Bondeopprøret i Hjartdal 1540


DAG AANDERAA:
TELEBONDENS ÆRE OG KONGENS MAKT
Bondeopprøret i Hjartdal 1540
- EI DOKUMENTARFORTELJING  Utgjeve av Hjartdal kommune 1990
 

  Planlegging av gruvedrifta
  Valdssamfunn med mange drap
  Kongens hær mot Telemark
  Sviket, domen, bøddelen
  Reformasjon, ære og død

OM BONDEOPPRØRET I AMBJØRNDALEN I 1540 (Eit sammandrag ved Bjørn Rugaas)

OM KUNSTNAREN BAK MINNESMERKET VED HJARTDAL KYRKJE 

OM PLASSERINGA AV MINNESMERKET

PROGRAM FOR JUBILEET 6.OKTOBER 1990  

Klikk på bildet for å sjå detaljar


DAG AANDERAA
TELEBONDENS ÆRE OG KONGENS MAKT

Bondeopprøret i Hjartdal 1540

EI DOKUMENTARFORTELJING
Utgjeve av Hjartdal kommune
Hjartdal 1990

- Gunvor, det kjem fantar nedi bakken. Anne Sommundsdotter sprang inn i selet på Annås-stølen for å varsle systera.
- Dette er nok ikkje vanleg fant, sa Gunvor, det er verre enn som så, det er tyske bergfolk, dei har vore her før, og dei seier dei har kongebrev på litt vel mykje.
Svein Ækre frå Manndal sit i Brunkeberg kyrkje denne julisundagen i 1539. Seljordspresten Jens Lauritzen tordnar frå preikestolen sin: - Disse skal nu bøte til kongen siden biskopen av Hamar nu er avsatt og ført bort: Egil Olsøn for et halvt hor fordi han lå med Gisle Brekkes hustru - 20 daler. 
Svein likte ikkje dette. Det var meir og meir utgliding no, fleire og fleire saker som vitna om forfall etter at den nye læra kom for tre år sidan. Ingen trong lenger stå fram og skrifte, og i fleire prestegjeld var det ikkje prest i det heile lenger.
- Svein skal hevne dette, ropa Gunvor etter dei to tyskarane som nå gjekk roleg frå Annås med ost, smør og salta kjøt. Men det var ikkje det verste. Anne og Gunvor hadde blitt krenkte denne føremiddagen - Gunvor for andre gong. - Kongebrev, sa dei, fantane, men å tiltvinge seg leiemål, var det kongens vilje? Gunvor ynskte det ikkje hadde vore messesundag, for då hadde Svein vore her og jaga dei, ja jaga dei heilt ut or landet.
Utanfor kyrkja bed Jens Lauritzen kyrkjelyden høyre etter.


- Bergmester Hans Glaser har på bakgrund af bøndernes gengerdspligt mot kongen gjort gjeldende at stedene ved Golmsberg og de derhos liggende gårde skal blive besatte med tydske folk og at bønderne, som beboe dem, må få andre gårde.
Ennvidere må bønderne tage de tydske bergfolk i deres huse og give dem underholdning. Og numere: Det påbydes at det holdes et ugentlig marked i Silgiord alle løverdage, og at alle bønder som boe 3 mile deromkring skal bringe derhen, hvad de kunde have at sælge. Samt ikke sælge dem til andre, hverken til fogder eller deres tjenere som forhen, men alene til de lysthavende bergfolk.

- Hø, selje, fnyste Aslak Sigurdsson til Svein Ækre, det dei byr kon er runde bitar av sylv, små og ikkje brukelege til nokon ting. Smeltar me dei, blir det ingenting att.
- Skø eg selje noko so vil eg ha skeisylv eller korn, berre det er verdt noko, kunne Svein slå fast. Han lika elles ikkje laurdagen som marknadsdag, det var jo Mariadagen. Jomfruva ville nok ikkje ha handel på den dagen.

PLANLEGGING AV GRUVEDRIFTA
Han som skriv vil leggje til at kong Kristian 3., som kom til makta i 1537, hadde store voner til den rikdommen som låg i norske gruver; og då særleg Gullnes i Seljord som var Norges fyrste organiserte bergverk, 100 år før Kongsberg, altså i 1524.
Reformasjonen kom og lagleg for han, for no var det kongen og ikkje kyrkja som fekk forvalte landets rikdomar.
Kongen fekk tyskaren Hans Glaser til sin bergmeister og sende han i 1539 til Telemark saman med 100 sachsiske gruvearbeidarar og all slag reiskap som skulle til. Desse skulle fordelast på fleire bergverk i Telemark. Gullnes var eit koparverk der det og fanst sylv. Det vart nyoppdaga i 1537 og då drive for kongeleg rekning av tyske bergfolk

«under Anførsel af Ambrosius Zeuesler og Melchior Mardorff, og det heed, «at det var et øiensynligt rugt og sølvholdigt Værk». Det er noksom bekjendt, at de Danske og Tydskerne ikke fore lempeligt frem, hvor de paa den Tid kom ind i Norge, og vi kunde nok forestille Os hvorledes disse Bergfolk, som kom med Kongens Bud og Brev, troede sig berettigede til at gjøre hvad de vilde med de stakkels enfoldige Bønder. Hertil kom at Værket laag paa et øde og lide befolket Sted, hvor det var vanskeligt at faa Underholdning, og Tydskerne var bedre vant end Thelebonden, saa han tog nok ikke tiltakke med deres Hverdagskost.» (Landstad)

Han som skriv vil halde fram det punktet at det i planlegginga ikkje var teke med bygging av hus for dei som skulle arbeide på verket. Vidare var det nok ein bakanforliggjande tanke at norske bønder var like lette å kue som dei på kontinentet. Det finst frå same tidsrom fleire døme på bondeopprør, men dei var alle blitt slegne ned utan særlege problem for makthavarane. Telebonden hadde for det meste vore sjølveigar i fleire hundre år og stort sett levd sitt eige liv utan særleg innblanding av styresmakter; øvre Telemark hadde på ein måte vore ein eigen stat. Dette hadde nok ikkje Kristian 3. og hans menn rekna med.
Hans Glaser hadde vore i Telemark ein tur i 1538 og vurdert tilhøva for kongen. Han kom med ymse framlegg, særleg med tanke på «Gengerd», altså den retten kongen og hans menn hadde til hus, mat og skuss når dei for gjennom landet. Han som skriv vil leggje vekt på at denne retten i monaleg grad var tenkt utvida til og å gjelde kongens bergfolk på visse vilkår.
Elles var transporten gjennomtenkt: 

