite eller rug, 1 hl malt, 1 hl gryn, 1 hl salt, 2 kg humle, 15 kg kaffi, 8 kg kandis, 2 kg raffinade, 4 hl poteter og 24 kg flesk. Dessutan skulle ho ha 20 alen lerret, 3 par sko og kr 300 i kontantar for året. Ho skulle ha eit rom på garden, nok ved, og fri hest til kyrkje og andre naudsynte reiser. Til sommarfødsle og slakt skulle ho ha ei kvige for året. Om krøttera blei for gamle eller blei ubrukelege på anna vis, hadde ho rett til nye, tenlege dyr.

Mange av lærarane i Landsverk skulekrins budde på Omnes, dei hadde kammerset oppe. M.a. Kari Nordbø frå Hjartdal gm Torkjel Hovde, budde på Omnes.

 

8) Aslaug Matiasdtr. Omnes, f 1866 d 1948 her gm Ambros O. Tinnes, eigar 1892-1945, brukar frå 1889, f 1865 på Søndre Seljord, Heddal d 1946 på Omnes. Born: 1 Mattis f 1889, sjå 9). 2 Anlaug f 1890 d 1974 g 1919 m Olav Tinnes Mork. Sønene deira tok over Ned-Omnes, sjå 10) og 11). 3 Olav f 1892 d 1969, til Gvannes i Sauherad, død ugift. 4 Gunleik f 1896 d 1919, ugift, utdanna seg til sivilingeniør. 5 Ragnhild f 1900 d 1941 ugift, budde på Omnes.

Aslaug og Ambros moderniserte både garden og drifta. Dei sette opp nye uthus og bygde ny sommarstove, og ikring århundreskiftet la dei inn springvatn, og fekk treskemaskin, slåmaskin og separator. Frå 1910 leverte dei mjølka til ysteriet i Sauland. Dei åtte garden Gvannes i Sauherad, og var der med dyra om sommaren. Gvannes kom i ætta ved skifte i 1863, og Ambros arva Gvannes etter foreldra i 1887.

Mattis tok over garden Omnes.

 

9) Mattis A. Omnes, eigar og brukar 1945-58, f 1889 d 1958 ugift.

Han dreiv garden med forpaktarar frå 1940-åra, men var ein aktiv skogbrukar. I Mattis Omnes si tid hadde garden 68 dekar innmark og 2772 dekar produktiv skog.

Hans Listul og huslyden hans var forpaktarar og budde i sommarstugo i 10-15 år. Sjå Ørvella, Fossegrenda.

Ambros Tinnes Mork, sonen til Anlaug Omnes gift Tinnes Mork, fekk skøyte på garden etter sin onkel Mattis Omnes i 1958.

 

10) Ambros Tinnes Mork, eigar og brukar 1958-62, budde på Mork i Lisleherad, utdanna skogbrukar, f 1923 d ved ulykke i 1962 gm Gunhild Tinnes Mork d 1972. Ekteskapet var barnlaust.

Anlaug Tinnes Mork budde på Mork som enkje, men i periodar budde ho på Omnes i lag med svigerdottera Gunhild.

Torkel Karlskås, snikkar, bygdeslaktar og gardsgut, budde på Omnes i mange år.

Olav Tinnes Mork fekk garden ved skifteskøyte i buet etter Ambros og Gunhild Tinnes Mork i 1973.

 

11) Olav Tinnes Mork, skogbrukar, eigar frå 1973, f 1926 gm Liv Kirsten Frømyr, f 1936 på Notodden, sekretær ved Tinn og Heddal sorenskrivarembete. Born: 1 Sveinung f 1962, skogbrukar gm Inger Johanne f. Pedersen 1962, bustad Nordre Mork, Lisleherad, born Maria f 1989. 2 Liv Tone f 1965, sjå 11 a).

Liv Tinnes Mork er leiar i Telemark Bondekvinnelag frå 1989.

Olav Tinnes Mork tok over Mork i Lisleherad etter mor si i 1967, og dreiv den til sonen Sveinung kjøpte garden i 1985. I 1964 kjøpte Olav garden Gvannes i Sauherad av morbroren Olav Omnes. Olav Tinnes Mork har vore ordførar i Sauherad, og har hatt tiltsverv i skogorganisasjonen og skogselskapet.

 

11a) Liv Tone Tinnes, f 1965 sjukepleiar gm Svend Toralf Throndsen, f 1962 på Notodden, dataingeniør, arb. i televerket. Born: 1 Tonje Tinnes Throndsen f 1988.

Liv Tone og Svend Toralf Throndsen flytta inn på Omnes i 1987. Dei har bygd om og restaurert sommarstugo til bustad for seg.

I 1991 fekk Liv Tone Tinnes Throndsen skøyte på 1/4 i Ned-Omnes.

Jordvegen på Ned-Omnes blei leigd bort til Thomas Timland i 10-15 år. I 1980-åra blei det tidlegare sagbruksområdet på Kåsa lagt ut til leigetomter, sjå bustadhus, Kåsafeltet. På Ålamoen har dei grustak, Ørvella grus og singel. Fam. Tinnes Mork er også medeigarar i Fossen kro, sjå Sperdokk. Myre er ekspropriert til industriområde, sjå plassen Myre.

Dei sette opp ny driftsbygning på Ned-Omnes i 1980. Det er kornproduksjon og full skogsdrift.

 

Samla jordbruksareal i 1939 var 112 dekar, av dette 22,4 dekar åker: 5 dekar kveite, 13,3 dekar bygg, 4 dekar poteter og 0,1 dekar gulrot.

I 1965 blei det rekna 70 dekar. Da var det 45 fjørfe på garden.

1986: 87 dekar dyrka mark, og 2930 dekar produktiv skog.

1990: 70 dekar, korn/oljevekster, Rohølhaugen ikkje medrekna, og 2772 dekar produktiv skog, Omnesfjellet medrekna.

 

 

Ned-Omnes, Bruk II, 1815-47

Da Ola A. Omnes delte garden mellom dei to eldste sønene i 1815, fekk Bjørn det nedste bruket. Eige bruksnamn er ikkje kjent. Kan dei ha budd på Myre?

 

1) Bjørn Olson Omnes, eigar og brukar 1815-26, f 1789 d 1826 g 1817 m Guri Torkelsdtr. Leine f 1790/92? på Leine d i Amerika. GIIg 1828 m Jaran O. Hjartsjø, sjå 1a). Borna til Bjørn og Guri: 1 Ola f 1818, sjå 2). 2 Torkel f 1820 gm Kari Andresdtr. f 1815, til Amerika i 1841 på skuta Emilie. 3 Andres f 1823, til Amerika i 1843. 4 Aslaug f 1826 d s.å.

Det ser ut til at Bjørn og huslyden hans budde på Myre dei første åra. Da Bjørn var død, gifta Guri seg opp att.

 

1a) Guri Torkelsdtr., brukar 1817-47, gIIg 1828 m Jaran Olson Hjartsjø f 1795 d i Amerika. Forutan dei fire borna med Bjørn, fekk Guri desse borna med Jaran: 5 og 6 Tvillingar f 1830, kjønn ikkje nemnt, d ved fødselen. 7 Aslaug f 1831 g 1847 m Ola Halvorson Uvås, til Amerika i 1847. 8 Torgon f 1831, til Amerika i 1854?

I 1847 braut Guri og Jaran opp, og emigrerte til Amerika i lag med borna Ola og Aslaug og ektefellene deira.

 

2) Ola Bjørnson, eigar i 1847, f 1818 d i Amerika g 1847 m Turi Gregarsdtr. Glittenberg f 1823 i Heddal d i Amerika.

Ola skal ha dreve skogen på Ålamoen hardt: "Bjørnson køyrde storfurua i haken over moen, og rende tømmeret ned Myreskotet. Så måtte tømmeret hakekøyrast på elva ved Omnesfossen og følgjast med pråm til Notodden. Her klubba han det saman og siglde det til Ulefoss der han selde det til kolbrenning."

Ola og huslyden hans fekk økonomiske vanskar. Ved ein lånetakst på Ned-Omnes i 1839, blei bruket taksert til 1500 spd. Det blei opplyst at årleg utsæd var 5-6 tn bygg eller havre, og like mykje poteter. Dei hadde 1 hest, 8-9 kyr, og 10 småfe. Skogen var "for tiden temmelig medtagen". Den da mindreårige Ola, med kurator Nils O. Hytta, fekk låne 200 spd av grannen, Torkel Omnes. Dei pantsette garden til han. I 1847 løyste Torkel inn garden. Ola og familien fekk pengar til å reise til Amerika, langt unna gamal sut. I 1847 tok Ola avstad saman med kona Turi og resten av familien. Dei busette seg i Jefferson county, Wisconsin.

Bruk II blei lagt inn att i Ned-Omnes, som har vore eit bruk seinare.

 

 

Omnes øvre, gnr. 81.2

Bruksnamnet er Upp-Omnes

 

Da Omnes blei delt ikring 1700, var det Gunleik, sonen til Torbjørn Kjetilson Tjønn, som fekk Upp-Omnes, det gamle hovudbølet.

 

1) Gunleik Torbjørnson, eigar og brukar 1700-42, f 1672 på Nord-Tjønn i Tuddal d 1742 her g 1710 m Ingebjørg Halvorsdtr. Skårnes, f ca 1670 på Nord-Skårnes d 1740. Presten skriv i kyrkjeboka 1740: "Betiente ieg Gullich Aamnesis quinde som var meget siug". Mor til Ingebjørg var Margit Jonsdtr. Skoje. Born: 1 Torbjørn f 1709/11, sjå 2). 2 Johannes f 1714 d 1742. 3 Bergit f 1716 d 1749 på Sud-Reisjå, Tuddal g 1743 m Halvor Drengmannson Reisjå. 4 Kjetil f 1720 d 1780 på Lynidalen i Tuddal gIg 1748 m Aslaug Hansdtr. Krosshus. GIIg 1764 m Tone Hansdtr. Mosebø. Kjetil budde på Åkre og Flugon før han kom til Lynidalen. 5 Anne f 1725 d 1776 på Mosebø g 1744 m Halvor B. Mosebø. 6 Jon f 1730 d 1784 g 1755 m Ragnhild Olsdtr. Lonar, til Sud-Lonar.

Gunleik var eldste son til Torbjørn Kjetilson Omnes/Tjønn, og voks opp på Nord-Tjønn. I skiftet etter kona Ingebjørg i 1741, åtte buet heile Upp-Omnes, 1 1/2 tn vurdert for 150 rd., og 1/2 tn i Åkre i Bondal, vurdert for 80 rd. Bruttoformuen i buet var 429 rd., gjelda var 30 rd., og netto formuen blei 399 rd. Med i skiftet var desse dyra: 1 svart hest, 10 rd., 1 gamal blakk hest, 6 rd. 2 ort, og 3 kalvar. Dessutan hadde Gunleik 6 kyr og 2 små kviger som skulle delast mellom dei fem ugifte borna. Eldsteguten hadde fått 2 kyr og ei kvige. Blant lausøyren var nokre praktstykke i sølv, m.a. to belte med sølvplater, til 16 og 8 rd., det eine blei festa med spenne, det andre med ei lekkje og knapp. Dessutan eit gylla staup med ringar til 9 rd.

Da det blei skifta etter Gunleik året etter, var netto formuen 253 rd., og to vetrungskviger og 3 kalvar var med i buet.

Eldste son tok over garden.

 

2) Torbjørn Gunleikson Omnes, brukar ca 1745-65, eigar frå 1754, f 1709/11 d 1765 gIg 1735 m Aslaug Høljesdtr. Bøen, frå Nedre Bøen i Gransherad, f 1703 på Gardsjord d 1743. GIIg 1744 m Kari Olsdtr. Frøland. f 1724 på Sudigard. Borna i første ekteskap kom til verda på Åkre: 1 Ingebjørg f 1736, levde i 1772. 2 Gunleik f 1737, sjå 3). Tvillingane 3 Ambros f 1739 d s.å. og 4 Tone f 1739 d 1819 på Huset u/Tjønn gm Hølje Kjetilson Tjønn. 5 Ola f 1741 levde i 1772. Born i andre ekteskap: 6 Aslaug f 1746 d 1748. 7 Ingebjørg f 1747 d 1748. 8 Ola d.y. f 1750, levde i 1772. 9 Ingebjørg f 1752, levde i 1772. 10 Hans f 1755 d 1772, skifte etter han same år. Bruttoformuen i buet etter den ugifte ungguten var 46 rd., gjelda var 17 rd. og nettoformuen blei 29 rd. 11 Signe f 1757, levde i 1772. 12 Halvor f 1760. 13 Johannes f 1763 d 1778. 14 Aslaug d 1768 1/2 år gml?

Gunleik Torbjørnson åtte ein part av Åkre ei tid, og sonen Torbjørn og huslyden hans budde på Åkre i Tuddal ca 1736-44.

Han fekk ikkje løyst inn Omnes før i 1754. Ved skiftet etter han i 1766 var garden taksert for 500 rd. Formuen i buet var 809 rd., gjelda var 121 rd., og nettoformuen var 687 rd. Denne buskapen var med i skiftet: 6 kyr til 7 rd. kvar, 3 kviger til 4 rd. 2 ort kvar, 1 vetrungskvige, 1 stut, 1 kalv, 1 sau, 1 lam og 1 gris til 1 rd. Her var desse kleda: 2 trøyer, 2 lerretskjorter og 1 par strømper. Blant lausøyren kan nemnast ei lysekrone med jarnlekkje og fem piper til 8 rd.

Sonen Gunleik tok over.

 

3) Gunleik Torbjørnson, eigar og brukar 1766-1805, f 1737 på Åkre i Tuddal d 1805 på Omnes g 1767 m Aslaug Kjetilsdtr. Tovsrud, Heddal, f 1738/40? d 1810. Born: 1 Aslaug. 2 Torbjørn f 1769, sjå 4). 3 Guri f 1771 d s.å. 4 Kjetil f 1772 d liten. 5 Guri f 1775 d s.å. 6 Kjetil f 1777 d 1780. 7 Neri f 1780 d s.å. 8 Gunleik f 1781 g 1806 m Anne Bjørnsdtr. Mosebø, til Rinde. Gunleik fekk dtr. Aslaug f 1804, mor Sissel Halvorsdtr. Raundalen. Sissel kom til Omnes som tenestejente, blei seinare gift, og drog som gamal enkje med dottera til Amerika. Aslaug gm Ola Drengmannson, sjå Moen, Tuddalsdalen. 9 Guri f 1784 d 1866 på Nørsterud, Heddal, g 1805 m Jon O. Sauar.

Det var mange i denne barneflokken som ikkje voks opp, men det var livskraft i odelsguten Torbjørn.

 

4) Torbjørn Gunleikson Omnes, eigar og brukar 1806-ca 1831/53, f 1769 d 1853 g 1796 m Gunhild Halvorsdtr. Fosse f 1775 på Nistugu Fosse d 1839. Born: 1 Gunleik f 1797, sjå 5). 2 Kjetil f 1799 d 1872 på Nordistugu Bø gIg m Tone Olsdtr. GIIg m Gunhild Kjetilsdtr. Fosse, fekk kjøpe Nordistugu av far sin i 1831 og budde der. 3 Halvor f 1800 g 1841 m Kari Andresdtr. Åsen u/Myljom-Bø, reiste til Amerika i 1841. 4 Aslaug f 1801 d 1827 g 1824 m Ola H. Frøland, Sudigard. 5 Ola f 1804 g 1829 m Anne Johs.dtr. Bergen, kjøpte Leine i 1829, reiste seinare til Amerika. 6 Torild f 1806 d 1859 g 1834 m Ola Johanneson Sauar. 7 Hans f 1808 gm Tone Jonsdtr. Lonar, fekk kjøpe Nistugu, Nordre Frøland av far sin i 1839. Hans var kjempekar, sjå Frøland. 8 Torbjørn f 1811 d 1902 på Vårstulen i Gransherad g 1841 m Tore Olsdtr. Mork d 1849. GIIg 1858 m Gunhild Olsdtr. Daletjønnlia, Heddal d 1870. Dei arva Vårstulen, men arbeidde først som forpaktarar i mange år, og budde fleire stader. 9 Kjetil d.y. f 1813 g 1843 m Torhild Kjetilsdtr. Fosse f 1822 på Nistugu Fosse. Dei kjøpte Dale i Flatdal og flytta dit. 10 Guri f 1816 d 1887 på Havstein i Gransherad g 1838 m Andres Jonson Hafstein. 11 Ola d.y?. Ola Torbjørnson Omnes f 1820 d 1913 i Amerika g 1844 m Tone Gregarsdtr. Haugen, Heddal f 1815 d 1885. Dei reiste til Amerika i 1848 på skuta Lolland, med borna Gunhild f 1842 el. 1845 og Torbjørn f 1847. Dei blei gardbrukarar, og budde først i Winneconne township, seinare i Winchester township, Wisconsin.

Torbjørn blei innført i landvernet i 1802, etter ti år som soldat i det hjartdalske kompani. Han var ofte stemna for retten eller forlikskommisjonen i åra etter århundreskiftet, og har vel vore noko strilynt. I 1812 var han t.d. stemna av Hans T. Leine etter ein hestehandel. Hans Leine kravde 1000 rd. (!) for handelen, men dei blei ikkje forlikte. Torbjørn møtte for forlikskommisjonen på nytt i 1813. Kommisjonsstaden var Kleppen. Han kom inn i kommisjonsrommet og forlangte å bli ekspedert straks, men fekk melding om å vente på tur, fordi kommisjonen ikkje kunne ekspedere meir enn ein om gongen. Torbjørn blei beden om å gå ut av lokalet, dinest teken i armen av første fredsmeklar, som ville føre han ut. "...men Torbjørn gjorde motstand, holdt i stolpene paa en i Værelset staaende seng og brugte en uforskammet mund,...greb 1ste fredsmægler i brystet og holdt sig fast i samme indtil han med magt blev bragt udenfor døren...Det anmærkes videre at da 1ste fredsmægler, efter at han havde bragt T.O. ud af kommisjonsværelset, sagde til ham: Du er et uverdigt og skammelig menneske, svarede han med høi røst: Du er Diævelen gale mig ikke bedre".

I 1831 delte Torbjørn ifrå halve garden, og til 1853 åtte han og sonen Gunleik halve garden kvar. Det er uvisst om dei også bruka kvar for seg. Torbjørn kjøpte Nordistugu Bø, gnr. 71.2 i 1825, og fekk Nistugu Frøland, gnr.75.2 på auksjon i 1838. Frå ikring 1810 byrja han å kjøpe partar i Vårstulen, sjå Gransheradsoga. Vårstulen var tidlegare vår- og hausthamn under Siljudalen, men Torbjørn rydda, braut jord og sette opp hus. Han starta gardsbruk, og flytta til Vårstulen da han blei gamal. Fire av sønene tok over kvar sin gard etter han.

Gunleik, odelsguten, tok over Omnes.

 

5) Gunleik Torbjørnson Omnes, eigar og brukar 1831-67, f 1797 d 1881 på Omnes g 1831 m Tone Gjermundsdtr. Sauar, f 1811 på Søndre Sauar, Heddal d 1893. Tone bar fram 14 born: 1 Gunhild f 1832 d 1877 g 1854 m Ola Kjetilson Nordigard Frøland. 2 Torbjørn f 1834, sjå 6). 3 Gjermund f 1835 gm Tone Krosshus, budde på Vestigard Frøland. 4 Ragnhild f 1839 d s.å. 5 Ragnhild f 1840 d 1918 gm Matis T. Omnes til Ned- Omnes. 6 Aslaug f 1843 gm sitt syskenbarn Torbjørn Hanson Frøland. Tvillingane 7 Gunleik f 1845 d s.å. og 8 Tone f 1845 d s.å. Tvillingane 9 Ola f 1847 d 1930 g 1867 m Tone Andresdtr. Hafsteen, budde på Mosrygg i Gransherad, og 10 Gunleik f 1847 d s.å. Trillingane 11 Gunleik f 1852, 12 Ola f 1852 og 13 Tone f 1852, alle d s.å. 14 Tone f 1854 d s.å.

Gunleik fekk skøyte på halve Upp-Omnes i 1831 for 600 spd., og løyste inn resten i 1853. Gunleik Omnes var ivrig gardbrukar, og gjorde mykje nydyrking. Det var særleg kornproduksjon han la vinn på. Han kjøpte Vestigard Frøland, gnr.74.3 i 1858/59, og Mosrygg i Gransherad i 1855, og såleis arva dei tri sønene kvar sin gard etter han. Dessutan kjøpte han Ørvella skog.

Gunleik T. Omnes var aktiv kommunepolitikar, og ordførar 1841-43.

Torbjørn, odelsguten, tok over Omnes i 1867.

 

6) Torbjørn G. Omnes, eigar og brukar 1867-1901, f 1834 d 1909 på Omnes g 1868 m Helge Leivsdtr. Skoje, f 1849 d 1918. Born: 1 Tone, sjå 7). 2 Gunleik f 1871 d 1889.

Torbjørn og Helge hadde vanleg gardsdrift, og dreiv skogen. Dei var ein liten huslyd, og trong mange tenestefolk. I 1875 hadde dei to tenestegutar: Ambros Olson f 1855 og Leif Leifsen f 1859, og to budeier: Ragnhild Jonsdtr. f 1855 og Aslaug Torkelsdtr. f 1849, dessutan tenestejenta Tore Sveinsdtr f 1854.

I 1900 bygde dei nye uthus. Dei kjøpte Målarøygarden, gnr. 79.9, i 1880.

Tone, einbenningsjenta, tok over garden og Målarøygarden i 1901.

 

7) Tone Torbjørnsdtr. Omnes, eigar og brukar 1901-34, f 1869 d 1935 g 1903 m Ole Gunleksen Hafsteen f 1874 d 1934. Ekteskapet var barnlaust.

I 1920 blei Haugen, gnr. 81.3 utskilt.

Ole G. Hafsteen var aktiv kommunepolitikar, og ordførar i ein periode. Han dreiv også Omnes mølle, som var sameige mellom dei to Omnesgardane. Hafsteen arva fleire eigedommar, m.a. Landsverk gnr. 78. 3 og 78.4 i Sauland, skogområdet Fosse nedre, gnr. 80.15, og delar av Sønderlandsskogen i Tuddal, men misste alt under krakket.

Tone og Ole G. Hafsteen hadde ikkje livsarvingar, og det blei dotter til Tone sitt søskenbarn, Gunhild Kallhovd, som fekk ta over garden. Foreldra til Gunhild var Tone O. Frøland gm lærar Torbjørn O. Bøen, Tuddal. Han virka som lærar i Landsverk skulekrins ei tid, før familien flytta til Froland.

 

8) Gunhild Kallhovd f Bøen 1891 d 1976 eigar 1936-60, g 1914 m Salve Kallhovd, f 1885 d 1972. Born: 1 Karen f 1915 d 1963, var friserdame på Notodden gm Adolf Andersson, Notodden. 2 Olav f 1917, sjå 10). 3 Gudrun f 1924, husmor, gm Sverre Aanonsen, Lillesand, skipsførar, bustad Arendal.

Gunhild og Salve Kallhovd hadde landhandel i Froland og budde der. Dei dreiv Omnes med forpaktarar i 26 år.

 

8a) Halvor Rohølhaugen f 1898 d 1975 gm Anne Sauarlia. Born: 1 Bergit f 1935 gm Jon Høljeson, Nyheim, Venås i Gransherad. 2 Gunhild f 1937 gm Ingvald A. Finnebråten, bustad Hegna, gnr. 72.22 Sauland.

Halvor og Anne forpakta garden i over 20 år, hadde 2 hestar og stor buskap. Halvor hadde jordvegen Havrås ei tid.

Seinare har dei hatt kornproduksjon på Upp-Omnes.

 

9) Olav Kallhovd, heimel frå 1960, f 1917 i Froland gm Lea Blankenberg, Frolandsverk, f 1920. Ekteskapet er barnlaust.

Olav Kallhovd dreiv manufaktur og konfeksjonsforretning på Notodden frå 1947, og flytta til Omnes ikring 1970. Han har gjort omfattande reparasjonsarbeid på husa på garden. Jordvegen har vore bortleigd til kornproduksjon sia 1980, men Kallhovd driv skogen.

Samla jordbruksareal i 1939 var 83 dekar, av dette 19 dekar åker: 5 dekar kveite, 11,5 dekar havre, 1 dekar grønfor og 2,5 dekar poteter.

1986: 81 dekar dyrka mark, 11 dekar overfl.dyrka, og 3500 dekar produktiv skog.

 

 

Haugen gnr. 81.3

Haugen, rett ovanfor vegen ved Omnesbrua, blei utskilt frå Upp-Omnes i 1920. Haugen var tidlegare plass under Omnes.

Den gamle plassen Haugen låg høgre opp i lia. Den var sameige mellom dei to Omnesgardane til 1853.

Haugen blei rydda ikring år 1700. Da Haugen blei sjølveige, blei dei gamle husa rivne, og husestaden flytta ned til sin noverande plass.

Da Gunleik Torbjørnson løyste inn Upp-Omnes, fekk broren Andres plassen Haugen.

 

1) Andres Torbjørnson Omnes, brukar frå ca 1705, f på Nord-Tjønn i Tuddal g 1705 m Ragnhild Olsdtr. Born: 1 Aslaug f 1706 på Haugen. 2 Torbjørn, sjå 2).

 

2) Torbjørn Andreson Haugen, brukar ca 1749-89, f ca 1710? d 1789 g 1749 m Gunhild Torgeirsdtr. Mourud, f ca 1721 i Tinn, levde i 1801. Born: 1 Andres f 1750 d 1768. 2 Ragnhild f 1752, sjå 3). 3 Kari g 1781 m tambur Mikkel Hanson Tute, Moskotet.

Det blei heldt skifte etter Torbjørn Haugen i 1796. Formuen i buet var 38 rd., gjelda var 4 rd. 3 ort, og nettoformuen blei 33 rd. Husa i Haugen blei taksert til 34 rd. Det var stove, stabbur, fjøs, løe med høyløe, kjone og vedskjol. Gunhild løyste ut 14 rd. 3 ort, og døtrene 7 rd. 1 ort kvar. Skiftekostnadene var 4 rd. eller eit kuverd. Det var knapt nokon upris, men merktest godt på ein liten plass.

Dottera Ragnhild tok over Haugen.

 

3) Ragnhild Torbjørnsdtr. Haugen, brukar ca 1796-1825, f 1752 d 1825 g 1793 m Halvor Roleivson Årli, f 1759 i Heddal d 1853? Det ser ut til at ekteskapet var barnlaust.

Det er uvisst kven som bruka Haugen etter Ragnhild si tid.

I 1849 døydde husmannskona Ragnhild Andresdtr. Omneshaugen, 67 år gml.

 

4) Ola Halvorson, brukar i 1840-50-åra, gm Margit Gunleiksdtr. Born f i Haugen: 1 Anne f 1848. 2 Gunleik f 1852.

I 1853 blei Haugen delt mellom Øvre og Nedre Omnes. Dei delte jordvegen slik at Gunleik på Upp-Omnes fekk den sørlegaste delen, Torkel på Ned-Omnes fekk den nordre delen. Husa blei og delt. Gunleik fekk kjona eller badstova og låven, Torkel dei andre bygningane. Likevel skulle Gunleik betale 2 spd., så bygningane må ha vore i dårleg stand.

I 1855 selde Gunleik Torbjørnson Haugen til Gjermund Hanson og kona Bergit.

 

5) Gjermund Hanson, brukar ca 1853-58, f ca 1808 d 1858 her gm Bergit Jonsdtr. f ca 1820? Born: 1 Margit f ca 1847, budde her i 1875, ugift, hadde desse borna: a Leif f 1876, far Leif Jonson Skoje. b Margit f 1881, far Hans Halvorson Gampedalen. 2 Tone f 1851, sjå 6). 3 Anne f 1855 g 1872 m Ola Halvorson Tinnesand, på Lonar i giftaråret.

 

5a) Bergit Jonsdtr., brukar ca 1853-70. Ho dreiv Haugen til dottera tok over. På 1860-talet budde bror hennar? og borna hans i lag med dei: Enkjemann Torger Jonson f ca 1824, hadde sønene Ola f 1850 og Torkel f ca 1853.

 

6) Tone Gjermundsdtr. Haugen, brukar ca 1870-1920, f 1851 d 1925 her gm Kjetil Grimarson Skårdal f 1828 d før 1891. Born: 1 Margit f 1874, arbeidde på ullspinneriet, budde her i 1900. 2 Bergit f 1871 gm Johs. Halvorson Rohølhaugen. 3 Tone f 1877 gm Ola Vegen, Heddal. 4 Anne f 1880 gm Olav Stålen, Gransherad, til Målarøygarden. 5 Gjermund f 1882, sjå 7).

I 1920 blei Haugen utskilt som eigen eigedom. Tone og Ole G. Havsteen selde eigedomen til Gjermund K. Haugen.

 

7) Gjermund K. Haugen, eigar og brukar 1920-56, f 1882 d 1962. Ugift, anleggsarbeidar.

I 1956 selde Gjermund Haugen til Torstein O. Hagalia. Gjermund skulle ha råderett over andre høgda i våningshuset, kjellarplass m.m. Gjermund var morbror til Mari Hagalia, sjå nedanfor.

 

8) Torstein O. Hagalia, heimel frå 1956 f 1922 i Heddal, fabrikkarbeidar, gm Mari Stålan f 1917 i Holm, Målarøygarden, husmor. Ekteskapet er barnlaust.

 

 

Rohølhaugen u/Omnes gnr. 81.1

Rohølhaugen ved Rohølen har sikkert vore bustad sidan 1700-talet, men der har ikkje budd folk fast før godt ut på 1800-talet.

Namnet Rohølkåsa er også bruka. Det er uvisst om det er same plassen, eller om det dreier seg om Kåsa ved sagtomta i nærleiken.

Det var tømmervelte rett ned for Rohølen. Når dei dreiv skogen på Ålamoen, køyrde dei tømmer til veltene forbi Kåsafeltet og ned Nautestretdalen til åa. Skulle dei til mølla i Kleivbergholet, måtte dei ro kornet over Rohølen.

 

1) Margit Kjetilsdtr. Roehølen, f ca 1687 d 1747. Det er uvisst om ho var gift eller budde i lag med annan familie.

Plassen er ikkje nemnt i f.t. 1801.

 

2) Torkel Torkelson, fekk feste på levetid i 1827-48.

Det er uvisst kven dette var. Det kan sjå ut som han leigde ut Rohølhaugen. Mange budde der berre kort id.

I 1831 pantsette Torkel sin festerett til plassen, med lausøyre, avling og grøde til Hans O. Frøland for 100 spd.

 

2a) Ola Olson gm Torbjørg Torsteinsdtr., fekk Gunnar f 1829 i "Rohølkåsa".

2b) Torkel Halvorson f ca 1816 d her i 1838. Same år døydde Gunhild Olsdtr. Rohølkåsa f ca 1772 d på Leine.

 

2c) Kjetil Jonson Rohølhaugen f ca 1806 g 1834 her m Margit Larsdtr.

 

2d) Ola Kjetilson gm Mari Olsdtr. fekk Margit f 1840 her g 1860 m Hans Hanson Øyen/Anundskås.

Torbjørg Åsmundsdtr., truleg frå Lia i Tuddal, fekk sonen Andres f 1844 d s.å., far var Andres Engebretson.

 

2e) Aslaug Johannesdtr. f ca 1769 d 1848 som legdekone. Ho kom truleg frå Timdal.

I september 1848 sendte Torkel Torkelson rekning på 5 rd. 3 ort 10 sk. til Hjartdal fattigkommisjon for utgifter til gravferda til omgangslegdslem Aslaug Johsdtr. Kaasa. Det var ein hard lagnad å ende på omgangslegd, i galgenhumor nemnt for "springlegd".

 

3) Ingebjørg Sondresdtr. bruka plassen seinast 1865-70, f 1799 i Timdal d 1870 her.

Saman med henne budde Gunleik Torson f ca 1853. Mora var Søve Kjetilsdtr, faren var Tor Gunleikson Tåterhus u/Tjønnås.

 

4) Harald Olson, brukar seinast 1875-91, f 1824 gm Aslaug Hansdtr. f 1827. Det er uvisst om det var born i ekteskapet.

Dei hadde desse leigebuarane: Gunleik Olson, systerson til Harald Olson, Gjermund Sørenson med dottera Margit f 1869.

 

5) Ambros Bjørnson gm Anne Haraldsdtr., bruka her i 1890-åra, seinare til Dalen i Fossegrenda, sjå der.

I 1906 kom det nye folk til Rohølhaugen, og familien bur der framleis.

 

6) Johs. Halvorson Rohølhaugen, gardsarbeidar og skogsarbeidar, brukar frå ca 1906 f 1873 på Tokasin, Hjartdal d 1959 gIg m Bergit Kjetilsdtr. Haugen f 1871. GIIg m Anne T. Deildkåsa f 1873 d 1964. Born i første ekteskap: 1 Halvor f 1898 d 1975 gm Anne Sauarlia. Halvor kom til verda i Grobudalen. Mora sat på stulen i Slåkjadalen, og faren var der med hest. Han freista å få ho heim på hesteryggen, men dei rokk ikkje lenger enn til Grobudalen. Johannes måtte pakke den vesle inn i skjorta si. Halvor og Anne forpakta Upp-Omnes i mange år, sjå der. 2 Ingebjørg f 1905 gm Halvor Kåsa, bustad Heddal. 3 Tone d 23 år gml., ugift. Born i andre ekteskap: 4 Johannes f 1909, sjå 7). 5 Aslaug f 1910 d 1991 ug., budde og arbeidde på Notodden.

Johannes og huslyden hans var på Åsen i Frølandgrenda før dei kom til Rohølhaugen. Johannes bygde ny stove i 1906, og stall noko seinare.

Johannes Rohølhaugen råka på bjørn i Londalen det året han gjekk for presten, sist i 1880-åra. Bjørnen tok eit lam og eit kje frå buskapen hans.

I ein udatert leigekontrakt frå A. O. Omnes til Johannes heiter det, at årsleiga på Rohølhaugen er kr. 60. Festaren "er pligtig til at møde i arbeide naarsomhelst...Han tilsiges efter dagløn af kr. 1.25 fra 14 okt. til 14 april". Kona Anne Rohølhaugen hadde med seg dottera Aslaug når ho skar åkeren på Landsverkøya.

 

7) Johs. J. Rohølhaugen, skogsarbeidar f 1909 d 1950 gm Tone f Jensen 1920 i Vrådal. Born: 1 Gunda f 1943 gm John J. Rinde, Rinde i Tuddal. 2 Johannes f 1945, industriarbeidar og langpendlar, bustad Rohølhaugen, skilt frå Kjerstin Gulbrandsen, Porsgrunn, dtr. Sissel. 3 Anne f 1946 gm Kjetil Skålid, Fyresdal. 4 Liv f 1949, førstesekretær, sambu m Magnar Nilsen, bustad Oslo.

 

7a) Tone Ødegården, brukar frå 1941 gIIg m Halvor Ødegården f 1910 på Øygarden, Frølandgrenda.

Tone Ødegården hadde hest og 3 kyr til 1955.

Halvor Ødegarden tok til med skogs- og gardsarbeid. I 1920-åra gjekk han to år i bakarlære hjå Moskvild på Åmot, men bakaren gjekk konkurs, og så var det ut på skogsarbeid att. Han var ved Hjartdal E-verk ei tid, seinare hadde han linjearbeid i Vest-Telemark, og var til sist 16 år på Tinfos jarnverk. Halvor, arbeidssøkjar og ungkar i 1930-åra, kom bak i køen. Forsytarar, og dei som fekk "lappar", d.e. stønad, måtte gå fyri.

Samla jordbruksareal i 1939 var 25 dekar, av dette 6,5 dekar åker: 2 dekar kveite, 2 dekar havre, 2,5 dekar poteter. Seinare er det rekna 15 dekar sandjord på Rohølhaugen.

 

 

Myre u/Omnes gnr. 81.1.

Det var to plassar som heitte Myre, Nord-Myre og Sud-Myre. Sud-Myre er det noverande Myre, mot Ørvellsanden på grensa til Heddal. Nord-Myre låg heimanfor. Da Ned-Omnes blei delt i to bruk, fekk dei kvar sin av Myreplassane.

 

1) Bjørn Olson Omnes, budde i Myre frå 1818 og nokre år frametter, sjå Ned-Omnes.

Margit Såmundsdtr. fekk dtr. Margit f 1835 i Myre, far Halvor T. Omnes.

Det kom nye hus i Myre i 1840-åra, bygd av Torkel T. Reskjem. Det blir sagt at Torkel ville flytte husestaden frå Omnes til Myre, for han kom i strid med Ola Torjusson som forpakta garden. Sjå Ned-Omnes.

Våningen og fjøset blei sett opp i 1841, byggmeister var Sveinung O. Aakaasa.

Ikring 1850 flytta Anne Torjusdtr. Omnes og huslyden hennar inn i Myre.

 

2) Anne Torjusdtr. Omnes, brukar ca 1850-70, f 1826 på Ned-Omnes g 1850 m Halvor Johanneson Kåsa. Born, sjå Kåsa u/Omnes.

Familien flytta til Kåsa i 1870.

Truleg i Sud-Myre:

 

3) Åsmund Johanneson f ca 1831 d før 1891 g 1877 m Anne Torkelsdtr. Mosebø, brukar frå 1877 til etter 1900, f 1833. Åsmund er truleg son til Johs. Åsmundson Lia, Tuddal, d 1867 i Kåsa.

Da Anne blei enkje, tok ho leigebuarar. I 1890-åra budde desse i Myre:

Johs. Gunleikson f ca 1858 gm Gunhild Kjetilsdtr. f ca 1854, dei fekk dtr. Bergit i 1890. Johannes bruka jordvegen for Anne.

I 1900 hadde ho andre leigebuarar. Det var den kjende rosemålaren Ole Tomassen Lurås frå Tinn, og Ingebjørg Torsdtr. Det er uvisst kor lenge Ole Tommassen budde i Myre. Han budde i Fossegrenda i 1890.

Seinast i 1922 leigde Tor A. Dalen plassen Myre på oppseiing. Den årlege leiga var 180 kroner, og han kunne ta ved og gjerdefang i Omnesskogen etter utvising.

 

4) Tor A. Dalen, brukar til 1924, f 1878 på Tjønnåsdalen gm Gunhild Øystul, kjøpte garden Sauarlia i Heddal og flytta dit.

Den neste i Sud-Myre var Tov Grotheim og huslyden hans.

 

5) Tov Th. Grotheim, skogs-og vegarbeidar, budde i Myre 1924-82, f 1897 på Grotheim i Tuddal, voks opp i Nord-Myre d 1982 gm Margit Finnbugarden f 1898 i Vinje/Haukelid d 1983. Born: 1 Synnøve f 1925 gm Jon Bakken, småbrukar, Heddal. 2 Tov f 1927, ug., har vore sjømann, seinare jarnverksarbeidar, bustad Notodden. 3 Helga f 1929 gm John Moland, jarnverksarbeidar, bustad Ørvella i Heddal, dei har borna: Thorleif f 1950, sjå Bjørkelund, Sperdokk, Henry f 1952, bustad Heddal, Asbjørn f 1955, bustad Heddal, og Marit f 1961 gm Jan Schia, Skårnes. 4 Tone f 1931 gm Tarald Wårstulen, fabrikkarbeidar, bustad Gransherad.

Myre blei fråflytta og utlagt til industriområde da Thov døydde i 1982. Heimelshavar er Hjartdal kommune, som eksproprierte området.

Samla jordbruksareal i 1939 var 8 dekar, av dette 1 dekar åker.

 

 

Nord-Myre, plass u/Ned-Omnes

Nord-Myre var bustad frå 1830-åra og i vel 100 år frametter. Anlaug Tinnes Mork meinte plassen blei bruka som hamn ei tid. "Det var lissom utjorde". Omnesfolka slo der, og køyrde høyet heim til garden. Ei tid hadde dei jamvel potetåker på Myre.

Myre er også registrert under namnet Geitehytta.

 

1) Jon Jonson, brukar ca 1835-72, f 1799 på Nistugu Frøland, seinare Nigard Fosse d 1872 gm Tone Leivsdtr. Tinnes f 1811 på Tinnes, Heddal d før 1865. Born: 1 Leif d.e. f 1835, sjå 2). 2 Tone f 1837. 3 Leif d.y. f 1839 d 1926, arbeidde som tømmerhoggar, budde her åleine med faren i 1865 g 1877 m Åste Halvorsdtr. Hytta f 1839 på Rinde. Dei flytta seinare til ein plass u/Hjartsjø i Hjartdal. Leif blei kalla "Leif Fiskar." 4 Hølje f 1847.

Jon Myre kan ha sunge for L.M. Lindeman på ei av samlarferdene hans.

Jon Jonson med kone og eit av borna fekk feste på Nord-Myre i 1869, med tinglyst fornying same år. Truleg tok sonen Leif over i 1869.

 

2) Leif J. Myre d.e, f 1835 brukar på 1870-talet, f 1835 g 1864 m Torbjørg Halvorsdtr. Nystul f 1838 i Nord-Nystul, Frølandgrenda.

Leif Myre var murmeister. Huslyden budde i Fossegrenda ei tid. Det er uvisst kor han og Torbjørg seinare budde.

Ikring 1905 kom Thov Grotheim og huslyden hans til Nord-Myre.

 

3) Thov T.Grotheim, brukar og skogsarbeidar ca 1905-24, f 1865 på Nigard Bondal d 1924 her gm Synnøve Høljesdtr. Grotheim f 1865 på Vestigard Bondal d 1953. Born: 1 Tov d.y. f 1897 d 1982 i Sud-Myre gm Margit Finnbugarden. 2 Ingebjørg f 1899 gm Ola Øya, bustad Øya i Heddal. 3 Margit f 1902 gm Jon Hefre Åse, bustad Åse i Heddal. 4 Hølje f 1905 d 1987, ugift, skogsarbeidar. Hølje budde i lag med mora på Nord-Myre til 1940-åra, så bygde han ny bustad ved Omnesfossen, sjå Fossvang gnr. 81.9. 5 Anne f 1908 gm Sveinung Kasin, bustad Heddal.

Thov og Synnøve Grotheim arbeidde på Ned-Omnes og hadde stulsdrift på Brendero i Måråstuldalen i mange år. Synnøve hadde også eigne krøter i Nord-Myre.

Synnøve og sonen Hølje Grotheim var dei siste i Nord-Myre.

 

 

Myre eller Sperdokk u/Omnes

Åsmund Kjos fekk seg leigetomt på Myre eller Sperdokk, d.e. området sønnafor Omnesfossen, ikring århundreskiftet.

 

1) Åsmund O. Kjos, f 1844 i Åmotsdal gm Margit Gjermundsdtr. Haugen f 1844. Ekteskapet var barnlaust.

Åsmund O. Kjos var husmann og sølvsmed. Han flytta eldhuset frå Ned-Omnes til Sperdokk, fekk seg verkstad der, og bygde ny stove.

Leigkontrakten på levetid blei oppretta i 1898. Da fekk Kjos leige "en stuetomt med et stykke jord omtrent cirka 3 maal beliggende i søndre kant af Spærdok kaldet".

Stova, "Kjosehytta", blei kjøpt av smeden Torbjørn Andreson Haugen, og sett opp til lokale for Sauland pinsevenner, Sion.

 

Kåsa plass u/Omnes

Kåsa låg ved sagtomta, det seinare Kåsafeltet. Kåsa kan ha vore bustad frå 1820-talet, sjå Rohølhaugen, og hadde folk til ikring århundreskiftet. No er alt utlagt.

 

1) Ola Torjusson Omnes, brukar 1856-70, f 1821 d i Amerika g 1856 m Bergit Olsdtr. Leine f 1815 d i Amerika. Born: 1 Anne f 1852? 2 Guri f 1857 d 1863. 3 Bergit f 1859.

Ola og Bergit fekk kontrakt på "jordstøkket Kaasa" i 1856 frå Torkel T. Omnes. Leiga var 5 spd i året. Ola og Bergit skulle arbeide etter tilseiing dei fire første dagane i veka, "Men Frædagen og Loverdagen er Han og Hustruen fri". Daglønna for Ola var 8 skilling i vinterhalvåret og 12 skilling frå april til slåttonna. I onna var daglønna 16 skilling, og for Bergit var lønna det halve, året rundt.

Dei fekk elles ta ved og gjerdefang etter utvisning, og var forplikta til å halde husa og jordvegen ved lag.

I 1870 braut dei over tvert og reiste til Amerika. Der fekk dei sin eigen farm, og streva som best dei kunne for å få fleire av slektningane over til eit friare og betre liv i Amerika., jfr. brev heim, u/folketal.

Systera Anne Myre og huslyden hennar tok over plassen.

 

2) Anne Torjusdtr. Omnes/Myre, brukar 1870- 1900 el. lenger, f 1826 på Ned-Omnes g 1850 m Halvor Johanneson Kåsa, f 1824? på Kåsa u/Sauar, voks opp på Haugen i Fossegrenda d 1874. Born: 1 Kjetil f 1849 d 1921 i Hesledalen, Gransherad gIg m Gunhild Stålan d 1885? GIIg 1889 m Liv f. Dokka i Gransherad. Morbrørne Ola og Torkel freista å få han over til Amerika, jfr. brev frå 1871. I eit seinare brev går det fram at det var svindla med billettpengane hans. I staden fekk han det rådet å setje tøyet sitt i pant i La Crosse, om det skulle bli snautt med pengar på den vidare reisa.( Kan hende er det denne Kjetil Halvorson som drog til St. Paul i 1883?) Men Kjetil endte sine dagar i Gransherad. 2 Guri f 1852. 3 Signe f 1856. 4 Johannes f 1859. 5 Anne f 1863 gm Andres A. Brekkun, Skårdalgrenda. 6 Torkel f 1867 til Heddal?

Etter Anne og Halvor si tid blei den vesle stova rive.

 

 

Spiremoen plass u/Omnes

Spiremoen låg mellom Bakken og Moskotet, og hadde folk ei stutt tid på 1860-talet.

 

1) Halvor Johanneson Nystullia, brukar i 1860-åra, f 1832 i Nystullia u/Fosse d 1870 her g 1863 m Liv Petarsdtr. Ørvellsanden f 1831 i Nystullia. Born: 1 Johannes f 1863, til Bekkeholet u/Ørvella. 2 Anne f 1867. 3 Ingebjørg f 1874, far Ola Olson Numedal. Iflg. f.t. 1865 hadde Liv også dtr. Ingebjørg Høljesdtr. f ca 1855 i Horten.

Da Liv blei enkje, flytta ho og borna til Ørvellsanden, og Spiremoen blei truleg utlagt.

 

 

Ørvellsanden plass u/Omnes

Denne plassen låg på Ørvellsanden, og hadde folk berre ei stutt tid på 1860-70-talet.

 

1) Liv Petarsdtr. budde her i 1875 saman med døtrene Anne og Ingebjørg. Liv var dotter til Petar Moskotet. Ho budde i Bekkeholet u/Ørvella i 1890-åra. Ingebjørg hadde desse borna: Karl f 1879, far Karl Larsen, Skien, og Halvor Håkonson d 1882, 5 mnd. gml.

 

Moskotet, plass u/Omnes

Moskotet låg øvst på Ålamoen, på vegen til Tjønnås. Det er småberg og bratt der, og det er eit gamalt tømmerskot rett ovanfor plassen.

Moskotet blei rydda seinast på 1720-talet, og hadde folk til ikring 1870. Seinare har det vore slåtte på Moskotet.

 

1) Mikkel Torsteinson Moskotet, f ca 1664 i Land d 1732 i Moskotet gm Barbro f ca 1680. (Kan dette vere Barbro Torsteinsdtr. Tute f ca 1696 d 1766?) Born: 1 Sigrid f ca 1718. 2 Mari f 1720 truleg gm Hans Haraldson Tute. 3 Taran f 1723 i Moskotet.

Mikkel var bygdevekter, også kalla stodderfogd eller stotarkonge. Han var tenestemann med politimyndigheit, og hadde tilsyn med tiggarar og omstreifarar. Slik passa det bra å bu i Moskotet, innåt hovudvegen mellom Heddal og Sauland, og nær vegen til Tjønnås og Tuddal. I byane hadde vektarane også til oppgåve å varsle brann. Kan hende det var ei av oppgåvene til Mikkel Moskotet også? Han budde i storskogen på Ålamoen, og berre nokre år før var Omnesskogen stygt skadd av brann.

Dei neste åra budde det militære i Moskotet.

 

2) Torbjørn Olson Wiigaard, brukar 1734-53, f ca 1677 d 1753 her, budde på Omnes seinast frå 1730 "med sin quinde", namn ikkje oppgjeve, men truleg g 1720 m Anna Cathrine Andersdtr. Sønderberg /Søndersborg f ca. 1670 d 1764. Born: Ola f 1721, sjå 3). 2 Johanna f 1722 d 1761 g 1760 m Torstein Andreson Moen.

Wiigaard blei kalla "Capitain des armis" i teljinga i 1730, sersjant i dødsmeldinga.

Wiigaard fekk feste på Moskotet i 1734. Festekontrakten var utferda av Gunleik Omnes "på egne og naboers vegne". Leigeavgifta var 2 1/2 rd.

Sonen Ola tok over.

 

3) Ole Wiigaard, brukar til 1760, f 1721 gm Åse el. Åshild Gunleiksdtr. Born: 1 Ola f 1746. 2 Sønnev f 1749 d 1750. 3 Bergit f 1757 d 1758.

Ole var korporal i 1749. I 1760, tinglyst 1763, selde han Moskotet til grunneigarane Andres Omnes og Torbjørn Omnes for 50 spd.

Det er uvisst kven som budde i Moskotet dei neste åra. I 1780 døydde jentungen Bergit Jonsdtr. i Moskotet, 11 år gml.

 

4) Mikkel Hanson Tute, tambur, d.e. trommeslagar i det militære, budde her i 1780-åra, g 1781 m Kari Torbjørnsdtr. Haugen u/Omnes. Born: 1 Hans f 1782. 2 Andres f 1785.

Den neste huslyden budde her i 1790-åra, men hadde flytta i 1801.

 

5) Aslak Olson, brukar ca 1791-96, f 1747 i Hølegutu gm Kari Halvorsdtr. Born: 1 Harald f 1791. 2 Kjetil f 1793. 3 Andres f 1796 d s.å. i Moskotet.

Det var ikkje folk i Moskotet i 1801, og plassen kan ha vore utan folk i lange tider.

I 1857 døydde gutungen Ola Olson, 2 år gml., i Moskotet. Kven foreldra var er ikkje kjent.

Den siste huslyden i Moskotet var truleg Petar og familien hans.

 

6) Petar Petarson, i Moskotet i 1860-åra, f 1803 i Nystullia u/Fosse, flytta til sist til Gransherad g 1840 m Ingebjørg Sigurdsdtr. Mjaugeto, Gransherad, f 1800 d før 1865. Born: 1 Petar f 1827. 2 Liv f 1831 g 1863 m Halvor Johanneson. Dei var leigebuarar i Moskotet i 1865, men flytta seinare til Spiremoen og Ørvellsanden. 3 Ingebjørg? 4 Anne?

Petar var truleg son til Petar Olson Nystullia, Fosse.

Det var smått med dei i Moskotet., og dei fekk hjelp frå fattigkassa. Det er fortalt at Petar sat heime og sende kjerringa ut med posen. " Men so døydde ho burte i Jondalen."

I 1730 budde husmannen Mads på Omnes. Det er ikkje sagt kor han budde.

Mads, f ca 1664 i Gudbrandsdalen, "er iche eyende mere end en gammel syg og sengeliggende quinde".

 

 

Kåsafeltet

Fagerheim

Fagerheim er bustadhus på festetomt, 1,7 mål u/Omnes gnr. 81.1. Seljar i 1976 var Olav Tinnes Mork, kjøpar var Jacob Stenstad.

 

1) Jacob Stenstad, eigar 1976-83, f 1945 gm Grete Stenstad.

 

2) Helge Granlund, eigar frå 1983, f 1953 på Notodden, banksjef i Sauland gm Astrid Granlund f. Blokhus 1957 i Brandbu, husmor. Born: 1 Håvard f 1983 i Sauland. 2 Andres f 1985 i Sauland.

Fossli

Fossli er bustadhus på festetomt u/Omnes, gnr. 81.1. Seljar i 1976 var Olav Tinnes Mork, kjøpar var Olav Ø. Åsen.

 

1) Olav Ø. Åsen f 1936 i Tuddal, fabrikkarbeidar på Notodden gm Torgun J. Kåsene f 1945 i Bø, husmor. Born: 1 Bente f 1969 på Notodden. 2 Terje f 1972 på Notodden.

Olav Ø. Åsen er eigar av garden Viken, gnr. 112.1 i Tuddal.

Fykerud

Fykerud er bustadhus på festetomt, 1,5 mål u/Omnes gnr. 81.1. Seljar i 1975 var Olav Tinnes Mork, kjøpar var Frank Dahle.

 

1) Frank Dahle, næringsdrivende på Notodden, f 1944 på Notodden gm Gerd f. Wessel-Hansen 1946 i Skien, næringsdrivende på Notodden. Born: 1 Anne Mette f 1969 på Notodden, husmor, gm Ola-Arnfinn Hagen, bustad Nordagutu. 2 Ruth Inger f 1971 på Notodden. 3 Lars Henry f 1979.

Elvesikten

Elvesikten er bustadhus på festetomt, 2,5 mål u/Omnes, gnr. 81.1. Seljar var Olav Tinnes Mork, kjøpar var Olav Mundal.

 

1) Olav Mundal, f 1925 på Vossestrand, Voss, lærar ved Hjartdal barne- og ungdomsskule gm Joyce f. Thorpe 1937 i Penzance, Cornwall, England, lærar. Born: 1 David f 1963 i Tuddal gm Inger Marie Svalestuen, bustad Notodden. Tvillingane 2 Jenny f 1965 i Tuddal, hotellfagutdana, og 3 Marie f 1965 i Tuddal, hotellfagutdana. 4 Christoffer f 1975.

Haugero

Haugero er bustadhus på festetomt, 1,8 mål u/Omnes gnr. 81.1. Seljar i 1974 var Olav Tinnes Mork, kjøpar var Magne Hvamb.

 

1) Magne Hvamb, f 1946 i Sandsvær, ingeniør, arbeidsstad Notodden gm Tone Reidun f. Bakken 1946 i Gransherad, kontordame, arbeidsstad Notodden. Born: 1 Jostein f 1972 i Sandsvær. 2 Vegar f 1976 i Sauland.

Fagerlid

Fagerlid er bustadhus på festetomt, 1,6 mål u/Omnes gnr. 81.1. Seljar i 1979 var Olav Tinnes Mork, kjøpar var Erling Wang.

 

1) Erling Wang, f 1942 i Brandval, ingeniør gm Astrid Olaug Wang f 1941 i Olden, damefrisør. Born: 1 Jan-Erik f 1965 i Sørum. 2 Anne-Elin f 1968 i Sørum.

Gibøen

Gibøen er bustadhus på festetomt, 0,9 mål u/Omnes gnr. 81.1. Seljar i 1974 var Olav Tinnes Mork, kjøpar var Svein Løndal.

 

1) Svein Løndal gm Ragnhild Frømyr, born Håvard, Svein Olav og Anette.

Familien har flytta til Tuddal.

Ny eigar:

 

2) Sverre Brubakken, f 1958 i Hjartdal, operatør ved emballasjebedrift gm Anne Berit Lund f 1960 i Fyresdal, hjelpepleiar. Born: 1 Mari f 1983 i Sauland. 2 Anita f 1986 i Sauland.

 

Myrvang

Myrvang er bustadhus på festetomt. 0,9 mål u/Omnes gnr. 81.1. Seljar i 1973 var Olav Tinnes Mork, kjøpar var Torbjørn Wårstulen.

 

1) Torbjørn Wårstulen, f 1954 på Vårstulen i Gransherad, arb. på Tinfos jernverk gm Inger Grethe f Funner 1956 i Sauland, arb. på Gransherad pleieheim. Born: 1 Laila f 1974 i Sauland. 2 Runar f 1975 i Sauland.

Fam. har flytta til Vårstulen, Gransherad.

Ny eigar:

 

2) Kjetil Hillestad, f 1957 på Notodden, kontorfunksjonær på Notodden gm Ellen Isaksen f 1960 på Notodden, bankfunksjonaær på Notodden. Born: 1 Andres f 1986 i Sauland.

 

Furuly

Furuly er bustadhus på festetomt u/Omnes gnr. 81.1. Seljar i 1977 var Olav Tinnes Mork. Nov. eigar er Hjartdal kommune.

 

Bjørkelund

Bjørkelund er bustadhus, 0,8 mål, utskilt ved skøyte frå gnr. 81.10 i 1977, da Hølje Grotheim selde til Thorleif Moland.

 

1) Thorleif Moland, f 1950 i Heddal, fabrikkarbeidar på Tinfos jernverk skilt frå Ellen Haugan f 1955 på Notodden. Born: 1 Anne f 1975 på Notodden.

 

Myrvang, gnr. 81.8

Myrvang er bustadhus, utskilt ved skøyte frå Omnes, gnr. 81.1 i 1947, da Mathis Omnes selde ca 4 dekar til Hans Karlskås.

 

1) Hans Karlskås, heimel frå 1947, f 1902 på Kasin i Sauland d 1972 gm Anne Kasin f 1906 i Heddal d 1986. Born: 1 Halvor f 1927, fabrikkarb., gm Reidun f. Torre, bustad Heddal. 2 Anlaug f 1930, hj.kokke, gm Henrik Kristiansen, Hønefoss. 3 Andres f 1936, skilt frå Tora f. Lien, bustad Notodden. 4 Gunleik f 1938, ugift. 5 Borghild f 1942 gm John Kasin f 1941 d 1965. 6 Odd f 1946 d 1984, ugift. 7 Solveig f 1949 gm Arne Folserås, Gransherad, bustad Notodden. 8 Astrid f 1951 gm Ove Bakka, bustad Sauland.

