Knud Gislesen
(1801-1860)
Læraren og presten
frå Hjartdal

Av Gudrun Hovde Gvåle


Fødd i Hjartdal
Lærelyst
Til Universitetet
Styrar ved Askerseminaret
Folkeopplysning
Lærebokarbeid
Sorg og glede
Sokneprest i Gjerpen
Biskop i Tromsø
Siste år
Hovudkjelder

 

Artikkelen er trykt i "Telemark historie" 1989. 
Publisert med løyve frå Telemark Historielag 1999

Utvidinga og utbygginga av "Almueskolen" frå 1739 for konfirmantførebuing til ei meir allsidig grunnopplæring, sette straks nye krav til ei lærarutdanning for skulen. Såleis kom det lover om "Stifts-Seminarier" i alle landsdelar frå 1820-åra. Desse seminara ga heilt nye vilkår for evnerik landsungdom, ikkje berre til å få ei lærarutdanning, men for ein del som grunnlag for vidare skulegonge, helst ei akademisk utdanning, som gjorde dei i stand til å gjera ein verdifull innsats i kultur- og samfunnsliv. Som døme frå øvre Telemark ligg det nær å nemne A.O.Vinje framom alle, men også mindre kjende som Halvor Folkestad frå Bø og Knut Gislesen frå Hjartdal. Vi skal her sjå litt nærare på livet og innsatsen til den sistnemnde.

Fødd i Hjartdal

"Jeg Knud Gislesen er født den 29de December 1801 paa gaarden Løxlie i Hjerdal i øvre Telemarken." Slik opnar Gislesens levnedsbrev (L) i Gjerpens kaldsbogs series pastorum.

Foreldra hans var Gisle Knudsen, fødd på Rue, Hjartdal 1771, og Maria Pedersdatter, fødd 1758 på Varlo i Bakke sogn, øvre Eiker. Ho var såleis 13 år eldre enn mannen, og hadde kome til Hjartdal i teneste hjå sogneprest E. S. Bloch. I 1796 vart ho gift med "Klokker og Gaardbruger" Gisle Knudsen, som naturleg nok var godt kjend i prestegarden, "i embeds medfør". Ekteparet fekk i 1799 dottera Anne, i 1800 Mari, og så til sist einaste sonen Knut i 1801, så seint på året at han har ikkje kome med i folketeljinga det året.

Maria Pedersdatter vart kjend som eit overlag forstandig og beintfram elskeleg menneske, gavmild mot fattigfolk og tiggarar, og "gjennemtrængt af et kristelig Alvor". (H)

Gisle Knudsen hadde kjøpt garden Løkslid av eit bamlaust ektepar, ein uneleg liten gard med romslege, velbygde hus, som står trygt der enno idag. Ved sida av å vera ein drivande bonde, var Gisle Knudsen klokkar i Hjartdal i bortimot 50 år, til han tok avskil i 1842. Han blir omtala som "en høit begavet Mand, - og broder af den anseede Torkel Rue". Ei uvanleg vakker handskrift skal han ha hatt, og han forsto betre enn andre å uttrykke sine tankar, både i tale og skrift, blir det sagt. Som lærar og kyrkjesongar gjorde han framifrå godt arbeid, hjelpte folk med å skrive brev o.l., og laga visstnok det fyrste oversynet over prestar i Hjartdal heilt attende til katolsk tid.

Lærelyst

Alt tyder på at Knut Gislesen hadde ein trygg og god barndom og oppvekst, i det ein visstnok kunne kalle ein haugianarheim utan ytterleggåande pietisme. "Gudsfrygt med Nøisomhed" syns ha vore mottoet der. Borna fekk ta del i arbeid ute som inne, som vanleg var på den tid, men kunne og koma ut i lag med jamaldringar som bom og unge.

Om den unge Knut blir det sagt at han svært tidleg synte uvanleg gode evner og stor lærelyst. Lesing, skriving og rekning lærde han fyrst heime av far sin, seinare på omgangsskulen, der han merkte seg ut framom andre. Noko av det same høyrer ein om han alltid seinare og, gjennom heile hans utdanning, alltid med fine eksamens resultat.

Dette syns på ingen måte ha stige han til hovudet eller fått han til å skilja lag med jamaldringane. Tvertimot så har ungdomsvener fortalt at han var ein triveleg unggut, som dei gjerne ville ha med i "Leik og Lag". (H.)

Og med vart han, i mange fine ungdomsår. Han vart konfirmert i Gransherad kyrkje av sogneprest Lind, 26. oktober 1817. Og straks etter er han tatt ut til å vera ungdomsskulelærar i Hjartdal. Men alt året etter fekk faren han til å søkje seg inn på det nyoppretta lærarseminaret, "Kosaskulen" i Kviteseid. Og skulen der kveikte lærehugen hans endå meir, men førebels heldt han fram som lærar i heimbygda, og det i heile fem år. - Han vart såleis verande i Hjartdal til han var 23 år. Som annan bygdeungdom var han med i gardsarbeidet heime om somrane, men dessutan hadde han ved sida av lærararbeidet til dels oppgåver som klokkar i staden for far sin, og ei tid var han huslærar for dei to sønene til presten Meldahl i Hjartdal. Heile tida las han på eiga hand, "de gamle Sprog" (L.) med hjelp hjå prost Heyerdahl i Tinn og dels hjå Hans Landstad (far til M. B. L) i Seljord.