«So førsla etter vegine og på vatn og elvir kunde gange greidare heldt han fram at hollenderar eller tyskarar burde få gardane etter desse ferdsleslæpune, og så kunde bøndane få att andre gardar. Likeins skulde futane strengt påleggjast å sjå etter at prestane sette i stand gardane sine med gode hus og at der altid var for og mat- og drikkevarur på staden og rom for reisande um notti, alt mot ei rimeleg bitaling. Han klagar ivi at det var mest rådlaust å få mat og hus då han og fylgjesveinane hans for gjennom Telemark, og dei som då endeleg tok imot dei, kravde urimeleg bitaling. So tel han til at det ved Skien bli sett upp ein jarnhamar og ei mylne. Og so vilde han at det skulde skipast til ei mynt ved Skien, for det fanst ikkje småpengar i lande. Wille fortel at det i ymse myntsamlingar finst markir med årstale 1543 og med den norske løva på eine sida; han trur difor at denne Mynti hev komi i gong og at desse markine er mynta av sylv som er vunni ut or malm frå Gullnes. (Flatin, Seljord I)

Av dei framlegg Glaser elles kom med kan nemnast:

«7. Af den derom liggende Skov burde intet selges til Fremmede, men henføres til Brug ved den der anlagte Smelte-Hytte.
8. At Stederne ved Golmsberg og de derhos liggende Gaarde burde blive besatte med tydske Folk, og at Bønderne, som beboe dem, maatte faae andre Gaarde; thi ellers vil de ikke selge deres egne.
16. Og at der for alle Bønderne i heele Tellemarken maatte sættes en Taxt paa Kiør, Svin, Faar, Kalve, Giæs, Høns og andet saadant, Hvilket ikke maatte selges til Fogderne eller deres Tienere, som tilforn er skeed, men til de Lysthavende Bergfolk; thi hine sende Saadant ud af Landet.» (Wille)

Han som skriv vil kommentere at det i Glasers framlegg er tenkt på å byggje husrom i Fyresdal, men ikkje i Seljord. Vidare at det ikkje er tenkt på å påleggje bøndene arbeids- og skussplikt. Det er då heller ikkje dokumentert nokon stad, sjølv om fleire skrifter nemner at det var slik plikt.
Hans Glaser kunne og rapportere at det var drivverdige malmgangar på Moiseberg, som låg til gardane Slystul og Aslestad i Fyresdal, og ved Samsonberg i Sandsvær. Dessutan var det rike forekomstar av jarn ved Fossum nær Skien. Glaser fekk straks fullmakt til å gjennomføre planane sine. Og då han for andre gong reiste til Noreg i 1539, hadde han med brev til slottsherren på Akershus, Peder Hansen Litle og lensherren Erik Ugerup i Skien 

«at dei på vegner av kongen skulle hjelpe bergmeisteren 50 gruvune i Seljord kunne bli granska og mogeleg koma i drift. Dei prøvune som vart sende til Tyskland frå Seljord, gav gode voner og Glaser fekk etter tysk mønster sett upp nærare føresegner for verket som kom i gang med tyske bergfolk. Desse stod under serleg vern av kongen.» (Torjusson)

Det ser elles ut til at det var problem heilt frå starten når det galdt å handheve desse føresegnene. Ansvaret låg på lensmannen i Skiensyssel len, den danske admiralen Peder Skram. Han var sjølv aldri i Skien, men fekk inntektene frå lenet. Til å styre for seg hadde han futen Søverin Skrivar på Bratsberg. 

«Det er grunn til å tru at denne futen ikkje hadde noko godt ord på seg mellom bergmennene. Glaser seier i eit brev til kongen 26. juli 1539 at futane i Noreg ikkje var strenge nok med bøndene. Han meinte dei måtte sørge for at bøndene handsama bergmennene på ein betre måte. Når det galdt futens evne til å syte for vegstellet og overnattingsstader for dei reisande, var Glaser heller ikkje nøgd.» (Telnes)

Interessant er det då å sjå på den rolla futane eigenleg skulle ha i det norske samfunnet. Mange futar var hata av bøndene. Men mange opprør mot futar har vore feiltolka. Det kan ha vore opprør mot privatpersonen som misbrukte stillingen, medan det vart tolka som opprør mot kongemakta. Futen skulle elles som mellommann mellom lensherren og allmugen vake over statens rettar av alle slag, men han skulle og halde si hand om privat eigedom og verne bøndene mot overgrep. Det går elles fram av Glasers «Betænkning» at han ikkje hadde tiltru til futane. Futane såg vel elles ikkje nokon føremon i bergverksdrifta. Dette er truleg ei forklåring på at futen ikkje var særleg hjelpsam andsynes tyskarane.

Neste sundag var Svein Ækre hjå kona si på Annås-stølen. Han skjøna fort at noko var gale. Gunvor var ikkje særleg viljug til å rø om det som hadde hendt, men Svein gav seg ikkje. Etter ei stund fekk dei høve til å vera åleine.
Hossi kan det ha seg at du er så utanfor, Gunvor? At fantane tok maten dikkons er ei sak for seg, men er du redd for at dei skal koma att og gjera deg noko?
Dei har gjort meg noko, Svein. Og det to gonger.
- Det er altså forklaringi! Då må eg halde fram for deg at mi ære som mann er krenkt av det at du gjev deg til med andre menn.
- Tru meg, Svein, det var med mannekrefter det hende, men eg var så redd deg, redd for at du ikkje ville tru meg, difor fortalde eg deg ikkje om fyrste gongen!
Svein hadde vanskar med å bli overtydd. Frå presten hadde han mange gonger fått høyre kva som låg i kvinnenaturen, kvinna som slangens avkom. Likevel, argskapen hans mot tyskarfanten gjorde at han tok Gunvor til seg. Hans manneære var likefullt krenkt, og det var ein tyskar som no skulle bøte med livet! Han tenkte på kor viktig det var at ikkje det ordet kom ut om Svein Ækre at han var veik og ikkje i stand til å verne huslyden sin.
For Svein var det om å gjera å vera like fast som forfedrane på Ækre. Han tenkte på Tov Niridson som ein dag stod innmed åren og hengde opp broka si til tørking. Grannen Tolv Eilivsson var og i stogo, og det gjekk slik til at han kom til å trø Tov på foten. - Du trakka på meg, eg er sår i foten, freste Tolv og etter det tok det eine ordet det andre heilt til Tov tok ein vedkubbe og slo til Tolv i skallen. Det blei banen hans. Viglysing lyste Tov i same stund som drapet var gjort for Egil Manndal som og var til stades. Tov sa: «Gud nåde meg! Eg hev kome i skade å slege Tolv Eilivsson i hel. Eg bed deg for Guds skuld at du lyser det!» Og Egil lyste det for ein heil allmuge i giftarølet på Hagbardskvammen same natta. For drapet blei Tov dømt til å betale bot, og bota etter forliket med ætta til Tov blei større av di han hadde brukt eit så nedverdigande våpen som vedkubbe.
Berre han no fann tyskaren, så ville han bruke kniven. Likevel var han i tvil. Kniven ville han berre bruke til å forsvare seg eller til å drepa ein likemann. Og var no denne tyskarfanten ein likemann? Tankane gjekk fram og attende til kvar side. Det viktigaste var no å hemne krenkinga av Gunvor. Det var hans plikt. Svein gav seg i veg til Gullnes, men snudde. Han hadde fått høyre at det kunne vera 80 tyskarar der, difor ville han samle fleire bønder fyrst.

