Buy the book - Kjøp boka  

 

WISCONSIN
MY HOME

AV
ERNA OLESON XAN

Utdraga frå boka er omsette og brukte med løyve frå
The Board of Regents of the University of Wisconsin Press.
Teikning:  Mary Lou Warrick

 

  Les dei første kapitla på norsk

 

Om boka

I 1847 sto det eit bryllaup på Suistugu Bøe i Sauland i Telemark. Det var dottera på garden, Thorild, som gifte seg med den 13 år eldre heddølen Mathias Olson Hefre. Han var nummer fire i ein syskenflokk på sju. Bryllaupet foregjekk i den gamle stavkyrkja i Sauland. Deretter drog følget opp til garden Bøe som ligg nokre få hundre meter unna. Der skulle det feirast etter tidas skikk og bruk. Presten, Søren Hassing Finekenhagen, vigde paret og var med i gjestebodet etterpå.

Dette bryllaupet ville nok berre vore ei line i kyrkjeboka idag, som tusen andre bryllaup i bygda, hadde det ikkje vore for at ei av døtrene som dette paret kom til å få, må ha vore ein framifrå forteljar med eit minne utanom det vanlege. Likevel ville alt vore gløymt om ikkje dottera hennar igien - Erna, hadde vore like god med pennen som mor hennar var til å fortelje. I 1940-åra sat desse to kvinnene dag etter dag og festa til papiret ei historie som utan tvil må vere av dei beste dokument vi har om daglegliv og fest i ei lita telemarksbygd midt på 1800-talet. Dette gjeld dei 20 første sidene av første kapittel av ei bok på over 200 sider. Resten av boka vidar seg ut til å bli ei skildring som interesserer langt utover Hjartdals grenser, ja langt utover Noregs grenser. Det er nemleg historien om denne familiens utvandring frå Sauland og Hjartdal til småbyen Winehester i Wisconsin USA. Det var nemleg i denne staten ved universitetsforlaget i delstatshovudstaden Madison, at Erna Oleson Xan (gift med grekaren John Xan) fekk utgjeve moras forteljing i bokform i 1950. Tittelen vart "Wisconsin my home", og språket er sjølvsagt engelsk.

Foreldra til forfattaren:
Eg-personen i boka - Thurine og mannen hennar, John H.Oleson

Boka må ha møtt stor interesse, i familien og i lokalsamfunnet der borte, men også blant faghistorikarar. Vi ser at i 1952 vart boka trykt på nytt, og i 1975 kom det ei ny utgåve som gjer det mulig å skaffe boka frå forlaget den dag i dag. Mykje tyder på at boka har vore utbreidd også over resten av USA. På omslaget av 1975-utgåva er det sitert omtaler av henne frå "New York Herald Tribune" og "New York Times Book Review". Der vart det skreve om Wisconsin my home:

Denne enkle forteljinga av og om folket som er saltet på jorda i Wisconsin, er kjelda som gjev oss svar på spørsmåla som alltid følgjer oss:
Kvar kjem Amerikanarane ifrå?" (New York Herald Tribune)

...dreg linene attende til Noreg såvel som ho fortel om pionerdagane her. Ho fortel uvanleg fargerikt og varmt, og gjev det heile heile liv med detaljskildringa. ... biletet av pionerlivet her er levande og ekte. Historiane om farmaren, skogsarbeidaren, predikanten og husmora er på ein måte historien om forfedrene til kvar og ein av oss, som alle eigentleg er emigrantar ... klassisk amerikansk historie." (New York Times Book, Review)

KORLEIS BOKA VART TIL

Det er ein historie for seg sjølv korleis det vart noko av denne boka. Erna Oleson Xan fortel i ein artikkel ho har skreve seinare, at da far hennar døydde i 1941, såg dette ut til å bli eit så hardt slag for enka, Thurine Oleson, at det også såg ut til å bli slutten for henne. Dette var ei utanlandsk nonne som arbeidde på sjukehuset, merksam på, og ho gav dottera Erna ideen å få tankane til mora over på andre ting enn tapet av mannen. Erna var straks med på tanken, utan at ho på det tidspunktet hadde planar om at det skulle bli noko bok av det. Ho berre ba mor si om ho kunne hugse nokre av dei gamle matoppskriftene frå heimlandet som dei hadde bruka også etter dei kom til Wisconsin. Det viste seg straks at sjølv om sorga heldt på å knekke den gamle enka, så var minnet hennar 100 prosent i orden, og ho ramsa opp oppskrift etter oppskrift, på lefse flatbrød. rjomegraut og alle dei gamle norske rettane. Dette vart starten, og det forklarar kvifor alle oppskriftene og alle dei andre huslege oppgavene har så stor plass i boka. Seinare utvikla skrivinga og forteljinga seg til den fullstendige familiebiografien vi har i dag.

Det viste seg og at nonna hadde rett i at dette var nødvendig terapi for den sorgtyngde gamle kona, og ho kom til å leve fleire år etterpå og opplevde å sjå livssoga si på trykk i 1950.

eox-port.jpg (11398 bytes)

Erna Oleson Xan har skreve mykje i livet sitt, og har visstnok også utdanning i dette. Ho har også arbeidd som lærar. Noko av det siste ho har gjort, er ei kokebok med alle dei gamle norske rettane. Den boka er også fylt med bilde frå Noreg og ein del av barndomsminna frå "Wisconsin my Home". Ho har også skreve boka "Home for Good" om oppveksten sin på farmen i Wisconsin. Mykje av sitt vaksne liv har ho levd langt borte frå Wisconsin, i byen Birmingham i sørstaten Alabama, der mannen hennar har vore professor ved ulike eolleges (høgskular). Nå på sine eldre dagar bur ho i Florida.

KAPITLET OM LIVET I GAMLELANDET

Sjølv om det ikkje er nokon amatør som skriv i "Wisconsin iny home", så gjev boka inntrykk av å vere svært enkel og ærleg, utan streng litterær form. Det ein legg først merke til, er den store detaljrikdommen, der ingenting i dagleglivet blir gløymt. Tidleg i boka skildrar ho bryllaupet til besteforeldra, moras foreldre i Sauland. Vi får greie på den minste ting både når det gjeld førebuinga og gjennomføringa av gjestebodet:

...Bryllaupsutstyret til far var ullknebukser med seks sølvknappar nedetter kvar side. Det var sølvknapppar på jakka også. Det skulderlange håret hans var mørkt og fint som silke, og den vide filthatten hans var bretta heilt rundt. Dei lange strømpene han hadde på var strikka av svært fint garn i blått og kvitt, og vart haldne oppe med lærstrømpeband fastspent med sølv.
Far var omlag seks fot høg, med blide, mørkeblå augo og reinbarbert andlet. Ingenting syntest å få far ut av likevekt. Han var alltid roleg, men auga hans glitra til når han høyrde ei god historie...

Seinare får vi skildringa av meir daglegdagse gjeremål. Husmoras arbeid vert nøye forklart, og her kjem oppskriftene inn:

...Eit anna populært bakeverk var lefse. Den kunne ikkje bli lagra som flatbrød. Ein starta med potet til denne deigen. Mor tok 20 kokte irske poteter og mosa dei fint og la til to skeier smelta smør, eller ein halv kopp rjome og salt. Så hadde ho i nok mjøl til utkjelvling. Dersom deigen var for tørr, sette ho til ein kopp potetvatn. Deigen til lefse var så stor som ein tallerken når han var kjevla ut. Ho bruka eit glatt kjevle til dette. Leiven måtte vere tynn. Han vart steikt på takka eller på ovnsplata. Når han var svakt brun, snudde mor han med brødskoru og steikte han på andre sida. Lefsa var ikkje sprø som flatbrød, Men mjuk som ei pannekake. Lefsa vart lagt dobbelt når ho blei teken av av takka. Nordmenn lika lefsa varm eller kald og påsmurd. Somme rulla ho saman som ei pannekake og åt ho frå handa. Salta griselabbar eller lutefisk var godt inntil lefsene. ...

Slikt gjer første kapittel til ei så verdifull kjelde til kvardagshistoria vår her i Telemark. Det kan vere litt langdrygt å lese for den som berre er interessert i sjølve handlinga i boka, men vi bør vere glade for at alt er med. Vi får på denne måten greie på mykje om stølsliv, klede, julefeiring, husmannssystemet, gravferder, aktuelt i tida (som var stortjuvane Gjest Baardsen og Ole Høiland), og etterkvart tankane om Amerika som utvikla seg til den snikande feberen som skulle løyse opp mykje av det gamle stabile, men også stilleståande Hjartdalssamfunnet.

Forteljaren legg fleire gonger vekt på at det ikkje var fattigdom som fekk dei til å utvandre. Ho understrekar at familien var av dei mest velståande i bygda.
Etter bryllaupet budde dei først på Leine i Sauland, men flytte seinare til Gjuv i Hjartdal før dei emigrerte. Grunnen til at dei emigrerte var, ifølge boka, rett og slett "feberen" som førde til at grannar og slekt reiste. Dei kjende seg faktisk att aleine og einsamme i Hjartdal.

Og da dei høyrde at borgarkrigen var slutt, drog dei avstad våren 1866. Ferda gjekk frå Skien med seglskipet "Laurdal" til Quebec i Canada, og vidare oppover elver og kanalar til Michigansjøen og Wisconsin i Statane. Sjølve reisa er levande skildra og ikkje utan spennande og dramatiske innslag.

Idet dei vert mottekne av nære slektningar i Wisconsin, går det 30 sider lange første kapittelet mot slutten. Og livet i den nye verda er det resten av boka skal komme til å handle om.

NY HEIM I WISCONSIN

I resten av boka tar kvart kapittel for seg livet i Amerika tema for tema. Barndom, kyrkje, naboar, matlaging osv. Likevel tener ein nok på å lese kapitla i den rekkefølgja dei står, sidan det er ein viss kronologi i det heile.

Noko av det første som skjer familien i det nye landet, er at hovudperson i boka vert fødd, dvs. mor åt forfattaren. Ho får det amerikanske namnet Thurine og er den sjuande av ti born. Ho vert seinare gift med John Oleson som var ein 100% norsk immigrant av Gransherad og Saulandsslekt. Han var son til Tone Daalaan som også emigrerte frå Sauland midt på I 800-talet. Thurine vert altså eg-personen i boka, sjølv om det er dottera som blir ståande som forfattar 84 år seinare.

I kapitlet om etableringa i Winchester får vi høyre om familiemedlemmene, nyfødde born o.l. Men sjølvsagt også om dei mange velkjende sidene ved immigrantlivet. Fattigdommen dei første åra, redsel for indianarane, og heimlengten. Men her også, som elles i boka, møter vi dei nøyaktige skildringane av aktivitetane i dagleglivet. Kapitlet sluttar med ei lita skildring som fortel at kulturbytet er i gang mellom dei ulike generasjonane.

...Vi... bygde til og med ein liten veranda ... der bruka bror Ole å sitje å spele fele time etter time på lange varme sommarkveldar. Folketonar og slåttar følgde etter kvarandre utan opphald. Dette fekk dei gamle til å sitje å minnast gode, gamle dagar heime i gamlelandet. Medan vi små straks var ute på golvet og prøva med trippande føter å få til nokre av dei nye amerikanske dansane vi kunne oppleve å få sjå glimt av nå og da...

NYTT LIV, NYE NABOAR, NYE ERFARINGAR

I kapitlet om naboar får vi eit godt inntrykk av mykje av livet i det norske Wisconsin:

…Etter nokre år, da Ola. bror min, hadde teke over farmen, meinte familien at dei hadde råd til å få opp ein skikkeleg låve. Ein del av materialene vart saga av stokkar frå vår eiga myr. Og da alt var samla og klart, skulle vi ha dugnadslag. Dette var om våren, før mennene måtte ut på jorda. Kvar nabo i vid omkrins vart invitert, og tru meg, det vart laga istand mat for heile denne folkemengda. Alle kvinnene hjelpte til med å gjere maten i stand. Dei hadde slakta ein kalv for anledningen, og der var hundrevis av smultringar og paiar og andre kaker baka på førehand. Dusinvis av brød var klare, og ein bushel med poteter måtte skrellast. Lange plankebord vart sette opp på tunet, og ein vaskekjele full av rykande varm kaffi vart sett fram saman med all den andre maten.
Middagen vart ei gledesstund, mykje meir eit gjestebod enn ein arbeidsdag. Latter og glede var det overalt. Til og med hundane vart smitta av gleda og sprang omkring. Og barna sprang rundt og maula steikte kaker og lura på når det skulle bli deira tur. Og ville det bli att noko, slik som desse mennene stappa i seg?
Kvinnene svinsa omkring og serverte, og mennene lo og vitsa med dei når dei sede dei fulle matfata omkring. Bror Ole hadde kjøpt inn ølkaggar som skikken var, og dagen vart lystigare og lystigare.
Seint på kvelden var hovuddelen av låven ferdig, og vi var svært stolte over at da avlinga i juni var klar, så hadde vi ein fin ny raud låve å lagre høyet i.
På ein måte var ein stor låve beviset på at ein var over kneiken økonomisk...

Tilhøvet mellom nordmenn og andre folkegrupper og nasjonalitetar har ikkje alltid vore av det beste. Til dømes ser vi av andre historiske kjelder at synet på indianarane har variert frå verste forakt til human forståing og samarbeid. Ei anna gruppe som nordmennene måtte lære å bu og leve saman med, var irarane. Desse var katolikkar, noko som for desse djupt religiøse norske lutheranarane var omlag jamngodt med å vere heidningar. I denne boka får vi likevel eit godt og positivt bilde av tilhøvet til i allefall ein irsk nabo:

...Denne Nesbitt-familien hadde kome frå Irland ei stund etter at folket vårt kom frå Noreg. Og dei snakka engelsk svært gebrokkent. Våre folk snakka ikkje engelsk i det heile, så ein skulle tru desse famliane ikkje kunne ha noko å gjere med kvarandre. Dessutan var vi strenge lutheranarar og dei var irsk-katolikkar. Ein kunne ikkje tenkje seg to større barrierar enn språk og religion. Men det varde ikkje lenge før dei vart nære venner. Eg går utfrå at det kom av den gjensidige hjelpa vi var avhengige av i den tidlege tida, ved innhaustning, sjukdom, andre vanskar og vanleg einsemd.
Kvar gong som helst når Matt og den snille kona, Maggie, kom på besøk, måtte eit av barna vere tilstades som tolk. Og du kan tru vi ofte hadde vanskar med å halde oss alvorlege. Men mors skarpe blikk vakta på oss, så vi ikkje mista kontrollen under denne ansvarsfulle prøva. Kvar gong Matt kom og sette seg med det eine beinet over det andre, strauk seg gjennom det store svarte skjegget og byrja snakke på den irske immigrantmåten sin, så skunda mor seg ned den bratte kjellartrappa etter nokre flasker av det heimelaga ølet sitt. Matt smatta med tunga 'fleire gonger og sa: "Da-da", medan han nikka på hovudet og blunka lykkeleg med augo. Så snudde han seg til far og sa: "Ved Judas, dette errr det allerrr beste øl eg kan, få å drrrikke." Det stakkars barnet som skulle oversetje måtte kvele latterutbrotet og fortelje far høfleg kva iraren sa. Så snart som mogleg måtte ein komme seg ut for å sleppe latteren laus.
Desse to barrierane, språk og religion, kunne ikkje hindre dei frå å vere nære venner i 40 år. Folket vårt hadde alltid skrekk for dei forferdelege katolikkane. Men her var det altså ein from katolsk familie med rosenkransar krusifiks og heilag vatn, og dei var så ytterst snille og trivelege at familien vår mista heilt redsla for den katolske religionen. Og på begge sider vart det ei god lekse i toleranse.
Maggie var ei velbygd og staut kvinne med krølla svart hår og milde blå auger som nesten aldri smilte. Men ho var eit av dei trivelegaste menneske eg har kjent nokon gong. Ho oppdrog dei seks barna sine på ein god og mild måte, og bar immigrant-fattigdommen utan klager. Kvar gong når vi barna kom dit, hadde ho noko til oss, ei tomat, eit eple eller ei kake. Kvar gong det var torevær, måtte Maggie dusje heilag vatn over heile huset og alle som var inne. Når dei åt hos oss på fredag, kunne dei aldri røre kjøt, samme kor fint det var, men mor pla setje fram noko sursild til dei.
For å gjere det heilt fullkomment, så var Maggie svært reinsleg, det var det ikkje alle dei irske immigrantane som var. Golva hennar skein så kvite som sand etter skrubbinga. Mor tok snart til å skjøne at desse katolikkane tilbad den samme guden som ho sjølv og hadde like stor von om evig sæle. Ho nikka bestemt med hovudet når ho diskuterte med andre sta lutheranarar og sa: "Dersom nokken bliver salig, saa er det den gamle Nesbitt kjerringa..."