Alle lærarane hans rådde han innstendig til å studere vidare. Men i lag med sine jamaldringar var han heile tida ein vanleg bygdegut, grei og gladvær og godt likt. Sjølv har han framstilt det slik at han "nød Livets Fornøielser og Glæder i fuldt Maal, - og glemte i flere Aar den Gud som i Daaben havde sluttet Pagt med mig." - Noko i den retning av utskeielsar av noko slag fins det absolutt ikkje om han i nokon skriftleg eller munnleg overlevering. Så det er nok den seinare teologen, ytterst sjølvkritisk og audmjuk, som har sett på seg sjølv som ein "bortkomen son" desse åra. Men han har tydelegvis vore glad i livet og glad med dei glade, ung med dei unge, og barn av si tid. Han voks opp i så å seia vårt beste folkeminneområde, i ei tid då mellomalderballaden, folkevisa endå var livs levande og ofte lydde der folk kom saman i lyd og lag, og der songglad ungdom - og eldre med - gjerne laga nye viser og stev på ståande fot. Og så glad som den seinare presten og ikkje minst læraren Gislesen tydeligvis har vore i song, tekst og tonar, så kan ein lett forstå at han var litt av ein visediktar i heilt unge år. Den ytterst sparsame bygdetradisjonen om han har små minningar om det, rettnok herre usikre brotstykke av versa og visene hans. Ein glimt av han sjølv, av bygdelivet og bygdemålet kan kanskje verseliner som desse gje oss:

Og Løkslid det ligg no so fint su’ ’med li
No sie di at Knut skå te Meland o’ fri…

Desse høyrer kanskje til ein annan samanheng:

Men det var no inga skam om di skjent ’n ’n dram,
fe han ha dikta visur om vårr einaste mann.

Like fullt: Heile tida hadde han ein inderleg lengt etter å lære meir, og språklæringa hans syner vel at han hadde visse planar om ei vidare utdanning. Faren hadde nok og rådd han til å bli lærar, men venta vel at han skulle overta farsgarden i si tid og drive den ved sida av læraryrket. Likevel, om det fall tungt, hadde foreldra etterkvart forsona seg med tanken om at "det var Guds Vilje, jeg maatte skilles fra dem", skriv han. (L.) Sjølv måtte han igjennom ein tung sjelekamp for å ta avgjerda om å forlata alt det han hadde så kjært der heime. Seinare såg han at det vart til beste for han at han reiv seg laus, om endå med uvisse og otte skriv han, fordi det "med faa Midler og en saare uviss Fremtid for mig" fekk han til å vende meir attende til si barndoms tru, "til at vaage, bede og arbeide".

Til Universitetet

Så kom han då endeleg, i mars 1825 inn til hovudstaden, og der ser det ut til at han vart overlag godt motteken av både lærarar og studentar ved Universitetet. Vi møter bl.a. kjende namn som professorane Harbitz, Hersleb, Aall, Kaurin, Stenersen og brørne Aubert. Professor Hersleb nemner han sjølv som sin "faderlige Veileder og uforglemmelige Velgjører". Prof. Stenersens (tidlegare) spøkefulle merknad om den gode kollega Hersleb at "Han paatager sig at være alle Daarers Formynder", høvde vel mindre godt i dette tilfellet, men alle visste at han hadde dårleg råd og trong hjelp og gratis undervisning. Namna Hersleb og Stenersen kjenner vi elles frå kyrkjesoga vår, for den alvorlege striden dei førde mot rasjonalismen, samstundes som dei var glade i Grundtvig, om ikkje alltid samde i hans "glade Christendom".

Endå laut den fattige studenten gje privatundervisning i mest heile studietida si, og ei tid hadde han også ein lærarpost ved Møllers Institut. Dette syns likevel ikkje ha heft han mykje frå studiane. Han tok sine eksamenar i rekke og rad, dei fleste til toppkarakteren præceteris, og var ferdig cand.theol. i desember 1830. Straks etter vart han tilsett som adjunkt ved Skiens Lærde Skole; og alt der blir han rost for si særlege evne til grei undervisning og til "uden Strænghed at holde god Diciplin", til å skapa den beste tillit mellom lærar og elev.

Han vart ikkje meir enn halvtredje år i Skien, og lite er elles skrive og overlevert om han frå desse åra. Men han var visstnok ofte heimatt til Løksli, og hadde truleg ein triveleg omgangskrins i Skien. Om det vitnar bl.a. det at han gifte seg på den tid, visstnok i 1832.

Han og Sofie Dorothea, f. Finkenhagen (visstnok ein slektning av den seinare Hjartdalspresten), fekk tydelegvis ein god heim saman, men berre i 15 år. Dei hadde ikkje bom i lag, men tok til seg ei brordotter av henne, som var hjå dei til fru Sofie Charlotte døydde, i 1847. Stedottera, som og heitte Sophie, gifte seg året etter, men ser ut til å ha vore litt heime hjå stefaren i blant, og særleg siste leveåret hans i Tromsø. Ho har fortalt i brev om hans siste levedagar og død.

Tradisjonen i Hjartdal seier at Knut Gislesen ikkje hadde gløymt jenta han "skulle fri til" på Mæland, men at ho ikkje "våga" å bli prestefrue. - Ikkje alle trur like mykje på den segna.

"Den 2den September 1833 blev jeg naadigst udnævnt til resid. Kapellan til Asker med Forpligtelse tillige at være Førstelærer ved det Skolelærerseminarium, som dersteds da skulde oprettes."