 

Fossvang gnr. 81.9

Fossvang er bustadhus, utskilt ved skøyte frå Omnes gnr. 81.1 i 1947, da Mathis Omnes selde ca 4 dekar til Hølje Grotheim.

 

1) Hølje Grotheim, f 1905 d 1987, sjå Nord-Myre.

Da Hølje var død, blei eigedomen overtatt av brordottera Tone Wårstulen, Gransherad. Huset som var av lafta tømmer, blei rive og selt. I 1990 har sonen Bjarne Wårstulen sett opp nytt bustadhus på tomta.

 

Fossen Kro a/s.

Fossen Kro, serveringsstad ved Omnesfossen, starta i 1990.

 

Målarøygarden Sperdokk

Området mellom Omnesfossen og Målarøygarden heiter Sperdokk. Eit eldre namn i same området er Hølegutu.

Frå gamalt åtte Fosse frå Sperdokk på nedsida av Omnesfossen, sudetter til skoggrensa mot Omnes og vidare til heradsgrensa mot Heddal. Den gamle ferdavegen over Ålamoen kom ut ved Hølegutu og gjekk vidare til Ørvella. Biskop Jens Nilssøn: "Ved enden paa denne mo (Ålamoen) komme wi offuer en sand backe, kallis Hollegathu. Saa therfra fore wi 1 pilskud til en liden aa, hedder Erffuill, der offuer it vad i sødoust." Vidare skriv han om Ørvella, at ho "løber...vdj Skougsaa, 2 pilskud sønden for almanne veyen."

Namnet Hølegutu kjem frå gno. gata, veg, gjerne smal og djup. I dette området nær den gamle allfarvegen har det truleg vore buplassar i lang tid attende, somme venteleg knytt til fossen og verksemda i den.

Seinast ikring 1700 var det folk i både Hølegutu og Sperdokk. Seinare er namnet Sperdokk bruka om heile området. Tydinga av namnet er uviss, men har truleg opphav i tømmerfløytinga i eldre tid. Anten bygde dei ein fløytingsdam med solide stokkar, såkalla sperrer, i fossen, eller det låg "sperrer" på velta ved fossen. Siste lekken i namnet, -dokk, skriv seg frå det låge lendet nedanfor fossen. Der har det vore velteplass for tømmer.

Tidleg på 1700-talet var det minst to-tri heimar på Sperdokk. Den eine var Hølegutu, og det var to eller fleire plassar som blei nemnt Sperdokk. Truleg fekk det vesle samfunnet på Sperdokk ein brå ende. Storflaum og jordskred i 1726 øydela Hølegutu, og Sperdokk-plassane forsvinn i kjeldene etter 1727. Men Hølegutu heldt fram. I 1772 er plassen nemnt "Målarhaugen eller Hølegutu". Seinare er nemnt "pladsen Malerødegaarden". Kan det ha vore den same plassen? Kanskje han blei flytta opp på haugen, "Målarhaugen", etter storflaumen i 1726? Om namnet Målarhaugen, sjå u/brukarane nedanfor.

Området låg til Fosse til 1855, da blei Målarøygarden utskilt som eige bruk. I 1880 blei Målarøygarden kjøpt av Torbjørn G. Omnes. I 1934 kjøpte Tov Deilkås Målarøygarden frå buet til O. G. Hafsteen. I nyare tid er bustadtomter utskilde frå Målarøygarden.

På grunn av gamalt hopehav med Omnes, blir Målarøygarden og dei gamle plassane Sperdokk og Hølegutu omhandla her.

 

 

Hølegutu eller Målarhaugen u/Uppistugu Fosse

Plassen Målarhaugen eller Hølegutu låg under Uppistugu på Øvre Fosse. Det er spor etter plassen frå tidleg på 1700-talet, men truleg er den eldre.

 

1) Kjetil Sigurdson Hollegutu, brukar ikring 1720, namnet på kona er ikkje kjent. Born: 1 Sigurd d 1711, 2mnd. gml. 2 Sigurd f 1712. 3 Tomas el. Tormod, f 1718. 2 Anne f 1721.

 

2) Jon Taraldson, brukar i 1726. Dette året blei det vitna på tinget at eit jordskred hadde øydelagt plassen hans, "Holle-Gutte". Skredet tok med kvernhuset med to nye kverner, ei ny badstove, nytt fjos m.m. No trong Jon hjelp, i si store armod. Det er uvisst om Jon blei på plassen etter dette.

Det er truleg denne hendinga J.M. Lund fortel om i "Øvre Thelemarkens Beskrivelse" i 1785. Han skriv at Ørvella hadde faret sitt lenger aust for om lag 50 år sia, men "... en Sergeant John Kiel, byggede et Qværnhuus under en Bakke paa vestre Kant af Øvrevellen, og for at faae Vandfald gravede Sandbakken igiennem, hvilket foraarsagede, at Elven tog der sit Løb".

Seinast i 1730-åra var det nye folk på plassen.

 

3) Tollev Anderson Maler, truleg i Hølegutu 1736-42, gm Dorte Maria Jacobsdtr. Born: 1 Boel f 1736. 2 Anne f 1737. 3 Boel f 1740. 4 Kari Kristine f 1742.

Truleg var det Tollev som gav plassen namnet Målarhaugen. Fleire av dei gamle rosemålarane flytta frå bygd til bygd etter som det passa med oppdraga dei fekk. Tollev har sikkert levd av kunsthandverket, ettersom han er nemnt "Maler" i kyrkjeboka.

 

4) Ola Olson Hølegutu, brukar seinast frå 1744, g 1744 m Liv Aslaksdtr. Moen, Fosse. Liv gIIg 1755 m Torgrim Knutson Fosse. Born: 1 Aslak f 1747 gm Kari Halvorsdtr., til Moskotet. 2 Bergit f 1748. 3 Bjørn f 1749. 4 Bjørn f 1753. Tvillingane 5 Ola f 1758 d 1/2 år gml. og 6 Margit f 1758 d 7 mndr. gml. Dei hadde fadrar frå Landsverk og Myrejord.(?)

 

5) Augmund/Anund Olson, brukar på 1760-talet, gm Bergit Andresdtr. Born: 1 Margit f 1760 d 7 mndr. gml. 2 Andres f 1763. 3 Margit f 1765. 4 Margit f 1759.

I 1772 fekk Ola P. "Øverland", truleg Ørvella, ein pantobligasjon frå Johs. Karlson Fosse på plassen "Målarhaugen eller Hølegutu" i "10 år til brugelig pant" for 99 rd.

 

6) Halvor Torkelson, brukar frå 1787, f 1759 d 1835 gIg m enkja Margit Olsdtr., før gm Ola P. Ørvella. Halvor GIIg 1815 m Signe Torsteinsdtr. f 1779 d 1856. Det er uvisst om det var born i første ekteskap. Born i andre ekteskap: 1 Torkel f 1816. Kan dette vere Tor Målarøygarden? Sjå der. 2 Margit f 1817 g 1853 m Hans K. Dalen u/Fosse. 3 Ragnhild f 1820 d 1838. 4 Sissel f 1822.

Halvor og kona hans fekk feste på Hølegutu for levetid frå Lavrans Tollevson, mot ei avgift på 2 1/2 rd for året.

Seinare er det ikkje spor etter Hølegutu eller Målarhaugen, men det er truleg det same som Målarøygarden.

 

Fosse øvre Malerødegården gnr. 79.9

Bruksnamnet er Målarøygarden

Uttale målarøy`gar`n

I makeskiftet mellom Sveinung Andreson Sauar/Ørvella og Jon Olson Fosse, Nigard, blei m.a. "pladsen Malerødegaarden" lagt til Nigard. Ved eit seinare høve må Målarøygarden ha blitt lagt til Uppistugu. Målarøygarden blei utskilt frå Uppistugu, Øvre-Fosse, i 1855.

I 1842 budde det ikkje folk i Målarøygarden. Tri år seinare var eigedomen leiglendingsbruk.

 

1) Tor Halvorson, brukar i 1840-åra f ca 1813 ? d 1854 gm Tone Gregarsdtr. Tone gIIg m Ola Sørenson. Born i første ekteskap: 1 Tone f 1846. 2 Bergit f 1847. 3 Turid f 1849. 4 Ingebjørg f 1850. 5 Tone f 1852. Tone Gregarsdtr. fekk fire born til i sitt neste ekteskap: 6 Gregar f 1856. 7 Ingebjørg f 1860. 8 Ragnhild f 1862. 9 Tone f 1865 d lita?

Tone og Ola blei verande på Målarøygarden i fleire år frametter.

 

1a) Tone Gregarsdtr., brukar ca 1846-68 gIIg 1855 m Ola Sørenson f 1828.

I 1868 selde dei garden til enkja Ågot Høljesdtr. Tone og Ola reiste til Amerika med dei fire eldste borna sine, dessutan Bergit, Turid og Tone frå Tones første ekteskap.

 

2) Ågot Høljesdtr., eigar og brukar frå 1868, f 1833 på Moen i Gransherad d 1879 her gIg m Ola Johanneson Lislerud, skifte etter han i 1871. GIIg 1871 m enkjemann Tarjei Jonson f 1826. Born: Med Ola Gregarson Dalen hadde Kari 1 Ola f 1869 d 1908 i Juvslia i Gransherad, gm Anne Juvslia. Born i første ekteskap: 2 Kari f 1862. 3 Rønnaug f 1865. Born i andre ekteskap: 4 Gunhild f 1872.

Tarjei hadde fire born i første ekteskap, sjå Tjønnåsdalen. Sonen Ola, tømmerhoggar, gm Gunhild Kristensdtr. budde på Målarøygarden i 1875.

 

3) I 1880 kjøpte Torbjørn G. Omnes Målarøygarden for kr 1200. Dottera Tone Omnes gm Ole G. Havsteen åtte Målarøygarden til 1934.

I 1934 kjøpte Tov O. Deilkås garden på auksjon, etter konkursbuet til Havsteen.

 

4) Tov O. Deilkås, eigar frå 1934, brukar frå 1918, f 1878 i Heddal d 1972 gm Anne Øygarden f 1893 i Heddal d 1984. Born: 1 Aslaug f 1919 d 1982 gm Andres O. Blomhaug. 2 Eilef f 1921, sjå 5). 3 Johannes f 1924 d 1979. 4 Ragnhild f 1927 gm Arne Kjenndalen, bustad Oklungen, Eidanger. 5 John f 1930 gm Aud Løkken, Vinstra, bustad Sand i Ryfylke.

Da Tov kom til Målarøygarden hadde han arbeidsplikt for Havsteen nokre dagar i året. Han skodde hestar, reparerte hestereiskap og hadde vanleg gardsarbeid, etter som det fall. Elles var han tømmerfløytar, og kjøpte dyr, slakta og selde. Han var og rundt på gardane og slakta for folk.

Tov Deilkås starta med oppdrett av norsk elghund, og han vann dei to første jaktprøvnene i 1916 og -17, som gjekk føre seg i skogane til Treschow.

I 1950 fekk Eilef skøyte frå foreldra. Same år blei bustadtomta Holm fråskilt.

 

5) Eilef T. Deilkås, eigar og brukar frå 1950, f 1921 gm Gunhild Aase f 1932 på Kåsa i Heddal. Born: 1 Anne Tove f 1957 gm Gunvald Brubakken, har bygd eigen bustad på Målarøygarden. Sjå Haugen gnr. 79.37. 2 Oddvar f 1959, salgsrepresentant, skilt frå Gry Elisabet Simonnes, Heddal, har sonen Espen f 1984. Sambu m Anne Kleivdalen, Rollag, f 1965, bustad Krekling ved Kongsberg, dtr. Tine f 1992.

Eilef Deilkås er snikkar. Han har bygd stova på Målarøygarden, og sette opp uthusa i lag med faren. Han har arbeidd på bygg og anlegg rundt ikring, og vore langpendlar. Han bygde også den siste saga på Kåsa, Ned-Omnes, og arbeidde på sagbruket ei tid.

Gunhild Deilkås har hatt det meste av gardsdrifta. Dei slutta med kyr i 1988. Gunhild og Eilef Deilkås driv med al av norsk elghund. Eilef Deilkås har vore formann i idrettslaget i 10 år.

Samla jordbruksareal i 1939 var 33 dekar, av dette 4 dekar åker: 2 dekar kveite og 2 dekar poteter.

I 1965 blei det rekna 15 dekar. Da hadde dei 2 kyr, 2 ungdyr og 4 grisar på Målarøygarden, og om lag det same i 1971.

1986: 12 dekar dyrka mark, 160 dekar produktiv skog.

 

 

Sperdokk

Tidleg på 1700-talet var det truleg to plassar under Fosse som blei kalla Sperdokk. Namnet er framleis bruka om området på austsida av Hjartdøla nedanfor Omnesfossen.

 

Sperdokk I

1) Knut Kjetilson Sperdokk, brukar seinast 1718-47, f ca 1667 d 1747 her gIg 1718 m Helge Torbjørnsdtr. GIIg 1740 m Tore Jonsdtr. Born i første ekteskap: 1 Kjetil f 1736 el. 1741 m Gunhild Olsdtr. Dei fekk desse borna: a Ola f 1742 her. b Torbjørn f 1744. 2 Ola f 1719 d 1793 på Tjønnåsdalen g 1744 m Herdis Petersdtr., sjå Sperdokk II. Ola og Herdis flytta til Tjønnåsdalen, sjå der.

 

Sperdokk II

1) Peder Tormodson el. Knutson Tabelap, budde på Sperdokk seinast frå 1708, f ca 1650 på Kongsberg. Namnet på den første kona er ukjent. Ho døydde i 1718. GIIg m Torgon Halvorsdtr. "af Sauland" f ca 1690. Born i første ekteskap: 1 Tormod d 1717. Born i andre ekteskap: 2 Halvor f ca 1719. 3 Herdis f 1721 g 1744 m Ola Knutson Sperdokk, til Tjønnåsdalen. 4 Helge f ca 1724 d 1727. 5 Neri f 1727.

Ein plass er Peder kalla "Kornmester" (1716), elles er det ikkje nemnt kvifor denne innflyttaren busette seg på Sperdokk. Men han hadde tysk namn og kom frå Kongsberg, og kan ha vore knytt til skjerpa i nærleiken, truleg til koppargruva Goli i Fossegrenda.

Peder gleid ikkje inn i bygdesamfunnet utan vidare. I 1708 blei han dømt etter slagsmål med Nils Frøland. Båe fekk ei dugeleg bot. I 1711 fekk han bot etter slagsmål med Ola Landsverk.

I eit skifte på Nedre Fosse i 1720 er nemnt Ingebjørg Spærdok.

I 1727 blei barnet til Kjetil Larson Spærdok bore til dåpen.

 

 

Holm gnr. 79.9

Holm var leigetomt under Omnes frå Ola H. Stålen bygde i 1921. Seinare var det leigetomt u/Målarøygarden, da Tov Deilkås kjøpte garden frå Omnes. Holm blei utskilt frå Målarøygarden i 1950, da Tov Deilkås selde til Olav H. Stålen.

Det tidlegare namnet på Holm var Sperdokk.

 

1) Olav H. Stålen f 1876 i Gransherad d 1954 gm Anne K. Haugen f 1880 d 1939. Born: 1 Halvor f 1907 d ca 1980 gm Margrete Møller, budde i Skien. 2 Tone f 1910 gm Hans Seljordslia, Gransherad. 3 Kjetil f 1913 gm Margit Moen, Heddal. Tvillingane 4 Jon f 1916 sjå 2) og 5 Olav f 1916 d 1933 ug. 6 Mari f 1917 gm Torstein Hagalia, sjå Haugen.

 

2) Jon O. Stålen f 1916 d 1985, fabrikkarbeidar gm Ingebjørg Øyen f 1925 i Sauland, husmor. Born: 1 Anne Marie f 1946, sjå 3).

Olav Stålen overførte skøytet til dtr. Mari i 1950. I 1956 selde ho til brordottera Anne Marie.

 

3) Anne Marie Bakken, eigar frå 1956, f 1946 gm Helge T. Bakken f 1941 i Hovin, gardbrukar. Born: 1 Thor Inge f 1968. 2 Runar f 1969. 3 Asbjørn f 1973. 4 Hilde Jorunn f 1977, alle f. i Hovin der familien er busett.

 

 

Haugen gnr. 79.37

Haugen er bustadhus, utskilt frå Målarøygarden i 1985, da Eilef Deilkås selde til dtr. Anne Tove Brubakken.

 

1) Anne Tove Brubakken f 1957 på Målarøygarden, hjelpepleiar på Hjartdal alders- og sjukeheim gm Gunvald Brubakken f 1956, fabrikkarbeidar på Notodden.

 

 

Matrikkelgarden Tjønnås, gnr. 83

Tjønnås betalte kongsskatt av 1 skinn, ikkje biskops- og Olavsskatt, i 1585/86. Landskylda var på 2 tn korn i 1610 og seinare. I 1647 betalte garden halvgards skatt, som var 3 dlr. Til 1802 hadde Tjønnås matr.nr. 70, bruksnr. 1. I 1838 var matr.nr. 83, løpenr. 178. I 1886 er gardsnr. 83, bruksnr. 1 og 2. I 1802 var skylda 3 rd. 6 sk., ny skyld i 1838 var 10 dlr. 1 ort 18 sk., revidert til 8,13 skyldmark i 1886.

Jorda på Tjønnås var tungbrukt mold-og steinjord i bakli i 1723. I 1802 kunne dei ha ei kornavling på 16-24 tn for året, men den var ikkje årviss på grunn av frost. Også i 1864 blei jorda rekna som tungbrukt, djup og kald. Da var det 23 mål åker, 20 mål dyrka eng og 276 mål naturleg eng på garden. Det var 27 mål fjellslått, og lauvskog til attåtforing. Meir av jorda kunne dyrkast opp, men "med stor beskostning".

Det var noko tømmerskog til garden i 1661. I 1723 var det noko sagtømmerskog, i 1802 var skogen "betydelig". I 1865 blei det rekna 40 tylfter furu og gran for sal for året.

Det var nok seter i 1723. I 1864 var det god seter.

Tjønnås hadde bekkekvern i 1723, og sagbruk i 1820-30-åra. I 1864 hadde Tjønnås eit fossefall til eige bruk. (Kan det ha vore ved Elgevad?)

 

 

Eigarar

Tjønnås er gamalt bondegods. Frå 1672 åtte byborgarar garden. Magdalene Jessedotter var eigar i 1672-74, seinare tok Anders Cornix over, og Gjert Hansen var eigar 1685-91.

 

Brukarar

I) Kjetil, brukar seinast frå 1610-27. Han åtte 1 tn i Åsmundtveit og 3 tn i Lundevall i Kviteseid, dessutan 1 tn i Oppegard, og kan ha hatt ætt i Kviteseid.

 

II) Nils, nemnt i brukarrekkjene 1627-31.

 

III) Torbjørn, brukar ca 1631-38.

 

IV) Nils, eigar og brukar 1638-61 g ca 1625 m Åste Sigurdsdtr. Born: 1 Sigurd, som var gift og hadde sonen Nils. 2 Andres, sjå V).

Nils og Åste kom frå Gransherad. Farbrørne til Nils Tjønnås var Alf Venås og Jon Nisi, Gransherad, og foreldra deira var Nils Kåli gm Eli. Mor til Åste var frå Bakka/Lynnevik, godfaren heitte Andres Bakka/Lynnevik.

Åste og Nils gifta seg truleg ikring 1625, og blei kravd for hovudtiende på 2 dlr. for dette i 1628. Til 1662 åtte dei arvepartar i Venås og Bakka i Gransherad.

Sonen Andres tok over Tjønnås.

 

V) Andres Nilson, brukar ca 1662-1707, eigar ca 1662-72, f ca 1625 d 1721 gm Torbjørg Jonsdtr. Fosse f ca 1626 d 1706 på Fosse. Det ser ut til at ekteskapet var barnlaust.

I 1688 blei det sak om Tjønnås mellom Andres og brorsonen, Nils Sigurdson. Sigurd må ha vore eldste son etter Nils Tjønnås, for Andres blei dømt til å gå frå garden han hadde bruka i 26 år. Sigurd hadde bygsel over halve garden, 1 tunne, og dette hadde sonen arva. No var han myndig og ville ta over garden. Andres blei også klaga for "vandskjøtsel av hus og skog". Det er ikkje urimeleg at den gamle ætta såg det slik. Det var byborgarar som åtte skogen frå 1672, og dei kan ha drive hardt. Andres skulle også erstatte ulovleg hogst. Avgjerda om vidare ertstatning blei utsett. Men Nils Sigurdson blei ikkje brukar på Tjønnås. Andres bruka til 1707.

I 1702-03 verserte ei sak mellom Andres Tjønnnås og Ola Jonson Skoje, m.a. om delet mellom eigedomane og ulovleg hogst i Tjønnåsskogen. Ei synfaring blei halden, og til sist blei Andres dømt til å betale sakskostnadene.

Andres Olson Melås, Heddal, åtte 1 1/2 tn i Tjønnås ved skiftet etter han i 1694. Jfr. O. Holta, Hitterdalsboken. Dette arva dottera Bergit, og ho blei gift med Ola Skoje.

 

VI) Bergit Andresdtr., brukar 1706-14, og ikring 1730, f 1662 på Melås i Heddal d 1751 gIg m Ola Jonson Skoje. GIIg m Såmund Bjørnson Mosebø. Born, sjå Skoge. Da Bergit var død, flytta Såmund attende til Mosebø. Såmund gIIg 1761 m enkja Bergit Halvorsdtr. Fosse.

Bergit og Ola bruka Leine til 1706, og etter nokre år på Tjønnås, tok Ola over Skoge, og dei flytta dit. Da Bergit gifta seg opp att, flytta ho attende til Tjønnås.

Bergit og Ola løyste inn Tjønnås litt etter kvart. I 1717 løyste dei inn odelsretten frå Tov og Sigurd Olssøner. Ved skiftet etter Ola Skoje i 1725, blei Tjønnås taksert til 200 rd."...med Huus og Herberg, Ager, Eng, Skoug...".

Dottera Ingrid arva Tjønnås.

 

VII) Ingrid Olsdtr. Skoje/Tjønnås, brukar ca 1720-35, d 1735 g 1718 m Hans Kjetilson Tjønnås/Krosshus, f på Bøen i Gransherad d 1742 på Krosshus. Born: 1 Kjetil f 1720 d liten? 2 Jon f 1721. 3 Gjermund f 1724, sjå VIII). 4 Ola f 1725 gm Gro Halvorsdtr., son Halvor f 1759 på Skoge eller Tjønnås. 5 Aslaug f 1727 d 1759 på Lynidalen g 1748 m Kjetil Gunleikson Omnes, til Lynidalen i Tuddal. 6 Ola f 1728 d s.å. 7 Kjetil f 1730 d 1770 gm Anne Halvorsdtr., sjå Ned-Dalen. 8 Jon f 1732.

Det blei heldt skifte etter Ingrid i 1735. Formuen i buet var 339 rd, og buet var gjeldfritt. Same året som Ingrid døydde, kjøpte Hans garden Krosshus. Det er uvisst når han flytta ifrå Tjønnås. Sonen Gjermund arva Tjønnås, og bruka garden seinast frå 1745.

 

VIII) Gjermund Hanson Tjønnås/Krosshus, brukar 1745-ca 1791, eigar frå 1752, f 1724 d før 1810 g 1745 m Gunhild Olsdtr. Kleppen f 1725 d 1820. Born: 1 Ingrid f 1746 g 1769 m Torkel Hanson Frøland Siljudalen. 2 Hans f 1748 d 1768. 3 Guri f 1750 d 1764. 4 Anne f 1753 g 1775 m Ola Sondreson Bakken, Heddal. 5 Ola f 1756, sjå IX). 6 Bergit f 1759 d 1843 på Skårdal g 1788 m sitt syskenbarn Ola Torgrimson Lonar d.e. 7 Jon f 1761 d 1793. 8 Mathis f 1764 d 1837 på Krosshus gm Anne Matiasdtr. Kleppen. 9 Guri f 1766 d på Rue i Gransherad i 1841 g 1790 m Johs. Kjetilson Rue f 1757 på Lynidalen, dei kjøpte Rue i Gransherad. Guri skulle vere "den finaste jenta ved Gransherad kyrkje". 10 Hans f 1769 d 1804/05 på Øyen gm Margit Torsdtr. Svalestugu.

Gjermund løyste inn den siste parten i Tjønnås, 9 settung, i 1771. Men før så langt leid, hadde han hatt odelssøksmål frå Ola Andreson Skoje. Gjermund arva ein part i Tjønnås etter godmora Bergit Andresdtr. i 1752, og løyste ut farsarven to år seinare. Verfaren, Ola Kleppen, åtte Skoge. Det kan sjå ut som han selde Skoge attende til Ola Andreson, mot at Gjermund fekk ha Tjønnås.

Gjermund arva Krosshus etter faren, og løyste inn Øyen seinast i 1764. I 1791 oppretta han åsete for dei tri eldste sønene, men så døydde Jon i 1793. Mathis fekk Krosshus istaden for han, og Hans kom til Øyen.

Eldste son, Ola Gjermundson, tok over Tjønnås.

 

IX) Ola Gjermundson, eigar 1797-1806, brukar frå 1792-1806, f 1756 skifte etter han i 1806, gIg m Guri Matiasdtr. Kleppen f 1758 på Skoge d 1798. GIIg 1798 m Søve Jonsdtr. f 1747 d 1831 her. Born i første ekteskap: 1 Gunhild f 1787 d 1812 på Jamtveit g 1809 m Ola Gjermundson Jamtveit, Heddal. 2 Anne f 1792 her d 1849 på Myljom-Solheim g 1822 m Søren Olson Solheim, Tuddal. 3 Guri f 1793 g 1816 m enkjemann Ola Gjermundson Jamtveit, før gift med den eldre systera Gunhild. Sonen Ola fekk Tjønnås, sjå XI). 4 Ingrid f 1795 d før 1798. 5 Gjermund f 1796, sjå X).

Ola fekk skøyte på halve garden for 500 rd. i 1797, og løyste inn resten i 1804. Så tidleg som i 1782 gav faren Ola brev på at han skulle få Tjønnås, men at han kunne bruke Krosshus, eller halve Tjønnås, så lenge faren levde. I 1791 blei avtalen endra, slik at Ola skulle ha Tjønnås utan "...et lide skogstykke som skal henlægges til og følge grd. Kroshus saalænge samme bliver i hans familie". Skogstykket blei løyst inn att av Gjermund Tjønnås i 1854. Kvar av sønene til Gjermund skulle dessutan ha 12 tylfter tømmer av Tjønnåsskogen før den blei delt mellom Ola og faren. Gjermund Tjønnås kjøpte Briskero seter i 1782, tinglyst i 1784, for 180 rd. Det er sikkert frå Gjermund skifta eigedomane mellom sønene sine at Briskero blei delt mellom Krosshus, Øyen og Tjønnås.

Det blei heldt skifte etter første kona, Guri Matiasdtr., i 1798. Formuen i buet var 888 rd., og gjelda var på 709 rd. Den faste eigedomen i buet var ved dette høvet 1 tn eller halve Tjønnås, til 500 rd., og 1 tn i Krosshus, til 500 rd., etter disposisjonsbrev, d.e. rettsleg bindande erklæring, frå 1792. Denne buskapen var med i skiftet: 2 gamle hestar, 7 kyr, 4 kviger, 6 sauer og 2 geiter. Guri let etter seg mange søljer og andre sølvsaker, og fleire kister: 1 måla kiste med lås og bokstavar GMD og årstalet 1718, 1 eikefarga kiste med lås og bokstavane JOD og årstalet 1778, 1 grønmåla kiste med bokstavane KDSL og årstalet 1714, alle sett til 2 rd., dessutan ei lita kiste med jarnbeslag og bokstavane OMSK, årstal 1738, vurdert til 1 rd. 2 ort.

Den umyndige sonen Gjermund arva garden, og det var vermora, Søve Jonsdtr., som dreiv Tjønnås dei neste åra, til Gjermund tok over.

 

IXa) Søve Jonsdtr, brukar ca 1798-1818.

 

X) Gjermund Olson Tjønnås, eigar 1807-64, brukar ca 1818-64, f 1796 d 1865 g 1818 m Ragnhild Olsdtr. Tinnes, f 1801 på Søndre Tinnes, Heddal. Ekteskapet var barnlaust, men dei tok til seg den morlause guten Lars Jonson Hovdejord, f 1836 i Heddal d 1903 på Sud-Skoge gIg 1867 m Anlaug Leifsdtr. Skoje. GIIg 1871 m systera Ragnhild Leifsdtr. Skoje. Lars blei gardbrukar på Skoge. Ragnhild døydde hjå Lars etter han var komen til Skoge: " Det var eit barsel, og dit måtte den gamle. So gjekk det so fort. Dei var so røyve båe Tjønnåsfolka".

Da Gjermund tok over garden, var den nedtyngd av gjeld. Truleg fekk han hjelp ifrå Kleppen. I 1815 var han skuldig morbroren M.M. Kleppen 1000 rbd.

Ætlingen Ola Jamtveit tok over garden i 1864. Han var son til Gjermund O. Jamtveit og Guri Halvorsdtr. Rui. Ola Jamtveit gav 3000 rd. for garden, men Gjermund Tjønnås heldt att halvparten av skogen. Den blei utskilt og selt til pleiesonen, Lars Skoje, same år. Det er Rambergmarken, gnr. 83.2. Men seinast i 1867 hadde Ola Jamtveit løyst inn att skogen.

Ved gardsalet tok Gjermund atterhald om bruksrett si levetid, vidare rett til å hogge naudsynt tømmer til garden, og sal av 20 tylfter. Dette fekk truleg liten verknad, for dei oppretta føderåd same år.

Gjermund og Ragnhild skulle ha dette omfattande føderådet: Fri råderett til husa på garden, varmt hus, og fri hest til kyrkje og andre reiser. Dei skulle ha fødsle og røkt året rundt av 3 kyr, 1 gris og 6 sauer med lam, og forsakten om sommaren. Forsakt er godtgjersle i avdrått for krøterleige. Dei hadde rett til fór frå Ola Jamtveit si avling, og den nordre hegna på stulen Limdal skulle føderådsfolka ha åleine. Dei kunne sette 1 mål poteter der dei måtte ønskje det, og få åkeren pløgd og gjødsla og potetene sett for seg. Kvart år skulle dei ha desse fødevarene: 5 tn bygg, -god vekt, 1 tn rug, 2 tn havre, 1 tn kveite, 1 tn malt, 1/2 tn salt, 6 tn poteter og 8 pund flesk. Med til hushaldet og føderådet var også desse kjøpevarene: 18 potter erter, 18 potter gryn, 8 merker humle, 50 pund kaffi, 20 pund raffinade, kandis og brunt sukker. Endeleg skulle føderådsfolka ha 24 spd i kontante pengar.

Kosthaldet må ha vore solid og etter måten variert, med mykje mjølmat og mjølkeprodukt, og rikeleg med kjøt og flesk. Dei har truleg bruka kaffi og sukker til kvardags. Det var sjeldsynt luksus for mange på 1860-talet.

 

XI) Ola Gjermundson Jamtveit, eigar 1864-92, brukar frå 1865? f 1833 på Jamtveit gIg 1858 m Ragnhild Sveinungsdtr. Bamle f 1840 d 1866. GIIg 1867 m Anlaug Halvorsdtr. Rui f 1844. Born i første ekteskap: 1 Tone f 1860/61 gm Gjermund Nerison Ingolvsrud, sjå XI). 2 Guri f 1862 på Åse gm Torkel Sveinungson Sauar. 3 Ragnhild f 1864 gm Johannes Torson Mork. 5 Gjermund f 1859/60 på Jamtveit, ug., budde på Tjønnås. Det ser ut til at det andre ekteskapet var barnlaust.

Ola Gjermundson og huslyden budde på Jamtveit til 1859, og var seinare på Åse nokre år før dei flytta inn på Tjønnås. Ola Gjermundson bruka heile det gamle Tjønnås, men i 1891 selde han ifrå Rambergmarken. Dennne skogen har ikkje vore bruka saman med garden seinare. Sjå u/skog.

I 1892 selde han garden til versonen, Gjermund Nerison Ingolvsrud.

 

XII) Gjermund Nerison Ingolvsrud, eigar 1892-1905.

Gjermund og huslyden hans budde ikkje på garden. I periodar var Tjønnås utan folk, seinare blei jordvegen forpakta bort.

 

XIIa) Jens Pedersen, bruka Tjønnås ikring århundreskiftet, f 1869 i Drangedal gm Anne Jonsdtr. f 1869 i Gransherad. Born: Jon f 1898. 2 Helge Katrine f 1899 i Solum.

På same tid budde ein huslyd i drengestova:

 

Halvor A. Tjønnåsdal f 1874 gm Mari Jonsdtr. f 1870 i Gransherad. Born: 1 Andres f 1898. 2 Margit f 1900?

Ingolvsrud selde Tjønnås til prost Peter Heiberg Lexow i 1905 for kr. 63 900.

 

XIII) Peter Heiberg Lexow, eigar 1905-16, prost, eigedomshandlar og skogeigar.

Han bygde på våningen og bruka den som feriebustad om sommaren.

Lexow selde garden til ein tinndøl i 1916, men kommunen tok garden med forkjøpsrett for kr. 120 000.

XIV) Hjartdal kommune, heimel frå 1916 på Tjønnås skog gnr. 83.1. I 1939 kjøpte kommunen også den andre halvdelen av det gamle Tjønnås, Rambergmarken gnr. 83.2, til saman 6000 dekar produktiv skog, sjå u/skog.

Jordvegen og om lag 1000 mål skog blei først forpakta bort, seinare fråselt.

 

XVa) Ola og Hans Håtveit var forpaktarar ei tid.

 

XVb) Ola Leivson Særsland, forpakta garden frå 1925 og i fleire år utetter, f 1868/69 på Myljom-Særsland i Hjartdal gm Liv Kristiansdtr. Ambjørndalen f 1870. Born: 1 Ingebjørg f 1899 gm Gunleik Bakken, Gransherad. 2 Leiv f 1902 d 1973 i Koparviken gm Anne O. Bakken, Sauland. 3 Kristian f 1907 gm Mari Evju, Gransherad. 4 Halvor f 1913 d 1978 gm Gunhild Tømmermo f 1910 d 1961, Sauland. 5 Olav f 1915 gm Ågot Romme, Gransherad. 6 Signe gm Halvor K. Hovdejord, Hjartdal.

Seinare blei Ola og Liv Særsland forpaktarar på Øygarden, Landsverk.

I 1942 blei jordvegen Tjønnås og om lag 1000 dekar skog utskilt som eigen eigedom, med namnet Tjønnås søndre, bruksnummer 4. Same år selde Hjartdal kommune garden til Gunleik Skårdal, og ætta etter han sit framleis med garden.

Hjartdal kommune driv Tjønnåsskogen, gnr. 81.1 og Rambergmarken, gnr. 83.2.

1986: 6000 dekar produktiv skog.

 

 

Tjønnås, Tjønnås søndre gnr. 4

Bruksnamnet er Tjønnås

Gunleik Skårdal fekk kjøpe jordvegen Tjønnås av Hjartdal kommune i 1942.

 

1) Gunleik O. Skårdal, eigar og brukar 1942-62, f 1888 på Gauverud, voks opp på Nordigard Skårdal d 1964 på Tjønnås gm Anna Skårdal f Haugen 1890 i Jondalen d 1982. Born: Tvillingane 1 Olav f 1919, sosialpedagog ved universitetet i Oslo gm Dorothy f. Burton, USA, bustad Oslo, og 2 Sverre f 1919, sjå 2). 3 Aslaug f 1921 g 1948 m Eilif Høljeson Bakken, Jondalen.

Gunleik og Anna Skårdal bruka Havstein i Gransherad før dei kom til Tjønnås. Dei dreiv opp garden, som var til nedfalls, stelte på våningen, og sette opp ny driftsbygning og verkstad. Gunleik og Anna Skårdal hadde vanleg gardsdrift, dessutan dreiv Gunleik som tømmermann og snikkar.

Sonen Sverre tok over garden.

 

2) Sverre Skårdal, gardbrukar, eigar 1962-82, f 1919 d 1986 gm Anne H. Skårdal f. Gjenga 1920 på Sommerro u/Lie, Gransherad, d 1989. Born: 1 Gunleik f 1955, sjå 3). 2 Magne f 1956 gm Anne Nirisrud, Hjartdal, bustad Tuddal.

Sverre og Anne Skårdal hadde vanleg gardsdrift med mjølkekyr og grisar, og litt skogsdrift.

Sonen Gunleik tok over garden, dessutan Tjønnås sin part i sameiga i Briskero seter i Vindsjådalen.

 

3) Gunleik Skårdal, gardbrukar, eigar frå 1982, f 1955 gm Torild Møinichen Skårdal, gardbrukar, f 1958 på Kolbotn. Born: 1 Svein Olav f 1989.

Torild og Gunleik Skårdal driv med mjølkeproduksjon, sau og geit, og litt skogsdrift.

Samla jordbruksareal i 1939 var 90 dekar, av dette 10,6 dekar åker: 4 dekar kveite, 5 dekar havre og 1,6 dekar poteter. I 1965 blei det rekna 45 dekar dyrka mark. Da var det 1 hest, 1 okse og 6 kyr, 2 ungdyr, 5 sauer, 1 avlspurke og 30 fjørfe på garden, i 1971 om lag det same.

1986: 73 dekar dyrka mark og 820 dekar produktiv skog.

 

 

Tjønnåsdalen gnr. 83.3

Bruksnamnet er Tjønnåsdalen.

Tjønnåsdalen blei skyldsett og utskilt frå Tjønnås, gnr. 83.1 i 1930. Tjønnåsdalen er den tidlegare husmannsplassen Øvre Tjønnåsdalen, truleg rydda i 1740-åra.

 

1) Ola Knutson, brukar frå ca 1744 til sist i 70-åra, f 1719 på Sperdokk u/Fosse d 1793 her g 1744 m Herdis Petersdtr. "Fosse-eige" f 1716/21 d 1806 her. Born: 1 Ingebjørg f 1744 på Tjønnåsdalen gm Johs. O. Haugeberg, Hjartdal. 2 Torgon f 1746 d lita. 3 Torgon f 1747 ug., levde i 1793., budde på Tjønnåsdalen. 4 Knut f 1748, sjå 2). 5 Helge f 1753 d ung. 6 Anne f 1760 d ung. 7 Bergit f 1766 d s.å. Dei neste ungane har vi ikkje funne fødselsåret på: 8 Peder, levde i 1793. 9 Margit gm Halvor Kjetilson Roum, levde i 1793. 10 Kjersti, ug., levde i 1793. 11 Åste gm Ola O. Lia, Heddal.

Det blei heldt skifte etter Ola Tjønnåsdalen i 1795. Formuen i buet var 40 rd., og gjelda var 5 rd. Rudningen og husa var taksert til 40 rd. Innbu var ikkje nemnt i skiftetaksten.

Sonen Knut tok over.

 

2) Knut O. Tjønnåsdalen, brukar ca 1777- til etter århundreskiftet, f 1748 g 1777 m Bergit Jonsdtr. f 1753 d 1838 her. Born: 1 Anne f 1778 g 1799 m Jon Halvorson Bekkhus. 2 Ola f 1781 truleg g 1805 m Anne Halvorsdtr. Fosse, Nistugu. 3 Aslaug f 1785 gm Jon Torbjørnson Løngdal, Tuddal. 4 Jon f 1793, sjå 3).

Sonen Jon tok over plassen.

 

3) Jon K. Tjønnåsdalen, brukar ca 1820-33, f 1793 d 1833 gm Torgon Tarjeisdtr. f 1796 d 1860. Torgon gIIg 1839 m enkjemann Gjermund J. Rui. Born: Jon hadde 1 Bergit f 1815, mor Aslaug Olsdtr. Borna med Torgon: 2 Bergit f 1820 g 1842 m Gjermund Hanson Leine. 3 Ola f 1822 d 1840. 4 Tarjei f 1826, sjå 4).

Jon fraus ihel i fjellet i Tuddal i 1833. Det blir fortalt at Jon tok i veg for å få heim buskapen. Han såg det kom uver, og var innom syster si, Aslaug Løngdal for å låne eit par sokkar. Men ho hadde ingen sokkar å låne han. Det angra ho seinare. Natta til 2. september 1833 sette det til med eit fælt snøver. Dei fann Jon nordanfor Skinnattstulen. Han hadde tulla eit fiskegarn rundt føtene. På steinen som er sett opp som minne, står: J.K. S.D. 1833. Same natta fraus det ihel to jenter ifrå Gransherad nedunder vesle Gaustakne på Runhellhovet.

Torgon dreiv Tjønnåsdalen dei neste åra.

 

3a) Torgon Tarjeisdtr., brukar ca 1820-51, gIIg 1839 m Gjermund J. Rui. Ekteskapet var barnlaust.

 

4) Tarjei J. Tjønnåsdalen, brukar ca 1851-62, f 1826 gIg 1851 m Gunhild Torkelsdtr. Nybø, Heddal d 1862 her. GIIg 1871 m enkja Ågot Høljesdtr. Moen, Gransherad. Born i første ekteskap: 1 Ola f 1851 gm Gunhild Kristensdtr., Heddal. 2 Torkel f 1854. 3 Jon f 1857. 4 Tarjei f 1859.

Tarjei Jonson var underoffiser. Han og huslyden flytta til Haugen (?) etter 1862, og til Målarøygarden i 1871.

Plassen kan ha vore utan folk ei tid.

I 1870 flytta ein ny huslyd inn i Tjønnåsdalen, og den same ætta er der framleis.

 

5) Andres Torson Tjønnåsdalen, brukar 1870- 1929/30, f 1841 på Jonskås i Tuddalsdalen, voks opp i Tangen, Ørvella d 1929/30 g 1871 m Tora Halvorsdtr. f 1850? på Sauar i Heddal d 1937. Born: 1 Anne f 1871 gm Hans Enggravslia, Frølandgrenda. 2 Halvor f 1874 gm Mari Jonsdtr. Kåsa u/Folsland i Gransherad f 1871. Dei budde og arbeidde på Tjønnås i 1900. 3 Tor f 1878, han var skomakar, gm Gunhild Øystul, Sauland. Dei budde først på Myre, så kjøpte dei Sauarlia i Heddal. 4 Johannes f 1880, sjå 7). 5 Tora f 1886 d 1969 ug., dreiv jordvegen Duverud i Heddal.

Andres var gardsgut på Kleppen i mange år, og kalla seg Kleppen i giftaråret. Da han og huslyden kom til Tjønnåsdalen sto der ei spontekt lita stove med kave og re. Fjøs var der ikkje, berre ei lita løe. Andres og Tora flytta husestaden i Tjønnåsdalen lenger ned i lia, og bygde ny våning. Ved sida av drifta av Tjønnåsdalen hadde Andres pliktarbeid på Tjønnås. Han måtte slå 4 slåttar, skjere 4 mål korn og rake ei veke for avgifta, som blei rekna etter gangbar pris. Det var om lag 40 øre dagen for rakst og om lag 80 øre for slått og skurd. Dei siste åra hadde dei to kyr, men da måtte dei ruske og lauve mykje for å fø dei over vinteren. Dei svalt ikkje, men maten var skrinn og ofte i snauaste laget, mintest Johannes A. Tjønnåsdalen.

I 1930 blei Øvre Tjønnåsdalen utskilt og selt ifrå Tjønnås. Hjartdal formannskap selde eigedomen til Johs. A. Tjønnåsdalen for kr 4000., men på dei vilkår at Tjønnåsdalen skulle ha hamn og beiterett i kommuneskogen, og at garden Tjønnås fekk ha køyreveg over Tjønnåsdalen sin eigedom.

 

7) Johannes A. Tjønnåsdalen, eigar og brukar 1930-48, f 1880 d 1970 gm Gunhild Haugen f 1896 i Tinn Austbygd d 1982. Born: 1 Tora f 1919 ug., bustad Heddal, har vore kokke. 2 John f 1922, sjå 8).

I unge år var Johannes gardsgut. Han var ei tid på Ned-Omnes, så 16 år på Gvannes i Sauherad, og arbeidde både med skogs-og gardsarbeid. Han hadde også skogsarbeid ved sida av drifta på Tjønnåsdalen, mest køyring og hogging. I 1948 tok sonen John over.

 

8) John J. Tjønnåsdalen, eigar og brukar 1948-87, f 1922 d 1992 gm Ingrid Bergsland f 1916 i Hjartdal. Born: 1 Gunhild f 1952, anestesisjukepleiar, gm Åsmund Sudbø, siv.ing. i Televerket, bustad Oslo. 2 Ole Johannes f 1956, sjå 9).

På Tjønnåsdalen har dei hatt vanleg gardsdrift. John Tjønnåsdalen hadde tømmerkøyring som attåtnæring i 30 år. Han køyrde både på Ålamoen og i Lien, og bruka hest til 1970, seinare traktor.

I 1964 fekk John Tjønnåsdalen kjøpe Tjønnåsdalen nedre, gnr. 83.6, d.e. Ned-Dalen, og han dreiv både Tjønnåsdalen og Ned-Dalen.

John Tjønnåsdalen var kyrkjetenar i Sauland 1975-89 og tilsynsmann i fattigstyret frå 1946 og frametter. Han var og medlem av jordstyret.

I 1987 var det heimelsovergang til Ole Johannes Tjønnåsdalen på Tjønnåsdalen og Ned-Dalen.

 

9) Ole Johannes Tjønnåsdalen, heimel frå 1987, f 1956, ug., byggmeister.

Samla jordbruksareal i 1939 var 18,5 dekar, av dette 5,2 dekar åker: 3 dekar bygg, 1 dekar havre og 1,2 dekar poteter.

I 1971 blei det rekna 25 dekar på Tjønnåsdal-en, Ned-Dalen medrekna. Da var det 3 kyr, 3 ungdyr og 9 sauer på garden.

1986: 20 dekar dyrka mark, 175 dekar produktiv skog.

 

 

Tjønnåsdalen nedre, gnr. 83.6

Bruksnamnet er Ned-Dalen eller berre Dalen

Ned-Dalen blei skyldsett og utskilt frå Tjønnås i 1964, og har vore bruka saman med Øvre Tjønnåsdalen etter den tid. Husmannsplassen Ned-Dalen er truleg rydda på 1760-talet, noko etter at dei rydda den øvre plassen.

Det var folk ifrå Tjønnås som rydda Ned-Dalen.

 

1) Kjetil Hanson Tjønnås, truleg i Ned-Dalen frå ikring 1760, f 1720 d 1770 gm Anne Halvorsdtr. d 1762 her. Born: Kjetil hadde sonen Hans f 1753, levde i 1762, mor Anne Torkelsdtr. Venås. Borna med Anne Halvorsdtr.: 2 Mari f 1756 på Øyen, i teneste på Rui i 1772. 3 Ingrid f 1759 på Øyen, tente på Lonar i 1772. 4 Hege eller Helge f 1761, tente på Bø i 1772.

Det blei heldt skifte etter Anne Halvorsdtr. i Dalen eller Ned-Dalen i 1762. Formuen i buet var 178 rd., og gjelda var 32 rd. Denne buskapen var med i skiftet: 1 blakk, niårs hest til 4 rd., 3 kyr til 5 rd. 3 ort, 5 rd. og 3 rd., 3 sauer og 2 lam. Kleda som var med i skiftet må ha vore kjøpeklede: 1 stakk i blå stamet med liv i sars og med messingmaljer, 2 rd., og 1 trøye i svart klede med border i fløyel, 1 rd. 1 ort. Av sølvsaker kan nemnast 1 takkesølje, 2 sporesøljer og 1 ring med lauv.

I 1772 blei det heldt skifte etter enkejmannen Kjetil Hanson. Det kan sjå ut som han budde på Tjønnås sistpå. Formuen i buet var 92 rd., gjelda var 26 rd., og netto formuen blei 66 rd. Fast eigedom er ikkje nemnt.

Dei neste i Ned-Dalen kan ha vore Halvor Kjetilson og huslyden hans.

 

2) Halvor Kjetilson, brukar frå ca 1785 til etter århundreskiftet, f ca 1744 gm Margit Olsdtr. f ca 1752. Born: 1 Margit f 1785. 2 Liv f 1790. 3 Anne f 1793. 4 Ola? Sjå 3).

Truleg var det sonen som tok over plassen.

 

3) Ola Halvorson, kan ha vore brukar ca 1811 - 1820-talet, f ca 1776 truleg d på Sælebotsmoen i 1845 gm Åste Torsdtr., truleg d i Eidanger. Born: 1 Halvor f 1811. 2 Tov f 1815, flytta til Eidanger og kalla seg Tov Mule. 3 Margit f 1821. 4 Åste f 1818. 5 Anne f 1825.

I 1859 søkte Tov Mule Hjartdal fattigkasse om tillegg til dei 10 spd. han hadde fått til å forsørge mor si. Han fekk 2 spd, men om det ikkje blei godteke, "... er det Fattigkommisjonens Bestæmmelse at afhente hende og indsætte hende i Lægd". Kven som skulle ha ansvaret for dei utflytta hjartdølane som trong stønad, var eit hovudproblem for fattigstyret. Sjå Tåterhus.

I 1864 fekk Svein og Liv ifrå Sviving feste på Ned-Dalen.

 

4) Svein Høljeson Sviving, brukar ca 1862-80, f 1814 d 1880 g 1847 m Liv Olsdtr. Haukås, f 1819 i Tuddal. Born: 1 Ragnhild f 1848 d 1904 gm Ola O. Runningen, Hovde i Tuddal. 2 Torbjørg f 1849 gm Torgrim Gunleikson Gauverud, kjøpte Listul i Skårdalgrenda. 3 Ola f 1851 d s.å. 4 Gunhild f 1852 ug., arbeidde som sydame og hadde sitt eige hushald på Tjønnåsdalen. 5 Tore f 1855. 6 Ola f 1857, sjå 5). 7 Bergit f 1860 d 1862.

Svein Høljeson og huslyden hans fekk feste på Ned-Dalen i 1864.Sonen Ola tok over.

 

5) Ola Sveinson, brukar ca 1880 til etter århundreskiftet, f 1857 d 1911 i Bakken u/Havstein i Gransherad gIg m Tone Torjusdtr. Dalen, f 1859 i Dalen u/Venås, Tuddal. GIIg m Tone Olsdtr./Gulliksdtr.? f 1858 i Heddal d 1939 i Bakken. Born i første ekteskap: 1 Ola f 1883 d s.å. 2 Liv f 1884 d 1944 i Heddal, ug. 3 Gunhild f 1886 d ug. 4 Ragnhild f 1888 ug., ho tente på Havstein hjå Andres Bø. Born i andre ekteskap: 5 Gunleik f 1894 d 1972 gm Ingebjørg Olsdtr. Særsland. 6 Anne f 1897 gm Leiv Særsland, Koparviken.

Ola og huslyden flytta til Bakken i Gransherad.

 

6) Ned-Dalen blei bruka som leigebustad for kommunen i fleire år. Mange familiar budde der berre kort tid, og flytta att.

 

6a) Ola og Bergit Bakken kom til Ned-Dalen frå Hovin. Tidlegare budde dei i Bakken u/Bø, sjå der.

Den neste huslyden blei i vel 15 år:

 

6b) Torkel J. Lappebakke f 1905 på Ørvellsanden d 1984, gm Ingrid Moen Vestafe f 1905. Born: 1 Gunhild f 1926 d 1943, ug. 2 Jon, bustad Notodden. 3 Hans gm Aslaug Dalen, Lisleherad, bustad Notodden. 4 Signe f 1931 gm Arnfinn Schia, Vestafe.

Familien Lappebakke budde i Ned-Dalen til 1943. Dei var dei siste fastbuande i Ned-Dalen. Seinare flytta dei til Notodden.

Kommunen sette opp stove og stall, som blei bruka av tømmerkøyrarar. Stova brann i 1958.

I 1964 blei Ned-Dalen utskilt frå Tjønnås og selt av Hjartdal kommune til John Tjønnåsdalen, som tilleggsjord til Øvre Tjønnåsdalen. Jordvegen har blitt bruka derifrå seinare.

I 1939 var det 10 dekar jordbruksareal på Ned-Dalen, av dette 1,6 dekar åker.

 

 

Geitebudalen

Geitebudalen var bustad seinast frå 1860-talet og ein mannsalder frametter. Både Geitebudalen og Øvre og Nedre Tjønnåsdalen blei ofte nemnt for berre Dalen i kyrkjebøker og folketeljingar, og det kan stundom vere uvisst kven av plassane det er tale om.

Geitebudalen var fråflytta før århundreskiftet.

I 1864 fekk Ola Halvorson og huslyden hans feste på plassen Geitebudalen.

 

1) Ola Halvorson, brukar frå ca 1864 til etter 1875, f 1823/26 på Sud-Skårnes g 1847 m Margit Gunleiksdtr. Tåterhus f 1822 d 1868 her. Born: 1 Halvor f 1847. 2 Anne f 1849 d 1874 her. 3 Gunleik f 1851 g 1875 m Tone Halvorsdtr. Simonnes, til Tåterhus. Tvillingane 4 Ola f 1855 levde i 1865 og 5 Bergit f 1855 d lita? 6 Ola f 1858 til New York, USA i 1883. 7 Margit f 1860 budde heime i 1875. 8 Ragnhild f 1866, flytta til broren i Tåterhus.

Seinast i 1891 bruka ein ny huslyd plassen.

2) Hans Gullikson, husmann og dagarbeidar i 1891, f ca 1855 i Tangen gm Aslaug Jonsdtr. f ca 1859. Born: 1 Gunleik f 1880. 2 Aslaug f 1883.

Huslyden flytta til Moen u/Fosse i 1890-åra. Dei var truleg dei siste i Geitebudalen. Der har ikkje vore hus i manns minne.

 

 

Tåterhus

Uttale: "tåterus"

Tåterhus blei truleg rydda på 1820-talet, og hadde folk i mest 100 år frametter.

1) Gunleik Tovson, brukar frå 1822, f 1794 g 1822 m Anne Torjusdtr. f 1793 på Espeli i Tuddal d 1871 her. Born: 1 Margit f 1822 g 1847 m Ola H. Sud-Skårnes, sjå Geitebudalen. 2 Kari f 1824 d 1826. 3 Jon f 1827, sjå 2). 4 Ragnhild f 1830 d 1832. 5 Tov f 1833 sjå 2a). 6 Ragnhild f 1835 d 1871 g 1865 m Nils Kjetilson Haugetuft, Heddal, til Løkka ved Haugetuft.

Foreldra til Anne var Torjus Anundson Flugon og Kari Årsteinsdtr. Espeli. Kari hadde kår hjå Anne og Gunleik, og døydde i Tåterhus i 1830.

Jenta Aslaug Tovsdtr. Tåterhus, f i Tuddal, alder ikkje oppgjeven, blei forsørgt av fattigkassa. Aslaug hadde arbeidd på gardar i Heddal i fleire år, og ho hadde dessutan "ført et omflakkende Liv". Etter kvart kom fattigkommisjonen til at ho heller burde få stønad frå Heddal, og det var langvarige drøftingar mellom dei to kommunane. Til sist blei ho sett bort på redusert stønad. Utgiftene til dei fattige steig sterkt i denne tida. Det var fleire vanskeleg stilte som trong hjelp, og fattigloven frå 1845 sette nye krav til det offentlege. Samstundes var det sett eit skarpt skilje mellom dei "verdige" og "uverdige trengende". Det er tydeleg at fattigkommisjonen meinte Aslaug hadde levd "uverdig", mest som lausgjengar. Det blei ikkje tatt nådig opp.

Tåterhus låg i storskogen mot Gransherad, og der tassa både bjørn og ulv i førre århundret. Anne kom ut for bjørn nokre dagar før ho gjorde barsøl. Etter gamal folketru vakta bjørnen på slike. Ho gjette i Kåsa nedanfor Tåterhus. Da kom ein bjørn byksande ut frå skogen, og det var så vidt Anne fekk redda seg opp på ein høg stein. Der sat ho, og kyrne fór til skogs. Karane som drog ut på leiting, fann dei att ved Elgevad. Dei hadde vore i tak med bjørnen, det låg hårdottar på horna. Seinare på sommaren skal bjørnen ha vore til burstroppa på Tåterhus fleire gonger.

Mannen Gunleik skulle til Omnes å smie. I mørkret på morgonkvisten flaug fleire skrubbar på han. Gunleik slo frå seg med ei øks, medan han dekte seg bak ei furu. Han berga seg, men den sundhogne furua sto lenge som eit minne.

2) Jon Gunleikson, brukar ca 1851 til etter 1875, f 1827 g 1851 m Kari Kjetilsdtr. Haugetuft, f 1830 i Heddal. Born: 1 Bergit f 1855 g 1880 m Ola O. Kåsa, Sauland, f på Nystul, dei reiste til Amerika før 1883. 2 Anne f 1857. 3 Kjetil f 1863. 4 Gunleik f 1869. 5 Ola f 1872.

Kari Kjetilsdtr. hadde vore tenestejente hjå Kjetil Hartvigson Myrejord, Hjartdal, før ho gifta seg. Ho måtte gå til sak for å få utbetalt løna si etter ho var gift. Jon og Kari flytta til Heddal, og kjøpte Haugetuft.

2a) Tov Gunleikson, medbrukar i 1860-åra, f 1833 g 1868 m Aslaug Johs.dtr. Øyen, f ca 1845 i Heddal. Born: Tov var far til tvillingane 1 Gunleik og 2 Tov f 1859, mor Aslaug Halvorsdtr. Busterud. Born med kona Aslaug: 3 Gunleik f 1869, reiste til USA, seinare Canada.