BORGARKRIGEN

Hovudpersonane i boka emigrerte etter at borgarkrigen var slutt, men tilbakeblikk på krigen får vi i kapittelet om Tone Daalaan, svigermor til forteljaren. Ho kom til USA nokre år tidlegare.

… Det var knapt ein norsk heim som ikkje hadde ein eller annan i nordstatsarméen. Da Lincoln sende ut oppfordringa om 500 000 friviljuge, reiste minst 40 menn frå Winchester-menigheten. Truleg var det ingen av dei som hadde sett ein neger, likevel drog dei ut for å gjere slavane fri. Det var alt dei visste at krigen var for. Som skandinavar hadde dei svært høge tankar om fridom, og dermed var det lett å appellere til dei med ei slik sak.
Eg har ofte lurt på om desse immigrantane forsto kommandoane til den engelske kapteinen.
Brørne til Tone, Halvor og John reiste. John hadde lært å slå tromme i den norske hæren, så det gjorde han her også. Og folk sa han var ein meister til det. Svogeren til Tone Daalaan, Ole (Skare, frå Gransherad), var på ein kanonbåt på Mississippi. Ein annan soldat var den Kjelldalen som far kjøpte garden av etter krigen.
Kvinnene vart att for å drive jorda åleine, med hjelp av dei gamle og borna, medan hjarta deira blødde av av angst for kva som kunne skje. Rett som det var kom det bod om at ein eller annan var død i Andersonville-fengselet, nokon var drepen i Shermans offensiv i Atlanta, eller nokon var sjuk på eit hospital i Ohio.
Hans (mannen til Tone Daalaan), var borte omlag i to år, og familien såg han ikkje heile den tida. Tone høyrde skjeldan frå han, og til slutt vart det heilt stille. Ho vart smårar av å bekymre seg over kor han var, og kva som hende med han.
Så ein dag kom ho til å sjå ut, og der kom han gåande, tynn som eit skjellett. Vill av glede sprang ho opp for å åpne porten for han. Og ho fekk høre at han hadde gått heile ni miles frå Butte des Morts. Han var dødssjuk da han kom heim og foralde historien sin:
Da han hadde reist gjennom ein by i Alabama, hadde han gått inn i ein restaurant og bestillt eit stykke pai. Verten måtte ha hatt gift i maten, for like etterpå fekk han forferdelege magesmerter og greidde så vidt å ta seg heim.
Han levde berre tre veker etter han kom heim, og Tone vart nesten ikkje seg sjølv lenger av sorg over den gode mannen sin. Da han døydde, laga nokre naboar ei kiste til han, og han vart gravlagt ved Winchester-kyrkja. Ein kan sjå grava hans den dag i dag med eit lite amerikansk flagg over.
Tone sørgde over han til ho døydde 93 år gammal, sjølv om ho gifte seg att etter nokre år. Den andre mannen hennar (Joseph Olson Omnes) måtte høyre alt om den framifrå Hans heile livet, og sjå henne peike ut biletet av han i unform i familiealbumet, medan tårene rann kvar gong namnet hans vart sagt. Ho bruka fortelje til barna mine når dei spurde korleis Hans var: "De hugsar onkel Martin (bror til Hans). De veit kor kjekk og høgreist han var? Well, Hans var endå større og enda finare og flinkare på alle måtar enn Martin..."

BARNEY BARSTAD, TOGRØVAREN SOM BLEI PREST

Ein nevø til Tone, (faren var truleg frå Svartdal, da namnet var Barstad), har også livshistoria si i boka. Vi tek med denne for å vise at ikkje alle telemarkingar slo seg til ro som nybrottsmenn og stødige bønder:

"...Tone hadde ei syster, lngeboi.g, som hadde eni gut soni eg i'il nennie. Han heitte Bjørn og var eit av 12 barn. Da Bjørn var berre ein ung gut, kom han over frå Noreg med foreldra sine, tre brør og ei syster. Snart hadde han forandra namnet sitt til Barney, men heldt på etternamnet Barstad. Han hadde uvanleg gode evner, og ein skeldan sterk vilje. Men da han var berre ungdommen, tok han til å drikke og danse, og hadde til og med ein kjærast.
Etter ei stund bestemde han seg i lag med nokre andre ungdommar frå distriktet, for å dra vestover. Mor hans låg på det siste i den tida, og han hadde ikkje mot til å fortelje heime at han skulle reise Så han nærmast sneik seg avstad. Barney var gromungen, og dei såg aldri kvarandre att, for ho døydde nokre få månader etter.
Ute i vesten tok desse unge mennene seg arbeid på jernbanen, og fekk seg jobb ved ei spesiell avdeling. Barney kom i i selskap med ein hard og tøff gjeng, og drakk verre enn nokon gong. Det vart sagt at dei hadde planar om eit togrøveri, men vart så fulle at dei sovna, og toget susa forbi dei...

Etter ei stund kom visst Barney på betre tankar. Han omvende seg og utdanna seg til prest på seminaret i Red Wing, Minnesota. Han vart kjent som ein god prest og ein stor talar.

KYRKJE OG KYRKJESTRID

Eit interessant kapittel er det om kyrkja. I den tida, og framleis i store delar av Amerika er kyrkja ein svært viktig del av det sosiale livet i nærmiljøet. og hendingar rundt kyrkja avspeglar mykje av sjølve den folkesjela som vi kjenner frå våre bygder, og som sjølvsagt levde vidare i USA. Presten, pastor Homme, er ein hovudperson i dette kapitlet. Mor hans var prestedotter frå Hjartdal. Og Homme-namnet er også frå Telemark. Han var ein svært streng prest, og til slutt overdreiv han dette, slik at halve kyrkjelyden tok sterk avstand frå måten hans. Dette førde til full splitting i kyrkjelyden. I 1870 braut dei som var imot Homme ut, og dei bygde seg til og med si eiga kyrkje ved sida av den opprinnelege. "Splittelsen" varde i 23 år. Da tilsette dei felles prest, reiv ned begge kyrkjene og bygde opp ei ny i fred og samhald.

Elles vert det sagt ein del om dei moralske tilhøva i miljøet. Det er ei uventa ærleg skildring av dei uheldige sidene til familiane og folket i det norske Amerika. Ein del lureri i handel og nokre andre til dels stygge spikk vert nemnt. Men det største problemet ser ut til å ha vore alkoholbruk. Mange av mennene vart sjuke utan brennevin, vert det fortalt. Her var visstnok nordmennene verre enn andre og vart lite respekterte av "yankeeane" for dette. Om dette var vanleg blant dei norske, også andre stader i Midtvesten, skal vere usagt, men annan utvandringslitteratur kan tyde på det. Dessutan er det klart at alkoholmisbruk var eit problem heime i landet dei kom frå på den tida.

Elles vert det hevda at respekten for ekteskapet og det som høyrer til, var stor. Utruskap og skilsmisser høyrde til dei absolutte unntaka. Kvinnene var spesielt moralske skriv ho, sjølv om det av og til vart ein tur til altaret i all hast

EI UTVANDRARHISTORIE MED KVINNEPERSPEKTIV

over til eit anna viktig poeng ved boka Ho er eit dokument der utvandrarhistona vert sett fullt og heilt med kvinneaugo. Forteljar og forfattar er begge kvinner, og truleg er dei også svært representative for første og andre generasjon av utvandrarkvinner, i tillegg til at dei kan leve seg inn i mor/bestemor Thorild sitt liv og sin lagnad. Vi ser heile tida ein stor respekt for mennene, trass i deira feil og veikskapar. Kvinnene godtek heile tida det som er deira plass og deira rolle i samfunnet. Sjeldan tek dei avgjerder, alltid må dei finne seg i kva mennene finn på i dei store spørsmåla. Vi ser at kvinnene manglar den store entusiasmen for alt det nye og store i USA. Uroa over framtida og heimlengten var nok mykje sterkare her, slik som hos kvinnene i annan utvandrarlitteratur. Vi kan berre tenkje på Christina i Wilhelm Mobergs utvandararbøker, og Beret i bøkene til Rølvåag. Derimot er dei sentrale når det gjeld å løyse alle dei praktiske små og store oppgåvene som følgjer med å etablere seg frå grunnen av i det nye landet, der ein ikkje eingong har vegger og tak rundt seg i starten. Denne kreativiteten til kvinnene var heilt nødvendig i starten for at nyetableringa i det heile skulle vere mogeleg. Dei store vyane om framtid og vokster til rikdom vart overletne til mennene, men vart nok røyndom minst like mykje på grunn av kvinnene.

Den amerikanske delen av forteljinga til Thurine spenner over omlag 70 år. Siste kapittel handlar om gullbryllaupet hennar i 1936, og i dei aller siste betraktningane hennar er dottera Ema med:

...Eg kan ikkje reise så langt sør for å treffe borna mine, men dei kjem til meg. Ernas John (Xan), er professor ved eit College i Alabama. Dei likar seg godt der nede, men kvart år når dei får ferie, køyrer dei heim for å kvile ut.
John la etterkvart merke til at kvar gong dei kryssa grensa til Wisconsin, fekk Erna tårer i augo. "Kva græt du for?" måtte han spørje. "Eg veit ikkje", svara ho, "det er berre så godt å vere heime".
Dette var midt i depresjonstida (dei harde tredveåra), men John sa: "Eg skal kjøpe ein bit av denne staten for deg, om det så er det siste eg gjer". Og nett den sommaren kjøpte han ei vakker tomt ved Island Point ved Winnebago-sjøen og gav Erna i gåve. Dei bygde ei tømmerhytte der og bad meg om å vere saman med dei der om somrane.
Vi ser utover sjøen der slepebåtane glid roleg forbi øya, og vi tenkjer på min John som drog tømmer på sin onkel Oles slepebåt på samme ruta for 64 år sidan. Nede ved vegen er det kvite huset han bygde før Erna vart fødd. Der hadde vi nokre gode år. Ein liten biltur tek oss til det gamle tømmerhuset der eg slo opp augene for første gong. Og vi besøker den gamle Winchester kyrkja og kyrkjegarden der våre eigne kjære kviler. Og eg kan møte venner eg har kjent heile livet.
Kvar vi enn reiser, så kjem vi alltid attende til staden der Oleson-familien slo seg ned i Amerika for 107 år sidan.
- Wisconsin er heimen min.

(Frå "...for at finde en blidere Skjebne")


Til toppen av sida


Påbegynt norsk omsetjing av boka:

Kapittel 1

Noreg

Noko av det første eg hugsar er mor som sit i gyngestolen ved vindauga i det gamle tømmerhuset. Ho røykte leirpipe og tala vemodig om Noreg. I den breie vindaugskarmen like ved var ein blank tobakk-ask av lønn med messinghengsle. Den hadde ho teke med seg over havet. I stolane rett over for henne satt gamle vener frå Noreg. Det var Bergit Lund eller Signe Maurbrekke. Trekanta tørkle dekte det slette grånande håret som hekk ned langs dei rynka kinna. Tørkla hadde dei knytt fint under haka, og dei lange stakkane deira nådde golvet kvar gong dei gynga framover.
Heile ettemiddagane satt dei og snakka. "Har du høyrt frå bror din i Sauland? ...Hugsar du fjellturane og stulslivet i gamledagar ...Hadde du ikkje lika å smake dei mogne moltene ein gong til...? Dei snakka om snøen som låg på gravene til deira kjære ved den gamle stavkyrkja. Så snakka dei om liljekonvallen og dei andre blomane i fjellmarka. Etterkvart vart klokka fire, og mor tok fram eit lommetørkle frå den sauma lomma i stakken. Ho tørka tårene og gjekk ut i kjøkkenet for å koke kaffi.
Alle slektningane våre kom frå Telemark i Noreg. Dusinvis av dei hadde emigrert og slått seg ned i byen Winchester i det austlege Wisconsin. Eg var det første barnet som foreldra mine fekk i den nye verda. Det eg skal fortelje om gamlelandet er det eg høyrde når desse gamle venene kom i lag. Etter kveldsmaten, kveld etter kveld, snakka far og mor om Noreg, og ingenting anna.
Mor og far vart gift i 1847. Ho var 22 år gammal og han 35. Dei vart truleg gift i ei stavkyrkje, ei av desse små, rikt utskorne trekyrkjene, hundrevis av år gamle. I Heddal, på vegen til Kongsberg, låg ei av av dei vakraste. Desse kyrkjene hadde bratte tak av treskiver, og pyramideliknande tårn. Mine foreldre vart gift i Sauland kyrkje, nær heimen til mor. Ho heitte Thorild Bøe, og var yngstebarnet i ein nokså velståande familie. Dei åtte garden Bøe. Det var ein ganske stor gard og familien var av dei rikaste i Sauland sokn. Dei hadde dei beste hestane og dei finaste vognene og sledane. Dette såg ut til å bety ein god del for dei, slik som ein fin bil kan vere viktig for mange i dag. I alle fall høyrde vi ofte mor fortalde om vognene, hestane og sledane. Nokre gonger reid kvinnene til kyrkje med mennene gåande ved sida. Dei sa at da mor var ung, reid ho ein kvit hest så fort som vinden, med ein flokk av unge menn i galopp etter seg.
Far var tretten år eldre enn mor. Han kom også frå ein vel respektert kristen familie, og velståande til å vere frå Noreg. Tre av brørne hans var skulemeistrar. Det var uvanleg. Det var lagt stor vekt på familie og pengar i Noreg - kanskje for mykje. Familiar let ofte syskenbarn gifte seg med kvarandre for å ha garden i slekta. Derfor er eg glad for å kunne seie at foreldra mine ikkje var i slekt. Det var eit verkeleg godt ekteskap som varde i 58 år.
Eg har ofte høyrt av dei som såg mor, at ho var den vakraste brura som nokongong hadde stige inn i Sauland kyrkje. Ho var middels høg, kraftig bygd, med alvorlege grå auge og fyldig, mørkt hår. Ho hadde frisk og sunn hudfarge. På denne store dagen bar ho den kjolen som mor hennar hadde laga til sitt eige bryllaup i 1810. Han var av handvevd lin med lange armar og ein stiv, høg oppståande krage. denne kragen hadde ei mengde bittesmå sting i innvikla og mangefarga mønster. Sidene frå halsopninga hadde eit virvar av farga silkebroderier som slutta på toppen i ein sølvsirkel med ein skarp spiss på ryggen. Til denne kjolen høyrde eit snøreliv sog ein lang bølgjande stakk festa til livet med eit handvevd pyntebelte i blått, grønt og gult. Dette hadde seks generasjonar Bøe-kvinner brukt. Eit hovudplagg med tynne sølvtrådblomar og lauv kvilte på det fyldige, mørke håret som fløymde ned ettere ryggen.
Bryllaupsutstyret til far var ullknebukser med seks sølvknappar ned etter kvar side. Det var sølvknappar på jakka også. Det skulderlange håret hans var mørkt og så fint som silke, og den vide filthatten hans var bretta heil rundt. Dei lange strømpene han hadde på, var strikka av svært fint garn i blått og kvitt, og vart halde oppe med lærstrømpeband fastspent med sølv. Far var omlag seks fot høg, med blide, mørkeblå augo og reinbarbert andlet. Ingenting syntest å få far ut av likevekt. Han var alltid roleg, men auga hans glitra til når han høyrde ein god historie. Det vart sagt at mor var så populær, og hadde så godt humør som jente at ho alltid var midtpunkt i selskapet. Ho var kvikkast i replikken av dei to og tok alltid avgjerdene i heimen vår.
Det var ein person i bryllaupet som eg må nemne. Det var ei spebygd jente, omlag 11 år gammal, med livlege, blå auge som fanga opp alt. Namnet hennar var Tone Daalaan. Familien hennar og mors familie var kjenningar og høyrde til same kyrkjelyd. Men skilnaden i sosiale rang heldt dei frå kvarandre. Tone hadde fått høyre at det skulle vere eit stort bryllaup i kyrkja og hadde bestemt seg for å gå. Ho hadde ikkje sett så mykje stas før i livet. Sjølv om ho var av fattigfolk, var dei ærlege, respekterte og gode kristne. Mangla noko av dette i Telemark var ein ingenting. Vesle Tone slapp inn i kyrkja ubeden og såg vigslinga. Det er ho som har fortalt meg om den vakre brura med hovudplagg av sølv over det lange mørke håret, og dei dyre broderte kleda. Da vigslinga var over, såg ho dei blanke velfødde hestane spankulere fram for å føre gjestene heim til bryllaupsfesten. Den dagen kunne ikkje Tone drøyme om at dei skulle kome til å flytte til Amerika, og at ho skulle bli rik og dei fattige. Ho tenkte nok ikkje den tanken at hennar einaste son, John, skulle komme til å gifte seg med dotter av det rike paret. Men desse to vart altså mannen min og eg.
Folket mitt vart vigde av sokneprest Finchenhagen. Eit vanleg jødisk nanm, men han var norsk heilt igjennom. Denne mannen hadde også konfirmert mor mi, etter den lutherske læra. Seinare døypte han fleire av borna hennar. Denne dagen vart han sjølvsagt med alle slektningane og venene til bryllaupsgilde på garden Bøe. Dei reiste frå vesle Tone som traska heim åleine. Mor Signe fekk av seg bryllaupssjalet og hatten og sette fart i tenarane. Dei skjenka bryllaupsølet som ho hadde bryggja med stor omtanke. Dei henta fram flotte kaker og det spesielle kveitebrødet som var laga fleire veker på førehand. Store tallerkar med steikt kjøtt vart bore fram til langborda. Rikt dekorerte bollar og beger vart fylte på nytt og på nytt. Den dampande kaffien strøymde svart og gyllen i koppane som venta. Der var krukker med tjukk rjome og bollar med sukkerbitar kjøpt i byen for gjestene ved slike høve. Ostar av alle slag, kvite og gule, grøne og gylne. Bollar med gult smør og mjølne poteter gjekk frå hand til hand. Tenarane kom inn med flasker med heimelaga jordbærvin. Alle gjestene måtte skåle for den blyge brura som sat i hovudsetet saman med den like blyge tilbedande Mathias.
Da alle hadde ete og drukke og gjort ære på dei nygifte, vart borda tekne vekk, og spelemennene kalla inn. Som dei kunne få rytme og fart i føtene. Dei vide stakkane virvla rundt medan hendene knytte seg over hovuda i den vakre bryllaupsdansen. Tjukke skor trampa i det solide plankegolvet. Staute armar heldt rundt vakre liv, og små lovnader om kjærleik vart kviskra i ventande øyra før dei skifte til ein annan takt. Mørket fall på og framleis dansa dei. Det vart kveldsmåltid, deretter sette dei i gang att etter lyden av nye stykke fra spelemennene.
Dette heldt på i fleire dagar til brur og brudgom og alle andre var utslitne. Da den siste gjesten hadde reist, pakka brureparet tinga sine og drog til garden som far hadde kjøpt for dei. Garden låg like i nærleiken og heitte Leine. Far gjekk vekk i frå namnet sitt frå barndommen som skikken var i Noreg. Han heitte Mathias Olsen Hefre, men kalla seg nå Mathias Olsen Leine. Få år seinare flytte dei til garden Juve (Gjuv). Da måtte han forandre namnet sitt til Juve og ta bort Leine. Garden Juve var i Gvammen nær Skeie i Hjartdal. Det fortalde eit gammalt syskenbarn av meg.
Juvegarden var bakkut og skogkledd. På eine sida av gardsbygningen var ein stor bakke, men på den andre sida var lendet fint og flatt. Både våningshus og stabbur var av tømmer. Ein gong kom det ein kjenning på besøk. Han var full. For moro skyld leide han ein hest opp i andre etasje i stabburet. Trappetrinna var så sterke at dei ikkje gjekk sund under vekta. Men han var ikkje i stand til å få hesten ned att.
Fjøset låg på flata, og mellom det og våningshuset var det plass for gjestande hestar og vogner. Over fjøset var fast sengeplass for budeia, som passa kyrne. Berre ein tenar heldt til inne i sjølve huset. Namnet hennar var Store-Helga.
Tømmerhuset på denne garden hadde to høgder. Underetasjen hadde kjøkken, senger og køyer. I andre etasje var uppstugu som var til selskapsbruk. Det er frå denne skikken at mennene som busette seg i Amerika, også samlar seg ovanpå for å røykje og spele kort når det er selskap.
I kjøkkenet på Juve var det ein stor peis. Her bruka dei rikeleg med eigen ved. Far var trufast med å halde mor med ved. Eldstaden hadde lang skjerding til å henge gryte i. Mor var særs glad i kjøkkenreidskapen sin og tok mykje med til Amerika. Eg hugsar to koparkjelar, ein liten til å ha kaffi i og ein større til varmt vatn. Ho hadde også med seg ei stor kopargryte, stor som ei lita vaskebalje, og med ei kraftig ause til. Dette bruka ho når ho koka prim. Her laut denne kjelen stå over ein utandørs eldstad når ho koka prim. Denne hadde far mura omtrent lik den dei hadde hatt i Noreg.
Sølv var det mykje av i gamlelandet. Ikkje berre knappar og spenne i kleda, men også til all slag bestikk og dekktøy. Til kvardag bruka dei utskorne treskeier. Far var ein god treskjærar. Eg trur at desse treskjeiene ikkje var så kalde mot leppene om vinteren som sølvet. Ein god del av bollane som maten vart servert i var og skorne ut av tre slik som skeiene og dei små begera.
Eg høyrde mykje om den gode maten i Noreg. Ein av dei beste rettane var surmjølk der fløyten var teken bort. Ein annan var eggepannekake. Eg tykte alltid det var moro å høyre dei fortelje om eggeplommene (når ein norskamerikanar sa "plum", trudde han det betydde eggeplomme, men på engelsk betyr det berre frukta plomme. o.a.). Dei åt mykje meir kjøt i Noreg enn i Amerika, - Oksekjøt, sauekjøt og svinekjøt (flesk). Om våren var det lammekjøtt og kalvekjøt. Noko salta kjøt hadde dei heile året. Dei hadde alltid god fisk på lager, - sild, aure og lutefisk. Mor sa at ho var god til å få den prikkete auren i fjellvatna. Folk fiska med garn. Ofte steikte dei fangsten over kolet i peisen på kjøkkenet.
Men viktigaste retten var det dei kalla graut. Den vart som oftast eten til kvelds. Ein vanleg variant var laga av mjølk og mjøl, salta etter smak og kalla velling. Ein annan populær sort var potetgraut. Mor laga han på denne måten: Først koka ho potetene heilt sund. Så mosa ho dei i det vatnet dei var kokte i. Ho sikta mjøl og rørde til grauten vart tjukk. Deretter krydra ho grauten med grovkorna matsalt frå leirkrukka ved eldstaden. Mjølet klumpa seg litt, og ho måtte røre kraftig med ein grautvott som far hadde laga til henne. Ho var ikkje nøgd før grauten var kvit og jamn. Ho lika aldri å kjenne små ukoka deigklumpar i munnen sin.
Så var grauten klar til å bli aust opp på tallerknar, med ein svær smørklump midt på. Kanten på tallerkenen vart snart pynta av ei rand med smelta smør. Kvar plass vart dekt med ein tallerken, ei skei og ein kopp mjølk. Kor glade dei i familien var over å sette seg til eit godt måltid, seie velsiginga og byrja å ete. Når dei åt graut, duppa dei ei full skei i det smelta smøret, så i mjølkekoppen og deretter inn i ein ventande, svolten munn. Ingen vart nokon gong lei av graut.
Risengrynsgraut var laga av ris, mjøl, mjølk, vatn og salt koka saman til ei høveleg blanding. Dei rørde heile tida med grauttvoru. Ved bordet strøydde dei over sukker og kanel før dei duppa i mjølk. Dei hadde ikkje denne grauten så ofte, for ris måtte kjøpast i byen.
Dersom det var spesielle lag, jul, påske eller i alle fall når det var barsel, så var det rjomegraut. Den vart laga av rein rjome. Mor tenkte aldri over at det gjekk nesten ein liter rjome til denne flotte retten. Ho slo rjomen i ei rundbotna jarngryte og sette det over varmen. Når det byrja å koke, byrja ho å sikte mjøl og salta etter smak til smøret kom ut av rjomen. Ho rørde i med ein grautvoru heile tida for å halde borte klumpar, eller for ikkje å brenne fast botn av gryta.
Graut-tvoru var laga av ei bestemt avborka og glatt furugrein med ein ring av fem avkabba smågreiner i enden. Far hadde kutta desse greinene til omlag 7 - 8 cm før han skar vekk borken og pussa henne. Sjølve tvoru var omlag 30 - 40 cm lang. Store-Helga eller ei av dei andre tenestejentene måtte stå ved sida av mor medan ho strøydde mjøl i rjomen og tvinna handtaket på denne vispen, medan dei fem spisssane heldt grauten i rørsle heile tida. Når grauten var tjukk, sette ho til mjøl i passelege mengde. Dersom smøret ikkje hadde kome fram, blanda dei i smør for å gjere grauten feitare. Rjomegrauten vart servert på tallerkar. Det vart ofte strøydd sukker og kanel på før ein duppa i smelta smør og mjølk.
Dersom mor skulle gje grauten som gåve, brukte ho å ta med seg ei halvfull gryte til den nybakte mora. Oppå grauten la dei sukkerklumpar, eller dei strøydde på sukker og kanel. Så sa ho: "Eg har teke med noko graut for å gjere deg sterk." Om vinteren heldt denne grauten seg til han var oppbrukt, og den nye mora servera litt av han kvar dag. Dei rådde henne også til å drikke ein del heimelaga øl. Det ville gje meir morsmjølk til veslebarnet. Da mor hadde småborn i Noreg, fekk ho godt stell og så mykje mat at da ho kom opp av senga, var det ei dokk på toppen av kvar av knokane på handa. Småborna i Noreg vart så feite av den gode morsmjølka at dei likna smørballar. Dei var sjeldan sjuke. Dei hadde ikkje eigne senger, men vart pakka inn og lagt til å sove på puta til mora, ovanfor hovudet hennar.
Ei kvinne som kunne kunsten, reiste rundt og baka vinterlageret av flatbrød for folk. Dette var eit sprøtt, hardt brød, baka i tynne leivar, som vart etne dagleg. gjærbakst vart berre bruka til jul og påske. Først blanda dei saman ulike mjølsortar og litt salt. Så skolda dei dette i kokande vatn og blanda det til ein kokande deig med fire skeier smør. No måtte denne deigen bli kald medan mor stelte istand bordet til kjevlinga. Det trongst god plass. Det lange tynne kjevlet var laga til denne bruken av far. Han skar furer i kjevlet for å breie ut deigen betre. Da deigen var kald nok til å handterast, strøydde ho mjøl på bakstebordet og byja å forme ein deigball så stor som ein mjølkekopp. Denne vart kjevla ut til diameteren var omlag 17 tommar. I mellomtida hadde bakstekjerringa det travelt med å reingjere ovnsplata eller takka der flatbrødleivane skulle steikast. Ho måtte gjera det nøye, for mor ville ikkje ha ein einaste svartbrend flekk på "brauda" sine. I Amerika vart flatbrød steikt rett på ringane i vedkomfyren.
Viktig var det å kjevle leivene så tynne at dei såvidt hekk i hop. For å løfte den store tynne leiven frå bordet og til vedkomfyren, utan å øydelegge han, brukte mor ei lang flat såkalle brødskoru. Ho starta frå den eine sida av leiven og rulla han lett over brødskoru. Slik fekk ho leiven over på takka. Ein måtte ha god trening for å greie å snu leiven når han var brunsteikt på eine sida. Mor let brødskorua gli under flatbrødleiven, og med handa hjelpte ho til. Slik fekk ho snudd han, og dermed kunne han brunsteikjast på andre sida også. Når braudet var steikt, flytta ho det over til bordet for å kjølne. Etter dette vart dei lagt i stablar og lagra på ein tørr, kald stad. Flatbrødet heldt seg heile vinteren og vart ete med glede. Det var alltid sprøtt som kjeks. Når ein åt det, braut ein av eit stykke og smurde på det. Vi åt det også utan smør, knust oppi ei skål med mjølk.
Eit anna populært bakeverk var lefse. Den kunne ikkje bli lagra som flatbrød. Ein starta med potet til denne deigen. Mor tok 20 kokte irske poteter og mosa dei fint og la til to skeier smelta smør, eller ein halv kopp rjome og salt. Så hadde ho i nok mjøl til utkjelvling. Dersom deigen var for tørr, sette ho til ein kopp potetvatn. Deigen til lefse var så stor som ein tallerken når han var kjevla ut. Ho bruka eit glatt kjevle til dette. Leiven måtte vere tynn. Han vart steikt på takka eller på ovnsplata. Når han var svakt brun, snudde mor han med brødskoru og steikte han på andre sida. Lefsa var ikkje sprø som flatbrød, Men mjuk som ei pannekake. Lefsa vart lagt dobbelt når ho blei teken av av takka. Nordmenn lika lefsa varm eller kald og påsmurd. Somme rulla ho saman som ei pannekake og åt ho frå handa. Salta griselabbar eller lutefisk var godt inntil lefsene.
Denne lutefisken var svært godt lika i Noreg. Han vart laga av torsk som vart fiska i sjøen om sommaren. Han vart reinska og delt i to lenger og lagt på berg til tørkig i sola. Dei låg tre eller fire veker til halvdelane var heilt harde. Båtlass av denne tørrfisken vart skipa ut til andre land. Husmora måtte vite i god tid når ho ville servere lutefisk. Fisken måtte nemleg ligge i vatn i to veker på førehand. Så den gong var heller ikkje lutefisk ein rett som kunne lagast til mellom middag og kveldsmat. Så vart fisken lagt i lut, som var laga av oske frå avbarka lønnetre. Fisken måtte ligge i denne lutlaken til han var så mjuk at fingrane gjekk igjennom fiskekjøtet når ein trykte på.
Fisken var ennå ikkje klar til koking. Han vart lagt i klart vatn natta over. Neste dag vart skinnet teke av, og fisken kutta i serveringsstykke. Så plasserte ein fisken i eit klede og la han i kokande vatn, salt vatn og let han trekke i 3-5 minuttar, til fiskekjøtet var fast. Lutefisken kom på bordet i eit trefat samman med smelta smør eller ein fyldig kvit saus med mykje smør i. Fisken vart servert med potetmos og lefse.
I Noreg feira dei jul i tre veker. Difor måtte ein god del av slaktinga og bakinga gjerast på førehand. Flatbrødstablar vart lagra til side. Nå var det tid for å lage kaker som kringler og fattigman. Kringler vart forma som ein ring. Mor rørde saman ein kopp smør og ein kopp sukker og to egg til ei kvit røre. Ho sette til ein halv kopp mjølk og ei teskei med kardemomme. Mor hadde i nok mjøl til å få ein fastare deig enn kakerøra, men ikkje så fast som vanleg småkakedeig. Så klemde ho av ein liten bit og rulla han med hendene til 6-8 tommers lengde. Rullen vart lagt i sløyfe og steikt i panne i varm omn. Desse kringlene var så gode at dei smelta på tunga.
Namnet fattigmann er misvisande, for dette er ei helle dyr kake. Feittet i desse var rjome. Tre skeier rjome, tre skeier sukker og tre skeier sukker og egg vart vispa i 15 minutt med ein trevisp til røra vart lysegul og luftig. Ei treskei kardemomme og ei med konjakk kom også med i deigen. Ein sikta i nok mjøl og blanda til ein tjukk deig. Eit vanleg kjevle vart brukt til å kjevle ut denne deigen. Ein delte leiven opp i avlange firkanter ved å prikke med en knivspiss. Når fattigmannen var steikt i varmt fett i ei gryte, vrei hjørna seg opp. Når dei var svakt brune, vart dei tekne opp og lagra i eit anna rom utanfor freistng. Der låg dei i boksar meda vi venta på festtida. Julehelga var ei stor tid, med selskaper av slekt og venner. Mor var alltid rikelig førebudd. Ho lærte alle døtrene sne å lage desse gode norske sakene.
Ei kan sjå av denne maten at dei visste korleis dei skulle leve godt. Dei måtte ete godt for å ta vare på kreftene til det travle livet dei førte. Dei var ikkje dagdrivarar, enda om dei ikkje dreiv på slik vi gjer her. Alle hadde noko å gjere heile tida. Dersom ei kvinne hadde tid til overs, tok ho fram strikketøyet. Jamvel barna vart haldne i aktivitet. Kvinnene laga kleda heime. Mor hadde både rokk og vevstol der alle kleda til familien vart til. Rokken tok ho med seg til Amerika, i små delar i ei kiste. Rokken var måla lys blå, med ei gul stripe rundt hjulet. Gule og kvite dekorasjonar var måla her og der. Familien min hadde eigne sauer til ullproduksjon også her i landet. Mor spann alt garnet ho trong til vottar og strømper heilt til ho var 70 år gammal. Tidlegare hadde ho jamvel spunne garn til ullteppe, undertøy og skjorter til mennene. I Noreg hadde dei lin til kvitklede og handkle.
Det høyrest ut som om mor hadde ei mengd arbeid å gjere, men enda med sine sju barn i Noreg, var ho alltid like roleg. Som yngst på garden Bøe hadde ho aldri blitt sett til å gjere så mykje. Husarbeidet var ikkje den viktigaste saka i Noreg i noko høve. Golva vart skura til jul og påske. Ellers vart dei berre sopa med ein heimelaga lime, Men dei vart så reine at dei skein. Mor var så reinsleg at ho kosta kolva ekstra ofte da ho var jente. Ein dag sa mor hennar: "Bruk ikkje så mykje tid på å koste, kjære deg. Du kan aldri leve av limen."
Mor var van med å ha mange tenarar frå dei første åra sine. Det var tre husmannsplassar til garden Bøe. Husmennene var fattige folk som måtte vere glade for å få hus og litt pengar for den hjelpa dei gav på garden. På Bøe hadde dei alltid kvinnelege tenarar i huset.
Mor og far hadde berre ein husmann på Juve og berre ei tenestejente i huset. Det var Stor-Helga. Ho hadde omsorg for barna og bar riset under forkledet sitt. Dersom det vart for mykkje arbeid for Helga, vart nokon sendt av stad for å hente husmannskona. Husmannen hjelpte alltid far når det var nødvendig. Når det ikkje var arbeid heime, var husmennene på arbeid andre stader, og slik tente dei til levebrødet. Mor var så varmhjarta at ho aldri dreiv desse stakkars heimlause folka særleg hardt. Ho lika ikkje å ta det så hardt sjølv heller. Store-Helga var hos mor i tretten år, og mor gløymde henne aldri. Signe Maurbrekke, som røykte pipe med mor i Amerika, var ein av tenarane frå Bøe. Du kan tru ho og mor hadde gode pratestunder om gamle dagar.
Ved sida av husarbeidet hadde kvinnene ansvar for husdyra. Mor hadde ansvaret, men tenestejentene gjorde arbeidet. Dette var av di mennene arbeidde i skogen om vintrane, og hogg tømmer for sal. Om sommaren når mennene passa avlinga, måtte kvinnene få med seg kyrne og sauene til setra der graset var saftig og grønt.
Det var like etter jonsokdagen at dei reiste til seters. Kvar bonde åtte eller leigde ei bu eller ei koie oppe i fjella og bruka ho i to månader kvar sommar. To bønder og ei jente frå kvar gard var det som oftast heldt til på samme setra. Far hadde eiga seter (stule). Ein måtte nesten klatre i fjellet for å komme dit. Men seterbygningane låg i ein vakker, grøn dal. To jenter passa kyrne heile dagen. Nesten alle kyrne hadde bjølle. Nordmennene var så glade i bjøller at dei til og med hengde dei på hestane om vinteren. Bjøllene var så store som ein knytteneve. Det var to på kvar side øvst på bogtreet til hesten. Dei vart kalla dombjøller og hadde fin utforming. Når hestane trava i veg, laga bjøllene vakker klang.
Det var ein mann som heitte Andres Uvaas som drog til Amerika, og som seinare kom attende til Noreg på besøk. Han hadde lengta så etter dei norske bjøllene at han ville ta med seg nokre attende. Men det var imot skipsreglane å ha bjølle i bagasjen. Andres fylte dei med mjøl, så dei ikkje skulle ringje, og på den måten fekk han dei med. Bror min, John, har framleis desse bjøllene. Dei har ein klar, fin klang, som om det var blanda sølv i metallet.
I vår familie var det mor som drog til seters med bølingen. Ho lika å stelle kyrne og å lage smør og ost. Dessutan var det ein god og velkommen forandring frå det vanlege å kome til dei vakre fjella, der lufta var frisk og himmelen klar og blå. Ho tok med minst ein av dei eldre barna for å hjelpe med å sjå etter krøttera med ei av tenestejentene. Sjølvsagt måtte minstebarnet vere med henne også. Veslebror, John, gledde seg over å bli med fordi han fekk all den søt-rjomen han greidde å ete. Dei andre barna var att heime hos far og Stor-Helga. Far besøkte dei ofte få setra. Han fekk opp ved og gjorde andre viktige ting. Mor heldt seg på setra heile sommaren.
Ein gong far gjekk oppover til setra, fann han ei lita øks med to bøygde spissar. Dei to bøygde spissane på toppen måtte ha passa i eit grop i eit handtak, tenkte han. Men handtaket var rotna vekk for lenge sidan. Far reinska øksebladet for å finne ut kva det kunne ha vore. På den eine sida såg han teikninga av ei midtnattsol. På heimvegen funderte han over opphavet til øksa. Noko slikt hadde han aldri sett før. Etter ei stund kom han til den slutninga at det måtte vere ei stridsøks frå vikingtida. Far var alltid praktisk, så han tok øksa til verkstaden sin og sette på eit treskaft. Så sa han til kona si vel nøgd: "Torild, her er ei kjøttøks til deg. Eg veit du kjem til å laga mykje godt til meg med denne."
"Mathis. Mathis," svara ho smilande, "det skal eg gjere." Og ho bruka øksa resten av livet. Ho har framleis den skarpaste eggen eg har sett på noka kjøttøks.
Mor var flink til å lage ost, og reinsleg. Ho bruka alltid mykje vatn. Ho henta vatn i nokre fjellbekkar oppe på setra. Mjølkebytter vart laga av tre. Smør og ost vart oppbevart i små treholkar. Akkurat som det var ein spesiell person som kunne lage flatbrød, så var det ein fast mann som reiste rundt og laga holker og bytter, sjølv om far var svært handig sjølv. Dersom ein ikkje var særleg nøye med trekjørel, ville innhaldet smake harskt. Men slik var det aldri frå mors hand. Ho skura dei med sand, skolda dei i kokande vatn, skylte i kaldt vatn og sette dei i sola til tørking. Eg trur det var den store varsemda med utstyret som og den friske kjølege lufta som gjorde at ho kunne halde maten frisk og sunn heile året igjennom.
Etter at mor reiste til seters, vart det stor aktivitet heime. Far, dei eldste barna og husmannen hadde det travelt med å dyrke jorda på dei små spreidde engestykka. Gardsbruka var ikkje stor i Noreg, berre omlag 40 eller 50 acres, (350-400 mål! o.a.) og ikkje alt var dyrkbar jord. Men ho må ha vore svært fruktbar, og folket flinke bønder, for både menneskje og dyr levde rikeleg. I desse korte sommarmånadene dyrka dei ikkje berre nok til å brødfø ein heil familie gjennom vinteren, men også til å fore 6-8 kyr, eit par hestar, ein saueflokk og nokre høner.
Graset vart slege og raka for hand. Det var eit seint arbeid. Kornet vart skore med sigd. det var dei eldre jentenes arbeid å skjere og å binde kornet i buntar. Den viktigaste grøda var bygg, kveite, havre og poteter. Bygget vart male til mjøl og bruka til graut eller malt til juleølet. Havren vart bruka til dyrefor, og noko til flatbrødbaksten. Av kveiten vart noko male til baking, og noko vart male til kvitt mjøl til jule- og påskefeiringa. Det var berre da at ein bruka mykje kvitt mjøl. På julebrøda bruka mor å legge eit fletta deigstykke i krossform.
Dei dyrka grønsaker også om sommaren. Gulrøter og kål lagra dei i kjellaren saman med potetene. Alt dette vart bruka i kvardagssuppa som vart koka på kjøt og krydra med timian. Dette var vintermaten deira. Om sommaren dyrka dei salat. Dei plukka rikeleg med ville bær. Det var bringebær, jordbær, blåbær og dei delikate moltene. Desse voks lågt i kvastar og voks som eit raudt teppe i skogen. Dei prøva aldri å hermetisere frukt til vinterbruk.
I slutten av august, når det byrja å bli kaldt, reiste far med hest og vogn opp til setra for å hente mor. Dei fleste hestane i Noreg var ikkje så store, og hesten som far hadde var på samme farge som ein hjort. Han vart kalla Skimmelten eller Blakken på grunn av denne farga. Far let vogna stå att ved vegen, men hestane vart lasta med smør, gammalost og prim som mor hadde laga. Så starta det store følget. Først kløvhestane ført av far, så mor som bar babyen, tenestejentene og barna jaga buskapen. Kalvane hoppa og spratt langs vegen og bjølleklang høyrdest langt lei. Dette må ha vore noko både å sjå og høyre. Nede ved vegen pakka dei inn i vogna alt som var nedpakka før turen, og far hjelpte mor med babyen opp i setet. Snart såg dei hustaka på Juve. Du kan vel tenke deg kor glad mor var da ho såg dei eldre barna som kom springande i møte med hennen. Alle i familien vår var glade i kvarandre og vi lika oss best når vi kunne vere samman. Store-Helga kom snart ut med eit stort smil i andletet og kunngjorde at ho hadde klart eit varmt måltid, og at ho vona at "frua" ville finne alt slik ho lika det. Far og dei andre tenarane plasserte matvarene i stabburet medan dei gledde seg til kveldsmaten. Stabburet var den viktigaste bygningen på garden, fordi all maten var lagra der - gryn, kjøt og andre daglegvarer. Potetene som var dyrka på garden, vart lagra i kjellaren i våningshuset, for at dei ikkje skulle fryse.
Nede på garden vart vatnet til huset og fjøset teke opp i bøtter frå ein brønn. Rundt brønnen var det bygd eit lite hus. Pumper var det ikkje i Noreg. Den vesle vaskinga som vart gjort om vinteren vart gjort i smelta snø. Om sommaren tok dei kleda til elva og daska dei reine med ei åre på ein stein. Laken og sengeklede vart ikkje bruka i Noreg. Saueskinn vart bruka til å sove i om vinteren og tynne teppe om sommaren. Skinna som hadde ulla på, var mjukare enn det finaste ullteppe. Når det vart samla nok av desse skinna, kom ein mann og laga store teppe av dei. Denne skreddaren kom på slutten av året. I tillegg til saueskinnsteppe laga han vinterklede av lett ullstoff som kvinnene hadde vove. Han sydde heile dagen, men når det tok til å mørkne, og han ikkje greidde å sjå lenger, la han seg ned og tok ein blund før kveldsmaten. Enda i Amerika kan eg hugse at mor kalla skumringstida for skreddartimen.

