Tilbake til Anne Haugen Wagns heimeside
Hjartdal sparebank 100 år.
I 1998 feirar Hjartdal og Gransherad sparebank 100-årsjubileum. Anne Haugen Wagn har hatt oppgåva å samle trådane i dei hundre åra med bankhistorie. Dvs ein god del lenger attende var det nødvendig å gå for å finne dei første tankane om bank i bygdene. Da banken opna i 1898, hadde tankane om bank i Hjartdal vore tilstades i fleire ti-år utan at det hadde blitt alvor. Og dei fleste nabobygdene hadde hatt sine sparebankar gåande i mange år.
AHW:
Det var i januar 1857 at
formanns og representantskapet i Sauland vedtok å selje kornmagasinet i bygda for å
deretter å bruke pengane til å opprette ein kommunebank. Saulendingane kom langt med
planane. Regjeringa godtok bankplanen, kommunestyret valde forstandarar, og ordføraren
kjøpte inn protokollar. Men banken blei ikkje realisert. Svaret på kvifor det ikkje blei
nokon bank i Sauland før 40 år seinare, er ikkje enkelt å gje svar på.. Mulege svar er
at 1860-åra var vanskelege. Det var ein sein og kald vår, det var lite av såkorn og
poteter, folk svalt, og mange måtte ta opp lån for å greie seg. Kanskje pessimismen
spreidde seg. Det kan og ha vore problem å få folk til å påta seg bankarbeid, og det
kan ha vore lokal motstand mot å etablere bank. Først i 1897 fremjast forslaget om å
grunnleggje bank i Hjartdal på nytt. Denne gongen er det bonden og læraren, O.S.Haugan,
som legg fram saka i kommunestyret, og ein komite blei sett ned for å arbeide vidare med
saka.
1. oktober 1898 er første opningsdagen til Hjartdal Sparebank, og det er i Ola Lias hus i Sauland banken held hus, før det blir innflytting i Sauland ysteri og varelag i februar 1900. I 1952 kom banken i kommunehuset, før Hjartdal Sparebank flyttar inn i eige hus i 1975.
I løpet av desse hundre åra har banken berre hatt fire banksjefar. Den første var Kjetil Dahlen (på bildet), i 1927 overtok sonen, Halvor Bøe. Mathis Håtveit overtok stillinga i 1963 og var banksjef fram til han gjekk av for aldersgrensa i 1981. Frå dette året overtok Helge Granlund.
Forfattaren av jublieumsboka, som har fått namnet "Vekst og varsemd i 100 år", har prøvd ikkje berre å lage ei banksoge, men ei hjartdalssoge. Boka inneheld difor politisk bakgrunnstoff, dessutan lokalt kultur og samfunnsliv i Hjartdal gjennom 100 år.
Tilbake til Anne Haugen Wagns heimeside