Det er uvisst kor dei seinare budde.

Den neste huslyden kom frå Geitebudalen.

3) Gunleik Olson, brukar ca 1875-ca 1890-åra, f 1851 i Geitebudalen d før 1900 g 1875 m Tone Halvorsdtr. f ca 1850 i Heddal,(Simones?). Born: 1 Olav f 1876 skomakar, gm Ingebjørg ifrå Lykkja? 2 Halvor f 1879. 3 Johannes f 1882, også han var skomakar, gift på Moen, Vestsida, og hadde døtrene Tone og Margit Tåterhusmoen. 4 Margit f 1887. 5 Tora f 1889 gm Jon Lauvøya, Grønnvollfoss. 6 Anne f 1890 d 1926 på Sætre, Gransherad, gm Andres Gunleikson Sætre.

Olav Gunleikson og huslyden flytta ifrå Tåterhus etter 1910. Etter deira tid var det folketomt nokre år, til familien Løngrav busette seg der.

4) Eivind Haraldsen Løngrav, i Tåterhus ca. 1918-ca 1928, f 1881 i Tørdal d 1950 gm Gunhild f 1882 d 1962. Born: 1 Harald, ugift. 2 Hanna gm Ketil Åsen, Tuddalsdalen, bustad Rjukan. 3 Aslaug gm Gunleik Øverbø, Hjartdal. 4 Gullborg gm Ola Hagen, Heddal.

Familien Løngrav kom frå Maurebrekke på Tuddalsdalen. Dei fekk leigekontrakt på Tåterhus i 1918 ifrå Hjartdal kommune, og Løngrav dreiv som tømmerhoggar i kommuneskogen.

Etter at Tåterhus var fråflytta, blei plassen bruka som sommarbustad nokre år. No er der ikkje hus.

Samla jordbruksareal på Tåterhus i 1939 var 10 dekar, av dette 0,5 dekar åker.

Heimelskvinner og -menn:

Anlaug Tinnes Mork f 1890, Mathis Torbjørnsen f 1882, Ambros Mosrygg f 1907, Sverre Skårdal f 1919, Olav O. Brubakken f 1907. Anna Skoje Hannestad f 1906,

Hans Skoje Hannestad f 1942,

Lars L. Skoje f 1913,

Leif L. Skoje f 1950,

Magnhild Kristine Særsland f 1949,

Olav Tinnes Mork f 1926,

Liv Kirsten Tinnes Mork f 1936,

Liv Tone Tinnes Throndsen f 1965,

Olav Kallhovd f 1917,

Mari Hagalia f 1917,

Tone Ødegården f 1920,

Helga Moland f 1929,

Torild Møinichen Skårdal f 1958,

John J. Tjønnåsdalen f 1922,

Eilef Deilkås f 1921.

 


Haugangrenda og Rue

Til toppen av sida

Grannehøve. *
Folketal, næringsvegar. *
Lægje, vegar. *
Grenser. *
Marknamn. *

Matrikkelgarden Haugan gnr. 30 *
Brukarar Haugan *
Øvre-Haugan *
Øvre Haugan gnr. 30.1 *
Haugane, Gjerjordet gnr. 30.2 *
Nedre-Haugan Nedre-Haugan gnr. 30.3 *
Haugan Bakskjurt gnr. 30.7 *
Kleiva eller Kleiven u/Haugan *
Armodshaugen u/Øvre-Haugan *
Uksedalen u/Øvre Haugan og Rue. *
Haugan Bergrud gnr. 30.9 *
Haugstad gnr. 30.11 *

Matrikkelgarden Rue gnr. 38 *
Eigarar *
Brukarar *
Rue eller Rui Uttale: re *
Rue, løpenr. 77 *
Rue, løpenr. 77a *
Rue løpenr. 77 c, sjå Rue gnr. 38.1. *
Rue løpenr. 78 *
Rue løpenr. 79 *
Anundsdtr., sjå Løksli. *
Rue gnr. 38.1 *
Uksedalen, plass u/Rue *
Nedre Einarjordet  *
Gullhaugen gnr. 38.3 *

Heimelskvinner og - menn: *

Grannehøve.

Haugangrenda og Rue strekkjer seg langs dalføret frå Vesleå i "sud" til Gjerå i "nord". Haugangrenda ligg på "nordsida" av Vesleå, i det skiftande lendet ovom Djupedalsgrenda og med Flisingsåsen tronande attom seg. Rue ligg lenger "sud", i dalsida ned mot Vesleå.

Til det gamle bedlaget var rekna dei to Haugangardane, Gjerjordet, Baksjult og Rue, alle heimsides Vesleå. "Å`en" delte. Vesleå var dele mot sud, og Gjerå mot nord. Seinare har det i røynda vore to bedlag, men bedlaget endrar seg etter bustaden. På Øvre-Haugan reknar dei med Nedre-Haugan, Gjerjordet og Øverbøgrenda. Nedre-Haugan reknar med Rue, Baksjult, Bergrud, Luten og Sud-Haugen.

Etter som det tynntest med folk, og på grunn av slektskap, har Rue og Baksjult jamvel rekna med Åkregardane, Fossjordet og Gjuvsgrenda. Det har vore lite sambruk i nyare tid. Kjetil Haugan f 1913, hugsar grannane hjelpte einannan med potetopptaking og tresking. Dei bruka handmaskin til treskinga, og da trongst mange hjelparar. Dei var tre til å dra, ein til å mate, og ein til å råkå unda halmen. Det var "ein fæl svinejobb." Kjetil var rundt hjå grannane i 14-15 års alderen, og fekk 1 krone dagen for dette arbeidet.

Men ungane måtte arbeide lenge før dei slutta skulen, så sant der var arbeid å få. Det var skule annan kvar dag, og arbeid elles. Kjetil hogg ved, og tok andre småjobbar. Ved eit høve fekk han eit par bjørkeski i betaling etter tre dagars arbeid. Da han var 9-10 år gamal, var han i arbeid hjå Gunleik Gjuv på Nord-Gjuv. Gunleik slo med maskin, og Kjetil skulle rake unda. Det var mykje gras, og guten var ikkje rask nok for Gunleik. Han var so sinna, at Kjetil stakk heim. "Du gjorde rett du, som reiste," sa `n da dei møttest etterpå.

Heime var det au arbeid, vedhogst, vassbering, høybering frå låven langt nedi jordet, og snømåking. Det var fri laurdag etter kveldsmat, i seks-sju tida. Ein skulle ikkje arbeide på sundagen,- om ein ikkje gjætte.

Etterkvart var gutane også med og braut åker. Vinterstid dreiv dei rjupefangst, og hjåsåjakt. Viltet leverte dei på butikken, hjå "Leiv Huset". Dei var som regel to i saman, men Kjetil Haugan gjekk åleine au. Dei gjekk horr dei ville, i Lislefjell og ved Hågåvatn, og låg på Breidvatn når dei jakta. Men det var lite å få.

Kjetil Haugan hadde litt arbeid da dei starta med vegen frå Betel tidleg i 1930-åra. Det var naudsarbeid. Kjetil fekk kr. 1.50 for dagen. Ei "vikusniste" kosta fem kroner den gongen. Ein fekk fem brød for ei krone.

Det har vore lite dugnad i dette grannelaget i manns minne, men da dei flytta låven på Øvre-Haugan i 1922, var det dugnad. Folk i grenda var mykje i lag. Før i tida kom grannane til kvarandre berre for å prate. Dei fekk den moroa dei laga sjølv. Kjetil Haugan hugser dei gjekk julebukk. Det var oftast vaksne som gjekk, både kvinnnfolk og karar. Dei hadde forseggjorde masker og utstyr elles, mest filler av ymse slag. Dei gjekk som regel til alle i grenda, og fekk kaffi eller øl. Av og til så dansa dei, og det råka at huslyden dansa med.

Grannane kom sjølvsagt i gravferd og barsøl. Til barsøl i mellomkrigstida hadde dei med anten graut eller kake. Grautane hadde dei anten i grautespann eller store glasbollar, og dei var fint pynta med eggebåtar. Barselkjerringa låg i stugo. Anne Lofthus var mykje bruka som barselkjerring.

Folketal, næringsvegar.

Hovudnæringa har vore fedrift og jordbruk. Folketalet var på det høgaste i perioden 1835-75. I 1835 var det 41 menneske, i 1865 var det 42 menneske i grenda. Utvandringa til Amerika tok til i 1847. Frå 1847 og ut århundret reiste meir enn 30 menneske til Amerika, og andre flytta ut or bygda. Tidlegare i århundret flytta fleire huslydar frå Seljord og til Haugangardane og Rue. Mange av dei reiste att.

Etter dei offisielle tala for buskap, utsæd og avling, var det ein stor nydyrkingsperiode tidleg på 1800-talet. Etter tala i 1835, hadde korndyrkinga auka lite dei siste 100 åra. Den store, nye åkervidda gjekk til poteter. I 1835 sette dei 16 tunner med poteter på Haugangardane og Rue. Frå 1801 til 1835 var folketalet nesten tredobla. Det var truleg poteta dei overlevde på. Dyretalet var godt over dobla mellom 1723 og 1835, men det er uvisst når den største auken kom. I 1874 var dyretalet gått noko ned i høve til tala frå 1835. Potetdyrkinga hadde stagnert, men det var ein liten auke i korndyrkinga. I 1845 hadde Rue overskot av korn. Men i 1875 var det like mange menneske i grenda som ein mannsalder tidlegare. Først i 1891 mona det. Da var det 14 menneske i grenda, om lag det same som i 1723 og i 1801. Reknar ein dei næringsmidla som garden gav per hovud, var dei magraste åra mannsalderen frå 1845. Da var det også at storparten av emigrantane reiste.

Det var mange som reiste sist i 1920-åra også. Da var det rein fattigdom i mange heimar, aldri noko til overs. Dei hogg nokre få kubikk med tømmer for året, og fekk oppgjer om våren. Dette var stort sett dei pengane dei greidde seg med. I denne tida drog tre jenter og to gutar frå Sud-Gjuv, to gutar frå Gjerjordet og ein gut ifrå Øverbø til Canada. Da Olav Øverbø skulle reise, samla brørne i saman pengar til billett for han. Det var vel og så at kommunen løyvde pengar for ungdom som ville til Canada i 1920-åra.

Ingen av gardane har hatt fast skogsdrift i nyare tid. I 1994 lever ingen i grenda av gardsbruka åleine. På tre av fem bruk leiger dei bort jordvegen.

Lægje, vegar.

Haugangardane ligg midtlies og solvendt, 350 - 375 m o.h. Gjerjordet ligg "nord" og ned for Haugangardane, 330 m o.h. Baksjult ligg for seg sjølv attom Flisingsåsen, 575 m o.h. Sjå grendekart, Øverbøgrenda. Rue, 330 m o.h., den og einbølt, ligg brattlendt i "sud"-hellinga ned frå Flisingsåsen mot Vesleå. Bustaden Bergrud, som blei rydda i 1930-40-åra, ligg ned for Nedre-Haugan i delet med Haugengardane, om lag 290 m o.h.

Den nåverande køyrevegen gjennom Haugangrenda blei anlagt i anleggstida, tidleg i 1950-åra. Ein eldre veg blei bygd av folk i grenda i 1938/39.

Den blei starta som naudsarbeid tidleg i 1930-åra, og tok til ved bedehuset ved Løksli. Sjå der. Tidlegare var dette gangeveg og hesteveg ned i bygda. "Det va` dær me kjørde." Vegen kom over Gjerjordet, svinga aust, forbi smia og opp attom loftet på Nedre-Haugan, og kom att mellom husa på Øvre-Haugan. Derifrå svingar vegen tvers over jordet og endar like ved husa på Nord-Gjuv.

Før grendevegen kom, måtte folk i Haugangrenda ned til Sud-Haugen der dei kom inn på ein gamal bygdeveg ned til Gvammen. Denne vegen hadde stikkvegar til Brennøyen og Bjørklund på Øvre-Funnerjordet. Men dei kunne også ta den gamle hovudvegen som kom opp ifrå Luten, og som gjekk over Hesteberget og Armodshaugen og nord til kyrkjebygda. Grendevegen frå Øverbø og Haugan kom ned der. "Me heldt kon te Nord-Bygda". Da bruka dei tremeislede eller frakta på hesteryggen når dei skulle ned til landhandelen på Mælands-Moen. Ungane drog gjerne til "Leif Huset", for "... der fekk me ein ørrliten dropsepåse." Ein gangestig til Gvammen gjekk rett ned bakken om Luten og Djupedal. Skulevegen gjekk bort Bratland og ned Bergstigen, og kom att ved Gullhaugen, der skulehuset i Gvammen låg før.

På Baksjult bruka dei hesteveg ned til Øverbø og forbi Gjerjordet. Ein gangestig kjem "rett upp neate" over Rue, Einarjordet og Hytteteigen`. Bufarsvegen på sida av Flisingsåsen gjekk i ei gutu tre meter frå husveggen på Baksjult.

Grenser.

Haugan grenser mot Gjerå i "nord", (vest) og med gjerde, steingardar og deilder mot Øverbø høgre opp i dalsida og i lidraga attom Flisingsåsen. Ned mot bygda grensar Haugan frå Gjerå og sudetter mot Haugengardane, og vidare mot Luten og Nord-Djupedal til Rue støyter mot. Gjerå, kjem truleg frå gno. gerdr, f. som tyder gard, gjerde. Gjerå er dessutan skilje mellom Nord-bygda og Sud-bygda i Hjartdal, sikkert eit eldgamalt skilje. Rue grensar med gjerde mot Djupedalsgardane til Vesleå, som er dele mot "sud" ( aust) opp dalsida til Nord-Gjuv støyter mot. Haugangardane kjem att med grense mot Vesleå i utmarka høgre opp i dalsida. Når rydda. Haugan er rydda ein gong i gamalnorsk tid. Namnet Haugan, frå gno. haugr m., er bestemt form fleirtal av haug. Haugane er eit naturnamn som teiknar lendet der garden ligg. Gjerjordet, d.e. jordet ved Gjerå, er eit mykje yngre namn, truleg frå 1700-talet da området blei dyrka. Baksjult, uttalt med tjukk l, og ofte feilskrive som Baksjurt, har vel namnet etter lægjet. Bakjult var opphavleg plass, rydda på 1700-talet, og den ligg baksølt, i ei dokk ned for Flisingsåsen. Rui, frå gno. rudi, tyder rudning. Lokalt brukar dei skrivemåten Rue. Garden blei rydda ein gong i mellomalderen. Lægjet er typisk for dei talrike rudgardane frå den tida, - i utkanten av ein eldre gard. Rue låg øyde i nedgangstida etter Svartedauden. Deling. Haugan blei delt i to jamstore bruk i 1690-åra. I 1806 blei Øvre-Haugan delt på nytt, jamvel denne gongen i to jamstore bruk. Da blei Gjerjordet utskilt, og dei to bruka blei skyldsett til 1 1/2 tunne kvar. Baksjult blei eige bruk i 1915, utskilt frå Nedre-Haugan.

Rue er udelt. Hus, tun. På Øvre-Haugan har Anne Nordbø Haugan og Jan Haugan flytta husestaden høgre opp i jordet. Da dei skulle ta over garden, var der ikkje tidsmessige hus. Dei bygde ny våning i 1981, og nye uthus innreidd for sau, i 1993. Husa på den gamle tunstaden stend. Alderen på våningen er uviss, men den var opphavleg ei tømre. Det sto eit eldhus "ommåfe" den gamle låven, vegen gjekk rett attom. Der var eitt, stort rom, med gråsteinspeis og ein gamal komfyr. Heile huslyden flytta dit om sommaren. Elles blei eldhuset bruka til koking, slakting og vask. Eldhuset sto til anleggstida. Loftet er gamalt. Låven sto langt nedi jordet, på flata nedanfor den gamle husestaden. Den blei flytta opp på dugnad i 1922. Det var ein tung jobb å bere høyet opp frå den gamle staden. Det gamle, tømra fjøset sto rett "nord" for husestaden, innåt den tidlegare hovudvegen. Hans H. Haugan bygde nytt fjøs på 1950-talet. Det er ikkje smie på Øvre-Haugan. Der var eise ute i tunet. Som oftast fekk dei vatn frå ein bekk "rett ommåi" stugo. Dei fekk innlagt vatn i anleggstida.

Nedre-Haugan ligg lenger "sud", utpå brotet mot Djupedalsgrenda. Rett attom den nåverande kårstova er ein uvanleg god brønn. Den gamle, tømra stova med hjørnepeis sto på denne plassen tidlegare. Kårstova blei bygd som verkstad i 1942/43. Aslaug Åbø Haugan og Sverre Haugan bygde ny våning lenger utpå brotet i 1982. Der sto ei stove frå 1907, bygd på dugnad etter brannen. Tidlegare sto ei anna nystove på same plassen. Den gjekk med i ein brann same året.

Loftet på Nedre-Haugan står "nord" i tunet, mellom kårstova og den nye våningen. Bygningen sto "bortpå jordet" tidlegare. Loftet er frå mellomalderen, og somme meiner delar av tømra er frå før 1350. Arne Berg trur heller bygningen er frå slutten av mellomalderen. Bygningen blei restaurert av Riksantikvaren i 1991/92, og er freda. Loftet er ombygd fleire gonger. Opphavleg var det eit jarloft. Seinare tok dei syllstokkane til botnramme da dei løfta huset opp på stokkar.

Det er spor etter eit omfar som er teke bort i høgda. Dei store dimensjonane på dei nåverande stokkelaga, tyder på at huset kan ha vore mest likso høgt i gamal tid, da det var jarloft. Elles er fleire endringar gjort. Det gamle buret hadde korkje innkledd sval eller bursre. Sjølv om dei reknar at bur og loft er tømra på same tid, har t.d. dørene ulik utforming. Beitskiene til bursdøra er rikt dekorerte i karveskurd. Arne Berg meiner skurden minnar om portalplankane frå Tuddal stavkyrkje, bygd ein gong etter 1369. Seinare har beitskiene blitt avhogne på ulike plassar, slik at midtpunkta i dekoren, som skulle vore jamhøge, ikkje står jamsides. Beitskiene er også delvis tildekte av stolpar til dei nyare deleveggane i bursvala. Heller ikkje dekoren på beitskiene til loftsdøra samsvarar. Der er beitskiene forma som halvsøyler, og er elles utan annan dekor. Båe dørene har bjørnelåsar. I loftet sto to senger til etter 1900. Det er spor etter hjell over døra. Gamle bygningar, som Hauganloftet, fortel soge på sitt eige vis. Det er knytt mange hende til Hauganfolka, og til bygningane dei levde blant.

Det heiter at ei vrang og mektig enkje styrde Haugan da dei bygde loftet. Ho kasta forkledet imellom da tømrarane la nye omfar, heiter det. Var der ikkje tydelege avtrykk etter stokkane heile vegen, måtte arbeidsfolka til på nytt. Tømmermennene gjorde framifrå arbeid i alle høve. Dei svære stokkelaga ligg så jamt som om dei skulle ha vakse i saman.

Kanskje enkja som segna siktar til heitte Egelev? Ho var etter alt og døme både rik og mektig, og ho sat enkje på Haugan frå 1590-åra. Det er ikkje urimeleg å tenkje seg at ho ville stelle på både det eine og andre på garden, og ikkje minst på loftet. Loftet var den bygningen på garden som folk la mest vekt på, når dei ville framheve at dei sat godt i det. Var det i Egelev si tid at loftet blei lyfta opp på stabbar? På ei beitski i andre høgda står årstalet 1771. Det skriv seg sikkert frå utbetringar etter eigarskiftet i 1770. Da kjøpte Harald Dysjå både Øvre og Nedre Haugan. I skiftet etter kona hans i 1771, er det nemnt at dei hadde utbetra husa. Det var kokehytte, ikkje eldhus på Nedre-Haugan. Dei gamle uthusa på garden sto spreidt, slik skikken var. Det gamle fjøset sto på den nåverande plassen, men låven sto "uppi bakken", og stallen sto i utkanten av tunet. Låven på Nedre-Haugan brann sist i 1880-åra. Heile buskapen gjekk med i brannen. Sjå u/brukarar. Uthusa var samla da Marie Haugan kom til garden, i 1949. Dei bygde ny låve i 1940. Arbeidsfolka sat på låvetaket da dei fekk krigsmeldinga den 9 april. Det nåverande fjøset blei bygd i 1955. Det står smie "ende nedi bakken", nedom stabburet. Søren Haugan d 1968, bruka smia, som er til nedfalls. (1995).

Nedre-Haugan hadde kjone "uppi bakken", i mellom den gamle låven og fjøset. Det heiter at ei kjerring på Haugan la mat til haugetassen under burshella. Sjå u/brukarar, V). I ein annan versjon heiter det at dei bar ut mat kvar høgtidseftan, "... paa ein flat stein millom bure og stogo." På Gjerjordet var det gamle tømrer da Olav og Signe tok over garden i 1937. Dei bygde ny våning i 1944, og enda ein våning lenger ned i tunet i 1958. Frå 1977 har den eldste våningen vore kårbustad. Loftet er flytta, og gardsvegen blei lagt over den gamle tufta. Uthusa blei bygd nye i 1936/37. Gullik Gjerjordet bygde murarverkstad på garden i 1994. I Baksjult var det dårleg med hus da Tor Djupedal tok over eigedommen i 1915, sjå u/brukarar. Tor sette opp stove, uthus og loft. Stova, ei påbygd tømre, blei rive i 1994. Olav Djupedal bygde ein ny våning på same tomta.

Loftet blei bygd i 1943, og måla i 1967. Det granne vyrkjet blei henta i Vesle Kåsåbrotet ovanfor garden. Eldhuset i reisverk står framleis. Uthusa "datt" vinteren 1988. Ei gardssag blei opprusta i 1995. Husa på Bergrud er bygd av Olav Bergrud. Stova blei bygd i 1941, og er seinare påbygd. Verkstaden, med alt utstyr, gjekk med i brann i 1986. Den er seinare bygd opp att som hytte.

Tunstaden til Rue ligg i hallande lende, med "innhus" og "uthus" i kvar si rekkje. På Rue er dei gamle tømrene bygd inn, så dei framstår som nye, panelte bygningar. Våningen var opphavleg ei tømre på to høgder. Den blei ombygd og påbygd av Hans Rue i 1965. Eldhuset ved sia, blei bygd i 1950/51, og ombygd til bustad i 1970. Tidlegare sto eit fjøs "utanfor" våningen. Uthusa, som er bygde i eitt, ligg ned for våningen. Kjernen i låven er ei gamal tømre, men den nye låven blei bygd i 1924. Fjøset blei bygd inntil i 1926. Loftet har årstalet 1767, og kan vere bygd i Mari Hansdotter og Jon O. Rue si brukartid. Ei smie låg opp for husa. Den var bruka til ut i 1950-åra. Det går ein rennandes bekk like ved smia. Ei kjone låg 40-50 m ned for husa. Det var ein tiubekk attom kjona. Sjølv om dei gamle måtte velge tungvinne løysingar på grunn av brannfaren, så tenkte dei praktisk. Vasskjeldene blei rekna nøye med når dei la husa, så sant som råd.

Marknamn.

Marknamna døyr med endra bruksmåtar. På Øvre-Haugan ligg Storåker ende ned for den nye husestaden. På Nedre-Haugan ligg slåtta Brattbakken, med jordet Homen` nedanfor. Den "bortaste" delen av jordet heiter Storåker. Skipdalsekre ligg ved plassen Skipdal. Hegni er utslåtte i heimemarka.

Det var gamal vaskeplass på Gjerjordet sin grunn, på Armodshaugen på eit berg ned mot Gjerå. I Baksjult er storparten av jordvegen broten av Tor Djupedal. Det var Kroken, nå ekre ovanfor husa ved plassen Kleiva, og "Nordi Dokka" og "Heimi Dokka", også jorde. Åkeren Storemyr var broten i 1957. Store og Vesle Kåsåbrotet var slåtter til Baksjult. På Rue heiter det Bursekra, Storåker, og Pilekra ned for husa. I Ådalen nedai vegen har det vore små ekrer og beite. På "Sågåberget" i Vesleå sto gardssaga. I nærleiken låg e-verket til Baksjult.

Innmark.

Innmarka ligg stort sett samla rundt kvart bruk. Skog og utmark. Haugangardane og Rue har heimeskog i Kjerrstulmarken i liene ovanfor Baksjult, og fjellskog i Bergstullia ved Breidvatn. Det var utskifting av fjellskogen i 1875. Skogen blei delt etter skyld. Sjå u/skog, Gardane i Gvammen.

Heimeskogen ligg i teigar nærast garden, og i risper vidare opp dalsida.

Ved Breidvatn startar Øvre-Haugan sin skog ved Nesstulodden på hi sida av Breidvatn, og strekkjer seg i nordaust til Andetjønn ved Saulandgrensa. Skogen til Gjerjordet og Nedre-Haugan ligg teig i teig i det same området, men Nedre-Haugan sin skog endar ved Hågåvatn. Ingen av gardane har fast skogsdrift.

Stulsområde.

Gardane har vårstular i områda der heimeskogen er, og sommarbeite i Breidvassbeitet ved Breidvatn. Det var utskifting av stulsområda ved Breidvatn i 1876, sjå u/stulsområde, Gardane i Gvammen.

Haugangardane og Rue hadde Bergstulbeitet saman med Gjuv. Frå gamalt hadde både Haugan og Rue langhei ved Kovvatnet. Til 1890-åra hadde Haugangardane langhei på Koviken, på hi sida av Kovvatnet. Nedre-Haugan selde ifrå sin part i to lutar i 1892. Kjetil O. Dahlen var kjøpar. Han selde til Halvor Espeli, Tuddal, i 1904. Espeli selde til G.M. Tinne i 1909. Han løyste jamvel inn den andre luten same år, frå Halvor O. Espelia. I 1909 kjøpte Tinne også dei områda som låg til Øvre-Haugan og Gjerjordet. Kovviken har vore Tinnefamilien sin eigedom seinare.

Etter pantebokutskriftene selde Rue sin part i Kovvikbeitet mykje tidlegare, anten i 1664 eller i 1764. Sjå u/brukarar, VII. Etter utskiftinga startar delet til Breidvassbeitet 80 alen nedanfor Rosing ved Breidvatn, og går i nordaust til vestsida av Oddalen ved Hågåvatnet, der delet går mot Matkleppbeitet. På sudsida er Breidvatnet grense, og i aust startar delet i utosen til Sandåa. Delet følger åa til Sandtjønnoset og Andetjønn, og vidare til den vestre bukta i

Beggestultjønn. Derifrå går delet i nord-vest til Andetjønnhaugane. Øvre-Haugan hadde vårstule på Bekkestul, og sommarstule på Bergstul ved Breidvatn. Bekkestul er nedlagt. Der blei fylt med tunnelstein under kraftutbygginga. Seinare leigde Aase Haugan seg inn på Beggestul u/Lonar, og på Sveinungshovden u/Rinde i Sauland, og dreiv derifrå. Før 1945 sat Aase Haugan på Bekkestul. Der var tre-fire hegner, og ei bu på kvar plass. Bekkestul var delt mellom Haugangardane og Gjerjordet.

Aase sat der frå St. Hanstider og i 14 dagar frametter. Ho hadde om lag 15 mjølkekyr og 30 dyr til saman. Hestane gjekk og på Bekkestul. På Bergstul ved Breidvatn sat dei fjerde kvart år på grunn av hevderetten. Aase hadde småungane med på stulen. Kjetil H. Haugan var hjuring hjå mor si. Han trur Aase var den siste med stulsstell på Bergstul. Kjetil førde frå stulen og heim. Ein gong var det "tukkumørkt", - tåka låg tjukk. Han gjekk seg nesten vill. Da ville ikkje

hesten gå vidare. Det hendte dei hadde grisen med på stulen. Den rakla og gjekk heim att som ei bikkje, minnast Kjetil, - den la seg på sida og svømte over bekkane. Nedre-Haugan hadde også vårstule på Bekkestul. Marie Haugan kan hugse at dei slo på Bekkestul i 1949. Da var der nyhevda. Seinare har Bekkestul vore lite bruka. Der er ikkje att hus. Nedre-Haugan hadde vår- og hauststule på Bergstul og på Vassdal ved Breidvatn. Der stend att ei stulsbu på Bergstul, og ei ombygd bu på Vassdal.

Signe og Olav Gjerjordet bruka Bekkestul kvart år når dei var ferdige med slåtten. Gjerjordet sin lut i Bergstulbeitet blei selt ifrå garden i 1917. Eigar frå 1941 er Ingebjørg O. Dybedal. Baksjult har sine beite ved sia av vårstulen til Rue. Baksjult sin stule på Kjerrstul er framleis i hevd, med sel og løe.

Rue har vårstulen Kjerrstul, som ligg i nærleiken av Bekkestul ovanfor Baksjult. Dei slo på Kjerrstul til ut i 1950-åra. Rue hadde sommarbeite i Breidvassbeitet/Bergstulbeitet, og stule på Breidvasstulen. Dei hadde to sel, og ei høyløe som blei neddemt under kraftutbygginga. Anund Rue f 1946, kan ikkje hugse at stulen var bruka. Seinare har dei bygd to hytter på Breidvasstulen.

Ikkje uventa synte dei underjordiske seg på stulane til Haugan. "Paa stulen Kovviken under Haugæn` var tussar, og dei flutte inn med same folki flutte fraa um hausten. So laag Haugæn-mannen att og vilde sjaa, han, ein haust, og pakka seg væl ned i sengi. Daa kom der inn 2 tussegjentur med kvar si kyr og tok til molke deim i sele. Daa kasta han kniven yver deim, so han stod i hin veggen, og so sprang han yvi kyrne og ut dynni so fort han orka. Den eine gjenta kasta rynnja etter`n og vilde slegi av honom leggine, men raaka kje. So kom kyrne etter honom og var fælande gode, men dei visste kje kva dei heitte. Næste aar so høyrde dei ei av tussegjentune lokka paa kyrne, so: "Hugaros o Hougrei, / Lettfok aa Louvrei, / Vingebot -Vibot / Husbrei - Fribot / o Skartræi, dæ vesle baane. /Hær har eg elle mine kjy uti løyto, / berre Hugaros aa Hougrei gjeng att i Hougebeite," / sa `o og daa fekk dei høyre nomni. Men daa vart kje kyrne meir tess."

I ein annan versjon drog Haugan-mannen til ein vis mann på Kåsa i Lisleherad for å råd om korleis han skulle bli kvitt tussane. "Du maa hava gjort dei noko vondt," sa `n. Ikkje de han visste. "Ja, det maa du." Ja, so fortalde Haugæn`- mannen at med han var paa støylen Koviken, so saag han ei gjente med so mange tussekyr. Ho lokka yvi staden:

"Ku Ringrei, Rangrei, /

Husbrei, Sprangrei, /

Ingebot, Vibot, /

Husbrei, Fribot./

No har eg alle mine kjy/

nære som Hugeros aa Haugeros gjengatt i Hougebeitet ",/

sa ho. Han kraup upp røykhole i take og kasta kniven sin yvi 2 av kyrne, men ikkje yvi gjenta, for ho var so stygg. Daa fekk `n deim, og høyrde daa huldri lokka soso. - Ja, so fekk han de raade av den vise, at han skulde taka drykkjehorne sitt og setja paa ein stein paa Koviken, og tok daa huldra de, so var de bitala. Horne vart burte, men dei saag merke i steinen, at h. hadde vorti so glad at han (ho?) hadde slegi horne nedi steinen."

Moralen i dei to stykka er klår. Menneska skulle fare fint med dei underjordiske, elles gjekk det gale. Dette fortalde Kasper Finkenhagen, f 1824: "Anne Øvre-Haugæn` var trollkjering. Ho og mor sat til stauls paa Koviken, og daa mor skulde taka ned trog, so laag der noko smaae bollar paa trogsrjomen. Saa pika mor innpaa den eine saa `n gjekk sonn, o da rann dæ blo ot-o `n. "Huttetu da," sa mor "Haatt e dættan". Aaa saa slo `o dæ ut. "Fe slær du dæ ut da," sa Anne, ho taalaa saa i naase. "Nei, dei skaa kje faa ta dættan," sa mor. ... "Ja", sa `o "de skaa a havvaa dæ att," sa `o, og saa haapa `o ikring fjose, (d.e. gå baklengs), men dæ daua 3 naut fe di om vaaren." Plassar. Alle plassane til Haugangardane og Rue låg i utkanten av heimemarka. Baksjult var opphavleg plass under Nedre-Haugan.

Armodshaugen låg "rett bortafe" Gjerjordet, på hi side av Gjerå, og høyrde til Øvre-Haugan. Skibdal låg "rett nedi lia", ned for Nedre-Haugan, og ligg nå til Bergrud. Kleiva ovanfor Baksjult var bruka som vårstule i nyare tid. Øvre-Haugan hadde sauene der. Nedre-Haugan og Rue delte plassen Uksedalen, som låg i marken mellom dei to gardane. Rue hadde jamvel den nedste av dei to plassane som heitte Einarjordet. Den hin låg til Gjuv. Andre herlegdomar. Rue hadde vassag i fossen i Vesleå til tidleg i 1950-åra. Det er uvisst om der har vore kvern. Kan namnet Sågåberget i dette området skrive seg frå 1770-talet? I 1775 gjekk fleire grannar saman om ei sag, og søkte om sagbevilling "på deres gårders sameiebruk". Det var dei to brukarane på Haugan, Ola og Harald Haraldsøner, Knut Rue, Ola Øverbø, Ola Opsal og Knud Gjuv. Dei fekk bevillinga, som blei tinglyst i 1780. Sjå Gjuv.

Johannes Djupedal, som åtte Baksjult frå 1960, fekk elektrisk ljos på sitt eige vis. Han skreiv kontrakt med Gullik Gjuv om ljosanlegg til Baksjult. Kontrakten var privat, og udatert. "Undertegnede Gullik Gjuv av gaarden Gjuv nordre gnr. 35.1 giver herved Johans Djupedal rettighed til at bygge et lysanleg paa min eiendom i det gamle aaløp som kommer ned i Brennehaugen samt plas til kraftstasjon og linje som fører til Baksjurt..." Dei var samde om at når der var lite vatn, skulle dei dele krafta likt seg imellom.

Matrikkelgarden Haugan gnr. 30

Haugan ytte skinnskatt, 5 skinn, i 1585/86. Dette var full skinnskatt for ein gard, det vil seie Biskop- og Olavsskatt, 2 skinn, og Kongsskatt, 1 skinn, dessutan Kongsskatt av til saman 3 skinn, eller frå gamalt 3 gardar. Haugan skatta for ein fullgard i 1593 og seinare. I 1647 var landskylda 7? eller 8 1/2 tn 1/2 mæle korn. I skattematrikkelen heitte det, at Haugan var "... en gandsche ringe gaard, och dobbelt med landschyld forsatt", og at han ikkje kunne skatte for meir enn ein fullgard. Skylda var 6 tn frå 1664. Haugan hadde matrikkelnr. 14 til 1802. I 1838 var matrikkelnr. 30, løpenr. 65, 66, 67a og 67b. Gardsnr. i 1886 var 30, bruksnr. 1-3. Skylda i 1802 var 5 rd. 36 sk., ny skyld i 1838 var 7 dlr. 2 ort 10 sk., revidert til 11,35 skyldmark i 1886. I 1723 var jorda tungbrukt, skrinn moldjord i solli. I 1802 hadde garden skarp jord. I 1845 blei jordvegen rekna som god og gronæm. I 1864 var Gjerjordet rekna som lettbrukt, dei hine bruka var tungbrukte. Åkerjorda var god, men storparten av jordvegen elles var skrinn. I 1864 var det 25 mål åker, 20 mål dyrka eng og 138 mål slåttemark på garden.

Gjerjordet hadde framleis område som høvde for kultivering. Det var skog til vøling av hus og til ved i 1723. I 1864 hadde Nedre Haugan nokre tylfter gran for sal år om anna, elles var det skog berre til eige bruk.

Haugan hadde nok stulsbeite og to slåttestular i 1723. I 1864 hadde alle bruka god og nok sommarhamn. Nedre Haugan hadde beite til 1 hest, 12 storfe og 24 småfe. Alle bruka hadde lauvskog til attåtforing.

Eigarar Haugan er gamalt bondegods. På 1600-talet åtte utanbygds bønder storparten av garden. I t.d. 1615-16 åtte Knut Berge 2 mæler, Gregar Folkestad 3 1/2 tunne, 2 1/2 mæle. Halvor Haugan 1 mæle, Eilev Nordbø 3 tn., Gjermund Opsund i Brunkeberg 5 mæler, Bjørn Håve 1 1/2 mæle, Gunleik Tjønn 1 1/2 mæle og Nicolaus Sudbø 1 1/2 mæle. Ei mæle er om lag ei skjeppe, d.e. 1/8 tunne eller 17,5 liter. Det er uvisst korleis landskylda av Haugan kunne vere så høg i tidleg nytid. Før 1647 var landskylda 8 1/2 tunne korn, - den høgaste skylda i Hjartdal prestegjeld. Som nemnt i matrikkelutskriftene, heitte det i nyordninga av skattesystemet i 1647, at landskylda var dobbelt så høg som garden var god for. Landskylda blei sett ned til 6 tunner nokre år seinare. Også det var ei høg landskyld i Hjartdal.

Brukarar Haugan

Haugan var einbølt til 1690-talet. Den første namngjevne brukaren heitte Olav.

I) Olav, nemnt i brukarlistene 1593-94. Dette kan vere Olav Gregarson Håve gm Egelev Olsdtr. Folkestad, sjå Ia). Ia) Egelev, "Eyluff Hoffuenn", nemnt i 1602, kan ha bruka Haugan til om lag 1610.

Håve/Folkestadætta var mektige og velhavande, med eigedomar over heile Midt-Telemark. I 1606 skifta Egelev på Haugan etter mannen sin. Mange storfolk møtte. Sonen Gregar Olavson Folkestad, Dyre Tjønn på vegner av dotter si, Guri Olavsdtr. med mannen Niculas Sudbø, Ingebjørg Olsdtr. med mannen Halvor Håve, og Bjørn Håve på vegner av dei to døtrene sine. Egelev tok ut sin halvpart, resten blei delt mellom borna, og alle var godt forlikte, heiter det.

Da dei skifta etter Egelev omkring 1614, kalla ho seg for Haugan. Buet etter henne åtte m.a. 1/2 tn i Haugan, dessutan like mykje i Tjønn, som nå blei makeskifta med 1/2 tn i Haugan, og 3 tn i Hellem i Heddal. Arvingane var m.a. sonen Gregar, som arva 7 tn i Håve i Lisleherad, Gudmund Opsund på vegner av kona si, og Gunleik Omnes på si, Bjørn Håve på vegner av borna sine og Nicolaus Sudbø på vegner av kona si. Det er uvisst om nokon av etterkomarane hennar blei verande på Haugan.

Mange år seinare kravde fleire av dei odelsrett til garden. Sjå u/IV nedanfor.

Var det Egelev som bygde om loftet? Sjå u/hus. Talleiv bruka garden dei neste åra.

II) Talleiv Haugan/Gjuv, eigar og brukar 1610-31, kom frå Megarden Gjuv, der han åtte "giftegods". Namnet til kona er ukjent. Det gjekk ut med Talleiv. I 1631 er han kalla "udlevd og forarmit" i skattelistene. Det er uvisst om det var alder, sjukdom eller anna, som knekte han.

III) Pål Haugan, eigar og brukar 1632-42. Pål var lensmann i 1642.

IV) Olav, brukar 1642-61. Kan dette vere Olav Kjetilson Omnes? I så høve var han eldste son til Kjetil Omnes, og tok over Tjønn. Han var gift, og hadde ei dotter.

Ola åtte ein part i "Jeffne", kan det vere Gjuv? Farfar til Ola Kjetilson Omnes var ein av arvingane etter Egelev, og han hadde mange søner. Det kan sjå ut til at fleire av dei bruka Haugan og Tjønn i Tuddal i tur og orden.

IVa) Torbjørn, brukar 1662-68. Kan dette vere Torbjørn Kjetilson Omnes, bror til førre brukar? Torbjørn Kjetilson bruka Nord-Tjønn i Tuddal seinast frå 1678, f 1645 på Omnes i Sauland d 1692 på Tjønn gm Anne Jespersdtr. Born: 1 Gunleik f ca. 1672, til Upp-Omnes i Sauland. 2 Andres f ca. 1673, til Åkre i Tuddal. 3 Tollaug f ca. 1678, til Viken i Tuddal.

Det ser ut til at Torbjørn overlet Haugan til ein yngre bror ifrå Omnes. IVb) Torkel, brukar ca. 1672-82, truleg Torkel Kjetilson Omnes, f ca. 1638/40 på Omnes skifte etter han i 1715, til Sud-Tjønn i Tuddal, gIg m Aslaug Olsdtr. GIIg 1692 m Taran Olsdtr. Bøen. GIIIg 1693/97 m Ragnhild Olsdtr. Born: Tone, til Sud-Tjønn. 2 Margit d lita. 3 Tollaug d lita.

V) Ola, brukar og leiglending ca. 1685-1713, f ca. 1638 d 1713 gm Torbjørg? Born: 1 Aslaug f ca. 1677?, sjå Øvre Haugan. 3 Gunleik? Sjå Nedre Haugan. 4 Gunhild f 1685. Det er uvisst kven Ola var. Han åtte i beste fall berre småpartar i garden, men var vel akta. Ola var lagrettemann i 1690-åra. Ola Haugeberg åtte halve garden frå 1686. Er dette same mannen? Sjå Øvre Haugeberg.

Det er vel denne Ola `n somme meiner var gift med Brynhild. Landstad meiner kona hans kom frå Nisi i Gransherad. I alle høve har ei "Brynhild" Haugan vore opphav til mange segner frå Haugan. "Dæ va` ei som dyrka saa haugetassen, aasaa ha` ˜ ein son som ha vøre i lære, aa naa laag `n heime. Der skraapaa di ller gryta ana sett` ˜ ut som ˜ va`, o bar ut mat `var joleftan. Saa si `n dæ, sonen: "Nei kjære, hell du paa me dettan ennaa da?" si `n. Ja, dæ gjor` `o, aa som di komm aat fjose, saa hekk dær ei kjyr i bande, mest upphengt. Da truga `n tassen ti lyft` `o upp-att, aa saa laut no` honnoms følgje bort onde burshella, den lyfte `n upp, o dær laag ll maten `o ha `sett ut. Den va`upp-eten ta raattur o mus. Men da maatte naa gamla gje seg da.- Eg hugsar kje haa gar dæ va` paa."

I alle høve skal dei ha streva fælt med dei underjordiske, på Haugan. "Paa Haugæn`var der haugebonde, og mannen fekk i presten Paul, som skulde jaga `n. Daa presten kom, so spurde han: "Hvor er haugebonden nu?" "Naa e``n bort i bækken aa vaskar seg i skellen, fe `n ventar presten kjem," sa kjeringi. Daa presten kom til bekken, daa tok haugebonden honom og stappa honom i bekken, so han vart vaat, og med de maatte han gange, og sa at de var kje noko raad med haugebonden der." Ola var den siste som bruka heile Haugan. I 1690-åra blei garden delt i to bruk. Sjå Øvre Haugan og Nedre Haugan.

Øvre-Haugan

Utanbygds folk, trelasthandlarar og gardbrukarar i grannebygdene, åtte store delar av garden frå siste del av 1600-talet og frametter. Frå 1690-åra kom Egdeungane inn på garden, i første omgang som leiglendingar.

1) Ditlev Larson Lind, bruka Øvre-Haugan frå 1690-åra.

2) Kristian Larson Lind, eigar og brukar 1704-57, lagrettemann ca. 1713-30, f ca. 1671/75 i Prestegarden d 1757 på Haugan gIg m Aslaug (Margit?) Olsdtr. Haugan f ca. 1677 d 1724 her.

GIIg 1726 m Torbjørg Olsdtr., f 1704 på Autstigard, Landsverk i Sauland. "Bruden var siug", har presten notert. Ho levde i 1771, og budde da i Armodshaugen. Born i første ekteskap:

1 Anne f 1702 d 1771 på Dysjå gm Harald Olson Dysjå.

2 Mari f. år ukjent gIg m Ola Jonson Åbø, Nord-Åbø. GIIg 1753 m Harald Torjusson Nordbø, til Søndre Nordbø.

3 Torbjørg f 1707 d 1773 på Neshaug gm Nils Nilson Neshaug.

Born i andre ekteskap:

4 Lars f 1727, sjå 3).

5 Ingebjørg f 1728 d 1747.

6 Aslaug f 1736 g 1754 m enkjemann Ola Grimarson Øverbø, Sud-Øverbø.

Kristian var ein av Egdeungane, altså son til mor Sissel og presten Lars Lind frå Agder. Ætta er omhandla av Landstad, i "Gamle sagn om Hjartdølerne." Etter segna ville den gesjeftige mor Sissel fått Kristian gift med ei jente på Frøland. Kristian nekta, han ville ha Margit Haugan, seier Landstad, men ho heitte Aslaug Haugan. Slik blei det. På Haugan fekk Kristian ei vermor attåt.

Vermora til Kristian Haugan ville ikkje sjå krossar på husa. Han "vigsled" fjoset og sette tjørukross på det. "Mange stader der det aldri har vore krossar på husa, må ein ottast for at der hev livt av Brynhild Haugans ætt", skriv Tov Reisjaa. Namnet hennar var truleg Torbjørg. Det heiter at da det første barnet til Kristian kom til verda, fekk han ei jente hjå kaptein Acton i Åsen til å koke kaffi i barsølet. Kaffi var ikkje bruka av bøndene på den tid, og barsølet kan ha vore som eit opningsgilde for den nye folkedrykken. Bygdefolk tok etter slike som prestesonen. Det sto strid om Kristian. I 1722 blei han stemna fordi han hadde skore Bergit Berge i handa med ein kniv.

Fleire av Berge- og Mælandfolka vitna i retten. Saka blei utsett to gonger. Kristian blei frikjent i 1723. Kristian fekk skøyte på 2 3/4 tn i Haugan i 1704, innløyst frå ein Mikkel Storm. Noko seinare løyste han inn resten i Øvre-Haugan frå Torstein Hanson Skårdal.

I 1716-17 blei det sak om eigedomsretten. Torjus Venås, seinare Tjønn i Tuddal, var saksøkjar. Det er uklårt om saka galdt eigedomsretten, eller om det var odelssøksmål. Det ser ut til at Kristian måtte seie frå seg ein part i garden, som han løyste inn att i 1731 frå Halvor Havstein.

Dei skifta etter Aslaug Haugan i 1724. Formuen i buet etter henne var 285 rd., nettoformuen var 222 rd., og buet åtte 2 3/4 tn i Øvre-Haugan, taksert til 180 rd. Denne buskapen var med i skiftet: 1 tre års hest til 17 rd., 5 kyr til 25 rd., 2 vetrungskviger, til 5 rd. 4 ort, 4 kalvar, 16 sauer til 8 rd, 7 lam, 2 geiter og 1 kje. Etter taksten på dyra å døme, var det ein gild buskap.

Kristian og dei tre døtrene var hovudarvingar. I skiftet etter Kristian i 1757, var formuen 205 rd. og nettoformuen 29 rd. Buet åtte da 1 3/4 tn i Haugan, taksert til 150 rd. Buskapen var 2 kyr til 12 rd., 2 vetringskviger, 5 sauer, 1 geit og 1 høne. Lars, den einaste sonen, tok over garden.

3) Lars Kristianson Haugan, eigar og brukar 1757-61, f 1727 g 1754 m Signe Sørensdtr. Bekkhus f 1727 på Krosshus i Sauland, voks opp på Bekkhus. Lars og Signe var syskenbarn. Signe var den yngste av jentene til "Søren Staven", som var bror til Kristian Haugan. Born: 1 Hans f 1754 her. 2 Søren f 1756. 3 Ingebjørg f 1760. Lars tok over garden i 1757, men andre i ætta hadde og ønske om å ta hand om Øvre-Haugan. I ei årrekkje hadde Harald Dysjå, gift med Lars si halvsyster, sikra seg bit for bit i garden, sjå nedanfor. I 1761 gav han Lars Haugan 100 rd. for "å fravike" Øvre-Haugan. Lars fekk såleis 100 rd. i odelsløysingssum for 1 1/2 tn, eller halve Øvre-Haugan. Lars kalla seg "Haugerud" i giftaråret. Det er ikkje kjent kor han og huslyden budde etter 1761.

4) Anne Kristiansdtr., eigar ca. 1761-72, gm Harald Dysjå. Anne arva 1/2 tn i Haugan etter mor si i 1724. Seinare løyste ho og mannen inn arvepartane etter systrene hennar, og i skiftet etter faren løyste dei inn dei 1 1/2 tn som sto att i garden. Noko var Anne sin farsarv, noko var gjeld. Til sist løyste dei som nemnt inn odelsretten frå Lars.

Dysjåfolka hadde lyst pengemangel i Haugan både i 1744 og 1755. Det var ein måte å forhale gardkjøp på, og hindre andre odelshavarar i å få hevd på garden.

Samla gav Anne og Harald Dysjå 336 rd. for Øvre-Haugan. På same tid løyste dei inn Nedre-Haugan. To av sønene deira fekk kvar sin av Haugan-gardane.

Den einaste parten i Øvre-Haugan som dei to ikkje fekk løyst inn, var 1 1/4 settung utan bygsel. Det var stemora til Anne, Torbjørg Olsdtr. sin eigedom. Den vesle plassen var taksert til 8 rd, 1 ort 8 sk., og Torbjørg fekk han i skiftet etter mannen. Harald Dysjå hadde ikkje fenge skøyte, da han ikkje "... formedelst

hendes fattige Omstændigheder har kundet uddrive hende fra den af hende beboende, under denne Gaard beliggende Plads, kaldet Armodshougen..."

Ved skiftet etter kona Anne i 1771, hevda Harald at han hadde utbetra både husa og jordvegen på Haugan, frå han tok over. Det kunne ein sjå av skiftetaksten, som var 500 rd. Ola, den eldste sonen, tok over Øvre-Haugan.

5) Ola Haraldson Dysjå/Haugan, eigar 1772-1806, brukar frå 1761? f 1724 på Dysjå d 1806 her g 1749 m enkja Anne Olsdtr. Øvre-Åbø, f 1703? på Århus d 1790 her. Anne og Ola hadde ikkje born etter seg. I skiftet etter Ola i 1806 blei Øvre-Haugan taksert til 1400 rd. Det var sysken og deira born som arva.

Dei delte Øvre-Haugan i to jamstore bruk, Øvre-Haugan og Gjerjordet. Broren Halvor på Nedre-Haugan løyste ut Øvre-Haugan. Dei hine arvingane let systersons son, Ola Haraldson Tho, få Gjerjordet. Nå gjekk det slik at Halvor på Nedre-Haugan døydde seinare same år. På Nedre-Haugan måtte borna hans til med eit nytt skifte. Såleis blei det sonen hans, Søren Halvorson, som fekk skøyte på Øvre-Haugan, medan ein bror starta odelssak om Gjerjordet. Sjå Gjerjordet og Øvre-Haugan.

Øvre Haugan gnr. 30.1

Bruksnamnet er Øvre-Haugan

uttale: h`æugein

Søren Haugan arva Øvre-Haugan i skiftet etter far sin i 1807, tinglyst i 1813. Det var 1 1/2 tn, taksert for 700 rd.

Søren hadde bruka for farbroren seinast frå 1801. I f.t d.å var han tenestegut på Øvre-Haugan.

1) Søren Halvorson Haugan, eigar 1807-35, brukar frå århundreskiftet?

f 1774 på Nedre-Haugan d 1835 her g 1804 m Anne Sørensdtr. Bekkhus, f ? levde i 1842. Born:

1 Anne f 1805 d 1830.

2 Halvor f 1808 d 1809.

3 Ragnhild f 1810 g 1835 m Ola Halvorson Gjuv, Myljom-Gjuv.

4 Halvor f 1814, sjå 2).

5 Gunvor f 1820 d 1821.

6 Gunvor f 1823, reiste til Amerika i 1848.

I somme framstillingar hadde Søren og Anne meir kontakt med tussane enn godt var. Sjå u/stulsområde. "Gunvor Haugan, dotter til Hauganmannen,"...var so ille plaaga av tussar. Sat ho aat, so slo tussen biten utor hondi hennar, og de var so mangt. So drog ho til Amerika for aa sleppe de."

I 1836 tok Halvor, den einaste sonen, over garden.

2) Halvor S. Haugan, gardbrukar, eigar 1836-42/47, f 1814 d i Amerika g 1841 m Mari Trondsdtr. Bratsberg f 1822/25 d i Amerika. Born:

1 Søren f 1842 d s.å.

2 Søren f 1842 d s.å. Mari og Halvor fekk ikkje fleire born.

"Hallvord Sørensson Haugæn`(bror til den gjenta som var so ute for tasseri) gjorde lekkjeskeiir so dei kunde sittja ein paa kvar side av borde og eta. Han drog au til Amerika,... Dæ va` saa mangt han sat spikka, men dæ va` bære smaattri."

Mari og Halvor sysla lenge med reiseplanar til Amerika. Dei selde garden til Halvor på Nedre-Haugan i 1842, for 500 spd. og føderåd til Anne, mor til Halvor. Fire år seinare løyste dei garden inn att. I 1847 selde dei på nytt, til Kjetil O. Rue. Same år reiste dei til Amerika.

3) Kjetil O. Rue, eigar 1847-58. Sjå Rue.

Kjetil bruka ikkje garden sjølv. Det er truleg at garden anten var forpakta bort, eller bruka frå Rue dei første åra Kjetil åtte garden. Dottera Ingebjørg og mannen hennar flytta inn på Øvre-Haugan. Berre dåpen til dei tre siste borna er registrerte på Haugan. Det kan sjå ut til at dei først flytta inn i 1859. Torkjel og Ingebjørg åtte Kringlun i Gvammen, og budde der 1847-54.

4) Ingebjørg Kjetilsdtr. Rue/Haugan, brukar 1848/58-70, eigar 1858-70, f 1826 på Rue g 1848 m Torkjel Olson Moen f 1812 på Kaffihaugen, Tuddalsdalen, Sauland. Born:

1 Kjetil f 1848, til Amerika i 1869.

2 Anne f 1850 til Wisconsin, USA i 1872.

3 Signe f 1852. Signe var døvstum.

4 Helge f 1856, ho var lam i ein fot.

5 Anne f 1858 levde i 1865.

6 Anne f 1859 d s.å.

7 Ola f 1863 d 1864.

8 Ola f 1865.

I 1865 hadde dei leigebuarar på Øvre-Haugan. Det var Anne Kjetilsdtr. frå Heddal, f ca. 1797. Ho var enkje i 1865 og budde saman med Leiv Knutson, f 1849 i Hjartdal. Han var hennar soneson og pleieson, heiter det.

Ingebjørg og Torkjel fekk skøyte på Øvre-Haugan i 1858, ved eit større makeskifte med Signe, mor til Ingebjørg. Ingebjørg og Torkjel måtte ta opp lån på garden, og dei kom seg ikkje ut av pengevanskane. I 1868 gav dei arvefeste på Kovviken til G.O. Øygarden og Kjetil K. "Linnedalen", - er det Fossjordet?

Det gjekk ut med Ingebjørg og Torkjel. I 1870 blei garden selt på auksjon. Ingebjørg sin verbror, Kjetil K. Fossjordet, fekk tilslaget. Det er uvisst kor Ingebjørg og huslyden hennar budde etter 1870.

5) Kjetil K. Fosse/Fossjordet, eigar 1870-1911, brukar ca. 1870-74, og frå 1890-åra, gm Helga Kjetilsdtr. Rue. Born, sjå Fossjordet.

Familien budde noko på Haugan og noko på Fossjordet. Den garden åtte dei frå 1865. Sonen Halvor tok over Øvre-Haugan, sjå 6). Men før så langt leid, selde dei Haugan til dottera Helga, gm Olav Djupedal. Ei tid forpakta dei bort Øvre-Haugan til bror til Helga, Halvor K. Rue.

5a) Halvor Kjetilson Rue, var skinnhandlar og forpakta Øvre-Haugan i 1875, uvisst kor lenge han og huslyden blei verande, sjå elles Rue. Øvre-Haugan var utan folk i f.t. 1891.

Halvor K. Fossjordet/Haugan tok garden på odel i 1912.

6) Halvor K. Haugan, eigar 1912-19, f 1871 på Haugan, voks opp på Haugan og Fossjordet, d 1917 gm Aase Faane f 1883 ved Tinnsjø, Tinn, d 1968. Aase GIIg m Harald H. Gjuv, sjå 6b).

Borna til Halvor og Aase:

1 Halvor f 1910 d 1993 gm Sigrid Haugland, Sauland, bustad Berget i Heddal, har borna Halvor, Sigmund, Åse og Gunhild. Halvor var skogsarbeidar i mange år, seinare arbeidde han på Tinfos jernverk, Notodden.

2 Kjetil, f 1913 ugift, skogsarbeidar og gardsarbeidar, bustad Bakketun gnr. 71.2, Tuddalsvegen, Sauland. Kjetil flytta til Sauland da han var 23 år gamal, i 1933. I Hjartdal var det ikkje arbeid å få. Han var først 1 1/2 år på Sudistugu-Bø. Seinare var han gards- og skogsarbeidar på Nordistugu-Bø. Han byrja med 35 kroner i månaden, pluss kost og husrom. I 1930-åra fekk Kjetil seg sykkel. Det var ein diamant sykkel til 85 kroner, som han kjøpte på avbetaling. Det gjekk over eit år før sykkelen var betalt. I 1956-60 var han på kvalfangst i Sør-Georgia, for selskapet Pesca. Dei var 300-400 mann, frå 12-13 nasjonar, og mange frå Vest-Telemark og Notodden. Dei var ute i 8 mnd. av gongen, av dette 6 mnd. på feltet. Beitevis var det stritt. Da arbeidde dei i 36 timar i eitt køyr.

