Velkommen til Hjartdal historielag!

Følg laget på facebook.com/hjartdalhistorielag   

___________________________________________

Hugs bygdekveld om utvandring (Crossings200)
søndag 9.november kl 18:30 på menighetshuset i Sauland!

og

Presentasjon av årbok nr. 13 – 2025
tirsdag 18.november på bilblioteket i Sauland kl. 18:30

Bygdekveld i Sauland – crossings200

Du er velkommen til  menighetshuset i Sauland søndag 9.november. Hjartdalskoret og Hjartdal historielag har slått seg saman og arrangerer ein tradisjonell bygdekveld, og temaet for kvelden er utvandringshistorie. Arrangementet er ein del av det landsomfattande utvandrarjubileet crossings200 som markerer dei 200 åra som er gått sidan den første organiserte utvandringa til USA i 1825.

Denne første utvandringshistoria, og sjølvsagt ein viktig del av vår lokale historie, blir presentert denne kvelden, først og fremst av Anne Haugen Wagn som har skrive fleire bøker og halde tallause foredrag om temaet.  Bygdene her i Øvre Telemark framskaffa fleire av dei store pionerane i denne historia, og til og med austlandets aller første emigrant. Alt dette er verdt å minnast og samle seg om når eit rundt tal skal markerast.

Etter kaffepause har vi besøk frå Bondal av Sarah Cathrine Nagell. Vi kjenner henne mellom anna som kordirigent og hardingfelespelar. Med sin amerikanske bakgrunn er ho ein sjølvsagt gjest denne kvelden, og deltar både som musikar og med sin historie som «migrant».

Arrangementet er i samarbeid med Hjartdalskoret som under leiing av Torild Möinichen Skårdal sjølvsagt også bidrar denne kvelden. Her blir det både korsang, visesang og allsang – og i det heile kan ein regne med eit variert program for einkvar smak.

Inngangen er som vanleg gratis når desse laga inviterer!

 

__________________________________________

Boksamling og arkivoversikt (Førebels presentasjon – februar 2024)
___________________________________________

Vedtekter  2020

___________________________________________
Hjartdal historielag blei oppretta 1989 og arbeider med historie sett frå bygdene Hjartdal, Sauland og Tuddal i Øvre Telemark. Dette er tradisjonelle telemarksbygder som også kan representere telemarkskultur og norsk innlands bygdekultur i det heile.

Fortida til bygdene har til langt inn i forrige hundreår vore dominert av gardsbruk og skog. Utmarksnæring med stulsdrift som eit særs viktig element har vore viktig. I dag er det framleis aktiv stulsdrift i kommunen, men turisme og rekreasjon utgjer nok meir utmarka si rolle i dag.

Litt industri har her vore frå 1890-åra og framover, og særleg Sauland har vore eit senter for handel og administrasjon i tida før byar i nærleiken overtok mykje av slike funksjonar.

Bygdene har mange spor frå jarnalderen, og bygdefolket har nok merka og deltatt i krigar og andre hendingar frå birkebeinartid til andre verdskrigen og vår eiga tid.

Bygdenes rolle i den tidlege utvandringa til Amerika gjev plass i noregshistoria. Dei fleste norske bygder har si dramatiske utvandringshistorie, men bygdene i Øvre Telemark og Numedal merker seg ut med å vere ute lenge før dei andre, med unntak av nokre Rogalandsbygder der utvandringa var på eit litt anna grunnlag. Utvandringshistoria frå slutten av 1830-talet har vi med rette gitt stor plass i lokalhistoria vår. Det var markeringa av eit utvandrarjubileum i 1989 som gjorde ideen om eit historielag til noko konkret.

Elles vil ein sjå at HHL tøyer historiebegrepet nokså langt. Slik vil det ofte vere naturleg i lokalhistorisk arbeid. Folkeminnestoff, kulturminnevern, slektshistorie mv. hører naturleg med innanfor laget.

Ein kan gjerne bruke stoff frå desse sidene til ikkje-kommersielle formål, men oppgi kilde, og gjer oss merksame på bruken – eller helst – spør først.

Denne oppdateringa av sidene er frå 3.11.2023.

logo-P1000802b

Historien til Hjartdal, Tuddal og Sauland i Telemark