Hjartdal sparebank 100 år.
AHW:
Det var i januar 1857 at formanns og representantskapet i Sauland vedtok å selje
kornmagasinet i bygda for å deretter å bruke pengane til å opprette ein kommunebank.
Saulendingane kom langt med planane. Regjeringa godtok bankplanen, kommunestyret
valde forstandarar, og ordføraren kjøpte inn protokollar. Men banken blei ikkje realisert.
Svaret på kvifor det ikkje blei nokon bank i Sauland før 40 år seinare, er ikkje enkelt å gje
svar på.. Mulege svar er at 1860-åra var vanskelege. Det var ein sein og kald vår, det var
lite av såkorn og poteter, folk svalt, og mange måtte ta opp lån for å greie seg. Kanskje
pessimismen spreidde seg. Det kan og ha vore problem å få folk til å påta seg bankarbeid,
og det kan ha vore lokal motstand mot å etablere bank.
Først i 1897 fremjast forslaget om å grunnleggje bank i Hjartdal på nytt. Denne gongen er
det bonden og læraren, O.S.Haugan, som legg fram saka i kommunestyret, og ein komite
blei sett ned for å arbeide vidare med saka.
1. oktober 1898 er første opningsdagen til Hjartdal Sparebank, og det er i Ola Lias hus i Sauland banken held hus, før det blir innflytting i Sauland ysteri og varelag i februar 1900. I 1952 kom banken i kommunehuset, før Hjartdal Sparebank flyttar inn i eige hus i 1975.
I løpet av desse hundre åra har banken berre hatt fire banksjefar. Den første var Kjetil
Dahlen (på bildet), i 1927 overtok sonen, Halvor Bøe. Mathis Håtveit overtok stillinga i 1963 og var
banksjef fram til han gjekk av for aldersgrensa i 1981. Frå dette året overtok Helge
Granlund.
Forfattaren av jublieumsboka, som har fått namnet "Vekst og varsemd i 100 år", har
prøvd ikkje berre å lage ei banksoge, men ei hjartdalssoge. Boka inneheld difor politisk
bakgrunnstoff, dessutan lokalt kultur og samfunnsliv i Hjartdal gjennom 100 år.