Tilbake til Anne Haugen Wagns heimeside

Kvinner i norsk kulturarv (2)

Kvinner har spilt en vesentlig rolle i innsamling av tradisjon og minnestoff her i landet. I en serie på fire artikler får du gjennom Telen stifte nærmere bekjentskap med kvinner i Øst-Telemark som gjorde en betydelig innsats for å berge deler av kulturarven for nye generasjoner.

Lisa Finckenhagen - visesamlar og villfugl

Anne Haugen Wagn

Lisa Finckenhagen var prestedotter i Hjartdal, og kom i kontakt med M.B. Landstad da han reiste omkring i Hjartdal og samla folkekultur. Fleire av segnene som ein finn i bøkene til Landstad, skal vere fortalde av Lisa. Ho samla også viser og stev som ho høyrde i Hjartdal i 1840-åra, nokre av dei song ho for Lindeman. Lisa døydde berre 26 år gamal, men er likevel eit namn vel verd å nemne i norsk kultursoge.

 

Lisa blei fødd i Hjartdal i 1832, som dotter til presten Søren Hassing Finckenhagen og den andre kona hans, Thomine Henrikke Gad. Døypenamnet hennar var Frederikke Elisabeth, men i daglegtalen blei namnet hennar Lisa Præstgarden. Presten Finckenhagen blei elles far til 17 barn, berre seks av dei levde opp. Thomine var elles kjelde for Lindeman da han var i Hjartdal i 1851. Han skreiv opp mellom anna Fanteguten og Liti Kjersti etter Thomine Finckenhagen.

Da juristen Bernhard Dunker reiste gjennom Aust-Telemark i 1852, kom han til prestegarden i Hjartdal og møtte Lisa. Den unge jenta må ha gjort eit sterkt inntrykk på juristen, for i boka han seinere gav ut, " En reise i øvre Tellemarken sommeren 1852 ", skildrar han Lisa i høystemt prosa."...Lisa er en villfugl med kloke og lyseblaae Forglemigeiøine..." ...Fra Barndommen har hun vært opfyldt af en saadan Begjærlighed efter Sagn og Viser, især de sidste, at Gamle og Unge ikke havde faaet fred for hende, førend de havde fortalt hende ikke alene, hvad de vidste af gamle Sagn og Viser, men også hvad der var tildraget sig i deres eget Liv...

Dunker skriv vidare at all den poesi som bur mellom fjellnutane i Hjartdal har ho tatt opp i seg. Alle segner og viser og stev kan ho, og ho har sjølv dikta viser: "Flere ere ingenlunde at foragte," kommenterer Dunker.

Fekk barn utan å vere gift

Lisa må ha vore ei særmerkt ung kvinne. Dunker skriv at Lisa ikkje har lært " af hvad der hører til Verdens fine Dannelse", og at faren ikkje har lært ho anna enn å lese og skrive. Noko "dannelse" har nok Lisa likevel lært, for ein vinter var Lisa hos tanta si, Madame Juell i Kristiania.

" Hendes Ansigtstræk ere hverken regelmæssige eller skjønne", skriv Dunker. Kanskje har Lisa vore så spesiell at ho har fått utfalde seg og fått leve friaere enn det som var vanleg i embetsmannsmiljøet i dei åra. Som vi er kjend med frå soga om Olea Crøger, det var ikkje akseptert at kvinner i embetsmannsmiljø hadde syslar som å samle folkekultur.

I 1856 fødde Lisa ein son, som døydde kort tid etter fødselen. Faren var ein ungkar med namnet Bernt Bjørnsen. Lisa ser altså ut til å ha fødd eit barn utanfor ekteskap, noko som for ei prestedotter må ha vekt stor oppsikt. I 1856, 26 år gamal, døydde Lisa.

I Gransheradsoga står det at Lisa var forlova med lærar Harald T. Bøen, øvre, men at det ikkje blei noko av dette ekteskapet fordi Lisa døydde. - Tvilsamt, skreiv Alf Mostue i eit brev til meg, da eg spurde kva han visste om Lisa Finckenhagen.

 

Viser og stev etter Lisa

På Universitetsbiblioteket ligg ei samling viser etter Lisa. Dei er skrivne ned av Bernhard Dunker da han var på prestegarden i Hjartdal, etter Lisas diktat. I hastverk, meinte Alf Mostue, så dei er ikkje enkle å lese. Men Alf har tyda handskrifta, og dei er nå å finne i samlinga til Hjartdal Historielag. Det er elles kjend at Lisa song for Lindemann, da han reiste i distriktet og samla folkemelodier. "Kråkevisa" skal vere ei av visene Lindemann skreiv opp etter Lisa. Familien Finckenhagen hjelpte Landstad med å samle segner i Hjartdal, og Lisa var truleg ei av dei viktige heimelskvinnene for folkeminnesamlaren og presten i Seljord.

Eg tar her med ei segn som finst i samlinga "Mytiske sagn fra Telemarken." ( Norsk Folkeminnelag 1926). Det kjem ikkje fram av noko føreord kven som fortalde Landstad denne segna frå Hjartdal. Det kan ha vore Lisa:

I Hjartdal var en gammel Mand, som en Dag skulde gaae ut i Skoven for at lægge sammen en Vedkost til Vinters. Han havde begyndt at dimmes lidt paa Synet, men ikke videre, end at han godt kunde retsleide sig selv baade ude og inde. Da han nu gik til Skogs, havde han en liden Gut, på 6 eller 7 Aar med sig, som bar paa en Næverskrukke og vilde hænte Blaabær. De vare komne et Stykke ud i Marken, da begyndte Gutten ad skrige, greb fat i Bedstefaren og klyngede sig tæt op til ham. "Håt fel deg,"sagde Gamlen, men Gutten skreeg bare mest han orkede. Da hørte Manden en Stemme, som sagde: " Seer du ikke at han er rædd alle Gederne mine? " Og da Manden skulde see op, saae han en stor Flok Geder, som kom lige forbi dem. De fleste havde Bjelder paa af mere end almindelig Størrelse, skinnende blanke som Sølv, og en Klang var der i dem som i den vakreste Kirkeklokke. Manden tok til sin Tollekniv for at kaste den over Gedeflokken, men da raabte en Kone som bar et barn på Armen: "tak att stålit dit, og du skal elltid hovo lykke ta kreturinn dine!" Gamlingen stak Kniven i sin Slire, lot Huldrebukkene løbe og fortsatte sin Vei.

Samme Vinter fik hans eneste Ko to Kalve, hver Saud fik Trillinger og en af hans Geder fik Trillinger salænge hun levede.

Tilbake til Anne Haugen Wagns heimeside


Bildetekst:

Prestegarden i Hjartdal var møtestad for mange kunstnarar på midten av 1800-talet. Målarinna og kvinnsakskvinna Aasta Hansteen var ei av dei. I 1852 laga ho denne teikninga av Lisa, og kalla ho "Studie efter Naturen".