VALDSSAMFUNN MED MANGE DRAP
Han som skriv vil gjerne ta med noko om drap i seinmellomalderen. I tida 1300-1550 er det i Noreg dokumentert 0.5 drap pr. 100.000 innbyggjarar pr. år. Det som er dokumentert er berre eit fåtal, men på bakgrunn av utanlandske granskingar kan vi setje det reelle tapet nærmare 15 drap pr. år. Til samanlikning var det i Noreg i tida 1961-65 0.15 drap pr. 100.000 innbyggjarar pr. år. Dette har likevel auka noko fram mot vår tid.
Det er naturleg å tru at telemarkingen på 1500-talet var prega av kor vanleg det var å drepa, særleg når det gjeld embetsfolk. Presten Peder Clausen har i si bok «Norriges oc omligende øers sanfærdige Bescrifuelse» (1632) uttalt seg slik om telemarkingane:

«Indbyggerne ere onde, ugudelige, haarde, vilde oc oprøriske Folck. Det meste Manddrab, som gemenligt udi Norriges Rige skeer, tildrager sig udi Tellemarcken, nogle uforskammede Dieffuels Kroppe med Hor, Mord, Manddrab, Ketterij, Løsleffnet, Slagsmaal oc andre hos hengende Laster oc Ulempe offuer alle som her i Landet boe, haffde dens største Lyst i gammel Tid at dræbe Bisper og Prester, Fougder oc Befalingsmænd, som oc paakiender, at til en Kircke i det Læn ere 7 Prester ihjelslagne, oc sommesteds en eller to, oc sommesteds flere.»

No viser det seg etter gransking at dette seier meir om telemarkingen som skrytemeister enn som prestedrepar. Dei fleste drapa var nok mellom likemenn av same stand. Det var heller ikkje aggresjon som gjorde at ein raskt reagerte på fornærming med vald. At slagsmål så lett kunne føre til drap og lekamsskade, heng saman med at menn normalt bar våpen, og det var gjerne knytt til drikking. Slike drap vart dømde av øvrigheita, men på 1500-talet var det enno ikkje dødsstraff, berre bøter å betale til biskopen. Ein måtte og forlike seg med ætta til den drepne, også det med bøter.
Å bli drapsmann under slike tilhøve var elles ikkje vanærande sett med bygdefolks augo. Då drapsmenn noko seinare vart lyst fredlause, har vi mange døme på at bygdefolk hjelpte den dømde til å overleva.
Etter dette er det naturleg å tru at dei tyske bergfolka vart drepne, men det er ikkje tilfelle, iallefall ikkje i stor grad. Grunnen til det var vel at dei blei sedde på som fant og ikkje som likemenn. Og fantar vart helst kjeppjaga.
Utetter hausten møtte Svein Ækre mange misnøgde bønder i Telemark. Tyskarfanten tok seg til rette overalt, med kongebrev vart det sagt. Men kva var vel eit kongebrev verd når det kom frå ein konge som hadde avsett biskopen deira, røva det vakre ut or kyrkjene og elles teke alle eigedomane til kyrkja før han tvinga dei til å tru på ein ny måte?
Ein messesundag i februar møttest Gudmund Uppsund frå Kviteseid, Guttorm Bratli frå Mo, Sveinung Skårnes frå Sauland og Svein Ækre frå Manndal. Dessutan var det mange bønder frå Seljord tilstades ved Brunkeberg, men det var lenge etter at messa var slutt at dei kunne samrå seg. Dei hadde alle opplevd eller høyrt gjeti korleis tyskarane for fram, og då Svein Ækre kunne stå fram med kva som hadde hendt med kvinnene i ætta hans, var stridslysta tend. Seljordingane hadde fått oppleve leveringsplikt av mat til laurdagsmarknaden, og no var det ikkje korn att til brød i bygda. Så langt var det kome at bygda vart kalla «Brødlaus».
Dei andre var særleg fylte av hat til kongens menn som no ville ta frå dei både den gamle trygge kristentrua og den fridomen dei hadde bygt opp. Vidare vart dei skulda for opprør av lensherren når dei no nekta å betale det dei hadde av skuld i form av bøter og rente til biskopen. Dei kunne jo ikkje betale når dei ikkje lenger hadde nokon biskop!
Svein Ækre kunne fortelje dei hine at bøndene i Manndal no bjoda av når tyskarfanten melde seg med krav om noko. Dei var «til heiars» når tysken bad om køyring, og «uår» hadde ført til at ingen ting av mat var å selje.
Gudmund Uppsund hadde no ei tid stått og rådslått med bønder frå Seljord, Lårdal, Hjartdal og Tinn. Han vender seg no mot Svein. - Høyr du manndøl! Tysken har krenka di ætt, me vil kjempe for din rett. Alle vi som er samla her vil møtast att før Mattismess og gå imot tysken.
23. februar samlast dei frå alle desse bygder, og Vesterlen med. Det vart bønder frå Fyresdal, Nissedal, Kviteseid og Mo. Gudmund Uppsund ville ha sju manns styrke og tok ei bit av urten Montara og batt det under høgrearmen. For tyskarane hadde jo så farlege våpen, og Guttorm Bratli hadde skaffa seg urten Panserrot eller Herbeam Victoria, for då kunne ikkje noko våpen skade han. Sveinung Skårnes hadde ei avskrift av «Den sorte bog», og av den fekk han vita korleis skadepiler ikkje skulle skade han. Han rita på sin måte ned på skinn desse orda og bar det på seg: 

«Araba. Omet. 
Arliful Cultaruom et Aruoru, 
Prole. 
Kablamat y all canus.»