Slik står det i Gislesens levnedsbrev, i den tids ærbødige stil, men kort og greitt som så å seia alt han har skrive. Det er ikkje sagt at han hadde søkt begge stillingane, men ettersom han meir og mindre hadde vore lærar sidan han var 16 år, og alltid syns ha hatt levande interesse for skule og folkeopplysning, tok han rimeleg vis mot lærar-/styrartilbodet i Asker med glede. Der kom han til å virke i heile 22 år, og sette synlege minne etter seg i lærarutdanninga. Og: "Der fandt jeg ret mit andet Hjem, rigt i enhver Henseende", skriv han.

Styrar ved Askerseminaret

Etter skulelovene frå 1821 og 1827 skulle det setjast i gang lærarseminar i alle "Stift" i landet. Offisielt vart Trondenes-seminaret det første som vart oppretta, men "Kåsaskulen" i Kviteseid hadde kome i gang, på privat grunnlag, alt i 1819. På ein tredjeplass kom så Asker seminar i 1834, med Knud Gislesen som styrar.

"Almueskolen" kom alltid til å ligge hans hjarta nærast, og den syns han framom alt ha for auga også i lærarutdanninga. Han hadde sjølv ei eigen evne til å samtale med "Almuebørn", skriv fru Gislesen, slik at dei gledde seg til å bli "kategisered" av han (!), "thi han gjør det paa sin vante, venlige, stille, Hjertet tiltalende Maade".

Som lærar ved seminaret har Gislesen og fått mange fine lovord, både frå hans elevar og av andre som har skrive om han. Såleis heiter det at undervisninga hans "var sjældent lærerig, grundig forberedt, klar og tiltalende baade for Aand og Hjerte, samt lagt an paa alle Sjæleevners harmoniske Udvikling". (H.) Det går fram frå lærebøkene hans at Gislesen såg sitt fremste mål i å styrke ein (kristen) personlegdom hjå sine "Diciple" ved å framelske ei levande tru. For bare "Troen kan bringe Liv og Lys i deres Hjerter". Men fagkunnskap trong ikkje dermed bli forsømt. Ei levande tru skal hjelpe til å formidle god kunnskap. Og Asker seminar fekk gjetord for å sende ut flinke lærarar, ikkje minst fordi skulestyrar Gislesen "forstod uden at skade deres Eiendommelighed at fremelske og udvikle det bedste hos dem". (H.) Kjernelov for god pedagogikk for alle tider, kan ein seia. At han oppnådde så mykje i den lei, kom nok i stor mon av den hjartevarme som så ofte blir nemnt som eit fengslande drag ved all hans forkynning og undervisning.

Han var ei tid også levande opptatt av samtidas pedagogiske idear ute i Europa, ikkje minst teoriane til sveitsaren Pestalozzi, "folkeskulens far" - blant dei tyske særleg seminarleiaren W. Harnisch, og forbigåande likeins ideane om "innbyrdes undervisning" hjå den engelske Joseph Lancaster.

I 1836 fekk han eit offentleg reisestipend for ei studieferd til Danmark og Slesvig-Holstein, der han framom alt skaffa seg personleg kjennskap til korleis dei der hadde ordna "Skolelærer-Seminarienes Indretning", noko han var mykje opptatt av i grunnleggingsfasen av seminariet i Asker. - Og då han etter årelangt mangfelt og uhyre samvitsfullt skulearbeid kjende seg heller nedsliten, og dertil tyngd av personlege sorger, søkte han og fekk permisjon frå stillingane sine i 1849-50 og reiste på eigen kostnad på studiereiser til fleire europeiske land. I over eit år studerte han skulestell bl.a. i Tyskland, Belgia, Sveits, Østerrike og jamvel ein snipp av Italia før han la turen heim over Sverige. Ein ser merke etter både lesnaden og reisene hans i det han har skrive om skulespørsmål i samtida.

Gislesen var nok teolog av utdanning og hadde embete som res.kap. i Asker, og han såg grunnlaget for all god opplysning i "en levende Tro", men fyrst og fremst var han læraren og sette merke etter seg i si lærargjerning. "Gislesens væsentlige betydning ligger på skolevesenets område. Han drev Asker Seminar op til at bli det mest anseede i landet og mønster for de mindre stiftsseminarer." (H. Blom Svendsen, No. biogr.lex.)

Folkeopplysning

11830-50 åra var allmenn folkeopplysning eit hovudtema i norsk politikk og kulturliv; ein kan berre minne om Wergelands innsats i den samanheng. Interessa breidde seg snøgt etter at Stortinget vedtok formannskapslova av 1837, som kravde lokalt sjølvstyre etterkvart til avløysing av embetsmannsstyret overalt i landet. Den nye ordninga sette heilt andre krav til allmenn kunnskap og opp1ysning. "Almueskolen" skulle ikkje berre førebu gjennomføring av skulelovene, og heile tida var det i gang drøfting og ordskifte i møtelyd og presse om skulespørsmål. Mange kjende namn er å finne i pressedebatten, og blant dei er også Knud Gisleson. Han vart i 1843 "tilforordnet Medlem" av "Den store Skolekommisjon av 1839", og tok aktivt del der i fleire år. Vi finn innlegg av han om skulespørsmål i annaler, fagskrifter og aviser som t.d. Daa’s "Norske Tilskuer", Morgenbladet, osv.