Folk i Noreg var så sterke at dei gjorde ingenting av å gå eit par norske mil. Det er omlag sju av våre mil i ei norsk mil. Ein gong fekk mor mi heimelengt. Ho ville til Bøe som låg meir enn ei mil unna. Ho tok yngstebarnet med og overlet ansvaret for garden til Store-Helga. Det må ha vore om våren eller på hausten, i alle fall utanom setertida. Ho kom aldri til å gløyne denne vakre turen til fots, med furukronene som duva over henne og fylde lufta med ein frisk ange. Alm og eik kasta skuggar over vegen her og der. Elvene og fossane i Noreg var klare og fulle av stryk. Det var fossar over alt. Ho fotalde ofte om Rjukanfossen som var 415 fot høg.
Det var lite å vere redd for aleine i skogen. Der var mest berre duvene som fylde lufta med sine klagande skrik, så det gav ekko mellom trea. Ulvane i dette landet hadde visst døydd av sjukdom. Bjørnane hadde trekt opp mot fjella. Mor såg dei berre når ho var på setra, og ikkje så ofte. Rev var det sjølvsagt mykje av, og dei lista seg rundt omkring, gjerne i nærleiken av hønsegardane til bøndene. Ormar fanst det fleire slag av. For desse hadde mor ikkje berre ei naturleg, men også ei bibelsk redsle. Ho passa alltid på at ho ikkje trakka på firfisler som for avstad over stien hennar. No og da spratt ein hare ned på vegen, da tenkte ho på ein liten trist song om haren:

Kva vondt har eg gjort menneska,
sidan dei legg snarer i vegen for meg.

Det var aldri landstrykarar som kunne skade eller drepe dei vegfarande. Dersom det hadde vore tilfelle, ville far aldri gjeve mor lov til å gå den lange turen aleine til forts. Det var berre to farlege menn på denne tida. Ein var Gjest Baardsen og den andre var Ole Høiland. Dei var begge tjuvar som røva hus, forretningar og bankar. Ole Høyland prøva å rettferdiggjere seg sjølv med å gje noko av fangsten til dei fattige. Ein gong møttest desse to tjuvane om natta, og dei kjende ikkje att kvarandre. Båe trudde at den andre var etter han, og begge kom seg unna så fort som råd var. Soga fortel at dei fann ut seinare at det hadde foregått på denne måten. Til sist vart Gjest fanga og sett i fengsel for ei lang stund. Eg kjem aldri til å gløyme den sørgelege songen som han skreiv til kjærasten sin, som han aldri venta å sjå att. Visa byrja slik:

Om du høyrer denne songen
tenk på han som elskar berre deg,
og ønskt at eg var fri.