3 Olav f 1915 skogsarbeidar, gm Bergit Selstad frå Åmotsdal, bustad Åmotsdal, hadde borna Halvor d i trafikkulukke og Åse. Sjå 6a). Aase fekk seks born til, i sitt andre ekteskap, sjå 6b). Sjølv kom Aase frå ein syskenflokk på 18. Ho kom til Haugan som tenestejente.

Halvor Haugan var musikar. Han reiste rundt og spela fele, og var god spelemann. Halvor Haugan heldt m.a. konsertar i Bergen. Han var lite heime. Det var for det meste Aase som dreiv garden. Ho hadde eit par kyr og nokre sauer. Desse omstenda var vel grunnen til at systera og mannen hennar fekk Haugan. I 1911 selde faren, Kjetil Fosse/Fossjordet Øvre-Haugan til versonen Olav Djupedal. Året etter tok Halvor Haugan garden att på odel.

I 1917 døydde Halvor av blindtarmbetennelse. Kjetil f 1913, hugser mora skyssa ungane ut da faren låg sjuk. I 1919 fekk dei tre små sønene hans skøyte på Øvre-Haugan frå skifteretten.

6a) Halvor, Ketil og Ola Haugan, eigarar 1919-30, mor deira bruka garden.

I 1930 selde dei garden ved verge og overformyndar til Aase og Harald H. Gjuv.

6b) Aase O. Haugan, eigar frå 1930, brukar 1912-43, gIIg m Harald H. Gjuv, eigar og brukar 1930-43, f 1879, voks opp på Nord-Gjuv d 1943. Aase hadde tre gutar i ekteskapet med Halvor Haugan, sjå 6).

Borna med Harald:

4 Margit f 1919 gm Ola Brubakken, Sauland. Dei budde på Øvre-Haugan i 1943-58, og har borna Olav, Ingebjørg, Harald, Ågot, Tone, Halvor, Gunvald, Sverre og Jon. Storparten av ungane kom til verda på Haugan. I 1958 kjøpte dei jordvegen Børgeli i Frølandgrenda, Sauland, og flytta dit. Sjå Børgeli.

2 Harald f 1923 industriarbeidar, gm Anne Bekkhus, Tuddal, har borna Håvard, sjå Nord-Gjuv, Reidun og Helga, bustad Heddal.

6 Hans f 1922, sjå 7).

7 John f 1925 d 1983, gm Bjørg Edith Haugen frå Skafså, sjå bustadhuset Haugstad, gnr. 30.11. Dei har fire born, m.a. sonen Jan, som har tatt over Øvre-Haugan, sjå 8).

8 Gunnulv f 1927, vegarbeidar gm Anlaug Haugen, har borna Andres, Tone og Harald, bustad Nordheim, Kleppejordet, Sauland.

9 Olav H. Haugan, industriarbeidar, slaktar o.a. gm Bjørg Årlia frå Lisleherad, har borna Åse, Torgrim, Harald, Bente og Wenche, bustad Rjukan.

Aase og Harald hadde vanleg gardsdrift, og stulsdrift.

Sonen Hans tok over garden.

7) Hans H. Haugan, gardbrukar, eigar 1943-87, f 1922 d 1988. Hans var ugift.

Hans åtte Nord-Gjuv 1962-89, og bruka jordvegen frå Haugan. Hans hadde vanleg gardsdrift med mjølkekyr. Sistpå hadde han sau. Brorsonen Håvard tok over Nord-Gjuv, medan nok ein brorson, Jan Haugan, tok over Øvre-Haugan.

8) Jan Haugan, anleggsarbeidar og gardbrukar, eigar frå 1987, f 1955 på Haugstad, gm Anne Nordbø Haugan, gardbrukar, f 1957 Nedre Nordbø. Born:

1 Jostein f 1984.

2 Monica f 1987.

Jan Haugan har arbeidd på anlegg over heile Sør-Noreg, mykje på kraftanlegg. Elles er han gardbrukar. På Øvre-Haugan driv dei med sau. Dei har 50 vinterfora dalasau og Suffolk sau.(1994). Tidlegare har Anne Nordbø Haugan vore anleggskokke, og fast landbruksavløysar. (1994) Anne og Jan Haugan bygde ny våning i 1981, og uthus for sau i 1993. Det er gjeve feste til 7 hyttetomter 1966-87.

I 1939 rekna dei 46,2 dekar jordbruksareal, av dette 6 dekar åker: 4 dekar kveite, 0,5 dekar bygg, 0,5 dekar havre, 1 dekar poteter. I 1965 var det 15 dekar. Da var det 18 vinterfora sauer på garden, i 1971 om lag det same.

1985: 26 dekar produktiv skog. Medrekna Nord-Gjuv: 13 dekar dyrka, 31 dekar overflatedyrka, og 808 dekar produktiv skog.

Haugane, Gjerjordet gnr. 30.2

Bruksnamnet er Gjerjordet

uttale: jrjore/jærjore Øvre-Haugan blei delt i to jamstore bruk da dei skifta etter Ola Halvorson i 1806. Ola Haraldson Tho arva Gjerjordet.

1) Ola Haraldson Tho, eigar 1806-65, f 1790 d 1865. Sjå Øvre-To. Ola åtte Gjerjordet så lenge han levde, men ikkje utan kamp. Det blei odelssak mellom arvingane etter Ola H. Haugan. Klagar var Gunleik Halvorson på Nedre-Haugan. Eit møte i forlikskommisjonen førte ikkje fram. I retten gjekk dei ut frå langgodfaren til dei to odelssøkjarane. Gunleik Haugan var sonesons son, medan Ola Tho kravde odelen gjennom bestemora, Aslaug Haraldsdtr. gift til To. Etter lova skulle såleis

Gunleik ha beste odelen, etterdi ein son hadde betre odel enn ei dotter. Gunleik baud 700 rd. i løysingssum for Gjerjordet, utan hell. Ola Tho nekta i retten å ta imot løysingssummen. Formannen, hr. Brangstrup, meinte den innstemna hadde ei trettesjuke som "...formodentlig var opflammet av egennytte...".

Ola bruka ikkje garden sjølv, men forpakta han bort. Frå 1811 ligg føre ein festekontrakt til Gunleik Sigurdson, som truleg bruka Gjerjordet frå 1808. Han måtte ut med ei festeavgift på 30 riksbankdalar for året. Den tilsynelatande urimeleg høge summen skyldast inflasjonen i det krigsramma dansk-norske kongeriket. 1a) Gunleik Sigurdson, brukar 1808-58, f ca. 1777 d 1858 her gIg m Ragnhild Olsdtr. GIIg 1825 m Margit Sørensdtr. Gvåle f 1793. Born i første ekteskap: 1 Ola f 1808. 2 Eilev f 1812, reiste til Kristiansand i 1828. 3 Sigurd f 1814. Han tenestegjorde ved Kristiansand garnison i 1834. 4 Kjetil f 1819 gIg 1844 m Margit Kristiansdtr. Øverbø. GIIg 1852 på Djupedal m Anne Halvorsdtr. Mosebø f på Ruekåsa i Tuddal, fekk Gunleik f 1851, til Amerika. Born i andre ekteskap: 5 Ragnhild f 1826. 6 Ingebjørg f 1830. 7 Søren f 1831 g 1853 m Anne Kjetilsdtr. Rue, fekk Signe f 1854 på Gjerjordet. Dei flytta til Åkre, seinare til Fossjordet,

og reiste til Amerika med fem born i 1859, sjå Fossjordet. Etter at Gunleik var død, ser det ut til at Harald Tho bruka garden. 1b) Harald Olson Tho, brukar ca. 1860-64, f på Øvre-To d 1864. Harald var ugift.

Gjerjordet blei forpakta bort på nytt. 1c) Leif Olson Tjønnekåsa, brukar i 1865 f 1826 i Heddal gm Ingebjørg Kristensdtr. f ca. 1830. Born: 1 Ola f 1854. 2 Tone f 1857. 3 Mari f 1852. Leif forpakta garden for 20 spd i året. Han og huslyden sat her truleg berre kort tid.

Da dei skulle skifte etter Ola Haraldson Tho i 1865, måtte arvingane finne ei ordning med Gjerjordet. Sjå Øvre-To. Takstfolka rådde til å selje, m.a. fordi Gjerjordet var "vanbrugt" av ein bygselmann som nå var død, det var vel Gunleik Sigurdson. Gjerjordet blei taksert til 625 spd. Arvingane var samde om å selje garden så snøgt som råd. Gjerjordet gjekk på auksjon. Det måtte to auksjonsforretningar til. Høgste bod i 1865 var 517 spd. I 1867 fekk Grimar Levorson og Ola Levorson Tho tilslaget for 661 spd. Dei flytta inn på garden.

2) Grimar Levorson Tho, eigar og brukar 1867-1905, f 1836 på To d ...på To? Grimar var ugift, og dreiv Gjerjordet saman med syskena. 2a) Olav Levorson Tho, eigar og brukar i lag med broren, f 1838, dreiv Gjerjordet saman med syskena.

2b) Signe Levorsdtr. Tho, f 1845 på To, bruka Gjerjordet saman med brørne sine (f.t. 1875). I f.t. 1875 budde jamvel Anne Olsdtr. Vestmoen, f 1835, på garden. Ho var budeie, og hadde med seg sonen Jon Jonson, f 1869. I 1905 selde Ola og Grimar Tho garden Gjerjordet til Ola L. Nordbø for kr 4000 og føderåd.

3) Ola Larson Nordbø /Gjerjordet, d.y., eigar 1905-37, gardbrukar og myllar, f 1873 på Nedre-Nordbø d 1944 her gm Ingebjørg Olsdtr. Hykkerud f 1870. Ho var dtr. til Ola og Bergit Hykkerud, og Bergit kom frå Levors-To. Born: 1 Bergit f 1901 gm Torbjørn O. Øverbø, Øvre-Gjuv. 2 Olav f 1903, sjå 4). 3 Lars f 1904, ugift, reiste til Amerika. 4 Øli f 1908 d 1975, voks opp på Gvålsbakk. Anne og Olav Vålsbakk tok ho til seg da ho var lita jente, og Øli gjekk på skule i Nordbygda, og tok namnet Gvålsbakk. 5 Halvor f. ugift, reiste til Amerika. 6 Anne f 1914 d 1980 gm Olav S. Vaale, Prestegarden. Ola Larson selde Gjerjordet sin part i Kovviken i 1909, sjå elles Øvre-Haugan. Ola Larson åtte Nord-Karls-Uppsal 1916-34, sjå der.

Sonen Olav O. Gjerjordet tok over garden i 1937.

4) Olav O. Gjerjordet, eigar 1937-75, gardbrukar, f 1903 d 1984 g 1935 m Signe Hykkerud f 1914. Born: 1 Olav f 1935, ugift snikkar, bustad Oslo. 2 Ingebjørg f 1937 gm Johannes Sisjord, har borna Halvor, Synnøve, Olaug og Øli, bustad Akkerhaugen, Sauherad. 3 Gullik f 1939, sjå 5). 4 Halvor f 1941, snikkar og gardbrukar på Marken gm Halldis Kyrkjerud, sjå Marken. 5 Jon f 1944, bygningssnikkar gm Ragnhild Våle, f 1947 på Øvre Nordbø, hjelpepleiar på Hjartdal alders- og sjukeheim, har borna Torunn, Gun Marit og Anbjørg, bustad Øygardsjordet, Sauland. 6 Torbjørg f 1948 d 1967 gm Knut Dyrland, har borna Tove, Ole og Svanhild, bustad Seljord. 7 Anne f 1954, hjelpepleiar gm Håvard Særsland f 1958, sjå Nordheim gnr. 12.25, har dottera Renate, bustad Notodden.

Da Olav og Signe tok over Gjerjordet, var det gamle hus og lite dyrka på eigedomen. Dei bygde nye uthus i 1936/37, og ny våning i 1944. I 1958 bygde dei enda ein våning. Elles braut dei 30 mål jord som blei dyrka til åker og eng. Signe var med og braut jord, stundevis dreiv ho jamvel i tømmerskogen.

På garden hadde ho mjølkekyr og grisepurker. I 1964 fekk Signe og Olav Gjerjordet diplom og premie frå Landbruksselskapet for "stor dugeik i jordbruket". Dei hadde mjølkekyr til 1976.

Før Olav tok over garden, dreiv han i skogen for andre. Da Signe var jentunge, var ho hjuring og dreiv med stulsstell. Ho var først på Fyribøen, der Hykkerud leigde stule. Elles var ho med som budeie på Sandhaugen og Primhaug. I ungdommen var Signe ute i teneste, på gardar i Heddal og Tinnegrend. Det var lange dagar både ute og inne, - og sist i 1920-åra var månadsløna 30 kroner. Signe har slite med tungarbeid heile si tid, men i pensjonsalderen broderer ho talrike dukar til barn, barnebarn og oldebarn. Olav O. Gjerjordet overgav garden til sonen Gullik. Signe og Olav tok føderåd.

5) Gullik O. Gjerjordet, murar, eigar frå 1975, f 1939 gm Torbjørg Håkegård f 1938 i Finnmark. Born: 1 Håvard f 1962, snikkar gm Tone Frøland, har borna Erlend, Lennart og Vegard, bustad Seljord. 2 Elisabeth f 1963 gm Torbjørn Haugen, sjå garden Sud-Haugen. Dei brukar jordvegen til Gjerjordet frå Haugen. 3 Margaret f 1965 gm Halvor Nordbø, sjå Nordbø. 4 Øyvind f 1967 gm Brit Merete Funner, sjå Øvre Funner. 5 Anne f 1971 gm Stig Prytz, Røros, bustad Nedre Prestegarden (Gvåle), sjå der. 6 Per Vidar f 1973 murar, sambu m Olaug Irene Funner. Gullik O. Gjerjordet dreiv som murar i Alta i 14 år, før han kom heim og tok over gardsdrifta i 1977. Gullik dreiv med foringsdyr ei tid, men har seinare vore murar på heiltid, og driv mykje med natursteinsarbeid. I 1994 bygde han murarverkstad på Gjerjordet.

Torbjørg og Gullik leiger bort jordvegen til dottera og versonen på Haugen.

Samla jordbruksareal i 1939 var 35,3 dekar, av dette 5 dekar åker: 1 dekar kveite, 3 dekar bygg og 1 dekar poteter. I 1965 var det 55 dekar. Da var det 1 hest, 4 kyr, 5 ungdyr og 1 avlspurke på garden, i 1971 om lag det same.

1985: 32 dekar dyrka, 7 dekar overflatedyrka, og 326 dekar produktiv skog.

Nedre-Haugan Nedre-Haugan gnr. 30.3

Bruksnamnet er Nedre-Haugan Uttale: nære-hæugein

Haugan blei delt i to jamstore bruk sist på 1600-talet. Det ser ut til at Ola Haugan, d 1713, bruka den nedste parten så lenge han levde, men dei siste åra bruka han berre halve Nedre-Haugan. Gunleik Olson bruka den andre halvparten.

Det er uvisst om han var son til førnemnde Ola.

1) Gunleik Olson Haugan, brukar ca. 1703-38, f ca. 1670 skifte etter han i 1738 gm Anne Jørgensdtr. f ca. 1666 levde i 1738. Born: 1 Mari f 1700 d 1777 på Sud-To gm Johannes Tho. 2 Torbjørg f 1704 gm Johs. Ambjørndalen. 3 Torkel f 1707, sjå 2). 4 Gunlaug f 1710 d 1726. 5 Anne f 1712 gIg 1734 m Søren Hanson Håtveit, Sud-Håtveit. 6 Aslaug f.år?

Anne og Gunleik var leiglendingar det meste av brukartida. Torjus Bekkhus, Seljord, kjøpte 1 1/2 tn i Haugan frå hr. Leopoldus i 1719. I 1723 åtte Torjus Bekkhus heile Nedre-Haugan. Han selde til brukarane i 1732, for 120 rd. Det var ein låg sum for ein gard på 3 tunner. Sjølv gav Torjus 50 rd. for kjøpet i 1719. Grunnen til til låge taksten er ikkje kjent.

Da dei skifta etter Gunleik Haugan i 1738, var formuen i buet 252 rd., nettoformuen var 184 rd., og buet åtte heile Nedre-Haugan. Garden var skyldsett for 3 tn., og taksert til 150 rd. Arvingane knurra over den låge taksten, og den blei auka til 180 rd.

Denne buskapen var med i skiftet: 9 kyr til 38 rd., 2 teungskviger, 2 vetrungskviger, 1 liten stut, 2 kalvar og 10 sauer.

Blant lausøyren var ein koparkjel til 8 spd, 2 gryter til 1 ort 12 sk. kvar, og denne gardsreiskapen: 2 økser, 1 plog med ristil og 1 navar, dessutan 1 arbeidssele, 1 beksel med munnbit, og 1 kuklave. Ingen køyredoning var med i skiftet. Av sengeklede var der to svarte og kvite "tærningstjeld" og 1 skinnfell, alle til 1 spd for stykket. Dei tok unna heimanfylgje for Aslaug, den yngste og ugifte dottera. Ho skulle ha 7 rd. 3 mark i reide pengar, og desse husdyra: 1 ku til 4 rd., 1 kalv til 3 mark, og 2 sauer. Dessutan 2 tjeld til 1 rd. for kvart. På dette viset fekk ho arv til liks med systrene.

Kona Anne sa ifrå seg sin part i buet. Vergen hennar sa i retten, at "...hun som en aldrig og høibedaged enke, (...) forestiller sig den øvrige levetid at være kort...". Laust og fast blei delt mellom borna, så nær som det ho trong til føderåd, og til ei sømeleg gravferd når tida kom. Ho heldt att 2 kyr og 6 sauer, som borna skulle fø for henne. Sonen Torkel, som tok over Haugan, skulle fø ei ku og yte 1 tn bygg for året, og elles syte for Anne på alle vis. Kvar av døtrene skulle gje henne 1/2 tn bygg for året. Elles skulle to av jentene fø den eine kua for mor si, medan dei hine to skulle fø 3 sauer kvar.

Borna plikta, "... naar det behager Gud at hedenkalde Deris gamle moder, da hendes afskielede lægeme efter landsens skik og leilighed ved sømmelig jordeferd at see bestædiget." Torkel tok over Nedre-Haugan.

2) Torkel Gunleikson Haugan, eigar og brukar 1738-55, f 1707 d 1755 g 1741 m Signe Jonsdtr. d 1798 på Djupedal. Born: 1 Mari f.år ukjent, sjå 3). 2 Gunleik f 1741 d 1761, "drept ved bøsseskud". 3 Anne f 1745 g 1766 m Torkel Halvorson Mæland. 4 Margit f 1748 gm Tov Anundson Mæland. 5 Ola f 1651 d s.å. 6 Torbjørg f 1756, etter faren var død, d 1790 på Djupedal. Ho var ugift, og budde saman med mora.

Torkel skal ha vore stri i ungdommen. "Han ætta frå Omnes". I 1735 fekk han ei bot på 9 rd. etter slagsmål med Pål Halvorson Midtbøen. Torkel døydde ifrå ein flokk med små born. Dei skifta etter han i 1755. Formuen i buet etter han var 289 rd., nettoformuen var 204 rd., og Nedre-Haugan blei taksert som sist, til 180 rd.

Denne buskapen var med i skiftet: 1 blakk hest til 16 rd., 8 kyr til 37 rd. 4 ort, og ei ku som enkja ønskte til "gravgiørdsel", som vederlag for den kua som gjekk med til gravferda til mannen, dessutan 5 kviger, 2 kalvar, 6 sauer og 4 geiter.

Den einaste guten som levde opp, døydde få år etter faren, og såleis fekk den eldste jenta og mannen hennar ta over garden.

3) Mari Torkelsdtr. Haugan, eigar og brukar ca. 1765-70, f.år ukjent truleg d før 1791, trulova 1762 m Ola Arneson Prestegarden. Han døydde før vigselen. G 1765 m Lars Anundson Bekkhus, f 1740? på Gutehus. Born: 1 Margit d 1766, 13 veker gml. 2 Anund f 1767. 3 Torkel f 1769.

Mari og Lars løyste ut medarvingane i 1766, for 589 rd. Dei måtte ta opp pantelån for å klare dette, og blei straks nedsylta i ei gjeld dei aldri makta å innfri.

I 1770 måtte dei selje garden. Kjøpar var Harald Dysjå. Mari og Lars måtte flytte. Dei bruka Nedre-Nordbø for stefaren til Lars i 1770-åra. Om lag 1784 reiste Mari og Lars til Stathelle, Brevik, med dei to borna sine.

Harald Dysjå fekk Nedre-Haugan for 916 rd 3 ort 8 sk. Det var ein svært høg pris. Taksten var 600 rd. Harald opplyste takstmennene om, at han ville ha Nedre-Haugan fordi han alt åtte Øvre-Haugan. Han meinte vidare han hadde ei form for forkjøpsrett av same grunn. Dessutan var han redd han kunne få ein vrang granne!

Året etter fekk to av sønene til Harald Dysjå kvar sin av Haugan-gardane.

Halvor kom til Nedre-Haugan.

4) Halvor Haraldson Dysjå/Haugan, eigar 1772-1806, brukar frå 1764/72-1806, f 1729 på Dysjå d 1806 her gIg 1761 m Bergit Johannesdtr. To-Strand f 1734 d 1767. GIIg 1769 m Ragnhild Sørensdtr. f ca. 1745 d 1806. Born i første ekteskap: 1 Aslaug f 1763 d 1775. 2 Mari f 1764 g 1790 m Halvor Anundson Mæland, til Gjuv. 3 Harald f 1766, sjå 5). Born i andre ekteskap: 4 Bergit f 1770 d 1775. 5 Anne f 1772 d s.å. 6 Søren f 1774 g 1804 m Anne Sørensdtr. Bekkhus, fekk halve Øvre-Haugan i 1807. 7 Anne d.e. f 1776 g 1803 m enkjemann Ola Torkelson Gutehus. 8 Lars f 1779. 9 Ola f 1780. 10 Gunleik f 1783, freista å ta Gjerjordet på odel i 1807, men det førte ikkje fram. Gunleik var klokkar i mange år, til om lag 1840. 11 Halvor f 1786 g 1818 m Helge Eilevsdtr. Solheim, til Nord-Solheim i Tuddal, farsgarden til Helge. Dei dreiv den til dei reiste til Amerika med ein stor barneflokk i 1847. 12 Kristian? f 1788. 13 Anne d.y. f 1794. 14 Hege? uviss. Halvor løyste inn garden for 223 rd. i 1772, men han og huslyden må ha budd på ein av Haugan-gardane sia 1764. Frå 1764 er huslyden registrert u/Haugan i kyrkjebøkene. Dei skifta på Haugan etter Bergit, den første kona, i 1767. Formuen i buet var 148 rd., nettoformuen var 136 rd. Fast eigedom ikkje nemnt. Denne buskapen var med i skiftet: 1 hest til 10 rd., 7 kyr til 32 rd., 3 kviger, 1 stut, 10 sauer, 2 bukkar og 4 geiter.

Bergit let etter seg dette draktsølvet: 6 par lauvspenner, til 7 rd. 2 ort, 1 dusin maljer med lauv til 5 rd., 1 lekkje med nål, 3 kransesøljer med lauv og 2 små takkesøljer. Blant gangkleda etter Bergit kan nemnast 1 stakk i blått klede med raudt liv, 1 raud likeins med blomstra liv, 1 stakk i blå stamet med maljer i livet, og ikkje mindre enn 6 stakkar i svart vadmål med ymse liv, m.a. i plysj med gullband, i raud damask, og 1 striput liv med maljer i. Det var 7 trøyer, i klede, kirs, stamet og vadmål, 1 utsauma kast med kniplingar, eit anna i dreiel, dessutan 9 kvite, utsauma skjorter i lerret, somme broderte på brystet og handlinningane, somme broderte berre på kvarden, (kvalen). Jamvel arbeidsklede var med i skiftet, m.a. serk, skjorte og skaut i strie. Dei skifta etter Halvor Haugan i 1806, det året han døydde. Kona Ragnhild døydde seinare same år.

Harald, den eldste av sønene, tok over Nedre-Haugan.

5) Harald Halvorson Haugan, eigar og brukar 1807- ?, f 1766, skifte etter han i 1811, trulova i Sauland i 1797, g s.å. i Hjartdal m Anne Sørensdtr. Bekkhus, f 1769 d 1841 på Mæland. Anne gIIg 1810 m Ola Høljeson Mæland. Borna til Anne og Harald: 1 Bergit f 1798 d s.å. 2 Søren f 1800 d 1836, sjå 6). 3 Halvor f ca. 1801. 4 Bergit f 1802 d lita. 5 Anne f ca. 1803 g 1828 på Mæland m Ola Halvorson Aslaugberg. Dei fem første borna kom til verda på Dysjå. 6 Bergit f 1807 på Haugan. Borna til Anne og Ola: 7 Harald f 1814 her g på Mæland i 1843 m Ragnhild Torkelsdtr. Flatland, sjå Mæland.

Anne og Harald bruka på Nord-Dysjå i 1798-1807, før dei tok over Nedre-Haugan. Berre den yngste av borna deira kom til verda på Haugan. Harald løyste ut Nedre-Haugan i 1806 for 900 rd. I skiftet etter han i 1811, var taksten på garden 1000 rd. Det ser ut til at Anne og Ola bruka Nedre-Haugan til den eldste av gutane kunne ta over.

5a) Anne Sørensdtr. GIIg m Ola Høljeson, brukar ca. 1807-27. Anne og Ola flytta seinare til Mæland.

Søren Haraldson fekk skøyte på Haugan i 1815 for 350 riksbankdalar. Han tok over garden.

6) Søren Haraldson Haugan, eigar 1815-38, brukar ca. 1827-38, f 1800

på Nord-Dysjå d 1836, gm Margit Olsdtr. f 1808 på Myljom-Berge d 1848 som legdslem på Haugen/Åkre? Born: 1 Harald f 1827 d 1886 i Baksjult gm Ragnhild Kåsastul, til Baksjult. 2 Ola f 1829 d 1873 i Kleiva, gm Anne Knutsdtr. frå Kleivane i Åmotsdal, sjå Kleiva u/Haugan. 3 Anne f 1830 d 1885 i Moldbakken, g 1867 m enkjemann Hølje

Engebretson Solli/Moldbakk d 1870, hadde borna Margit, Liv og Guro. 4 Halvor f 1832, til Moldbakken? 5 Søren d.e. f 1833 d 1858. 6 Margit f 1835 d 1893 i Hytta ved Gjuv g 1861 m Hans J. "Livrud"/Livro, skreiv seg for Kalddal i giftaråret. Sjå Livro. 7 Søren d.y. f 1837 f. etter at faren var død, d 1888, utflytta til Avaldsnes, Rogaland. Margit hadde også 8 Ragnhild f 1839, far Kjetil Gunleikson Gjerjordet. Ragnhild g 1876 m Kristian Bakken, sjå Bakken u/Berge.

Det var skyldsettingsforretning på Nedre-Haugan i 1837. Det er uvisst om dette var etter at Søren var død. Ein lut av garden, løpenr. 67b, skyldsett til 4 setting, blei utskilt som eigen eigedom. Mest truleg er dette den tidlegare plassen Baksjult. Kjøpar av denne luten var Johs. Sørenson. I f.t. 1845 var løpenr. 67 b "en slåtte uden agerland". Eller kan dette ha vore Kovviken? Sjå brukarar, 7).Ê

Søren døydde ifrå ein flokk med små born. I skiftet etter han i 1838, blei garden lagt ut til den eldste sonen Harald, medan kona Margit fekk bruksretten. Ho var eigar i 1842.

6a) Margit Olsdtr. Haugan, eigar 1838-42 eller lenger, brukar frå ca. 1827.

Det er uvisst kor lenge Margit og borna blei verande på garden. Men Harald S. Haugan kom aldri til å løyse inn garden. Han flytta til plassen Baksjult.

Det ser ut til at minst to av borna blei bortsett. Det er dagsett eit brev i Prestegarden den 28 juli 1843. Der skriv sokneprest Finkenhagen: " Velbårne Hr. Sorenskriver Nielsen, Bjørge. Husmand Jon Tovsen Hyfsup av Hjartdal Hovedsogn kom til mig i dette øieblikk og bar på sine arme pigebarnet Margit Sørendatter Haugene, bedækket med pjalt som nåede barnet til knæerne, og lod arme, skuldre og bryst være aldeles ubedækkede, ei heller havde barnet noget på fødderne og hovedet, og forklarede at Kittil Olsen Rue av Deres velbårenhed qua overformynder havde modtaget 150 spd. for at skaffe barnet og et andet af Søren Haugenes efterladte børn tilstrækkelig livsophold og klæder. Da jeg er aldeles uvidende om nu alt dette forholder sig således, men finder Kittil Rues fremgangsmåde aldeles uforsvarlig, så tillader jeg mig ærbødigst at forespørge mig hos Deres velbårenhed om ovennævnte relation medfører sandhed, og om det ikke på grund af det passerede kunde overdrages fattigforsørgelsen i Hjartdal, at erholde sig børnene udleverede, samt deres fædrenearv tildeelt, for at dens omsorg for at børnene ei lide nogen vilkårlig behandling, og blive tilsedde og med renholdelse, (thi den ovennævnte lille pige var besat med skurv i hovedet) - og nyde en kristelig opdragelse. - Det er i sandhed rædsomt at tænke sig, at faderløse børn skulle være udsatte for sådan medfar og behandlingsmåde i et land, som skal kaldes kristeligt.

Jeg forventer således tillidsfuld, at Deres velb. drager omsorg for at mine ovenfor udtalte ønsker til børnenes vel kunne blive realiserede." Vi veit ikkje om prestens harmdirrande brev blei til hjelp for vesle Margit. Ho levde i alle fall opp, og fekk sin eigen huslyd ikkje langt unna barndomsheimen. Sjå Hytta u/Haugeberg. For overformyndaren, Kjetil Rue, fekk denne hendinga liten verknad. To år seinare var han den eine av to representantar i Hjartdal

fattigkommisjon.

7) Eigarar ca. 1842-56. Det er opplyst i 1848 at "den førre eigaren har dratt til Amerika.", etter gjeld og sal av stulsområdet Kovviken. Det er uvisst kven eigaren var.

Kovviken blei formelt utskilt frå Nedre-Haugan i 1892. Desse kan ha bruka garden:

7a) Bergit Johannesdtr. Haugan f 1821 g 1850 på Haugan m kyrkjesongar Halvor Ånundson Øygarden, f 1825 i Vinje d før 1862. Born: 1 Aslaug f 1852. 2 Ånund f 1854. 3 Johannes f 1855. 4 Halvor f 1858. I 1862 var Bergit enkje. Da er ho og dei fire borna registrerte i utflyttingslistene til Amerika.

Denne huslyden budde på Nedre-Haugan ei tid:

7b) Halvor Kjetilson Rue gm Helge Olsdtr. Born f på Haugan: 1 Kjetil f 1856. 2 Ola f 1858.

Sjå Rue. Seinast i 1858 var det nye folk på Nedre-Haugan.

8) Ola Olson Øien, eigar og brukar ca. 1856-64, f 1831 på Øyen i Sauland g 1857 m Ingebjørg Halvorsdtr. Lofthus f 1822/32 på Øvre Lofthus d 1918 på Øyen. Dei tri eldste borna kom til verda på Haugan: 1 Anne f 1860 gm Ola N. Skårnes, Skårnes-Haugen. 2 Ola f 1858 gm Aslaug Halvorsdtr. To-Kasin, til Øyen. 3 Margit f 1863 gm Jon H. Lonar, Sud-Lonar. 4 Ingebjørg f 1866 på Øyen gm Nils O. Hytta, Slåkestad, Sauland. 5 Halvor f 1868, til Nord-Øyen. 6 Helga f 1871 d 1935 ugift. Ho hadde huspost hjå Ola Hytta, Mosebø, og hjå doktor Hytta. Ho stelte også for brorborna på Nord-Øyen. 7 Hans f 1877 gm Anne Leirlid. Hans blei landhandlar på "Huset" i Hjartdal, og kjøpte seinare garden Øvre Haugan i Morgedal.

Ola Olson var odelsgut på Øyen. Han sat med Haugan til han fekk skøyte på farsgarden, i 1864, og flytta da attende til Øyen med huslyden sin. Seinare kalla han seg for Øi-Haugen.

9) Hans O. Øien, eigar og brukar 1864-71, f 1837 på Øyen i Sauland d 1871 her g 1865 m Margit Olsdtr. Hauge-Mæland? f 1848 d 1874. Born:

1 Margit f 1866 gm Ola Tovson Berge, Myljom-Berge. 2 Ingebjørg f 1865 d s.å. 3 Ola f 1868 d 1891, ugift, voks opp hjå farbroren på Øyen, sjå 9a). 4 Hans f 1871 d s.å. Dei skifta etter både Margit og Hans i 1874. Nedre-Haugan blei utlagt sonen Ola. Etter at Hans og Margit døydde så tidleg, kom Ola til Øyen. Øyenfolka bruka Haugan. Dei var på Haugan og onna og treskte kvart år. Ein fekk "...so heskeleg med bygg der - og Haug`ænbyggjet va` svært te` melt-øl". H.H.S: "Jon O. Berge som hadde treskeverk og for rundt på gardane og trekste under krigen, sa at det var ingen stad der han trekste som dei hadde så mykje korn som på Nære-Haug`æn."

9a) Ola Hanson Haugan, eigar 1874-91, f 1868 d 1891, ugift.

Ola hadde forpaktar til å drive garden for seg. Ei tid var det Ola Signeson frå Øverbø-Haugen som bruka garden for han. Medan Ola var forpaktar, så brann uthusa på Nedre Haugan med heile buskapen. Ei tenestejente hadde gjenge ifrå eit talglys. Det skal ha vore 8 kyr og kalvar som gjekk med i brannen. Gunleik Hykkerud f 1879 i Uksedalen, hugsa brannen godt. "Eg og bror min var nord på bakken og

såg da dei ha gjort ei stor grav sud på Bratland og begrov dem der." Da Ola Haugan døydde utan livsarvingar i 1891, tok systera Margit over garden.

Øyenfolka leigde ut husa. (Til Saulendingar?)

9b) Halvor Nilson, budde på Haugan i 1870-åra, f 1848, tømmerkøyrar og skogsarbeidar, gm Tone Jonsdtr. f 1845. Born: 1 Nils f 1869. 2 Tone f 1870. 3 Margit f 1873. 4 Ragnhild f 1876 her d s.å.

I f.t. 1875 var Kristian Gunleikson, f 1836, leigebuar på garden, likeins vegarbeidar Leif Knutson f 1850.

Det budde ikkje folk på Nedre-Haugan i 1891. Da Margit arva Nedre-Haugan etter broren i 1892, selde ho og mannen straks til Ola Sørenson Berge. Ved same høvet blei Kovviken, gnr. 30.4 og 5, fråskilt Nedre-Haugan. Området er ikkje løyst inn att. Sjå u/stulsområde.

Ola Berge flytta inn på Nedre-Haugan.

10) Ola Sørenson Berge/Haugan, eigar og brukar 1892-1914, f 1844 på Dale i Flatdal d 1918 g 1868 m Anne Olsdtr. Århus f 1840 d 1915. Born: 1 Helga f 1868 på Nord-Åbø gm Halvor Jonson Opsal, sjå Nord-Oppsal. 2 Ola f 1871 på Høgetveit, sjå 11). 3 Anne f 1873 på Ormaskjer gm Halvor Vaale, Sud-Gvåle. Dei reiste til Amerika. Anne var skreddar. 4 Aslaug f 1875 på Ormaskjer gm Jon Langåsdalen, frå Nord-Haugeberg. Dei forpakta Nord-Berge i 1881-92. 5 Guro f 1878 på Ormaskjer d 1918 gm Tor O. Djupedal, Baksjult. 6 Søren f 1881 på Berge, sjå 12). 7 Harald f 1883 på Berge. Han reiste til Amerika, gm ei svensk dame i Am. Som det går fram av fødestaden til ungane, flytta familien fleire gonger. Ola Sørenson var lærar, m.a. var han tilsett i Bondal skulekrins ei tid. Da gjekk han på ski over fjellet og heldt skule. Ola og Anne budde ei tid på Ormaskjer, bruka Søndre Særsland ei tid, og forpakta Nord-Berge 1881-92. Han skreiv seg for Berge da han kjøpte Haugan. Foreldra, Søren Olson frå Hjartdal og Hege Haraldsdtr. frå Flatdal, flytta også mykje. Faren skreiv seg oftast for Søren Ormaskjer. Ola var nytta av mange sambygdingar til å skrive skøyte o.a. formelle skriv. Ola O. Haugan fekk skøyte frå mora og syskena i 1914. Anne fekk føderåd på garden.

11) Ola O. Haugan, eigar og brukar 1914-26, f 1871 d 1925 ugift.

I 1926 fekk broren Søren skifteskøyte på garden.

12) Søren O. Haugan, eigar og brukar 1925-49, f 1881 på Berge, kom til Haugan frå Nord-Øverbø, d 1968 gm Anne Kaasa f 1881 d 1956. Born: 1 Anne f 1909 gm John Hykkerud, til Hykkerud. 2 Olav f 1911 gm Mary Vinje, Bamble, born Audhild og Kato Sturle. Olav var snikkar og arbeidsformann i Porsgrunn, bustad Porsgrunn. 3 Anlaug f 1913 gm Olav Bergrud, sjå Bergrud. 4 Helga f 1916 gm Olav Øverbø, har borna Torbjørn og Oddvar, bustad Notodden. 5 Harald f 1918, sjå 13). 6 Halvor f 1921 snikkar, gm Åse, har borna Torunn, Morten og Ole Gunnar, bustad Porsgrunn. 7 Johannes f 1924 d 1975. Han var ugift, dreiv som anleggsarbeidar og forskalingssnikkar, og budde på Haugan. 8 Gunleik f 1926 snikkar og gardbrukar på Forberg i Bø gIg m Mari Forberg, død. GIIg m Astrid. Born i første ekteskap: Halvor og Anne. H.H.S.: "Søren O. Haugan var ein kar som merkte seg ut. Han var både bygningssnekker og snekker på anna vis. Ei tid dreiv han fossesaga i Kvernhusdalen. Søren var ein uvanleg sprek kar. I ungdomen kunne han springe lange stykke utan å bli andpusten. Ein gong sprang han frå Brunkeberg og til Hjartdal i ein strekk. Grinder og le brydde han seg sjeldan med å late opp, han berre spratt over. Og da han dreiv i Kvernhusdalen, er det sagt at han hoppa over sagbladet med det var i drift i staden for å gå rundt, om det var noko han måtte gjera på andre sida. Ein gong dukka han etter øksa si som han miste i sagdammen. Søren kom tidleg med i pinserørsla. Han var kjend for sine sterkt engasjerte taler. Alltid i kvardagslege vendingar, og alltid var han trufast mot sin Hjartdalsdialekt." Det var sjeldan han ikkje kom på møte, sjølv om han hadde dagen full med tungarbeid. Han var ofte på vitjing hjå sjuke og gamle, og var innom nær på kvar heim i bygda.

Sonen Harald tok over garden i 1949.

13) Harald S. Haugan, gardbrukar, eigar 1949-74, f 1918 d 1986 g 1943 m e. Marie Aamot, gardbrukar, f 1921 på Dale i Flatdal. Marie gIg 1940 m Ola T. Djupedal, f 1908 d 1941. Sjå Nord-Djupedal. Det første ekteskapet var barnlaust. Borna med Harald: 1 Sverre f 1945, sjå 14). 2 Esther f 1947, saksbehandlar i Seljord kommune, dtr. Hildebjørg f 1969, sivilagronom, bustad Seljord. 3 Eivind f 1951 maskinentreprenør i Hjartdal gm Anne Åbø, har sonen Odd Harald f 1979, sjå Steinsbakk. Marie Haugan var først gardbrukarkone på Nord-Djupedal. Ho blei enkje etter kort tid og gift på nytt. Marie og Harald Haugan blei verande på Nord-Djupedal til 1944. Da overdrog Marie den garden til verbroren Halvor T. Djupedal. Marie og Harald kjøpte bustadhuset Vestigard,

Djupedalsgrenda, og budde der til dei flytta inn på Haugan i 1949. Marie Haugan har vore formann i Hjartdal vevstugu, eit tiltak der vevar til vanleg bruk er sett opp i den gamle skulen i Kyrkjebygda. Sonen Sverre tok over garden i 1974. Marie og Harald S. Haugan tok føderåd.

14) Sverre Haugan, gardbrukar og landbruksvikar, eigar frå 1974, f 1945 gm Aslaug Åbø, gardbrukar, f 1951 på Myljom-Åbø. Born: 1 Anne Marie f 1973, (stud. 1994). 2 Olav f 1976 (stud. 1994). 3 Halvor f 1989. Sverre Haugan er dagleg leiar for Avløysarlaget i Hjartdal. Han har vore formann i landbruksnemnda, d.e. Hovudutvalet for landbruk, næring og miljø, og formann i Kristeleg folkeparti i Hjartdal frå 1988. (1994) Aslaug Haugan var tidlegare sentralborddame i Televerket. Aslaug og Sverre Haugan dreiv med mjølkekyr 1976-94, og starta så med sau. I 1939 rekna dei 58,3 dekar dyrka mark, av dette 15,8 dekar åker: 6 dekar kveite, 4 dekar bygg, 3 dekar havre, 2,3 dekar poteter, og 0,5 dekar til anna. I 1965 var det 47 dekar. Da var det 3 kyr, 5 ungdyr, 12 sauer, 2 grisar og 13 fjørfe på garden. 1971 ikkje nemnt. 1985: 17 dekar dyrka, 20 dekar overflatedyrka, og 496 dekar produktiv skog.

 

Haugan Bakskjurt gnr. 30.7

Bruksnamnet er Baksjult Bakskjult blei eigen eigedom i 1915. Da blei den utskilt frå Nedre-Haugan, og fekk om lag 1/8 part av jordvegen.

Eigedomstilhøva frå gamal tid er uklåre. I 1793 gjorde mannen på Øvre-Åkre makeskifte med mannen på Gjuv med Fossjordet. Da blei Bjørkåker u/Gjuv lagt til Åkre, medan "jordstøkket" Baksjult blei lagt til Gjuv. Båe stykka var verdsett til 40 rd. Sjå Åkre. Det er uvisst når Baksjult blei lagt til Åkre, som ligg på hi side av åa. Grensa i åa er eldgamal.

Bakskjult er gamal plass. Den var bustad seinast frå 1760-talet. Det ser ut til at Bakskjult var utan folk i lange periodar etter den tid, truleg bruka til beite o.a frå garden. Bakskjult var vanleg husmannsplass frå 1830-talet, og underbruk til Nedre-Haugan frå 1890?-åra.

1) Ola Jonson gm Kari Eriksdtr. Åkre, f 1723 på Øyen i Sauland. Born: 1 Tore dtr.? f 1761 i Baksjult. 2 Gunlaug f 1764 s.st. I 1828 fekk Halvor Haraldson feste på "...adskillige stykker jord" u/Nedre-Haugan. Dette var truleg m.a. Bakskjult, som Søren Haugan gav broren til leveveg for seg og huslyden.

2) Halvor Haraldson Haugan, hadde festekontrakt 1828-43, var yngre bror til Søren Haugan. Det er uvisst om Halvor bruka plassen. Halvor "blir borte" i kjeldene. Festet blei sletta i 1843, på den tida der kom ny eigar til Nedre-Haugan.

Det var skyldsettingsforretning på Nedre-Haugan i 1837. Da blei 4 setting eller 1/9 av garden fråskilt. Denne luten fekk løpenr. 67 b, og blei selt til Johannes Sørenson.

3) Johannes Sørenson, eigar 1837-42 eller seinare?

Johannes har bruka eigedomen til slåtte. I matrikkelutskriftene frå 1845 var Baksjult "En slaatte uden Agerland", og der budde ingen. Harald, odelsguten til Nedre-Haugan, busette seg på Bakskjult.

4) Harald S. Haugan, brukar 1856-86, f 1827 på Nedre-Haugan d 1886 her g 1850 m Ragnhild Høljesdtr. Kåsastul f 1828 i Kåsastul, Tveiten. Born: 1 Søren f 1849. 2 Hølje f 1853. 3 Margit f 1857 her. 4 Halvor f 1860. 5 Harald f 1864. 6 Anne f 1867. 7 Ola f 1870.

Harald var odelsgut til Haugan. Men far til Harald døydde ifrå kona si og ein flokk små born. Dei blei verande på Nedre-Haugan ei tid, men det gjekk visst ut med dei. Harald kom til Baksjult. Han fekk aldri løyst inn att farsgarden.

Harald fekk feste på Baksjult i 1856 av den nye eigaren på Haugan, Ola O. Øyen. Festet galdt Baksjult, "... på den nedre kant av veien samt slåttestulen Vasdal på Breivasstronda". Vasdal låg litt opp for Bergstul. Det er uvisst kor Ragnhild og Harald budde før dei kom til Baksjult. Harald tente på Berge i giftaråret.

Ragnhild og den yngste av sønene bruka Baksjult i 1891. I f.t. 1875 var Harald medeigar i Baksjult, saman med Jakob H. Berge og Torkel J. Lofthus. Dei åtte kvar sin lut av Baksjult, og fødde kvar sine dyr der.

Seinare må Baksjult ha blitt kjøpt att av eigaren på Nedre-Haugan. I 1915 fekk Tor O. Djupedal skøyte på "Bakskjurt" gnr. 30.7.

5) Tor O. Djupedal, eigar og brukar 1915-60, f 1879 på Nord-Djupedal d 1968 gm Guro Haugan f 1879 på Ormaskjer d i barsel jula 1918 i Baksjult. Born: 1 Ingebjørg f 1906 d 1975 gm Kjetil O. Øverbø, Uppistugu. 2 Ola f 1908 d 1941 gm Marie Aamot, sjå Nord-Djupedal. 3

Halvor f 1911 gIg m Helga Bergstul. GIIg m Ågot Samuelsen, til Nord-Djupedal. 4 Johannes f 1914, sjå 6). 5 Harald f 1916 gm Gunvor Guldbekk, Seljordsheia, til Sopanstad. Det var Tor som rydda og bygde Baksjult. Da han kjøpte eigedommen i 1915, sto berre ein stall, og der var eit mål åker. Tor kjøpte stova i Tømmeråsdokka av Andres Øverbø, og bygde uthus, eldhus og loft.

Vyrket til loftet fekk han frå nybrotet Vesle Kåsåbrotet tidleg i 1940-åra. Til saman dyrka Tor Djupedal om lag 20 mål på Baksjult, - alt med handkraft. Hakke, spade og spett var reiskapen han hadde å hjelpe seg med. Storemyr ovanfor husa var det siste han braut, i 1957. Da var Tor ein gamal mann.

Der prøva han med traktor, men det var for blautt. Sonesonen Olav hugser han fekk 5 kroner per meter av bestefar for å grøfte på Storemyr.

Tor Djupedal Baksjult var ein slitar heile livet. Da Tor blei enkjemann, var borna frå to til 12 år gamle. Men Tor tok ein dag om senn, og det ordna seg. "Jau, det var nok trangt. Ein gong da eg lura som verst på ein utveg, var det som noko sa meg: Bruk det vesle du har". Da hadde Tor ein einsleg sau i stallen.

Denne tok han med og selde til Olav Skaarnes, handelsmannen. Dinest "gleid det i veg" så han slapp dra frå ungane og ut på arbeid. Seinare fekk han arbeid i forretninga til Mosebø på Fossheim, og han var og i forretninga hjå Slaattun på Omnesfoss i Sauland ei tid. Dit sykla han på dagen, og dreiv Baksjult attåt. Seinare var han ekspeditør på Hjartdal handelslag i mange år.

Tor O. Djupedal var og kommunal kontrollør og oppmålar for nydyrking som det var mykje av i trettiåra. I 1960 tok sonen Johannes over Bakskjult.

6) Johannes T. Djupedal, gardbrukar, eigar 1960-87, f 1914 d 1986 her gm Torhild Guldbekk, f 1908 på Seldjordsheia d 1988. Ekteskapet var barnlaust.

Torhild og Johannes hadde vanleg gardsdrift på Baksjult, sistpå dreiv dei berre med sau. Johannes hadde gardssag og E-verk drivne med vasskraft frå Vesleå. Sjå u/andre herlegdomar. I 1988 var det heimelsovergang til fleire, som arvingar etter Torhild og Johs. Djupedal. Dei gav skøyte på Bakskjult til Olav Djupedal, som var Johannes sin brorson, og Torhild sin systerson.

7) Olav Djupedal, eigar frå 1988, f 1947 på Sopanstad, arb. i Hjartdal kommune gm Aslaug Rue, f 1953 på Rue, hjelpepleiar på Hjartdal alders- og sjukeheim, Sauland. Born: 1 Merete f 1973, hjelpepleiar på Notodden, bustad Heddal. 2 Gry f 1976, bustad Baksjult, under utdanning (1994.)

Olav Djupedal er handverkar og fagarbeidar. Familien flytta frå Krogstadeleva, der dei budde frå 1980, og til Baksjult i 1991. Aslaug og Olav Djupedal bygde ny våning i 1994. Dei leiger bort jordvegen til grannen, Helga og Jon Særsland, Fossjordet. Samla jordbruksareal i 1939 var 31,7 dekar, av dette 1,2 dekar åker: 1 dekar bygg og 0,2 dekar poteter.

Ikkje nemnt 1965/71. 1985: 4 dekar dyrka, 6 dekar overflatedyrka, og 146 dekar produktiv skog.

Kleiva eller Kleiven u/Haugan

Kleiven var plass under Øvre-Haugan frå 1850-åra og ein snau mannsalder frametter. Truleg fekk plassen namnet sitt etter fødestaden til kona Anne.

På same tid budde der folk i Kleiva u/Øverbø. Dei låg i nokonlunde same området, og kan ha vore nemnde i saman. Da sa dei "Kleiven`". Sjå Øverbø.

Kleiva låg i lia rett ovanfor Baksjult. Nå er berre tuftene att etter denne buplassen. Kleiva blei bruka til slåtte og hamn i mellomkrigstida.

1) Ola Sørenson Haugan, brukar 1859-70-åra, f 1829 på Nedre-Haugan d 1873 g 1859 m Anne Knutsdtr. frå Kleiven` i Åmotsdal f 1835 d i Baksjult. Born: 1 Søren f 1859 d 1899 i USA. Søren emigrerte frå Seljord til USA i 1884, nemnde seg da "arbeidar". Søren O. "Cleven" g 1886 m Anne Tarjeisdtr. Lofthus f 1865 i Høydalsmo. Dei fekk 6 born. Tvillingane 2 Halvor f 1863 d 1885 av difteri på Svålåstugu, ugift, og 3 Margit f 1863 gm Jon Haugen, sjå Bakken. Tvillingane 4 Knut f 1872, skal ha reist til Amerika, og 5 Ingebjørg f 1872, reiste til Amerika i 1898, gm Gullik T. Haraldson f 1877, frå Hjartdal el. Seljord? Dei fekk dtr. Caroline.

Anne Knutsdtr. flytte ned til Baksjult på sine gamle dagar. Familien var i Tømmeråsdokka i 1859. Ola og Anne flytta visstnok til Seljord ei tid, men kom attende til Kleiva. Anne og borna var truleg dei siste i Kleiva.

Nå ligg Kleiven til Øverbø.

Armodshaugen u/Øvre-Haugan

Armodshaugen ligg ned mot Gjerå, men på bortsida av åa frå Haugan. Den var bustad seinast frå om lag 1760. Etter garddelinga på Øvre-Haugan i 1807, kom Armodshaugen under Gjerjordet. Den gamle bygdevegen kom forbi Armodshaugen. I Armodshaugen hadde dei øl for sal. Det ser ut til at plassen Hesteberget i nærleiken tok over ølsalet utpå 1800-talet. Torbjørg Haugan budde i Armodshaugen.

1) Torbjørg Olsdtr. Haugan, f ca. 1700 levde i 1771 g 1726 m enkjemannen på Øvre-Haugan, Kristian Larson Lind d 1757 på Haugan. Lars Kristianson, sonen til Torbjørg, sat med garden til 1761. Det er rimeleg å tru at ho fekk bu på garden så lenge han styrde. Men frå 1762 var der nye folk. Sjå Øvre-Haugan, u/4. I samband med innløysinga av garden er det opplyst, at Torbjørg fekk Armodshaugen i skiftet etter mannen. Den var taksert til 8 rd., og den nye eigaren kunne ikkje "... uddrive hende fra den af hende beboende ...Plads", grunna hennar "fattige Omstændigheder". Somme har meint at Ambra Larsdotter Lind har budd i Armodshaugen.

Dette kan vere ei samanblanding med Torbjørg, som var versystera til Ambra.

Armodshaugen er ikkje nemnt i kyrkjebøkene eller i andre offisielle kjelder.

Ei som heitte Ragnhild skal ha budd i Armodshaugen. Sigrid Andresdotter skal og ha budd der. Det kan sjå ut som det er det same mennesket, som den munnlege tradisjonen har gjeve ulike namn. Kona i Armodshaugen kunne spå veret i vetterbrauti, d.e. Mjølkevegen. "Sigrid Andresdotter budde paa ein ørrliten plass under Gjerjor heiter Armodshaugen. Ho hadde slik merke på vetterbrauti. Ho laag uppaa Bøysingsteinen uppi Dyssjaamarki, i 3 nættar, 3 vikur fyri krossmess.

De var daa de sætte, sa ho, og daa kunde ho segja noko lite visst kva tid kvar snjokletten kom um hausten. So var de ein haust ho hadde kyri si paa støylen Tøynbrække under Nord-Berge, og 14 dagar fyri krossmess, so mykje dei hadde flutt av langheidi til hauststøylen, so var de ein rettig fin solskinsdag ho kom og vilde hente kyri si. Dei hadde henne til læ aat. "Haatt e` du fe et dustetraag, at du vi` hente heim kjyri di naa dæ e` saa fint ," sa dei. "Ja, de gjor bære de følde ette, de ou," sa ˜. Men andre dagen var snjøren so stor at han slødde i meisane, fortalde Aslaug Aasen."

Det er mest den same soga om Ragnhild Armodshaugen, men Ragnhild selde øl, og "so hadde ho ein ljosstubb og ei salmebok". Jfr. Ambra Lind i "Gamle sagn om hjartdølerne." Både ho og mange andre fekk mykje i prestegarden av presten. "Dæm fødde alle fatigfaalk dær, men saa fødde dæm naa ou paa ufeiune." (Ei "ufeie" sa dei om folk som var mindre bra.)

Uksedalen u/Øvre Haugan og Rue.

Sjå Rue.

Skibdal eller Skipdal Skibdal låg ned for Nedre-Haugan, i delet med Luten. Området blei selt til Bergrud i 1949.

Skibdal skal ha vore plass under Nedre-Haugan. Plassen er også registrert under Haugen, sjå der. Det er ikkje noko å finne om folka som budde i denne plassen.

Haugan Bergrud gnr. 30.9

Bruksnamnet er Bergrud Denne eigedomen kom til i 1940, da Olav O. Gjerjordet skilde ut tomta Bergrud gnr. 30.9 frå Gjerjordet, og selde til verbroren Olav G. Hykkerud. Olav G. Hykkerud tok seinare namnet Bergrud.

1) Olav G. Hykkerud/Bergrud, eigar frå 1940, snikkar, tømrar m.m. f 1910 på Hykkerud g 1936 m Anlaug Haugan f 1913 på Nordre Øverbø, voks opp på Haugan, d 1976. Born: 1 Olaf f 1933 gm Hanna Nygård f 1932, har borna Marianne, Solveig, Eva, David og Levi, bustad Lena, Toten. Olaf har arbeidd som murar, lastebilsjåfør og fiskehandlar, og er menighetsforstandar i Pinserørsla. 2 Annie Thora f 1938 gm lærar John Treldal, bustad Skien. Annie Thora driv med porselensmålning. 3 Anne

Bjørg f 1940, postopnar i Nersnes, gIg m Håkon Pettersen d 1980, frå Sigerfjord, Nordland. GIIg m Bruno Hansrud, Roverud, Kongsvinger. Born i første ekteskap: Oddmund, Arvid og Inger Anita, bustad Åros i Røyken. Det andre ekteskapet er barnlaust. 4 Gunleik f 1942, musikklærar, seinare spesialpedagog, gm Ellinor Margareth Hansen, har dottera Elisabeth, bustad Oslo.

Olav og huslyden tok namnet Bergrud da dei flytta til eigedommen med same namn. Olav var heime på Hykkerud til han var vaksen, og dreiv med gardsbruk og stulsdrift. Faren dreiv som murar og tømrar, og Olav lærte seg tømre. Ein vinter gjekk han på snikkarskule i Hjartdal. Olav H. Aakre var lærar. Olav arbeidde først på Sud-Bø i Åmotsdal, og bygde etter kvart både fjøs, uthus og stovebygningar i Hjartdal, Sauland og Tuddal. Så kom han med som tunnellarbeidar under Hjartdølautbygginga, og blei tunnellbas. Seinare har han vore snikkar og forskalingssnikkar hjå Astrup/Aubert og Furuholmen, arbeidde 15 år i Oslo, og elles rundt på Austlandet. Olav Bergrud var m.a. med og bygde den nye bakken i

Holmenkollen. Han pendla mellom arbeidsplassen og Hjartdal i 12 år, og budde dei tre siste arbeidsåra i Oslo i lag med kona si. Olav og Anlaug budde i andre høgda på Nedre Haugan dei første åra dei var gifte. Dei fekk kjøpe tomt frå Gjerjordet og Nedre Haugan, og i 1940 begynte Ola å tømre på stova. Han fekk kjøpe det gamle fjøset på Fossjordet, og flytte det til Bergrud. I alle år seinare arbeidde han på

Bergrud ved sia av anna arbeid. Han rudde og braut åker, grov 80 m vassledning og la inn vatn, alt med handkraft. Anlaug strikka kufter som ho selde, - meir enn 100 stykke. Elles strikka og sauma ho mest alt familien trong av klede.