Han hadde stendig "Almenskolen paa Landet" for auga, og i eit møte i kommisjonen i 1845 har han fått protokollført ein dissens, "avvigende Meninger" mot fleirtalet, om eit utkast til visse lovendringar for den skulearten. (Univ. og Sk.-annaler). Det gjeld både fagplanar og arbeidsmåtar i omgangsskulen, der han sjølv hadde undervist, og der dei fleste av seminaristane hans framleis kom til å undervise.

"Sand christelig Oplysning og Gudsfrygt" må vera grunnlaget for all undervisning, men i sin dissens til utsegna om lovutkastet krev Gislesen meir vekt på lesing "av trykt og skrevet", særleg Nytestamentet og "Søndagstexterne". Almueborn og unge bør dessutan få lære utanåt "nogle af de skjønneste Psalmevers" og dermed lære dei kjende og kjære salmemelodiane. For sang må koma med på timeplanen. Vi ser her eit døme blant mange hjå han på kor glad han må ha vore i salmeskatten vår, både tekster og tonar. Han har tydelegvis hatt mykje glede av songen både i si kyrkjesongartid og som lærar, truleg også i lærarseminariet. Elles krev han meir av "Anskuelses- og Taleøvelser" enn fleirtalet, for der kan dei unge få ta i bruk evner det er om å gjera å få utvikle tidleg for den nye samfunnsordninga. Verd å nemne er og den vekt han legg på eit praktisk tilsnitt i undervisninga, for mykje abstrahering kan gå ut over klar forståing og vidare læring hjå dei svakare "Almuebørn".

Religion er framleis viktig, men den nye skulen må legge meir vekt enn før på slikt som skriveøvingar og "Retskrivning og Stil". Det er "Almennyttige Kundskaber", liksom også praktisk rekning (i hovudet og på tavla!) som må få utvida timetal. Og både i dissensen og i annan samanheng seinare går han eldfullt inn for at skulen må gi eit grunnlag av allmenn kunnskap "om den Jord hvorpaa vi boe, om det Folk hvortil vi hører", om vårt lands geografi, historie og forfatning. Kunnskap om slikt må bli å finne i lesebøkene, seier han; det vil gje dei unge "Kjærlighed til Fædrelandet, Lyst og Evne til at gavne det".

Lærarutdanninga må no ta sikte på ei allmenn folkeopplysning. Han er overtydd om at opplysningsnivået over alt i landet vil avhenge av den "Dannelse" læraren i skulekrinsen har tileigna seg. - Vi anar vel her noko om vokstergrunnen til det fine lærarstand vi fekk i tida fram imot unionsoppløysinga. På fleire punkt her finn ein minningar om dei synsmåtar som skapte folkehøgskulen utover hundreåret. Og så godt som Gislesen heile tida fylgde med i europeisk skuleutvikling, har han nok kjent til, og truleg verdsett høgt, visse sider ved det vi vanlegvis kallar Grundtvigs folkehøgskule. (Jfr. framanfor her om fag som song og fedrelandskunnskap. Men grundtvigianar i religiøs meining var ikkje Gislesen; sto nok nærare Haugerørsla og prof. Hersleb/Stenersens synsmåtar.)

11851 har skulekommisjonen vore særleg opptatt med eit nytt lovutkast for skulen på landsbygda, om "Extra-Seminarier" (m/eksamen berre for prosten) i tillegg til Stiftsseminariene. Gislesen støttar framlegget fullt ut, han har omsut for å få nok lærarar til bygdene. (Chra.-Po sten 1851). Men han er høgst uenig med dei i kommisjonen som ventar seg betre lærarar frå slike små provisoriske seminar enn frå dei større, etablerte; ser ingen som helst grunn for "et saadant Haab".

Av andre "Bemærkninger" her, verd å nemne, er at Gislesen åtvarar mot den sparepolitikken som ville redusere skuleåret for Almuen frå minstekravet 12 veker til 10, og likeins mot utvida skulekrinsar og høgare elevtal i klassene. (Kjenner vi oss att her?) Forvitneleg er og det han nemner om at ein omgangsskulelærar (utan lærarjord) har det økonomisk verre enn ein vanleg husmann. Merknaden kjem i debatten om å få ein skuletermin om sommaren. Gislesen ville stemt for det, men så lenge lærarløna er så uhyrleg låg, har ein lærar ikkje råd til å bli bortheft med skule om sommaren. Då lyt han ta seg betre betalt arbeid for å overleve… Det er på høg tid no å få vedtatt anstendige lærarløner og å gje offentleg stønad til lærarutdanning, skriv han. Det er uforsvarleg at dei styrande vil nytte si makt til tvertimot å redusere pengeløyvingane i det heile til skuleverket; dei burde kjenne betre sitt ansvar for allmenn folkeopplysning. - Såpass myndig kan tonen bli hjå den vanlegvis så stillfarande debattanten. Mange av synsmåtane hadde og framtida for seg, er aktuelle enno i dag.