Utan uhell kom mor fram til barndomsheimen og hadde det hyggeleg og kvilde ut. Da ho starta på heimturen, gjekk den gamle far hennar med eit stykke inn i skogen. Da han kom så langt at han måte snu, greidde han ikkje sjå på at ho gjekk vidare aleine. Ho hugsa heile livet med vemod at han ropa etter henne: "Vil du at eg skal følgje deg litt lenger, veslemor?"
Ho svara: "Nei, eg greier meg fint." Resten av heimturen gjekk ho sorgfull. Det var ein av dei aller siste gongene ho såg han.
Vi høyrde ikkje mykje om fars familie, for han var stille og sa ikkje mykje. Eg hugsar likevel at dei fortalde meg om ein gong han og eldste sonen, Ole, reiste på ein auksjon der broren budde. Denne mannen var ein av dei tre lærarane eg nemde. Han hadde gift seg med ei svært rik enkje. Ho var svært sparsam. Dei hadde ikkje barn. Da han døydde, ville ho ikkje gjeva bort nokon av dei personlege tinga hans. I staden sendte ho ut ei melding om denne auksjonen. Alle av fars folk syntest at dei burde ha ein liten del av arven, sidan broren ikkje hadde arvingar. Men sakføraren fortalde at det var inga hjelp i å prøve. Enkja hadde så mykje penger sjølv at ho ville vinne saka.
Denne broren hadde vore lærar i mange år. Etterpå reiste han ikring og preika og heldt vekkingsmøte. Det var ikkje ende på alle bøkene han hadde. Bror Ole som da berre var ti eller tolv år gammal, ynskte eit bestemt nytestament som han hadde vore glad i. Alle lo da unggutten ropa ut tilbodet på ein halv dalar. Men auksjonarius ropa ut i staden for å be om fleire bod: "La guten få ha boka." Og han fekk ho. Boka hadde svært store bokstavar og målte 4-8 tommar. Innbindinga var i ekte skinn og fint pynta. Ole las i denn boka kvar dag heile livet, til og med i ein alder av 92 år. Han budde hos meg eit par år på sine gamle dagar. Eg tok meg av han da han var sjuk på slutten. Såleis kom boka til meg.

Til dette fredelege Noreg med både godt og vondt, kom ein vind krypande seint, listande. Han splitta dei gamle inn til margen og sette dei unge i brann. Det ringde inn i øyra deira, og augene lyste av nye store ynskje og krav. For vinden kviskra: "Amerika - Amerika - Gullandet - det nye landet." Dei eldre kjempa imot, dei hadde innvendingar og dei trygla og bad. Men vinden bles enda sterkare og førde dei over havet med ei veldig kraft. "Amerika - Amerika. "
Mellom dei først som reiste av vår familie var Anne Bøe, ei eldre syster av mor - og mannen hennar Torger Olsson Landsverk. Han var bror til bestefar til mannen min. Dette var tidleg i 1840. Dei slo seg først ned ved Muskego i Sør-Wisconsin, og dei tilhøyrde den norske lutherske kyrkja der i 1846. Dei handla i Milwaukee, som hadde to forretningar den gongen. Den eine forretningsmannen var svært gjestfri. Han let dei aldri køyre tilbake til farmen før dei hadde vore opp i husværet hans over butikken og fått kaffe og lunsj.
I 1847 la dei vegen til byen Winchester, der andre nordmenn hadde funne så rikt, flatt land. Det er sagt at grunnen til at nordmennene ikkje lika seg i Sør-Wisconsin var at det var så mange klapperslangar der. Når dei skar kornet, vart sigden blodut av dei. Mange engelske nybyggjarar reiste derifrå av samme grunn.
Saman med dei andre nordmennene organiserte Landsverkfamilien den norske lutherske kyrkja på den høge haugen i Winshester. (Denne kyrkja feira hundreårsjubileum i 1950, og hadde da 900 medlemmer). Torger og Anne fekk seg ein svært bra farm og treivst godt i Amerika. Dei hadde tre døtre. Ei av dei gifte seg med vesle Tone Daalaans bror. Halvor.
Breva frå Torger og Anne var som ein frisk pust utanfrå. Å, dette landet Amerika. Ikkje meir slit på bratte åkerlappar så store som lommetørkle for å slå gras og korn. Ein kunne få 160 acres eigedom for ingenting. Der var høge tre som ein kunne byggje tømmerhus og låve av. Kvart av barna kunne få seg ein stor farm og bli rike. "De må komme over før det blir borte alt saman, kom - kom!"
Amerikafeberen sette seg fast i Torgers bror, Halvor Olsson Skare og kona hans, Margit. Dei kom til Amerika i 1843, før eller etter Torger, eg veit ikkje, og slo seg ned i Racine County. I 1853 flytta dei til Winchester der resten av familien var samla. Dei hadde tre søner, ein av dei gifte seg med Tone Daalaan nokre år seinare.
Tone forlet sitt gamle Noreg i ein alder av 19 år, John, den 22 år gamle bror hennar, reiste samman med henne. Tone var yngst i familien, så det gjorde det dobbelt så hardt for foreldra hennar. Ho hadde dessutan vore farens kjæraste barn. Han var ein gammal mann med langt, kvitt hår. Tone hadde bruka å stå bak stolen hans og kjemme håret hans. Denne gamle mannen følgde ungdomane til seglskuta på hamna i Kristiania. Han rodde dei ut til båten, og sette dei og bagasjen deira ombord. Vi har framleis eit smykkeskrin av eik i familien, som Tone hadde med på sjøreisa. Det er omlag 3x3x7 tommar og er dekt med raudt og kvitt mønsta papir, og låst med eit lite messinghekte.
Da faren hadde sagt farvel til dei, rodde han sakte attende til land. Tones hjarte heldt på å breste da ho såg det gamle kvite hovudet forsvinne ut av syne, for ho visste at ho aldri skulle sjå han att.
Eit barnebarn av denne gamle mannen, Gro Peterson, vart vi kjende med seinare i Amerika. Ho var tilfeldigvis heime i den gamle heimen i Noreg da Tone og John reiste. Ho sa at dei vart borte, kraup mor deira på kne over heile golvet og gret og ba for sine kjære. Det synte kor hardt det var å sjå dei reise av stad for alltid. Ho hadde alt mista to andre til Amerika, den eldste dottera, Aslaug og sonen Halvor.
Mor mi og folka til Tone tyktes å ha stor omsorg for kvarandre. Mange giftarmål kom istand mellom slektene deira gjennom åra. Først var det eldste syster av mor, Anne Bøe og Torger Landsverk, Seinare, i Amerika, gifte Tones bror Halvor seg med ei dotter, Anne, av Anne og Torger. Bror hennar, John, gifte seg med dottera deira, Signe. Bror min, John, gifte seg seg med ei niese av Tone, Isabel. Son til Tone vart gift med meg, og ei av jentene våre gifte seg attende til familien.
Så var det Aslaug, eldste syster av Tone, som hadde vore fattig tenestejente i Noreg. Ho fekk arbeid hos ein svært rik familie. Sjefen var ein høgt respektert forretniningsmann som hadde berre ein son. Aslaug var ei tiltalande jente, med fine, milde andletsdrag og muntre, blå auge. Ho var lita og slank, og hudfarga minna om kirsebærblomar. Det er ikkje til å undrast over at den rike guten vart forelska i henne. Sjølv om det var viktig å gifte seg innan same stand i Noreg, ønskte han å få denne fattige tenestejenta til kone. Ho nekta og sa at sidan at ho var under han av stand, så ville ho ikkje kome til å finne seg til rette i familien hans. Men det var ein annan grunn til avslaget: Bror til mor, Ole Andersen Bøe, hadde alt vunne hjarta hennar. Han brydde seg ikkje om ho var fattig eller rik, eller at ho var ti år eldre enn han. Han var så galen etter henne at han sa han ville ta liv om det var naudsynt for å få henne. Det var i alle fall det dei sa om han i Noreg. Vel, han fekk henne, og like etter segla dei også til det nye landet. Dei reiste til same staden som syster hans, Anne og mannen hennar, Torger, til Winchester i Wisconsin.
Onkel Ole Bøe ville nok ikkje blitt god å ha med å gjere om han ikkje hadde fått den jenta han ville. Han var ein svært grovbygd mann. Ein gong hadde han og nokre andre menn flytta eit lite hus med handkraft. Ein mann, eg skjemmest over å seie at det var min eigen verfar, kalla onkel for Ola Okse. Dette tilnamnet fornærma onkel, så ingen våga å bruke namnet så han høyrde det. Eg trur det var skikken i den tid at ein måtte ha nokre drammar når noko ekstra skulle gjerast, og ein kunne vel finne på mange tilnamn og anna fanteri i slike høve.
Det var på grunn av systra og broren at foreldra mine tok til å tenkje på å reise til Amerika. Det var ein heil koloni av slekta vår i Winchester. Så sjølv om det var hardt å reise frå det som var att heime, Bestemte dei seg til slutt for å selje det meste av det dei åtte og gjere seg klare til den lange reisa. Litt etter litt hadde slekta vår reist. Vegane deira var vætt med sørgjetårer, og tårer draup på kvar kiste og kuffert. Det var sorga over å skiljast for alltid.
Mor og far ville ikkje reise så lenge foreldra deira levde. Ein etter ein døydde dei og vart gravlagde etter ein høveleg seremoni. Gravferder i Noreg var mest like godt førebudde som eit bryllaup. Sjølve seremonien var i kyrkja, og på kyrkjegarden like ved. Slekt og vener reiste ikkje i frå dei næraste i sorga, men vart med dei heim til eit stort selskap, men sjølvsagt med ei heilt annan stemning enn i bryllaupet. Dei hadde stor respekt og mykje medkjensle for dei sørgjande.
Men eit festmåltid vart det og mykje å drikke for mennene. Av og til kunne nokon få for mykje, og da var det berre å få han heim. Det vart fortalt at ein gong var det ein mann som døydde og vart lagt på ein benk i uthuset til gravferda skulle vere. Men før denne dagen kom, hadde mannen kome gåande inn og hadde skremt alle som var tilstades mest til døde. Det viste seg at han berre hade vore skinndød. Mannen fekk det bra, kom til Amerika og levde til han vart svært gammal.

Det var få att i den næraste familien til å sørgje over slektningane våre da dei skulle reise til den nye verda. Mor hadde berre ein bror i Noreg, medan far forlet tre brør og ei syster. Far var 51 år, og mor var 38. Dei hadde 7 born, og alle kunne gå. Ingrid (Anguline) var 16 år gammal, Ole 14 år, så Signe, Helga, Andres, John- og Anne som var 3 år gammal.
Da dei høyrde at borgarkrigen var over i Amerika, pakka dei sakene sine. Det var våren 1866. I bagasjen var alle kleda, ullteppa, garnet, kjelar, arvestykkje, sølv og talrike ting til hushaldet i dei mange heimelaga askane og kistene. Ei stor kiste av eik som vi framleis har i familien, måler 50x26x26 tommar. Ho er så tung at to mann så vidt greier å lyfte henne når ho er tom. Dei store handtaka på sidene er av smidd jern. Kista har avrunda topp, og er bunden saman over det heile av flotte jarnband. Det store loket med smidd jarn har ein nykjel så lang som ei hand. Sidene er rosemåla i raudt kvitt og svart slik som moten var. Bakgrunnen er ei mjukt bøygd mørk grein. Framsida har to vakre, måla firkantar, teikna som eit tau, med ei lykkje i kvar ende. Ei har førebokstavane H. D. J. som eg trur var initialane til ein eller annan frå Djuve som far hadde kjøpt garden av. Ei annan har årstalet 1816 som utan tvil er årstalet da kista vart laga.
Innsida av kista er mest interessant. På eine sida er eit langt rom med lok-, eit rom for smykke og viktige papir. Kisteloket er festa på innsida med to utskorne jarnstykkje med raud filt utstoppa i hjarteforma mønster. Loket er måla blågrønt på innsida og har dei same bokstavane H. D. J. i svart med 1816 under. På høgre side er forbokstavane J. J. D, men dei har blitt måla over med same blågrøne farga. Kven var J. J. D? Var dette ein skipskamerat kanskje, frå tida på sjøen? Denne solide kista kunne ha greidd mang ei sjøreise. Eller kanskje var det ei kone som hadde reist frå H. J. D. Det var skikken å kalle kvinnene med døypenamnet åt faren. Det kunne ha vore ei Johanne Johannesdotter, men det vil nok alltid vere eit mysterium.
Far hadde ei annan vakkert måla kiste på storleik med ein liten kuffert. Mathis Olson Juve har skrive på ho med vakker, svart skrift.
Borna var elleville og sprang til og frå, lette på foten, med ullteppe og klede som skulle vere med i desse kistene. Tenk å få reise med eit kjempestort seglskip til Amerika. Dei som aldri hadde vore utanfor heimbygda. For ei oppleving det ville bli å sjå den dimme kyststrripa til det store nye landet. Etter at dei alle hadde gått til ro for natta, låg jentene med armane rundt kvarandre i mørkret og kviskra om alt det fine dei skulle få sjå, kjekke menn dei kom til å møte og gifte seg med, dei stilige amerikanske kleda dei kom til å ha på seg. Gutane snakka berre om dei store gardane dei skulle eige, -fire gonger så store som gardane i Noreg. Men far, som nå var over 50 år, sukka tungt når han såg seg rundt på velkjende og kjære stader for siste gong. Tårene til mor rann ned over dei trauste kinna dag og natt. Det var ikkje som for dei fattige som hadde alt å vinne og ingenting å tape i det nye landet. Desse var rike og lukkelege i Noreg. Kvifor skulle dei reise? Da mor la bryllaupskjolen i kista, undrast ho på om brurene i Amerika hadde slike fine, vakre ting. Medan ho tok opp det lange ærverdige sjalet og la det i kista, sa ho, så fint som eit dikt, namna til seks generasjonar kvinner som hadde bori kleda i sine bryllaup:

"Mari Yli,
Helga Yli,
Thorild Yli,
Ragnhild Yli,
Signe Frøland,
Thorild Bø,
-Farvel... farvel... farvel... "

