Tilbake til Anne Haugen Wagns heimeside

Kvinner i norsk kulturarv (1)


Kvinner har spilt en vesentlig rolle i innsamling av tradisjon og minnestoff her i landet. I en serie på fire artikler får du gjennom Telen stifte nærmere bekjentskap med kvinner i Øst-Telemark som gjorde en betydelig innsats for å berge deler av kulturarven for nye generasjoner.

Olea Crøger - ein underkjent pioner

Anne Haugen Wagn

Prestedottera frå Heddal, Olea Crøger ( 1801 - 1855 ), var blant dei aller første som starta innsamling av eventyr og folkeviser her i landet. Ho starta arbeidet føre både Jørgen Moe, L.M. Lindeman og M.B. Landstad. Olea Crøger møtte mykje motgang. Kanskje var det fordi ho var i gang med tradisjonsinnsamlinga tidlegare enn sine mannlege konkurrentar. Sikkert er det at Olea Crøger møtte motstand fordi ho våga seg inn på noko som var den tidas mannskultur.

Det var truleg i barndomsheimen, på prestegarden i Heddal, at Olea hadde det første møtet med folkekulturen. Faren, Johannes Crøger, var på mange vis ein opplyst og særprega prest, som det går mange soger om. Han var veltalande, men omstridt. Han hadde eit stort bibliotek, dreiv som vaksinatør og lege. Det vert sagt at han sto opp klokka fire om morgonen, let så eit par gamle heddølar, Thorbjørn Blinde og Thor Ryen, synge salmer for seg, før han starta med dagens arbeid. Kanskje var det slik, på tunet i prestegarden eller i kjøkkenet, Olea som lita jente første gong fekk kjennskap til songskatten i Heddal.

Olea blei fødd 27.april 1801, mora var Helle Margrethe Neumann, som var den andre kona til Johannes. Helle Margrethe gav døtrene sine opplæring i det som var den tidas viktige kvinnesyslar i embetsmannsmiljøet; Handarbeid og musikk. Olea synte seg å vere sjeldan gåverik. Ho hadde ei vakker songstemme, og var svært musikalsk, slik at ho utan problem kunne skrive ned tonar og musikk som ho høyrde. Ho lærte seg å spele både langeleik og gitar, salmodikon bruka ho også.

Ei søsterdotter skriv slik om henne:

Frøken Olea Crøger var temmelig høi af Vekst, rask, let og elastisk i sin Gange og alle sine Bevægelser. Det vakre Ansigt havde en frisk, rød Farve. Hun havde høi, hvælvet pande og livlige Øine; Udtrykket var aabent, energisk, tænksomt og alvorligt med et mildt Drag af Sørgmodighed...Haaret var mørkebrunt og lidt krøllet. Hun var forstandig i sin Tale, men ikke meget snakksom, havde et varmt Hjerte, følsomt for andres Nød, og var snil til at hjælpe Fattige.

Til Seljord i 1839

I 1839 flytta Olea til Seljord, saman med to systrer, der dei kjøpte plassen Hegnin. Her dreiv dei tre systrene eit lite gardsbruk. Olea underviste i tillegg i song på lærarseminaret i Kviteseid. I Seljord kom ho i kontakt med presten M.B. Landstad. Dei to kom til å samarbeide om å berge det som var att av folkedikting i telemarksbygdene.

Samlararbeidet til Olea gjekk føre seg i fleire bygder. Ho har skrive ned toner og henta folkekultur i Heddal, ho var i Morgedal, Kviteseid og sjølvsagt i si eiga bygd, Seljord, der det på 1840-talet levde mange vidgjetne utøvarar. Olav Glosimot og Anne Golid er blant dei ho henta toner og anna folkekultur frå. Ofte fekk ho kvedarane heim til seg på Hegnin, der ho trakterte dei med god mat og drikke.

I eit brev skriv ho:

Her har i denne Tid været en rig Anledning til at faae fat paa hvad der endnu kunde være tilbage, da her desværre er mange Fattige som jeg ikke har forsømt at spørge- Men - det koster ikke alene min Tid, men også Mad og Kaffi for at vække Geisten hos de sultne Stakler, og om jeg end ikke har andet derfor, så har jeg dog ofte den Glæde at see et Glædessmil i det ellers matte Øie og på det alvorlige Kind.

Men Olea kunne også leggje ut på vandring, for å få tak i ein god tone eller ei ny vise. Ho hadde lett for å få kontakt. Ho song gjerne sjølv litt først, for å setje songarane på glid.

Olea hadde neppe tenkt på å gje ut samlinga si. Ho skal ha samla først og fremst for den gleda folkediktinga gav ho personleg, og for å halde folkevisesongen ved like i bygdene.

Gravferd i "i al Simpelhed"

Olea kom til å møte både vankunne og vitskapeleg skepsis hos dei som det hadde vore naturleg å samarbeide med. Da Olea kom med samlinga si til Jørgen Moe, trudde han det var omdiktingar etter ei dansk visesamling frå 1695. Forleggaren Malling visste ikkje kva han skulle gjere med folkevisene ho kom med, og mykje frå denne samlinga blei rota bort. Omsider kom samarbeidet med M.B. Landstad i gang, noko som varte i 10 år, og som munna ut i Norske Folkeviser i 1853.

I føreordet her får Olea tilkjent ære for arbeidet, særleg for musikktilfanget, og han seier at ho "ogsaa forøvrigt har en væsentlig Andel i denne Samlings Istandsbringelse."

Det tok likevel mange år før folkekulturmiljøet forsto det store arbeidet Olea Crøger hadde gjort for norsk tradisjonsinnsamling. I 1918 gav Rikard Berge og H.G. Heggtveit ut eit hefte om Olea Crøger i serien norske folkeminnesamlarar. Her blir ho heidra for det viktige og store samlararbeidet sitt.

Olea Crøger døydde av "kolik" på sjukehuset i Kristiania i november 1855, berre 54 år gamal.

Gravferda sto i Seljord 30. november, "i al Simpelhed".

I gravtala sa presten Selmer "Vil nogen av Eder mænd fordømme hende, jeg vil ikke fordømme hende..." Orda skulle virke forsonande og peikar på samlararbeidet hennar som mange på den tida meinte var syndig og eit svært upassande arbeid for ei kvinne.

Folkeminnegranskaren Rikard Berge har registrert 40 viseoppskrifter etter Olea Crøger. Av dei mest kjende kan ein nemne Liti Kjersti ( etter Ola Glosimot i Seljord ), Åsmund Frægdegjeva, også etter Glosimot, Folkvar Lomanson, frå Mo, og Olav Liljekrans, oppskriven i Flatdal. I seinare tid har det blitt kjend at Olea Crøger også etterlet seg mange eventyr og segner, ordtøkje og ølbollerim.


Bildetekst:

Olea Crøger er gravlagt på kyrkjegarden i Seljord. I nyare tid har denne nye støtta blitt reist på grava hennar.