Lærebokarbeid

Ei anna oppgåve Gislesen tok seg mykje av, og visst har arbeidt med i årevis, var å revidere, forbetre og få ut nye lærebøker i kristendom, hans eigentlege hovudfag. I 1844 gav han ut ei revidert lærebok for Almueskolen av Luthers litle katekisme, med visse rettleiingar og nokre salmevers, - alt til å fremja ei djupare forståing og innleving, som han skriv. Katekisma hans kom i 5 nye opplag utetter hundreåret og "har været til uvurderlig Hjælp for Lærerne", skriv biskop Bøckmann så seint som i 1903. I 1847 fylgde ny utgåve av Luthers større katekisme, med same opplegg som den mindre 1844. Den større var tenkt til bruk både i seminariet og til hjelp for lærarar i allmennskulen.

wpe4.jpg (24109 bytes)
Tittelblad og dedikasjonsside frå Gislesens Bibelhistorie (Boka er i Hjartdal historielags eige)
wpe3.jpg (14254 bytes)

I mellomtida var han i gang med å få til ei ny bibelhistorie for den skulen. Slike lærebøker hadde vi fått fleire av alt, skapt både i utlandet og her heime. Mest kjend og brukt var visstnok den av prof. Hersleb. Men til grunn for si bibelsoge hadde Gislesen valt å legge den tyske "Biblische Geschichten" av A. C. Preuss, kjend Seminardirector i Kønigsberg. Det er "den fortrinligste Bog af den Slags" han kjenner til. Han har endra opplegget noko, lagt litt til, utelatt somt, og skapt si eiga lærebok som kom ut i 1853. Han har nytta den nyaste bibelomsettinga og lagt vekt på å "sætte de bibelske Historier i Forbindelse med Catechismens Lærdomme", skriv han i forordet. Boka si har han vigd (dedikert) til dei han sjølv har konfirmert, vonar ho kan hjelpe dei og heimane til rikare bibelkunnskap. Men bibelhistoria er tenkt som lærebok på lågare som høgare skulesteg, inneheld "fuldstændig nok for ældre Diciple og for Undervisningen i høiere Skoler".

Karakteristisk for han er merknadene om det reint språklege. Han har mest mogleg nytta bibelens eigne ord og framstillingsmåte, den er så enkel og liketil at det vil "uimodstaaeligen" fengsle "det bamlige og fromme Gemyt".

Opplegget for bibelsoga har mykje sams med katekisma hans, men eit meir personleg preg. Under overskrifta for kvart lesestykke nemner han fyrst bibelstaden og så eit skriftord som motto for stykket. Etter teksten kjem eit anna skriftord som ei opp summering, og til sist fylgjer alltid eit salmevers. Alle tillegga er meint til å framheve hovuddrag i lesestykket til fordjuping for dei unge og, som han skriv, til å "indprente et Bibelsprog i deres Hukommelse".

Verd å merke er det at her møter vi att gleda hans ved dikt og tonar. Til dei hundrevis av salmevers under lesestykka har han alltid gitt opp melodiane. Dei er tenkt til å syngas! Og dermed vil dei unge, skriv han, kanskje lære for livet mykje av vår herlege salmeskatt, tilliks med bibelorda.

Salmediktaren derimot blir aldri nemnd. Versa er vel frå Kingos og andre salmebøker i bruk den tid; eindel er å finne i salme/sangbøker endå i dag, men mange er ukjende for folk flest. Kan Gislesen vera forfattaren til somme av dei, og løyner han seg attom den gjennomførde anonymiteten? At mange sette mykje pris på versa i bibelsoga hans, vitnar tydeleg det, at dei kom samla ut i eit eige hefte etter nokre år, kosta av kyrkjelydar i grannebygdene til Asker.

Gislesens bibelhistorie kom i fyrsteutgåva 1853, vart snøgt kjend og kom i mange opplag.

I 1858 gav han ut ei litt omarbeidd og utvida utgåve, som likeins vart mykje nytta, særleg i lærarutdanninga.

Sorg og glede

Mot slutten av 1840-åra kjende Gislesen seg hardt nedsliten, forståeleg nok, etter så intens aktivitet og i dobbelstilling i eit par tiår. Andre ting kom til og gjorde livet tungt for han i desse åra. Fyrst miste han kona, Sofie Dorothea, i 1847, og året etter gifte stedottera seg og flutte heimanfrå. Same året gjekk mor hans, Maria Pedersdatter, bort, og i 1852 døydde far hans, nær 82 år gamal. Sonen har nok vore heim att til sitt kjære Løxlie mange gonger desse åra, men har vel kjent meir til vemod enn glede ved ættegarden etterkvart. På Hjartdals kyrkjegard står ein stor jarnkross han har reist over foreldra sine, og så over systera Anne, som hadde døytt i 1820. Den andre systera, Mari, hadde reist til Amerika. - Han var heller einsam…

Men så opplevde han det gledelege i den tida å bli kjend med og i 1854 gift med ei reint uvanleg evnerik og hjartevarm kvinne, enkefru Henriette Gluckstad, f. Vibe. Ho var 8 år yngre enn han, f.1809, men hadde vore enke i heile 15 år, hadde mist mannen sin etter berre 10 års ekteskap. Sidan hadde ho budd hjå ymse av syskena sine (embetsmenn), lengst på Eiker, der broren var sogneprest. Ekteskapet hadde vore bamlaust, men ho hadde ei adoptivdotter (seinare fru Christiane Holter). Lenge før ho vart fru Gislesen hadde ho blitt kjend (mest pseudonymt) som skribent og forfattar, mest av oppbyggelege skrifter, dels omsettingar frå andre språk. Men frå eigen verkstad hadde ho og hatt på trykk både dikt og prosa, dels for barn (i "Julegave"), og mest kjend var ho for "En Moders veiledende Ord til sin Datter" (1843). Boka hadde kome i fleire opplag, og jamvel på svensk, tysk og engelsk. - Ho sette likeins merke etter seg som ein pioner i misjonsarbeidet, fekk i gang kvinneforening for det i Eiker-tida og sidan mange stader i landet.