Men det var ikkje tida til å sitje å sørgje. Båten skulle segle på ein fastsett dag. Billettar var kjøpt, og det var berre å bli med. Sjølv om mor var med barn for åttande gong, var det ho som måtte pakke ned maten til sjøreisa som skulle vare i ni veker. Maten pakka ho i den aller største kista. Denne største kista var enkelt laga av lønn eller bjørk, og raudmåla. Ho var omlag tre fot brei. For å leggje i, opna ein loket mot seg. Det hekk halvvegs ned på framsida og var festa med ei hempe på toppen. I botn var det djupe rom som rakk opp til gangjarnet. I desse la mor mjøl og andre råstoff. Dessutan må dei ha hatt tørka kjøt, salt sild, salt kjøt og fisk. John, bror min, hugsar at der var tørka saue- og geitebogar, og det var att ein bog av geitekjøtet da dei reiste til Amerika. Han sa at han og syskenbarnet (John, Johnson) fann det i spiskammerset ein dag og skar av to store stykkje som dei åt i løynd. Over rommet i botn av kista, halvvegs nede, var det ei hylle og på denne mengder av smør, ost, flatbrød og anna. Det vart sagt at i april på Nord-Atlanteren ville ingenting bli øydelagt.
Alle hadde sjølvsagt blitt utstyrt med nye klede til reisa. Veslebror, John, var ikkje fylt seks år på den tid. Den nye dressen hans var av svart ullstoff, og han hadde sølvknappar på bukse og frakk. Lua var han ekstra stolt og glad for. Ho var av brunt ullstoff og hadde blank skjerm, -ei kjøpelue. Han hadde nye skor også. John var så kry av alt utstyret, at han måtte springe til grannen, gamle Ole Juve, og syne seg. Gamle Ole fekk fram fela og spela ein livat slått til ære for John, og han ba John danse til. Dei var gode venner den gamle mannen og guten. Eg kan tenkje meg at det var vemod i feletonen som blanda seg med trippinga av dei nye skorne på plankegolvet. Dei fekk aldri sjå kvarandre att desse to.
Det var i april månad 1866 at dagen kom. Dei lesste i vognene, og så sette far, mor og alle borna seg øvst på seta. Nokre grannar reiste med dei så langt som til den vesle hamnebyen Skien. Dei skulle ta hestane og vognene med attende med varelass. I Skien gjekk dei ombord i ein liten kystseglbåt som gjekk til Christiania, der havseglbåten venta.
Da familien var samla på brygga i Skien, og medan sjøfolka lasta bagasjen ombord i båten, ville mor telje borna. Eit stort sjokk var det da ho oppdaga at eit av borna var borte. Det var vesle John. Alle måtte leite rundt omkring. Dei kikka bak kister, kuffertar og fiskekasser og snudde opp ned på småbåtane på land. Nokre sprang etter vognene som nå var på heimveg, for å sjå om han hadde gøymt seg i dei. Men nei. Han var ikkje å finne nokon stad. Sjølv om mor var vaksen og roleg, tok ho nå til tårene rett framfor alt folket. Hadde vesleguten falle i sjøen? Far trøysta henne med tanken på at guten hadde gått inn i ein av sukkertøybutikkane i byen. Han ville gå og sjå etter John.
Sjøfolka tok nå til å sleppe passasjerane ombord i båten. Mor skjøna at ho ikkje kunne reise, når guten hennar var borte. Men billettane var betalt, og all den verdfulle bagasjen deira var teken ombord. Båten skulle gå nordover ein dag for å ta opp passasjerar og last, så skulle han kome attende. Far rådde mor til å gå ombord til dei andre borna, så skulle han vere att i Skien og leite etter John og slå lag med dei andre når båten kom dagen etter.
Du kan tru at mor gjekk ombord med tungt hjarte, og at ho nesten ikkje fekk blund på dei tårevåte augene heile natta. Ho låg og tenkte på alle slags fæle ting, og til sist kom ho til at det måtte vere haugfolket som hadde teke guten. Desse "tussane" var nokre små underjordiske som alltid gjorde fanteri mot kristenfolket. Mange gonger hadde dei gjort mjølka sur i kjørela over natta. Ofte hadde dei krope inn og løyst kyrne om natta. Nokre trudde at når haugfolket vaks opp, så vart dei tatrar. Nå trudde ho det. Det førde til at ho tok til å gråte att, og rundt henne i kahytten låg triste og leie born og høyrde henne klage. Heile natta kom dei til å tenkje på gamle historiar om korleis tatrane hadde stole hestar og til og med små born. Nokre gonger hadde dei kome til garden Djuve, og mor hadde alltid gjeve dei godt med mat. Dei mintest korleis Greta Gruba sjølv, leiaren deira, hadde kome berre for få dagar sidan. Ho hadde gråte fordi familien skulle reise vekk. Det var nok da dei hadde sett seg ut John! Mor var heilt sikker på dette.
Og slik heldt det fram. Klaging og gråting vart det mykje av medan den vesle båten for inn og ut av hamner og tok opp passasjerar og gods. Da båten nærma seg Skien att neste dag, sto heile familien på dekk og skygde med hendene for augo. Ole, bror min, var den første som såg folka på land. Der var far! Han kunne kjenne att hatten hans. Og der, med bøygd hovud bak fars føter, var John. Dei fine kleda hans var skrukkete og dei nye skorne skitne. Nei, han hadde ikkje blitt stolen av tatrar. Han hadde berre falle i svevn på stalltaket. Far forsikra mor om at han hadde fått juling og hadde lært leksa si. Da familien gjekk ombord enda ein gong, visste dei ikkje kva kjensle som var sterkast, - gleda over å vere samla att, eller sorga over å reise frå Skien.
Seglskipet "Laurdahl" som var ankra opp i hamna i Kristiania var større enn noko hus eller noka kyrkje familien hadde sett. Båten var som eit fjell. Dekka var større enn dansegolv. Sjøfolk var det over alt i dei høge mastene. Snart kom eit vinddrag og fylde segla, og båten byrja å sige frå land. - Det landet som ingen av dei skulle få sjå att.
Det vart ei stormfull sjøreise desse vekene på sjøen. Mor gløymde aldri redsla for sjøen. Nokre gonger var heile familien svært sjøsjuke, og maten i den høge kista vart ikkje rørt. Ein mann drakk noko sjøvatn før han gjekk ombord på skipet. Han spankulerte omkring og sa at det var måten å hindre sjøsjuke på. Men han fekk ikkje nokon andre til å prøve det middelet.
Kvar gong når veret roa seg, kraup mor ut av køya og laga eit godt måltid. Far tok resten av familien opp på dekk for å puste i frisk luft. Mor våga ikkje å gå på dekk før det var heilt roleg og solskin. Bølgjene skremde nesten livet av henne. Ho tykte dei var høge som fjell, og djupe holer som var i stand til å svelgje skipet. Derfor ville mor vere under dekk og ligge i køya, slik at ho ikkje vart kasta på sjøen av rørslene til skipet.
Vesle John hadde ikkje lært leksa si i det heile. Han og Andres for over alt på skipet. Far måtte gjæte dei dagen lang. Ein stor gut tok eingong lua til John og heldt ho bak ryggen sin. Medan dei nappast om luva, ramla den vakre blankskjerma skatten, i sjøen, og det var ikkje råd å få tak i han att. Luvelaus, skjemd og raud av sinne jakta John på frekkasen til han måtte gøyme seg bak mor si.
John fortel framleis kor redd han var for å gå attende til kahytten utan luva. Istaden kraup han opp på nokre øskjer og klatra langs hyller og kom opp til skipsbaderommet. Der støtta han seg bak ein planke og sovna. Da han vakna, høyrde han røyster. Det var far som snakka. "Trur de han er der oppe?"
"Å nei, " lo ein sjømann, "nei, sir, han kunne aldri henge der oppe!"
"Det er betre han heng der," la ei anna stemme til, "Dersom det kjem ei stor bølgje, kan ho berre vaske han rett ut i havet!"
Jon vart forferd. Så snart stega var borte, kraup han ned og gjekk til ein flokk born som leika. Han svara ikkje på spørsmåla deira. Da kvelden kom, måtte han gå attende og møte mor. Han visste at sjølv om dei var midt ute på havet, så ville ho finne eit ris å bruke på ein slik gut som kunne øydeleggje ei så fin luve.

Ein dag var det eit fælt oppstyr på akterdekket. Ein gammal mann var død, og dei sjokkerte slektningane hans høyrde kapteinen seie at han måtte gravleggjast i sjøen. Kroppen heldt seg ikkje til dei kom til land, sa han. Familien gret og let, men det måtte bli som kapteinen sa. Nett nå, medan dei gjorde dette klart, fekk dei oppleve ei ny redsle. Opp av havet kom ein fisk like lang som skipet. Folk såg han piske opp sjøen med halen, og han snudde den veldige svarte kroppen rundt. Mil etter mil følgde han skipet. Mannen som hadde skrytt av sjøsjukemidlet, kom nå opp frå lugaren med eit gevær. Han ville sende ei kule gjennom kroppen, men kapteinen stogga han. "Den fisken kan velte skipet med eit slag med halen", sa han. Det var ingenting anna å gjere enn å gje fisken det han ynskte. Hjelpelause sto dei og såg kista gli over rekka. Fisken var like ved skipssida med den kolossale kjeften sin. Han fanga kista da ho tok vatnet, knekte ho i to med eit bit og svelgde innhaldet. Enda nå i høg alder, hugsar John denne stunda.
Desse nordmennene var etterkommarar av vikingar, men ei slik sjøreise var for mykje sjølv for dei. Du kan tru det vart glede i hjarta og takkebønner på leppene deira da dei fekk land i sikte ein morgon. Det var Quebec i Canada. Derifrå kom dei til å reise til Montreal, og på ein annan båt så langt som til Winneconne, Wisconsin.
I hamna i Winneconne møtte det dei eit gledeleg syn. Tre av deira eigne folk sto der. Forandra sjølvsagt, og eldre, men av deira eiga slekt i dette framande landet. Der sto bror åt Toril, Ole Anderson Bøe og svograne hans, Halvor og John Johnson Daalaan. Dei hadde ikkje sett desse to mennene sidan dei var tenåringar. For ein gledesrunde med handtrykk og fangtak. "Takk Gud, takk Gud ", ". . . og mange helsingar frå gamlelandet."
Berre mennene hadde møtt fram. Kvinnene var att heime og laga til stor middag. Dessutan trong dei mykje plass i vognene. Dei venta lenge i Winneconne på Ole Bøe som måtte handle før dei starta på heimturen. Medan Ole handla, tok far John med på ein spasertur. Han heldt godt tak i handa, det kan du vere sikker på. Halvor gjekk i lag med dei. Folk som gjekk forbi i gatene glodde på nykommarane. John glodde attende på andleta han såg.
Ein fin blank hest med ei flott vogn kom opp på sida av dei. Det var den rike kjøpmannen Tønneson, sa Halvor. Han hadde forretning i Oshkosh og ei annan her i Winneconne. Han stogga hesten og kikka på John. Så steig han ut av vogna og kom for å snakke med far. "Er det guten din?" spurde han, så heldt han fram og fortalde at han og kona ikkje hadde born sjølve. Dei hadde nettopp adoptert ei lita jente, og nå ønskte dei seg ein gut. Han baud verkeleg far 1000 dollar dersom han kunne få vesle John. Far vart fælen. Var dette måten dei gjorde det på i Amerika? Selde dei sine eigne born, sitt eige kjøt og blod! Det var ikkje ein god start i det nye landet.
Sorg og tvil vart borte etter som dei for vidare i solskinet, med skikkeleg fast grunn under føtene att. Så vakkert låg landet framfor augo deira; mørke, bølgjande marker som likna teppe med dei grøne kornspirene. Dei såg ville jordbær langs vegkantane og ville rosa blomar langs jernbanelinene. Ole Bøe peika med pisken på nokre bygningar på ein liten skogkledd bakke. Det var garden hans. Dei såg at kvinnene venta på dei.
Sjølv om Toril var vel vaksen, kunne ho ikkje halde attende tårene da ho såg den kjære syster si, Anne som var kona til Torger, stå på grasplenen ved sida av Aslaug. Kor mager Anne kjendest da ho tok henne i armane, og kor trøytt ho såg ut. Ingen av dei kunne få fram eit ord. Borna tumla ut av vognene og stod og såg blygt på syskenborna som dei aldri hadde sett før. Dei hadde så uvanlege klede. Men dei måtte ikkje stå der og halde dei langvegsfarande ute på tunet, sa Aslaug. Middagen var klar, og alle venta på å få høyre nytt heimanfrå.
Og slik starta den livslange praten om Noreg, som ikkje har slutta den dag i dag.

Far og mor budde hjå Anne til dei fekk kjøpt seg ein gard sjølve. Torger var død da. Det var fælt å bu fjorten menneskje i eit lite tømmerhus. Dei var ikkje imponerte over rikdommen i dette nye landet. Det synte seg ikkje å vere så herleg som folk hadde fortalt. Urett såg dei frå første stund. Så fekk mor ein liten før året var omme. Det var meg, og seinare fekk ho to born til. Ho gret ofte og lengta sterkt til Noreg. Mor og far hadde aldri mangla noko, men nå kjende dei fattigdomen trykkje kor dei kom. Av grunnar som eg ikkje veit, så slo dei seg ikkje ned på ein av dei rike flate gardane slik som systrene og brørne deira gjorde. Kanskje var det ikkje att slike gardar i nærleiken. Far kjøpte ein bratt, men svært vakker gard. Der var sandjord og mykje stein. Midt på eigedommen var det ei høgde, og ein glitrande bekk bukta seg gjennom engene. Kanskje minnte dette dei om Noreg, men det var ikkje ein gard der dei kunne bli rike i ein fart. Far kjøpte han av Søren Kjeldalen, som nettopp hadde kome heim frå borgarkrigen og ynskte å starte livet på nytt i Minnesota. Garden hadde alt eit tømmerhus og eit par tømra fjøs. Far kunne ikkje betale for alt med ein gong, så smått og fattig vart det. Gardane var mykje dyrare etter borgarkrigen enn da dei andre slektningane hadde kome over.
Pengane til far og mor var verd svært lite her i Amerika i desse dyrtidene etter krigen. Bommullstøy kosta 50 cent pr. yard, mot 5 cent før krigen. Kveite kosta to dollar pr. bushel, mot tidlegare 80 cent. I staden for å respektere dei, og sjå på dei som ein bra familie, så lo amerikanarane av nykomarane og forsøka deira på å snakke det amerikanske språket. Dei lo rett og slett av dei broderte kleda og dei sølvknappa knebuksene. Ikkje rart at mor og far mislika dette landet. Etter at vi borna tok til å gå på den engelske skulen, prøva vi å snakke engelsk heime. Det lika ikkje foreldra mine. "Gå ut dersom de ikkje kan bruke morsmålet dykkar, " sa dei.
Trass i motgangen lika ungfolket dette landet. Dei såg utover dei vide markene som skulle bli deira ein gong, - og kviskra:
"Wisconsin, Wisconsin! Dette er heimen min!"


Eg har forsøkt å oversette litt vidare i boka, men har kome til at det er svært vanskeleg pga. mange spesielle uttrykk frå dagleglivets gjeremål i gamle dagar. Det krevst både svært god engelskkunnskap, og kunnskap om dagleglivet i eldre tider å omsetje dette.
Om nokon er interessert i å prøve vidare, så har vi forlagets tillatelse til å publisere dette så lenge det ikkje er til komersiell bruk.
LS


