| Hjartdal
historielag presenterer ei ny bok frå Hjartdal:
Som eldst av ein stor syskenflokk, som tidleg blei farlaus, måtte han tidleg ta ansvar. Mykje av livsrøynslene hans møter ein i det han skriv. Halvor H. Sisjord har skrive mykje for avisene "Telemarkingen" og "Telen", og mange har gledd seg til å lesa tekstene merkt HHS. Heile si tid har han vore ein ordformar i skrift og tale. Aller best er det å høyre tekstene bli framførde av forfattaren sjølv, med stor innleving og eit kraftfullt språk. Utvalet av stoff skal i denne boka syne den store breidda i skrivinga til HHS. Han har særleg vore "bruksdiktaren" som har produsert velegna tekster til mange ulike høve, men han er like kjent for dei mange dikta sine. Dikt og visetekster i ulike former møter vi, oftast med ein original tanke mellom linene. HHS har også skrive ned folkeminne og lokalhistorie. I boka finn ein mange døme på dette. Vi møter også kåsøren/ journalisten/ petitskribenten i si eiga tid. Mange "Hjartdalsbrev" har gleda lesarar av telemarksaviser. Dessutan er her ein god del andre artiklar der han på sin litt underfundige måte behandlar eitt og anna i kvardagen. Framsida og teikningane i boka er laga av kunstnaren Gunnar Bosnes (f.1920), som er busett i Hjartdal. Han er kjent også i mange andre samanhengar for sine fine teikningar med motiv frå Hjartdal. Leif Skoje, Olav Tho __________________________________________ Ein stubb frå boka: OLA VEDHOGGAR Det var for det meste i skjolet Ola var om vintrane. Han kløyde ved. Det gjekk ikkje fort, men jamt og trutt. Det knatt og knaka sprøtt av kubbar som sprakk. Det song i vedskier som spratt til sides, eller det lyddest små ras frå vedhaugen som stadig voks, og butte dump av økse-egg mot hoggestabbe. Eit lite opphald. Hender fomla etter ein ny kubbe. Opp på stabben med han - og så knatta det og knakk, knatta og knakk. Ola var ein viktig person. Han levde lenge før skrukløyvarar og hydrauliske kilar kom til tuns. Elektriske varmeovnar var det heller ikkje. Ved måtte det til, og det i store mengder. Ola lika best å kløyve tørrgrann-kubbar. Det var sangved det. Somme tynne fine skier av gran, hadde tydeleg ein liten tone i seg, når dei spratt unna økse-eggen og skrensa mot vedhaugen. Og av og til lukta det tørrgran så godt. Det hende han la ei skie mot nasen. Det måtte vera harpeis som liksom på ein måte hadde blitt foredla etter treet turka. Det var ei aning av kardemommeduft. Ingen annan ved var som tørrgran. Det raraste var det med klangen. Ola høyrde svært godt. Han såg alltid ut som han lydde. Andletet hadde eit mildt og mjukt lydande drag. Før jul, stod Ola i skjolet til langt utover kveldane. I romjula skulle ingen hogge ved - haugen måtte vare til over nyttår. Skotet låg tett inntil hovudvegen. Mange folk gjekk i den tida og la meir merke til ting. Var det framande folk som for, undra dei seg over denne vedhogginga. I skjolet var stummande mørkt. Det var mest nifst - ingen kunne vel bruke skarp øks utan lys? Det var ikkje som det skulle - det måtte vera spøkeri! - Ein attergangar - som aldri blei ferdig med vedhogsten. Men det var det ikkje, det var berre Ola, det knatta og hogg, hogg og knatta - i timevis. Ola trong ikkje lys. Han var blind, hadde vore det, og blei det - all si tid. |
Boka kostar 300 kr Halvor H.Sisjord Tlf.: 350 24933
Høyr
Halvor lese eigne dikt
KVARDAGSTANKAR Dei seier livet Er lett og tungt Sola vermer
|