Det nye ekteskapet kom berre til å vare snaue fem år. Men den heimen ho og Knud Gislesen fekk ha i lag, vart noko reint uvanleg fin og harmonisk, og vel signingsrik på mange måtar.

Dei to hadde nok ein heller ulik bakgrunn; ho sprungen ut av dei høgste embetsmannskrinsar, med den livsstil og "Dannelse" som til høyrde; han av rotekte bondeætt og med kulturarv frå Telemark som grunnlag for si akademiske utdanning og si livsoppgåve. Ja, prost Lange, ei tid prest i Asker, seier det slik, om han, at han både som prest og lærar alltid hadde eit visst "folkelig Tilsnitt i sin uttrykksmåde og sine Billeder; Bondegutten forsvandt aldri helt". Men om bakgrunnen kunne vera ulik, så hadde livsrøynsle og åndsvokster gjort dei mykje like i verdisyn og ansvarskjensle som kristne medmenneske.

Berre eit års tid vart dei buande i Asker. Som nemnt hadde helsa til Gislesen byrja svikte, så han kjende seg ikkje lenger i stand til å greie dobbeltstillinga som skulestyrar og prest. Han søkte og fekk embete som sogneprest i Gjerpen 1855.

Sokneprest i Gjerpen

Som prest blir han omtala framom alt som ein høgst pliktoppfyllande, samvitsfull geistleg, ueigennyttig og hjelpsam med kollegaer og kravlaus for seg sjølv. Prost Lange fortel at Gislesen ofte sat og skreiv på sine preiker til langt på natt, og deretter "memorerte dem med utrættelig Flid". Han har knapt vore nokon glanspredikant, framførde sine heller lange preiker på ein anstrengt måte, blir det sagt. Når han like fullt ser ut til å ha vore mykje avhalden også som prest, kom det nok av hans særmerkte sjelesørgartalent og eit uvanleg tillitvekkande, finsleg lag og djup menneskeleg forståing, som vi ofte høyrer om. Utforminga si av preiker og skrifter ser han ut til aldri å ha vore fornøgd med, han fila visstnok og pussa på dei stil siste frist. Men han har hatt ei fin evne til å utlegge skriftordet på ein så enkel og likefram måte og med ein slik ekte hjartevarme, at tale og samtale vart det ein vil kalle sant oppbyggeleg.

Gislesen hadde kjent det tungt å reise frå Asker, etter heile 22 gode, meiningsfylte år, og der han hadde møtt slik kjærleik "fra Menigheder, Diciple og Medbrødre", som han seier. Det var framom alt av helsegrunnar han hadde søkt seg bort, men det vart nærast frå oska og i elden.

Gjerpen var eit heller stort prestegjeld, og så kom han dit nett som "den Lammerske Bevægelse" hadde tatt til å gripe om seg der. Rett nok fann prestefolka også ein krins av gamle haugianarar, som vart til kjærkomen støtte og glede for dei, og frå fyrst av ser dei ut til (særleg fru Gislesen) å ha sett stor pris på storforkynnaren Lammers og. Det var fyrst då han med eit 40-tals andre melde seg ut av kyrkja og grunnla sin "frimenighed" at dei tok avstand ifrå han.

Gustav A. Lammers var fødd i København, men vart prest i den norske kyrkja, og kom til Skien i 1848. Etter ei Europa-reise hadde han fått eit kritisk syn på kyrkjas forvalting av "nådemidlene", særleg misbruk av barnedåpen. Han var kjend som ein fengslande personlegdom og stortalar som lett reiv folk med seg, og han fekk snart stor tilslutnad i Skien og bygdene omkring, ja, rørsla breidde seg til mest heile landet, ikkje minst Nord-Noreg.

Gislesen tok avstand frå både kjetteriet og det usunne svermeriet som fylgde rørsla, og han såg seg snart forplikta til å gjera sitt beste for å roe ned sjelene og rettleie dei villfarne. Det gjorde prestefolka ved bl.a. å byde inn til oppbyggels i Gjerpen prestegard ein ettermiddag i veka der Gislesen på sin enkle, klare måte utla evangeliet og forsvara dei kyrkjelege handlingar. Møta samla etterkvart mykje folk. Og likeins heldt han gudstenester slik at "den tomme kirke fyldtes" (Bøckmann). Han har tydelegvis stette ein religiøs lengt og trong langt ut over dei lammerske krinsar, og berre få melde seg ut av kyrkja den tida Gislesens var i Gjerpen.

Biskop i Tromsø

Dei hadde kome dit i juni 1855. Men ikkje lenge etter fekk han ei sterk oppmoding om å overta bispeembetet i Tromsø Stift. Og endå han kjende seg helseveik og helst ville blitt der han var, så gjekk han med på å overta embetet "med Tillid til Gud, hvis Vilje jeg troede at see", som han skriv i levnedsbrevet. Alt i november vart han utnemnd, og i mai 1856 innvigd til biskop i Tromsø Stift, ikkje fullt eit år etter at han kom til Gjerpen.

Det vart vanskelege og slitsame år. Og hadde han og fru Henriette møtt mistru og uvilje frå dei kyrkje-utmelde i Gjerpen, så fekk dei oppleva reine fiendskapen, "Trusler, Had og Grumhed" fra "Splittelsen" i Tromsø. Om den gav fru Gislesen ut eit særskrift, "Bekjendelser og Vidnesbyrd", men her tar vi berre med enkelte glimt derifrå.