No var dei nærmare 200 mann på veg frå Brunkeberg i mørkret. Opp Ordal, over Grønli-staulen. På ski kunne dei renne ned til Gullnes og vera klar når dei 80 tyske bergfolk kom til arbeid i gruvene. Hans Glaser fann dei ikkje, han var bortreist. Men dei hadde våpen og kunne slå eld. Dei samla brisk og bar til alle gruveopningane, slo eld i det så logen slo opp og røyken innover i stollane. Då måtte gruveslusken ut, 80 i talet, utan våpen, medan bøndene hadde spyd, øksar, ljåar, pil og boge.
Svein Ækre forundra seg over at det berre var 50 sluskar på Gullnes. Han trudde det hadde vore fleire, men var no fornøgd med at dei no var ute av gruvene og nede på isen. Vel avgarde kjem han til å sjå seg ikring. I grålysinga ser han 12 svarte figurar opp mot smeltehytta på Hyttebekk, tvers over sundet for Gullnes.
- Så var det altså 12 til! Svein tenkte å få Gudmund Uppsund til å snu bondehæren og få også desse med. Men nei, dette var som å sanke sau, ein visste kva ein hadde i bølingen framfor seg. Og dei kunne ein lett miste. Dessutan visste han ikkje kvar Gudmund var. Han visste igrunnen ikkje heilt om hæren lydde Gudmund. På veg ned mot Gullnes var det då heilt andre røyster som hadde ført flokken. Såleis varsla ikkje Svein dei andre om dei 12 som var att - ikkje enno. 12 tyskarar på Gullnes var no elles ikkje meir enn dei kunne rå med - så sant det ikkje var valdtekstmenn mellom dei.
Over Sundsbarmisen vart dei jaga, gruvetyskarane, mot Sanden, ned Kivledalen til Seljord og vidare heilt til Skien. Tyskarane kjempa ikkje, dei berre sprang for livet og ville helst heim til Sachsen. Bøndene fekk slik fart på gruvefolket at dei rekna med at no bar det rett til Tyskland og at dei aldri ville koma att. Difor vart alle liv sparde. Heile vegen møtte dei bønder som slutta seg til fantejaginga.
Ferda enda i Skien der dei møtte futen Søverin Skrivar og sette fram for han det kravet at det berre skulle vera 12 tyske bergfolk på Gullnes. Dei skulle elles ikkje få lov til å bera våpen.

KONGENS HÆR MOT TELEMARK
Han som skriv vil leggje til at kva som hende på offisielt hald etter dette er godt kjend gjennom brevskifte. Søverin Skrivar sender eit brev til hovudsmannen på Akershus, Peder Hanssen Litle, 

«der han fortalde at han hadde forhandla med bøndene om å la bergmennene vera i fred. No ville bøndene finne seg i å ha bergmennene mellom seg. Då dette brevet ikkje hadde eit einaste segl, torde ikkje bergmennene reise opp til gruvene att. Difor hadde Peder Hanssen ordna med innkvartering for 20 borgerar i Skien og gjeve dei 2 lodd sølv kvar til så lenge. Dette kan tyde på at Peder Hanssen ikkje stolte heilt på Søverin Skrivar. Hans ord om at bøndene no ville finne seg i ha bergmennene hjå seg, var tydeleg ikkje nok verken for høvedsmannen eller bergmennene.» (Telnes)

Peder Hanssen skriv 27. mars til kongen i Kjøbenhavn for å melde om dei vanskelege forholda etter fantejaginga av gruvefolket. Han fortel at bøndene ikkje ville ha meir enn 12 bergfolk på Gullnes, og dei skulle vera utan våpen. Vidare at dei ikkje ville betale «rente og sagefold» som før gjekk til biskopen med den grunngjevinga at no hadde dei ingen biskop lenger.
Saman med Claus Bilde, hovudsmannen på Bohus, vil dei no skrive til bøndene i Telemark og forhandle med dei. Dei ville gjera framlegg om at det kunne vel vera noko fleire enn 12 på Gullnes.
Hovudsmannen fortel og at det er ein prest frå Tellemarken hos han på slottet akkurat no (Landstad trur det er hr. Nils Jørgensen i Hjartdal), og han trur kanskje denne presten skal kunne gjera mykje for å få til semje med telebøndene. Peder Hanssen gjer elles framlegg om at kongen skal sende så mange til Gullnes at dei kan forsvare seg sjølve og dessutan niste dei ut med så mykje mjøl og malt frå utlandet at dei var sjølvberga. Dersom han då ikkje vil nytte andre utvegar, seier han til slutt.
Dette tok ikkje kong Kristian nådig opp. Han blei sinna og sende 2. juni to brev. Fyrst eit til Claus Bilde og gav han ordre til å samle krigsmakt og dra inn i Tellemarken for å tukte bøndene; 

«og da han frygtede for at Bønderne kunde blive dem for stærke, saa sendte han Bud og Brev til Thord Rudt, Høvidsmand paa Bergenhuus, at han ogsaa med sine Krigsfolk skulde holde sig færdig paa Grændsen for at støde til fra den anden Side, om det behøvedes. 

«Det er vor Villie», skrev han, 

«at Bergværkene skulde have sin Fremgang, og dersom Bøndeme ikke vilde tilstede det, da ville vi saa lade straffe derover og lade ødelægge dennem den Stund der er En Uskikkelig (utygen), thi Os ikke lideligt er det at tilstede saadanne oprørske og uhørsamme Underdanere at bo i vore Riger og Lande» o.s. v. » (Landstad)

«Stig Bagge, som på denne tid hadde Lista len, skulle også koma med ein hær. Den siste var ein norsk vepnar som tidlegare hadde tent under Henrik Kummedige som fut på Lista. I 1536 fekk han sjølv lenet.
Desse mennene hadde ordre om først å forhandle med bøndene om «the wille mett gode wette lere thennom og mett frie wilge indtage same Biergmendene egen.» Dersom bøndene nekta dette, og held fast ved opprøret, skulle dei dra inn i Telemark med alt sitt folk «och mett weldige hand och magtt indføre samme Bierkwirck egen och siden staffue bonderne ther eftuer som bør at staffis.» (Telnes)

Hovudsmennene stemna bøndene til ting, og frå rapporten til Claus Bilde kjenner me domen over bøndene:

«I samsvar med den fulle order frå kongen, hev me tinga om etternemnde artiklar som ligg fyre slik.
Fyrst måndagen næst etter sankt Jakobs dag (26. juni) tinga me på føre ting med Ålmugen i Vesterlen, Telemark. Der fanst ikkje prokurat i dette lenet so nær som ein som ikkje var til stades. Det fanst heller ikkje slike brøst eller forsøming utan nokre som skulle bøte mot dykkar nåde på slik måte at kvar mann skal gjeva 1 kyr, 1 sau, 1 pund smør og arbeide 4 dagar på berget når dei vert tilsagde av bergmeisteren.
Item Tysdagen næst etter tinga me med dei bøndene i prestegjeldi nærast upp til Skien som ikkje var med i dette upprøret, slik at dei skulle vera dykkar nåde til hjelp ved bergverket. Kvar mann skal køyre 1 lass til verket dette året og 1 lass kvart år når føret er best.» (Torjusson)

Rapporten har og med referat frå tinget i Hjartdal, men det ventar vi litt med.
Framleis låg kongens krigsmakt klar i Telemark i tilfelle bøndene gjekk imot med våpen. Kongens hær var ført av ein tyskar eller hollendar som heitte Hans van Dresyel.
I Hjartdal var det fyrst berre dei to hovudsmennene med nokre menn rundt seg for å førebu ting mot førarane for opprøret i vår. Men etterkvart som dei fekk høyre rykte om ein bondehær på veg, fekk dei send bod etter fleire av kongens krigsmenn. Likevel var dei redde for at bondehæren kunne ha vakse seg stor og skjøna snart at det ville vera fåfengt å gå imot bøndene. 

«Det vart haldi råd og dei samdes um å sende bod til bondeheri at dei vilde leggje ned våpni sine og møte til tings tomhendes, 50 skulde dei få fred og gode vilkår.» (Flatin: Seljord I)


Svein Ækre hadde vore uroleg heile sommaren 1540. Etter fantejaginga trudde han at når som helst kunne kongen sende fleire hundre tyskarar i staden. Ved Olsoktider kom bodstikka til Manndal med melding om kongens krigsmakt på veg oppover i Telemark. Svein samla manndølane og sende bodstikka vidare til vestbygdene. Etter ei vellukka bjørnejakt dagen før hadde han no ein pott bjørneblod som kunne koma godt med. Han drakk og kjende styrken kom, sigande utover i alle lemar. Straks for han opp til Gunvor på Annåsstølen for å varsle at no skulle oppgjeret koma. Gunvor rådde han ifrå fyrst, men så kom tanken på kva som hadde hendt før. Ho vart glad og stolt over at mannen ville verje henne slik.
Om kvelden måndag 2. august drog han ned til Flatdal. Der møtte han fleire våpenkledde bønder frå Seljord, Vinje og Lårdal. Nokre få også heilt frå Nissedal og Fyresdal. Dei hadde øksar, bogar, spjut og sverd. Om natta drog dei vidare over Vadder mot Hjartdal.
Så vart det tidleg tysdag 3. august 1540. I Ambjørndalen kom dei saman med bøndene frå Tinn og Hjartdal. Sveinung Skårnes, saulendingen var der og. No ville han vinne dette slagsmålet og tok opp si eiga vesle «sorte bog» og las:

«AT VINDE I SLAGSMAAL.
Om du skal slaas med nogen, som er din Overmand, 
da tag dette Brev paa dig; da faar du Overhaand, om han er værre heller Fanden.

Sillomondus et hæritid 
Filli hongstus nobis
Coriander Cordo 
tempus alliqvo
tugarj motan
Commidatibus . »

Etter som han kunne lesa noko og hadde delar av svarteboka, var det somme som meinte at han kunne vera leiar for flokken, men det var ikkje alle samde om. Mange ville ha Bendik frå Fyresdal, for han hadde ikkje vore mellom dei leiande under fantejaginga. Men samde vart dei ikkje.
I den tronge Ambjørndalen med høge fjell på kvar side meinte Svein Ækre at dei skulle klare å stoppe krigsmennene. Men han var redd desse fyrrøyra, børsene, som dei hadde. Svein gjekk bort til Sveinung og spurde om ikkje det var for farleg for dei. Då drog berre Sveinung opp boka si.
- Høyr du Svein frå Manndal, no skal eg lesa for deg:

«AT DØVE SKUD.
Naar du hører, nogen skyder, da skjær en Torv op under din høire Fod, vend den om og læg det grønne ned. Saalænge som Torven ligger saaledes, træffes intet med denne Bøsse».

Svein kom i tankar om dette. Var det Guds eller djevelens kraft som kunne hjelpe han om han tok ibruk svarteboka? Han var i tvil, men det stod jo ikkje noko om at han skulle fornekte Gud. Med øksa gjorde han seg klar til å skjera opp ei torve.
Bendik hadde og høyrt gjeti ei svartebok mot dessa fyrrøyra. Der stod det enkelt nok meinte han: 

«Du slipper en Fjært i det samme du hører Skuddet, 
og siger i det samme: den skal indd igjen!»

*

Manndølen tyktes merg hava og mannemot, 
men frå Sæljord kom dei og Saudland Seinast til møte,
Venjebyggen emki vilde den veikaste vera.
Leide voro Lårdølann på leikarvollo,
men framst geng Fyrsdølen i fylkingi,
og einsmal kom ki Ordølann i Annbjønndalen.
(Landstad)


Brått høyrde dei det braut i kvist nede med Svorteåi. Det kvokk i bondehæren, dei la seg ned, budde på å storme fram med sine våpen. Men det var ikkje våpenmenn som kom i mot. Det var to stolte menn i embetsdrakter. Dei hadde bod frå hovudsmennene. Om bøndene ville leggje ned våpna sine og møte til tings tomhendes, så skulle dei få fred og gode vilkår?
Bodberarane venta på svar. Det kom ikkje. Etter ei stund kunne Bendik melde at dette måtte dei rø om åleine. Bodberarane gjekk ned til åi og venta lenge på svar.
No vart det usemje i bondehæren. Mange rødde om dei fæle fyrrøyra, med dei kunne kongens menn stela livet av folk om dei så stod langt på andre sida av Svorte. Dei fleste vart redde og ville gå med på å leggje ned våpna. Ikkje alle trudde dei kunne lite på kongens menn, men Sveinung stod opp og minte om at ein mann er ein mann og eit ord er eit ord. Deretter gjekk han ned til kongens menn og tok imot tilbodet.
Han fekk vita at dei då skulle koma våpenlause til tings på Hjartdal Prestegard. Utan førar stemna så bøndene mot Hjartdal Prestegard. Men våpna ville dei ikkje leggje ned før dei var ved målet.
På vegen for dei forbi ein kålåker. Bendik tok opp tre kålstokkar, beit i dei og sa:

Nu æder jeg Kaal,
vor Herre Jesus greie mit Maal;
thi Kaal gjør kringt Maal.

