Tilbake til Anne Haugen Wagns heimeside

Ei reiseskildring frå 1830-åras Telemark

Anne Haugen Wagn

Når ein utanlandsk turist ein sjeldan gong besøkte dei øvre delane av fylket vårt for 150 år sia, møtte han gjestfrie bønder. Samstundes måtte han tåle nysgjerrige folk, lus, lort, lopper og framandarta mat. Kunstnaren Martinius Rørbye, fødd i Drammen, men som hadde sitt vaksne liv i Danmark, kom til Telemark i 1830. Frå Bolkesjø reiste han til Gransherad, Tinn, Tuddal og Heddal. Frå denne reisa skreiv han dagbok og teikna.

I august 1830 kom han til Telemark frå Kongsberg. Første stoppestaden var på garden Bolkesjø, som på denne tida var skysstasjon og difor ein naturleg plass å overnatte. Rørbye fekk det finaste rommet, i ivistoga, og han er tydeleg imponert over innreiinga. Rommet er dekorert med senger og skap. Her er tinn og porselenstallerkar, fat og koppar, lysestaker i messing og lampettar. Rørbye merkar seg tre store kopparkjelar. Dette skal vere eit statussymbol som "der efter Egnens Skik regnes efter deres Formues Tilstand," skriv han. På Bolkesjø møter Rørbye bonden på garden, Gullik Bolkesjø, som på denne tida var stortingsmann og blei rekna blant dei gjevaste bøndene i distriktet. Rørbye blir eit par dagar, for veret er dårleg. Han får Gullik og familien til å stille seg opp i "Bygdens Kostymer" og lager ei teikning. Rørbye har stor glede av å samtale med Gullik. Han skriv: " Jeg fordrev den triste Dag ret behagelig med jevnligen at tale om adskilligt med Gullog ( Gullik ), der for en Bonde havde ualminnelig Dannelse og Læsning."

Rørbye skriv vidare om maten han får på Bolkesjø. Det er flatbrød, koka kjøt og ein frikase laga av rugmjøl, som ikkje Rørbye synast så mykje om. Han får kaffi og te, men ikkje fløyte til, for kyrne var på setra. For første gong smakar Rørbye på søtprimen, og den"kunde for mig fuldkommen gaae i Steden for Smør,"skriv han.

Til Folsland i Gransherad

Dagen etter er Rørbye på veg til Folsland i Gransherad. Han får båtskyss over Bokke og Follsjø til Vik, der han vidare brukar føtene. På Folsland teiknar han familien, og han får husrom for natta. Om kvelden hyggar han seg saman med familien rundt peisen. Han fortel om levemåten i Danmark, "hvorover de korsede sig mangen Gang."

På grunn av dårleg ver bestemmer Rørbye seg for å bli enda ei natt på Folsland. Om dagen får han følge av sonen på Folsland for å gå ned og sjå på Tinnelva "... der stryger igjennom denne Dal og her på sine Steder er meget strid."

Vertskapet på Folsland kan ikkje forstå at Rørbye reiser omkring berre for å moro skuld, ..." og naar de hører, at jeg dertil bruger mine egne Penge, spørger de gjerne, om jeg ikke da bagefter kan have dem igjen, eller hvad godt jeg har af at reise saaledes om blandt fremmede Mennesker."

Rørbye blir sett i ein båt over Tinnelva til Tinnoset, og nå er det Tinnsjøen som står for tur. Tre karar ror han til Sanden, her får han to nye roarar. " Jeg kunde ikke haft nogen bedre Fornøjelse paa en saa smuk Søndags Formiddag som idag, saa vel følte jeg mig tilfreds ved at blive roet op af den smukke Søe, siddende bagi Baaden paa Løv, hvilket her er Brug at lægge." Båten glir forbi Håkaneset, og her går han i land for å snakke med skolemester Halvor Torsersson, som Rørbye hadde ei helsing med til.

Rørbye overnattar på Solheim

Rørbye har nå tenkt seg over Gaustafjellet, og han bestemmer seg for å korte ned besøket i dalen " da det nu ogsaa her falder mig tungt at døie den Urenlighed der overalt i Bygderne hersker. Drengernes Nysgjerrighet er her ligesaa stor som paa de andre Steder, og jeg er ikke altid oplagt til at kjæppe dem afveien."

På Gaustatoppen kjem Rørbye og reisefølget hans utfor ei haggelbyge, og dei kjem seg difor raskt nedover mot Tuddal. Dei søker losji hos Halvor Solem, som ikkje akkurat blir til noka stor glede for den dansk-norske turisten. "..... Her er verken renlig eller i nogen Maade at rose, og jeg tilbragte her en maadelig Nat, i det jeg maatte sove paa en Bænk hvorpaa der var lagt af de her saa meget yndende Lammefælder."

Rørbye unnlet heller ikkje å nemne småkrypa han plagast med om natta. Han er raskt på veg mot Sauland dagen etter, og får ny hesteskyss på Krosshus. I Heddal får Rørbye rådet om å oppsøke presten Monrad, som kan by på det beste losjiet. Reisa går vidare til Kongsberg og etterkvart heim til Danmark.

Alt i 1848 døydde Rørbye, berre 45 år gamal. Han etterlet seg ei mengd dagbøker frå reisene sine, heile 308 maleri, forutan skisser, teikningar og akvarellar. Berre frå reisa i 1830, som varte frå juni til september 1830, laga han meir enn 100 skisser.

Tilbake til Anne Haugen Wagns heimeside


Bildetekst: Gunleik Bolkesjø med sonen Ola, teikna av Martinius Rørbye i 1830

Eventuelt: Her har Rørbye teikna seg sjølv på Gaustatoppen.