Ei oppsummering av eit langt arbeidsliv syner berre ein flik av korleis livet var, og ikkje korleis det kjendest. Olav Bergrud har skrive si eiga livserindring, og tankar han gjorde seg. På grunn av at soga hans gir eit allment tidsbilete av levekåra, tar vi med nokre utsnitt frå mellomkrigstida.

Da Olav var 12 år hadde familien stulsstell på Lekkjenuten, i saman med Håtveit N. Søstera Margit og Gunvor Håtveit var stulesjenter, og Olav var hjuring. "Som betaling for sumaren skulde eg have av Olav Håtveit et nytt skopar og stoff til ei bukse. Eg måtte gå på tresko hele sommeren. Fjorten dager føre krossmess kom Far med skoene som eg skulde ha. Det var K. Hovdejord som ha gjort dei. Eg syntes det var veldig gildt å få så svere sko, og så sleppe å gå på tresko mere. Eg smurde skoene opp med fett om kvelden og satte dei ved siden av peisen så det skulde trekke ekstra godt inni. Vi yste melken om kvelden, og satte mysu til å koke opp om natta, for da fikk vi tidligere prim dagen etterpå. Ja, kjelen var nokså full og den har begynt å koke om natten. For mye varme under kjelen har gjort det så at den har kokt over, og da sommestunder sprutet den hete mysen over skoene mine. Da vi stod opp om morgenen var skoene omtrent som flatbrød. Dei var helt ferdige. Det blev vel gråt av samtlige, men det var jo ingen mon for skoene. Det var ikkje å sende bud etter et nytt par i den tiden, så det var bare å ta treskorne fatt, og gå videre på dem til høsten.-

Den siste delen av tiden på fjellet var verst. Kretura var så ille til å fly, så en blev veldig lei og sliten mang en gang. En var veldig glad når krossmess kom."

På ettervinteren i 1929 var det ikkje arbeid å få i bygda. "Far skrev til meg fra Rjukan, og sa att kanskje der kunne vere en jobb. Eg reiste dit.- Eg spurde etter jobb dag etter dag. Men ingen hadde bruk for meg. Eg var selvfølgelig for ung også." Olav fekk til slutt arbeid på garden Bjørtuft i Miland, og blei verande til over sommaren. Om hausten dreiv han og bror John med tømmerakkord for den same gardbrukaren. Dei skulle lutdrive tømmeret, og det var brattlendt, tungdriven fjellskog. "Det viste seg at vi ikkje fikk solt en eneste stokk dette året. Så hadde vi ikkje andet å gjøre enn å hugge det opp til favneved og selge den til byen. Det var liten pris på veden, så vi blev ikkje rike etter alt dette strevet." Om hausten fekk dei arbeid i Hjartdal. Det var åkerbrot, vedhogst og tømmerhogst, og reparasjonsarbeid. "Det var ikkje så stor betaling, men en kunne ikkje vere så fordringsfull i den tiden. - Vi gikk ofte vinteren med skrekk i møte da det var lite arbeid." Vinteren -37 arbeidde Olav på Tuddalsdalen, for Mattis Kleppen. Han reparerte hytter og stallar for skogsarbeidarane. "Eg var alene med dette, og hadde kr. 6, - for dagen. Eg syntes det var god betaling. Men så kom det en vinter igjen, med lite arbeid. Men eg hadde arbeid nesten hele vinteren. - Det var ikkje så greit å få opp hus ved siden av å holde oppe familien. Men det gikk over all forventning. Eg søkte om et lån på kr. 1500, men det blev avslått. Alt det vi lånte var kr. 100 av Olav Haugan."

Etter at Olav Bergrud blei pensjonist, har han hatt verkstad heime. Verkstaden blei sett opp om lag 1950, og i fleire år produserte han dører, vindauge og tropper, som han leverte til Skien, Notodden o.a. På sine eldre dagar laga han kubbestolar. Olav Bergrud har vore ivrig med i pinserørsla i Hjartdal. Han har m.a. vore eldstebror, og vore med og bygd menighetshuset i bygda. Dessutan har han laga eit historisk oversyn over pinserørsla i Hjartdal, " Menigheten Betel Hjartdal gjennom 80 år." Olav Bergrud har vore sju-åtte turar til Israel.

I 1949 kjøpte Olav Bergrud innåt Skipdal, gnr. 30.10, som blei utskilt frå Nedre-Haugan.

Haugstad gnr. 30.11

Haugstad er bustadhus, utskilt frå Øvre Haugan i 1957, da Hans Haugan selde 2 mål til broren John Haugan.

1) John Haugan, eigar 1957-83, f 1925 på Øvre-Haugan d 1983, var anleggsarbeidar, seinare fabrikkarbeidar på Notodden gm Bjørg Edith Haugen, eigar frå 1983, f 1931 i Skafså, hjelpepleiar på Notodden. Born: 1 Inger f 1954, hjelpepleiar gm Lorenz Kristensen, Ålesund, har borna Cesilie og Charlotte, bustad Emblem, Ålesund. 2 Jan f 1955 gm Anne Nordbø, tok over garden Øvre-Haugan i 1987, sjå der. 3 Bjørn f 1957 yrkessjåfør, skilt frå May Britt Kåsa, Notodden, har borna Lennart og Lene, bustad Kongsberg. 4 Heidi Åse f 1965, kontorfullmektig gm Idar Weiseth, Bø, bustad Oslo.

Matrikkelgarden Rue gnr. 38

Rue ytte berre kongsskatt, 1 skinn, av dei gamle skinnskattane i 1585/86. Rue skatta for ein halvgard i 1593, og veksla mellom halvgards- og øydegards skyld på 1600-talet. I 1647 var landskylda 3 tn. korn.

Da heitte det, at "Rued" var "... en gandsche ringe gaard for detz paasatte landschyld", og skatta for ein halvgard. Frå 1690 var landskylda 2 tn. korn.

Rue hadde matr.nr. 26 til 1802. I 1838 var matr.nr. 38, løpenr. 77 a,b,c, -78-79. Gnr. i 1886 var 38, bruksnr. 1. Skylda i 1802 var 1 rd. 54 sk., ny skyld i 1838 var 2 dlr. 1 ort 11 sk., revidert til 4,7 skyldmark i 1886. Jordvegen var tungbrukt mold- og steinjord i solli i 1723. I 1845 var jordvegen "frugtbar", og der var overskot av korn. I 1864 var jordvegen rekna som tungbrukt. Da var det 10 mål åker, 10 mål dyrka eng, og 68 mål slåttemark i steinfull, men "temmelig god" jord. Der var lite att som høvde for kultivering.

Rue hadde skog til husbruk i 1723, likeins i 1864. Rue hadde 1 slåttestule, men leigde stulsbeite i 1723. I 1864 hadde garden vår- og hausthamn, men ikkje sommarhamn, og 36 mål fjellslått 1 mils veg frå garden.

Det var lauvskog til attåtforing.

Eigarar

Rue er gamalt bondegods. Brukaren var sjølveigar seinast frå 1670.

Brukarar

Rue eller Rui Uttale: re

Den første namngjevne brukaren på garden er nemnt i lensrekneskapa i 1590-åra.

I) Peder Rud, bruka garden ca. 1593-1602. II) Halvor Rød eller Rudj, er nemnt i brukarlistene 1610-11. Han var sjølveigar, og skatta for ein øydegard.

III) Herbjørn Rue eller Røed, var sjølveigar og bruka garden ca. 1618-41. Hadde han borna Asle og Bergit? sjå IIIa og VII. Det ser ut til at Herbjørn skatta for ein øydegard heile brukartida. IIIa) Asle Rud, er nemnt i brukarlistene i 1629. Asle eller Aslak blir ikkje nemnt seinare.

IIIb) Pål, nemnt i 1642-43. Dette er sikkert Pål Midtbøen, som åtte mest halve garden i 1640-åra. Han har knapt bruka Rue sjølv.

IV) Rolf, brukar og leiglending ca. i 1644-46. Han var "forarmit soldat" og har truleg sluppe skattane dei åra han budde på garden. V) Jon, brukar og leiglending ca. 1647-53.

VI) Ola, nemnt i brukarlistene 1654-60.

VII) Torbjørn, brukar ca. 1664-66, f ca. 1615. Torbjørn var etter alt å døme leiglending. Hølje Midsund og Guri Midtbøen åtte kvar sin part i garden i 1660-åra, dei same folka som 20 år i førevegen. I 1664 blei det drastiske endringar for brukaren på Rue. Da blei fjellbeitet som låg til garden selt ifrå, og det har aldri seinare blitt innløyst. Etter panteboksutskriftene heitte stulen "Kaabedal støl". Det var ein part i Kovedalen, som Rue åtte saman med Haugan frå gamalt. Skøytet er dagsett 24 november 1664, men det er ikkje tinglyst før 25 juni 1690. Stulen må ha vore gild, for landskylda på garden blei sett ned med 1/3 etter salet. Mest truleg har eigarane halde att fjellbeitet da dei selde garden til neste brukar. Bergit og Knut løyste inn garden.

VIII) Bergit Herbjørnsdtr. gm Knut Andresson, eigar og brukar ca. 1664-1700, skifte etter han i 1703. Born: 1 Guro, f. år ukjend, sjå IX). 2 Anne f ca. 1677, sjå IXa).

Bergit kan vere dotter til Herbjørn Rue, sjå III. Knut var lagrettemann i ei årrekkje, seinast frå 1672 til 1700. Knut pantsette Rue til Holst, Skien, i 1697, men garden blei innløyst før 1703. Da skifta dei etter Knut. Dei to døtrene fekk kvar si tunne i garden, og 20 rd. attåt. Dei to versønene blei forlikte om å ta halve garden kvar.

Men om Hans, som var gift med eldstejenta ville løyse inn heile garden seinare, skulle han ha høve til dette. Løysingssummen blei sett til 60 rd.

IX) Guro Knutsdtr. Rue, eigar og brukar ca. 1703-07, f. år ukjend d 1706 eller før, gm Hans Jørgenson Gjuv. Hans gIIg 1706 m Gro Bjørnsdtr. Reisjå, Tuddal. Born i første ekteskap: 1 Anne. 2 Gunlaug. Born i andre ekteskap: Hans og Gro fekk dtr. Guro f 1707 her, sjå elles Myljom-Gjuv. Hans og Gro flytta frå Rue og tok over Myljom-Gjuv, farsgarden til Hans.

IXa) Anne Knutsdtr. Rue, eigar og brukar ca. 1703-13, f ca. 1677 d 1713 gm Sveinung Andresson Fossjordet, eigar og brukar 1703-17. Born: 1 Inger f 1712 gIIg 1742 m Ola O. Kåsa. 2 Anne? sjå nedanfor. Ingen av versønene blei verande på Rue. Båe døtrene etter Bergit og Knut var døde i 1713.

I 1723 åtte borna til Sveinung hans part i garden, 1 tn., medan Torkel Hanson Skårdal åtte den parten som før hadde vore Guro og Hans sin eigedom. Torkel Skårdal selde denne parten til T.O. Lonar i 1724, for 92 rd.

Det var berre ein brukar på Rue i desse åra.

X) Anne Sveinungsdtr. Rue f ca. 1705 på Myljom-Gjuv? g 1724 m Johannes Halvorson Rue, brukar ca. 1713-47? f ca. 1680. Born: 1 Ingebjørg f ca. 1731. Tvillingane 2 Helge og 3 Guro f 1732. 4 Halvor f

1734. 5 Anne f 1737 d s.å. 6 Anne f 1742 d s.å. I f.t 1730 budde Asjerd Halvorsdtr. i lag med dei, f. år ukjend. Ho hadde dtr. Ingebjørg f 1727, faren var Ola Hartvigson, som var soldat i 1730. Anne hadde truleg odel på garden, men det er uvisst om ho åtte garden åleine eller saman med sysken. Det ser ut til at dei flytta frå garden i 1740-åra.

Før så langt leid, hadde dei vore igjennom noko av kvart. I 1728 blei Johannes stemna for retten av kona si. Han hadde kalla Anne for ei trollkvinne, og ho kravde utsegna mortifisert. Johannes måtte be kona offentleg om orsaking. Det hender vel at både den eine og andre kallar kona si eit troll, utan at verda går under for det. Men å seie noko slikt i Anne og Johannes si tid, var mykje meir alvorleg. Ei trollkvinne var trollkunnig, og dreiv med ulovlege gjeremål, så som å mane sjukdom på folk og krøter, eller stå i samband med Fanden. Slikt kunne straffast med døden.

I 1747 løyste Jon O. Rue inn garden frå fleire eigarar. Da hadde han bruka på Rue i fleire år.

XI) Jon Olson Rue, brukar frå ca. 1737, eigar frå 1747-72, f år ukjend d 1772 her gIg 1739 m Mari Hansdtr. f ca. 1702 d 1747 i barsel eller i samband med det. GIIg m Torgon Torsteinsdtr. f 1707 d 1775 her. Born i første ekteskap: 1 Hans f 1737 d liten. 2 Gisle f ca. 1737 etter skifte i 1748. 3 Knut f 1739, sjå

XII). 4 Halvor f 1740. 5 Ola f ca. 1741 etter skifte i 1748. 6 Åsmund f 1742 d 1775. 7 Hans f 1744 d s.å. 8 Hans f 1747 d 4 veker gml. Det andre ekteskapet var barnlaust. Da Jon kjøpte garden garden i 1747, måtte han straks sette storparten ut for pant, men det bar seg. Da dei skifta etter han i 1772, var nettoformuen i buet 32 rd. Sonen Knut tok over garden.

XII) Knut Jonson, brukar frå 1770, eigar 1775 - 1815, f 1739 d 1824 på Rue gIg 1770 m Anne Torkelsdtr. Greivjord f 1744 d 1778, truleg død i barsel eller i samband med det. Ho voks opp på Lynidalen og Haugen i Tuddal, og kom seinare til Flatland. Knut gIIg 1781 m Anne Olsdtr. Rue f 1746 d 1833. Var ho etterkomar etter Olav Roleivson, som bleiv i Svartegjuv? Born i første ekteskap: 1 Gisle f 1771, sjå Rue, løpenr. 78. 2 Anne f 1775 d 2 veker gml. 3 Torkel f 1778, sjå Rue, løpenr. 79. Born i andre ekteskap: 4 Anne f 1782 g 1800 m Tov Olson Øverbø, til Djupedal. GIIg m Olav Halvorson Midtbøen. 5 Jon f ca. 1788 g 1825 m Anne Kjetilsdtr. Sauar. Sjå Rue løpenr. 77. Knut løyste inn arvepartane til medarvingane i 1775, og åtte såleis heile garden med det han sjølv hadde arva.

Knut var den siste på lang tid, som bruka heile garden. I skiftet etter Anne Torkelsdtr., den første kona, arva sønene 1/2 tn. kvar, verdsett til 40 rd.

I 1802 oppretta Knut åsete på garden for Gisle og Torkel. Dei bruka kvar sin lut i garden frå tidleg på 1800-talet. Men Knut hadde jamvel ein son i andre ekteskap. I 1815 fekk yngsteguten Jon skøyte på den halvdelen foreldra åtte, og det var duka for strid mellom arvingane. Odelsretten var diskutert både mellom bygdefolk og øvrigheit frå langt attende i tida. Mellom dei danskorienterte embetsmennene på

1700-talet var det mykje på tale å oppheve heile odelsretten. Dei meinte m.a. at odelsretten gjekk imot den naturrettslege tankegangen, at all eigedom skulle vere fri. Det vil seie at den som hadde pengar, kunne kjøpe kva eigedom som helst, utan rettslege hefte. For gardbrukaren var odelsretten god å ha. Den sikra garden for ætta. Men det var odelsguten som fekk alle fordelane. Dei hine i syskenflokken sat att med ein arvelodd, stor eller liten etter som tilhøva var. Mange sokk ned i fattigdom. Var jordvegen liten, sleit jamvel odelsguten ofte med gjeld heile brukartida, for han måtte løyse ut syskena. I 1811 kom ei forordning som tok sikte på å avvikle odelsretten. Men så kom 1814. Synet på odelsretten blei snudd tvert om. "Den norske odelsbonden" blei etter kvart ein viktig faktor i sjølve fridomspolitikken i det nye Noreg. Slik var tilhøva da Knut Jonson Rue skulle dele garden mellom sønene sine. Den yngste sonen arva gardparten til foreldra i 1815. Det gjekk så gale som ein kunne frykte.

Han blei tynt av gjeld. Ingen av sønene fekk garden. Sjå løpenr. 77, 78 og 79.

Rue, løpenr. 77

Jon, den yngste av sønene til Knut Rue, arva hovudbølet etter foreldra.

1) Jon Knutson Rue, eigar 1815-38, brukar ca. 1815-28, f ca. 1788 d på Berge? g 1825 m Anne Kjetilsdtr. Sauar f 1798 på søndre Sauar, Heddal d før 1845. Born: 1 Knut (Knut Hegnin) f 1825 g 1853 på Berge m Anne Tovsdtr. Snikkar eller Berge, dtr. Ragnhild f 1858 her, seinare til Hegnin u/Gjuv. 2 Kjetil (Kjetil Berge) f 1828 på Berge g 1856 på Berge m Gunhild Olsdtr. Nord-Nordbø. 3 Jon f 1832 g 1863 m Helge Østensdtr. Dalen. Jon kalla seg Haugen i giftaråret, og Berge i 1869. Han og kona og borna Aslaug f 1863, Jon f 1865 og Kjetil f 1868, reiste til Amerika i 1869. 4 Anne f 1837 her. Anne Sauar hadde sonen Ola f 1822, far Ola Nerison Ingolvsrud, seinare Fossjordet i Sauland, reiste truleg til Amerika i 1848, ugift.

Jon fekk skøyte på 1 tn i Rue, det er halve garden, i 1815. Kjøpesummen var 400 riksbankdalar og føderåd til foreldra. Som før nemnt, meldte dei eldre halvbrørne protest mot denne avgjerda. Protesten førte ikkje fram, og Jon blei verande på garden. Sjølv om Jon og Anne sat med den største parten av Rue, ser det ut til dei hadde vanskar med å få det til å bere seg. Hovudgrunnen til dette, var at dei måtte løyse ut dei eldre halvbrørne til Jon. Dei var opphavleg lova garden, dei hadde jamvel best odel, og har knapt gjeve garden frå seg billeg. Anne og Jon måtte selje ifrå lut etter lut, og sat til sist att med ein liten lapp av garden. I 1835 selde dei 3 settung, 1/4 av garden, løpenr. 77b, for 100 rd. til Ola Åkre. Året etter gjekk storparten av garden, 7 settung, løpenr. 77c, som tilleggsjord til Ola Kjetilson Rue. I 1838 selde dei resten, 2 settung, d.e. løpenr. 77c, til Ola O. Ramberg.

I 1820-åra var det i alle høve to brukarar som budde på garden, kan hende heilt til 1860-talet. Sjå løpenr. 78 og 79. Anne og Knut flytta til Sud-Berge om lag 1828, og bruka der i 11 år. Seinare budde dei i Hegnin, og hadde venteleg føderåd hjå sonen på Berge sistpå.

Anne Kjetilsdotter var truleg halvsyster til spelemannen Leiv Olson Sauar. Han budde hjå systera på Rue ei tid." Haavard Gibøen kom ikring 1835 til Rude i Hjartdal og søkte uppe Leiv Olsson Sauar fraa Heitdal, han var au spelemann, god. Daa kom han der um kvelden, og hadde nettupp høyrt ein ny slaatt av tussane i Ambjørndalen. De var gongar. Og daa han og Leiv laag uppaa himlingi der um notti, so trampa dei takti med hælane, i fotspenni, og tulla slaatten. Um morgonen spela Haavard `n, og daa gret han, han havde no noko i hovude au. "Naa ska`eg spela Tusseslaatten fe deg Leiv," sa `n. Men de var den raraste slaatt Leiv hadde høyrt." Haavard Gibøen og huslyden hans budde i Stutthus eller Uppsal ei tid. Sjå der.

Rue, løpenr. 77a

Denne delen av Rue, 3 setting eller 1/4 tn skyld, var eigen eigedom 1835-1840-åra, kan hende lenger.

Jon K. Rue selde denne luten av garden til Anund O. Åkre i 1835, og prisen var 100 spd.

1) Anund O. Åkre, eigar 1835-38, sjå Åkre.

Anund kan ha bruka denne luten som tilleggsjord. Han selde etter kort tid til dottera Guri og versonen Johannes Sørenson, og dei busette seg på Rue.

2) Guri Anundsdtr. Åkre f 1804 på Nedre-Åkre g 1826 m Johannes Sørenson Hovland, eigar og brukar 1837/38 - 1845 eller lenger, f 1804 på Nord-Hovland d 1880 i Langåsdalen. Born: 1 Anne f 1837 på Rue gm Eivind Olson Blika, til Langåsdalen. 2 Anund f 1840 på Åkre. 3? Søren J. Midtbøen/Djupedal? Sjå Langåsdalen.

I 1845 heitte det, at løpenr. 77 b "Eies af en mand i småe omstændigheder". Da sådde dei 1/2 tn bygg og 2 tn. poteter, og fødde 3 kyr, 4 sauer og 1 geit.

Johannes og Guri selde eigedomen til Kjetil Olson, ein gong før 1865. Seinare budde dei m.a. i Ormaskjer, på Djupedal og i Langåsdalen. Sjå Langåsdalen.

Kjetil Olson var eigar seinast i 1865. Sjå Rue gnr. 38.1.

Rue løpenr. 77 c, sjå Rue gnr. 38.1.

Rue løpenr. 78

Denne luten av det gamle Rue var arveparten til Gisle Knutson, og skyldsett til 1/2 tn eller 1/4 av Rue. Gisle Knutson Rue arva 1/4 tn i garden ved skiftet etter mora i 1779. I 1802 oppretta faren åsete for dei to eldste sønene. Da hadde Gisle hatt sin eigen familie i fleire år.

1) Gisle Knutson Rue, eigar 1779-1836, brukar frå 1790-åra til om lag 1800, f 1771 på Rue d 1852 på Løksli, sjå Løksli. Gisle var klokkar i Hjartdal. Han kjøpte garden Løksli i 1800 og flytta dit. Truleg leigde han ut Rue dei første åra.

Tidleg i 1820-åra leigde han ut Rue til Ola Larson og huslyden hans.

2) Ola Larson Midtbøen, brukar 1824-25, f 1785 på Øvre-Midtbøen d 1825 her g 1824 m Ingebjørg Haraldsdtr. f ca. 1795 d 1875. Sjå 2a). Ingebjørg gIIg 1833 m Østen Torjusson Åkre. Born i første ekteskap: Ragnhild f 1824 g 1849 m enkjemann Tov Kr. Berge. Born i andre ekteskap: 2 Gunhild f 1834 her g 1856 m Torbjørn T. Funner d 1890 på Gjuv. Ola bruka Rue i lag med Jon Olson. "So hadde vore eit skinaar og Ola var reint julrin av næringssut. So ruska Jon i ein høykvervil, og Ola bar ei byrd innpaa laaven, og daa Jon kom etter ne-paa, so hekk han." Juldrin, d.e. ein som oppfører seg rart og vimsut. I si store armod tok han livet sitt og etterlet kona og ein spedunge. Dei to blei verande på Rue i mange år frametter.

2a) Ingebjørg Haraldsdtr., brukar frå 1824 til 1858/62, eigar 1836-1862?

Dokumenta er sparsame, men det ser ut til at Gisle leigde ut eigedomen til Ola Larson. Da dei skifta etter Ola i 1828, blei løpenr. 78 taksert til 212 spd. Ingebjørg og den vesle dottera blei verande etter at Ola var død. Da Ingebjørg gifta seg på nytt, fekk dei løyst inn eigedomen. Østen Torjusson fekk skøyte på løpenr. 78 i 1836. Østen og Ingebjørg flytta til Stutthus i 1862, men kan ha bruka Øvre-Gjuv i nokre år før den tid. Sjå Øvre-Gjuv og Stutthus. Det er uvisst kor lenge dei bruka garden, men i 1845 var dei sjølvforsynte, og jorda var gronæm. Dei sådde 1/4 tn rug, 1/2 tn bygg og sette 3 tn poteter, og fødde 4 kyr, 4 sauer og 2 geiter. Dei kjøpte garden Stutthus seinast i 1862, og flytta dit. Sjå Stutthus.

Seinast i 1860-åra ein gong, blei løpenr. 78 lagt inn i Rue. Sjå Rue gnr. 38.1.

Rue løpenr. 79

Lik Gisle, arva Torkel Knutson 1/2 tn i garden i skiftet etter mora i 1779. Jamvel Torkel fekk åseterett i 1802.

1) Torkel Knutson, eigar 1779-1820, brukar ca. 1811-19, f 1778 d 1831 på Aslaugberg g 1806 m Kari Hansdtr. Dalen f 1786 på Dalen i Gvammen d 1853 på Aslaugberg. Born: 1 Knud f 1808 gm Kristine Kopsland, og dei hadde to gutar. Knud var utdana prest, og hadde embete i Kolvereid, men flutte til Kongsberg da han blei pensjonert. 2 Anne f 1810 fekk sonen Ola f 1840, faren var Harald H. Snikkarplass. 3 Hans f 1811 her truleg d liten. 4 Jon f 1814 d 1868 på Hytta, Aslaugberg gm Anne Olsdtr. Åkre, Øvre-Åkre. 5 Margit? f 1819 g 1846 i Velta m Halvor Sveinson Gvåle. 6 Ola f 1820 på Kongsberg, gm Matilde, og fekk sju born. Ola flutte til Christiania i 1839, var seminarist og lærar, og underviste ved Nissens Latin- og Realskole og Christiania almueskole. 7 Gisle f 1827 gm Mari Anundsdtr., sjå Løksli.

Sjå elles Aslaugberg, bd. IIIa. Som tidlegare nemnt, blei det usemje om delinga av garden. Den yngre halvbroren fekk hovudbølet i 1815. Det kan vere ein av grunnane til at Kari og Torkel braut over tvert og flytta or bygda i 1819, men i kyrkjeboksutskriftene stend det "Bortvist". Dei drog først til Heddal, seinare vidare "hen mod Kongsberg". I 1826 kom dei attende til heimbygda.

Da hadde dei kjøpt eigedomen Velta i Kyrkjebygda. Dei kjøpte garden Aslaugberg seinast i 1830. Kari og Torkel selde denne delen av Rue til Kjetil Olson, som etter kvart skulle samle Rue til ein gard på nytt. Sjå Rue gnr. 38.1.

Rue gnr. 38.1

Bruksnamnet er Rue Kjetil Olson og kona hans var innflyttarar frå Seljord, og dei kom til Rue i 1818. Kjetil Olson kjøpte eigedomen til Torkel Knutson på 1/2 tn skyld i 1820.

1) Kjetil Olson Rue, eigar og brukar 1818-58, f 1788 i Seljord, tømrar og gardbrukar d 1858 her gIg m Ingebjørg Sørensdtr. f 1789 i Seljord d 1821 i barsel. GIIg 1826 m Signe Halvorsdtr. Gjuv f 1793 d 1868. Born i første ekteskap: 1 Ola f 1821, uvisst om han levde opp. Born i andre ekteskap: 2 Ingebjørg f 1826 g 1848 m Torkel Olson Sælebotsmoen, f 1812 på Haugen eller Kaffihaugen i Tuddalsdalen. Dei budde først på Kringlun i Gvammen, og kom så til Øvre-Haugan. 3 Halvor f 1829, sjå 2). 4 Anne f 1831 g 1853 m Søren Gunleikson Haugen. 5 Helga f 1834 g 1859 m Kjetil K. Fosse, Dalen, til Fossjordet. 6 Aslaug f 1838 g 1863 m Carl P. Strengehagen, Skeie. 7 Mari f 1840 g 1869 m enkjemann Ola Tolleivson Haugen?, Bø. Kjetil og huslyden hans dreiv godt. Dei starta med den vesle eigedomen etter Torkel Knutson, og kjøpte inntil lut for lut av garden. I 1836 tok dei over 7 setting i det gamle hovudbølet, som Jon Knutson selde. I 1845 hadde dei jamvel løyst inn ein mindre part som Ola Ramberg hadde, og seinast i 1862 åtte dei også Gisle Knutson sin lut i Rue. På denne tida hadde dei dessutan løyst inn den jordvegen som Åkrefolka åtte før, og sat såleis med heile den gamle garden. Kjetil Rue var overformyndar, og medlem av fattigkommisjonen i Hjartdal. Kjetil O. Rue åtte Luten 1823-37, og Fossjordet 1837-58/65, dessutan åtte han ein part av Sud-Skeie ei tid. I 1840-åra kjøpte han Øvre-Haugan. Dit kom dottera Ingebjørg og huslyden hennar etter makeskifte med Signe da dei skifta etter Kjetil Rue i 1858. Sonen Halvor tok over Rue, og dottera Helge fekk Fossjordet.

2) Halvor Kjetilson Rue, eigar og brukar ca. 1858-69, f 1829 her gm Helga Olsdtr. ( Haugan?) f 1835 d 1865. GIIg m Bergit Torsdtr. Åkre f 1849, voks opp på Nedre-Åkre. Born i første ekteskap: 1 Kjetil f 1856 på Haugan. 2 Ola f 1858 på Haugan. 3 Halvor f 1860 d 1864. 4 Hans f 1862. Born i andre ekteskap: 5 Theodor f 1872 i Wisconsin. Theodor reiste attende til Winnebago, Wisconsin, i 1892. 6 Ole f 1875 i Hjartdal. 7 Halvor f 1878 på Haugan. 8 Kjetil f 1882. 9 Gjermund f 1886. 10 Signe f 1892.

Halvor og Helga bruka på Nedre-Haugan før dei tok over Rue. Ei tid etter at Halvor blei enkjemann, selde han Rue. I 1869 selde Halvor garden til ein utanbygds mann, Johs. A. Brekka frå Kongsberg. Same året gav han feste på plassen Uksedalen til P. Pederson og huslyden hans. Sjølv tok han med seg smågutane til Amerika. Reiste også Bergit Halvorsdtr. Rue f 1841 i lag med dei?

Den seinare kona hans, Bergit Åkre, reiste til Amerika same år. Halvor reiste i alle høve saman med fleire sambygdingar. Men han kom heim att, med ny kjerring og fleire smågutar. I 1875 forpakta dei Øvre-Haugan. I 1891 forpakta dei Sisjord, og seinare i 1890-åra bruka dei Fossjordet. Dessutan dreiv Halvor som skinnhandlar. Det er uvisst om han og huslyden reiste ut att. Johs. Andreson flytta inn på garden.

3) Johannes Andreson, eigar og brukar 1869-79, f 1828 på Kongsberg g

1855 m Margit Jonsdtr. f 1834 i Rauland. Born: 1 Jon f 1857, til Amerika i 1879. 2 Anne f 1859 i Rauland. 3 Andres f 1861. 4 Åsne f 1864. 5 Anne f 1866. 6 Olav f 1870 på Rue. 7 Anund f 1871 her. 8 Margit f 1874 her. 9 Halvor f 1879 her.

I 1879 gjekk Rue på auksjon. Knut Anundson Nystue fekk tilslaget. Det er uvisst kor Johannes og huslyden hans budde seinare.

4) Knut Anundson Nystue, eigar 1879-81. (Frå Gjuv?) Det er uvisst om Knut Nystue budde på Rue. Han selde etter kort tid til broren? Hans A. Blika. Hans og huslyden flytta inn på Rue, og ætta etter han sit framleis med garden.

5) Hans Anundson Blika, eigar og brukar 1881-1916, f 1834 på Myljom-Gjuv, flytta til Svartdal med foreldra sine i 1848, gm Margit Halvorsdtr. f 1841 i Seljord. Born: 1 Gunhild f 1873 gm Kjetil Karlsson, sjå Tute. 2 Anund f 1877, sjå 6). 3 Halvor f 1878 i Seljord reiste til Iowa, USA, i 1903. Halvor var møbelsnikkar og treskjerar. 4 Ola f 1881 d 1885 på Blika i Svartdal. 5 Bergit f 1882 gm Ambros J. Berge, Nord-Berge. 6 Ingebjørg f 1885 på Rue d s.å. 7 Ingebjørg f 1887 d 1927 på Sud-Gjuv gm Olav S. Gjuv. 8 Olav f 1890 gm Signe Berge, kjøpte Nordigard, Øverbø, i 1926.

Margit og Hans hadde vanleg gardsdrift. Sonen Anund tok over garden i 1916 for kr 10 500 og føderåd til mora. Margit Rue skulle ha dette føderådet: Varmt hus, og om ho ønskte det, sitt eige romsame og gode husrom, tilsyn og stell i både friske og sjuke dagar, og ei sømeleg gravferd. Dessutan fødsle og røkt av 1 ku, 2 sauer

og 1 heimegeit året rundt. Avdrotten skulle ho få heim frå stulen, og av saueulla skulle lagast dei kleda ho bad om, alt for føderådytaren si rekning. Vår og haust skulle Margit ha halvparten av desse fødevarene: 2,8 hl godt bygg, - turka og male, 100 kg godt kveitemjøl, 4,2 hl gode poteter, 35 l godt malt, 0,5 kg humle, 8 kg kaffi, 8 kg sukker, 10 l salt, 10 l erter og gryn, og 6 kg godt flesk. Dessutan 1 par sko for året, og 8 m lerret. Når kua ikkje mjølka, hadde Margit krav på 2 l nysilt mjølk til hennar eiga ku mjølka like mykje. Anund skulle koste skyss til naudsynte reiser. Når mora var død ville dei krøter og lausøyren ho let etter seg, bli Anund sin eigedom. Matvarene i dette føderådet syner matvanene ikring første verdskrigen. Det var framleis stort sett naturalhushald, med mykje graut og spa. Men kaffi og sukker var blitt ein del av kosthaldet, ølet var framleis sjølvsagt. Storparten av matvarene kom frå garden, og forutan skoene var alle gangklede tilverka heime. Reide pengar klarte føderådskona seg utan, dei er iallfall ikkje nemde i føderådskontrakten.

6) Anund H. Rue, eigar og brukar 1916-62, f 1877 i Seljord d 1957 gm Aslaug Olsdtr. Berge f 1889 d 1962. Born: 1 Margit f 1917 d 1989 gm Olav K. Frøland, Nordigard Frøland, Sauland. 2 Hans f 1919, sjå 7). 3 Anne f 1925 gm Karl Finkenhagen, til Nedre-Åkre. 4 Olav f 1931 gm Signe Elise Haatveit, bustad Vestigard, Djupedalsgrenda. Olav kjøpte garden Sud-Berge i 1984. Aslaug og Anund Rue hadde vanleg gardsdrift. Dei bygde nye uthus og nytt fjøs i 1924-26.

7) Hans A. Rue, eigar og brukar 1962-86, f 1919 d 1991 gm Ingebjørg Aakre f 1922 på Øvre-Åkre d 1981. Born: 1 Anund f 1946, sjå 8). 2 Aslaug f 1953 gm Olav Djupedal, bustad Baksjult. Ingebjørg og Hans Rue hadde vanleg gardsdrift, med mjølkekyr til 1981/82 og foringsdyr til 1983.

Dei bygde på våningen og bygde om eldhuset til bustad. HHS:" Hans A. Rue var ein allsidig kar. Han visste knapt kva det var å ikkje få til det han gav seg i kast med. Han var både snekker og sjøl-lærd elektriker. Men truleg var det hans tekniske teft og innsikt som blei hans sterkaste side. Han var nesten eit unikum til å få motorar til å gå.

Alle tekniske ting syntes han å ha greie på, frå klokker og bilar til vaskemaskinar. Det var ein som sa som så om Hans Rue:

- Han ser det andre ikkje ser. Han må no vel ha røntgenaugur. I 1962 blei gnr. 38.2, Breivassli utskilt. I 1973 blei gnr. 38.3, Gullhaugen utskilt.

Sonen Anund tok over Rue i 1986, og Hans fekk føderåd.

8) Anund Rue, eigar frå 1986, mekanikar, f 1946 gm Synnøve Brendøymoen f 1948 i Hjartdal, ekspeditrise. Born: 1 Helge f 1970 mekanikar og sveisar, sambu m Kirsti Holm f 1970 på Notodden, butikkmedarbeidar på Notodden, bustad Rue. 2 Helen f 1973, kokke, sambu m Arnt Helge Langåsdalen f 1970, har sonen Tom Andre` f 1995, bustad Fredheim i Hjartdal.

Synnøve og Anund Rue leiger bort jordvegen. Samla jordbruksareal i 1939 var 50,5 dekar, av dette 6 dekar åker: 2 dekar kveite, 2 dekar bygg, 1 dekar havre og 1 dekar poteter. I 1965 var det rekna 35 dekar. Da var det 2 kyr, 4 ungdyr, 9 sauer og 1 gris på garden. I 1971 var det 2 kyr, 3 ungdyr og 2 grisar på Rue.

1985: 20 dekar dyrka, 3 dekar overflatedyrka, og 587 dekar produktiv skog.

Uksedalen, plass u/Rue

Bruksnamnet er Uksedalen Uttale: "i kseda`ln"

Uksedalen var plass under Rue frå 1850-60-åra og vel ein mannsalder frametter. Truleg hadde dei uksane der før i tida, derav namnet.

1) Ola Tolleivson, brukar i f.t. 1865, f 1825 i Bøherad gm Liv Knutsdtr. f ca. 1805 i Rauland d 1868 her.

Det er uvisst kor Ola Tolleivson budde seinare. I 1869 kom nye folk til Uksedalen.

2) Peder Pedersen, brukar 1869-88, skreddar, f 1836 på Vaalødegaards-Marken, Stange i Hedmark d 1888 her g 1869 m Margit Gunleiksdtr. Hesteberget f 1841 på Bergsland i Hjartdal d 1925 her. Margit gIIg m Hans Hytta. Born: 1 Anne f 1870 d i Amerika, reiste til Am. i 1887, gm Nels Hillerud, bustad Decorah, Iowa, fekk borna Floyd, Stener, Ola, Marie, Palma, Agnes og Mordon. 2 Eit dødfødt barn i 1871. 3 Eit dødfødt barn i 1873. 4 Margit f 1876 d 1944 i Heddal gm enkjemann Johs. Flaata, fekk borna Leif ug, Olav gm Ingrid Hynne. Ingrid seinare gm Olav Grindalen, sjå Sud-Steingildra, Fossegrenda i Sauland, og Lia, Hjartsjøgrenda. 5 Ingebjørg f 1877 d i Amerika, gift, fekk fire born, busette seg i Minnesota. 6 Gullik f 1879 d 1967 på Hykkerud g 1905 m Torbjørg Jonsdtr. Håtveit, sjå Hykkerud. 7 Peder f 1882 d 1891 på Bergsland. 8 Ola f 1886 d 1896 av tuberkulose. Alle borna var frå første ekteskap.

Peder Pedersen kom til Hjartdal i 1860-åra. Han fekk feste på Uksedalen i 1869, og bruka plassen til sin død. Peder var ein allsidig handverkar, dreiv som skreddar, skomakar og tømmermann. Han hadde dessutan god sangstemme, og stifta sangkor i Hjartdal. Da kong Oscar II reiste gjenom Hjartdal i 1870-åra, skal Peder ha sunge for kongen. " Kong Oscar lika visst sangen godt for han gav Peder 6 daler."

I 1875 fødde dei 1 ku, 1 ungdyr 1 sau og 3 geiter i Uksedalen, og sådde 1/8 tn bygg og 3/4 tn poteter på den vesle jordvegen. Så døydde Peder. Sonen Gullik var 9-10 år den gongen: "Samtidigt så er det som det sit fast i minnet mit da Far var død. Da kom det to karar berande med ei kiste på ryggen til Oksedalen. Det var ein som dei kalla Signesonen frå Øverbø-Haugen, og ein frå Nord-Øverbø som heitte Jon.

Dei sette kista utmed døra på Øksedalen. Eg og lille broder Peder satt oppunder ein stor stein i bakken og såg på dette. Som dei sto der prata, tok dei av loket på kista, og ein av dei krabba nedi, og den hin hadde loket på igjen. Dei ville vel prøve om den var stor nok. ...Vi var visst heime alle den vinteren, til våren 1889. Da blei me spredt hit og dit. Vi blei bortsette av kommunen av noko dei kalla fattigkassa, det var liksom auksjon på sånne barn i den tid. Det var dei som hadde det lågaste bodet som fekk tilslaget. Det var sirka 40 kr for eit år for slike som kunne gjere litt nytte for seg. Ingeborg kom til Rue i Åmotsdal, og Margit til Heddejord. Dei skulle gjete der om sommaren. Anne var den eldste, ho reiste til Amerika 17 år gamal. Lille Peder måtte også avstad den sommaren. Eg hugser det var stor snø, men skareføre. Vi gjekk på skaren nedover til Bergsland. Peder blei der til han var 11 år. Han døde av hjernebetennelse. Eg blei mest på ein gard til eg blei konfirmert. Mor hadde da att Ole, som var to år. Han var mykje med mor frametter. Han blei 10 år, døydde av tæring."

Gullik kom til Bakken og Sud-Lonar i Sauland, sjå der. Han blei skomakar, og kjøpte jordvegen Hykkerud i 1903. Margit blei verande i Uksedalen etter ho blei enkje. Etter fleire år gifta ho seg opp att. Det andre ekteskapet varte berre ei kort tid før mannen døydde. Sjå Hytta u/Haugeberg.

Margit "støypte vin". Ho hadde "ofte ståande flasker som ho hadde fylt med bær og vatn. - Det var forskjellige slags bær ho bruka, men av kirsebær blei den beste vinen. Vinen spandera ho når nokon kom på besøk. Til barna blanda ho vinen med sukker og vatn slik at den ikkje blei så sterk. - Margit hadde visst litt å blande i kaffien og om det trongst."

Da Olav Hytta, Sauland, var fersk lækjar, kom han til Margit Uksedalen. Dei møttest seinare ."Du va`no her, men eg kan ikkje søå det mona stort, men du va` no bære gutongen," sa Margit. Ho budde åleine i Uksedalen sistpå. Da hadde ho høner som gjekk inn og varp i senga. Slektningane på Hykkerud var jamt og såg til henne.

Nedre Einarjordet

Plassen Nedre Einarjordet låg til Rue. Den øvre plassen låg til Gjuv. Sjå Gjuv.

Det er ikkje noko å finne om dei som budde i Nedre Einarjordet. Den var truleg bustad berre kort tid på 1800-talet.

Gullhaugen gnr. 38.3

Gullhaugen er bustadhus, utskilt ved skøyte frå Rue i 1973, da Hans Rue selde til Harald Aakre.

1) Harald Aakre, anleggsarbeidar f 1940 i Hjartdal gm Tora Nordbø, husmor f 1943 i Hjartdal. Born: 1 Ole Jørgen f 1971 på Notodden. 2 Jan Tore f 1974 på Notodden. 3 Anita f 1978 i Høyanger. Tidlegare budde Anne Rasmusdtr., "Gullhauga" i Gullhaugen. Anne Rasmusdtr. Gullhaugen, f 1862 i Øvre Einarjordet d 1951/52 i Gullhaugen, sjå Einarjordet u/Gjuv. Anne fekk flytta husa i Einarjordet ned til Gullhaugen ein gong i mellomkrigstida, og budde her i mange år.

Heimelskvinner og - menn:

Halvor O. Øien f 1897. Kjetil H. Haugan f 1913, Jan Haugan f 1955, Anne Nordbø Haugan f 1957, Marie Haugan f 1921, Sverre Haugan f 1945, Signe Gjerjordet f 1914,

Gullik Gjerjordet f 1939, Olav Bergrud f 1910, Aslaug Rue Djupedal f 1953, Olav l f 1947, Anund Rue f 1946, Synnøve Rue f 1948.

Til toppen av sida


To-grenda og Ambjørndalen

Til toppen av sida

Grannehøve. "Imellem Svartdal og Hjartdals Hovedsogn er der en trang Slugt af henved en halv Miils Længde. Vil man ret føle sig klemt av Fjelde og faa en Forestilling om hvor naturlig Phantasierne opstaa om Bergryser, Tusser og Trolde, saa stige man ned her i Annbjønndalen eller rettere Arnbjørn-dalen; saa heder den.

De første Aar, jeg færdedes her, syntes jeg ingen Dal var dybere og intet Sted styggere; jeg gyste og saa mig ængstelig omkring hver Gang jeg for der, slog paa hesten og skyndte mig ud saa fort jeg kunde. Men efterhaanden begyndte jeg at finde det koseligt dernede, og jo oftere jeg drog gjennem Dalen, desto bedre likte jeg den."

Slik skreiv Magnus Brostrup Landstad, (1802-1880) mangeårig sokneprest i Seljord, salmediktar og folkeminnesamlar.

Ambjørndalen strekkjer seg frå kommune-grensa mot Svartdal i Seljord og til To-gardane i Hjartdal.

Gardane i To-grenda ligg solvendt og fritt der dalføret opnar seg mot Hjartdalsbygda. Frå To er det utsyn over Kyrkjebygda og Hjartdølavassdraget ut til Hjartsjø, og mot uendelege blånar i synsranda.

Frå 1800-talet var det ei heil grend innpå Ambjørndalen, grunna plassane som låg mellom Ambjørndalen og To. Grenda var vid, så lenge der var folk på buplassar som har lege godt gøymde inni skogen sia tidleg på 1900-talet.

På 1970-talet starta nedlegginga av fleire av gardsbruka.

I 1998 var dalføret utan fastbuande. På same tid var det berre to bruk med fastbuande i To-grenda. Det var Nord-To og Myljom-To. På Levors-To har det ikkje budd folk fast sia 1950-talet. Nedre-To blei fråflutt i 1970-åra, og Øvre-To i tiåret etter. Bollås er og fråflutt. I plassane til To har det knapt budd folk i det 20. århundret. Det er ikkje att ein einaste heim innpå Ambjørndalen, og garden Ambjørndalen blei fråflutt på 1970-talet.

Ambjørndalen og Togrenda låg etter tilhøva meir sentralt til i bygda før riksvegen kom nedi dalbotnen. Så lenge vegen frå utbygdene gjekk gjennom tunet på Ambjørndalen og To, låg gardane midt i ferdsla for alle som fòr.

Bedlaget har vore rekna med i To-grenda til det siste. Slik dei bad etter gamalt, skifta det noko frå bruk til bruk. Når grenda var stor, blei bedlaget gjerne endå større.

Bedlaga til desse bustadene har endra seg mykje det siste seklet. Så seint som på 1950-talet rekna Ambjørndalen med Lislero, Dale, d.e. det tidlegare Saten, Vellufsin, Øvre-To, Nord-To, Myljom-To, Levors-To og Ambjørns-rud. Dale rekna Lislero, Ambjørndalen, Bollås og Øvre-To, dessutan Blika, Kåsa og Brekka i Svartdal. Dale ligg ved grensa mot Svartdal. Sambandet med svartdølane var vel så nært som med hjartdølane.

På Øvre-To bad dei Bollås, Myljom-To, Nord-To, Nedre-To, Ambjørndalen, Vellufsin og dei to Satin-plassane, men ikkje Nedre-To og Levors-To etter gamalt, fortalde Anne Tho f 1901, i 1975. På Bollås bad dei Øvre-To, Nord-To, Myljom-To og Vellufsin, før også plassane Nedre-Bollås, Skogen, Bråten og Deildkås-Åsen. På Nord-To bad dei alle To-gardane, dei to Gutehusgardane, Høgetveit, Nedre-Åbø, Myljom-Åbø, Nord- og Sud-Åbø, og dei trur også Ambjørndalen. På Myljom-To bad dei alle To-gardane, men berre Nedre-Gutehus, Nedre-Åbø, Myljom-Åbø og Ambjørndalen.

I nyare tid blir folk bedne berre i avisun`, men før gjekk ein bedmann. I gravferda etter Ragnhild Tho i 1929 var grannen Harald Tho bedmann. I gravferda etter Gunhild Tho Rugtveit d 1934 hadde Olav H. Tho denne oppgåva: " - da kom `n so veldig høgtideleg og alvorleg og handhelsa". Det var vanleg med skjenk når bedmannen kom og bad til gravferd.

I To-grenda hadde dei gravferd frå heimen siste gong i 1960, etter Halvor G. Tho, Nord-To. Da var dei bedne med brev. Gravferdsdagen sto kista ute i tunet, omkransa med små bjørketre eller grantre. På den tida hadde dei nettopp fenge bilveg fram i tunet.

Traktering etter den gamle måten blei bruka til mellomkrigstida. "Da var det øl og kakur me’ same dei kom, smørrebrød og kaffi når dei kom att ifrå kjørrgar`n, so kjøtmat, spa til vanleg, og støtt va` det kling og risgraut til kvelds." Spa, d.e. kjøtsuppe.

Det blei framleis bruka grautespann med rjomegraut til barsøl, (1975) men sending med geitost, smør og sovore, har ikkje vore bruka i grenda sidan 1940-åra.

I To-grenda var det fast skikk med samkomer gardane og skyldfolk imellom, 13. og 20. dag jul. Da " jaga dei jula ut".

I eldre tid var det årvisst at ungdomen samla seg i heia mellom To og Blika i Svartdal, og hadde gilde tolvtekvelden, kalla tolvteruset. "Det var skikk at dei kosta noko kvar, skaut i hop. At dei maatte vera noko til side var sjølvsagt. Dei gjekk burt i skogen og heldt det der aarvisst. Her hadde dei det so visst i heidi mellom To og Blika," skriv Tov Reisjaa. Dei var gjerne i plassen Skogen eller i Bollås, og i alle høve langt unna prest og andre styresmakter. Etter at presten flutte til Sauland, møttest dei like gjerne i Haugen under Særsland.

Kjetil Bråten f 1783 og kjerringa Anne ifrå plassen Bråten, var mykje med i lag. Hadde dei råd til det, spandera vertskapet brennevin, og Kjetil var skjenkar. "For Kjetil, han drakk seg ikkje full, men han var morosam, og kunne mykje gamalt. Så av den grunn blei Kjetil lika svert so godt," fortel Kjetil Valufsin. Ut på natta, i eit lag i Svartdal der Kjetil var skjenkar, så nemnde ein svartdøl, at når det dala med dunkjen, så dala det med Kjetil au. " - Og det er vel trulegt, når dunkjen blei tom."

Før i tida møtte skjenkaren til gravferd. Før dei reiste til "kjørr`garden", skjenkte han ein dram med desse orda: "Dettan` æ` gammelens siste skjenk."

Anne Bråten var gjerne kokke i laget, og ho var med og stelde til på førehand. M.a. bryggja ho øl og stelte til kjøtet som skulle brukast.

Til kvardags tok folk gjerne ein pris snus når dei møttes. "Det var mange i den tida, som snusa. Mari Tho hadde ei lita kvern til å male snustobakken i. Tobakken måtte først turkast og så malast på den vesle kverna. Så hadde dei stelt til eit "kjyhønn" d.e. kuhorn, og på hornet hadde dei snusen. Når det var kjende folk som treftest, så baud dei spandering. Den som ville spandere, kom fram med det reingjorde hornet. Den som skulle få spandering, rette handa fram så det blei ei dokk mellom tommen og peikefingeren, og i den slo dei snusen, og "... så hande` opp til nasaborene og drage snusen inn gjennom nasaborene, og så nyse kraftigt ut."

Oftare enn å stelle til lag, måtte dei mange huslydene innpå Ambjørndalen streve for den daglege føda. Fleire av plassane var ørsmå. Ein liten åkerlapp gav ikkje nok rom for matkorn og poteter til å fø ein heil flokk vinteren igjennom. Dei som levde opp i Ambjørndalen på 1700- og 1800-talet, lærte seg å dryge maten.

Borkebrød var vel kjend, og mykje nytta. Kjetil Valufsin: "På Ambjørndalen er mykje almestuvar. Dei er gjennom tidene lauva, med å kylle av greinene for lauving. Men i naudsåra bruka dei borken, eller bastet, av almegreinene til folkemat. Bastet er seigt, så med kniv kan ein flå bastet frå greinene. Det var det innste av bastet dei turka på kjona, og så mol dei det på fossekverna til mjøl. Dette mjølet blanda dei i saman med byggmjøl, om dei hadde det, og så matmose. Den blei koka i lut, så ettervaska dei matmosen i fleire vatn til den var rein. Så knådde dei matmose i saman med almemjølet, og så baka dei braud eller til lefsur."

"Matmosen finn dei over alt i markje, best er den å finne i kupert terreng med små forsenkningar, og så litt buskekratt. Den veks flat på markje med store blad, som er å sjå som krull på markje."

Når Ingebjørg Skogen var på Aslebekk, så kom mannen Kristian til stulen. " Han kom med heimebaka kakur til Aslebekk. Dei kakurne var baka av tre slag samansetningar: av byggmjøl og almemjøl og så matmose. Ei jente ifrå Bråten var hjuring på Aslebekk. Ho hadde smaka på dei kakun `. Dei var ikkje så verst i smaken, men litt tørre, nemnde hun."

Dugnaden var lenge i hevd i Togrenda. Slåtten på Øvre-To blei gjort på dugnad i 1970-åra. Så lenge dei slo stulane, gjekk grannane i saman om brøytinga til sela i Ståldalen utpå vinteren. Da blei dei samde om ein høveleg dag, brukarane i Togrenda, Gutehusgardane, Høgetveit og tre Åbøgardar. Ni-ti hestar i følget var vanleg. Dei skiftest om å gå fremst, anten med hest eller med " sjo-reku", snøskuffe. Vegane gardane imellom har dei sjølvsagt vore saman om å halde ved lag.

I nyare tid har det vore noko sambruk av maskiner o.a. brukarane imellom. Myljom-To hadde treskeverk saman med Gutehus ei tid. På Nord-To hadde dei "møllskuffe" d.e. moldskuffe saman med Øvre-To. Nå brukar dei vinsj og traktor til det same arbeidet. På Myljom-To hadde dei hestehakke saman med Øvre-To og potetopptakar saman med Nedre-Åbø. Nedre-To hadde moldskuffe saman med Uppi-Gutehus.

Ei tid dreiv dei visstnok med servering og overnatting på Nord-To. Krambu skal der og ha vore.

Folketal, næringsvegar. Gardbrukarane i Togrenda har hatt fedrift, jordbruk og skogbruk til hovudnæringar. Frå gamalt var fangst og veiding ei viss attåtnæring. Overskotet av gardsdrifta fekk dei frå stulsdrifta og frå skogen.

Dei som budde på plassane i Ambjørndalen hadde mindre å stø seg på. Karane arbeidde i skogen, og rydda vegar og åkrar for gardbrukaren. "...På den måten, så kunne dei på eit slags vis klare å halde seg i live. Det var å slå seg igjennom, so godt det laut seg gjere."

På 1800-talet kunne dei naudlidne få korn frå magasinhuset på Kvernhusåsen i Libøen. " Kornet skulle vere ta dårleg slag." Ein gong var Kristian Skogen på veg til magasinhuset. Så trefte han Harald Myljom Tho. " Han nemnde på at det var ikkje nytte for han å få ta det kornet som skulle delast ut, for det var berre lettkorn, og ubrukeleg til såkorn. - Kom til meg, sa Harald, så skal du få eit godt kvartel som du kan bruke til såkorn. Men det var alt det Kristian tok i mot."

Folketalet i To-grenda og i Ambjørndalen følgjer det velkjende mønsteret. Det var mest ei tredobling av folketalet frå 1730 til 1801, og med ein topp i folketalet omkring 1845. Her som elles var gardbrukargruppa på 1800-talet etter måten lite endra, medan gruppa av husmenn og tenarar auka i heile perioden fram til 1845. Men så tidleg som i 1730 var mest halvparten av dei registrerte menneska husmenn eller tenarar, og det er fleire enn vanleg.

I oppgåvene over buskap, utsæd og avling, er det tydeleg at den største auken i åkervidde kom før 1835.- Ein må ha i minne at tala i matrikkelutkasta er offentlege tal, sett etter vurderinga av kor mykje garden kunne yte.- Auken mellom 1835 og 1875 er liten. Det blei jamvel bruka mindre settepotet i 1875 enn i 1835. Men truleg var kvaliteten betre og avlinga større i 1875 likevel. Talet på storfe var meir enn dobla i perioden 1723-1835, og talet på småfe var meir enn tredobla. Dei hadde gjerne ei ku eller to på plassane, og nokre sauer og geiter var det alltid ei rå med, sjølv om åkervidda var snau. Det er rimeleg å tru at dei eigedomslause hadde det vel så bra før 1835 som alle dei med same lagnad i ættleden etter. Åra midt på 1800-talet var truleg dei hardaste. Åra rundt 1840 gav minst avkastning per hovud når ein ser på folketalet under eitt.

Frå 1835 til 1875 gjekk dyretalet kraftig attende. Det var berre talet på hestar som heldt seg, og hest hadde dei berre på dei største gardsbruka i Ambjørndalen og To-grenda.

Midt på 1800-talet var det folk i alle husmannsplassane i Ambjørndalen og i heimemarka til To. Mange berga seg gjennom ein lang vinter på uforklarleg vis.

Elles reiste fleire ut i tenest. Jentene var jamt heimanfrå i vinterhalvåret, og kom heim til stulslivet tok til. Gutane tok gards- og skogsarbeid både i Hjartdal og utanbygds. Somme drog på fiske vestpå, og ein og annan var på drift i sommarhalvåret.