Lammers-rørsla hadde breidd seg mykje der nord, helst gjennom skriftene til Lammers og "vennebrev". Men i tillegg kom der ei langt meir ytterleggåande og udisiplinert vekking, sett i gang av to kolportørar for det Britiske Bibelselskab, og særleg ved skriftene til Olaus Nielsen. Rørsla vart prega av oppøste stemningar, forvirra svermeri og fanatisme, mindre av syndserkjenning enn dømmesjuke, og særleg fordømming av nådemidlane, av kyrkja og prestane. Dei hadde ein viss kontakt også med "Finnebevægelsen", som hadde utarta stygt til valdsferder og drap, særleg i Kautokeinoopprøret 1852, der bl.a. heile prestefamilien vart myrda.

Så vidt gjekk det ikkje i Tromsø. Men der kom stadige utfordringar og hatefulle utfall mot kyrkjelyden og biskopen personleg. Ja, ei tid ser vi at fru Gislesen har kjent "stor Angst" etter å ha høyrt rykte om at ein person hadde åpenlyst truga med å rydde biskopen av vegen.

Biskopen sjølv ser ut til å ha tatt det heile sindig, som han vanlegvis gjorde. Han har trøysta bispinna med at "Gud gjør hvad Ham behager, - om saa tusinde Lammerser opstode". Men det var i alle fall ein mangesidig kamp biskopen laut føre. "Jeg havde Katholikerne nordenfor mig med deres Intriger, og Seperatistene rundt om mig med deres Bespottelser og Skjeldsord mod Kirke, Gudstjeneste og Geistlighed." (Brev.) Nykatolikkane hadde organisert seg i Christiania 1843, og i 1857 vart "Den katholske Kirkes Nordpolsmisjon" grunnlagt i Alta. Den hadde store planar om å innta heile nordkalotten frå Lappland til Nord-Amerika!

Gislesen tok i bruk same motråder som i Gjerpen, med husandaktar i bispegarden og med bibeltimar, forelesingar om kyrkjeritualet o.l. og med gudstenester i kyrkja. Han har hatt som mål å hevde einast kyrkjas, institusjonens, ikkje sin eigen autoritet. Det stemmer godt med det Jac. W. Kvam skriv om han:

"Knud Gislesens hele Maade at være paa var den samme i den daglige Samtales Ubevogtedhed som under Følelsen af Bispeskrudets Alvor, - et ærligt, jevnt og ligefremt Væsen, der Intet fordrede for sig selv, men heller ikke eftergav et Gran i hvad han havde at kræve for de Institusjoner, som han var sat til at lede og beskytte." ("Den norske Kirkes biskoper.")

Og fru Gislesen heldt heile tida fram med arbeidet for misjonen og kvinneforeningane, samstundes som ho var til uvurderleg støtte for biskopen i hans arbeid, som han sjølv seier.

Og Lammers-rørsla roa seg ned, særleg etter at Lammers sjølv gjesta Tromsø i 1857-58, der han stelte separatistane fritt til barnedåpen og irettesette dei som spotta og kom med utfall mot biskopen. Han hadde meldt seg ut av kyrkja eit par år før, men syns alt no ha kome i tvil om mange av sine standpunkt, tok snart avstand frå dei, og gjekk inn att i kyrkja i 1860. Men han vart aldri meir prest.

Også hjå dei andre i "Splittelsen" dovna fanatismen av smått om senn, takk vere den usvikelege innsatsen frå bispegarden. Såleis skriv R. Blom Svendsen om biskop Gislesen:

"Med sit beskedne vesen, sit åpne, fromme og venlige sind vandt han overalt sympati og tillid. Den religiøse giæring la sig efterhvert, og det sies i en nekrolog, -, at om man hadde hatt ham og bispinden nogen år tidligere på Tromsø, vilde man undgåt megen splid og seperatisme."

Ein lyt og undre seg storleg over alt dei to greidde å setja inn av tid og krefter i kyrkjestriden, ved sida av embetstenesta i det uhorvelege bispedømmet, som den tid nådde frå grensa til Trøndelag og nordover heilt til Nordkapp og Vadsø. For på sine 3-4 års tenestetid rakk biskopen å gjennomføre visitas i alle prestegjeld i "Stiftet", i nokre av dei jamvel to gonger. Kvar sommar var han ute på visitasreiser i veker og månader, og fru Henriette var mest alltid med han, var heilhuga med på fårefulle og ofte kummerlege reisevilkår. Berre på dei fårlegaste reisene ville han ikkje ha henne med, såleis til Værø og Røst. Då var ho heime og fullt opptatt med sitt misjonsarbeid og sine brev og skrifter, om enn alltid ottefull for korleis hennes "dyrebare Gislesen" hadde det på sine slitsame reiser.

Også som biskop var han visst altfor samvitsfull og oppofrande. Visitasreisene vart oftast altfor lange, og etterpå kunne han bli sitjande i timar og samtale med menneske som var i sjelenaud, ikkje minst på grunn av all religiøs uro i landsdelen. - Reisene kunne og ta hardt på helsa hans, endå sjølufta gjorde han godt; men i gråkaldt ver var han mykje plaga av "tungt Bryst".