Kapittel 2

Amerika

Sjølv om ikkje alt var slik foreldra mine hadde drøymt om, så var det ikkje tid til å sitje å sørgje over det.
Mor og Anguline fekk det travelt med å vaske heile tømmerhuset for å gjere det leveleg der.
Far fekk kjøpt nokre få kyr, og dermed fekk mor mjølk og kunne lage smør og ost. I byrjinga hadde dei ikkje råd til å ete desse produkta sjølv, men bytta dei bort inødvendige ting dei trong frå butikken. Største gleda for henne var at ho hadde eit par kalvar som ho stelde med stor kjærleik slik som ho hadde gjort med dyra heime i gamle dagar. I tillegg hadde ho ein gris og nokre høner som fekk sitt daglege stell.
Far og Ole streva med grøda mesteparten av tida, men det tok lang tid før det blei skikkelege inntekter av den nye plassen.
Mor bruka å fortelje litt skamfull at ein dag hadde dei reist omlag ei norsk mil til Winneconne og kjøpt nokre få daglegvarer på kreditt, noko dei aldri gjort før i heile sitt liv. Etter nokre dagar kom handelsmannen kjørande og forlanga oppgjer. Dei hadde ingenting sjølvsagt, så mannen reiste ut i fjøset og tok med seg den beste kua og for av stad med henne. Den beste kua for ei gjeld på 14 dollar! Dette satt i mor heile resten av livet og gjorde henne ikkje meir glad i Amerika kan du tru.
Ei stund hadde dei bare kjøtkraft å ha på maten. Anguline som var 17 år på den tida og nokså rett fram, skuva asjetten frå seg og sa: "Eg kan ikkje leve av saus lenger nå reiser eg og skaffar meg arbeid. Det tok nesten livet av far og mor å tenke på dotter si som tenestejente. Ikkje for det at barne ikkje hadde lært seg å arbeide, men ingen i familien deira hadde nokon gong leigd seg ut til teneste for andre.
Da Anguline reiste, varde det ikkje lenge før Helga (som hadde forandra namnet sitt til Hattie) følgde etter. Nokre år etter reiste også Signe (som hadde blitt til Sena).
Da gutane blei eldre, fekk dei arbeid på gardane i nærleiken. Mor gret av angst for at arbeidgjevarane skulle gjere slavar av dei. Ikkje fekk ho sjå dei ofte heller, særleg dersom dei var så langt borte som Oshkosh. Det var nesten tre norske mil avstad.
Noko anna som uroa mor var dei tre amerikanskfødde borna hennar. Nesten alle dei som var fødde i Noreg var høge og sterke og sunne. Eg var den første som var fødd her. Sjølv om eg aldri var særleg stor, var eg sprek som ein fole og sterk og kraftig så eg kunne tole kva som helst. Eg var ikkje sjuk ein dag da eg var gjente, med unntak av ein og annan omgangssjuke som for over landet, men eg hadde ikkje den norske veksten.
Den andre som var fødd her var Olena som blei lam som lita. Den tredje var Kristine, ein engel frå det første, men ho var aldri robust og døydde da ho var 11.
Mor merkte seg forskjelen mellom borna som var fødde i Noreg og dei tre andre, og ho skulda det på maten. (Kyrkjebøkene frå Winchester viser at barnedødlegheta i dei første åra var høg. Av 67 dødsfall dei første ti åra, var 28 barn under eitt år - nesten 42 prosent.) Ho trudde ikkje det var sunt å ete kvitt mjøl heile tida. I Noreg åt dei sammalt mjøl untatt i helgene. I Noreg hadde dei mykje meir fisk i kosthaldet enn her. Ho lika ikkje det amerikanske kosthaldet, og kalla det for fint (feen)
Den tredje tingen som nesten skremde livet av mor i dette nye landet var indianarane. Ho hadde aldri sett anna enn kvite andlet heile livet. Berre tanken på desse villmennene gjorde heile familien bleike av skrekk. Når mennene var borte på arbeid, var vi livredde for at dei skulle finne oss aleine. Det hende at farmen vår kom til å ligge på ruta deira når dei skulle av stad å handle - Oshkosh, Fond du Lac, og fleire. Vi visste aldri dagen dei ville dukke opp hos oss. Det einaste varselet var dundringa av hestehovane deira vestanfor oss ved Nesbitt-farmen. Enda vi sprang og gøymde oss så det ikkje var livstegn, kom dei stille til døra i dei mjuke mokkasinene sine og banka på. Nokon måtte ned å roe dei så dei ikkje skulle slå døra sund og byrje å stele ting. Det var som dei visste når karfolka var borte. Når vi kom bort til døra, hende det at vi trefte ein indianarmann med svarte, skinande fletter ned over skuldrene, og med fjer i hatten. Augene var som svarte knappar som skein mellom skjelande augelok i det koparfarga andletet. Skiten var han, og handa han heldt fram var skiten. Vi lærde etterkvart at grynta deira tydde. "Brød!" forlanga han, og "Flesk!". Vi kikka fram, og såg på raudhudkompaniet på vegen. Dei sat på dei små brune ponniane, og kvinne med "papoosene" bundne på ryggen. Mor torde ikkje nekte dei noko, så vi måtte dele ut av det knappe matlageret vårt. Ryktet gjekk vel om at vi var lettvine mål, for det hende aldri at dei ikkje kom innom, og vi kom ikkje over skrekken med tida.
Desse indianarane kom truleg frå ein stad som heitte Waupaca, som nordmennene kalla Indie-landet. Det var omlag 40 miles frå oss. Der var det ei rekke med 22 sjøar og djupe skogar rundt overalt. Kvar av sjøane hadde indianske namn, men da indianarane drog sin veg, blei namna forandra til engelske som Rainbow, Long og Beasley. Berre ein sjø beheldt det indianske namnet, og det var den som mannen min og eg hadde sommarhusert vårt ved 60 år seinare. Den blei kalla Lake Menomin. Ein av gravplassane deira var på eigedomen vår, ikkje langt herifrå, og vi plukka opp pilspissar heile tida.
Om indianarane ikkje skulle til Oshkosh eller Fond du Lac, hende det at dei hadde retning mot Butte des Morts (Dødshaugen). Denne vesle byen låg på ein haug ved sida av eit vatn med same namn. Dei sa at det eingong hadde vore eit forferdeleg indianarslag der, og at krigarane var gravlagde der.
Ein kveld kom ein mann som arbeidde for oss, seint heim. I staden for å banke på døra, klatra han inn gjennom vindauget. Mor høyrde lyden og heldt på å døy av skrekk da ho trudde det var ein indianar. Men det var berre Hans Jørgensen.

Dei første trekkdyra vi hadde var eit par oksar. Desse trufaste dyra erstatta hestar, som vi ikkje hadde råd til. Einaste ulempen ved dei var at om dei bestemde seg for å ta ut, var det ikkje tale om å få stoppa dei, for kjeftane deira var for små til vanlege tøyler. Einaste måten å styre dei på var å skrike "GEE" og "HAW" for høgre og venstresving. Dei vart snart opplærde til å vite kor dei skulle gå etter desse kommandoane. Men du må skjønne at mor vi var for stolt til å bli køyrt av oksar. Ho foretrakk heller å gå.
Så snart far hadde greidd å skrape saman nok pengar, kjøpte han eit par oksar. Men einaste vogna vi hadde å greie oss med i mange år var ei tømmervogn. På denne var det eit godt sete for kusken og ein av familien, vanlegvis mor og far. Det var ikkje fjærer i setet, men det gynga på ein lang hickorybjelke tvers over kassa. Resten av familien måtte sitte bak på plankar som var polstra med vatteppe og lagt på tvers øvst på kjerra. Vi lika godt desse turane, enda så harde seta var, og så dårlege vegane var. Vi sette pris på å komme os ut om våren når telen gekk ut av bakken. Det kunne vere så sølete at ein nesten ikkje kom from somme stadar. Vi måtte halde oss fast for bare livet der det humpa verst. Men vi var ikkje vant til betre, så vi kosa oss, det vil seie bare vi små. Mor snakka framleis om den tohjulsvokna (giggen eller karjolen) som kunne gå så raskt etter ein sterk hest i Noreg.
Seinare, når bror Ole blei gammal nok til å ta seg av ting, fekk vi tak i ein einseters buggy, ein toseters buggy og ein meieslede til vinterføre. Da kan du tru vi kjende oss staslege.
Om vinteren blei tømmervognkassa sett på meiar. Kassa blei halvfylt med reint høy, og teppe blei lagt oppå. Her kunne vi sitte, og det var både bøtt og lunt. Vi hadde ullteppe over knea, sidan vi ikkje hadde nokon skinnfellar i den første tida. Hestane trava avstad i god fart, og vi lika å køre fort. Om vinteren hadde hestane bjøller på, nokre lekkjer som rakk rundt heile kroppen. Kvar streng hadde sin tone. Når eit anna selskap kom mot oss på vegen, kunne vi høre bjellene nesten ein kilometer unna, og vi kjende dei som kom på lyden. Hestane fekk ikkje rørt så mykje på seg om vinteren, så når dei fekk sjansen, kunne dei verkeleg springe, og bjellene ringla og klang heile tida. Kjøraren hadde nok med å halde kontroll på dei. Hestane steila, hoppa og galopperte ei god stund før dei roa seg. Vi ungane var så glade i desse sledeturane.
Foreldra mine tok vare på desse dombjellene. Da eg blei gift og budde i Oshkosh, hende det at eg høyrde desse bjellene utanfor huset. Det gjorde meg opprømt og glad, for eg visste kven sie dei var, og at folka mine kom på besøk.

Ingen hadde stort av landbruksmaskinar i den første tida, og slett ikkje vi. Da far var 51 var han for gammal til å begynne med noko nytt, så slike ting dukka ikkje opp hos oss før bror Ole var omlag 21. Alt vi hadde å drive med var ein plog og ei harv til å bryte jorda med. Og ei anna harv til å halde ugraset unna avlinga. Oksane blei bruka til slikt tungt arbeid. Alle mannfolka måtte vere med å slå kornet med meieutstyr. Ein slags ljå med fire tretinder på som la kornet i ei fin rad. Nokon måtte komme etter å samle det opp i buntar og binde det. Buntane blei lagt i rader også. I kveldinga blei dei samla opp, og ti-tolv av gongen blei sett opp i stakk. Slik blei dei ståande til dei var gode og tørre. Så blei dei kjørt heim og plassert i ein store stakkar ved dei tømra uthusa for å vente på treskinga. Straks eg var stor nok blei det min jobb å vere med på denne oppsamlinga stakkinga.
Det var ingen store låvar den gongen som vi kunne ha kornet inn i. Om hausten treskte dei kornet ute med ein maskin som måtte ha åtte hestar til trekkraft. I midten av maskinen var det eit stort flatt hjul på ein aksel. Frå hjulet gjekk det ut fire kraftige trestenger på tre-fire meter. Eit par hestar var kobla til kvar stong. Dei var opplærte til å følge kvarandre rundt og rundt styrt av ein stor pisk som blei peka med i retningen dei skulle gå. Manne som styrde dei, stod på ein plattform i midten over senterhjulet. Om ein av hestane bremsa elle kom etter, ville han få ein liten snert av pisken.
Graset blei slått for hand med stor ljå. Etter det hadde tørka litt, blei det raka for hand i lange rader. Så lagt opp i såter med høygaffel. Etterraksten var jobben min. Etter at høyet hadde godgjort seg i sola, blei det køyrt til låven i vogn og stappa inn i store stakkar. Høying var hardt og tidkrevande arbeid, men alle farmarane måtte gjere det samme, så dei venta seg ikkje noko anna. Folk var sterkare i den tida og tolde mykje hardt arbeid, likevel verka dei gladare og meir fornøgde enn folk nå.
Som eg nemnde var der to tømmeruthus da familien min kjøpte Kjeldalen-farmen, ein for hestane og ein for kyrne. Der var også eit slags skur med halmtak for sauene og ei kve for grisane. Dei hadde ikkje grisar over vinteren, utan ei eller to sugger som skulle ha ungar. Resten blei slakta om hausten til vinter og sommarmat og til salg. Hønene vagla seg i stallen.
Mor var alltid like glad i kyr og kalvar som ho hadde vore heime i Noreg. I gamlelandet hadde ikkje karfolka gjort fjøsstellet, men når dei kom over, tok dei skikken i det nye landet og tok seg av slikt arbeid sjølv. Mor hjelpte med mjølkinga likevel, og ville ikkje gje opp arbeidet med å ta seg av kalvane. Eg har hørt det sagt av slike hardtarbeidande pioner-koner, at den einaste kvila dei hadde heile dagen, var når dei sette seg ned for å mjølke. Mor tok det nok aldri så hardt, men ho sette pris på å lage istand drikke for kalvane, og heldt spanna medan dei drakk og sutta og småstanga. Og dei vaks seg blanke og feite hos henne.Ho tok seg av kvar enkelt og gav alle vakre namn: Kranslin, Rosebot, Stasbot, Mairos, Gullbot og Engros.
Det var ikkje noko luksus over husa til dei tidlege emigrantane. Alle bygningane var laga av tømmer frå eigen skog. Det gamle tømmerhuset der eg blei fødd, står framleis og har gjort teneste som bustadhus på garden til denne dag. Det var bare omlag 6 x 8 meter, og du kan lure på korleis så mange menneske kunne leve på så liten plass. Vel, dei var skjeldan der alle på samme tid. Dei eldste hadde reist før småbarna såvidt kunne gå. Der var bare to rom og eit stort spiskammer nede. Eit av desse roma var eit lite soverom for foreldra, og det andre ei større daglegstove, kjøkken og spisestue. Taket kvilde på store, glatte, firkanta bjelkar som skein som glas. Nagla til undersidene av desse stokkane på kvar side, var hyllene. Vaksne kunne nå opp dit for å legge vekk biblane, bøkene, vottane, og luene sine, eller kva anna dei ville halde unna ungane.
Andreetasjen var eitt stort rom. Det var ikkje avdelt for nokon. Det var ikkje sett som nødvendig. Borna var trena i å vere sømelege og beskjedne. Det var ein del av den religiøse oppdragelsen at dei skulle dekke seg til, til og med over for folk av samme kjønn. Dessutan la alle seg i mørkret og det var mørkt når dei sto opp. Om vinteren kunne det vere rim i sengekleda, sidan taket var åpent til mønet. Vi kledde på oss så mykje vi kunne under sengetøyet, og så sprang vi ned trappa, for vi visste at den store ovnen i rommet nede gav god varme.
Alle sengene våre var av tre. Istaden for sideribber var det stenger festa til fire stolpar. Kraftige pluggar med hovud var sett i desse stolpane. For å lage sengebunn trong vi bare veve tau/snorer tversover og langsetter til vi fekk femtoms nett over heile flata. På denne fjærande bunnen blei madrassen lagt, og du skal tru dette beli ei blaut seng for bunne gav etter litt for vekta. Vi stamma taua så hardt vi kunne, så senga ikkje skulle sige. Madrassane var av ubleika musselin, og blei fylt med rein ny halm to gonger i året. Kvar vår tok vi desse madrassane ut, kasta den gamle halmen, vaska trekka og fyllde dei med ny halm. Om hausten gjorde vi det samme, og tru det eller ei, dette var gode ,blaute og reine senger.Men nåde den husmora som var så sløv/slapp at ho let utøy komme mellom desse sengestolpane. bruke Det var så ideelt å ynle under taua. Mor heldt eit skarpt auge etter utøy når det blei varmt i været, og dersom ho såg nokon, sprang ho ned etter tekjelen med kokande vatn og spann og klut. Heitt vatn blei helt over, og vi blei aldri plaga med utøy, enda så mange vi var som budde i tømmerhusa.
Etter mange år blei det skikken å bruke den innerste hamsen av mais til å fylle madrassane. Desse kunne brukast gong på gong. Det måtte tømast ut kvar vår og rakast over nytt vått gras for at støvet skulle bli borte. Medan trekka blei vaska og tørka, låg fyllet og godgjorde seg i sola. Når madrassane var fylt att og lagt på sengene til kvelde, lukta det reint over det heile. Eg trur desse sengene var mykje meir hygieniske enn dei vi brukar idag, som madrassane blir bruka år etter år og er for tunge til å ta ut i sola særleg ofte.
Farmarane tende pengar på desse maisbelgane som dei gjorde på andre produkt. Dei bunta dei og selde dei på gata i byane i nærleiken, for til og med byfolk bruka dette i madrassane den gongen.
Viktigaste inventaret i hovudrommet nede var komfyren. Han sto på høge bein, og kattar og hundar tok tilflukt bak han for å kose seg når det var vintervær. Det var veldig varmt under også, med god plass til å tine opp frosne føter. Vi var fornøgde med at bakaromnen var øvst, så vi trong ikkje bøye oss under bakinga. Bakaromnen strekte seg over heile breidda av komfyren, nesten ein meter. Fremst var det ei rekke på fire nitoms plater over eldstaden. Askeboksen var under der, og fremst ein rist. I ein bøyg ut framfor omnen var grua som kunne trekkast til eine sida når aska skulle takast ut. Noko av aska blei teken vare på i ei tønne til såpekoking. Det var ikkje noko vass-behaldar til denne komfyren. Vi varma vatn i ein stor jernkjele. Om vinteren blei det smelta snø i ein kjele til vasking og reingjering.
Nest etter den varme, sprakande omnen i rommet, var den vakraste og livlegaste gjenstanden den store klokka på hylla. Ho var omlag 30 tommar høg og 17 tommar breid. Far hadde gått til Neenah før eg beli fødd og bore henne heim på ryggen. Vi skjøna aldri korleis han kunne ha greidd vekta av dei to tunge lodda nesten ei mil (12 miles) heim.Vi greier såvidt å lyfte dei nå. Vektene hekk på trinser på kvar side av urverket. Det var dei som fekk klokka til å gå. Kvar veke trekte far dei opp med ein liten kroket nøkkel. Denne klokka går fremdeles perfekt. Ho slår like klangfult som når ho gav timane for oss i det kalde tømmerhuset. Far lika kvalitet i alt. Klokka, med eit vakkert bilde frå Westminster College på døra, rosemåla framside, og fine valnøttkasse, viser sansen hans for skikkelege saker. For ho blei kjøpt da han var på det fattigaste i heile livet.
Hylla som klokka stod på var pynta med mønsterklipt papir. Immigrantane måtte greie seg med det aller nødvendigaste i mange ting, men dei gjorde verkeleg mykje ut av slik pynting. Iblant var det bare aviser å få tak i, men den blei klipt i mønster med hol og taggar. Elles kunne det brukast hekla snorer eller lys filt med band gjennom og ein boge i midten ?. Det var spennande for oss barna i oppveksten å sjå kva slag norsk pynt dei hadde i dei norske heimane.
På denne hylla stod også parafinlampa, slik at ho var utanfor rekkevidde for barna. Mors mindre parafinlampe med handtak, med gal til å skru på, hadde ho på nattbordet i soverommet.
Det einaste bordet i det store rommet var eit stort firkanta eit med ein voksduk på. Kom det framande, la vi ein raudmønstret bomullsduk over, men serviettar var ukjent. Vi bruka lommetørkle til å tørke munnen og fingrane ved bordet. Det var bare enkle trestolar i rommet først. Men i kvar heim var det ein lang benk mot veggen, der folk kunne sitte om dagen, men som blei gjort om til sengeplass om kvelden.Etter nokre år fekk vi ei køye til far så han kunne ta middagskvila i dette rommet, da han blei eldre.
Vinduskarmane i tømmerhusa var ganske djupe. Der sette mor strikktøyskorga, tobakksasken av valnøttre, leirpipa og snusasken. Dei eldre kvinnene pla bruke litt snus når dei kjende seg tunge i hovudet. Kanskje blei det mindre katarrar, bihulebetennelsar og forkjølelsar om snus hadde blitt brukt på den måten i dag. Bihulebetennelse var ukjent i gamledagar. Mor slutta heilt å røyke pipe etter at ho hadde vore i landet nokre år. Eldre yankee-kvinner la av seg den vanen, og immigrantane måtte følge opp eller bli ledd av.
Potteplanter var det ingen som hadde første åra. Men seinare tok mor til å drive med blomar i stor stil. I dei djupe vinduskarmane hadde ho geranium, BLEEDING HEARTS, krysantemum, JERUSALEM CHERRIES, WAX PLANTS, og mange andre som eg har gløymt. Ho gjødsla dei så godt at dei blømde som ein hage. Å, om eg kunne fått eit glimt av den gamle barndomsheimen.
Etter nokre få år blei det kjøpt eit par gyngestolar til foreldra våre. Den største blei sett i hjørnet ved handorgelet som mor hadde fått av mannen til Hattie, Halvor Olson. På eit bord ved sida var stereoskopet som han også hadde gjeve henne. Halvor tenkte alltid på å glede folk. Mor brukte mang ei langsam stund til å sjå på bilda frå Noreg, og det store, nye Amerika, der ho gynga i den gamle stolen sin. Vi barna fekk sjå i stereoskopet når vi var snille. Der var eit bilde av to vakre kvite muldyr som gjorde mest inntrykk på oss. Vi hadde aldri sett eit kvitt muldyr. Dei var så rare, og likevel så koselege at vi kunne lagt armane om halsen på dei.
Enda så fullt det var i dette rommet, så bruka more å låne ein vev frå ein av slektningane, og setje han opp. Sauene hennar hadde gjeve mykje ull; ho hadde så hatt det travelt med spinning i mange månader. Så trong den veksande familien stoff til kjolar, skjorter og undertøy, og fleire laken blei det spørsmål etter. Nokon gonger vov ho finare stoff, med ein kjøpt bomullsrenning. Når ho var ferdig med vevinga,, pla ho farge stoffet med kjøp farge. Ting som ikkje var så synleg, derimot, slikt som kvardagsunderskjørt eller madrassar blei farga med grøne hasselnøtthamsar for å gjere dei grå, eller grøne hikorynøttehamsar til gulbrunt. Men så fanst det ingen flink reiande skreddar som kunne bestillast til å sy kleda. Ingen skreddar som kunne sy heile dagen, og slumre i skumringstimen. Ho måtte vente til dei vaksne døtrene kom heim, slik at dei kunne sy kleda på den amerikanske måten.
Det einaste som fanst i det vesle soverommet nede, var ei seng, ein liten vaskeservant, ein stol og ei fletta rye til å stå på , når ein kledde seg. Nordmenn bruka to sett med puter på senga. Desse var sjølvsagt fylde med håndplukka dun av eigne gjess. Underputa var eit langt forestykke over heile sengebreidda. To mindre puter kvilde på denne. Dei hadde mange handvovne laken og ei fjørdyne oppå, og eit vakkert handlaga vatteppe øvst.
Rett framfor putene hekk det eit slags reip knytt til ein jernring som var skrudd inn i ein kraftig trebjelke i taket. Nedst var det eit stigbøylrforma handtak. Langs heile dette reipet var det små besetningar i raudt, grønt, gult og blått ullstoff, med småpynt. Handtaket var godt polstra med lyst ullklede. Eg kan ikkje hugse at eg såg denne innretningen i andre hus, men mor og far bruka han kvar dag så lenge dei levde. Dei tok tak i handtaket og drog seg opp av senga ein av gongen. Det var særleg nyttig om ein skulle vere sjuk.
Siste rommet i huset var spiskammerset i det sørvestlege hjørnet. Der var djupe hyller i eine hjørnet og over kjellarnedgangen. Ein lem i golvet, med ein senka jernring til handtak, førde ned i kjellaren. Arbeidsbenken til mor var i hjørnet under trappa til andre etasjen, medan vaskeservanten (ein gammal rygglaus stol) og mjølsekkhankleda var like ved. Mor vaska ofte hendene når ho laga mat. Vi bruka bare den heimelaga blaute såpa til reingjering og oppvask. Men til hender, andlet og hår, hadde vi lov til slik luksus som kjøpesåpe. Toalettsåpe hadde vi ikkje eingong høyrt om.
Under arbeidsbenken i spiskammerset var mjøltønna, og den store steinkrukka der brødet blei oppbevart. Om vinteren kunne mjølk og smør stå i hyllene, men om sommaren måtte det berast ned den bratte trappa til kjellaren. All maten vår blei oppbevart i dette spiskammerset eller i kjellaren, utanom harde ostar og saltmat. Dette var i ei stor matkiste som hadde blitt med frå Noreg. Ho var for stor for huset, så ho måtte stå i kornhuset, som var så solid og tett bygd at mus, rotter eller andre skadedyr ikkje kunne bryte seg inn.
I spiskammerset laga ho deig og kjevla ut smultringar og andre kaker, laga brød, kjeks og ost. Ho sette øl og brygga det i den store kopparkjelen ho hadde frå Noreg. Når det hadde gjæra, blei det bore ned i kjellaren og tømt i ei tønne med ein spuns i.
Etter eit år eller så i landet, bygde far eit lite bryggerhus sør for hovudbygningen. For tømmerhuset med det låge taket blei for varmt og trykkande med varme i om sommaren. Når dei fekk litt betre råd, bygde dei på det som alltid seinare blei kalla "det nye kjøkenet" sør for huset. Det var omlag 18 x 18 fot, og vi skjøna ikkje kor trongt vi hadde hatt det før vi fekk den vidunderlege ekstra plassen. Omnen, sofaen, spisebordet og stolane blei flytt ut i det nye rommet. Mor fekk eit fint skåp med skjermar på dørene og sidene. Her kunne mat og dekktøy vere trygt for mus og fluger. Arbeidsbenken og mjøltønna blei flytt ut også, og vaskeservanten, handkle, kam-ask og spegel. Om sommaren vaska vi oss rett utanfor vest-døra.
På austsida av det nye kjøkkenet bygde vi til og med ein veranda med benker og stolar der vi kunne sitte og kjøle oss på varme dagar. Der bruka bror Ole å sitje og spele fele time etter time på lange varme sommarkveldar. Folketonar og slåttar følgde etter kvarandre utan opphald. Dette fekk dei gamle til å minnast gode, gamle dagar heime i gamlelandet. Medan vi små straks var ute på golvet og prøva med trippande føter å få til nokre av dei nye amerikanske dansane vi kunne oppleve å få glimt av nå og da.