Kristian Ambjørndalen f 1867, låg med drift ved Storheller på Hardangervidda. Han kjøpte inn kyr og gjætte drift i fleire år. Driftekarane levde av fisk og haglette. Elva Songa går gjennom Storheller. Der fiska dei. Hagletta er laga av nysilt mjølk som er koka inn så den blir tjukk. Kristian hadde også med seg heimebaka lefsur og spekjekjøt.

Dei reiste til Vidda omkring Jonsok, men det kom an på tidlege eller seine vårar. Det hende der kom slikt uvér at dei berre såvidt berga seg. Under ein sjostorm var Johannes Kruserud saman med Kristian ved Storheller. Han skjøna at det galdt å berge krøttera. Han sette seg på ein hest og reid i full galopp medan han dreiv bølingen til ein lognare plass. Slik heldt han på heile notta for å halde dyra i aktivitet, og berga drifta.

Lægje, vegar. Når ein kjem til Hjartdal gjennom den trange Ambjørndalen etter hovudvegen som blei bygd sist på 1800-talet, ser ein mest dei tunge skogliene på kvar side. Men tar ein turen om den gamle bygdevegen høgre opp i lia, blir biletet eit anna. Lendet er lettare og lysare. Solvendte glenner og logne kvelvar har freista mang ein rydningsmann til å slå seg til. Åa Svorte og vegen langt ned i dalbotnen er ei anna verd.

Det verkar vel gjennomtenkt at bøndene valde Ambjørndalen til møtestad under Guldnesopprøret i 1540. Bøndene protesterte mot framferda til leiarane av Guldnes gruve i Seljord. Bodstikka gjekk i heile øvre Telemark, og det blei snøgt eit opprør mot styresmaktene med. Ambjørndalen kunne bli ei felle jamvel for kongens menn. I ettertid skjønar ein godt at styresmaktene greip til både list og svik for å sleppe ein samanstøyt med teledølane i Ambjørndalen.

Frå gamalt gjekk bygdevegen gjennom tunet på Ambjørndalen og gjennom tunet til Nord-To frammi bygda.

Ambjørndalen ligg i ein kvelv i solhellinga, 350 m o.h., om lag midtvegs mellom Blika i Svartdal og To-gardane. Ambjørndalen er første garden i Hjartdal når ein kjem vestafrå, og gardsgrensa er også kommunegrense mot Seljord.

To-gardene ligg i bratt og vekslande lende ca. 340-470 m o.h. i sollia opp for Svorte. Fleire av gardane i Nordbygda ligg i lidraga nedanfor. Næraste grannar er Åbø og Høgetveit ned for grenda i "søraust" og Gutehusgardane lenger ned mot Svorte.

Bygdevegen blei lagt om i 1960-åra. Før kom vegen frå Holm og Hovland og beint over jordet til Uppi-Gutehus og Høgetveit. Nå svingar vegen til Nedre-Åbø. Det er bilveg opp derifrå og framom Myljom-To til Nord-To. Vegen blei ført til Øvre-To sist i 1970-åra.

Frå Øvre-To er det gangeveg til Ambjørndalen. Frå Nord-To er det og veg til Ambjørndalen. Der gjekk den gamle ridevegen til Seljord. Vegen gjekk framom husa på Ambjørndalen og nedanfor Lislero, der den kom att på hovudvegen. Da biskop Jens Nielssøn var på visitas i Hjartdalsbygdene sist på 1500-talet, kom han frå Flatdal over Svorte." ... Saa fore wi langs vd met denne aa i øster 1-1/2 fierding i giennem Suartedalen ... Siden fore wi fra Suarte aa i nordoust 1 pilskud til Tho, første gaard udi Hierdall, liggendes paa den venstre haaand. Saa therfra i øster 3. eller 4. pilskud...(til Hjartdøla) ... och ther offuer i øster til prestegaarden som ligger strax hoss...".

Den eldste vegen frå Hjartdal til Seljord gjekk på vestsida av Brudalen i Ambjørndalen, kom opp på høgda på Brekka, så vidare til Sverjemyra, over Skjeggjebrekkun til opp på høgda over Blengsdalen, og derifrå ned til Flatdal. Vegen til Seljord har truleg gått slik i uminnelege tider.

Den gamle ridevegen gjekk så ned frå To og langs Bogalid og med eit vad over åa ved Holm. Vegen over Tuftin på Hovland og til Gutehushaugen kom seinare. Riksvegen frå Flatland og vidare langs dalbotnen blei lagt i 1860-åra. I 1930-åra blei Brudalbrekka lagt om frå vestsida til austsida av Brudalen.

Før gjekk det ein kjerreveg ned jordet frå Myljom-To til Nedre-To. Den var bruka som vinterveg til 1960-åra.

På 1870-talet fekk Kristian Ambjørndalen veg frå husestaden på Ambjørndalen og ned til hovudvegen i dalbotnen. Vegen er om lag 600 m lang, og dei som arbeidde vegen var Torbjørn Fjellstul og Knut Ramberg. Båe var sterke og dugande arbeidskarar. Det var eit svært arbeid i vanskeleg og bratt terreng. Der var skog, både gran og lauvskog, og dei hadde berre hakke og spade med dårleg jarn å hjelpe seg med. Nedanfor vegen måtte dei byggje forstøtningsmur. Arbeidet tok tre år. Seinare blei vegen bruka både til å renne tømmer på og til å få veden ned til vegen.

I lia ovanfor plassane gjekk driftevegen frå Hjartdal til Ståldalsoset. Sjå u/stulsområde.

Grenser. Ambjørndalen grensar med deilder til Seljord i vest og nord. Etter eit kart frå 1700-talet, skulle heradsgrensa ha gjenge 100 m nedanfor Koteviken, og følgje høgdene på fjellet på vestsida av Ståldalsvatnet, og vidare mot høgdene på fjellet på vestsida av Ståldalen til Stavatjønn. Nå går grensa i djupålen i Ståldalsvatnet, og det er også ein vanleg måte å dele på. Stavatjønn har sikkert namnet sitt etter deilda mot Seljord i utosen.

Namnet Koteviken kjem frå kot, småfisk.

To grensar med deilder mot Ambjørndalen og Vellufsin i vest, og lenger opp mot Svartdal og Seljordsgrensa heilt fram til Ståldalsvatnet. Derifrå går To si grense langs med vatnet og fram til deilda mellom Myljom-To og Nedre-Åbø. Denne grenselina går med deilder ned langs Brennun til plassen Åsen under Nedre-Åbø, og kjem fram att på berget Tusseskorta dei kallar, ovanfor Myljom-To. Derifrå går delet med gjerde mot Nedre-Åbø, Nedre-Gutehus og ned til Ambjørndalen og riksvegen. Svorte har ikkje vore grense nokon gong. Både Nedre-To og andre gardar i bygda har skog både i Vestfjellet på hi side av Svorte, og på heimsida. Øvre-To eig berre på heimsida av Svorte.

Når rydda. Ambjørndalen blei rydda ein gong i gamalnorsk tid, og lagt øyde etter Svartedauden. På 1500-talet blei garden rudt på nytt, mest truleg frå To. Om Ambjørndalen er det opphavlege gardsnamnet er uvisst. Under eit sal i 1537 blei han berre nemnt for " ... en ødegaard paa Ambiørndal".

Namnet Ambjørndalen, gno. Arnbjarnadalr, skriv seg frå mannsnamnet Arnbjorn. Namnet tyder dalen til Arnbjørn, og det er fleire segner om mannen som skal ha rudt garden. " Dale-Ambjørn" skal ha vore ei kjempe, og øksa hans blei bruka både til mannedrap og jordrydning. Ambjørn hadde fleire søner, men berre ei dotter, augnesteinen. Til henne bygde han Gutehus. Sønene låg han i ufred med støtt. Den eine av dei fekk likevel Bollås til bustad av far sin. Før Ambjørn døydde, grov han ned medelen sin. Berre dottera fekk vite kvar skatten låg gøymt. Ho ville ikkje vise brørne gøymestaden, og blei drepen, heiter det. Sjå elles M.B. Landstad, Gamle sagn om hjartdølerne.

Namnet Tò gno. tò f., tyder grasplett eller slette mellom fjellknattar. Området der Togrenda ligg, skiftar med skoglier og bergufser mellom dei bratte jordstykka. Den første bustaden kan godt ha vore rudt som ei glenne om lag midtlies i den solvendte dalsida.

Det er registrert eit gravfunn på To si mark, datert til midt på nihundre-talet. Grava hadde fullt våpenutstyr: Eit tviegd sverd, eit økseblad, eit spyd og seks pilar. Der var også restar etter eit begsel og anna rideutstyr. Sjølv om funna er sparsame, gir dei kunnskap om livet til dei som levde på To i vikingtida. Dei trudde at livet i dødsriket var omtrent som i levande live, og såleis måtte dei ha med seg naudsynt utstyr. Våpna blei sikkert bruka til forsvar og i kamp, også når dei jakta og veidde i fjellområda i nærleiken av garden. Reinsjakta og fangsten av småvilt har gjeve næringsgrunnlaget heime. Skinna har sikkert også vore bytemedel i handel med andre. Begselet tyder på at den gravlagde fekk med seg hesten sin i grava. Denne gravskikken var bruka ofte, og vitnar om velstand og status. Liknande gravfunn, sjå Århus/Risvoll og Flatland, skriv seg frå gardar som var blant dei største og mektigaste i bygda også i tidleg nytid. Det er naturleg å tru at dei hadde gode kår på To og dei førnemnde gardane også i dei neste århundra, jamvel under nedgangstidene i seinmellomalderen.

Jordbruksreiskapen i grava var ein celt, eit reiskap bruka som hakke eller greip, og ein sigd. Eit bryne fekk mannen også med seg. Truleg gjekk gardsdrifta på To som elles i bygda mest ut på fedrift og forsanking, og litt åkerbruk. Ei saks er med i funna frå To. Saksa er lik den nåverande sauesaksa.

Sett under eitt, er oldfunna frå Hjartdal få, mange er i dårleg stand, og det er vanskeleg å slå fast typen. Likevel meiner fagfolka at både gravskikk og reiskap har påverknad frå både austnorske bygder, og frå Hordaland og Rogaland. T.d. er sigdane i Hjartdal av både austnorsk og vestnorsk type. Det vitnar om at hjartdølen hadde samband til båe kantar. Det er naturleg at menneska i vikingtida bruka dei same ferdavegane som dei vi kjenner frå nyare tid, og det er lett å tenkje seg at dei farta vidt. Til sist på 1800-talet var det mange som gjekk på sine bein over Vidda og til fisket ved Haugesund, eller til Drammen eller Skien for å søkje teneste.

To blei rydda i vikingtida, og dela i to gardar i gamalnorsk tid. I mellomalderen var det fleire bruk i To-grenda. Øvre- og Nedre-Bollås var eigne bruk, truleg og Bråten.

Bråten kjem anten frå gno. broti, m. dunge av nedhogne tre, eller frå nynorsk brote, m. jordstykke rudd ved brotebrenning og etterpå tilsådd. Bråten ligg i utkanten av heimemarka på To, slik som småbruka frå høgmellom-alderen oftast låg. Det er rimeleg å tru at det var enda fleire bruk på To i gamalnorsk tid.

To låg ikkje øyde etter pestane på 1300-talet. Det må ein derimot tru var lagnaden til Bollås, som venteleg blei rydda frå Øvre To ein gong i tidleg kristen tid.

Dette underbruket blei så lagt øyde i nedgangstidene etter pestane på 13/1400-talet, og tatt opp att frå To ein gong på 1500-talet. Bråten blei og utlagt.

Tydinga av namnet Bollås har det vore mange spekulasjonar om. Segna seier at namnet skriv seg frå rydningsmannen, som heitte Bàl. Han skulle vere ein av sønene til "Dale Ambjørn". Sjå ovanfor. Oluf Rygh meiner det er lite hald i at namnet skriv seg frå mannsnamnet Bolli, "... da stedsnamnet ikke findes nævnt i gammel Tid." Første lekken i namnet kan vere gno. bolle, m. bolle eller kumme, som er nytta m.a. som fjellnamn. Dette viser til lendet der garden blei rydda, og kan vel høve godt i dette tilfellet.

Plassen Vellufsin har truleg namnet frå ufsene nedanfor og ikring jordvegen, som hallar mot sola. " Vell- er vel at forstaa som Vall; af Voll, Græsslette," skriv namnegranskaren Oluf Rygh.

Ved Lislero er det funne ein beltestein frå Folkevandringstid. Dette er eit lausfunn, og kan ikkje fortelje anna enn at der har vore folk, kanskje undervegs til eller frå Vidda.

Deling. Ambjørndalen var udelt til 1781. Da blei Vellufsin selt ifrå. Vellufsin fekk ei skyld på 3 setting eller 1/6 tn.

I 1942 (1903 og 1935) blei arvefesta Lislero og Satin, seinare Dale gnr. 1.3, selde ifrå Ambjørndalen.

Øvre To var udelt til om lag 1680. Da blei garden dela i to jamstore bruk, og skyldsett til 2 tn korn kvar, og med Bollås som arvefeste. Dei to bruka blei heitande Nord-To gnr. 2.3, og Øvre-To gnr. 2.2. I 1779 blei Bollås utskilt frå Nord-To, og skyldsett til 3 setting. Bollås fekk bruksnr. 2.1 ved den seinare revideringa av gards- og bruksnumra.

Det var inga formell deling av Nedre To før i 1740-åra. Far og son bruka jamsides, og noka deleforretning er det ikkje spor etter. Frå om lag 1670 bruka far og son kvar sin halvpart, men garden kom på ei hand att. Garden blei endeleg delt i to jamstore bruk i 1748. Da fekk den øvre parten bruksnamnet Myljom-To gnr. 3.1, og den nedre parten fekk truleg bruksnamnet Nedre-To. Myljom-To er ikkje vidare delt.

I 1841 blei Nedre-To dela på nytt. Den austre parten blei heitande Nedre-To, gnr. 3.3. Den vestre parten fekk bruksnamnet Levors-To etter brukaren, med gards- og bruksnr. 3.2. Dei to bruka blei om lag jamstore.

Hus, tun. Husa på Ambjørndalen sto først lenger nedi dalsida. Derifrå blei dei først flytta nord om bekken og sett nedanfor bakken der smia sto steinare. Men der var så blaut grunn at husa seig.

Husestaden til Ambjørndalen blei flytta i 1840-åra. Det hadde vore ein stor snøvinter, og så kom det mildver og kraftig skybløyte. Vatnet i Åsmyrdalen innpå fjellet ovanfor garden blei oppdemd på grunn av snømengdene, og så blei det isgang. " Halvor Ambjørndalen sto i tunet og såg på når sjo- og ismassene fòr utover fjellet. Isvreita tok seg ned framom Sverveli-dammen, ut over Deildekåsa og ned til Skogen og Bollås. Jorda under han skolv og rista, og Halvor frykta for at isvreita kunne ta ein annan veg, og komme ned med Bollåsbekken langs Ambjørndalen. Da ville uthusa gå.

Dei flutta husa lenger aust. Halvor ville også ha dei høgre opp i bakken, men sonen Kristian ville tvert om ha dei lenger ned, på ei slette det var lettare å planere.

Men Halvor rådde. Han planta bærhage på nedsida av stova. Da Kristian blei brukar, var han til Flatdal og kjøpte askeplanter som han planta langs den nye gardsvegen sin. Askestuvaléen fram til husa står framleis.

Stova på Ambjørndalen blei bygd sist på 1700-talet, og innreidd av Andres Kittelson Ørvella, f 1781 i Sauland, drukna i 1803. Han hadde gjenge i lære hjå sjølvaste Niri Madsson Anundskås. Stova blei gjort ferdig på 48 verkedagar heiter det, og synte "Heddalsstilen" på det seinste. Stova blei kledd og kvitmåla i Kristian si brukartid. Han stelte også i stand oppstugo og innreidde den.

"Det var føreveg den tid dei gjorde roskåpet (hjørneskåpet) i Ambjørndalen. So sette dei to hestar med langbom og la roskåpet på. Hengeskåpet bar dei fram til stugo."

Stova på Ambjørndalen blei freda av Riksantikvaren i 1923. Likevel blei den vakre og sermerkte stoveinnreiinga seld ifrå garden ein gong før 1936. Storparten av innreinaden blei seld til ein mann ifrå Oslo. Hengeskåpet kom seinare til Lislero. I 1999 blei framskåpet frå Ambjørndalen seld på ein auksjon i Skien.

Eldhuset på oversida av vegen er ein del av gamlestugo som sto "lenger ut mot Hjartdal." Loftet var frå 1700-talet. Det blei seld i 1990-åra. Alderen på uthusa er uviss, men den øvre delen blei sett opp i Karl si tid, han var eigar frå 1941. Bygningen frammafor uthusa har vore sauestall og grisehus. Hestestallen står på plassen til den gamle uthusbygningen. Vårfjoset i Ambjørndalen blei tatt ned av Olav Skogen i Karl Dybedal si tid. På dette tømra han eit trev til lauv. Dei bruka uvanleg mykje lauv til fòr på Ambjørndalen. Det veks stor lauvskog ned for husa, både alm, bjørk og osp, og der er oreskog langs Svorte.

Husa på Vellufsin er også flytta. Tidlegare sto dei høgre opp imot ura attom husestaden. Det er sagt at dei flutte husa etter ei "sjoskrie" mot stugo. Folka i Vellufsin var innesperra til der kom folk og grov dei fram. Dette skal ha hendt på 1700-talet. Sjå ovanfor, Ambjørndalen. Stova er frå 1801. Delar av den tømra låven er frå 1701, men den blei bygd ny i 1797. Stova, loftet, fjøset og løa blei grundig opprusta i 1880-åra. Loftet i Vellufsin blei flytta til Dale i nyare tid.

Dei andre husa på Dale er frå bureisingstida. Bustadhuset blei bygd i 1932, uthuset i 1934 og eldhuset i 1942.

På Øvre To er husestaden flytta. Den gamle tufta låg lenger ned i bakken, rett ned for det nåverande tunet. Uthusa ligg lengst fram i bakken for hevden si skuld, dei gamle var nøyne med gjødsla. Stova ligg på " sudsida" av uthusbygningen, ut mot bygda, medan stallen ligg på motsett kant, lenger opp og inn mot bakken. Husa på Øvre- To er gamle tømrer. Både stove og loft er freda.

Stugo slik ho står nå, (1998) blei sett opp av rundtømmer i 1758. Opphavleg skal bygningen ha vore ei årestugu, vel den einaste i bygda som framleis er bruka til våning. Seinare blei stugo bygd om, og sett saman av to stugur med inngang på midten. Den vestre delen blei bruka til eldhus. I den austre delen er taket røyksverta. Nå har taket sperrer, mønsås og to sideåsar. I den nåverande mønestugo er peisen og den veggfaste, klassiske innreiinga på plass. Kjellarskåpet under fotenden av senga har nedgang til kjellaren. Innreiinga er truleg frå siste del av 1700-talet. På stuguskåpet og roskåpet stend året "1789 H.OS OG LD" frå Harald Olson og Anne Larsdotter si brukartid. Stugo blei måla i 1867. Ikkje sjeldan blei skriftstad eller ordtøke bruka som ein del av dekoren. På listverket på skåpet og rundt kronesenga på Øvre-To stend det: "DEN GRUND HVORPÅ JEG BYGGER, ER CHRISTUS OG HANS DØD, I JESU PINES SKYGGER ER SJÆLENS HVILE SØD, DER HAR JEG FUNDET LIVET SELV ER JEG INTET VÆRD, HVAD JESUS MIG HAR GIVET GJØR MIG FOR GUD SAA KJÆR." Stova blei måla på ei tid da pietismen fekk nytt tak på folk si kristentru, m.a. på grunn av haugerørsla.

Loftet har to høgder med sval og runde hjørnestolpar. Det liknar Bekkhusloftet og er sett opp av Harald Steinsrud, bror til Tarjer, i 1794. Etter segna skar Harald To og Harald Åbø kvar sin av plankane rundt gavlgluggen i tevling med byggmeistaren, for å sjå kven som var den beste treskjeraren. Stolpane er pynta med flate ranker.

Over bursdøra står innskore talet " 17". Truleg skulle det blitt " 1794". Harald Tho trudde at da treskjeraren hadde skore 17-talet, blei han ropa inn til måls, og etterpå gløymde han resten.

Stallen på Øvre-To er ei gamal tømre. Den står " nord fe" stugo, men på den hi sida av tunet. Uthusa er og gamle. Løa blei flutt opp frå den gamle tunstaden i Anne Tho f 1901 si tid. Den sto i bakken nedanfor buret før, men det blei så tungvint å bere opp alt høyet. Det er kjone "ende sunnai" eplehagen. Smia stod opp for kjona. Av den er berre muren att.

På Nord-To ligg husa i rekkje langs bakken. Husestaden er flutt. Dei gamle husa låg høgre opp i lendet. Både våning og driftsbygning er bygd nye to gonger i det 20. århundret. Dei sette opp ny våning i 1957, og eldhuset eller sommarstugo blei rive på same tid. I 1995 blei den nyaste stova tatt ned, og Halvard og Gunvald Tho bygde ny våning på den same tufta. Loftet ligg mellom våningen og uthusa.

Uthusa blei bygd i 1952. Den gamle låven og fjoset sto like ved sia. I 1981 bygde dei ny driftsbygning på tufta til det gamle uthuset. "Ende borti bakken, su fe husa," sto kjona. Ei smie sto "bortpå haugen" ikkje langt derifrå. Den er nede for lang tid sidan.

På Myljom-To bygde Aslaug og Egil Tho ny våning i 1963. Den gamle stugo sto 25 m "vest fe stugu". Det var ei tømre på to høgder, og den andre høgda blei påbygd i 1945/46. Stuguinnreiinga i den gamle stugo var frå 1790. Andre høgda derifrå er blitt hytte på Svinom og på heimstulen Dokkje. Uthusa blei bygd i to omgangar. Fjøset blei bygd i 1934, ny løe blei bygd til i 1954, - lagde på tuftene til dei gamle uthusa, som var bygde i eitt. Fjøset er modernisert, men den gamle tømra står framleis. Stallen blei riven i 1966. Den låg der låvebrua er nå. Sud for buret låg kjona. Den blei flytta, bygd om og bruka til smie ei tid. Seinare er bygningen restaurert med torvtak.

Loftet står "rett su fe" våningen. Loftet blei bygd i 1775, i Anne og Halvor Sveinson si brukartid, og liknar på det freda loftet på Nedre-To.

Olav Tho bygde ny våning nedi hagen i 1976, påbygd i 1986.

Den gamle husestaden til Nedre-To låg nedpå "Hausen" på flaten ned for husa til Myljom-To. Der sto husa sikkert til 1740-åra, da garden blei endeleg delt, og husa på Myljom-To og Nedre-To blei flutt til kvar sine tun.

Våningen på Nedre-To var opphavleg ei tømre på ei høgd, som seinare er bygd om og kledd. Tømra er truleg frå midt på 1800-talet, da Levors-To blei utskilt frå Nedre-To. På den andre sida av tunet står loftet, som er freda. Den vakre bygningen er frå 1797. Høgre opp i tunet, mellom stugo og loftet, sto eldhuset før. Det var ein gamal bygning med stavverkssval på gavlveggen. Eldhuset er selt og sett opp att på Nutheim i Flatdal.

På eldhuset sin plass bygde dei ei ny sommarstugu. (1975)

Driftsbygningen på nedsida av våningen er frå 1962. Dei gamle uthusa sto rett neafor. Dei var bygde isaman. Hestestallen var bygd inntil. Det har truleg vore smie der hønsehuset sto seinare.

På Levors-To er fjøset frå 1937. Elles er alle husa gamle tømrer. Halvor Aabø har modernisert og restaurert stugo, som er bruka til utleige.

På Bollås bygde dei ny våning i 1955. Den står på tuftene til gamlestugo. Det var ei tømre på ei høgd med den klassiske innreinaden med stove, kove og re. Harald Aabø kjøpte stova og sette den opp som hytte på Skeie ved Skjesvatn. Buret på Bollås er truleg gamalt. Uthusa er også gamle, men alderen er ukjend. Dei sto kvar for seg tidlegare, men fjøset er flutt inntil løa. Kjona er flutt inntil fjøset og er omgjort til hestestall. Det var ikkje stall på Bollås i eldre tid, for dei hadde ikkje hest. Eit eldhus er selt og flutt til Litle-To.

Marknamn. På Øvre-To heiter det Karbretmålet "ende nordai" huset. "-Eg så` eple, der no", sa Anne Tho. (1975) Eple, d.e. jordeple, den gamle nemninga på potet. Namnet har venteleg ein samanheng med kabrette, ost koka av myse. Stuguåker, Bergåker og Krokåker ligg sud for husa. Der brørne til Anne, Ola og Harald braut, heiter det Nybrotet.

På Nord-To seier dei "uppå tuftin" om området rett ovafor husa der den gamle huse-staden låg." Ende su fe husa" er Kobbensekra, og nordafe uthuset ligg Smiujordet.

Dei talrike namna på åker og eng, på hamn og hegne, var ikkje tilfeldige. Så lenge folk dreiv på den gamle måten, med åkerlappar innimellom slåtteteiger og beitemark, var namna naudsynte i den daglege drifta. I sommarhalvåret var folk og dyr opptekne på kvar sine område, og med marknamna heldt dei greie på kvar dei var.

På Myljom-To heiter det Stuguekra, Osphaug, Den lange ekra Storåker, Hausen, Kålblommyre, Stellsåker, Vårfjosbakken, Vårfjoshamne, Sauehamne, "Nei dal`ln", Leira og Skjerstaupet. Humlerøysi ligg ned for uthusa, og ned og vest for uthusa ligg Vøllun. Den nørdste delen av jordet er kalla Bjønntveit. Rett opp for husa ligg Hegne, den blei slege før, men har vore hamn i nyare tid. Ved sia av Hegne ligg Saudalen. Gardsåker ovanfor Levors-To blei broten av Andres Tho, brukar frå 1875.

På Levors-To ligg Stuguekra "ommafe stugu".

På Nedre-To er Døla dyrka opp av Kristian, brukar frå 1940. Der var mykje stein og myr før. Steinsåker ligg ovanfor husa.

På Bollås er Nybrotet dyrka opp av Ola O. Bollås, eigar frå 1944. Sud på jordet ligg Storåker og Le`-åker. Gjennom leèt der, kjem dei inn på jordet. Det heiter Slengja på bortsida av låven, og Haugåker ned mot skogen. Bursekra ligg neafor buret. Lenger ned er det små lappar i fjellskortene, Bergåker, Halvors-målet og Hartblande. Der sådde dei hamp, tidlegare jamvel korn og poteter.

Inntil stranda ved Ståldalsvatnet er eit svaberg som i si tid fekk namnet Suptun-stuberget, (eller Syftansokberget) og segna seier det bar slik til: Ein mann frå Myljom-To ville med kløv til stulen på Syftesokdag. Dette var ein høgtidsdag, og mannen fekk høyre kor gale det var å ta avstad med kløv syftesokdagen. "Suppe meg opp og suppe meg ned!" svara mannen i To. (Syfte meg her og syfte meg der!) heiter det i ein annan versjon. " - Eg kjem no te` fårå eg da." Men på Suptunstuberget snubla hesten på det glatte berget og både den og mannen hamna i vatnet og drukna, heiter det. Syftesok, den 2. juli har namnet etter St. Svithun, ein engelsk helgen og bisp i Winchester f 862. Dagen var høgtida i Noreg til 1770.

Innmark. På Ambjørndalen ligg storparten av innmarka ved husa, men Ospelon og eit stykke ved vårfjoset ligg for seg sjølv. Inni skogen ligg Brennevinsekra. Den var oppe under krigen. Det er ukjent kva namnet kjem av. Ambjørndalen hadde utslåtter på Svartestul, på bortsida av åa. Dei hadde løe der tidlegare.

Innmarka til To-gardane ligg stort sett samla rundt kvart av bruka. I 1880-åra blei Bråten, Flatin og Nystul sameige delt.

I Myljom-To si innmark, eit stykke i øvste delen av hegna mot Øvre-To, ligg "Bekslebetstykkje". Dette stykket låg til Øvre-To før. Det blir sagt at eigarane på dei to bruka kjekla, og det gjekk ikkje betre enn at mannen i Øvre-To dreiv til mannen i Myljom-To med hestebegslet. Bota blei så dette jordstykket, som var åker tidlegare. Stykket skil seg klårt ifrå resten av Myljom-To si mark. Det er liknande soger på Nordbø og Berge.

Storparten av innmarka i To-grenda og på Ambjørndalen ligg i bratte bakkar, rudde og stelde med slit og sveitte gjennom fleire hundre år. Kjetil Valufsin har skrive om jordarbeidet i erindringane sine. Mannen på Ambjørndalen hadde mange til å bryte opp og rydde åkeren for seg. Sjølv om denne jordvegen ikkje var så bratt, var jordet fullt av stein og steinrøysar. Dette drog dei ned til dalbotnen og til foten av Vestfjellet.

Kristian Ambjørndalen fekk gode kornavlingar for han stelde så godt med åkeren. " Han køyrde oppatt molda til kvart år. Og han hadde god gjødsel. Han køyrde fram ein masse granbar om vinteren. Tenesteguten hakka baret på ein stabbe, så smått som han kunne få det til. Så la han baret i landrenna under kyrne. Etter det hadde liggje i landrenna og drukje te seg av land og anna gjødsel, så er det sikkert at det blei kraftig og første slags gjødsel som blei bruka på åkeren. Gjødselen "virka i langdrag" for det gjekk lang tid før det gjekk i oppløsning på åkeren." Kristian Ambjørndalen hausta 40 tønner bygg, er det sagt.

I Togrenda er der større vidde, men brattare. Store delar av jordvegen har vore tung å bruke.

Skog og utmark. Skogen og beiteområda til To-gardane er utskifta noko etter kvart. Den siste store utskiftinga var i 1907, da To og fleire andre gardar hadde skifta skog- og beiteområda i Ståldalen.

Til 1907 hadde To, Åbø, Gutehus og Ambjørndalen fullt sameige i Ståldalen. Sjølve området ligg mot Sisjord og Hovdejord i aust, vidare mot Særsland til Middagstjønna og Åmotsdalsnuten til Svinombeitet. Svartdals-grensa går mot Åsdalen i sør til Haugen sønnafor Ståldalen, så sørvest for Løkjen ved Ståldalsvatnet.

Tilhøva innan dei fire opphavlege gjetslemota eller beiteområda blei ikkje handsama eller endra, men skogen blei skifta slik at seks av partane fekk to teigar kvar, dei andre sju fekk ein teig kvar, alt utmælt etter skyld. Både barskog og lauvskog var medrekna.

Grensene mellom dei ymse beita blei gått opp etter at grensa mot Svinom var fastsett. Det var Listulbeitet, Åbøstulbeitet, Bjørnstulbeitet og Sørstulbeitet eller Heimståldalsbeitet.

Noko av skogen til To ligg ved garden, noko i Vestfjellet, og noko ved plassane og fjell-skogen innetter Ståldalen og like til Skjesvatn. Alle dei nemnde områda er teigdelte. Øvre-To og Nord-To har all sin skog på heimsida av Svorte. Storparten av den drivverdige skogen på Ambjørndalen ligg i områda rundt garden.

I 1880-90-åra dreiv dei ut tømmer frå områda ved Skjesvatn. På det meste tok dei ut 10 -12 tylfter ved Aslebekk. Da fløytte dei til Skjesoset, og køyrde tømmeret vidare derifrå. Det vanlege var at dei hogg, kvista og klargjorde tømmeret om våren. Da turka stokkane i god tid før fløytinga. Men det var tungvinn drift, for dei kunne ta berre få stokkar i hakjen i gongen ned til Skjesvatnet, og ofte dreiv dei skogen ein god veg ifrå vatnet. Tømmeret blei lagt i lunnar ved oset, og køyrt heim til To-velta på vinterføre. Karane i skogen leid mykje vondt. Både dei og hestane overnatta i sela, som var gisne og kalde, og bygde for stulsdrifta om sommaren.

Skogen i Vestfjellet ligg nokonlunde i tilknytning til gardane på heimsida av Svorte. Noko av denne skogen er selt ifrå. Såleis kjøpte Leiv Skårnes Dalali austre og vestre frå Nedre-To og Levors-To i 1920-åra. Det er bratt i desse områda, og der har jamt over vore mindre drift etter moderniseringa av skogsdrifta.

I nyare tid er områda godt utbygde med skogsbilvegar både på heimsida og på " vestsida" av Svorte. Skogeigarane har ikkje fast skogsdrift, men driv ut skog år om anna.

Stulsområde. To sine vårstular ligg i Ståldalen, og langheistulane ligg ved Skjes-vatnet. Frå gamalt var båe områda i sameige med andre gardar i bygda, mest Åbø og Gutehus.

Namnet Ståldalen er fleirtalsnemninga for ein stule, - fleire stålar. Da stulsdrifta gjekk for fullt, rekna dei med 15 stular i Ståldalen.

Storparten av stulsdrifta tok slutt tidleg i 1950-åra, før utbyggjinga av Hjartdølavass-draget tok til. Ei ny tid krev nye driftsmedtodar, og tidleg på 1980-talet starta drifta på Ståldalen sambeite. Sjå Åbøgrenda.

Beitet i Ståldalen blei rekna for å vere sers godt. "Ståldalen hadde ord frå gammalt av for å vera ein grasdal, med gode beite og grasute slåttestular."

Kløvvegen til Ståldalen går opp "su fe husa" i Lebakken på Øvre-To, eller frå Myljom-To, så inn ved Åsen, opp Verpebrekka og Resbakken, over Brennun, ned att til Ståldalsoset og innover på hi sida av Ståldalsvatnet.

I Verpebrekka midt mellom To og Ståldalen var det eit verp. Når dei førde til Skjesvatnet, rekna dei 3 1/2 time frå garden. Etter gamalt tok dei av til Stavatjønn frå Ståldalen og ned til Svinom. Seinare køyrde dei med hest til Nørsteteig i Svartdal og kløvde derifrå gjennom Åsdalen til Svinom og Aslebekk.

Dei bruka pråmar over Ståldalsvatnet, medan dyra fór rundt. Stranda rundt vatnet var storsteinut og ujamn, og der var vondt å kome fram. Der var eit pråmstø i oset til Ståldals-vatnet. Det blei gjerne nytta av folk nedanfrå bygda. Så var det eit pråmstø i Dekkein`, på vestsida av vatnet, eller midt for Høljestul som ligg på solsida. Nokre hadde pråm i Koteviken. Fleire frå plassane bruka desse støa.

Når dei køyrde høy ifrå Ståldalen, så fòr dei isen, og vidare over Kotebekken, Deilkåse og Bråten til To-grenda.

Etter den gamle skikken sat dei tre veker i Ståldalen frå St. Hans (Jonsok), og så to veker att frå 1. september til Krossmess. Seinare sat dei berre to veker på vårstulane ved St. Hans leite før dei flutte til langheia. Ståldalen har vore godt nytta, og der er mange stular. Alle bruka har kvart sitt ro. Dei var inngjerde så lenge det var stulsdrift, og brukarane hadde hevderett. I Ståldalen fekk Nedre-To det sønste beitet, medan Øvre-To sat midt i Ståldalen.

Mange av stulane i Ståldalen har person-manm. Ofte er det ikkje vandt å finne opphavs-mannen. Det fell naturleg å tru at rudningsmannen gav stulen namn.

Høljestul til Nedre-To må ha vore eldste vårstulen til Nedre-To, frå den tida garden var einbølt. Hølje bruka To frå 1671. Håråldstul rett ved sia blei truleg rudt av Harald, som var brukar på Myljom-To 1806-42. Myljom-To har og stulen Dokkje "neafe" Håråldstul. Ovafor Håråldstul ligg Iglestul som er Levors-To sin vårstule i dette beitet. I 1910 kjøpte Andres O. Tho på Myljom-To beiteretten i Ståldalen av Ola H. Tho på Levors-To for 300 kr. Skøytet blei tinglyst i 1919.

Johansstul i det same beitet er stulen til Ambjørndalen. Der har vore fleire med namnet Johannes på Ambjørndalen. Kanskje det er Johannes Torson f 1705 som har gjeve stulen namn? Det er lenge sia Johansstul blei bruka.

Øvre-To sin stule heiter Bjørnstulen, medan Nord-To sin stule er Løkjestul med ein løk midt i roet. Løkjestul blei rudt av Harald Bollås, i Halvor Anundson si brukartid, - han var brukar frå 1849. Harald rudde også Myrstul, som han gjerde med torv. Bollås har og eit sel i Ståldalen. Bjørnstulen skal ha fenge namnet sitt etter ei hending der det stod om livet for ein mann som møtte bamsen på denne stulen. Det skal ha vore ein hund utanom det vanlege som berga mannen, heiter det.

Tussen skal ha hersa på Bjørnstul. Sjølv om dynna (døra) til selet blei stengt aldri så godt når dei hadde sauene inn for natta, så kom dei seg ut ut, fleire vender. Folk meinte at dei underjordiske ville ha selet på Bjørnstul for seg sjøl.

Halvor H. Sisjord: "Og sjølvsagt var det vassorm. ...Vassormen var på land av og til, og rann frå det eine vatnet til det andre. Somme såg sløer i myrane, som om noko hadde drege ein tømmerstokk etter seg. Og der han hadde glide mot røter og trestammer var borken skuva av. - Han var ingen lettvekter! Desse sogene om ormen blei vel ikkje alltid tekne alvorleg- kanskje heller fleipa med.

Harald Tho var sogemann. Han sat ein gong i selet på Håråldstul og fortalde om Ståldalsormen. - Om han hadde sett han sjøl, eller det var ein annan, skal vera usagt -. Men han hadde skalle som ei kyr, sa Harald. Ha`n hønn da? ville Gunhild Sisjord vita..."

Stulane i desse områda blei bruka fast til ut i 1950-åra. På Øvre-To slo dei stulane " ette` som de` råka te`", men nokon fast slått har det ikkje vore i Ståldalen sidan 1955/56. Det blei mest umogleg for ein einsleg brukar å streve seg heim med stulshøyet vinterstid. Vinterkøyringa sto på dugnaden frå heile grenda.

Høyet i Ståldalen blei samla i sel. Dei rekna til vanleg fire vinterlass frå kvar stule.

Nord-To har også ein stule som heiter Vasslaus. Den ligg i heimemarka, nord og opp for garden, ikkje langt ifrå den tidlegare plassen Bråten. Der har vore sauebeite og slåtte. Eit sel sto til 1970-åra. Noko lenger nord ligg Heii som og var heimstule til Nord-To før.

Øvre-To sin stule, Bekkjesmyr ovanfor Bjørnstul, blei makeskifta med eit myrområde ved Bjørnstulbeitet.

Forutan sjølve stulsdrifta, med alt arbeidet med gjæting, mjølking, kinning, ysting og primkoking, var det ofte budeia som måtte skaffe ved til fyringa, meiner Kjetil Valufsin. Ofte hadde dei dårleg reiskap å hjelpe seg med, og måtte rive og bryte tørrbrisk. Ikkje sjeldan var det lite skog nær stulen. Anten var han alt bruka til ved, eller til buskegard kring stulen. Det var vanleg å gjerde med lange granråter, for dei var greie å få til gardhestar som heldt garden. I lengda gjekk det hardt på skogen, og somme fòr hardare fram enn andre så lenge der var sameige.

Det hende dei var seine med stulsslåtten. Da var det eit strev å halde buskapen unna det fine fjellgraset. Ofte måtte dei vakte høyet om natta for at buskapen ikkje skulle ta til seg av høybreiene. " De` va` tungvinn fòring!"

Kjetil Valufsin fortel, at Anne Tho f 1881, dotter til Gunleik Halvorson Tho, gjætte sauer på Vasslaus. Medan ho gjekk over ei myr, blei ho ormstukken i okla. Da ormen hadde stukkje, sprang ho til den næraste bekken for å drikke vatn. Etter gamal tru måtte dei kome fyri ormen for å drikke, for da skulle dei ikkje kjenne vondt der ormen hadde stukkje. Så koka dei opp geitemjølk og la på. Det skulle også vere bra mot ormstyng. Men Anne blei sjuk, "... og hun fekk same farge som ormen", og låg sjuk i seks veker etterpå.

Det kunne vere drygt heimetter når ein blei sjuk på stulen. Halvor H. Sisjord: "Bergit Hovden blei sjuk i Ståldalen. Ho var i slåttonna på Iglestulen i lag med adoptivforeldra sine, Aslaug og Olav Tho, Levors-To. Det tok til med veldig verk i kroppen, og truleg feber så ho blei liggjande. På eit eller anna vis måtte ho koma seg heimatt og få dokterhjelp. Dette var eit av krigsåra, eller kanskje det var fredsåret 1945. Mor og eg og nokre av dei mindre syskina mine var på Hårålstul i slått. Gunleik Hovdejord blei bodsend, og kom med hest. Men Bergit orka ikkje sitja på hesteryggen. Ho måtte berast. - Ei selsdør blei i hast laga til båre. Og mor skunda seg i veg til Bjønnstul. Der visste vi Harald Tho dreiv med slåtten, og no var det om han kunne bli med og bera.

Så rodde vi over vatnet, og tok fatt på den lange vegen ned markene til Levors-Tho. To bar samstundes, og tredjemann løyste av med nokorlunde like mellomrom. - Det viste seg at det var poliomylitt Bergit hadde fått. Ho kom seg omsider såvidt på føtene att, men var helseknekt for resten av livet."

To-gardane si langhei ligg ved Skjesvatnet. Der var delt som i Ståldalen, Nedre-To hadde det sønste beitet, medan Øvre-To hadde beitet lenger nord. Stulen til Nedre-To heiter Svinom. Aslebekk til Øvre-To låg om lag midtveges på Skjesstronda. Roet var flatt og fint, og halla ned mot vatnet.

Det er ei segn om Aslebekk. Mannen som åtte stulen heitte Asle. Over stulsvollen rann ein omfram god fiskebekk. Det hende Asle leigde bort fisket for ei ku. Til sist blei det krangel om betalinga. Han som leigde fisket ville ikkje ut med den dryge leiga. Dei barka i hop, og Asle låg att livlaus. Etter den tid gjekk ikkje fisken på bekken, er det sagt. Dei skal ha funne tre sølvknappar der Asle miste livet. Tre er eit magisk tal i segnverda. Det er fleire liknande segner frå Hjartdal.

Kjem namnet Svinom frå dyrenamnet svin? (Gno. svin n.) Eller er det ein stad der vatnet minkar, frå gno. svina, d.e. minke? Det er bra med granskog ved Svinom, og der er også bra med bjørk og raun. Sjølve stulen ligg i ein gvelv opp for Skjesoset. I seinare tid var Svinom sameige mellom bruka på Nedre-To. Myljom-To åtte ein halvpart, Nedre-To og Levors-To kvar sin fjordepart. I 1918 blei skogen og grunnen selt, med atterhald om beite- og bruksrett for Myljom-To. Det same gjeld eit mindre skogstykke.

Svinombeitet i Husdalen mellom Skjesoset og Stavatjønn er rekna for eit godt beite. Andres Tho f 1839 d 1917 hadde stulsdrift på Svinom frå 1873 og i heile si brukartid. Den første tida leigde han både hjuringar og stulesjenter, seinare tok borna over. Den eldste dottera Ragnhild Tho f 1870 var først hjuring, så budeie på Svinom. Ho hadde minst 30 somrar der inne. Dei tok bra med krøter, og dreiv godt.

Mykje av stulsdrifta i desse traktene fekk ein ende før anleggstida, med utbygginga av Hjartdølavassdraget og neddemminga av Skjesvatn som den endelege slutten. På Svinom var det rein stulsdrift til 1956. I dei siste åra var det Aslaug Funner som dreiv der. Med full stulsdrift kunne ho ta 30-40 ungdyr attåt. Der er stulsbu og hytte nå. På Myljom-To har dei vore "... me` dyre fe kon sjave, når me er færdi me slåtten", sist i 1984. Da dreiv Aslaug Tho. Dei har ikkje slege stulen sidan 1935/36.

Øvre-To og Nord-To sine stular ved Aslebekk blei neddemde ved reguleringa. Nord-To har ei hytte i området. Dei hadde stulstell til om lag 1950, og slo stulen til anlegget tok til. Dei rekna om lag fire vinterlass med stulshøy frå kvar stule. På denne sida av Skjesvatnet var det godt fjellgras på stulane. På Skjessida var det mest finntust.

Det var vatn på tre kantar av roet på Aslebekk. Beitet hadde etter måten lita vidde, på grunn av det bratte lendet ikring.

Mari Tho frå Nord-To f 1838, sat på Aslebekk i om lag 40 somrar.

Liv Bollås f 1801, sat på Aslebekk med kyrne. Ho var så nyttig, Liv. Medan ho var ute med krøtera, så grasa ho samstundes. Grase d.e. sanke, skjere gras i ulendt terreng. Liv hadde med seg ein stuttljå for å grase i sørhellinga av Vålånuten. Der var løgnt, og godt med gras. Liv bar mange bører til eit lite sel i nærleiken. Elles så måtte ho "vøå fe seg", sanke ved medan ho var ute og gjætte. Når ho så skulle heim att om kvelden, måtte ho draga med seg ei svær vedbør til primkokinga og anna koking på stulen. Det var stritt etter ein lang dag i fjellet, og med mjølkestell av mange kyr som venta.

"Anne" Bollås gm Torbjørn Bollås, sat på Astridstul i Ståldalen med sine eigne krøter. (Truleg Mari Bollås f Skogen 1807 d 1879). Ho hadde ein jentunge med seg til hjuring. Medan dei gjætte ved Astridstul, så kom der ein skrubb for å ta sau. Jentungen huga og skreik av redsle for skrubben. Men Anne Bollås sa ho tarv ikkje vere redd, " fe no heve eg klumma skrubben". Dei fekk jaga krøttera attom seg, og så gjekk Anne midt i mot skrubben. Ho lyfte armane og skreik med hard røyst, at skrubben ikkje måtte sjå seg til nokon kant, anna gange rett fram i ein retning. Skrubben tok av stad nett slik Anne hadde sagt. " Det synte seg at Anne kunne klumme skrubben."

Plassar. I fjellet ovanfor Ambjørndalen låg eit heilt lite plassesamfunn på 1800-talet. Det var to Bollåsplassar, som låg jorde i jorde med Skogen, også nemnt for Or-Skogen. Rett ovanfor låg Bråten og Deildkåsa jorde i jorde. Deildkåsa låg mot heradsgrensa til Seljord, noko namnet vitnar om.

Lengst i aust låg Åbø-Åsen eller Åsen ut mot bygda. Lenger ned i Ambjørndalen mot Svartdal låg plassane til Ambjørndalen, mest som ei forlenging av same grenda. Det var Vellufsin og dei to Satin-plassane. Den tredje og nørdste Saten-plassen låg til ein gard i Svartdal. Den sønste har seinare bytt namn til Dale, og den eigedomen ligg rett ned for Vellufsin. Ospelon eller Ospelund var og bustad på 1800-talet.

Så lenge vegen til Seljord gjekk oppi lia, var det stendig farting over heradsgrensa plassfolka imellom. Nå er der heilt øyde. Nokre av husa står. Andre stader er der knapt spor etter dei attgrodde tuftene.

Andre herlegdomar. Det var kvern både til Skogen og Bollås, oppunder fossen ved Skogen. Mannen i Skogen var møllar. Han mol for heile grenda. Tidlegare hadde Ambjørndalen ei kvern på vestsida i delet med To, men der var ofte for lite vatn. Kristian Ambjørndalen grov ei renne frå Svorte og ut til kvernhuset, og fekk såleis vatn frå både Dålåbekken på Vestsida og frå Svorte.

Dei veidda frå både gardar og plassar på To og i Ambjørndalen. I gode år fekk dei stor fangst av både rype og orrfugl som dei selde på butikken i byte med andre varer.

Matrikkelgarden Ambjørndalen gnr. 1

Ambjørndalen ytte kongsskatt, 1 kalvskinn, men ingen av dei andre gamle skinnskattane i 1585/86. I lensrekneskapa i 1602 og seinare skatta garden for ein øydegards skatt, som var 8 mæler korn. I 1647 var landskylda på 8 mæler korn, og garden skatta 1 1/2 dlr. I 1723 var skylda den same. I 1802 var skylda redusert med 13 1/3 lispund. Ambjørndalen hadde gardsnr. 46 til 18o2. I 1838 var gardsnr. 1, løpenr. 1 og 2. Gardsnr. i 1886 var 1, bruksnr. 1 og 2. Skylda i 1802 var 2 rd. 30 sk., ny skyld i 1838 var 4 dlr. 4 ort 11 sk., revidert til 8,17 skyldmark i 1886.

Der var "ingen" herlegdomar til garden i 1666. I 1723 var jordvegen vurdert som tungvunnen mold-, stein og frostlendt jord i bakli. I 1802 var Ambjørndalen ein "god" gard, som låg for seg sjølv utanfor alle sameige. Også i 1845 var garden rekna som god, der dei brødfødde seg sjølv, og jamvel hadde korn og poteter for sal. I 1864 var storparten av jordvegen rekna for tung å vinne. Da rekna dei ikkje med at jorda var frostlendt, men det var vanskar med å få turt høy avdi sola gjekk tidleg ned. Det var elles nemnt at jordvegen var omkransa av bratte fjellveggar mot sør og nord og utsett for jordras. I 1864 var det 16 mål åker i storparten god jord, 22 mål dyrka eng og 160 mål bratt og steinfull slåttemark til garden. Ambjørndalen hadde framleis jord som kunne dyrkast opp, men berre med store kostnader.

Der var skog til vøling av husa og til ved i 1723, det same i 1864. Der er ikkje nemnt skog for sal.

I 1723 hadde Ambjørndalen nok fjellbeite og ein slåttestule. I 1864 hadde garden nok hamn ved garden, elles vår- og hauststule, men ikkje sommarbeite. Dei rekna med berre 14 mål fjellslått, men der var godt med lauv til tileggsfòr ved garden.

Der var ikkje rekna med andre herlegdomar til garden.

Eigarar

Ambjørndalen er gamalt bondegods. Garden var utan folk i 1537. Dette året selde Aslak på Flatland og Bjørn Kjetilson på Risvoll " En øde gard på Ambjørndalen "... til Solve? Bjørnson og Tor Bjørnson på To. Garden var sjølveige tidleg på 1600-talet, men frå om lag 1630 åtte sambygdingar garden på nytt. I 1647 åtte Tor Åbø og Gisle Blika i Svartdal kvar sin halvpart i garden, medan Johannes bruka. Han løyste seinare inn halve garden.

I 1584-1672 heiter det i skattemanntala at Kongen eig 1 kalvskinn laus landskyld i Ambjørndalen. Garden var difor friteken for skatt. Dette må vere det skinnet som er nemnt i 1585/86. Seinare i 1670-åra hadde staten selt sin lut i garden til trelasthandlaren Brochenhuus. På same tid hadde Iver Jenssen, Skien, fenge syn for tømmeret i Ambjørndalen. Vel ti år seinare hadde Jenssen selt sin part i garden attende til brukaren. Venteleg har han då tatt ut det tømmeret som var noko verd. Seinare er nemnt skog berre til husbruk på Ambjørndalen, og brukaren fekk vere sjølveigar.

Brukarar

Ambjørndalen, seinare gards- og bruksnr. 1.1

uttale: àmbjønndal`n

I) Kjetil Ambiørndal nemnt i skattemanntal i 1602. Han kan ha vore gift med Guri, sjå Ia).

Ia) Guri, nemnt i 1603.

II) Ola, nemnt i 1610-11 i dei same skattelistene.

III) Clemmidt Ambiorndall, nemnt i skattemanntala 1618-25. Klemet er oppskriven i brukarlistene, men han kan godt ha vore berre eigar av garden. Namnet er elles ikkje bruka i Hjartdal. Men Klemet kan ha vore innflyttar, t.d. gift med ei hjartdalsjente. Diverre teier kjeldene.

Etter eigedomslistene i 1620-åra åtte Tor Åbø heile Ambjørndalen i 1624-26. Seinare åtte Åbøfolka halve garden i fleire år.

IV) Såmund Ambiørdall, eigar og brukar, ført i brukarlistene 1627-42.

Det er uvisst om neste brukar var i ætt med Såmund. Etterkomarane til Johannes og kona hans blei verande på garden i meir enn 200 år frametter.

V) Johannes Ambjørndal, brukar ca. 1643-93, åtte halve garden, f ca. 1612/14 og gift. Konas namn er ikkje nemnt. Born: 1 Johannes f 1648/1652, sjå VI).

Johannes hadde bygselretten, det vil seie at han hadde råderetten over garden, sjølv om ein annan åtte like mykje i garden. På 1670-talet kjøpte skiensborgarar delar av Ambjørndalen for skogen si skuld.

Johannes skulle vere ein stor jeger. Det var særleg rein han jakta på, helst ved Vindeggen og traktene omkring. Ei natt låg Johannes i eit sel ved Butjønn, heimanfor Vindeggen. Ut på natta blei det eit voldsomt leven. Nokon tok til å kaste gvåv av selet, og Johannes frykta det sto om livet. Johannes lova at han skulle bli meir forsonleg mot dyra, berre han kom ifrå dette med livet. "Om Johannes slutta med jakta hørdest ikkje noko om. Men han kom ikkje meir i desse traktene."

Kan det vere denne Johannes som gav namn til Johansstul på solsida av Ståldalsvatnet? Etter det som blir fortalt, skulle mannen på Ambjørndalen ha vore så lenge på stulen saman med eigarane frå To, at han kravde hevderett til Johansstul: " Etter gamalt skulle den som hadde eigarrett liggje i oversenga, medan dei som leigde seg inn, hadde undersenga. Mannen på To nemnde på at før så låg dei ifrå Ambjørndalen i undersenga, men no ligg dei i oversenga..."

Fullt så enkelt å få seg fjellbeite var det vel ikkje.

VI) Johannes Johanneson, eigar og brukar ca. 1690-1700, f 1648/52 d 1700 gm Gro Bjørgulvsdtr. Håtveit frå Nedre-Håtveit. Born: 1 Tor f 1668/70, sjå VII. 2 Kristoffer, til Vellufsin, seinare Bratsberg i Hovlandgrenda. Johannes hadde også 3, dottera Eli f 1687. Mor hennar var Tone Egderud, Hovland.

I 1687 blei Johannes bøtelagd for ei anna utanomekteskapeleg sak. Det galdt ei Toril Sigurdsdotter, ho og Johannes var slektningar, dvs. tre- eller firmenningar. Det er uvisst om dei hadde born i saman. Det blir hevda at styresmaktene frykta meir sjukdom ved inngifte. Men det var meir truleg at dei strenge reglane var oppretta på grunn av inntektene dei gav. I tette bygdesamfunn med avgrensa samkvem med andre, seier det seg sjølv at mange fann partnaren i heimbygda. Ofte var det jamvel eit krav frå ætta at dei gifta seg med ein slektning, - for eigedomen si skuld. Men styresmaktene tok bøter av dei som valde ein slektning til ektefelle, og prest og lensmann fekk gode inntekter av dette.

Dei økonomiske kåra var ikkje så bra da dei skifta etter Johannes i 1701. Den samla formuen er ikkje nemnt, men buet åtte berre 1/4 i Ambjørndalen, d.e. 2 mæler, men med bygsel over 4 mæler, "... Hvoraf en deel," storleiken er ikkje nemt, er bortpanta til " Monseigneur" Anders Nilssen, Brevik. Det er nærliggjande å tru at Johannes har seld tømmer til Nilssen og fenge betalinga i varer på forskot. Da kom han lett i klemma. Det var lagnaden til mange gardbrukarar. Ikkje få mista gard og grunn. Panteluten var taksert til 24 rd. Lausøyren i buet etter Johannes var sett til 14 rd. 6 sk.

Sonen Tor tok over Ambjørndalen.

VII) Tor Johannesson Ambjørndalen, eigar og brukar ca. 1700-47, f ca. 1670 d 1752 her gm Helge Kjetilsdtr. Hovland frå Sud-Hovland. Born: 1 Liv f ca. 1700 d 1784 på Risvoll gIg med kongebrev i 1723 m Ola Leidulvson Bøle. GIIg 1767 m Ola Levorson Risvoll. 2 Johannes f 1705, sjå VIII). 3 Gunhild f 1707 d før 1741. 3 Ola f 1709 d s.å. 4 Ola f 1710 d 1784/85 på Mæland. Det er truleg denne Ola som åtte Bratsberg 1739-48. Han kom seinare til Nord-Mæland. Ola var gift tre gonger. Born, sjå Mæland. 5 Kari f 1711 g 1743 m Halvor Nilsson, Nedre Bollås. Dei flytta mykje, budde på Øvre-Gutehus, kom attende til Bollås og seinare til Haugstugu i Flatdal. 6 Kjersti/Kirsten f 1714 g 1743 m soldat Tov Nilsson på Bollås, til Nord-Gvåle. Kari og Kjersti blei gift med to brør. Dette blei kalla for "syskenbyte". Ikkje sjeldan bytte dei jamgode eigedomar ved det same høvet. 7 Kjetil f ca. 1719 g 1749 m Margit Jespersdtr. Hykkerud, til Vellufsin. 8 Ragnhild? ikkje nemnt i skifte i 1741.

Tor løyste inn att garden. I 1706 løyste han inn 2 mæler frå borgarmeister Weyer og ei Ingebjørg Johannesdtr. Frå 1719 åtte han heile Ambjørndalen. Heile ungeflokken fekk seg bustad i heimegrenda, i allfall for ei tid. Etter kvart flytta dei til gardar i Nordbygda, kan hende på grunn av levekåra på Ambjørndalen.