Det skulle visstnok hjelpe ein når ein skulle for retten.
Ved Hjartdals kyrkje i ei li la bøndene ned sine våpen. Og kongens menn lesste våpna ned med ei stor steinur, så dei aldri meir skulle bli å få tak i. Og bøndene gjekk rolege og bøygde, men med von om fred mot Hjartdals Prestegard.
Brått høyrdets lyden av stormande krigsmenn frå alle kantar. Det var det store sviket som kom. Bøndene vart ringa inn og tekne til fangar.
- I den nye trua kan ikkje ein mann vera ein mann og eit ord vera eit ord, sa Svein Ækre.


SVIKET, DOMEN, BØDDELEN
Han som skriv kan leggje til at den lia ved Hjartdals kyrkje der våpna vart røysa ned, heiter Bogalia også i dag.
Same dagen vart tinget sett på Hjartdals prestegard, 

«hvor Høvidsmændene Klaus Bilde og Peder Hanson var tilstede, samt tre Præster, nemlig Nils (Jørgensen) Jørandson Sognepræst i Hjartdal, Jens Lafranzson Præst til Hviteseid, foruten mange andre brave Mænd. Vi bør antage at Præsterne have indlagt Forbøn for sine Bønder, men alligevel saa bleve de slemt medfarne.
De bygder, som mest havde deeltaget i Opstanden, var Seljord, Laurdal, Venje, Hjartdal og Tind, og af disse var der 2 Præstegjeld, som befandtes at have den største skyld. At Seljord var det ene af dem er ganske vist, men hvilket det andet Præstegjeld var tør vi ikke sige. Af disse to Præstegjeld blev der udtaget sexten Mænd, som mest skulde være Ophav til denne ufred; de fem af dem bleve trax henrettede paa Hjartdals Præstegaard,og den sjette blev gjort til Bøddel. De øvrige ti maatte løse sit liv med 1040 Lod Sølv og Gaarden Sundsbarm, hvor Guldnæs Værk laag, og som nu kom i Kongens Eie.» (Landstad)

Vi kjenner ikkje mange av namna på dei som vart avretta. Men segner fortel at ein av dei var Guttorm Bratli frå Mo, og ein annan var Sveinung Skårnes frå Sauland. Vidare nemner H. J. Wille i fyrsteutkastet til si bok at Gudmund Uppsund frå Kviteseid skulle vera bøddel for gudfar sin. Han sa då: 

Det let seg inkje høve at gudson hegdar gudfaren, men gudfaren å hegde gudsonen. (Hegde = avrette. Gamalt Telemarksord) «Hvorpaa samme og straks skede». (Toijusson)

«Der er en Ager paa Hjartdals Præstegaard, som heder Brådaråker. Det var før en Vold med mange Grave og Houge, og det hænder endnu, at man finder Been der under Pløgsten. Her var den blodige Retterplads, hvor Anførerne for Bondehæren bleve nedhuggede. Der er nu slemt med spøgeri paa Brådaråker; om Natten helst ved Olafsokleite seer man blaa Lys at brænde der, og folk i røde Vamper hugges og svinge Sværdene imod hverandre.
Blandt de 16 Ophavsmænd vides ikke Navn paa flere end Svein Ækre af Mandal, som boede ganske nær Guldnæs. Han var af dem, som fik lov at bøde for sig, og løste sit Liv med en Gaards Værd, nemlig Bakken i Svartdal, som han af den grund maatte sælge.
Men ikke nok hermed, hver Mand i de to Præstegjeld maatte bøde 1 Ko, 2 Faar, 1 Bismerpund Smør, i Tønde Malt eller Meel og 2 Lod Sølv, men de, som Gaardmænd vare, 4 Lod Sølv og desuden arbeide fire Dage hver paa Guldnæs. De andre tre Præstegjeld slap med at hver Mand skulde bøde forannævnte Madvarer og arbeide 4 Dage på Værket. Men ovenpaa alt dette maatte de kysse paa Riset, gjøre en ydmyg Afbigt og love Forbedring i en Deklaration, som er udfærdiget ovennævnte Dag fra Hjartdals Præstegaard og paa menige Almues Vegne undertegnet af Lensmand og fem Mænd af hvert Præstegjeld samt af de tre til stedeværende Præster. Det klinger som bidende Spot, naar Bønderne i dette Brev kalder «Konning Kristian Fredriksøn (Kr. 3die) deres allerkjæreste naadige Herre». (Landstad)

Brevet er slik: 

«Me menige ålmuge som byggjer og bur i Seljord, Lårdal, Vinje sokn, Hjartdal og Tinnsdalen prestegjeld, gjer alle kunnigt at året 1540 etter Guds burd tysdagen nest etter olsokdagen vart me tilkalla til ting i Hjartdal av ærleg og velboren mann og strenge riddar Claus Bilde, hovudsmannen på Båhus og ærleg og velboren mann Peder Hansen, hovudsmann på Akershus, etter fullmektig og fullmyndig påbod og på vegner av kongeleg majestæt og aller nådigste herre, unge Christian Kong Frederiksen til å høyre og forhandle mellom bergmennene og oss om det upprøret og striden som det hev vore mellom oss og til å setje tilrette og deretter straffe på tilbørleg måte.
So vedkjenner me fatike menn oss at me hev blive forførde av vonde førarar og stempla dei same bergmenn som vonde, og for denne store forsøminga og skavanken vår, hev me havt trong og treng til for Guds skuld at kongeleg majestæt, vår kjæraste nådige herre ville med sin mildskap og nåde sjå på vårt store vanvit og våre skavankar, at hans nåde ville mildeleg og nådig taka oss inn under sin velvilje og nåde og ikkje straffe oss so hardt som det kan synast rett etter skuldi og veilune våre.
Me pliktar oss alle og kvar ein serskilt ved ære, liv og brot på odel at me etter denne dag aldri skal vera å finne i slikt upprør eller andre slike usømelege tiltak mot hans nåde eller nokon av undersåttane til hans nåde, bergmenn eller andre. Han som vågar seg mot dette, han skal ha forgjort fe og fredt, land og lausøyre og aldri bli botsmann (som kan sone med bot). Og alle skal me vera plikta til å hjelpa til at slike menn kan bli hekta og sette i hans majestæts kongens jern. Dei som gjer brot på lovnaden vår, slik som står i brevet vårt, skal stå til rette etter den same lovnaden.
Item som ærlege velbyrdige menn hr. Claus Bilde og Peder Hansen hev vore inne på den store skavanken som finst hjå oss, at me ikkje skulle vilje tola futane, lagmennene og lensmennene våre her inne hjå oss som andre stader i Noreg, desse som hjelper oss til lov og rett og som på all annan måte undervisar og lærer oss det som er til gang og beste for oss. Dette skal me i form og måte vera bundne av slik som det stend skrive at heretter skal dette ikkje finnast hjå oss, men me skal forde og fremje dette til beste og vera hørige og lydige mot dei. Og dertil, ifall dei vil gripe eller fange nokon for misgjerningane deira, då skal me vera dei til hjelp og ikkje på nokon måte arbeide mot dei. På same måte skal me gjera og gjeva prostane og prestane våre all den lut og rett som me bør. Likeeins skal me halde vegane og bruene ferdige, slik som våre norske lover forklarar og syner. Heller ikkje skal me huse eller gjeva heim til nokon fredlaus mann som kjem frå andre herad eller fylke, men gjeva futane og lensmennene greie på kvar dei er, so dei kan avgjera om han er ein slik mann at me ikkje spiller eigedom eller pengar om me hyser eller gøymer han etter lovi. Og etter denne dag let me på ingen måte nokon uviljuge finnast hjå oss.
Til enn meir vitnemål at det som er skrive, skal stande ubryteleg, bed me desse etternemnde dannemenn, eidsvorne lagrettemenn og andre bufaste menn at dei skal vera med til lovnad og visse for same eiden og lovnaden som me hev gjort. Desse er:

Gunleik lensmann, 
Alv Olav son, 
Peter Eilevson, 
Alv Torson, 
Guttorm Gunleikson, 
Berulv Svenkeson 
frå Seljord prestegjeld.

Auver lensmann, 
Arne Torson, 
Vetle Torson, 
Åsmund Torgrimson, 
Svein Gunnarson, 
Aslak Tarjeison frå Lårdal.

Bjørn Livårson lensmann, 
Nils Ånonson, 
Olav Olavson, 
Syver Asmundson, 
Torgrim Ormson og 
Bjørn Åvitson 
frå Vinje.

Talleiv Torson lensmann, 
Gjermund Alvson, 
Salve Bjørnson, 
Gunleik Torkjellson, 
Olav Tovson og 
Bjørn Kjetilson 
frå Hjartdal.

Halvor Olavson lensmann, 
Tov frå Svadde (sualle), 
Gudmund Måreim, 
Arne Bjørtuft, 
Gunleik Gjøystdal og 
Tov Tveito 
frå Tinn.

Me her nemnde menn bed at denne eiden og lovnaden som me hev gjort saman med den menige ålmugen, skal stadeleg og ubryteleg haldast og me lovar og tilseier ved vår ære, eigedom og brot på odel og med eidsvorne lagrettemenn trykkjer våre innsigle på dette brevet vårt og bed hjarteleg sokneprestane våre, hr. Nils Jørgensen i Hjartdal, hr. Jens Lauritzen i Seljord og hr. Michel Lauritzen i Kviteseid å setja sine segl med oss fordi fleire av oss ikkje hev segl.

Gjeve i Hjartdal år og dag som ovanfor.» (Torjusson)

Dette var det store sviket og det store nederlaget for telemarkingane. Halvdan Koht meiner dei ikkje vart mjukare av det. Tvertimot - det vart liggande og gnage i dei, og egga dei til hemn. Då det sidan gjekk gale med bergverket, kjende dei seg visse på at det var straff til kongens menn for det dei hadde påført bøndene. Og endå heilt fram til våre dagar heldt dei for at etter slik ei hending kunne dei ikkje ha tiltru til øverheita. Minna om bergverkstriden kom til å leva i Telemark.
Mellom anna førte det til at dersom ein telemarking fann ei malm- eller sylvåre av noko slag, så dekte han plassen til og sa det ikkje til nokon - fleire bergverk ville dei ikkje ha. Eventuelt bygde han hus oppå. Det var vel kan hende for å ha det for seg sjølv dersom det var ei sylvåre.
Ein teori om medverkande årsak til opprøret er nemleg at telemarkingane ville ha sylvet frå Gullnes sjølve - sylvsmedar som dei var allereide på 1500-talet.0
Etter domen fekk bergmennene fred ei stund, og det kom mange nye tyske bergmenn. Men tidleg på 1550-talet måtte kongen gje opp koparverket. Bergfolk skulle ha løn i pengar og det vart store underskot etter kvart som det vart lite malm. Det var dvergane og tussane som drog sylvårene til seg, meinte folk.

REFORMASJON, ÆRE OG DØD
Han som skriv har ei meining om årsakene til opprøret:
Fyrst og fremst må me sjå det som ein protest mot reformasjonen. Det var greit nok å betale skatt til kyrkja, det fekk ein jo noko att for, det som var viktigast av alt for mellomaldermennesket, nemleg von om sjelefrelse. Presten og kyrkja var nær. Å betale til kongen hadde inga meining, det fekk ein ikkje noko att for. Det er kan hende ei forklåring på kvifor bønder frå heile Telemark tok del i opprøret. Det var elles berre dei rundt Gullnes som fekk kjenne dei pålagde børene i samband med gruvedrifta.
Vidare har vi drege fram omgrepet ære og kva det hadde å seie for ein mann på 1500-talet. Når han vart krenkt av kongens menn, og særleg når det råka hans kvinne, var han nøydd til å vise for alle at dette var han for god til å finne seg i.
Dessutan kan vi ikkje sjå heilt bort frå at tap av materielle goder og slit for framand makt kan skape aggresjon og kan utløyse eit opprør.
Men kva med den aggresjonen som måtte koma i samband med avrettinga av dei 5 bøndene utanfor Hjartdals prestegard? Vi burde vente at det førte til nye opprør. Slik var det nok ikkje. A tape ein dom, eller å få ei straff, var nok det verste for ein mann av ære. Om han måtte døy var mindre viktig. Og når det var ein ærefull død, kunne han til og med bli misunt. Dette kjem sjølvsagt av at ein på 1500-talet hadde eit heilt anna og nærare forhold til døden. Dette også dels knytt til dei mange drapa.