Kapittel 3


Kapittel 3 - COOKING er førebels ikkje omsett.


Kapittel 4

Kyrkja

(Kapittelet er ikkje ferdig omsett)

Den lutherske kyrkja i Winchester låg på ein høg bakketopp omlag to miles frå farmen vår, og søndagar kunne ein finne alle born og vaksne der, utanom dei som var for små til å gå så langt. Folket vårt var alltid der.Dei hadde vore godt forsynt med norske klede da dei kom, både til kvardag og helgebruk. Men dei fann snart ut at stilen og snittet til knebukser med sølvknappar, rikt broderte skjørt/stakkar, bare skapte latter der dei kom. Så trass i dårleg råd, måtte dei byte om til amerikansk stil s snart som råd. Dette var tungt, for dei var vane med å ha det beste, og dei beste kleda var kostbare etter borgarkrigen.
Laurdag kveld var badekvelden, men du må ikkje tru vi hadde kome så langt at vi kunne bade i kar kvar veke. Det forekom bare til jul og påske. Men folket vårt tok kvar veke eit svamp-bad på laurdagskvelden, og sette pris på rein kroppslukt.
Sundag var det ikkje tid til å sove lenge. Vi sto opp mellom fem og seks og tok på oss eldre, reine kvardagsklede til vi var ferdige med ein del gjeremål. Så lite som mulig blei gjort på søndag, for all reingjering og baking og anna arbeid hadde blitt ferdig på laurdag. Mannfolka gjekk ut og gjorde sine plikter, medan mor laga kaffe, sette på bordet og stekte fleskepølse. Når far var ferdig, kom han inn og sette seg i lenestolen sin ved bordet og las teksta for dagen, og song salmen som høyrde til. "Morgen og Aften betragtninger" var namnet på boka. Han hadde ho med frå Noreg.
Til frokost fekk han først ein av mors gode koppar med PEABERRY kaffe, gjort gyllenbrun med med fløteskvettar. Etterpå forsynte han seg med ei av dei tykke brødstykka hennar, og skar på skryss og tvers i firkantar. På kvar av desse smurde han delikat, gult smør nesten like tjukt som brødet, og åt kvar firkant og smatta med leppene. Vi borna hadde ikkje tid til å vere så omstendelege, men beit sultent av dei store brødstykka. Vi kosa oss alle med pølse og prim og sprø sukkerkaker, og sjølvsagt, dei vaksne måtte ha kopp på kopp med heit kaffe. Vi borna drakk vatn. Med all mjøla vi hadde, skulle ein tru at vi ville blitt fora med det, men det gjekk visst aldri opp for dei. Vi bruka rett og slett ikkje fersk mjølk som drikke, men vi fekk nok av henne i graut, i kokt mat, i ost, og som surmjølk.
Det blei ofte eit svært hastverk med å få vaska opp før vi skulle kle oss til kyrkje. Når påkledning skulle skje måtte det ikkje vere noko tøys og tull, for vi hadde to miles å gå og måtte komme presis.
Frå den tida eg var stor nok til å legge merke til slikt, bruka far to elegante kjøpeskjorter av finaste kvite kvalitet og laga i amerika. Desse blei bare brukt i kyrkja, ved gravferder, bryllaup og andre spesielle anledningar. Jobben med å halde istand desse skjortene fall oftast på døtrene i familien når dei var heime. For mor hadde nok med å lage mat og ta seg av kalvane. Skjortebrysta måtte stivast så dei var som tre. Skjortene var heile og lange med knapping nedover ryggen. Far bruka aldri amerikansk krage til desse skjortene, men tok heller eit fint brunaktig silketørkle rundt halsen og nytte det framme. Dette blei oppbevara i ein spesiell skuff i dragkista.
Beste søndagsdressen var av finaste svarte ull; denne blei aldri pressa, men blei børsta forsiktig etter kvar bruk, bretta i dei opprinnelege foldane og lagt i ei kiste ovanpå.


Den som er interessert i å lese resten av boka må finne seg i å gjere det på Engelsk. Boka fortel da om livet til denne familien i Amerika opp til våre dagar, og er ei god skildring av eit norsk innvandrarmiljø som etterkvart vart meir og meir amerikanisert, utan heilt å gløyme røtene sine i Sauland og Hjartdal.
Fleire medlemer av denne slekta har vore på besøk her i gamlelandet i seinare tid.


Her er historien om korleis boka blei til, med Ernas eigne ord:

How I Wrote 'Wisconsin My Home'

By Erna Oleson Xan

We owe it all to a little foreign nun.
In late January, 1941, when I was living in Birmingham, Alabama, I received a telephone call from my sister Henrietta in Oshkosh, Wisconsin. She told me the sad news that our father, John H. Oleson, had had a severe stroke and was not expected to live. They had taken him to the Catholic hospital nearby. She said that all the children had come home and were helping, but that Mama would not leave him day or night. "Only I know what he wants," she would say.
Immediately I packed my bags and left by train. At the hospital, Mama lay on a cot alongside Papa's bed, and my chair was at the head of the aisle in between. I could wait on them both. We were fed by baskets of delectable food which Henrietta sent over.
After about two weeks of this, a little foreign nun beckoned me into the hall. "You know we cannot save your Papa," she said. "But if you do not get your Mama's mind off him, you are going to bury them in the same grave."
This frightened me, and we girls discussed what on earth we could do. Then it came to me - her happy childhood on a farm at Winchester, Wisconsin, where her parents lived when they had come from Norway, and where she was born.
"Mama," I whispered, "do you remember any of your mother's recipes? How she made bread and sausage and things?"
It was as if a light had been turned on in Mama's face. "Oh, yes," she whispered back. "l've used them all my Iife."
The first recipe we got down was Bestemor's (Grandma's) bread, eaten as it came out of the oven, slathered with fresh butter and plum preserves. We wrote how to make cheese, and cookies, pickled pigs' feet, thick, rich soups, and puddings. It took days to tell each story in low voices or whispers. Sometimes dear Papa would wake up and ask what we were doing, and he'd sort of smile.
The next subject was Bestefar's (Grandpa's) friends. Grandpa could not speak English, and his lrishman neighbor friend could not speak Norwegian. But for the next 30 years they never lacked a child interpreter. The church sexton, the town treasurer, all were told about in this Friendship chapter.
Mama was beginning to look much better. When I saw the Sister in the hall, she would pat my back and say, "Goot!"
The third subject was the church which some of our relatives had founded on top of a high hill near the farm. Mama had much to say about that. Her memory was astounding. She had grown up in the church and loved it. There had been a split one time, and her folks went one way and Papa's folks another.
One day in the hall, the old Sister asked what we were doing, and I told her. She was so pleased. "Dot is goot syology (psychology)!" she beamed.
In five weeks our dear Papa died, and Mama's two homes were sold. She went to Rice Lake, Wisconsin, to live with sister Stella and Ole Thompson. Our sister Clara lived nearby. Mama was tenderly taken care of, but broken-hearted. Several years later she came to spend the winter with me in Alabama. She began to cry, not from abuse or neglect, but that she didn't have a home any more. What on earth was I going to do?
Ah! The childhood's story. Placing a small rocker near my typewriter, I got her to crocheting and talking. "Tell me about your courtship," I said. When we finished that, it was Early Marriage and Children. As they came out of the machine, I laid the papers in a pile beside me on the table. One day I counted through them and said, "Mama, do you know we have 75,000 words here, enough for a book?"
This made her laugh out loud. "A book? Out of that simple stuff? Who in the world would read it?" I replied, "Lots of people like this kind of reading. It reminds them of their own lives." We finished up with Golden Wedding during the Depression. I retyped it all and sent it off.
The first two publishers sent it right back. (Maybe Mama was right. Too simple!)
Meanwhile, back home at the University of Wisconsin, the Press had hired a new, young editor, Thompson Webb. He said to his Board of Directors at the Press, "In 100 years of publishing history, we have put out only learned treatises. What we need is a social history of Wisconsin." Just about that time, in came "Wisconsin My Home." I did not hear from them for about eight months, except that they had received the manuscript. One time I sent them a letter suggesting towns where our relatives lived and where the book might sell. They replied, "Don't worry, Mrs. Xan, your book is being read by all kinds of people - social workers, experts on the Norwegian scene, farmers, housewives. We wiIl let you know what they say."
They made only one complaint. Where was the farm called "Laine" in Norway? All farms in Norway had a name from antiquity and were all listed on maps. But the scholars could not find this one. Now what? That's what Mama had told me, and her memory was as clear as a silver bell. Her parents, she said, had lived in their first home on the "Laine" farm. One day I found an old address book, and in the back, there it was. Bestefar's first farm in Norway was called Leine (pronounced "Lay-ne."> I had just misspelled it.
The book came out in December 1950. We have letters from all over the nation. It has been in print ever since, in one form or another.

Til toppen av sida