Dei skifta etter kona hans, Helge Kjetilsdotter i oktober 1741. På skiftesamlinga sa Tor at han ville skifte mellom borna både den parten dei hadde arva etter mor si, og det dei seinare skulle ha etter han sjølv. Førebels ville Tor sjølv bruke garden. Når han ikkje orka meir, skulle eldste son taka over. Da skulle Tor ha føderåd. Føderådet blei i hovudsak utferda under skiftesamlinga.

Tor skulle ha rett til eitt mål åker, som skulle såast til og haustast av sonen. Tor skulle også ha ei ku som sonen skulle fø for han. Når tida kom, skulle føderådsytaren koste gravferda hans.

Nettoformuen i buet etter Helge var 196 rd. Gjelda var på 7 rd 3 ort.- utgifter til gravferda hennar? Jordvegen Ambjørndalen blei vurdert til 200 rd. Arveparten etter Helge blei skift særskilt. Det var nær 4 setting, taksert til 94 rd.

Johannes, den eldste av sønene, tok over Ambjørndalen.

VIII) Johannes Torson Ambjørndalen eigar 1747-84, brukar frå 1740-åra f 1705 d 1784 her gIg 1734 m Torbjørg Gunleiksdtr. Haugan f 1704 på Øvre Haugan, d 1740 i barsel. GIIg 1745 m Ingebjørg Sigurdsdtr./ Siverstdtr. d 1747. GIIIg 1748 m enkja Øli Halvorsdtr. Øygarden f ca. 1698 på Nedre To d 1782 her. Øli gIg m Kristian Johanneson Gvåle/Øygarden og hadde fleire born i første ekteskap, m.a. Halvor, sjå IX), Kristian til Bollås, seinare Skogen, og Povel. Borna til Johannes i første ekteskap: 1 Gunhild f 1735 d s.å. 2 Mari f 1736 truleg d s.å. 3 Mari f 1737 på Gutehus, sjå IX). 4 Gunhild f 1739 d før 1784. 5 Anne f 1740 d s.å. Born i andre ekteskap: 6 Torbjørg f 1747 d 1774 g 1766 m Nils Tellevson, Sudistugu, Bø i Sauland. Johannes hadde også 7 dtr. Tone f 1754, mor Guro Gunnarsdtr.

Johannes og Torbjørg, den første kona hans, kjøpte ein lut i Gutehus i 1739, og budde på Gutehus i fleire år. Sjå Gutehus. Johannes flytta heim til Ambjørndalen da Torbjørg var død. Da busette systera Kari og hennar mann seg på Gutehus.

På slutten av Johannes si brukartid blei plassen Vellufsin utskilt og seld til sjølveige. Vellufsin utgjorde om lag 1/4 av eigedomen. Skøytet er dagsett 1/10-1781. Ti år før døydde den eldste dottera Mari, som skulle hatt garden. Det er rimeleg å tru at arvingane til Johannes rekna med at dei ikkje ville få løyst inn Ambjørdalen utan dette salet.

Johannes levde nokre år til. Dei skifta etter han i 1784. Nettoformuen i buet var 53 rd., gjelda var på 64 rd, av dette skyldte buet 28 rd. til tømmerhandlaren og byborgaren Joachim Adzlew.

Med i skiftet var 2 kyr til 11 rd. og 2 sauer til 1 rd.

Borna etter den avlidne dottera Mari hadde odels-og arveretten til garden. Det var Maris son Kristian som arva garden. Sjå X).

Mari og huslyden hennar bruka Ambjørndalen i fleire år.

IX) Mari Johannesdtr. Ambjørndalen, brukar ca. 1761-81, f 1737 på Gutehus d 1771 der g 1761 m Halvor Kristianson Gvåle f 1727 på Sud-Gvåle d 1799. Bestefar hans var den namngjetne lensmannen, Johannes Pålsson Skeie. Far hans var Kristian Johannesson Gvåle/Øygarden. Halvor gIIg m Gunhild Kjetilsdtr. Blika f 1754/55 d 1834 på Ambjørndalen. Borna til Mari og Halvor: 1 Torbjørg f 1761 - ugift?. 2 Kristian f 1763, sjå X). 3 Johannes f 1767 d 1832 på Vellufsin g 1799 m Lisbet Olsdtr. Tho f 1764 på Levors-To d 1851 på Vellufsin.

Born i det andre ekteskapet til Halvor: 4 Mari f 1778 d 1864 på To g 1807 m Anund Jonson, Nord-To. 5 Kjetil f 1783 d 1876 i Bråten g 1809 m Anne Olsdtr. Gutehus. Dei busette seg først i plassen Ospelon u/Ambjørndalen, og flutte seinare til Bråten.

Dei skifta etter Mari i 1771. Det ser ut som ho og mannen åtte Ambjørndalen på den tida. Buet etter henne åtte "...8 settungar i arvetomten Ambjørndalen samt den infriede plass Walufsen...". Jordvegen blei samla vurdert til 160 rd. Formuen i buet etter henne var 227 rd., nettoformuen var 129 rd.

Med i skifteregistreringa var desse husdyra: 5 kyr til 24 rd. til saman, 1 stutekalv, 1 kvige, 8 sauer, 6 lam, 3 geiter og 2 kje.

Mari let etter seg desse gangkleda: 1 trøye i svart klede med to par gylla flatspenne i sølv til 4 rd, 1 stakk i svart vadmål med liv i fløyel og pynta med gullband til 2 rd., 1 stakk i blått stamet med liv som hadde band i sølv, og seks par gylla sølvmaljer til 7 rd. Dette bringesølvet var med i skiftet: 1 par gylla trøyespenne med hengjelauv til 1 rd. 2 ort, eit par liknande mindre spenne til 1 rd., 2 par liknande i gylla sølv til 1 rd. 3 ort, 1 lang lekkje med nål til 3 ort 12 sk., 1 gylla sølje med ringar og lauv til 1 rd. 1 ort, 1 "glatt" sølje med ring til 1 rd. og to mindre søljer. Mari må ha vore staseleg når ho var pynta til gjestebod! Ho kunne fått tre gilde kyr berre for kleda sine.

Da Halvor var blitt enkjemann, ville han til Blika å fri. "So var han inn i Ospetimmer og prata. Dei sa at han skulle ikkje reise ifrå småborna. Men Halvor ville til Blika han, og han fekk den unge kona frå Blika."

Kristian Ambjørndalen tok over garden etter bestefar sin.

X) Kristian Halvorson Ambjørndalen, eigar og brukar 1781-1813, f 1763 d 1817 her gIg 1793 m Øli Johannesdtr. Flatland f 1776 på Gutehus, voks opp på Nord-Flatland d 1812 i barsel. GIIg 1816 m Ingrid Olsdtr. f 1799? Ingrid gIIg 1819 m Torkel Olson Gutehus, sjå Upp-Gutehus. Borna til Kristian og Eli: 1 Halvor f 1795, sjå XI). 2 Johannes f 1799 gm Mari Jonsdtr. Bollås, til Vellufsin, seinare til Amerika. Sjå Vellufsin. 3 Mari f 1807 g 1838 m Grimar Olson Tho. Sjå Vellufsin. 4 Ragnhild f 1809 g 1834 m Grimar Grimarson Tho, Nedre-To, kjøpte Nord-Risvoll. 5 Ein dødfødt son i 1812. Mora døydde under fødselen. Borna til Kristian og Ingrid: 6 Ola f 1816 d s.å. 7 Ola f 1817 d s.å.

Dei skifta etter Øli Ambjørndalen i 1812. Da heitte det., at "Denne gaards hele skyld 1 tn 1 sett". blei utlagt for 1200 rd. Dette verkar merkeleg, for garden var vel ikkje så stor? Dei må ha rekna Vellufsin med i salet. Ambjørndalen må i alle fall ha vore sett ut for pant, for året etter løyste Kristian inn att garden for takst, som var 1200 rd. Same dagen overgav han garden til sonen Halvor, som blei neste brukar.

XI) Halvor Kristianson Ambjørndalen, eigar og brukar 1813-63, f 1795 d 1863 g 1819 m Liv Halvorsdtr. Århus f 1799 d 1886? Born: 1 Øli f 1820 d 1886 på To g 1854 m enkjemann Halvor Anundson, Nord-To. 2 Kristian f 1822, sjå XII). 3 Ragnhild f 1824 g 1848 m enkjemann Tov Kristianson Berge, Myljom-Berge. 4 Anne f 1827 g 1867 m Ola Sørenson Gvåle, Myljom-Gvåle, uvisst kor dei busette seg. 5 Halvor f 1831 g 1870 m Aslaug Olsdtr. Risvoll, f 1843 på Sud-Risvoll, til Lislero. 6 Ola f 1834 gm Ingebjørg Knutsdtr. Moland, budde først i Satin, d.e. nov. Dale, kjøpte Nord-Åbø i 1879 og flutte dit. 7 Ingebjørg f 1837 g 1870 m Ola Olson Risvoll. 8 Mari f 1844 d s.å.

Da Halvor skulle gifte seg med Liv Århus, reiste han til sølvsmeden Rynjom i Åmotsdal for å få sølv til bryllaupet. Han nista seg ut for tre veker for å halde oppsyn med arbeidet. Sølvet var eit svært fint arbeid. Det blei selt i skiftet etter Halvor, blei det sagt.

Halvor utretta mykje på Ambjørndalen i si brukartid. Han skal ha vore ute i hærtenest i 1807-14, i krigen mot Sverige, og tok over garden om lag 1819. Han var ein flink og dugande gardbrukar, og tok snart til med å arbeide og bryte opp stein. Han rudde store røysar av steinen som låg på jordet.

Mykje av dette arbeidet sto vel folka i plassane for. Halvor skal ha vore nøyen på at dei fekk god kost medan dei var i arbeid, heiter det.

Ein mann skulle få eit kvartel brennevin for å brote eit mål åker vest for husa, nedanfor vårfjøset. Da åkeren var broten og heimebrenten ferdig, skulle dei måle opp "betalinga" enda ein gong. Halvor hadde brennevinet på krukker og karaflar, og han som hadde brote åkermålet, ville ha det over i kvartelet, så han fekk sjå om det stemde med målet. - Det stemde nøyaktig. Dei som var til stades skulle ha ein smak av brennevinet. Da morgonen kom, var kvartelet nesten tomt og brennevinet oppdrukkje.

Halvor flytta husestaden på Ambjørndalen. Sjå u/hus. Etterpå planta han hage med epletre og ripsbusker nedanfor husa.

Men stundom fekk motløysa overtaket på den ivrige gardbrukaren. Ein gong ville ein "austmann" kjøpe garden av han. Dei var forlikte om prisen, men så tok Halvor tenketid. Da lova sonen han å hjelpe alt han makta for at dei skulle greie seg på Ambjørndalen. Det blei ikkje noko av gardsalet. Halvor skreiv også til broren Johannes i Amerika, og var inne på å emigrere. Broren rådde ifrå.

Halvor fekk bruksrett til ein lut i stulen Smørbrek i Svartdalsheia. Han betalte 1 dalar i året i leige til eigaren på Nørsteteig. Halvor sette opp fjøs på stulen. Det var eit særsyn på den tida. Sjå elles u/stulsområde.

Bjørnen hadde vegen sin tvers over jordet på Ambjørndalen, eit stykke sør for husa. Ein dag i slåtten, medan Liv og Halvor var nedpå vollen, høyrde dei slik larm nede ved Svorte. Halvor bad slåttekaren gå nedpå brauta å sjå. Men guten møtte ei binne med tre ungar, og binna sette beint imot Liv som venta seg. - Etter gamal tru gjekk bjørnen etter kvinner som var med barn. Liv skreik, og dei ropa til Halvor at han måtte kome med langorvet. Bjørnen vrengde med augo, klora store torvtuer med labbane og fòr så nedetter mot åa med ungeflokken sin. Det har fare bjørn same vegen seinare.

Ei anna og mykje omtala bjørnesoge hende vinteren 1905/06. Det var den siste bjørnejakta som har gått føre seg i Hjartdalsheiene. Halvor Ambjørndalen, Vesle-Hans Risvoll og truleg Olav T. Kåsa var på mårjakt føre jul da dei skremde opp ei binne. Ho gjekk i hi i Ormaskjernuten, og dei skaut henne om våren. Sjå skog og utmark, Hovlandgrenda.

Det var tre nyfødde ungar i hiet. Den eine blei amma opp saman med ein nyfødt gutunge og den berga seg. Bjørnungen kom til Ambjørndalen og voks til. Han fekk gå laus ute i tunet, og når vinteren kom, låg han mest under ein høydott i uthuset. Da bamsen var nokre år gamal, blei han seld til ein kar i Norsk Hydro på Notodden. Der levde han ei tid, men blei avliva etter at han hadde rømt frå bjørnegarden og skremd folk.

Året etter at Halvor døydde fekk odelsguten Kristian skøyte på Ambjørndalen. Da var føderådet til Liv medrekna. Heile garden var pantsett, utan Lislero og Satin, som dei yngre brørne til Kristian fekk arvefeste på. Elles fekk Kristian arvefeste på fjellbeitet Smørbrek u/Midtbø i Seljord. Samla måtte Kristian gi 2232 spd for Ambjørndalen i 1864.

XII) Kristian Halvorson Ambjørndalen, eigar og brukar 1864-99, f 1822 d 1913 g 1866 m Signe Olsdtr. Århus f 1837 på Sud-Århus. Born: 1 Halvor f 1867, sjå XIII). 2 Anne f 1868 gm Olav S. Blika. 3 Liv f 1870 gm Ola Leivson Særsland, seinare Tjønnås i Sauland. 4 Olav f 1872 d 1915 på To gm Ingebjørg Olsdtr. Søre Blika, kjøpte Nedre-To av far sin i 1899. 5 Ragnhild f 1875. 6 Johannes f 1876.

Før Kristian tok over garden, dreiv han som handelsmann.

Han drog til Kongsberg med skinn og vilt, og bytte i skråtobakk. Det var mange i bygda som togg skråtobakk, så han hadde god avsetnad på varene. Elles kjøpte han varer som han visste at folk i bygda hadde bruk for. Opp til 30 kg bar han på rygg attende til Hjartdal og selde. Det var sju mil med bakke opp og bakke ned frå Kongsberg til Hjartdal på den tida.

Forretninga gjekk ganske bra, for Kristian hadde lært seg til både å lese og skrive. Han fekk bruk for skrivekunsta da han dreiv forretning, - når folk tok opp lån på varer dei kjøpte.

Etter kvart tok Kristian Ambjørndalen til med krøtterhandel. Han hamna dyra på Hardangervidda om sommaren, og selde på Kongsberg om hausten. Han låg med krøttera i Storheller, som var eit godt beite. Det vanlege var at dei bruka ni dagar frå Hjartdal til Storheller om våren, og 14 dagar attende om hausten. På heimturen beitte dei krøttera på vegen, så dei skulle vere i godt hold når dei skulle seljast om hausten.

Kjetil Kjetilson frå Lien i Svartdal f 1841 d 1904 var tenestegut på Ambjørndalen i mange år. Medan borna var små hadde dei jamvel to budeier på Ambjørndalen. I f.t. 1875 var det Helge Olsdtr. f 1888 og Anne Olsdtr. f 1849.

Halvor var eldste son. Han tok over Ambjørndalen og arvefestet på Smørbrek og Bakkemoen i Seljord. Han løyste inn garden for kr. 8 400, medrekna føderåd til foreldra à kr. 720 for året.

Halvor budde da på Nedre-To gnr. 3.3, som faren åtte.

XIII) Halvor Kristianson Ambjørndalen, eigar og brukar 1899-1931, f 1867 gm Bergit Torsdtr. Hovland f 1873 på Sisjord, voks opp på Nord-Hovland. Born: 1 Kristian f 1893 d s.å. på To. 2 Kristian f 1894 på Ambjørndalen. 3 Torgun f 1896 gm Kjetil Dale, Flatdal.

Halvor Ambjørndalen kjøpte plassen Brudalen frå garden Åse i Flatdal i 1904, og bruka den saman med Saten. Seinare selde han både Saten og Brudalen til Nils Kr. Valufsin, Dale.

Bergit og Halvor var dei siste i den gamle ætta som hadde Ambjørndalen. H. H. Sisjord: " Halvor K. Ambjørndalen var ein sogemann utanom det vanlege. Han visste ufatteleg mykje av soger og hendingar. Men han var vel ikkje den stabile arbeidskaren. Han lika betre å gå rundt og prate med folk."

I 1920-åra var det fleire utpantingar på garden, og i 1931 gjekk Ambjørndalen på auksjon. Etter to eigarskifte dei neste åra gjekk garden på tvangsauksjon.

Halvor O. Bergsland, "Skulehusen" dei kalla, fekk tilslaget etter auksjonen i 1931. Hans einearving var Mathias Olsen. Mathias selde Ambjørndalen til Olaf T. Dybdal i 1933.

XIV) Olav T. Dybdal, gardbrukar, eigar 1933-41, f 1874 d 1954 gm Helga Kjetilsdtr. Haugan f 1877 d 1941. Born: Olav f 1898. 2 Kjetil f 1901. 3 Helga f 1904, sjå XVI). 4 Jon f 1907. 5 Karl f 1909, sjå XV). 6 Ingebjørg f 1917. Sjå elles bd. III B, Fossjordet s. 141.

Ambjørndalen blei bruka ved sia av Dalen og Fossjordet i Gvammen.

Olav overlet garden til sønene Olav og Karl Dybdal i 1941. Karl Dybdal var einaste eigar av Ambjørndalen frå 1944.

XV) Karl O. Dybdal, gadbrukar, eigar 1941-54, f 1909 d 1996 gm Gunhild Gøystdal, lærar frå Atrå, Tinn. Born: 1 Ragnar Olav f 1948, sjå XVII). 2 Birgit Hildegun f 1950, sjå XVII a).

Karl O. Dybdal meldte seg til vinterkrigen i Finnland og deltok der.

Han og familien flytta til Tinn i 1949, der han åtte og bruka garden Mårem. Karl Dybdal forpakta bort Ambjørndalen i fleire år.

I 1954 selde Karl Ambjørndalen til systera Helga Dybedal. Ho var forpaktar nokre år, før ho kjøpte garden. Helga kjøpte Ambjørndalen for kr 21 000, av dette reiskap for kr 2 500.

XVI) Helga Dybedal, eigar 1954-86, brukar frå ca. 1950, f 1904 d 1985 ugift.

Tidlegare i livet var Helga Dybedal ute og tente. Ho var m.a. hushjelp hjå ein familie i Oslo i mange år, før ho flytta heim til Hjartdal og starta med gardsdrift. Helga slutta med dyr tidleg i 1960-åra. Seinare leigde ho bort jordvegen. I fleire år hadde ho dyr i leige om sommaren.

I 1986 fekk Norsk Forening til Kreftens Bekjempelse, ved testamente, arve Ambjørn-dalen. Same år tok Ragnar Olav Dybdal og Bergit Dybdal over garden for kr 30.000. Dei er borna til den førre eigaren, sjå XV).

XVII) Ragnar Olav Dybdal, eigar 1986-90, f 1948.

XVIIa) Birgit Hildegunn Dybdal, eigar 1986-90, f 1950.

Dei to leigde bort jordvegen på Ambjørn-dalen til slått og beite. I 1990 selde dei garden til Gudbjørg og Olav Dybedal, Dalen i Gvammen.

XVIII) Olav Dybedal, eigar frå 1990, f 1932 gm Gudbjørg Åse Dybedal f 1939. Born, sjå Dalen i Gvammen.

Samla jordbruksareal i 1939 var 82,5 dekar, av dette 15 dekar åker: 7 dekar kveite, 4 dekar bygg, 2 dekar havre og 2 dekar poteter.

Ikkje nemnt i 1965/71.

1985: 47 dekar dyrka, 1 dekar overflate-dyrka, og 381 dekar produktiv skog.

 

 

Ambjørndalen, Vellufsin gnr. 1.2

Bruksnamnet er Vellufsin

I 1706 stemna Kristoffer Ambjørndalen broren Tor for retten. Kristoffer meinte han hadde retten til "stulen" Vellufsin, for da Tor løyste inn Ambjørndalen, gav han berre 31 rd. for garden, sjølv om den var meir verdt. Brørne blei forlikte om at Kristoffer skulle ha " stulen", men ikkje rett til sjølve garden.

Det er uvisst om Kristoffer sjølv budde på Vellufsin, men det var i alle høve Kristoffer og huslyden hans som rudde og bruka plassen.

1) Kristoffer Johannesson Ambjørndalen, eigar 1706-1734, f år ukjend d 1739 på Bratsberg gIg m Bergit f ca. 1643 d 1710 her. GIIg 1711 m Ingebjørg Knutsdtr. d 1747 på Bratsberg. Born, sjå Bratsberg.

Da Kristoffer kravde retten til Vellufsin i 1706, var området kalla stule. I 1723 heitte det " plassen" Vellufsin, og dei sådde 1 kvartel bygg der.

Kristoffer og familien flytta snart til garden Bratsberg, sjå der. Dei har truleg onna Vellufsin frå Nordbygda eller leigd bort jordvegen.

1a) Såmund Bjørgulvson gm Margit Olsdtr. fekk dtr. Aslaug i Vellufsin i 1749. Sjå elles Bråten u/To.

Det kan hende at avtala om eigedomstilhøva varte så lenge dei to brørne levde. Men seinast tidleg i 1740-åra åtte bonden på Ambjørndalen også Vellufsin.

Tor Ambjørndalen hadde tre søner, og minst to av dei bruka på Vellufsin.

2) Johannes Torson, budde og bruka på Vellufsin ei tid, før han og huslyden kjøpte Gutehus og flutte dit. Sjå Ambjørndalen og Uppi-Gutehus.

Seinare fekk broren Kjetil ta over Vellufsin.

3) Kjetil Torson Ambjørndalen /Vellufsin, brukar seinast frå 1749, eigar frå 1781, f 1719 på Ambjørndalen d 1814 her g 1749 m Margit Jespersdtr. Hykkerud f 1724 på Hykkerud d 1806 her. Born: 1 Helge f 1750 her d 1804 i Moldbakken g 1780 m Hans Halvorson Moldbakken, dei fekk Halvor f 1780 her. 2 Ingebjørg f 1751 d 1773 ugift. 3 Tor f 1754, sjå 4). 4 Gunhild f 1757 d 1769 her. 5 Anne f 1760 g 1782 m Johs. Anundson Ramberg. 6 Johannes f 1764 d 1830 her. Johannes var ugift.

Vellufsin blei sjølveige i 1781. Eigedomen blei skyldsett til 3 setting, eller 1/4 tunne. Salssummen blei sett til 99 rd.

Same året fekk Kjetil Torson skøyte på Vellufsin frå broren Johannes, "... hvilket salg han declarerer er skeed for 30 aar siden."

I 1782 fekk sonen Tor ta over Vellufsin for den same prisen.

4) Tor Kjetilson Vellufsin, eigar 1782-1793, f 1754 d 1824 på Bekkhus g 1787 m enkja Gunvor Sørensdtr. Hovland f 1743 på Sud-Gjuv d 1839 på Bekkhus. Gunvor sat enkje på Nord-Hovland da ho gifta seg med Tor. Ho hadde ni born i første ekteskap. Sjå Nord-Hovland. Ekteskapet til Tor og Gunvor var barnlaust.

Gunvor og Tor flutte til Bekkhus og bruka der, seinast frå 1802. Sjå Bekkhus. " Han var so fæl til å drikke, den Torèn, det gjeng segner om det enno. Kjerringa var stor og sterk. Ho gjekk inn skulle koke dugurdsgraut, men det vart noko seint ho ropa. Da dei kom inn låg barnet i eit trog og kona i senga. Men grauten var koka. "Det er seint de` fær dugurd idag, " sa ho berre. Denne hendinga må ha gått føre seg på Hovland. Gunvor og Tor hadde ikkje born saman.

Om Tor er det sagt at han kunne stanse varme. Jfr. Tor Øverbø i Sauland. Dei to er venteleg blitt blanda ihop. Same soga går om båe. Også Tor Vellufsin låg full i tunet og ein kom springande heim og skreik at det var skogvarme i Brendehov ! ved Vale. " Han brydde seg ikkje stort om det, og det var `kje lenge før han snudde seg på andre sida og sov. Men varmen slokna".

Tor åtte Vellufsin til 1793. Da selde han til Johannes H. Ambjørndalen for 255 rd.

5) Johannes Halvorson Ambjørndalen, eigar 1792-1822.

Truleg sat ikkje Johannes her sjølv. Brukar til 1802 var Kjetil Torson, som fekk føderåd på Vellufsin i 1806.

I 1822 selde Johannes til brorsonen sin, Johannes Kristianson Ambjørndalen. Han fekk ta over Vellufsin for 200 spd.

6) Johannes Kristianson Ambjørndalen, eigar og brukar 1822-42, f 1799 på Ambjørndalen d i Wisconsin g 1824 m Mari Jonsdtr. Bollås f 1802 på Øvre Bollås d i Wisconsin. Born: 1 Kristian f 1824 d s.å. 2 Kristian f 1825. 3 Ei jente d 1728. 4 Ingebjørg f 1834. Mari fødde fleire born etter kyrkjeboka, men dei er ikkje nemnde med årstal eller kjønn.

Frå 1819 hadde Johannes også feste på levetid på plassen Saten, sjå der.

I 1842 selde Johannes den vesle jordvegen til Grimar Olson, Nedre-To, mot at Grimar betalde gjelda til Johannes. Gjelda var på 200 spd. Det er rimeleg å tru at delar av denne summen gjekk med til å betale bilettar til Amerika. Same år reiste Mari og Johannes med dei to borna som da levde til Statane. Dei blei farmarar i Waukesha county, Wisconsin. Lisbet Olsdtr., kona til Johannes H. Ambjørndalen, skulle ha bruksretten til Vellufsin si brukartid. Lisbet døydde i 1851.

7) Grimar Olson Tho, eigar og brukar 1842-50, g 1838 m Mari Kristiansdtr. Ambjørndalen f 1807. Born, sjå Nedre To.

Mari og Grimar tok over Nedre-To i 1847, og budde der seinare. I 1850 selde Mari og Grimar Vellufsin til Anne Olsdtr.

8) Anne Olsdtr., eigar og brukar 1850-63, frå To?? gm Knut Halvorson Minnesjord, Seljord. Born f på Vellufsin: 1 Halvor f 1852. 2 Liv f 1857. 3 Anne f 1862.

Knut Halvorson selde Vellufsin til Kristian Jonson Åsen i 1863. Knut og huslyden hans reiste til Amerika i 1865.

Kristian Åsen og kona Anne busette seg på Vellufsin.

9) Kristian Jonson Valufsin, eigar og brukar 1864-1873/89, f 1834 i Åsen u/Åbø d 1873 her g 1863 m Anne Torbjørnsdtr. Bollås f 1838 i Nedre Bollås d 1883. Born: 1 John f 1863 i Åsen d 1864. 2 Anne f 1864, sjå 10). 3 John f 1869 d 1886. 4 Mari f 1871, reiste til Amerika. 5 Ingebjørg f 1873 d 1917 gm Aslak Brekke, Øyfjell. Anne hadde også 6 Kristian f 1879 d 1958, far Olav Arneson Aakre, Svartdal. Olav Aakre var enkjemann etter Aslaug Jonsdtr. Åsen, syster til Kristian Jonson Valufsin. Om Kristian O. Valufsin, sjå elles u/10.

Kristian Valufsin døydde berre 39 år gamal og Anne blei heller ikkje gamal, 45 år. Anne, den eldste av ungane, var 19 år da mora døydde, og veslebror Kristian var berre fire år gamal.

Dei første åra blei garden sett bort til brukarar.

Dei heldt skifteregistrering etter Anne Torbjørnsdtr. Valufsin i mai 1884. Alle borna var umyndige, og dei hadde fått oppnemnt Kjetil K. Gutehus som tilsynsverje eller formyndar i januar same år. Kristian, halvbroren, fekk eigan verje. Ved registreringa på Vellufsin skulle verja møte for dei. Men der møtte andre, nyleg oppnemnde verjer. Det var Lars G. Egderud for John og Tarjer O. Aabø for dei tre systrene, forutan Gjermund K. Gutehus for Kristian.

Kort tid før Anne døydde, hadde ho med vitne til stades gjeve lausøyren på garden til borna sine. Etter registreringa skreiv lensmann Kleppen særskilt til sorenskrivaren og bad om at borna fekk behalde lausøyren.

Lausøyren i buet blei taksert til kr. 449,75. Noko seinare blei alt laust seld på auksjon, "... efter Overlæg med lensmanden."

Den yngste sonen Kristian hadde fått skøyte på gardparten Dalen i Svartdal av Aslak Olson Dalen. Formyndarane var samde om at Kristian hadde fått skøyte, og at " kjøpesummen ... maa antages for rimelig og passende." Denne eigedomen blei det ikkje meir tale om. Kristian fekk korkje gardluten eller inntektene av han.

Buet hadde ein pantobligasjon i garden Finnsekre i Kyrkjebygda på 59 spd. Ingen av formyndarane visste kor mykje renter av dette pantet buet hadde krav på. Han som sat med gjelda kunne - sjølvsagt - ikkje hugse når han sist betalte renter. Skifteforvaltaren "antok" difor at der ikkje var betalt renter for det siste året, og let det vere med det.

Av ulike grunnar blei det endelege skiftet utsett til 1889. I mellomtida var den eldste sonen død. Garden Vellufsin blei henda over til sonen John ved skøyte i 1883, rett før mora døydde. Løysingssummen var kr 800. Garden blei taksert til kr. 1 000 ved skiftet i 1889, og dottera Anne Kristiansdtr. kjøpte garden for takst.

Forvaltar Lars G. Egderud hadde ført rekneskap over buet. Utlegg og inntekter syner glimt av kvardagen til dei etterlatne borna og barndomsheimen deira. Buet hadde ein konto i Seljord sparebank. Det er nærliggjande å tru at desse pengane skreiv seg frå gardluten Dalen, som i røynda var Kristian Valufsins eigedom. Ein del av kontoen blei bruka til å leige bort Ingebjørg, den yngste av jentene. Dei to eldste hadde krav i buet, og har venteleg hatt arbeid på heimegarden. Sonen John var også heime, i alle fall den siste tida han levde. Da låg han i kammerset på Vellufsin, som forpaktaren sette i stand til den sjuke. Gjermund Sviving hadde John i forpleiing, køyrde han til doktor i Seljord, og henta dr. Andersen i Sauland heim til Vellufsin. Da ungguten var død, snekra Gjermund kista hans. John fekk seks alen med shirting, d.e. skjortelerret, til likklede.

Folketeljinga i 1891 viser at den yngste av borna, Kristian Olson Valufsin, budde i plassen Skogen. Seinare i livet budde han på Dale hjå systersonen, og hadde bustad i eldhuset der.

H.H.S.: " Kristian Valufsin dreiv med ymse handverk: Han var laggar, og mellom anna var han ein av dei siste, kanskje den aller siste som laga skrinder. Materialene var slanke fine hasselrønningar som vart kløyvde etter margen og smøygde mellom oppståande bjørkeviur som var feste i botnen på det som skulle bli skrinde. Ein finurleg teknikk. Ei godt laga skrinde var beint fram ein fin ting, og brukeleg til mangt. Vinterhalvåret, eller så lenge buskapen blei fora inne, var skrinda i bruk dagstøtt. Løa og fjøset sto frå gamalt av helst eit stykke frå kvarandre. Kvar ku fekk sin høydott etter som dei var unge eller gamle, gode eller ikkje så gode til å mjølke. Dottane vart fint "vandla og lagde i skrinda på ein slik måte at budeia kjende dei att. Skrinda vart så boren på ryggen frå løa og inn i fjøset. Så og seie ikkje eit einaste strå gjekk til spille."

Før den eldste dottera Anne kunne ta over garden, hadde dei paktar på Vellufsin. Ingebjørg og Gjermund hadde bruka Sviving i Lonargrenda i mange år før dei kom til Vellufsin. Gjermund var snikkar og tømrar.

9a) Gjermund Olson Sviving, brukar frå 1884 til 1890-åra, f 1830 gm Ingebjørg Torbjørnsdtr. f 1830. Born, sjå Sviving, bd. II, Sauland. Dei hadde m.a. dtr. Anne f.å. ukjend, og ho hadde dtr. Svanaug f 1886, far Ola Sørenson Midtbø, Seljord. Anne og dotter hennar budde på Vellufsin. 2 Ola d.y. f 1872 gm Ingebjørg Blengsdalen, kom til Aust Brekka, Flatdal. Ein son Kristian skreiv seg seinare for Mjelland og fekk ei talrik ætt etter seg. Sjå Mjelland, bd. II.

Rekneskapen frå Ingebjørg og Gjermund si tid, viser at Gjermund gjorde omfattande utbetringar på husa på garden. Han bygde på løa, og la nytt tak på stova, fjøset og loftet. Han stelte til kammerset. Elles dreiv han i skogen ved sida av det vanlege gardsarbeidet.

Anne Valufsin tok over eigedomen.

10) Anne Kristiansdtr. Valufsin, eigar frå 1889, brukar frå 1890-åra, f 1864 d 1940 her gm Nils Kjetilson Dale f 1853 på Dale i Seljord d 1923. Born: Tvillingane 1 Gunhild f 1893 d s.å. og 2 Kjetil f 1893 sjå 11 a). 3 Kristian f 1895, sjå 11). 4 Jon f 1897, sjå Dale gnr. 1.3.

Nils Dale Valufsin gjekk lærarskulen i Kviteseid, tok eksamen i 1873, og var lærar i Svartdal og Langlim 1874-92. Han slutta som lærar da han gifta seg, og blei gardbrukar. Nils var sjukleg i lang tid. I mange år kom han seg ikkje utanfor garden. Storparten av gardsarbeidet fall på Anne. Her var veglaust og tungt å drive.

Anne selde unna eigedomen Saten til bureising for sonen Jon. Dei andre gutane blei verande heime. Dei tok over Vellufsin. Kjetil og Kristian hadde ikkje livsarvingar, og da Kristian døydde i 1959 tok John over barndomsheimen, som han bruka saman med Dale. Sjå Dale. Saten gnr. 1.3 blei utskilt frå Vellufsin i 1934.

Kristian og Kjetil dreiv garden i lag med mor si. Dei hadde krøter til om lag 1940. Seinare har jordvegen vore bruka til beite. Jon var tømrar og mykje ute på arbeid.

Da Anne Valufsin døydde, arva sønene eigedomen. Kjetil og Jon overgav sine partar til broren Kristian, som var eineeigar frå 1941.

11) Kristian N. Valufsin, gardbrukar, eigar 1941-59, f 1895 d 1958. Kristian var ugift. Han bruka Vellufsin i lag med broren Kjetil.

11a) Kjetil N. Valufsin, medbrukar på Vellufsin, f 1893 d 1969. Da Kjetil blei gamal, skreiv han ned minna sine frå eit langt liv.

Dei to brørne budde i saman til 1958. Dei var dei siste fastbuande på Vellufsin. Broren Jon tok over eigedomen i 1959. Sjå Dale.

12) Jon Nilsen Dale, eigar og brukar 1959-88. Sjå Dale.

I 1989 fekk Inger Marie Dale Lewis ta over husa på Vellufsin til feriebustad.

13) Inger Marie Dale Lewis, eigar av bustadhusa på Vellufsin frå 1989, f 1945 gm Michael John Lewis. Born: Irene f 1975. John f 1976.

Samla jordbruksareal i 1939 var 29,7 dekar, av dette 2 mål åker: 1 dekar bygg og 1 dekar poteter.

Ikkje nemnt i 1965/71.

1985: 5 dekar dyrka, 9 dekar overflatedyrka, og 125 dekar produktiv skog.

 

 

Ambjørndalen, Dale gnr. 1.3

Bruksnamnet er Dale.

Det tidlegare bruksnamnet var Satin.

Satin var tidlegare plass. Satin er fleirtal av Saten, og det var tre Satenplassar i området. Den eine ligg i Flatdal. Den nørdre plassen låg til Vellufsin, og den søre plassen til Lislero.

Saten, seinare Dale, blei utskilt frå Vellufsin i 1934. Namnet Saten blei offisielt endra til Dale i 1943. Saten u/Vellufsin låg ved Brudalsbru, i dalbotnen.

Jon N. Valufsin Dale tok over Dale til bureisingsbruk. Der sto eit fjos frå tidlegare. Jon N. Dale bygde nytt våningshus, uthus og eldhus i etableringsåra på Dale. Eldhuset blei verkstad og bustadhus for morbroren Kristian O. Valufsin. Loftet blei flytta frå Vellufsin ned til Dale i 1966.

1) Jon Nilsen Dale, eigar 1935-1988, f 1897 d 1991 gm Inga Haugsvold f 1907 i Svartdal. Born: 1 Anne Karin f 1940 gm Halvor Funner, sjå Øvre Funner i Gvammen, Hjartdal. 2 Kari Hjørdis f 1942, sjå 2). 3 Inger Marie f 1945, sjå Vellufsin.

Jon kjøpte Saten, nåverande Dale i 1935. Han bruka også Brudalen og Sverje, som han kjøpte av Halvor Ambjørndalen. Desse eigedomane, ei slåtte og litt skog, låg opphavleg til Åse, Svartdal i Seljord kommune.

Jon N. Dale tok over barndomsheimen Vellufsin i 1959, og bruka både Vellufsin og Dale seinare. Familien budde på Dale.

Inga og Jon Dale hadde mjølkekyr til om lag 1970. Seinare har jordvegen vore bruka til beite, eller dei har slege og selt graset. Der var skog til husbruk.

I 1990 flutte Inga og Jon til dottera Anne Karin Funner i Gvammen, Hjartdal.

Jon Nilsen Dale var flink handverkar. Han var tømmermann, og særleg god laftehoggar.

Halvor H. Sisjord: "Jon Dale (Valufsin) sette opp første tømmerhuset berre 16 år gammal. Han blei etter kvart ein framifrå god tømmermann. Ein gong var han med og restaurerte eit svært gammalt tømmerhus. Riksantikvaren som hadde ansvaret for arbeidet sa etterpå at Jon var ein av dei beste tømmermenn han hadde sett.

Jon Dale var og snekker og laggar. På sine gamle dagar laga han svært fine grautespann."

I 1988 fekk Kari Hjørdis Dale Fløtre skøyte på både Vellufsin og Dale av foreldra.

Ambjørndalen har vore eit fråflyttingssamfunn i mange tiår. Etter Inga og Jon si tid blei Dale og Vellufsin feriebustader.

2) Kari Hjørdis Dale Fløtre, eigar frå 1988, f 1942 på Dale gm Erling Fløtre, frå Sand i Ryfylke. Born: 1 Borghild f 1968. 2 Ingunn f 1969. 3 Kristin f 1973. 4 Jon f 1978.

Familien brukar Dale som feriebustad.

I 1989 fekk Brit Merete Funner, Øvre Funner i Gvammen, skøyte på Brudalen. Same år fekk Inger Marie Dale Lewis skøyte på husa på Vellufsin, sjå der.

Samla jordbruksareal i 1939 var 15,1 dekar, av dette 5,1 mål åker: 0,8 dekar kveite, 1 dekar bygg, 3 dekar grønfor og 0,3 dekar poteter.

Samla jordbruksareal på Vellufsin, sjå der.

 

 

Lislero u/Ambjørndalen

Lislero var arvefeste under Ambjørndalen. Plassen ligg oppi åssida, ikkje langt frå Vellufsin.

Dei første namngjevne folka i plassen var Gunhild og Ola.

1) Ola Kristianson, alder ukjend gm Gunhild Kjetilsdtr. Born: 1 Kristian f 1842 d 1845. 2 Kjetil f 1844.

Dei neste i plassen heitte Kjetil og Anne.

2) Kjetil Olson, gm Anne Halvorsdtr. Dei fekk dtr. Anne i Lislero i 1854.

Same år fekk Halvor Halvorson gm Hege Torkelsdtr. sonen Steinulv. Etter namna å døme har dei knapt vore hjartdølar.

Så kom der nye folk:

3) Halvor Halvorson Ambjørndalen, f 1831 g 1870 m Aslaug Olsdtr. Risvold f 1843 på Sud-Risvoll. Born: 1 Halvor f 1871, sjå 4). 2 Ola f 1873, kjøpte garden Blika i Svartdal. 3 Liv f 1874. Ho var ugift, og budde mykje på Blika. 4 Anne f 1877. Også ho var ugift, og var mykje hjå broren på Blika. 5 Ragnhild f 1879, reiste til Amerika.

Bror til Halvor, Ola, budde og i Lislero ei tid. Seinare flytta han til søndre Satin, sjå der. Halvor fekk arvefeste på Lislero i 1864 frå broren Kristian.

Tov Reisjaa skriv om Halvor Lislero: Han var "... vel den beste husmann i prestegjeldet. Han åtte jordvegen og stelde opp hus so det var eit mynster."

I 1903 fekk Halvor jamvel arvefeste på Saten som broren hadde. Sonen hans, Halvor, tok straks over båe eigedomane.

4) Halvor Halvorson Lislero, småbrukar, eigar frå 1903, f 1871 gm Liv Risvold f 1871 på Sud-Risvoll. Born: 1 Halvor f 1904, ugift, sjå 5). 2 Ola d ung. 3 Aslaug d ung. 4 Kristian f 1911 ugift, sjå 6).

H.H.S.: "Halvor Lislero var handig, mellom anna skimakar. Og sonen Kristian synte tidleg fram gode evner som finsnekker. Ein som såg eit skåp han hadde laga gav han denne attesten: "Det va` reine felearbeie`." Alt i ung alder fekk Kristian psykiske plager som gjorde han arbeidsufør livet ut.

I 1942 fekk Halvor H. Lislero skøyte på Lislero og Satin etter foreldra.

5) Halvor H. Lislero, småbrukar, eigar 1942-70, f 1904 her. Halvor var ugift. Han bruka jordvegen saman med broren, som tok over eigedomen etter han.

6) Kristian H. Lislero, eigar 1970-83, f 1911 ugift.

Kristian budde på institusjon. Lislero var lenge utan folk.

Løa o.a. blei leigd bort i mange år.

Gunhild og Olav Dølen kjøpte Lislero i 1983.

7) Olav A. Dølen, eigar frå 1983, f 1931 på Dølen i Gvammen, Hjartdal gm Gunhild T. Mæland f 1940 på Mæland i Hjartdal. Born, sjå Dølen, bd. III B.

Gunhild og Olav Dølen har restaurert husa på Lislero. Tunstaden med dei gamle tømrene ligg intakt i kulturlandskapet. Jordvegen blir bruka som slåtte til Dølen.

I 1939 var det 25 dekar jordbruksareal på Lislero, av dette 5 dekar åker: 1 dekar kveite, 3 dekar bygg og 1 dekar poteter.

 

 

Ospelon plass u/Ambjørndalen

Ospelon låg ned for urene og ufsehenget ovanfor Ambjørndalen. Der var bratt og turrlendt.

Ospelon var bustad dei første tiåra av 1800-talet. Der er ikkje att hus.

Kjetil og Anne budde i Ospelon frå om lag 1809.

1) Kjetil Halvorson Ambjørndalen, brukar ca. 1809-20, f 1783 på Ambjørndalen d 1876 i Bråten g 1809 m Anne Olsdtr. Gutehus f 1783 i Kåsa u/Nordbø d 1858 i Bråten. Born, sjå Bråten.

Huslyden flutte til Bråten u/To etter nokre år i Ospelon.

Seinast i 1835 budde ein ny familie i Ospelon.

2) Jon Johannesson gm Anne Anundsdtr.

Born, sjå Saten.

Dei flutte til ein av Satenplassane etter kort tid.

 

 

Saten u/Ambjørndalen

Det er uvisst kor lenge det budde folk i Saten. Ei tid var det tre Satinplassar. Namnet kjem frå Sate, lita flate i fjellet, og har vel først vore bruka til slåtte.

1) Jon Johannesson Flatland "Store-Jon" f 1808 d 1849 g 1833 m Anne Anundsdtr. Tho f 1809 på Nord-To d 1846 på Hauganmoen, sjå der. Jon gIIg m Ragnhild Hansdtr. Born: 1 Aslaug f 1833, til Amerika. 2 Johannes f 1835 i Ospelon, til Amerika. Han var med i borgarkrigen i Amerika, og sette livet til. 3 Mari f 1836 i Saten d 1927 i Iowa. Ho reiste til Amerika i 1853, truleg saman med broren og slektningar frå Flatland. I emigrasjons-protokollen skreiv ho seg for Mari Tho. Ho kom til St. Ansgar, Iowa, og der møtte ho mannen sin, Levor Levordson Rueslåtta frå Hol i Hallingdal. Dei kjøpte land, og fekk seg ein farm i Worth county, Bristol township, Iowa. Dei kalla farmen for Mariland etter Mari. På farmen har dei stelt til eit familiemuseum. Mari og Levor fekk ein stor ungeflokk, og etter-komarar har vore attende til Hjartdal. Born: Mina Katrine, Lotta, Oscar, Albin John, Paul Edvin, Paul Gerhard, Martha Caspara, Herman, Johannes, Nora Henrietta og Ingvald Laurits.

Foreldra til Mari flutte til Hauganmoen, Flatland, der dei var leigebuarar hjå foreldra til Jon. Dei døydde tidleg, og ho og syskena budde hjå ein slektning på Flatland til dei reiste til Amerika.

Dei neste registrerte i Saten var Ola og Gunhild.

2) Ola Olson gm Gunhild Halvorsdtr. fekk dtr. Ragnhild f 1836 i Saten.

I den andre Satenplassen på Hjartdalssida av Ambjørndalen budde desse folka:

1) Ola Olsson f ca. 1758 d 1810 i Saten gm Svanaug Roleivsdtr.. Det er uvisst om dei hadde born saman.

I f.t. 1801 hadde dei leigebuarar i Saten. Det var Helge Tovsdtr. f 1741 og Halvor Johannesson f 1780.

Mari Torbjørnsdtr. kom til verda i Saten i 1854, d 1857 s.st.

2) Johannes Kristianson Ambjørndalen g 1824 m Mari Jonsdtr. Bollås. Born, sjå Vellufsin.

I 1819 fekk Johannes Kristianson og kona Mari feste på Saten frå Halvor Ambjørndalen. Dei fekk også feste på slåtta Svartestul. Båe festa blei inndregne i 1837. Familien reiste til Amerika.

Nokre år seinare kom snikkaren Ola Halvorson og familie til å bu i Saten ei tid.

3) Ola Halvorson Ambjørndalen f 1834 på Ambjørndalen g 1874 m Ingebjørg Knutsdtr. Moland f 1847 i Seljord. Born: 1 Liv f 1878 i Saten. Ho tok seinare over garden Nord-Åbø. Sjå Åbø.

Ola budde også ei tid hjå broren i Lislero.

Ola fekk arvefeste på Satin i 1864. I 1879 kjøpte han og Ingebjørg garden Åbø, og flutte dit. Sjå Nord-Åbø.

I 1903 selde Ola Halvorson, nå Åbø, arvefestet Saten til broren Halvor Lislero for kr 600. Halvor selde straks til sonen Halvor, som fekk arvefeste på Lislero ved same høvet, mot føderåd til foreldra.

Andre som budde i Saten, uvisst kven av plassane:

Søren Hansson Saten, f 1802 gm Ragnhild Torjusdtr. f 1790. Born: 1 Jon f 1833. 2 Mari f 1835. 3 Ingebjørg f 1837. 4 Torjus f 1840.

Huslyden reiste til Amerika i 1853.

 

 

Matrikkelgarden To øvre med Bollås gnr. 2.

Øvre To ytte kongsskatt, men ikkje biskops- og Olavsskatt i 1585/86. Øvre To var fullgard i 1593 og seinare. I 1647 var landskylda på 4 tn korn, og garden skatta 6 dlr. eller full skatt. I 1802 blei skylda sett ned med 2 lispund. Til 1802 var matr.nr. 1. I 1838 var matr.nr. 2, løpenr. 3-5. Gardsnr. i 1886 var 2, bruksnr. 1-3. Skylda i 1802 var 4 dlr. 24 sk., ny skyld i 1838 var 6 dlr. 4 ort 13 sk., revidert til 10,22 skyldmark i 1886.

Etter skattekommisjonen av 1661 låg det ingen herlegdomar til garden. I 1723 var jordvegen, som var mold- og sandjord i solli, tung å vinne. Jordvegen var også tung å vinne i 1802, - brattlendt og med mykje stein, "...alminnelig for de fleste Gaarde i dette Sogn." I 1830-åra var Øvre To blant dei gode gardane i soknet.

Alle bruka hadde gronæm jord og var godt dyrka i 1845. I 1864 var delar av garden tungbrukt, men med djup og god jord. Bollås var frostlendt, med kald jordbotn. På heile Øvre To rekna dei med 20 mål åker, 34 mål dyrka eng og 174 mål naturleg eng. Der var ikkje att nemnande jord til nydyrking.

Det var skog til ved og til vøling av husa i 1723, og "god skog" i 1845. Ingen av bruka hadde skog for sal i 1864, men der var nok skog til eige bruk.

I 1723 hadde Øvre To nok fjellbeite og 2 slåttestular. I 1864 rekna garden med 47 mål fjellslått, som låg 1/2 mil og 1 mils veg frå garden. Der var nok fjellbeite. Brukarane nytta lauvskogen i heimemarka til attåtfòring.

Eigarar

Øvre To er gamalt bondegods. I 1672 svarte garden 2 kalvskinn laus landskyld til Kongen. Eigarar av laus landskyld hadde ikkje råderett over nokon del av eigedomen, den virka meir som eit hefte på garden. Få år seinare hadde byborgaren Brochenhuus overteke dette heftet, som med Nedre To. I den same perioden blei halve garden utlagt til byborgarar, grunna særskilde omstende på Øvre-To. Sjå brukarar.

Brukarar

Øvre To

" I frå 1597 og fram gjenom tidene er det same ætta på To. ... Grenni er som ei vogge for ein flokk, sigande ut til alle kantar. Namnet gjeng att. Mange av dei som bar det hev vore av dei gjævaste i bygdi, og langt vidare," skreiv Tov Reisjaa.

Dei skriftlege kjeldene gir ein glytt frå 1500-talet. Diverre har kjeldene verna ugjerningane betre enn alle dagars jamne slit.

I) Steinar Torgeirson Tho, åtte og bruka Øvre To frå om lag 1550. Han var gift, men namnet til kona er ukjend. Dei hadde sonen Torgeir som tok over garden, og ei dotter som var gift med Olav Levordson.

II) Torgeir Steinarson Tho, eigar og brukar siste del av 1500-talet gm Ragnhild Tovsdtr. d 1599/1600. Ragnhild gIIg m Olav Håtveit. Borna til Torgeir og Ragnhild: 1 Åshild, sjå III).

I 1571 møtte ein Gregar Mælum og Elling Kvam på rådstugo i Skien. Dei krangla om ein lut av Skeie, som Gregar hadde fenge i pant av Torgeir Steinarson Tho. Motparten hevda at han hadde gjort makeskifte med Steinar, far til Torgeir, men Elling var ikkje nøgd med dette. Venteleg var denne saka grunnen til at Steinar Tho hadde vore stemna av same Elling i 1562. Den gongen klaga Elling over nokre arvelutar som Steinar og Roar Lofthus sat med, og som han meinte han hadde rett til. Den saka blei ikkje fremja av formelle grunnar, for Steinar og Roar fekk lyst stemninga for seint etter lova.

Det er ikkje beint å finne ut av eigedomssaker med berre delar av den å rette seg etter. Men det syner at bonden på To hadde fleire eigedomar enn odelsgarden, og han handla gardar med dei gjevaste i bygda og med folk utanfrå.

I 1600 arva Åshild mor si, Ragnhild Tovsdtr. Forutan lausøyren som arvingane hadde bytt seg imellom på førehand, fekk Åshild halve Nedre Håtveit, d.e. jord til 1 tunne skyld. Dette var benkegåve frå far hennar da Åshild gifta seg. Likeins fekk ho inntektene av nok ei tunne jord som var arv etter bestefaren, Steinar Torgeirson. Sjå Håtveit.

Åshild og mannen hennar tok over Øvre To.

III) Åshild Torgeirsdtr. Tho, eigar og brukar ca. 1593-1630 gm Harald Tho. Born: 1 Steinar, sjå IV). Hadde Harald ætt ifrå Nordbø? Kan han ha vore lensmann ei tid lik etterkomaren på Nordbø og på To?

I 1603 åtte Harald Tho vel halve Øvre To, ein part i Midtbøen og 1/2 tn i Nordbø. Få år seinare, i 1611, åtte han 9 tn til saman, og det er mykje i Hjartdal på denne tida. Forutan 2 tn i To og i Håtveit, åtte han 1 tn i Nordbø, Midtbøen og Berge, og elles gardlutar i Seljord.

Harald kan ha arva eigedomane, men det er meir truleg at han har vore lensmann nokre år. Da auka som regel eigedomane raskt. Lensmannen kan ha lura til seg eigedomar, men oftare løyste han vel inn eigedomar før dei "kom på markedet".

Men eigedomane forsvann som dogg for sol den neste mannsalderen. Da ramma ulukka Øvre To etter ei alvorleg misgjerning.

IV) Steinar Haraldson Tho, brukar i 1631. Han var gift, men namnet til kona er ukjend. Born: 1 Gunleik gm Sigrid Berulvsdtr. eller Leidulvsdtr., til Bollås, sjå der. 2 Åshild gm Gunder Anundson Tho. 3 Kari gm Gunder Anundson Tho etter at systera var død, sjå V).

Steinar Tho fekk dødsstraff etter eit drap, og blei avretta med sverd. Ved same høvet tapte han all eigedom. For det første tapte han felags gods, her venteleg det han og kona hans åtte i saman, og så sitt " boeslod", det er heile sin eigedom. Dette var ei straff bruka for drap og andre alvorlege lovbrot. Men i høve til andre drap i Hjartdal frå same tid, verkar straffa av Steinar To uvanleg hard.

Dei første åra etterpå stend Steinar framleis i brukarrekkjene. Det er uvisst kven som bruka garden på 1630-talet.

Sonen Gunleik flytta til Bollås. Døtrene blei verande på To på grunn av giftarmål. I fleire år var det lensmannen, Claus, som både åtte og bruka Øvre To.

V) Claus Tho, eigar og brukar ca. 1640-68. Han var gift, men konas namn er ukjend. Claus er truleg den same som skreiv seg for Mæland, og var lensmann. Det uvanlege namnet tyder på at han var innflyttar i Hjartdal.

I 1647 åtte Claus meir enn halve Øvre To, og bruka garden. Ein Bjørn Levorson på Strand åtte resten av garden.

Seinast frå 1672 bruka døtrene til Steinar garden.

VI) Åshild Steinarsdtr. Tho f.år ukjend gm Gunder Anundson Tho, brukar ca. 1664-97. Gunder GIIg m systera Kari Steinarsdtr. Tho. Born i første ekteskap: 1 Harald g til Øverbø i Åmotsdal. Heitte kona Ingebjørg Ellingsdtr.? Dei hadde borna Elling og Åshild. 2 Tomas gm Margit Jonsdtr. Særsland, fekk Nord-To. Born i andre ekteskap: 3 Åshild f 1689.

Gunder blei også drapsmann. I 1647 møtte Gunder Anundson i lagretten i Skien etter drapet på Torgeir Gunderson Barstad to år tidlegare. Dei to var gamle uvener. Ved eit tidlegare hende hadde Gunder skamfert ein av fingrane til Torgeir. Drapsdagen kom Torgeir til Kvistestul "Quistestøel" og kravde øl for fingeren. Gunder svara at han skulle få øl så lenge det rann frå tunna, men for skaden hadde han betalt før. Så var krangelen i gang. Gunder drog seg unna, men dei to treftest att på Dyrland. Torgeir sa at anten skulle han drepe Gunder eller Gunder drepe han før kvelden var til ende. Medan dei slost med kniv i stugo, fekk Torgeir banesåret.

Frå 1649 ligg det føre thegn og fredkjøp, " etter dommens Indhold, " det vil seie at Gunder hadde betalt ei bot for drapet, og såleis gjort opp for seg. Tegngjeld var mykje bruka i gamalnorsk rett. Det er stor skilnad på straffeutmålinga til dei to drapsmennene på To. Det må ha vore spesielle, skjerpende omstende kring drapet i 1631.

Vanskane til Gunder var ikkje over med dette. Den gamle To-ætta som sat på Bollås ville ha garden attende, og ufreden dei to ættegreinene imellom kom til å vare i fleire ættleder.

Seinast frå 1673 hadde Gunder pant i halve garden. Han hadde elles hjelpt Gunleik på fote på Bollås med ein fin liten buskap. Han hadde fått to vårbære og to haustbære kyr, 13 tunner korn, sju alen vadmål og 1 par gode sko til ein ny start på Bollås. Gunder hadde jamvel betalt utgiftene til skrivaren, Christian Rock, på 7 1/2 dlr.

Gunleik Bollås hadde lova at om han skulle selje garden, "blifr til sindz at afhende same godz", så skulle verbroren få førsterett til å kjøpe garden. Likevel selde Gunleik til byborgaren Peder Nilsson, Skien. Peder ville innfri pantet som Gunder hadde i garden. Dette gjekk ikkje Gunder med på, og ei ny rettssak venta.

I 1681 søkte Gunder Tho hjelp frå statthaldaren i saka. Same år blei han dømt til å "fravike" Øvre To. Året etter blei Gunleik dømt til å betale landskyld og andre utreidsler på garden, for det at han framleis "beboer og bruger" To.

Dei kom til sist fram til ei ordning. Gunleik og huslyden blei verande på To, medan byborgar Peder og arvingane hans åtte garden til 1690-åra.