Til toppen av sida


KJELDER:
A. Chr. Bang: Norske Hexeformularar og Magiske Opskrifter
Tov Flatin: Seljord I og III
Halvdan Koht: Norsk Bondereising
M. B. Landstad: Gamle Sagn om Hjartdølene
Bergit Telnes: Opprøret i 1540 (Manuskript)
Aslak Torjusson: Upprøret i Telemark 1540. (Årbok for Telemark 1970)
H. J. Wille: Beskrivelse over Sillejords Præstegield
Sverre Bagge og Knut Mykland: Norge i dansketiden
Andreas Faye: Norske Folkesagn
Kvinnenes kulturhistorie, bd. 1
J. M. Lund: Beskrivelse av øvre Telemarken
Troels Lund: Dagligt liv i Norden i det l6de aarhundrede
Reidar Marmøy: Vårt folks historie, bd. IV
Norges kulturhistorie, bd. 3
Sverre Steen: Det norske folks liv og historie
Einar Østvedt: Den siste glede

Til toppen av sida


OM BONDEOPPRØRET I AMBJØRNDALEN I 1540 (Eit sammandrag ved Bjørn Rugaas)

I 1990 er det 450 år sidan det kom til konfrontasjon mellom styresmaktene - kongen i København, bergverksfolka på Sundsbarm og andre representantar for det "offentlege" - og bønder i Telemark. Det var særleg bondestanden i dei noverande kommunane Hjartdal, Seljord, Tokke, Kviteseid, Tinn og Vinje som protesterte mellom anna mot at tyske bergverksfolk tok seg til rette blant folk i bygdene.
På denne tida vart reformasjonen innført av den protestantiske danskekongen. Dette lørte og med seg endringar som ikkje vart godtekne av nordmennene som folk. Eit resultat av norsk misnøye var mellom anna skattestreik - bøndene i Telemark nekta å betale skatt til ein biskop som dei ikkje lenger hadde - etter det kjeldene kan fortelje.
Etter fleire år med stadige motsetnader mellom folk og styresmakter, sende kongen i 1540 militærmaki mot telebøndene. I Ambjørndalen møttest hæravdelinga med stridslystne bønder, men det kom ikkje til krigshandlingar. I staden vart representantar for bøndene tekne til fange, da dei skulle forhandle med hæravdelinga.
Resultatet av denne hendinga var at bøndene la ned våpna sine, truleg i Bågålia i Hjartdal, rett ved kyrkja. Bonderepresentantane vart stilde for retten, og vart dømde til å miste livet ved halshogging. Det var seks som fekk denne dommen, sistemann slapp å bøte med livet, men måtte i staden vere bøddel.
Rettssaka giekk føre seg på Hjartdal prestegard, hovudbygningen står nå ved Nutheim. Rettarstaden varpå Bråråker, rett ved kyrkjegarden i Hjartdal.
Tanken om ein bauta til minne om bondeopprøret har vore framme i seinare tid. På slutten av 1930-talet var det ein komite i arbeid for å reise ein bauta. Ein kom så langt at Dyre Vaa hadde laga eit utkast. Prisen skulle vere 650 kroner pluss frakt. På grunn av krigsutbrotet kom ein ikkje lenger. Kristian Håtveit var skrivar for komiteen den gongen.
Tanken vart teken oppatt av fleire no når tida for 450-årsminnet kom nærare. Initiativet kan ein i første rekkje tilskrive Anne Haugen Wagn, på grunn av avisartiklar ho skreiv om emnet. I komninnal samanheng er det Olav Tho, noverande ordførar, som tok initiativet i 1986.
Det er Hjartdal kulturstyre som har hatt det praktiske arbeidet med å reise dette minnesmerket, men ein har fått god hjelp av Hjartdal Museumslag, Hjartdal Bondelag og privatpersonar i og utanfor bygda. Hjardal kulturstyre takkar alle for samarbeid i samband med minnesmerket over Bondeopprøret.

Hjartdal 15/8 1990. Bjørn Rugaas.

Til toppen av sida

OM KUNSTNAREN
Kari Buen er fødd i Jondalen i Buskerud, og er busett i Tuddal i Hjartdal kommune. Av yrke er Kan skulptør og bilethoggar. Materiala ho helst arbeider i er steingods og bronse.
Utdanning innan faget er frå Kunstskolen i Trondheim, Statens Kunstakademi og frå folkekunstlina ved Raulandsakademiet. I tillegg har Kari Buen hospitera ved Telemark Lærarhøgskole, formingslæraravdelinga.
Debut ved Statens Høstutstilling i 1960. Ho har vore med ved kollektive utstillingar fleire stader i Norge og har hatt fleire separatutstillingar. Ho har og hatt fellesutstillingar i samarbeid med tekstilkunstnaren Solveig Stokkenes.

   KJENTE ARBEID:
Kunstnarrelieffa i Kirkeparken, Notodden, relieff over Groven-brørne, Eidsborg, relieff for Ole Bull-akademiet på Voss, Fykerud-statuetten, Heddalsjenta, Anne Bamlestatuetten m.m. Ho har utarbeidd ulike prisar og premiar i steingods.
Mange private portrettoppdrag.
Minnesmerke over Hæge og Eivind Tveiten i Tokke er under arbeid og skal avdukast i 1991 ved Lårdal Bygdemuseum, Eidsborg.
Arbeidet med minnesmerket over Bondeopprøret i Ambjørndalen er etter oppdrag frå Hjartdal kommune.

OM PLASSERINGA AV MINNESMERKET
Valet av parkeringsplassen ved Hjartdal kyrkje som stad for minnesmerket er gjort etter å ha sett på fleire alternativ. Hjartdal kommune ønskjer å legge tilrette for turistar ved minnesmerket og i området rundt Hjartdal kyrkje.
Gullik Gjerjordet frå Hjartdal er mannen som har ansvaret for fundamentet til minnesmerket. Gjennom mange års arbeid som murar vil han vere kjend, mellom anna for fint murararbeid ved Lårdal Bygdemuseum i Eidsborg, og for eit utal av peisar i hus og hytter. Steinane i fundamentet er liksom sjølve minnesteinen henta frå øvre del av Hjartdøla.

Til toppen av sida

 


PROGRAM FOR JUBILEET 6.OKTOBER 1990

Kl. 11.00: Omvising på Hjartdal gamle prestegård ved Nutheim 
ved Erlend Grøstad.
Kl. 13.00: Føremiddagsmat - Nutheim Gjestgiveri.
Kl 16.00: Samling ved minnesmerket, Hjartdal kyrkje.
Lite program i samband med avdukinga.
Medverkande:

Ordførar Olav Tho.
Avduking ved tidlegare stortingsrepresentant Aslak Versto.
Knut Buen.
Hjardal Musikkorps m. fl.


Kl. 17.00: Etter avdukinga:
Samling for innbedne gjester, bygdefolk og andre interesserte på Hjartdal Kyrkjekrins skule. Gratis servering.
Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne.
Program på skulen ved m.a. 
Dag Aanderaa, Knut Buen, Hjartdal Museumslag m.fl.

Bilda er detaljar frå monumentet

Til toppen av sida