Siste år

Vinteren 1859 vart uvanleg tung for dei begge, på mange måtar. I februar skriv fru Gislesen til pleiedottera bl.a.: "Vi ere blevne trætte heroppe, vi Gamle, og tænke ofte paa Hvilens Tid. Men ho var framleis i gang med å gjera ferdig nye skrifter til utdeling i kvinneforeningane, og det var jamvel meininga at ho skulle bli med biskopen på visitasreise til "Finmarken" i juni; ho skriv at ho gledde seg til den. Men frampå vårsida gjekk det snøgt nedover med henne, og den 10. mai sovna ho stilt inn. - Ho vart 50 år, hadde levd eit rikt liv, og gjekk bort "med den dybeste Fred".

Men for biskopen vart det eit uerstatteleg tap, eit hardt slag som han aldri kom over. "Omkring mig er kun Savn og i mig Sorg", skriv han til ein venn, … "Jeg staar saare ene i Verden. Hun var min Støtte i alt." Etter alles vitnemål har ho vore ein sann kjærleikens apostel, og alle fekk henne kjær når dei lærde henne å kjenne. Eit vitnemål om kor avhalden ho var, er ved det som blir sagt om at då det at ho var død spurdest i Tromsø, der ho hadde møtt så mykje fiendskap frå fyrst av, då gjekk folk på gata og gret; og vart dei spurde om kva dei gret for, kom spørsmålet: "Har du da ikke hørt at vor elskelige bispinne er død?"

Endå så nedfor biskopen kjende seg, tok han likevel etter avtale ut på si lange visitasreise til Finnmark. Frå tidleg i juni månad til fyrst i august gjennomførde han den etter planen, om enn mykje plaga av ein regnfull og kjøleg sommar. Og tyngst av alt var det at han sakna si gode fylgje frå tidlegare reiser så smerteleg. Over alt der han kom, kjendes det liksom meiningslaust at ho ikkje var der, det var "som en Veg var ude".

Etter heimkoma og utetter hausten ser helsa hans ut til å ha vore så tolleg, men han laut stadig prøve nye medisinar for "hosten".

"Men Gud ved om nogen Lægedom kan nytte mig", skriv han til ein venn i oktober. Han var nokonlunde i form utover vinteren ei tid, og preika i Tromsø Kirke på nyårsdagen 1860. Men mørketida tok som vanleg hardt på han, og i mars kom eit slagtilfelle som gjorde han halvt lam.

Også dette syns han ha kome over, og det var meininga at han skulle ta ein kur ved Sandefjord Bad utpå våren. Slik gjekk det likevel ikkje. Fyrstundes i mai vart han skralare att, han vart sengeliggande, og 20. mai var dagane hans talde. - "Vor elskede Faders Dødsleie var saa stille og hellig", skreiv pleiedottera Sophie, som var hjå han dei siste månadene. Og noko av det siste dei høyrde han sa, var at han takka Gud for at han fekk "komme ind i Dit Huus og høre Din Menighed Synge…"

Gjennom alle år hadde heimbygda og åndsarven heimanfrå vore levande hjå han, og heimatt til Løkslid måtte han ofte, siste gong var i 1856 før dei reiste nordover. Og ettersom helsa svikta, var barndomsheimen oftare i tankane deira, skriv fru Gislesen (1858), "Løxlie - som min Gislesen elsker saa høit og taler om … som sin Alderdoms Hvile". - Vemodig at han ikkje fekk nyte sitt otium der. Biskop og bispinne Gislesen har sitt gravmæle på Tromsø kyrkjegard.

Knud Gislesens arbeidsdag fall inn i den tidbolken vi gjerne kallar "det nasjonale gjennombrotet" i 1830-50 åra, den største nyskapingstid i vårt folks historie, ei grortid og vokstertid på så mange område.

På skulesektorens område høyrer Gislesens namn med blant dei fremste som skulle prege framvoksteren av ein høgverdig grunnskule. Han vart og tydelegvis høgt verdsett av si samtid, fekk såleis tildelt den høge svenske Vasaordenen (1843) og den norske St. Olafs Orden (1858).

Det er meir enn tregeleg at den private boksamlinga Gislesen testamenterte til ei folkeboksamling for Hjartdal, den ser ut til å ha kome heilt bort, og likeins den dagboka han visstnok førde gjennom mange år. Mangt kunne boksamlinga hans fortalt oss om interesser og innstilling til ei stor samtid hjå den stillfarande mannen. Heimbygda han var så glad i, syns å ha gløymt han. - I jublieumsåret for norsk grunnskule burde eit æreminne vore reist over han der, Hjartdals "bortblæste Laurbærblad".


Hovudkjelder:

Knud Gislesen: Levnedsbrev i Gjerpens Kaldsbog, series pastorum.

R. G. Heggtveit: Den norske Kirken i det 19. Aarhundrede (3 bd. 1920).

Artikkel om Gislesen i Hjemmet, Des. 1882.

Henriette Gislesen: Breve i Udvalg v/Bolette Gjør(1885.)

Chr. Lange: Provst A. Langes Optegnelser (Chra. 1905.)

J. V. Kvam: Den norske Kirkes Biskoper efter Reformationen (Kra. 1905.)

T.W.K. Bøckmann: Tromsø Bispedømme 1804-1904.

Enkelte andre nemnde i teksten. Dessutan:
Christiania-Posten nr. 934-35, 1851.
Universitets- og Skoleannaler, 2. Række, 3, s.309.
Norsk biografisk leksikon, Norsk Forfatterleksikon, og Allkunneboka.

(L) står somtid i teksten for Gislesens Ievnedsbrev. (H) står somtid i teksten for Heggtveits artiklar i hans kirkehistorie og "Hj emmet".

 


Til toppen av sida