Hjartdal historielag
|
| Om web-sidene | Vedtekter
| Styret | Kontaktblad | Logo
| Gjestebok
| Bli medlem |
arbeider i nåtida - med fortida - for framtida!

Formann: Torkel Hytta, 3692 SAULAND. Tlf.: 350 23 391
Sekretær: Brit Ingjerd Hjartsjø, 3690 HJARTDAL. Tlf.: 350 24 951
Kasserar: Svein Bakkalia, 3692 SAULAND. Tlf.: 350 23 150
Styremedlem: Øystein Åsen, 3697 TUDDAL. Tlf.: 95743474
Styremedlem: Geir Brukås, 3692 SAULAND. Tlf.: 350 24 979 90950 008
Styremedlem: Torunn Gjerjordet, 3692 SAULANDVara: Anne Tone Larsen, Torkel Gjerde
Valgkomite: Ivar T.Dahl, Leif SkojeAnsvar for websider og kontaktblad: Leif Skoje, Tlf./SMS: 48237883
Godkjent på årsmøtet 1991
§ 1 Hjartdal Historielag skal ha til føremål å vekke, auke og spreie interessa for fortida til Hjartdalsbygdene.
Laget skal legge vekt på at bygdehistoria blir sett i samanheng med annan historie og med dei samfunnstilhøva vi har i idag.§ 2 Laget skal stø opp om og eventuelt drive, vern av kulturminne i Hjartdalsbygdene, eller med tilknyting til desse bygdene.
§ 3 Laget skal vere medlem av Landslaget for lokalhistorie, og der det er naturleg, samordne arbeidet sitt med Telemark Historielag og lokale historielag elles.
§ 4 Laget skal ha eit styre som er plikta til å føre protokoll for alle møte og andre aktivitetar.
Styret skal om det er mulig, ha representantar for ulike delar av kommunen, ulike aldersgrupper og begge kjønn.
Styret skal ha 6 medlemmer, 2 varamedlemmer og ein valgkomite på 3 personar. Minst 4 styremedlemmer må vere tilstades for at vedtak kan bli fatta. Dersom det er 4 elle 6 tilstades, skal formannen nytte dobbeltstemme ved avstemningar.
Ein revisor skal utnemnast utanom styret.
Styret skal velgast for 2 år av gongen.
Årsmøtet velger formannen, elles konstituerer styret seg på første styremøte etter årsmøtet.§ 5 Årsmøte skal haldast kvart år før 1.april.
§ 6 Skal vedtektene forandrast, må det vedtakast på årsmøte med 2/3 fleirtal.
Framlegg til endringar må sendast via styret til alle medlemmene seinast 14 dagar før årsmøtet.§ 7 Skal laget oppløysast, må det vedtas på årsmøte med 2/3 fleirtal. Framlegg om oppløysing må sendast via styret, til alle medlemmene seinast 14 dagar før årsmøtet.
Ved oppløysing skal Hjartdal kommune overta eigedommen til laget, og disponere denne etter rådføring med Museumstenesta for Aust-Telemark.
Dette
er eit lite blad i A5-format som blir
sendt til medlemmene. Bladet har komme ut til heilt uregelmessige tider, og
vil i beste fall fortsette med det.
Vi treng bidrag frå medlemmer og andre intresserte. Så ta gjerne kontakt ved
E-post
Les eller last ned kontaktblada her (PDF Kan ta litt tid)

Logoen
til HHL skal vere ein forenkla teikning av ein stavkyrkjeportal. Alle bygdene
i Hjartdal har hatt stavkyrkjer.
Sauland stavkyrkje blei reven i 1860, men
portalen blei berga, og står nå utstilt på Historisk museum i Oslo. Det var
denne som avgjorde takhøgda da utstillingshallen blei bygd.
Førebels er dette ein ide. Logoen er ikkje
endeleg utforma.
Websidene til Hjartdal historielag starta opp i 1998. Dei var frå ca 1.1.2001 plasserte hos Network Computing Spectrum as i Kviteseid. Frå 2008 er dei plasserte på "Norgesveven" hos www.webconsult.no
Ein kan gjerne bruke stoff frå desse sidene til ikkje-kommersielle formål, men oppgi kilde, og gjer oss helst merksame på bruken.
Om innhaldet på sidene er å seie at eit hovudområde er utvandringshistorie. Dette kjem av at bygdene har hatt ei svært tidleg og stor utvandring. Det var markeringa av eit utvandrarjubileum i 1989 som gjorde ideen om eit historielag til noko konkret. Den gongen var det ein del privatpersonar i samarbeid med kommunens kulturkontor som tok seg av arrangementet.
Elles vil ein sjå at HHL tøyer historiebegrepet nokså langt. Slik vil det ofte vere naturleg i lokalhistorisk arbeid. Folkeminnestoff, slektshistorie mv. hører naturleg med innanfor laget.
Denne oppdateringa av sidene er frå 06. februar 2009
Meld deg inn i Hjartdal historielag (200 kr pr år) |
||
|
|
||