Dei skifta etter Åshild Steinarsdotter, den første kona til Gunder, i 1691. Ho åtte 1 tunne med bygsel i Øvre To, hennar eige arvegods, som sønene hadde bytt seg imellom for lang tid sidan, "... og siden af dend Eldste Søn worden nogen Tiid brugt." Det går fram at Kristen Iversen, Tønsberg, hadde pant i 1 tn, og han hadde frå før pant i nok 1 tn i To. Brørne på To blei forlikte om at den eldste, Harald skulle løyse inn den eine luten som Iversen hadde pant i, og at han såleis skulle bruke og eige 2 tn. eller halve Øvre To, det vil seie det seinare Øvre-To. Tomas, den yngste, skulle få 1/2 tn mot å svare 1 dlr. i avgift i året. Tomas sat på Nord-To.

Men Steinar Gunleikson på Bollås kravde garden som var "... hans sande odel", sjølv om han ikkje hadde pengar til å løyse inn eigedomen. Til sist blei dei forlikte om at Steinar i staden skulle få Øvre Bollås til arvefeste. Sjå Bollås.

Øvre To blei i røynda delt i tre bruk i 1690-åra. Det var arvefestet Bollås, gnr. 2.1, Øvre-To gnr. 2.2, og Nord-To gnr. 2.3.

 

 

To øvre, gnr. 2.2

Bruksnamnet er Øvre-To eller Uppistugu

Det ser ut til at Kari Gunleiksdtr. og huslyden hennar bruka Øvre-To frå 1690-åra og i vel ti år frametter.

1) Kari Gunleiksdtr. Tho, brukar ca. 1698-1710 f 1645 i Bollås d 1725 gIg m Johannes Knutson. GIIg m Halvor Olson Tho. Halvor kom truleg frå Åbø. Han låg i krangel med klokkaren, Pål Larsson frå Åbø. Sjå Nedre-Åbø. Born i første ekteskap: 1 Knut f 1699 d 1713 på Gutehus.

Det er uvisst om Kari hadde fleire born.

Kari var dotter til Gunleik Steinarson Bollås, som kravde odelsretten til Øvre To. På grunn av mange og innfløkte transaksjonar var det byborgarar som åtte denne luten av Øvre To i fleire år. Familien på Bollås meinte vel at dei kunne bruke garden sjølv om dei ikkje hadde eigedomsretten lenger.

Samstundes prøva dei så godt dei kunne å kjøpe garden attende. Da dei skifta etter Johannes, den første mannen til Kari, åtte buet 2 mæler i Øvre To og Bollås. Steinar Bollås, bror til Kari løyste inn denne gardluten " ... alt uden ringeste arvedeling til søsteren", såleis at Kari "for sig og arvinger schulde niude resten derudi til Een tønde fire mæler bøxel." Om dette var lovleg overtakelse av eigedom, var det i beste fall frekt. Ordninga blei " ... i Rette lagt paa Scheye holdende Høsteting 1704". Kari skulle såleis løyse inn den delen av Øvre To som byborgarane framleis hadde eigedomsretten til, medan broren fekk hand om den luten Kari og mannen alt hadde løyst inn.

Noko tidlegare var den andre mannen til Kari stemna av Jon Nordbø, som kravde han for ei gjeld på 65 rd. Av dette hadde han gjeve 12 1/2 rd. til Steinar Bollås for 2 mæler i To. Dei hadde altså utnytta at Kari og mannen sat med gjeld til å presse eigedomen ifrå dei. Det ser ut til at syskena bytte eigedomar. Kari og mannen fekk Bollås, medan familien til bror hennar fekk Øvre-To. Noko seinare kom Halvor Olson i gjeld til Knut Halvorson. I 1707 måtte Knut og Kari setje Bollås ut for pant. Dei hadde tapt all eigedom på To.

Frå om lag 1695 og ein mannsalder frametter var det ei uendeleg rekkje med eigedoms-transaksjonar og stemningar mellom dei einskilde partane som meinte dei hadde rett til To.

Det ser ut til at neste brukar på Øvre-To var Anund Tho.

I 1727 fekk "Ungkarl Anund Olson " skøyte frå Ola H. Rinde på vegner av kona si på 1 1/2 tn i Øvre To for 220 rd. Tjue år seinare løyste han inn resten, slik at han åtte 2 tn i Øvre-To. Storparten av seljarane var seljordingar.

2) Anund Olson Tho, gardbrukar, eigar 1727-49, f ca. 1682/86 d 1749 her.

Anund blei verande ugift og utan livsarvingar.

Anund hadde broren Halvor, som budde på Nedre Åbø i 1704. Anund åtte også noko i den garden.

I 1750 blei Øvre-To løyst inn av Olav Jonson. Olav løyste inn garden frå fleire medarvingar. Ein av dei prøva å ta garden på odel, men Olav blei verande.

3) Olav Jonson Tho, eigar og brukar 1750-68, alder ukjend g 1754 m enkja på Øvre-Særsland, Aslaug Haraldsdtr. Dysjå, f 1728 på Dysjå d 1767 her. Borna til Olav og Aslaug: 1 Anne f 1755 d 1841 på Nord-To gm Jon Gunleikson, Nord-To. 2 Jon f 1758 d s.å. 3 Halvor f 1759 d 3/4 år gml. 4 Harald f 1761, sjå 4). 5 Ragnhild f 1764 g 1784 m Søren Høljeson Håtveit, til Øvre-Håtveit. 6 Aslaug f 1766 g 1785 m Ola Anundson Mæland, Sud-Mæland.

Aslaug Haraldsdtr. hadde før vore gm Halvor Tarjerson Åbø og hadde sonen Tarjer Åbø med han.

Da Aslaug og Olav kom til Øvre-To blei det endeleg fred mellom arvingane. Son tok over etter far dei to neste sekla.

Dei skifta etter Aslaug Tho i 1768. Arvingar var sonen Tarjer Åbø frå første ekteskap, og dei fire borna som levde opp frå ekteskapet med Olav Tho.

Nettoformuen i skiftet var 691 rd., gjelda var på 22 rd.

Garden Øvre-To blei taksert til 300 rd. Fleire sambygdingar hadde gjeld til buet. Ola Gregarson Tho skyldte 90 rd., sonen Torjer 91 rd., Svein Tho og Kjetil Ambjørndalen skyldte 20 rd. kvar, medan Lars Gjuv hadde ei gjeld på 30 rd.

Det er ikkje visst kvifor så mange var skuldig folka på Øvre-To. Det ser ut til at Olav og Aslaug sat i trygge materielle kår. Dei kan ha hatt uvanleg mykje reide pengar, som var bruka som ein bank for andre bygdefolk. Ein kan heller ikkje utelukke at dei har utnytta ein fattig granne som trong pengar. Omstenda rundt gjeldspostane er ukjende.

Ein gild buskap var med i skiftetregistreringa. Det var 1 hest til 12 rd., fem kyr til 6 rd. stykket, og med desse namna: Drogna, Hugaros, Gullbot, Gullros og Gjøbot. Der var tre vetringskviger til 9 rd. 2 ort, og med desse namna: Rosebot, Febot og Rikrei. Elles var det stuten Goldreng, 10 sauer og 8 lam. Blant lausøyren var dette sølvet: 1 staup med fem engleandlet til 3 rd., 2 par lauvspenne til 3 ort, 7 par mindre spenne og 1 liten bolle.

Nokre bøker var og med i skiftet, alle med kristeleg innhald: 1 Brochenius huspostill til 1 rd. 2 ort, 1 gamal salmebok med " 1000 salmar" til 10 sk., 1 evangeliebok og Kingos salmebok til 1 ort 4 sk.

Aslaug må ha vore ei velkledd dame. Blant gangkleda etter henne var sju stakkar. Fleire av kleda var sauma i kaupestoff, oftast tilverka i utlandet. Ein stakk i blått stamet, det er tjukt, oftast innført klede, med sølvmaljer og lekkje, og ein liknande stakk i kirs, det er eit mjukare grovt ullstoff, oftast engelsk, registrert til 5 rd. for kvar. Der var elles 1 stakk i raudt klede med gult liv, 4 stakkar i svart vadmål og med liv i raudt klede, grønt klede, raudranda liv og liv i plysj, alle registrerte til noko over 1 rd. for kvar. Elles var det ei trøye i svart klede, 1 trøye i svart vadmål, 1 forkle i raud atlask, det er eit stoff i silke. Atlask var ikkje vanleg bruka i Europa før på 1700-talet. Der var også 1 utsauma forkle og 1 forkle med "sprang", det er ein fletteteknikk som dei lagar ulike mønster med. Der var fem belte, det eine var eit bokstavbelte, og 3 par broderte fingervantar,. 1 sjal i dreiel,- oftast vove i geometriske mønster, og 1 sjal sauma med svart ullgarn. Elles var der tre skjorter i lerret som var utsauma i halsen, og tre "fine" skjorter, anten av kaupelerret eller lin, som var utsauma både i halsen og på bringa, og seks skaut.

Sonen Harald tok over garden i 1789. Løysingssummen var 234 rd.

4) Harald Olson Tho, eigar 1789-48, brukar frå 1780-åra? f 1761 d 1848 her g 1786 m Anne Larsdtr. Dysjå Haugan f 1764 på Dysjå d 1794 her. Harald og Anne var syskenborn. Born: 1 Lars f 1786 d før 1794. 2 Ola f 1790, sjå 5). 3 Aslaug f 1788 d 1821 på Dysjå g 1806 m Gjermund Olson Dysjå, Sud-Dysjå. 4 Hege eller Helge f 1792 g 1832 m Hans Olson Brennøyen.

Gardkona Anne døydde berre 30 år gamal. Ho var velhavande, og hadde eigedomslutar i fleire gardar. Bruttoformuen i skiftet etter henne var 1127 rd. Gjelda var på 62 rd., som buet var skuldig far til Harald, og skiftekostnader. Buet åtte Øvre-To taksert til 300 rd., og mest heile Sud-Dysjå. Den garden hadde Anne arva etter faren og besteforeldra i 1771, og da var Dysjå sett til 252 rd. Ved skiftet på To var Dysjå vurdert til 300 rd. Buet hadde også pant i Åbø som Pål Arneson bruka sia 1787, og med renter blei den vurdert til 301 rd.

Med i skiftet var desse husdyra: 6 kyr til 32 rd., 3 kviger, 9 sauer, 9 lam og 5 geiter.

Dette lintyet var med i skiftet: 1 bordduk i lerret på 7 alen og med fletter i båe endar, og 6 enkle og 6 doble handdukar. Sengety: 3 strielaken med dobbel breidd til 4 ort, 3 sengeteppe til 1 rd. stykket, 2 "nordmandsteppe", truleg frå Hardanger, kanskje frakta heim etter ein tur på fiske vestpå, 8 tjeld og 1 måla skinnfell.

Dette bringesølvet var med i skiftet: 1 gylla "diamant"-filigranssølje, 3 søljer med skålelauv og 4 takkesøljer.

Ola, den eianste sonen som levde opp, tok over Øvre-To.

5) Ola Haraldson Tho, eigar 1806-65, brukar frå 1820-åra, f 1790 d 1865 her gIg 1829 m Sønnev Anundsdtr. Hovland f 1803 på Sud-Hovland d 1842. GIIg 1856 m Ragnhild Kjetilsdtr. Ospelund/Bråten f 1827. Born i første ekteskap: 1 Harald f ? d 1864, ugift. 2 Anne f 1830 d 1852 i barsel g 1851 m skulelærar Torbjørn Olson Lofthus, Sud-Lofthus. 3 Ingebjørg f 1833 d 1892 på Dysjå g 1857 m John Sørenson Hegna To, til Dysjå i 1866. Ingebjørg arva Dysjå i skiftet etter mor si. 4 Aslaug f 1837 d 1840. Born i andre ekteskap: 5 Anne f 1857. 6 Ola f 1860, han tok over Øvre-To, sjå 6). 7 Kjetil f 1862 d s.å.

Det er fortalt om korleis Ragnhild kom til gards og skulle bli kjerring der. H.H.S.: "Da kom ho aleine, og med eignalutene sine på ryggen. Det var i skurden, og folka var inne til dugurd. Ungkona fekk ein plass ved grautebordet i lag med dei andre - og da måltidet var over blei ho med på åkeren." Ragnhild var ei av "Bråtå-jentun", alle blei dugande gardkjerringar.

Dei skifta etter Ola Haraldson i 1865. Brutto formuen i buet etter han var 1736 spd. 3 ort 3 sk. Garden Øvre-To blei taksert for 950 spd, og overdrege til sonen Ola for 800 spd.

Den eldste sonen Harald var død nokre år i førevegen. Han hadde bruka på Gjerjordet i Gvammen. Harald døydde utan livsarvingar. Det var ikkje skifta etter han enno, og dette blei gjort i samband med skiftet på Øvre-To. Dei blei samde om at Gjerjordet skulle seljast på auksjon, fordi garden var vanstelt av ein bygselmann på førehand, og i dårleg stand. Takstmennene rådde til å halde på To der Ola si enkje sat med små born, såleis at To kunne overtakast av sonen Ola frå andre ekteskap, "... da Boets forfatning ikke tillater at begge eiendomme føres til Indtekt for Boet." Dette blei gjort.

Gjerjordet var i salsåret forpakta av Leif O. Tjønnekåsa. Gjerjordet blei seld til Grimar Levorson og Ola Levorson Tho for 661 spd. Forutan dei to gardane, åtte buet ein del lausøyre til 127 spd., og bufe til 87 rd.

Buskapen på Øvre-To i 1865 var 1 blakk hoppe til 30 spd, 5 kyr, 10 sauer, 7 lam, 2 geiter, 1 bukk og 1 kje.

Blant gardsreiskapen som var med under skifteregistreringa, kan nemnast: 1 grindesag, 2 børser, 2 hoggøkser, 3 biler, 4 greip, 1 jarnstaur, hammar og tong, sleggetong, 1 hoggjarn, 1 trekanta fil, 1 bjørnehøvel og 3 sletthøvlar. Der var 1 par jarnskonningar, 1 par nye bogtre, og denne jordbruksreiskapen: 1 harvegrind, 1 plog, 1 gamal spade, 1 større nyare spade, 1 høyslede, 3 mogsledar, 2 gjødselgreip og 1 jarnrive, og elles ein del bord og plank.

På buret sto ei byre med to rom og 1 byre med fem rom, 4 såld, 6 kinner, 4 eltekar, 1 såtegl, 4 skinnsekkar, 4 linsekkar, 1 spann og 3 holkar.

Elles kan nemnast at Kristian V. si lovsamling var med i skiftet.

Ola let etter seg desse gangkleda: 2 mannstrøyer, (ytterklede) 1 gråtrøye, 1 grå vest, 1 par sokkar, 2 svarte brøker, 1 skinntrøye, 1 svart mannstrøye og to slette sølvringar.

Ragnhild Tho bruka garden til sonen kunne ta over.

5a) Ragnhild Kjetilsdtr. Tho, brukar 1856-89.

Ragnhild skal ha vore flink til å spå veret, noko som gjekk i arv til sonensonen, sjå u/7.

6) Ola O. Tho, gardbrukar, eigar 1865-1925, f 1860 d 1925 gm Helga Olsdtr. Gvåle f 1858 d 1943. Born: 1 Ola f 1889 d 1920. Han var ugift. 2 Harald f 1891 d s.å. 3 Mari f 1892 sjå 7a). 4 Harald f 1895, sjå 7). 5 Kjetil f 1899 d 1904. 6 Anne f 1901, sjå 7b).

Harald fekk feste, eller leigekontrakt på Øvre-To i 1937 frå mor si og systrene. I 1944 arva dei tre syskena som da levde, garden. Same året fekk Harald skøyte på systrene sine partar og blei einaste eigar.

Dei tre ugifte syskena bruka garden i saman.

7) Harald O. Tho, gardbrukar, eigar 1944-74, f 1895 d 1974.

H.H.S.:"Harald O. Tho var ein fargerik, og på mange måtar original person. Han var breivaksen og sterk, hadde eit fæmande og vaggande ganglag, og vadmålskledd som han var sommar som vinter ruvde han godt i landskapet. Han lika å prate, blei aldri tom for segner og hendingar, skrøner og rispur, og blei gjerne eit midtpunkt der han ferdast."

Harald O. Tho var mest kjend for å vere "verprofet". Han spådde veret i vetterbrauti, og var kjend langt utanfor Telemarks grenser for langtidsvarslinga si. Han gav tallause intervju til avisar o.l. I ein nekrolog i Moss Dagblad i 1974, skreiv journalisten at "Det veks ikkje opp fleire slike."

Harald O. Tho hadde tenkt å bli handelsmann. Han starta som ekspeditør i ei forretning i Helgeroa, men måtte heim å ta over garden.

Ved sia av gardsdrifta dreiv han som slaktar. Han var også den første gardbrukaren i Hjartdal som starta med revefarm.

Harald O. Tho og systrene heime på To var ugifte og barnlause. Da Harald var død, tok systrene over eigedomen.

7a) Mari O. Tho, gardbrukar, eigar frå 1974, f 1892 d 1977, ugift. Ho dreiv som budeie på Aslebekk i mange år.

7b) Anne O. Tho, gardbrukar, eigar frå 1977, f 1901 d 1984.

H.H.S:" Anne var av den gamle gjestfrie skulen meir enn andre. Når bordet var dekt stod ho rank og høgtidsam og baud. Det var eit heilt ritual, vel innøvd, og med kortare og lengre mellomrom tok ho det oppatt gong etter gong: "Versågo. Versågo. Tak tè døkkån. Tak tè døkkån. No må de forsyne døkkån, gjer no det. Tak innat, tak dessan bakelsein, de må gjørå det, gjer no det. Versågo." Ho hadde ei sterk og klår røyst og bjodinga lyddest mest som ei messing."

I 1985 var det heimelsovergang til Olav O. Bratsberg og Gudrun Bratsberg. I 1990 fekk Gunnar Bratsberg skøyte på Øvre-Tho.

8) Olav O. Bratsberg, gardbrukar, eigar 1985-90, gm Gudrun Bratsberg. Born: Tore Gunnar, sjå 9). Sjå elles Bratsberg.

Etter Anne si tid blei husa leigd bort nokre år. I 1990-åra blei husa bortleigde til feriebustad. Jordvegen blei bruka frå Bratsberg, mest til hamn og slåtte.

9) Tore Gunnar Bratsberg, gardbrukar, f 1963, eigar frå 1990, gm Sissel Flatland. Sjå Bratsberg.

Øvre-To blir bruka frå Bratsberg. Tore Gunnar Bratsberg har dyrka og jamna til ein del av jordvegen, og slær heile jordet. Resten er bruka til slått og beite. Tore Gunnar Bratsberg eig også garden Bollås, sjå der.

Samla jordbruksareal på Øvre To i 1939 var 92,7 dekar, av dette 9 mål åker: 1,5 dekar kveite, 6 dekar bygg og 1,5 dekar poteter.

I 1965 var det 25 dekar jordbruksareal, og dei hadde 1 hest, 3 kyr, 2 ungdyr og 1 sau på garden.

1985: 31 dekar dyrka, 11 dekar overflatedyrka, og 6 dekar produktiv skog.

 

 

To øvre, Nord-To gnr. 2.3

Bruksnamnet er Nord-To

Da Øvre to blei delt sist på 1600-talet, fekk Tomas den nedre halvparten etter far sin, og dette bruket blei kalla Nord-To.

1) Tomas Gunderson Tho, brukar ca. 1697-1739, eigar 1701-39, f ca. 1670 på Øvre-To d 1749 her g 1708 m Margit Jonsdtr. Særsland f 1680 på Øvre Særsland d 1770 her. Margit og Tomas hadde ikkje born etter seg.

I 1739 selde dei garden til Gunleik Steinarson, etterkomar etter Steinar To, og av den gamle To-ætta. Familien busette seg på Bollås etter at dei tapte To på 1600-talet. Gunleik løyste inn Øvre-To for 110 rd.

2) Gunleik Steinarson Tho, eigar frå 1739, brukar 1739-79, voks opp på Bollås f 1714 d 1787 g 1738 m Anne Jonsdtr. f ca. 1719 d 1812! Born: 1 Jon f 1739, sjå 3). 2 Mari f 1741 g 1762 m Jon Kristianson, til Bollås. Tvillingane? 3 Ola f 1744 d 1745, og 4 Torbjørg f 1744 d 1775 på Hauganmoen g 1768 m Jon Torkelson Flatland, sonen deira busette seg seinare på To. 5 Kjersti f 1748 gm enkjemann Ola Gregarson Tho, Nedre To. 6 Kari? f ca. 1749 d 1789? gIg m Gjermund Jonson Fosse, Nedre Fosse. GIIg m Kjetil Eilevson, Heddal. GIII g m Ambros Michaelson Lia, Fossegrenda. 7 Anne f 1751 d 1752. 8 Steinar f 1754 g 1783 m Ragnhild Sørensdtr., tok over Bollås. 9 Anne f 1757 d 1790 her.

Gunleik løyste inn ein mindre part i garden i 1747, og løyste inn resten i 1751 for 110 rd. frå Neri Håtveit, Harald Olson og Tov Nilson. Gunleik åtte såleis både Nord-To og Bollås, og let dottera Mari og mannen hennar bruke Bollås i fleire år.

I 1779 dela Gunleik garden mellom dei to sønene. Jon fekk To, og Steinar fekk Bollås med Nystul.

Dei skifta etter Gunleik Tho i 1787. Nettoformuen var 396 rd. 22 sk., gjelda var på 30 rd. Buet etter han åtte Nord-To, Bollås medrekna. Samla blei eigedomen taksert til 300 rd. Bollås åleine blei sett til 100 rd.

Takstmennene la vekt på at både husa på garden og jordvegen var "anseelig forbedret" i Gunleik si brukartid. Kona Anne fekk føderåd som blei dela mellom sønene. Med i skiftet var ein buskap på 1 ku til 5 rd., 1 kvige til 4 rd. 1 ort og 3 geiter.

I 1791 skifta dei etter Mari Gunleiksdtr., ho som hadde bruka på Bollås. Nettoformuen i buet etter Mari var 48 rd. Gjelda var på 6 rd. Mari hadde arva ein systerlodd i To ved skiftet etter faren. Denne gardluten, 3 3/4 setting, blei sett til 47 rd. Etter det reknestykket let Mari etter seg lausøyre for 1 rd.

Jon tok over Nord-To etter foreldra.

3) Jon Gunleikson Tho, eigar og brukar ca. 1787-1821, f 1739 d 1821 g 1778 m Anne Olsdtr. Tho f 1755 på Øvre-To d 1841 her. Born: 1 Anund f 1779, sjå 4). 2 Gunleik f ca. 1792? d 1860.

Bollås blei løyst inn att i hovudbølet i Jon si brukartid. Han og broren fekk kvar sin av eigedomane i 1779, men det ser ut til at Jon løyste inn Bollås så tidleg som i 1788. I skiftet etter Jon i 1821 åtte buet etter han både Nord-To og Bollås.

Sonen Anund tok over garden.

4) Anund Jonson Tho, gardbrukar, eigar ca. 1821-49, f 1779 d 1864 g 1807 m Mari Halvorsdtr. Dalen f 1778 på Ambjørndalen d 1864. Born: 1 Aslaug f 1807 g 1848 m Kristian Olson Hovdejordsnuten, uvisst kor dei busette seg. 2 Anne f 1809 d 1846 g 1833 m Jon Johanneson Flatland, til Hauganmoen. 3 Halvor f 1813, sjå 5). 4 Gunleik f 1815 d 1837 ugift.

Mari og Anund overgav garden til sonen Halvor i 1849. Garden blei taksert til 880 spd. Løysingssummen var på 630 spd., medan føderådet til foreldra var på 50 spd. i året i fem år, d.e. 250 spd. Halvor fekk skøyte mot å løyse inn ein pantobligasjon på 150 spd. til Norges Bank. Foreldra tok atterhald om bruks- og råderett over garden så lenge dei måtte ønskje det.

5) Halvor Anundson Tho, gardbrukar, eigar 1849-84, f 1813 gIg 1838 m Aslaug Kjetilsdtr. Bråten f 1813 d 1850. GIIg 1854 m Øli Halvorsdtr. Ambjørndalen f 1820 d 1886 på To. Born i første ekteskap: 1 Mari f 1838 d 1927. Ho var ugift, og budde og arbeidde heime på garden. 2 Anne f 1841 d 1847. 3 Anund f 1845 d s.å. 4 Anne f 1846, sjå 6). Det andre ekteskapet var barnlaust.

Aslaug Kjetilsdtr. var ei av "Bråtåjentun", sjå Bråten.

Det blei den yngste dottera og mannen hennar som tok over Nord-To, m.a. mot føderåd til Øli og Halvor.

6) Anne Halvorsdtr. Tho, gardbrukar, f 1846 her d 1930 g 1880 m Gunleik Halvorson Åbø f 1839 på Nedre-Åbø d 1927/28. Born: 1 Halvor f 1883, sjå 7). 2 Anne f 1881 d 1904, ugift. Anne var ute og gjætte, sjå innleiing/stulsområde. 3 Aslaug f 1885 d 1953 på Bollås gm Olav O. Bratsberg. Olav tok over garden Bollås i 1915, og dei busette seg der.

Halvor, einaste sonen, tok over garden i 1917. Løysingssummen var kr 8 000. Halve salssummen skulle vere føderåd for foreldra og morsyster Mari.

7) Halvor G. Tho, gardbrukar, eigar 1917-35, brukar 1917-60, f 1883 d 1960 gm Hege Brekke f 1892 på Brekke i Flatdal d 1967. Born: 1 Anne f 1929 gm Halvor Rui, Svartdal, har borna Veslegut f 1947 d.s.å, Reidar f 1948, Svanhild f 1952 og Hjørdis f 1959. 2 Halvard f 1931, sjå 8).

Lik så mange andre på same tid, fekk Halvor og Hege Tho økonomiske vanskar i 1930-åra. Dei gjekk konkurs, men sonen Halvard fekk odelsskøyte i 1935. Halvard blei neste brukar da han blei vaksen nok til å ta over drifta. Dei selde ifrå stulsområdet Vasslaus, gnr. 2.4 i 1934. Halvard Tho fekk også skøyte på Vasslaus, som har vore bruka i saman med Nord-To seinare.

I 1941 blei eigedomen Litle-To, gnr. 2.5 utskilt frå Nord-To. Litle-To blei selt til biletkunstnaren Christian Stenersen.

8) Halvard Tho, gardbrukar og sjåfør, eigar 1935-98, f 1931 gm Helga Sisjord f 1939 på Sisjord i Hjartdal, husmor og gardbrukar. Born: 1 Halvor f 1961, gm Anne Mørkholt, Mørkholt i Fossegrenda, har borna Randi og Heidi, bustad Mørkholt i Sauland. Halvor Tho arbeider på Tele Tekstil, Notodden. 2 Anne f 1965, husmor, skilt frå Oddvar Arnfinn Kaldal, har borna Helga Marie og Olaug Helene, sjå Sud-To i Ytre Hjartdal. 3 Gunvald f 1967, sjå 9).

Halvard Tho har vore sjåfør i ØTA ved sia av gardsdrifta i om lag 40 år. Halvard var med og bygde nytt uthus på garden i 1952, og han bygde ny driftsbygning på same plassen i 1981. I 1995 sette familien opp ny våning. Sjå elles u/hus.

Helga og Halvard Tho har drive med mjølkekyr og litt skogsdrift. Halvard har dyrka om lag 8 mål åker på Nord-To, og han har drenert jordvegen.

Helga og Halvard Tho var også med og starta Ståldalen sambeite i 1984, og dei har kyrne der kvar sommar.

Gunvald Tho tok over Nord-Tho i 1998.

9) Gunvald Tho, gardbrukar og lastebilsjåfør, eigar frå 1998, f 1967, ugift.

Gunvald Tho driv med mjølkekyr og har litt skogsdrift år om anna.

Samla jordbruksareal i 1939 var 54 mål, av dette 8 mål åker: 1 dekar kveite, 5 dekar bygg, 1 dekar grønfor og 1 dekar poteter. Da bruka dei også stuls- og beiteområdet Vasslaus, gnr. 2.4.

Ikkje nemnt i 1965/70.

1985: 30 dekar dyrka, 7 dekar overflatedyrka, og 382 dekar produktiv skog.

 

 

To øvre Bollås gnr. 2.1

Bruksnamnet er Bollås

uttale: b`øllås

Det gjekk ut med folka på Øvre-To etter dommen over Steinar To i 1631. Etter ei tid busette den eldste sonen og huslyden hans seg på Bollås i utkanten av heimemarka på garden.

1) Gunleik Steinarson Tho/Bollås, brukar på Bollås frå 1640-åra? gm Sigrid Berulvsdtr./ Leidulvsdtr. Born: 1 Steinar, sjå 2). 2 Kari f 1645 d 1725 gIg m Johannes Knutson. GIIg m Halvor Olson Tho, Øvre-To.

Steinar tok over Bollås.

2) Steinar Gunleikson Bollås, f ca. 1650 d 1735 gIg m Mari Trulsdtr. frå Flatdal, alder uviss d 1718 saman med to born. Ukjend kva dei døydde av. Steinar gIIg 1719 m Tore Bjørnsdtr. f 1658 d 1728. Born i første ekteskap: 1 Ingebret f 1693. 2 Anne f 1702. 3 Gunleik f 1714. Det er ikkje registrert fleire born, men det er rimeleg å tru at Mari var gjennom fleire svangerskap. Det andre ekteskapet ser ut til å ha vore barnlaust.

Familien på Bollås gav aldri opp å få attende Øvre-To, odelsgarden deira. I 1691 gjorde Steinar krav på Øvre-To. Han hevda at han hadde beste odelen, men at han vanta medel til å løyse inn garden. Steinar og Anund, bonden på To, blei så samde om at Steinar skulle få "en ødeplads kaldes Baalaas den Øfre Ødegaard under samme gaard Thoe, " med hus og alle herlegdomar til eigedom, om han gjekk ifrå odelskrava sine på To. Sjå Øvre-To.

Avtala verka ei tid. Det syner seg likevel at den gamle To-ætta ikkje kunne gløyme ættegarden. Dei freista gong etter gong å kome seg attende til Øvre-To. Gunleik, sonen til Steinar, blei bonde på To. Sjå Øvre-To.

Bollås blei verande under To.

Mari Gunleiksdtr. bruka Bollås i mange år.

3) Mari Gunleiksdtr. Tho, brukar frå ca. 1760 til 1770-talet, gm Johan Kristianson Gvåle, f 1730 på Midtbøen eller på Øygarden i Libøen d i plassen Skogen u/To. Born registrerte på Bollås: 1 Øli eller Egelev f 1763. 2 Anne f 1765 d s.å. 3 Anne f 1766. 4 Kjersti f 1769 gm Jon Torkelson Haugen. 5 Kristian f 1771 gm Ingebjørg Olsdtr. Særsland, tok over plassen Skogen etter foreldra, sjå der. 6 Gunleik f 1773 d 1840 på Hagen i Libøen gm Anne Kjetilsdtr. Hagen. 7 Halvor f 1776. 8 Torbjørg f 1779 gm Steinar Gunleikson Bollås. 9 Johannes f 1781. 10 Ingebjørg f 1784 gm Jon Gunleikson Tho.

Øli, mor til Johan, var frå To. Ho blei seinare gift til Ambjørndalen. Mari og Johan måtte flytte, og dei busette seg i plassen Skogen u/To, sjå der.

Gunleik Steinarson Bollås To delte garden mellom sønene sine i 1779, og Steinar fekk Bollås.

4) Steinar Gunleikson Tho, gardbrukar, eigar 1779-1784? f 1754 på Nord-To g 1783 m Ragnhild Sørensdtr. Born: Det er uvisst om dei hadde born etter seg.

Ragnhild og Steinar blei ikkje bufaste på Bollås. Det er uvisst kor dei seinare budde. Steinar fekk Bollås til eigen eigedom for seg og familien sin. Seinast i 1784? var Bollås løyst inn att i Nord-To.

Dei neste som bruka Bollås var husmenn til Nord-To dei første åra.

5) Jon Gjertsen Bollås, brukar ca. 1798-1835, eigar seinast frå 1801, f 1765 på Nord-Gjuv i Gvammen d 1846 her gm Torbjørg Halvorsdtr. f 1765 d 1844 her. Born: 1 Halvor f 1798, sjå 6). 2 Mari f 1802 d i Amerika g 1824 m Johannes Kr. Valufsin, sjå Vellufsin. 3 Ragne f 1805 g 1828 m Harald Sørenson Finnsekre.

Sonen Halvor tok over Bollås i 1835.

6) Halvor Jonson Bollås, eigar og brukar 1835-71, f 1798 her d 1871 g 1823 m Liv Olsdtr. Gutehus f 1800 på Øvre-Gutehus d 1885. Ekteskapet var barnlaust. Dei hadde pleiedottera Anne Olsdtr. Bråten, f 1856 i Tømmeråsdokka gm Ola T. Bratsberg, til Bratsberg.

Anne Olsdtr. arva Bollås.

Da Bollås blei sjølveige, fekk eigarane ei halv hegne i Ståldalen og beiterett i Aslebekk-beitet.

Liv og Halvor Bollås dreiv godt. Dei hadde uvanleg gilde kyr. Om vinteren vov Liv vadmål og toskaft for sal, og hadde dette som attåtnæring.

H.H.S.:" Halvor var visst ein stille og fåmælt kar. I alle fall var det visst Liv som førte ordet. Ho sa og mykje rart, og mange hermur etter henne har levt på folkemunne heilt fram til våre dagar. - Ein gong kom det to fattig-gutar til Liv og ba om mat. Truleg var ho "go i seg", som dei sa, og hadde eit og anna å rette frå seg. Året etter kom den eine av gutane att i same ærend. I mellomtida var broren død, kanskje i ein epedemi av eit eller anna slag som ofte herja barneflokkane på den tida. Dette kjende Liv til, og ho spurde guten: -" Va` det du, hell va` det bro` din som døè?" - "Nei, det va` bro` min som dø`e, men eg va` mykje sjukar`", svara guten.

-Ein sommar var Liv budeie på Aslebekk. Halvor kunne ikkje greie slåttonnna aleine, og leigde seg ei rakstejente. Det blei ein skjebnesvanger sommar. -Året etter vart Halvor stemnd for retten for ekteskapsbrot. Rettsmøtet var i Sauland. På nærgåande spørsmål frå retten korleis dette hadde bore til svara Halvor spakt, og på stivt embedsmanns-språk, han meinte vel at bygdedialekten ikkje var god nok under så alvårlege tilhøve: -" Hun var hos mig og rakte."

I 1887 selde Liv garden til svigersonen Ola Toreson Bratsberg for kr 815 og føderåd til seg.

7) Ola Toreson Bratsberg, eigar og brukar 1887-1944, gm Anne Olsdtr. Bråten Bollås f 1856. Born: 1 Ola f 1882, sjå 8). 2 Søren f 1885. 3 Mari?

Sonen Ola tok over Bollås etter foreldra.

8) Ola Olson Bratsberg, brukar frå 1915, eigar 1944-53, f 1882 d 1953, gm Aslaug Gunleiksdtr. Tho f 1885 på Nord-To d 1953. Born: 1 Olav f 1923, sjå 9).

H.H.S: "... Aslaug og Olav var nøysame og flittige menneskje. Dei skapte ein velstandsheim. Det var nok mange stader nede i bygda det ikkje var på langt nær så bra... Dei hadde ikkje hest. Høyet blei for det meste bore i hus. ...Om det var heilt naudsynt var det ein hest å få byte til seg mot arbeid nokre dagar. Når det ikkje var att meir gras til å slå i jordet heime, slo dei myrgras nord i markene. Det var å bera rått og vått myrgras i taug på ryggen så vatnet rann frå nakken og ned i hælane...."

Barndomsminne, Halvor H. Sisjord: " Eg kan hugse at Olav Særsland og eg var på besøk til Olav ein fin vintersundag. Vi var oppi åsen for å prøve våre skikunster. Da fekk vi køyrt oss! Til å løype i skogen var Ola Bøllås, som vi kalla han da, ein sann meister. Vi såg berre snerten av han av og til ... Etter hardkøyret på ski var Olav Særsland og eg til bords i den gamle stova i Ballås. Der var så fredeleg, reint og fint og stille. Ved spissen spraka det i ein svart og koseleg vedkomfyr. Og det som eg kjem aller best i hug, det var at på årgrima der låg det skarp spikkekniv, gule fine tyrispek, og ferdig spikka nøreflisar. - Kunstferdige krullflisar og venta på morgondagen."

I 1953 var det heimelsovergang til Olav, som einaste arving etter Aslaug og Ola Bollås.

9) Olav O. Bratsberg, f Bollås, gardbrukar og snikkar, eigar 1953-90, f 1923 d 1990 gm Gudrun Aase. Sjå elles Bratsberg.

Olav Bollås tok til som gardbrukar på Bollås. Han bygde ny våning, og flutte uthusa i saman. Garden ligg for seg sjølv innpå skogen, og her var lenge veglaust. Vegen, som går til Åsen, Deildkås og Bråten, kom midt på 1980-talet. Dei fekk bilveg fram til Bollås tidleg i 1990-åra.

Olav Bollås, seinare Olav Bratsberg, flutte til Bratsberg i 1955, og bruka garden for tanta si, Ingebjørg Bratsberg. Olav tok namnet Bratsberg da han tok over den garden. Sjå Bratsberg. Etter den tid har Bollås vore bruka frå Bratsberg.

Olav Bratsberg arva Øvre-To gnr. 2.2 i 1985, og bruka den garden med.

I 1990 fekk Tore Gunnar Bratsberg skøyte på Bollås, Øvre-To og Bratsberg. Sjå Bratsberg.

10) Tore Gunnar Bratsberg, gardbrukar og snikkar, eigar frå 1990 gm Sissel Flatland. Sjå elles Bratsberg.

Tore Gunnar Bratsberg brukar Bollås som tilleggsjord til Bratsberg. Han slær heile jordet og har hamn rundt omkring på eigedomen. I 1999 ligg det plastdekte fóret i rundballar på rekkje langs jordekanten. Det er eit uventa syn på denne gamle jordvegen, som låg utanfor allfarveg lenger enn dei fleste gardar i Hjartdal.

Tore Gunnar Bratsberg har elles rydda plassane Nedre-Bollås og Skogen, og har fått dei gamle ekrene og rydningsrøysene fram i dagen. Plassane blir bruka til beite.

Samla jordbruksareal på Bollås i 1939 var 22,5 dekar, av dette 2,5 mål åker: 0,2 dekar bygg, 0,8 dekar havre og 1,5 dekar poteter.

Ikkje nemnt 1965/71.

1985: 13 dekar overflatedyrka, og 90 dekar produktiv skog.

 

 

 

To øvre Litle-Tho gnr. 2.5

Denne bustadtomta blei utskilt frå Nord-To i 1941, da Halvard Tho v/verge selde til Christian Stenersen for kr 300.

1) Christian Stenersen, eigar 1941-75, f 1899 i Moss gm Valborg E. Petersen, f 1896 i Oslo d 1891. Born: Ingrid f 1925, sjå 2).

Christian Stenersen var biletkunstnar og teatermålar på Nationalteatret i Oslo. Christian Stenersen har m.a. utforma byvåpenet til Moss, "Mossekråka". Han og kona hadde mange kunstnarvener, og under krigen og seinare var Litle-Tho ein freda plett for biletkunstnarar og skodespelarar. Mange kjende norske kunstmålarar let seg inspirere etter møtet med Litle-Tho og den vakre Nordbygda i Hjartdal.

Dottera Ingrid og familien hennar tok over Litle-Tho og busette seg der.

2) Ingrid Stenersen Bosnes, eigar frå 1975, f 1925 i Moss gm Gunnar Bosnes f 1920 i Trondheim. Born: Even Stenersen Bosnes f 1953 i Oslo, ugift, bustad Litle-Tho.

Både Ingrid Bosnes og mannen er utdanna på Kunst- og Handverksskulen i Oslo. I 1947 tok Ingrid Stenersen Bosnes diplomoppgåva si på bokillustrasjonar. Ho laga tresnitt til Sigrid Undsets "Kristin Lavransdatter", bd. I " Kransen".

Gunnar Bosnes er jamvel utdana typograf, og er boktrykkjar og teiknar av yrke. Ikkje minst gamle tømrer og tun i Hjartdal er teikna av han. I 1991 fekk Gunnar Bosnes Hjartdals Kulturpris.

 

Matrikkelgarden To nedre gnr. 3

Det ser ikkje ut til at To nedre ytte nokon av dei gamle skinnskattane i 1585/86, men Nedre To var fullgard i 1593 og seinare. I 1647 var landskylda på 4 tnr. korn, og eigaren betalte full skatt, som var 6 dalar. Skylda i 1802 blei sett ned med 2 lispund, og da blei skylda 4 rd. 60 sk.. Ny skyld i 1838 var 9 dlr. 1 ort, revidert til 13,84 skyldmark i 1886. Gamalt matrikkelnr. til 1802 var 5. Nytt matr.nr. i 1838 var 3, løpenr. 6 og 7. I 1886 var gnr. 3, bruksnr. 1-3.

Det låg ikkje herlegdomar til garden i 1661. I 1723 var jorda, som var mold- leir- og sandjord i solli, tung å vinne. Steinfull, brattlendt og tung å drive var jordvegen jamvel i 1802, men ein "god gard" i Jens Kraft si utgreiing i 1830-åra. I 1845 var gnr. 3.1. godt dyrka og hadde grøderik jord. Dei to andre bruka hadde "...fortreffelig Beliggenhed, er noget forbedret og (der) kunde endog endnu flere brødføde sig." Levors-To gnr. 3.2 var tungbrukt i 1864. Der var kald jordbotn, medan jorda elles var god. Samla var det 26 mål åker og 34 mål dyrka eng på Nedre To. Dei rekna 152 mål slåttemark, storparten steinfull jord. Det var ikkje nemnande jord att til nydyrking.

I 1723 var det skog til ved og til vøling av husa, men ikkje skog for sal. I 1845 var det "god skog" på eit av bruka. I 1864 hadde alle bruka skog til eige bruk, men ikkje for sal.

Det var nok stulsbeite til garden i 1723, og 1 slåttestule. I 1864 rekna dei med 52 mål fjellslått, og slåttene låg 1/2 - og 1 mils veg frå garden. I 1864 var der nok beite, og noko lauvskog i heimemarka til attåforing.

Eigarar

Nedre To er gamalt bondegods. Seinast frå 1500-talet svarte Nedre To 1 kalvskinn laus landskyld til Kongen, truleg gamalt kyrkjegods. Likeins åtte soknekyrkja 2 mæler laus landskyld i garden. I 1570-åra svarte To og Gutehus 5 mæler korn til kyrkja. Seinare, da gardane svarte landskyld kvar for seg, fekk Gutehus brorparten av landskylda, det var 6 setting eller 1/2 tunne, medan To sat att med 4 setting til Hjartdal kyrkje. I 1611-25, kanskje frå lenger attende, åtte Andres Melås i Heddal mest heile Nedre To. Seinast frå 1640 hadde brukarane sjølve eigedomsretten til Nedre To.

Brukarar

Nedre To

Brukarrekkjene er ofte det einaste ein har å hjelpe seg med, når ein skal finne fram til dei som levde på garden i tidleg nytid. Men desse skattelistene er ikkje alltid til å lite på. Ikkje sjeldan blir ein brukar ført i listene i fleire år etter at han er død, og kanskje kona eller ein son har tatt over garden. Andre gonger er eigarar ført i brukarlistene, jamvel om det var ein annan som bruka garden. Somme tider blir det jamvel samanblanding av brukarrekkjene når det er fleire gardar med same namn. Dette ser ut til å ha hendt med To-gardane på 1600-talet.

Men den første namngjevne brukaren på Nedre To kan godt ha vore Harald.

I) Harald Tho, nemnt i brukarrekkjene 1593-1601.

II) Bjørn Thoe, eigar og brukar 1631-39, "odelsmand".

I den same perioden var ein Torjus To leiglending på garden.

Claus, nemnt i 1642-61. Dette stemmer ikkje. Claus bruka Øvre-To. På Nedre To var Halvor brukar, det blir dokumentert i skattematrikkelen av 1647.

III) Harald, nemnt i brukarrekkjene 1640-41.

IV) Halvor Tho, eigar og brukar ca. 1647-72, f ca. 1604/06. Han var gift og hadde born, men namnet til kona er ukjend. Born: 1 Hølje, sjå V).

Forutan Nedre To, åtte Halvor 1 1/2 tn i Berge og om lag det same i Mæland i 1650-åra. Frå 1655 åtte han jamvel 1 tn i Gutehus.

Sonen Hølje tok over Nedre To.

V) Hølje Halvorson Tho, eigar og brukar ca. 1672-1705, f. år ukjend d 1705 gIg m Øli Sveinsdtr. GIIg m Margit Vetlesdtr. Åbø frå Sud-Åbø d 1708. Margit gIIg m Gunleik S. Blika. Han var klokkar. Borna til Hølje og Øli: 1 Halvor sjå VI). 2 Asgerd f ca. 1659 d 1743 gm Tor Særsland, Nedre-Særsland. 3 Anne gm Ola Jonson. Borna deira heitte Jon, Svein, Anund, Helge, Ola (til Djupedal?), Harald f ca. 1692 (til Dysjå?) og Halvor. Halvor låg i strid med Pål klokkar om Nedre-Åbø, sjå der. Han budde på Åbø i 1690-åra, seinare på To. Var Halvor gift med den mykje eldre Kari Gunleiksdtr., enkja på Øvre-To? Borna til Hølje og Margit: 4 Jørgen d før 1715. 5 Ragnhild. 6 Åsne f 1700 d 1713. 7 Gunvor d før 1715.

Hølje vitna i ei drapssak i 1672. Sjå Flatland. Han bruka heile Nedre To til 1682/85. Da tok sonen Halvor over halve garden.

Dei skifta etter Hølje i 1705. Nettoformuen i buet etter han var 111 rd., gjelda var på 48 rd. Buet åtte halve nedre To, det er 2 tunner, verdsett til 80 rd. for tunna eller 160 rd.

I 1715 skifta dei etter ungjenta Åsne Høljesdtr. Sysken, halvsysken og deira born arva. Nettoformuen i buet etter henne var 53 rd. 9 sk.

Halvor tok over garden etter foreldra.

VI) Halvor Høljeson Tho, eigar og brukar ca. 1682/85-1727, f ca. 1663 d 1755 gm Lisbet Olsdtr. f ca. 1653 d 1735 her. Born: 1 Svein f ca. 1672, sjå VII). 2 Ragnhild f 1670 g 1712 m Neri Olson Fossjordet, budde på To i fleire år og fekk borna Ola f 1712, Margit f 1720 og Halvor f 1723. 3 Ragna f 1686 d 1763. Ho var ugift og budde på To. 4 Øli f ca. 1698 d 1782 på Ambjørndalen gIg m Kristian Johannesson Midtbøen, til Øygarden, Holm. GIIg m Johannes Torson Ambjørndalen.

Halvor bruka halve garden så lenge faren levde. Seinare bruka han heile Nedre-To. Men tilliks med faren, åtte han berre halve garden i heile si brukartid. Brochenhuus og andre byborgarar åtte store partar i garden frå 1670-åra. Dei økonomiske kåra blei dårlegare for brukaren, og han fekk vanskar med å løyse ut medarvingene. I 1698 løyste han inn 1 tn frå Jon Anundson Gutehus og Ola Ellingson Særsland, Nedre Særsland. Kvar av dei fekk 15 rd.

Dei skifta etter den gamle gardkona, Lisbet, i 1735. Da åtte buet halve Nedre To, og garden blei taksert til 200 rd. Nettoformuen i buet var 240 rd. Gjelda var på 31 rd. Buskapen som var med i skifteregistreringa var 1 hest, 5 kyr, 3 teungskviger, 2 vetrungskviger, 1 kalv, 7 sauer, 6 lam, 1 geit, 1 kje og 1 liten bukk. Dette var ein svær buskap, mest heile kvoten garden kunne fø, etter matrikkeltaksten av 1723 å døme. Sonen Svein hadde tatt over garden fleire år tidlegare, og var godt i gang med sin eigen buskap.

VII) Svein Halvorson Tho, eigar 1727-48, brukar ca. 1717-48, f ca. 1672 d på Særsland gIg 1717 m Ragnhild Jonsdtr. Hovdejord d 1724. GIIg 1727 m Liv Olsdtr. Århus "Risvoll" f 1699 d 1778. Born i første ekteskap: 1 Ola f 1718 d 1763, sjå Levors-To, gnr. 3.2. 2 Bergit f 1722 d 1723. Born i andre ekteskap: 3 Halvor f 1729, sjå Myljom-To, gnr. 3.1. 4 Hølje f 1731 d 1749. 5 Ragnhild f 1733 g 1760 m Tor Halvorson Blika, Midt-Blika i Svartdal. 6 Ola f 1736 d 1823 på Særsland gm Ragne Halvorsdtr., fekk Myljom-Særsland. 7 Lisbet f 1739 g 1769 m Pål Arneson Åbø.

Svein sat med heile Nedre To i 1738-48. Han var den siste som bruka heile garden. Svein og faren bruka Nedre To i saman i fleire år. Det kan godt tenkjast at dei hadde kvar sine hus. Noka formell garddeling blei det ikkje før sønene til Svein skulle ta over gardsdrifta. Da blei Nedre To dela i to jamstore bruk. Ola fekk bruket som blei kalla Nedre-To, og Halvor fekk bruket som blei heitande Myljom-To. Sjå Nedre-To og Myljom-To.

Dei skifta etter Ragnhild Tho, den første kona til Svein, i 1726. Formuen i buet etter henne var på 91 rd. 8 sk., og buet var gjeldfritt.

Denne buskapen var med i skifteregistreringa: 7 kyr til 26 rd., 2 vetrungs kviger, 2 kalvar, 7 sauer og 7 lam.

Ungfolka har venteleg dela hest med foreldra til Svein.

Blant lausøyren var dette draktsølvet: 4 par gylla livspenne til 6 rd., 2 takkesøljer, 2 sporesøljer, 1 par kåpespenne, 1 festering og 1 sølvlekkje med nål. Blant gangkleda etter Ragnhild var ein stakk i svart vadmål med sølvmaljer til 6 rd.

Den andre kona til Svein arva Myljom-Særsland da far hennar døydde. Ho og Svein flytta dit. Sjå Særsland.

Da Svein og Liv flytta frå To, fekk Ola den nedre luten av garden. Da Ola døydde fekk halvbroren Halvor Myljom-To, medan Olas dotter tok over Nedre-To da ho voks til.

 

 

To nedre nordre gnr. 3.1

Bruksnamnet er Myljom-To.

Halvor Sveinson Tho arva den øvre halvparten i garden, som han løyste inn i 1768 for 200 rd.

1) Halvor Sveinson Tho Særsland, eigar og brukar 1768-1806, f 1729 på Nedre To g 1758 m Anne Haraldsdtr. Dysjå f 1734 på Nord Dysjå d 1820 som føderådsenkje på Særsland. Born, sjå Særsland. Anne hadde ei syster som var gift på Øvre-To.

Halvor var eldste son i det andre ekteskapet til Svein, og var nok esla til å ta over Særsland etter foreldra. Lenge bruka han både Myljom-Særsland og Myljom-To. Sjå Særsland. Men da halvbroren Ola på Nedre-To døydde, fekk Halvor ta over den garden.

Sonen Harald tok over Myljom-To.

2) Harald Halvorson Særsland Tho, eigar og brukar 1806-42, f ca. 1764 på Nedre-Særsland d 1842 her g 1809 m Anne Grimarsdtr. Tho f 1786 på Nedre-To d 1874 her. Harald blei rekna som ein gamal mann da han gifta seg, 55 år gml. Det var ikkje born i ekteskapet. Kona Anne gIIg 1846 m enkjemann Anund Tovson f ca. 1778/87? d 1851 på To.

Anne Grimarsdtr. fekk garden etter mannen sin.

2a) Anne Grimarsdtr. Tho, eigar 1842-73, brukar frå 1809.

Anne døydde utan livsarvingar. Da ho var død, blei garden selt på friviljug auksjon. Andres Olson Igletveit frå Seljord fekk tilslaget, for 2152 spd. Med Andres og kona Ragnhild kom ei livskraftig ætt til Myljom-To.

3) Andres Olson Igletveit Tho, brukar frå 1873, eigar frå 1874, f 1839 i Seljord d 1917 på To gIIg m Ragnhild Tovsdtr. Steinstolen, f 1846 i Seljord d 1895 her. Andres gIg m Ragnhild Eivendsdtr. Manheim. Born i andre ekteskap: 1 Ragnhild f 1870 i Seljord, sjå 4a). 2 Olav f 1872 i Seljord d 1951 i Bærum gm Antonette Olsen. Olav utdana seg til lærar og blei overlærar ved Stabekk skule, Bærum, og var ein kjend skulemann. 3 Tov f 1874 her, blei gardbrukar på To, sjå 4). 4 Margit f 1876 d 1923 på To, ugift. Ho var mykje ute på tenest, og arbeidde på mange plassar. 5 Ingrid f 1878 d 1933 i Minnesota, USA. Ho utvandra til USA i 1906, og blei gm ingeniør Ole Johnson. Dei hadde dtr. Alma Rebecca. 6 Svein f 1881, utvandra til Montebello, USA i 1899, gm Benlah Narvesen. Dei hadde borna Olaf A. Anderson som blei prest, gm Phyllis Håland, og Rachel gm Rolf B. Jensen, flygar. Svein Tho utdana seg til prest, og fekk embete i Grygla i North Dakota. I Amerika skreiv han seg for Svein T. Anderson. 7 Gunhild f 1884, sjå 5). 8 Bergit f 1887, sjå 4b). 9 Olav f 1889 d 1891. 10 Ingebjørg f 1890 d s.å.

Andres Olson dyrka opp mykje av garden, m.a. er Bjønntveitekra broten av han. Andres og Ragnhild dreiv godt. Dei hadde stort seterstell. Andres, og seinare sonen Tov, dreiv med tømmerkøyring i Hjartdal og Seljord vinterstid.

Andres var aktiv kommunemann, og medlem i kommunestyre og formannskap i Hjartdal.

Tov A. Tho tok over garden etter foreldra.

4) Tov A. Tho, gardbrukar og tømmerkøyrar, f 1874 i Hjartdal d 1918 gm Signe Jonsdtr. Høgetveit f 1884 d 1918. Born: 1 Ragnhild f 1916 d s.å. 2 Signe f 1918, ugift, bustad Oslo. Signe har arbeidd som ekspeditrise.

Sjukdom ramma den vesle familien. I 1918 døydde både Signe og Tov. Berre veslejenta Signe fekk leve. Ho flytta til bestemor si på Høgetveit, og budde der til ho var vaksen jente.

Tov sine sysken bruka garden. I dødsbuauksjonen etter Signe og Tov A. Tho kjøpte broren Olav garden. Han budde ikkje på garden sjølv. Systrene bruka.

4a) Ragnhild A. Tho, gardbrukar, f 1870 i Seljord d 1929 her, ugift.

Ragnhild Tho budde og arbeidde på To all sin dag. Ho hadde stulsdrift frå Svinom i meir enn 30 år.

4b) Bergit A. Tho, gardbrukar, f 1887 på To d 1953 her, ugift. Ho styrde garden, først til systera Gunhild fekk skøyte i 1933, og seinare, etter at Gunhild var død, til hennar son Egil G. Tho tok over Myljom-To i 1940.

I 1929 blei systera Gunhild A. Rugtveit, busett på Rugtveit i Seljord, enkje. Ho flutte heim til Myljom-To.

5) Gunhild A. Rugtveit, gardbrukar på To frå 1929, eigar 1933-34, f 1884 her d 1934 gm sitt syskenbarn Gjermund E. Rugtveit f 1862 d 1929 i Seljord. Born: 1 Egil f 1919, sjå 6). 2 Ragnhild f 1921 gm Olav O. Deila frå Vestsida i Heddal, har borna Andres, Ove og Gunnar.

Gunhild kom attende til To saman med dei to borna sine, og busette seg på garden. I 1933 fekk ho skøyte på Myljom-To. Året etter sat borna att morlause. Sonen Egil fekk skøyte på Myljom-To i 1940. Han skreiv seg for Tho.

6) Egil G. Tho, sosialsjef og gardbrukar, eigar 1940-81, f 1919 på Rugtveit i Seljord, voks opp på morsgarden To, d 1999 gm Aslaug O. Flatland, f 1919 på Nord-Flatland d 1992, gardbrukar og husmor. Born: 1 Olav f 1944, sjå 7). 2 Gunnar f 1945, agronom, gm Kjellaug Finne, f 1946 d 1984 på Voss. Dei har borna Anlaug og Ragnhild, bustad Voss. Gunnar Tho arb. som fagmann ved slakteriet på Voss. 3 Anders f 1950, siviløkonom, gm Bjørg Karstensen f 1956 på Onsøy, har borna Inger Anne, Maria, Bjørnar og Vegard, bustad Sandefjord. Anders Tho er administrasjonssjef i kyrkja i Sandefjord kommune. 4 Gunhild f 1955, lærar, skilt frå Nils Gunnersen f 1956, har borna Ingvild, Eirin og Anja, bustad Slemmestad.

Aslaug og Egil G. Tho hadde vanleg gardsdrift med mjølkekyr, foringsdyr og noko sau. Egil dreiv også med nydyrking og noko skogsdrift. Aslaug og Egil Tho bygde ny våning og moderniserte og bygde nytt på drifts-bygningen.

Mykje av det daglege gardsarbeidet fall på Aslaug Tho. Ho styrde heime medan mannen var på arbeid i Sauland. Om somrane hadde ho seterdrift på Svinom.

Egil Tho var eit døme på ein ny type gardbrukar, som det blei mange fleire av i ættleden etter. Han hadde to arbeidsplassar, dobbeltarbeid o